2 minute read

COP29: Energiembargo mot Israel no!

På COP29 har internasjonal klimarørsle kravd ein energiembargo mot Israel. Vi krev at Noreg deinvestera i folkemord og startar utfasinga av ein skitten fossilindustri!

Klimatoppmøtet arrangerast i Aserbajdsjan, ein petrostat utan verken ytringsfridom, lovleg klimaaktivisme, eller uavhengige journalistar. Landet som sjølv har drive etnisk reinsing, har også tette band til Israel, og leverer 28% av landet sin råoljeimportfossil energi som bidreg til det pågåande folkemordet i Palestina.

Denne olja går gjennom oljerørledninga BTC, via Georgia og Tyrkia, før den vert sendt til Israel. Det britiske oljeselskapet

BP er hovudaksjonær i oljerørledninga, og er saman med selskap som Shell og Chevron med på å legge til rette for folkemordet som skjer akkurat no. BP har også fått leiteløyve for gass i okkuperte Palestinske farvatn. Vårt eige oljefond, som er medskuldig i investeringar i Israel, er også deleigar i BP, noko dei må trekke seg ut av.

Her på klimatoppmøte fekk eg høyre på Mohammed Usrof, ein klimaaktivist frå Palestina, krystallklar i sin tale: Kvar oljeleveranse til Israel ber vekta av Palestinske liv!

Mange land sender fossil energi til Israel – inkludert neste års arrangør av COP, Brasil. Landet sin president, Lula da Silva, har vore tydeleg i sin kritikk av Israel – men bidreg då paradoksalt framleis til folkerettsbrota ved å tillate leveransar på 9% av Israels råoljeimport.

Marius Moldsvor på COP29
Foto: David Tong

Dei burde heller følgje sitt naboland Colombia, som kutta ut kolforsyningar til Israel, som stod for 50% av landet sin kolimport. Brasil, i likskap med Noreg, må vise heilskapleg solidaritet, og trekke ut investeringar frå krigsøkonomien.

Historisk kan vi sjå korleis fossilindustrien har vore delaktig i overgrep mot både menneske og miljø. Eit døme på dette er oljehistoria til BP i Midt-Austen, der fossilinvesteringar blei brukt for å halde på makt i dei britiske koloniane. Vi må innsjå at fossilindustrien ikkje berre er klimafiendtleg, men både historisk og i dag undergrev fred.

Verda står i brann, både klimamessig og humanitært. Vi må kjempe for rettferda i møte med forbrytingar mot menneskeheita, og spesielt i møte med det Palestinske folket, som lid umenneskelege tap under vestleg pågåande imperialisme og okkupasjon.

På årets COP har heldigvis eit stort aktivistmiljø stått i solidaritet med Palestina. Samstundes krev vi at land må deinvestere i folkemord og ein vanvitig fossilindustri. Kampen fortset!

Tekst: Marius Moldsvor Foto: David Tong

Denne teksten ble tidligere publisert i Framtida

This article is from: