Jazz på Jølst

Page 1

12.–15. OKTOBER JAZZ PÅ JØLST 2023 SINIKKA LANGELAND TRØEN/ARNESEN QUARTET INE HOEM OG EDVARD HOEM
JAZZ AGGREGAT REVEENKA I JAZZVERSJON MANA’S FILHARMONISKE JAZZBAND
THE BRAZZ BROTHERS
JAZZ PÅ JØLST 2023

VELKOMMEN TIL JAZZ PÅ JØLST 2023

Gode publikum!

Jølster Jazzklubb er inne i sin 14. sesong og det er fantastisk kjekt å kunne ynskje

velkomen til Jazz på Jølst nr. 14.

Vi er glad for, og litt kry av, å kunne presentere eit veldig bra program og kryssar fingrane for at publikum er nøgd med det vi har sett saman. Vi har sidan 2018 samarbeida med Førdefestivalen under festivalen, eit samarbeid som vi har sett veldig stor pris på - og så også i år. I år er vi glad for at vi også har etablert samarbeid med Rom for ord og Jølster Litterært Folkeakademi om ein konsert. Samarbeid med andre kultur operatørar pregar også programmet

Vi har lagt vekt på å presentere unge talent gjennom å gje elevar frå Firda VGS ei scene å vise seg fram på, - og om tilhøva ligg til rette for det ynskjer vi også å bruke Tjuvstartkonserten til å

presentere unge musikarar som har gått eit skritt vidare til musikkutdannings institusjonar via jazzskuleringa som sommarjazzkursa i regi av Vestnorsk Jazzsenter representerer.

På grunn av at Løa på Jølstraholmen er under oppussing, og Jølstramuséet er stengt under festivalen kan vi i år ikkje ha Tjuvstartkonserten i Vassenden området. Det betyr at alle konsertane blir på Skei.

Stor takk til Thon Partner Hotel som er vår hovudsamarbeidspartnar og sponsor, og til alle sentrale og lokale støttespelarar.

Vel møtt til festival og gode opplevingar!

Hallvar – Leiar Jølster Jazzklubb

Sponsorar/samarbeidspartnarar:

Jølster Betongbygg AS Audhild Vikens Vevestove AS Vikavegen 1 AS Brunsj & Briller

PROGRAM OVERSIKT

JAZZ PÅ JØLST 2023

RAGNAR HOVLAND

OPNAR JAZZ PÅ JØLST 2023

RAGNAR HOVLAND, fødd 1952 i Bergen, er forfattar, omsetjar og forlagskonsulent. Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe.

*Billettarskallesastslik: Vanleg/Medlem/Ungeunder25. Sjekkbillettinformasjonang. Festivalpassogkombi-billettar forkveldskonsertar.

BILLETTAR:

Torsdag 12. oktober

19.30 - JAZZAGGREGAT- Tjuvstart Konsert

Brunsj & Briller. Billettar: 300/250/100*

Fredag 13. oktober

19.30 - Opningskonsert - SINIKKA LANGELAND - VIND OG SOL

I samarbeid med Førdefestivalen. Thon Partner Hotel, Jølster. Billettar: 450/400/100*

22.00 - TRØEN/ARNESEN QUARTET: NEW PAINTINGS OF JAZZ

Thon Parner Hotel, Jølster. Billettar: 350/300/100*

Laurdag 14.oktober

12.00 – JAZZ FOR BORN FAMILIE - REVEENKA I JAZZVERSJON

Brunsj & Briller. Billettar 100

14.00 – MANA’S FILHARMONISKE JAZZBAND

Audhild Vikens Vevstove. Gratis.

19.30 – INE HOEM OG EDVARD HOEM - ALT VI HAR KJÆRT

I samarbeid med Rom for ord og Jølster litterære folkeakademi.

Thon Partner Hotel, Jølster. Billettar: 450/400/100*

22.00 – THE BRAZZ BROTHERS

Thon Partner Hotel, Jølster. Billettar: 400/350/100*

Søndag 15. oktober

11.00 – GUDSTENESTE MED JAZZPREG – HELGHEIM KYRKJE

Ine Hoem - vokal og Andreas Ulvo – piano deltek. Arrangør: Kyrkja i Jølster og Rom for ord

JAZZAGGREGAT

Jørgen Moland - piano

Ask Hansen Viste - Bass

Mathias Eidesund - Gitar

Emmanuel Isak Matos – Trommer

Edvard Kildahl Andersen – Vokal

Tjuvstart-konsert

Torsdag 12. oktober kl. 19.30

Brunsj & Briller

«Jazzaggregat» er eit band av unge musikarar som møtte kvarandre på Langhaugen VGS i Bergen. Dei gjekk i same klasse og har spelt masse gjennom alle tre åra. Dei har fått mange speleoppdrag ved mange forskjellige anledningar.

4 av medlemmene har deltatt på sommarjazzkurs arrangert av Vestnorsk Jazzsenter i samarbeid med Jølster Jazzklubb.

Musikken vi får høyre er; standardlåtar med eigne twists, fusion og litt moderne jazz.

Billettar: Vanleg kr. 300,- Medlem kr. 250,- Unge under 25 år kr. 100,-

SINIKKA LANGELAND

I samarbeid med FørdeFestivalen

- VIND OG SOL

Sinikka Langeland – kantele, vokal

Tore Brunborg – saksofon

Mathias Eick – trompet

Mats Eilertsen – kontrabass

Pål Terje Antonsen– lyddesign

Opningskonsert

Fredag 13. oktober kl. 19.30

- Thon Partner Hotel, Jølster

Vinteren 2021 kom det ny musikk – under tittelen «Vind og sol»

– frå Sinikka Langeland og stjernelaget hennar. Dette prosjektet tek utgangspunkt i dikt av Jon Fosse, som Langeland og dei eminente musikarane løftar gjennom klang, tone og improvisasjon.

Sinikka har djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sin lyrikk finn ho ord og tankar som resonnerer med dette. Med folkemusikk som grunnlag lar ho ensemblet få stor fridom. Det tidlause ved orda til Fosse vert understreka gjennom musikarane sine frie, meir moderne klangar. Med song og spel på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, har Sinikka Langeland sett den skogfinske kulturen på kartet. Gjennom forsking, gjendikting og formidling har ho lagt ned eit stort arbeid for å styrke identitet og sjølvkjensle på Finnskogen.

Sinikka stod på programmet vårt sist i 2019 med prosjektet Sauna Cathedral og responsen frå publikum var svært positiv - og med ynskje om at ho gjerne måtte komme igjen.

Billettar: Vanleg kr. 450,- Medlem kr. 400,- Ungdom under 25 år kr. 100,-

TRØEN/ARNESEN QUARTET : NEW PAINTINGS OF JAZZ

Sigurd Steinkopf – trommer

Fredag 13. oktober Kl.

22.00

- Thon Partner Hotel, Jølster

«New Paintings of Jazz» er saksofonist og komponist Elisabeth Lid

Trøen sitt fyrste bestillingsverk. Bestillinga var eit samarbeid mellom

Vossajazz, Jazzfest i Trondheim og Oslo Jazzfestival. Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser, saman med sin eigen kvartett – Trøen/Arnesen kvartett.

Kvartetten har eit aldersspenn på tre generasjonar, og består av pianist Dag Arnesen – ein nestor i norsk jazz, som har samarbeidd tett med Elisabeth dei siste åra –, den anerkjende bassisten Ole Marius

Sandberg og Sigurd Steinkopf, som er ein av landets aller mest spanande, unge trommeslagarar.

Resultatet vert eit leikent og melodiøst uttrykk som strekker seg

frå Keith Jarrett til Edvard Grieg, frå norsk samtidsjazz til John

Coltrane og Joe Henderson

Billettar: Vanleg kr. 350,- Medlem kr. 300,- Ungdom under 25 år kr. 100,-

REVEENKA I JAZZVERSJON JAZZ FOR BORN FAMILIE

Elisabeth Vannebo - tubaorkester

Wenche Gausdal - song og forteljar

Ugo Santangelo - gitar

Regi: Jan Neal Holden

Laurdag 14. oktober kl. 12.00 –

Brunsj & Briller

”God aften, er Reveenka inne?”

