

NYHEITSBREV

Fotball
Sandane Turn og Idrettslag
Ansvarlig redaktør: Gro Pleym Iversen E-post: post@stilfotball.no
Blir det ein ordentleg pangstart i årets Kretsliga?
SANDANE
- STRYN
Laurdag 12.april kl. 15:00
Foto: haugenfotball.no Utgåve 1-2025

TRYGG på trening
STIL Bussen
Meir enn berre en buss - bli med på busseventyret.
klubb Tryggleiken til barn og ungdom i sentrum 13 10 26
Idrettsfritidsordning (IFO) Nytt
tilbud: Enivest Idrettsfritidsordning
2 HERRELAG I DIVISJONSSYSTEMET I år stiller vi lag både i Kretsligaen og i 6. divisjon.
HEI ALLE SAMAN!
Kjære spelarar, trenarar, frivillige, støttespelarar og fotballvenner
Med stor glede og ydmykheit har eg teke fatt på rolla som dagleg leiar i STIL Fotball. Frå første dag har eg kjent på den gode kulturen: idrettsgleda, fellesskapet og den imponerande dugnadsånda - dette engasjementet er vår største styrke, og saman skal vi ta vare på og vidareutvikle den.
STIL Fotball er meir enn berre ein klubb. Vi er eit fellesskap, ein møteplass og ein utviklingsarena for barn, unge og vaksne.
Vi satsar på både breidde og utvikling – STIL fotball skal vere ein klubb for alle. Det betyr at vi skal gi rom for leik og meistring, samtidig som vi legg til rette for utvikling og ambisjonar for dei som vil lenger. Gjennom godt sportsleg arbeid, positive haldningar og ein inkluderande klubbkultur skal vi sørge for at alle kjenner seg stolte over å vere ein del av STIL Fotball.
Som dagleg leiar vil eg arbeide for å styrke strukturen rundt klubben, leggje til rette for gode utviklingsmoglegheiter og sikre at vi har eit solid fundament både sportsleg og organisatorisk. Det skal vere trygt, inspirerande og utviklande å vere ein del av klubben vår – anten du er spelar, trenar, frivillig eller støttespelar.
Eg ser fram til å bli kjent med dykk alle og eg gler meg til ein ny sesong full av fotballglede, samhald og minnerike augeblink!
Maria Karin Dalsbø
Daglig leiar STIL
Video innslag



Snart brakar det laust 05
No er endeleg våren her, og 2025 sesongen rullar snart for fullt
Damelaget endelig tilbake 06
Sist vi stilte lag var vårsesongen 2022, og då leverte jentene imponerande innsats. Vi håpar dei fortset trenden frå 2022 sesongen
2 herrelag i divisjonssytemet 08
Det er svært gledeleg at Sandane i år stiller 2 herrelag, både for utvikling, breidde og miljøet i klubben.
Dommar i STIL 09
Ein stad å høyre til Vi er ein Trygg på trening-klubb
Vi tek tryggleiken til barn og unge på alvor.
Fair Play regler
Spelervett og foreldrevett reglar
Sandane 2 (menn)
Eit lavterskel fotballtilbod frå STIL



Sandane Fotball har fått lagsbuss 13
Meir enn berre ein buss - bli med på buss eventyret. Bussen symboliserar at det skjer noko spannande i Sandane Fotball
BulystVeka 2025 14
Saman byggjer vi eit stolt lokalsamfunn
Spelarstall MENN 4.divisjon 16
Presentasjon av spelarstallen
Terminliste 4.divisjon 18
Her er oversikta over kampane i Menn 4.divisjon | Kretsligaen
Bli med å feir STIL 125 år
Spelarstall DAMER 3. divisjon
Presentasjon av spelarstallen Enivest Idrettsfritidsordning
STIL starter IFO til hausten
Oversikt over våre støttespelar
Siste nytt

Stad: Kultursalen, Trivselshagen
Tid: Fredag 16.mai kl. 12:00-15:00
Sandane Turn- og Idrettslag har gleda av å invitere til Næringsdag torsdag 16. mai i Trivselshagen. Arrangementet er ope for alle, og vi ønskjer å samle næringsliv, organisasjonar og engasjerte innbyggarar til ein dag med aktuelle innlegg og verdifulle samtalar.
Næringsdagen vil by på spennande foredrag frå både regionale og nasjonale aktørar som delar erfaringar knytt til leiarskap, samfunnsutvikling, kultur og samarbeid. Det blir lagt til rette for dialog og nettverksbygging undervegs i programmet.


ÅRSMØTE 31.MARS
Sandane Turn og Idrettslag heldt årsmøte måndag 31.mars, og det blei valgt nytt hovudstyre som skal leie laget vidare.
• Leiar: Anders Gimmestad Gule
• Nesteleiar: Roger Aa Djupevik
• Styremedlem: Gro Pleym Iversen
• Styremedlem: Espen Bolstad
• Styremedlem: Muriel Evebø
• Styremedlem: Sondre Louis Gjelsten
Vi takkar avtroppande styrmedlem for innsatsen, og ynskjer det nye hovudstyre lukke til i arbeidet med å utvikle STIL vidare.
Fotballgruppa sitt styre blei gjenvald;
• Leiar: Gro Pleym Iversen
• Styremedlem: Ola A Lilloe-Olsen
• Styremedlem: Ragnhild Gundersen
Næringsdag
PROGRAM
Roger Finjord
“Jakta på det gode laget”
Med varme, humor og innsikt deler Finjord tankar om relasjonar, fellesskap og det å byggje sterke lag – både i arbeidslivet og i samfunnet.
Knut Arild Flatjord
Administrerande direktør i SFE Flatjord vil halde innlegg med utgangspunkt i sine erfaringar frå energibransjen og samfunnsansvar i ei regional verksemd.
Alt for Årdal
Initiativtakarane bak den engasjerande serien “Alt for Årdal” deler innsikt i korleis kultur, identitet og bulyst kan skape sterke og inkluderande lokalsamfunn.
Velkommen til Næringsdag med STIL - vi gledar oss til å sjå deg
Snart brakar det laust
No er endeleg våren her og 2025-sesonger begynner snart å rulle for fullt. Allereie
laurdag 12. april kl. 15.00 tek Sandane sitt A-lag Herrar imot Stryn til ein ordentleg pangstart i årets Kretsliga. Målet for A-laget i år er å kjempe på øvre halvdel av tabellen i ein av dei tøffaste 4. divisjonane på mange år. Gutane har trent godt og går til årets sesong med optimisme!
Etter to år utan damelag er vi glade for at STIL igjen stiller med damelag denne sesongen. Laget har allereie tjuvstarta sesongen med fleire gode treningskampar og er nå klar for å starte sesongen i 3. divisjon heime mot Sogndal dame 1, fredag 25. april kl. 19:00.
Nytt av året er også at STIL Fotball har fått på plass eit 2-lag herrar som skal spele i 6. divisjon. Dette er eit lag beståande av karar som er glad i å spele fotball der det sosiale står i fokus. Sjølv om dette er eit breiddetilbod for dei som ikkje ønskjer å satse sa hardt/ være så seriøs, kan treningskampane så langt tyde på at dei kan prestere framover. Sandane 2 startar sesongen tysdag 29. april kl. 19:00 mot Tempo.
Etter påske går det slag i slag med kampar også for våre aldersbestemte lag. Sesongen 2025 har STIL Fotball heile 15 aldersbestemte lag (9-17 år) og er med det ein av klubbane i Sogn og Fjordane som har flest lag med i aldersbestemt serie.
Søndag 11 mai er det klart for vårens desidert vakraste eventyr når miniputtane våre (6-9 år) sesongopnar med Kongleriket miniputt turnering på heimebane. Fotballglede og høg aktivitet i trygge rammar står alltid i fokus i miniputtfotballen. I tillegg set vi ekstra fokus på Fair play og inkludering denne dagen. ALLE skal med og ALLE skal ha gode opplevingar på turneringa.
Vi gledar oss til ny sesong der mange gode minner blir skapt og ynskjer alle laga våre lykke til med fotballsesongen 2025.



Damelaget er tilbake!
- og vi håpar du stiller opp og heiar
Endeleg er STIL sitt damelag tilbake i 3. divisjon, og vi gler oss stort til 2025-sesongen! Sist vi stilte damelag var i 2022, og den vårsesongen leverte jentene ein imponerande innsats. Dei enda som avdelingsvinnarar med 22 poeng etter ein dramatisk seriefinale mot Førde i Idrettsparken. Kampen enda 2–2, og STIL sikra sigeren med to poengs margin.

Men sommartida førte mange av spelarane ut på nye eventyr. Studiar og flytting gjorde at laget fekk ei kraftig fornying. Plutseleg bestod halve troppen av 15- og 16-åringar! Trass i tøff motstand og mykje stang ut på haustsesongen, kjempa jentene godt i kvar einaste kamp. Til slutt enda vi sist med 5 poeng, men med mykje læring i bagasjen.
Fokus på utvikling I både 2023 og 2024 vurderte klubben å melde på damelag, men sportslege hensyn gjorde det utfordrande. Det var rett og slett ikkje nok spelarar til å både stille J17-lag og damelag. Vi valde derfor å satse på breidde i J17, for å få med flest mogleg – lengst mogleg.
Før 2024-sesongen jobba vi for eit samarbeid med Jølster IL. Jentene hadde fleire inspirerande fellestreningar i Skei-hallen, og fekk besøk av instruktørar frå kretsen. Likevel
vart det vanskeleg å få til både J17 og damelag i begge klubbane, og samarbeidet vart lagt på is. I staden melde STIL på både 11-er og 9-er i J17-serien, med eitt klart mål i sikte: Å stille damelag i 2025.
Ny giv og kjende fjes
Jobben med å få på plass trenar og støtteapparat starta allereie hausten 2024. Før jul kunne vi endeleg melde at Jan Asle Rustøen er tilbake som hovudtrenar! Med seg har han Maria Kleppe som assistent og Steinar Holvik som lagleiar. I tillegg har fleire foreldre meldt seg til å hjelpe rundt laget, noko vi set stor pris på!
Klubben har vore tydeleg: Damelaget skal ha same rammevilkår som herrelaget. Med ny lagsbuss, nye drakter og treningsklede til alle, legg vi til rette for fellesskap, samhald og profesjonalitet.
God oppkøyring og god stemning
Treningane starta 15. januar, og sidan då har vi hatt ein solid treningsvinter med godt oppmøte. Ofte over 20 jenter på trening! Mange av dei var med sist vi hadde damelag, og det er fantastisk å få dei tilbake. Stammen i laget er 17–18-åringar frå J17-laget, i tillegg til fleire 16-åringar som hospiterer. God miks av ungt talent og verdifull erfaring!
Vi legg til rette for felleskap, samhald og profesjonalitet
Helga 14.–16. mars drog både dame- og herrelaget på treningshelg til Sogndal, ein STIL-tur i ny lagsbuss! Med overnatting på hotell, gode økter i Sognahallen og




