Førde Cup 2022 informerer: Vi nærmar oss turneringstart, og vi gleder oss veldig til å ta i mot Dykk. Her kjem litt informasjon rundt kampavvikling og overnatting. Kampoppsett og anna informasjon vil til ei kvar tid kunne finnast på www.fordecup.no.
Kampavvikling:
Innleiande puljespel – alle kampar 13 minutt – 2 minutt mellom kampane, så alle må trekke ut av bana snarast mogeleg ved kampslutt. Sluttspel – Alle kampar 13 minutt. Ved uavgjort resultat, rett på straffesparkkonkuranse med 3 straffer. Deretter 1 og 1. NB: Det er berre dei
som står på bana ved kampslutt som kan ta straffer. I sluttspelet er det 20 minutt mellom kampane, så vi skal i utgangspunktet ha rom for straffer og halde tida. Vi presiserer at det blir spelt med vanleg uteball, og 7’ar mål. Elles så finn de reglane på www.fordecup.no . Skulle vi få lag som må trekke seg tett opp til turneringsstart, vil kampar til dette laget bli sett til 0-3 og tre poeng til motstander.
Overnatting:
Utsjekk for lag med overnatting! Viktig at alle romma er rydda og tømt seinast søndag kl 12.00. Om nokon har behov for bagasjeoppbevaring, så har vi to rom til disposisjon på Førdehuset. Ta av kontakt i sekretariatet.