Hjarteleg velkomne til ein eventyrleg jazzkonsert med Asbjørnsen og Moes «Reveenka i jazzversjon». Haldis, Ugo og Elisabeth spelar, syng og (skode)spelar seg gjennom ei framsyning med musikk, humor, kosedyr og deltaking frå publikum.

Vi får m.a. helse på reveenka og friarane og synge og le saman!

Ein morosam vri på eit kjent og kjært eventyr frå Norges eventyr skattekiste.

Passar for store og små frå tre år, samt alle songglade eventyrelskarar!

Billettar: kr. 100,-

MANA’S FILHARMONISKE JAZZBAND

Laurdag 14. oktober kl. 14.00

– Audhild Vikens Vevstove

Det er ein tradisjon at Jølster Jazzklubb gjev unge talent frå

musikklinja på Firda VGS ei scene å syne seg fram på under Jazz på Jølst. Så også i år. Gjengen beskriv musikken sin slik: Vi er ein liten gjeng med 3.klassingar frå Firda VGS som spelar

ulike typar jazz, frå vanleg kjente jazz klassikarar til meir fusion og funk typen. Vi gler oss til å framføre ei filharmonisk oppleving på

Jazz på Jølst!

Billettar: Gratis

Iver Sollid -Slagverk

Jarand Skjerven Oksnes -Bass

Eline Totland - Gitar

Eirin Berdal - Vokal

Mana Sørgård - Piano/Keys

INE HOEM OG EDVARD HOEM

- ALT VI HAR KJÆRT

I samarbeid med Rom for ord og Jølster litterære folkeakademi.

David Aleksander Sjølie – gitar

Erik Nylander – trommer

Rune Nergaard – bass

Andreas Ulvo – piano

Ine Hoem – vokal

Edvard Hoem - Opplesing

Laurdag 14. oktober kl. 19.30

– Thon Partner Hotel, Jølster

Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om forfedra hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har gjort stor suksess med smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi».

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år Hausten 2021 la Ine - og Edvard Hoem ut på sin første turné saman i forbindelse med releasen av albumet «Alt vi har kjært» som kom ut i august og fekk strålande kritikkar.

Billettar: Vanleg kr. 450,- Medlem kr. 400,- Ungdom under 25 år kr. 100,-

THE BRAZZ BROTHERS

Jan Magne Førde – trompet

Helge Førde – trombone

Stein Erik Tafjord – tuba

Runar Tafjord – horn

Kåre Nymark – trompet

Kenneth Ekornes – trommer

Laurdag 14. oktober

kl. 22.00 – Thon Partner Hotel, Jølster

Ein institusjon i norsk kulturliv.

The Brazz Brothers er landets eldste eksisterande frilansensemble med kontinuerleg drift. Dei starta som ein messingkvintett i januar 1981 og har spelt godt over 5000 konsertar, turnert i 34 land og gjeve ut over 20 album. Dei har samarbeida med profesjonelle symfoniorkester, kor, korps, afrikanske stammehøvdingar og andre internasjonale artistar.

Bandet består av to brødrepar frå Sula på messing instrument, og frå å Sula kjem også trompetaren Kåre Nymark medan Kenneth Ekornes frå Sykkylven har kommandoen over trommene.

Ensemblet har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt. Med sin spesielle besetning – messingkvintett pluss trommer – har ensemblet skapt sin eigen musikalske stil og sjanger. Unikt samspel, samskaping, improvisasjon og originalitet utført på eit teknisk høgt nivå, har ført til at ensemblet har vorte ein institusjon i norsk kulturliv.

Billettar: Vanleg kr. 400,- Medlem kr. 350,- Ungdom under 25 år kr. 100,-

Søndag 15. oktober kl. 11.00

Helgheim kyrkje

GUDSTENESTE MED JAZZPREG

Ine Hoem - vokal og Andreas Ulvo – piano deltek.

Arrangør: Kyrkja i Jølster og Rom for ord

JAZZ PÅ JØLST 2023 www.jolsterjazz.com Utforming: iHøyvik

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.