treningskamp på Fosshaugane Campus, vart dette ei knallhelg. Jentene blei betre kjent, relasjonane sat betre, gull verdt!
Vi har gjennomført fleire treningskampar i oppkøyringa. Resultata har ikkje stått i fokus, det viktigaste har vore å utvikle spelestil og samspel. Og det har vi verkeleg sett gode teikn på.
Sesongstart - og vi treng deg på tribuna! Ambisjonen for 2025-sesongen er å spele jamt med laga i divisjonen. Vi skal vere eit lag som er vanskeleg å møte, og som spesielt på heimebane viser fram god og underhaldande fotball.






I år møter vi: Sogndal 1, Gaular, Eid, Måløy, Stryn, Førde 2, Selje/Åheim og Sogndal 2/ Sogndal FK damer 2.
Laget vårt består utelukkande av lokale jenter, og vi håpar verkeleg at publikum møter opp og heiar! Det blir sjølvsagt kiosk med kaffi, pizza, kaker – og ikkje minst Anita sine legendariske vaflar! Med den nye bussen opnar det seg også moglegheiter for å bli med på bortekampar.
Første heimekamp går av stabelen fredag 25. april mot Sogndal damer 2.
Vi håpar du tek turen – heia STIL!

3.DIVISJON 2025 Damer Sogn og Fjordane

FOTO: HAUGENFOTBALL.NO
i 2divisjonssytemet
Herrelag

Herrelaget starta opp att med treningane i januar, og sidan då har vi hatt ein solid treningsvinter. Den første treningshelga blei gjennomført 18. januar, med testar, bading i Trivselshagen og sosialt samvær på kvelden –ein fin start på oppkøyringa.
Første treningskamp var mot Måløy i Skeihallen eit par helger seinare. Det enda med eit 3–2 tap, men vi tok med oss mykje god læring vidare.
Treningshelg i Sogndal Vinterens høgdepunkt var treningshelga i Sogndal saman med damelaget. Der fekk vi både gode treningsøkter og sosialt påfyll –ei skikkeleg bra helg for både spelarar og støtteapparat. Vi spelte kamp mot Nasjonal G17-laget til Sogndal og vann til slutt 4–1 etter mykje bra spel og god innsats.
Siste treningskamp før seriestart blei spelt 5. april borte mot divisjonskollega Kaupanger. Det enda med eit knepent 2–1 tap, kjekt å få
Kretsligaen og 6.divisjon
testa seg mot ein motstandar vi også møter i serien.
Vi har bevart stammen i laget som avslutta fjorårssesongen, og i tillegg har vi fått tilbake nokre kjente fjes – samt nokre heilt nye. Frå Hyen har Mads Wie, Petja Cink og Vegard Moritsgård meldt overgang tilbake til Sandane. I tillegg er både Sebastian Haugen og Torgeir Apalset tilbake i troppen etter nokre år ute. Spelargruppa spenner frå unge talent ned i 16-årsalderen, til rutinerte spelarar som nærmar seg 40 – og framleis held koken. Ein god miks!
Espen Denk ny assistenttrenar I støtteapparatet har vi òg fått eit nytt og kjent fjes: Espen Denk er ny assistenttrenar. Han er godt kjent for dei fleste i Sandane-fotballen, og det er veldig kjekt å ha han med på laget denne sesongen! Simon Gimmestad held fram som hovedtrenar, han er inne i sin tredje sesong.
2 herrelag i divisjonssystemet
Vi vil også trekkje fram at Sandane i år stiller med to herrelag i divisjonssystemet. Det er svært gledeleg og viktig for bygda at eit slikt tilbod finst – både for utvikling, breidde og miljøet rundt klubben.
Vi går inn i sesongen med tru på at vi kan hevde oss godt mot alle motstandarar. Eit av måla våre er å gjere Sandane til ein vanskeleg plass å hente poeng. Vi håpar mange kjem og støttar oss både heime og borte. Det vil bety mykje for laget!
Til slutt må vi nemne at vi no har fått lagbuss! Den har allereie vore i bruk, og gir ein heilt ny dimensjon til det å reise i lag. Bussen styrkar samhaldet i gruppa og gjer turane både kjekkare og meir sosiale. Vi ser fram til mange fine turar saman gjennom sesongen! Der er det også god plass til folk som vil støtte oss på bortekampane!
Simon Gimmestad
Hovudtrenar A-lag

STIL A-lag går inn i 2025-sesongen med ambisjonar og tru på eigne ferdigheiter. Målet er å etablere oss på øvre halvdel av tabellen – i det som ser ut til å bli den tøffaste og mest jamspelte divisjonen på mange år. Nivået er høgt, og det vil krevjast mykje av oss kvar einaste kamp.
Etter ein vinter med gode treningsforhold og sterk lagmoral, står vi godt rusta til sesongstart. Støtteapparatet er forsterka med Espen Denk som ny assistenttrenar og Andreas Vereide som ny lagleiar – begge har allereie gjort ein positiv forskjell både på og utanfor bana. Vi har òg styrka spelarstallen med rutinerte spelarar som kjenner klubben frå før. Dei bidreg med tryggleik, erfaring og blir viktige både ute på bana og i miljøet rundt laget.
Heimekampane ønskjer vi å gjere til ein fest for bygda. Idrettsparken skal vere ein samlingsplass for alle – unge,
Dommar i STIL - ein stad å høyre til

Er du fotballspelar, tidlegare fotballspelar, eller berre interessert i fotball? Då oppfordrar vi deg til å vurdere å bidra som dommar!
Som dommar får du moglegheita til å utvikle leiareigenskapane dine, ta raske avgjerder under press og få ein djupare forståing for spelet. I tillegg spelar dommarane ei viktig rolle i både klubben og det sosiale miljøet vårt. Dommaransvarleg i STIL Fotball, Petja Cink,
Vi har ALLTID plass til fleire dommarar
arrangerte eit klubbdommarkurs den 28. mars 2025 saman med Steinar Holvik. På kurset deltok 13 nysgjerrige ungdomar, både jenter og gutar. Den første opplæringa er knytt til Kongleriketurneringa som vi skal arrangere på Sandane søndag 11. mai, men eit klubbdommarkurs er også ein god start for deg som ønsker å prøve deg som dommar på aldersbestemte kampar i klubben. Neste møtepunkt for dei faste dommarane i klubben
gamle, ivrige supporterar og nysgjerrige forbipasserande. Vi håpar å få fleire på tribuna i år, for støtta frå heimelaget sitt publikum kan vippe jamne kampar i vår favør.
Eit stort pluss denne sesongen er at vi har fått på plass buss til alle bortekampar. Det gir betre rammer for førebuing og reise, og er eit steg vidare i den sportslege utviklinga vår.
Alt ligg til rette for ein krevjande, men spennande sesong. Vi ser fram til å kome i gang!
Simon Andre Gimmestad
Hovudtrenar A-lag


Petja Zink Dommaransvarlig
er fredag 11. april kl. 18. Her skal vi planleggje vårsesongen, der det er vanlegvis rundt 60 aldersbestemte seriekampar som skal dømmast.
Vi har alltid plass til fleire dommarar! Ta gjerne kontakt med Petja (cink.petja@gmail.com) om du har lyst å prøve deg som dommar, så set vi opp opplæring som passar!
Vi er ein Trygg på trening-klubb

Vi er stolte av å vere ein Trygg på trening-klubb! Det betyr at vi tek tryggleiken til barn og unge på alvor og har gjennomført kurset Trygg på trening med Redd Barna. Kurset er utvikla i samarbeid med Norges Idrettsforbund (NIF), Nok.Bergen (Kompetansesenter mot seksuelle overgrep) og fleire særforbund, og målet er å gjere idrettsarenaen til ein trygg stad for alle barn og unge.
Gjennom kurset får våre trenarar og frivillige verdifull kompetanse om kva vald og seksuelle overgrep er, korleis vi kan førebyggje slike situasjonar i eige idrettslag, og kva vi skal gjere dersom vi blir bekymra for eit barn. Kurset gir også innsikt i korleis vi kan møte barn og unge som har vore utsette for overgrep, synleggjere retningslinjer og følgje saksgang på ein god måte.
Enklare og tryggare administrasjon av politiattest
For å sikre at alle barn og unge møter trygge og skikka vaksne i idretten, har NIF lansert ei ny politiattestteneste. Denne gjer det enklare og meir oversiktleg for idrettslaga å administrere politiattestar for trenarar og frivillige. Vi i STIL ser dette som eit viktig steg for å skape ein trygg klubbkvardag for alle!
E-kurs for trenarar
NIF har i samarbeid med Redd Barna også utvikla eit e-kurs for trenarar om Trygg på trening. Kurset er tilgjengeleg via NIF e-læring. Fleire særforbund har også eigne versjonar av kurset, som du finn ved å søkje etter Trygg på trening på Min idrett. Vi oppmodar alle våre trenarar og frivillige til å gjennomføre desse kursa!
Nytt kurs: Tryggare på turnering Som ein del av den vidare satsinga er Redd Barna og blant anna vår daglege leiar, Maria Karin Dalsbø, i gang med å utvikle eit nytt kurs: Trygg på turnering. Dette kurset vil ha fokus på å sikre eit trygt miljø også utanfor den faste treningskvardagen, då på reiser til cup’ar og reiser som krev overnattingar.
Varsling og tryggleik i norsk idrett For å sikre god handtering av varslingssaker, tilbyr NIF systemet MittVarsel gratis til alle idrettslag og idrettsråd. Dette har vi no oppretta også i STIL. Her kan ein få rettleiing i korleis ein skal varsle, korleis ein kan hjelpe nokon som har varsla, og korleis ein best mogleg kan følgje opp eit varsel i klubben.
Å vere ein Trygg på trening-klubb handlar ikkje berre om å ha gode retningslinjer – det handlar om å skape ein kultur der alle kjenner seg trygge, inkluderte og respekterte. Vi i STIL tek dette ansvaret på alvor, og vi vil halde fram med å jobbe for ein trygg og inkluderande idrettsarena for alle!
KURSINNHOLD
Innholdsfortegnelse:
1. Hva er vold og seksuelle overgrep?
2. Hva kan du gjøre for å forebygge vold og overgrep i egen klubb?
3. Hva kan du gjøre om du er bekymret for et barn?
4. Hvem kan du kontakte for å søke råd og hjelp?
5. Hvordan kan du melde i fra dersom du er bekymret?
6. Retningslinjer for norsk idrett
7. Redd Barnas anbefalinger
8. Retningslinjer for publisering av film og bilder
Ta det digitale Trygg på trening-kurset:
Video innslag

SpelarVett
1. Vis respekt for trenaren, domaren og spelets reglar
2. Vis respekt for laget og lagkameratane dine
3. Vis respekt for mine motspelarar
4. Møter presis på trening, kampar og andre avtalar
5. Er ikkje med på mobbing, rasisme eller dårlege haldningar
6. Bidreg til at alle trivast og har det kjekt med fotballen
Foreldrevettregler
1. Støtt opp om arbeidet til klubben - gjennom foreldremøtene blir verdisynet i klubben forankra.
2. Møt til kamp og til trening - du er viktig for spelarane og miljøet.
3. Gi oppmuntring til spelarane i med- og motgang - det gir tryggleik, trivsel og motivasjon til å bli verande lenge i fotballfamilien.
4. Vi har alle ansvar for kampmiljøet - gi ros til begge lag for gode prestasjonar og Fair Play.
5. Respekter at trenaren leiar kampen. - konstruktiv dialog om gjennomføring kan du ta opp med trenar og klubb i etterkant.
6. Respekter avgjerdene til dommaren - sjølv om du av og til er ueinig.
7. Det er ditt barn som spelar fotball - ver positiv og støttande - då er du ein god medspelar!
8. Kva var bra i dag?
- spør kva som var bra på trening/kamp og ha ein positiv inngang i dialogen med spelarar og klubb.
9. Ha godt nettvett - fornuftig adferd og syn respekt for kvarandre på nett.
10.Etter oppmøte og før heimreise frå trening og kamp er det spelarane, trenarane og støtteapparatet som har ansvaret for aktiviteten - gi dei støtte og bidra dersom dei spør

Ein Trygg, Rettferdig og Respektfull Fotballsesong 2025
Våren er her og fotballen begynner snart å rulle for fullt, og vi gleder oss vilt til å oppleve alle spekter av kjensle som høyrer med når fløyta går og kampen endeleg er i gong. Vi må være grundig forberedt for å sikre at sesongen blir en suksess, preget av tryggleik, rettferd og respekt. For Sandane Fotball er det essensielt at Fair Play er i fokus gjennom hele sesongen. Men kva betyr eigentleg dette, og kva handlar Fair Play om?
Fair Play er meir enn berre gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre både på og utanfor bana, og er norma som skal prege aktiviteten vår på alle nivå. I Sandane fotball ynskjer vi at den gode sportsånda skal, saman med klubben sine eigne verdiar, sjåast igjen i alle rollene i klubben. Enten ein er spelar, trenar, lagleiar, sit i styret eller er med som foreldre og støtteperson skal ein syne ei gjensidig respekt for kvarandre og gode haldningar.
På fotballarenaen skal vi ha respekt for alle menneske og forsterke fellesskapet. Fotballkampar skal haldast i trygge rammer slik at alle får gode opplevingar. Fair play skal synleggjere korleis fotballen tar ei oppdragande rolle overfor barn og ungdom, og er grunnlaget for vårt omdømme og våre handlingar.
Vi ønskjer alle i fotballfamilien ein strålande fin fotballsesong - med fotballglede, respekt og Fair play!
Sandane 2 (menn)
- eit lavterskel fotballtilbod

frå17til50år
Det spirer og gror i Sandane Fotball – og no er det klart for seriestart også for det
heilt ferske B-laget for herrar! Etter eit oppstartsmøte i januar, der heile 17 engasjerte spelarar møtte opp, tok det ikkje lang tid før treningsøktene var i gang.
Sidan då har interessa vore formidabel: Totalt 45 spelarar har vore innom treningane, med eit imponerande snitt på 21 deltakarar kvar gong. Den mest besøkte treninga samla heile 27 spelarar! Her er det spelarar frå 17 til 50 år, og det har utvikla seg eit unikt fellesskap på tvers av generasjonar – eit bevis på kor stort behovet har vore for eit lavterskel fotballtilbod der både det sportslege og det sosiale står i sentrum.
Laget har så langt gjennomført tre treningskampar, og før seriepremieren tysdag 29. april på heimebane mot Tempo, står to kampar til på programmet. Heile 24 spelarar har fått spele minst 45 minutt kvar i treningskampane, noko som viser kor
inkluderande laget har vore heilt frå start.
– Vi ønskjer å vere eit spelande lag som det er kjekt å sjå på, men først og fremst skal dette vere ein arena der ein skaper gode minner og samhald, seier trenar Mads Wie.
Målet for sesongen? Å hevde seg godt – og gjerne hamne blant dei tre beste i divisjonen. Men viktigast av alt: å halde på det gode miljøet og gleda over å spele fotball.
No er det berre å telje ned dagane – for det er ingenting som slår ekte seriekampar!

FOTO:
Sandane Fotball har fått lagsbuss

Bussen symboliserar at det skjer noko spannande i Sandane Fotball
Sandane Fotball har fått seg ein splitter ny lagsbuss. Vi snakkar ikkje berre transport, men eit rullande symbol på stoltheit, klubbkultur og framtidstru!
Bussen, som er levert av det lokale selskapet Fjordbuss, er kledd i STIL sine fargar og profilerer klubben tydeleg både i og utanfor Gloppen. Dette handlar om å skape samhald og byggje identitet i heile klubben.
Eit løft for heile klubben
Lagsbussen blir leigd inn til bortekampar og andre turar, og har allereie vore i bruk, blant anna under treningshelga for A-laga i Sogndal. Framover vil både A-laga til dame og herrer nyte godt av trygg og komfortabel transport, og målet er også at alle dei aldersbestemte laga får bruke bussen éin gong i løpet av sesongen.
Ambisjonen strekker seg lenger enn berre å kome seg frå A til B. Vi vil vise at Sandane køyrer på, bokstaveleg talt, og vere ei referanse for andre klubbar.
Lokalt samarbeid og støtte
Bussen er resultat av eit godt samarbeid med Fjordbuss og Oddvar Årdal, ein veteran innan fotballmiljøet i Jølster. Årdal tente på idéen umiddelbart, og med hjelp frå lokale sponsorar har satsinga blitt mogleg utan å påføre klubben store ekstra kostnader. Vi har gjort eit grundig arbeid for å sikre at dette er økonomisk forsvarleg, og responsen frå næringslivet har vore veldig god.
Meir enn berre ein buss
Med komfortable seter, trygg ferdsel og plass til alle vil dette gje ei betre reiseoppleving.
Men det viktigaste er kanskje signaleffekten: Bussen symboliserer at det skjer noko spennande i Sandane Fotball. Vi vil at dei som har flytta vekk skal sjå at det skjer noko her heime.
KONTAKT:
Les meir på: NorskFotball.com
Vil du støtte Sandane Fotball, og bli ein del av buss-eventyret?

FOTO: STILFOTBALL.NO
Ola Alexander Lilloe-Olsen Styremedlem STIL Fotball
Bulystveka 2025 - saman byggjer vi eit stolt lokalsamfunn
Kva betyr det eigentleg å trivast der ein bur? For STIL handlar det om fellesskap, aktivitetar som skapar glede, og ei kjensle av å vere ein del av noko større. Difor inviterer vi til Bulystveka 10.-17. mai – ei veke fylt med inspirasjon, engasjement og samhald.
Bolystprogrammet jobbar for at distriktskommunane skal bli endå meir attraktive å bu i og flytte til. Bulyst handlar om å ha noko å sjå fram til, noko å minnast med glede – og det er nettopp dette vi vil gi deg i løpet av denne spesielle veka!

Høgdepunkt i Bulystveka:
Laurdag 10. mai: STIL inviterar til Landsbylaurdag
– Ein dag fylt med liv og røre, der lokale aktørar viser fram det beste kommunen har å by på.
Her blir det marknad, aktivitetar og god stemning for heile familien!
Søndag 11. mai: Kongleriket Miniputt-turnering 6-9 år.
Kongleriket Miniputt er serietilbodet for barn i alderen 6-9 år og blir i NFF Sogn og Fjordane organisert i turneringsform. Totalt er ca. 3000 ungar engasjert i desse turneringane på ein turneringsdag! Tema på første turnering er Fair Play og inkludering
Tysdag 13. mai: B-lag kamp Sandane 2 – Breimsbygda kl. 19.00
Onsdag 14. mai: “Champion league”-kamp aldersbestemt G17 Sandane – Stryn kl. 19.00
Torsdag 15. mai: Damelagkamp Sandane – Eid kl. 19.00
Fredag 16. mai: Næringsdagen
– Ei unik moglegheit til å bygge nettverk, lære av kvarandre og setje fokus på korleis vi kan styrke næringslivet lokalt.
“16. mai-kampen” Sandane - Jølster kl. 18.00
Laurdag 17. mai: Vi går saman bak STIL-fana i 17-mai toget

STIL ønsker å bidra til å skape ei inkluderande og levande kommune der folk trivst og kjenner seg stolte av lokalsamfunnet sitt, difor jobbar vi tett saman med ulike aktørar i lokalsamfunnet for å gjere Bulystveka til ein fest vi kan vere stolte av – både i forkant, under og etter gjennomføringa.
- saman bygger vi eit stolt lokalsamfunn!
Spelarstall A-lag herrer Kretsliganen
| Sesongen 2025
Erlend Hetle




































Spelarstall A-lag herrer Kretsliganen | Sesongen 2025




Støtteapparat A-lag herrer Kretsliganen | Sesongen 2025










Espen Denk Ass.trenar
Andreas Bjørkum Vereide Lagleiar
11 Mads Wie
13 Mathias Eikenes
17 Sander Rauset Skogli
30 Reinhart Aa. Midthjell
Simon A Gimmestad Hovedtrenar
Angrep
Angrep
Angrep
Angrep
Terminliste 4.divisjon | Kretsligaen
Støtteapparat B-lag herrer
6.divisjon | Sesongen 2025


Runde:


STIL inviterer til

10.05.25 | 11:00-15:00

Bli med å feire STIL
125 ÅR
Laurdag 10. mai kl.11-15 inviterer STIL til “Landsbylaurdag” og feirar samtidig sitt 125-årsjubileum! Landsbylaurdagar blir arrangert av Gloppen kommune om lag ein gong i månaden og er ein viktig møteplass der lag og organisasjonar får vise fram aktiviteten sin. Denne laurdagen ønskjer vi å skape ei ekstra festleg ramme rundt Heradsplassen – og vi inviterer deg!
La oss saman “kle sentrum i blått” ved å kle oss i STIL/blå klede, pynte med blå detaljar og setje farge på feiringa. Det blir ein dag fylt med aktivitetar for både store og små, historiske tilbakeblikk og kulturelle innslag som speglar den lange og stolte historia
til STIL. I tillegg kan du besøke ulike stands for å bli betre kjent med idrettslaget, delta i aktivitetar og få oversikt over idrettane vi tilbyr. Det blir også servering og gode moglegheiter til å dykke ned i historia vår.
Spelarstall A-lag damer 3.divisjon
| Sesongen 2025


















1 Renate Ryssdal 9 Borgny Kristin Hetle
3 Marie R. Mykland 2 Birgit Bjotveit
Elena Sætren Holvik
Leah Støylen McCall
Elin Varpe
Isabell K. Jordanger
Ida-Kristine Rønnekleiv


















Spelarstall A-lag damer
3.divisjon | Sesongen 2025
18 Sara Lothe Rustøen




Støtteapparat A-lag damer
3.divisjon | Sesongen 2025







10 Jan Asle Rustøen Hovedtrenar
11 Maria Kleppe Ass.trenar
12 Steinar Holvik Lagleiar
Angrep
STIL
Damer | Sesongen 2025

Terminliste 4.divisjon

STIL lanserar
idrettsfritidsordning
Enivest Idrettsfritidsordning | Enivest IFO
STIL er stolte over å annonsere oppstarten av Idrettsfritidsordning (IFO) til hausten – eit spennande og aktivt tilbod for alle barn frå 3. – 5. klasse der allidretten og fysisk aktiviet står i fokus. IFO blir ein realitet takka vere eit verdifullt samarbeid med Enivest AS, som støttar tilbodet gjennom ei sponsoravtale med idrettslaget.
– Vi er utruleg takksame for støtta frå Enivest. Deira engasjement for lokalsamfunnet gjer det mogleg for oss å gi fleire barn ein aktiv kvardag, seier dagleg leiar i STIL, Maria Karin Dalsbø. Som ei anerkjenning av denne viktige støtta, vil tilbodet heite “Enivest IFO”.
Enivest IFO vil tilby eit allsidig og inspirerande aktivitetstilbod med fokus på fysisk aktivitet, meistring og idrettsglede. Her får barna prøve seg på ulike idrettar og aktivitetar, både inne og ute – som til dømes fotball, handball, friidrett, turn, orientering, friluftsliv, samarbeidsleikar, ski- og skøyteleik, klatring og kreative aktivitetar.
– Vi ynskjer å skape ein plass der barn kan utforske idrett og fysisk aktivitet i eit positivt miljø. Gjennom variert aktivitet og leik legg vi til rette for utvikling, trivsel og gode opplevingar – uansett nivå og forutsetningar, seier prosjektleiar og sportsleg leiar i STIL Jonas Hjartholm Denk.
Enivest IFO vil vere opent for alle barn i 3. til 5. klasse, uavhengig av idrettserfaring. Tilbodet vil finne stad måndag-fredag, etter skuletid. All praktisk informasjon, inkludert oppstart og påmelding finn du på nettisda til idrettsfritidsordninga, EnivestIFO. Påmeldingsfrist: Søndag 13. april kl. 20.00
Enivest IFO Nettside
Jonas Hjartholm Denk Prosjektleiar
Maria Karin Dalsbø Daglig leiar






SANDANE















Tid: 10:00 - 14:00 | Alder: 7, 8, 9, 10, 11, og 12 år | Deltakaravgift: 900 kroner Påmeldingsfrist: 14.06.2025
Sandane Fotball inviterar
Sandane Fotball gler seg til å arrangere TINE Fotballskule frå 24. til 26. juni. Dette er eit tilbod for alle born som ønskjer å delta, uansett bakgrunn eller ferdigheitsnivå. Fotballskulen legg vekt på inkludering, samhald og idrettsglede i trygge omgjevnader.
Alle skal få vere med Eit av dei viktigaste fokusområda for årets TINE

Sandane Fotball inviterar til
TINE Fotballskule
24.-26.juni
Fotballskule er at alle born skal få sjansen til å vere med. Fotball er ein idrett for alle, og Sandane Fotball jobbar for å halde kostnadene nede, slik at flest mogleg kan delta. I tillegg til fotballtrening, er dette ein arena for å knyte vennskap, lære samarbeid og respekt, og ikkje minst ha det kjekt.
Berekraftig fellesskap TINE Fotballskule har stort fokus på berekraft, både sosialt og miljømessig. Inkludering, likestilling og Fair Play står sentralt, saman med bruk av miljøvennlege løysingar og gjenbruk av materiell.
Sunt kosthald for aktive born Med mange timar aktivitet kvar dag er det viktig å fylle på med god energi. Deltakarane blir oppmoda til å ete ein næringsrik frukost før dei kjem, og å ta med seg ei sunn matpakke.
TINE Fotballskule Påmelding | Informasjon
Spørjeundersøking
- til våre medlemmar
STIL Fotball deltek i NFF sitt pilotprosjekt «Kvalitetsklubb pluss», som har som mål å styrke kvaliteten og utviklinga i norsk fotball, og vi er valt ut for området «Samarbeid for betre lokalsamfunn».
I løpet av april vil vi sende ut ei spørjeundersøking til spelarar, føresette og frivillige i STIL Fotball for å kartleggje korleis de opplever klubben. Denne undersøkinga vil også hjelpe oss med å måle effekten av arbeidet vårt når pilotperioden nærmar seg slutten, i 2026, etter ein ny kartlegging.
Vi er stolte over at arbeidet vårt blir lagt merke til av NFF. Her er berekraftansvarleg i NFF, Rasmus Semmerud, si grunngjeving for at vi er med i prosjektet:
«Sandane har markert seg som en klubb som tar et stort samfunnsansvar i lokalsamfunnet og har virkelig gjort ord om til handling. Prosjektet “Landsbyen oppdreg borna saman” et ett eksempel på dette. I tillegg leverer klubben gode arrangement som er godkjente grønne arrangement. Sandane har med andre ord tatt eierskap til relevante bærekraftsmål og utøver bærekraft i praksis. Gjennom pilotfasen i Kvalitetsklubb+ ønsker vi å bidra til at klubben utvikler seg ytterligere, samtidig som de vil være en viktig samarbeidspartner for oss i videreutviklingen av konseptet. Derfor hadde vi et sterkt ønske om å ha med klubben i denne prosessen, og vi er veldig glade for at de takket ja.»
Takk for at de svarar på undersøkinga!

Takk for at du støttar STIL
- med din grasrotandel
Grasrotandelen gir deg som spelar hos Norsk Tipping moglegheit til å bestemme kven som skal få noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar går inntil sju prosent av din spelinnsats til den grasrotmottakaren du vel – utan at det går utover din innsats, premie eller vinnarsjanse. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i Sandane Turn og Idrettslag. Det betyr mykje for oss at vi får di støtte. Du kan scanne QR koden under, eller sende SMS «Grasrotandelen 971366494» til 60000.
Dersom du spelar Lotto for 100 kroner, går sju kroner til din grasrotmottakar. Overføringa går ikkje utover din innsats, premie eller vinnarsjansar.
*Ved spill på Multix, KongKasino, Yezz!, eFlax, Bingoria og Oddsen er Grasrotandelen 14 prosent av spelinnsatsen etter fråtrekk for gevinstar. Dette bereknast kvar dag, og blir fordelt til spelaren sin grasrotmottakar.

Saman er vi laget
# einstadåhøyretil - takk for at du er med!

Tips oss om saker
Har du saker eller tips til saker vi kan skrive om i nyhetsbrevet, så kan du sende ein e-post til daglig leiar Maria Karin Dalsbø, maria@sandanetil.no
Bli frivillig
Vi er i stadig vekst, og trenger fleire frivillige for å drifte organisasjonen. Ønsker du å bidra inn i organisasjonen kan du kontakte daglig leiar i Sandane Turn og Idrettslag.
