Stryn Fotball 100 år

Page 1

100 år med opplevingar

AV HARALD VARTDAL STRYN FOTBALL

Stryn Fotball – 100 år !

Gjennom 100 år har Stryn Fotball spelt ei viktig rolle både som samfunnsaktør og bidragsyter for gode og trygge sportslige aktiviteter gjennom generasjoner. For mange har nok humøret svinga litt i takt med dei sportslige resultata til dei ulike laga, og slik skal det også være. Fotball handler om engasjement og følelser, noko vi i Stryn har vært så heldige å få oppleve både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå med Stryn Fotball som en solid og sterk grunnmur.

Likevel er nok det sterkaste fotavtrykket etter 100 år alle dei gode opplevingane, vennskapet og samhaldet som for mange har vart livet ut. Når gamle kjente møtast er det ikkje nødvendigvis berre resultatet frå kampane ein snakker om, men like mykje dei gode opplevingane og historiene ein har fått gjennom fotballen. Desse historiene blir berre betre og betre etter kvart som åra går.

Ingenting av dette hadde vore mogleg utan den store og gode dugnadsjobben som har blitt lagt ned av generasjoner frivillige som har brukt fritida si på Stryn Fotball. Vi ynskjer å rette ein stor takk til dykk alle som har bidrege på ein eller annan måte.

Vi er også heilt avhengig av alle dei gode økonomiske bidraga som våre sponsorer, samarbeidspartnere og andre støtter oss

Forord ved styret

med. Utan denne støtta ville vi ikkje klart å opprettholde den store og gode aktiviteten som vi har. Vi er veldige takksame ovanfor alle våre økonomiske støttespelarar i alle desse åra.

Stryn Fotball er ein aktiv og vital 100 åring som fortsatt skal skape god aktivitet i trygge og gode rammer, og på denne måten bidra til å skape gode opplevingar og livslange vennskap.

På vegne av styret vil eg med dette gratulere med dei fyrste 100 år og ynskje lukke til vidare til alle dykk som bidreg til den gode aktiviteten som er i klubben vår. Ingenting er betre enn å sjå at det myldrar av liv og røre på «stadion».

Til slutt vil eg rette ein stor takk til Arbeids gruppa for den jobben som er gjort i samband med 100 års jubileumet. Gjennom Harald Vartdal sine innlegg på Facebook har ein no fått laga eit jubileumshefte der vi har fått dokumentert ein stor og viktig del av historia til Stryn fotball.

Ivar Paulsen LEIAR

100 års jubileum 1922 - 202203 Stryn 1922

Harald Vartdal

Stryn Fotball er ganske sikkert den breiddeklubben som har levert flest spelarar til norsk og internasjonal toppfotball. Ingen gløymer Jonsokafta 1998 då Håvard, Jostein og Tore Andre i høgstegrad bidrog til VMsigeren over Brasil. Av mange kåra til tidenes norske idrettsbragd.

Gleder har det også vore flust av på Stryn stadion med cupsigeren over Molde som den mest sagnomsuste. Per Ole Tenden si scoring sende sjokkbølger som gav gjenlyd i heile fotball-Norge. Like viktig som dei store høgde punkta, er aktivitet tilrettelagt for barn, unge og vaksne i alle aldrar og med ulike føresetnader. Der gleda kjem til uttrykk i trening, kampar, reiser og andre samankomstar.

Når Inge Hovland seier i intervju at «dette er så kjekt at eg kjem til å spele på Stryn United til eg må bruke rullator», forstår ein at klubben har lukkast med samfunnsoppdraget under mottoet «Alje Me».

Forfattar av jubileumsheftet

Miljøet blir trekt fram som ein av dei viktigaste faktorane når ein og ser bak resultata. Her er mange fantastiske personar som både på og utanfor bana har gjort ein formidabel innsats.

«Paul Hool fekk meg til å føle at eg spelte for Real Madrid», fortel Marius Hagen.

På den lange lista over eldsjeler finn vi folk i alle posisjonar; på bana, i støtteapparatet, supporterar og dei som ofte ikkje syner så godt igjen. Tenk berre på Petra Hool som i fleire tiår vaska fotball draktene (og bøtte strømper) utan betaling!

På Stryn stadion er alle hjarteleg velkomne. Som spelar får du tilbod som gjev sosialisering, vennskap og gode opplevingar. I vårt stadig tøffare samfunn blir dette viktigare enn nokon gong. Og som publikum og støttespelar blir du motteken med opne armar. Ingen spør etter sosial posisjon når kampen skal kommenterast og diskuterast. Her er alle like meiningsberettiga. Dette og mykje meir gjer fotballen til ein unik aktivitet. Og Stryn Fotball til ein unik 100-års jubilant.

Harald Vartdal

Forfattar av jubileumsheftet

Fotball 2022 04

Glede - Engasjement og gode opplevingar

Alje me´

Våre verdiar

Stryn Fotball er ein Fair Play klubb. Gjennom visjonen Alje me` ynskjer vi å sette fokus på klubben sitt ansvar som viktig samfunnsaktør.

Stryn Fotball skal ha eit miljø i klubben der glede, engasjement og gode opplevingar skal vere viktige verdiar. Gjennom inkludering og haldningskapande arbeid vil vi vere med på å skape trygge, gode og utviklande oppvekstmiljø.

Klubben skal ta vare på både topp og breidde. Målsettinga er å utvikle og motivere eigne spelarar som kan ta steget opp på Stryns eigne seniorlag, både damer og herrer, samstundes som ein også har som mål å utvikle og levere spelarar til høgare nivå i norsk fotball.

I tillegg skal Stryn Fotball gje gode sportslege tilbod til alle som ynskjer å spele fotball, tilpassa den enkeltes ambisjonar og ferdigheter.

ALJE ME`
Stryn 1922 100 års jubileum 1922 - 202205
Les meir om vårt verdigrunnlag på: stryn-fotball.com Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 06

Per J. Sætre

som trenar for aldersbestemte lag. Noko som bidrog til at Stryn sitt A-lag fekk gode tider i 1980-åra.

- Etter at eg hadde hatt treneransvaret for guttelaget med m.a. Jostein Flo i 1979 og 1980, meinte Paul Hool og Olav Tenden at eg burde ta over A-laget som spelte i 5.divisjon. Eg følte meg ikkje kvalifisert, men sa ja. I 1982 rykka vi opp til 4.divisjon. Og då skaut det verkeleg fart både med sportslege prestasjonar og oppslutning om laget, minnest Per. Og ber om at spesielt eit namn blir trekt fram. - Halvard Leirgulen gjorde ein fenomenal jobb som oppmann og materialforvaltar på A-laget i denne perioden.

Per (84) har vore tett på Strynefotballen i over 70 år

Per J. Sætre kom tidleg med på fotballen i Stryn. 17 år gamal i 1954 debuterte han på A-laget.

Men det er først og fremst som trenar, leiar og miljøskapar han har sett spor etter seg. Til 100-årsjubileet vil han presentere utstillinga Stryn Fotball gjennom 100 år. Per smiler når han ser lagbilde frå 1950-talet saman med kompisane Arne Øvreberg, Asbjørn Sunde, Arne Nedreberg, Gunnar Beinnes, Oddvar Beinnes, Rolf Vik, Edvard Eikenæs, Leif Hagen, Atle Tonning, Arne Ljåstad.

- Ein fin gjeng. Arne Nedreberg var både trenar, kaptein og oppmann. Han tok seg av det aller meste. I 1962 kom Leif Løken og gjorde ein god jobb. Saman med Egil Glomnes og Audun Eikenæs stod han for uttak av laget som dette året vann B-serien og fekk plass i det nye divisjonssystemet, fortel Per.

I 1968 rykka Stryn opp i 3.divisjon. Nedrykket året etter førte til at A-laget opplevde nokre tunge sesongar på 1970-talet. Per engasjerte seg

- Du og laget tok nye steg i 1983 m.a. ved å arrangere treningssamlingar med store fotballprofilar?

- Ja, på vinterstid fekk vi med oss folk som Molde-profilane Torkild Brakstad og Jan Fuglseth, Viking-legenden Erik Johannessen m.fl. til impulssamlingar i Stryn. Knut Sandbakk var primus motor, der utgiftene vart finansiert gjennom kronerulling i Fjordingen.

1984 står som eit av dei store åra i Stryn Fotball si historie når det gjeld A-laget. Per fekk då med seg Ed Nordang og Jan Aabrekk i trenerteamet. Dette fungerte glimrande og etter ei særs spennande sesongavslutning kunne Stryn inkassere opprykk til 3.divisjon. 1641 betalande var vitne til elleville jubelscener då meldinga kom om at erkerival Eid hadde tapt for Dale - noko som gjorde at det ikkje fekk betydning at Stryn spelte 2-2 mot Tornado.

Per gav seg som A-lagstrenar etter opprykket. Stryn spelte i 3.divisjon heilt fram til nedrykket i 1990. - Dette var fantastiske år. På same måte som i 1990-åra då vi kom tilbake i 3.divisjonmed 1997-sesongen som høydepunktet både i serien og cupbragden mot Molde. Eg skulle ønskje at spelarar, publikum og andre med hjarte for strynefotballen får oppleve litt av det eg sjølv har fått vere med på i mitt lange liv med Stryn Fotball, sluttar Per J. Sætre.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202207

Fotballen var eit lyspunkt for Adolfo og andre flyktningar

Europa opplever største flyktningstraumen sidan andre verdskrig. Norge vil ta sin del av ansvaret med å busetje ukraineske krigsoffer som må forlate heimlandet. Strynesamfunnet - og Stryn Fotball - har lange tradisjonar med å hjelpe og intergrere flyktningar.

På bildet som er frå Norway Cup 1989, ser vi trenar Harald Os saman med superduoen Tore Andre Flo og Adolfo Oertel. For han og mange andre flyktningar var fotballen eit lyspunkt.

Adolfo blei trekt fram som talent på høgde med den seinare Chelsea-stjerna. Mange i fotballmiljøet stiller den dag i dag spørsmålet om korleis det hadde gått med Adolfo dersom familien hadde valt å bli verande i Stryn i staden for å reise til Canada.

Familien Oertel og ei stor gruppe chilenske flyktningar kom til Røde Kors-mottaket på Folven i 1987. Dei vart godt tekne vare på i

lokalsamfunnet. Lag og organisasjonar synte eit stort engasjement for å hjelpe medmenneske i ein særs vanskeleg situasjon. Ikkje minst Stryn Fotball - som stilte anlegg til disposisjon og let alle som ønskte det få vere med på lag. Ein tradisjon som har vore gjennomført dei seinare tiåra, og som bidreg til at Stryn har blitt trekt fram som ein særs god kommune for intergrering av flyktningar.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 08
Adolfo Oertel (t.v) Harald Os og Tore Andre Flo
«Strynesamfunnet synte eit stort engasjement for å hjelpe medmennesker i ein vanskeleg situasjon».

Reidar Lunde

Gode minner frå 1968-LAGET

Reidar Lunde (74) var sentral på 1968-laget som rykka opp til 3.divisjon. Dette var siste sesongen i strynedrakta for den unge honndølen som seinare busette seg på Stranda.

Mitt beste minne frå Stryn Fotball: - 1968-laget.

Her var Asbjørn Sunde trenar. Hugsar veldig godt opprykkskampen mot Bergensstudentene på Stryn stadion, der vi vann 1-0. Asbjørn kom bort til meg og sa; i dag skal du Reidar vere der ballen er. Litt av ei oppgåve!

Må også nemne at vi slo Sandane 9-2 på heime bane. Til bortekampen hadde vi med kuleramme for å telje alle måla vi skulle slå dei med. I staden vart det tap 1-0 utan at Sandane hadde ein einaste målsjanse! Det som avgjorde kampen var

at Per Ytre-Eide laga sjølvmål med eit kanonskot frå 35 meter som keeper Harald Os ikkje hadde fnugg av sjanse til å redde. Gode minne.

Lagkamerat som eg set svært høgt: - Gunnar Beinnes og Per Ytre-Eide var dei store spelarane på dette laget - der det først og fremst var samhaldet og kameratskapet som gav suksess.

Helsing til 100-årsjubilanten: - Mine beste gratulasjonar og lukke til med jubileet.

OPPRYKKSLAGET 1968.

Bak frå venstre

Rune Tonning, Kjell Lien, Reidar Lunde, Asbjørn Sunde, Gunnar Beinnes, Lyngve Flo. Framme frå venstre: Per Ytre-Eide, Stein Bakke, Harald Os, Kjell Osvold, Arne Øvre berg.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202209

Rune Myklebust sende Sogndal ut av cupen Kolbein og lagkameratane fekk eksklusiv kakespade i ekte sølv

Stryn kan skilte med mange cupbragder. Som sigeren over Sogndal i 2007 - då unge Rune Myklebust avgjorde kampen med scoring i andre omgang. Til stor jubel frå dei 500 på tribunen. Sogndal stilte som store favorittar. Anført av dei tidlegare strynespelarane Ulrik Flo og Mats Solheim, pressa dei på. Men strynekeeper Odd Helge Losnegård tok alt som kom.

I det stadionuret synte 64. min. scora Rune Myklebust målet som sende Stryn til andre runde i NM-cupen. Den siste halvtimen vart ulidelig spennande, og jubelen var enorm då dommar Johnny Skjerven bles for full tid.

Stryn sine cupheltar: Odd Helge Losnegård, Christian Holko, Endre Lødemel, Trond Leirgulen, Marius Grodås (Frode Hool Egge 18 min.), Pål Holko, Rune Myklebust, Per Ole Tenden (Asbjørn Tenden 13 min.), Jon-Terje Tjellaug, Kåre Balsnes (Kim Vik 2 min.), Mathias Eikenes.

Sommaren 1969 vart Stryn sitt 3.divisjonslag utpeika til å spele tippekamp. Stryn vann 2-0 over Ørsta på Stryn stadion. Kolbein Kaspersen og lagkameratane fekk kvar sin kakespade i ekte sølv for deltakinga.

Stryn- Ørsta var møte mellom to 3. divisjonslag frå kvar si avdeling. Kampen stod på kupongen 28.-29. juni 1969. «Stryn slo Ørsta 2-0. Det vart siger til Stryn i helga då laget slo Ørsta med 2-0. Kampen gjekk i Stryn og var tippekamp. Det var stor fest i Stryn etter sigeren», heiter i Fjordingen sin omtale.

I 1969 møttest også Stryn og Ørsta i cupen. På bortebane vann Stryn etter scoring av Asbjørn Sunde. Stryn vann også det etterfylgjande cup oppgjeret mot Herd, før cupeventyret enda 0-4 for det knallsterke Hødd-laget på Høddvoll.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 10

Jan Ove

Ein MEGA fin klubb å spele for

Jan Ove Aslaksen spelte for Stryn i 2002 og 2003. Trønderen som i spelestil hadde mykje felles med legendariske Erik Myggen Mykland, var lysten på å halde fram. - Eg pendla frå Stranda. Då vi hausten 2003 fekk vår første dotter, måtte eg prioritere familien, fortel han

BESTE MINNE FRÅ STRYN FOTBALL:

- Eg har ikkje eitt spesielt minne, men derimot veldig mange ting eg ser tilbake på med stor

glede. Det var veldig godt samhald og kameratskap. Begge sesongane kjempa vi om opprykk, men var dessverre for utstabile på bortebane. Eigentleg litt surt fordi vi på det beste var gode nok for 3.divisjon.

EIN LAGKAMERAT SOM DU SET SVÆRT HØGT:

- Eg vil trekkje fram Thor Erik Nygård som kom frå Nordfjordeid. Ung og lovande med skikkeleg fart; berre å leggje balllen i bakrom så kom han som ei kule. Eg vil også nemne Paul Hool for sitt enorme engasjement i klubben då eg var der.

EI HELSING TIL 100-ÅRSJUBILANTEN:

- Eg vil gratulere ein mega fin klubb. Eg hadde stor glede av å spele i strynedrakta. Sjølv om det snart er to tiår sidan eg var på laget, føler eg meg alltid velkomen på Stryn stadion.

Her må nemnast at Jan Ove Aslaksen framleis er sterkt engasjert i fotballen. Alle hans tre døtre spelar fotball, og sjølv er han hovudtrenar for Spjelkavik sitt damelag.

Laget frå 1922

Sogn og Fjordane Fotballkrets blei skipa i 1922. Stryn var då eit av 8 lag som kom med i kretskampane i B-klassa. Også før den tid vart det spelt fotball i Stryn og Nordfjord, men då i meir uorganisert form.

Jens R. Bø og Peder Bergh var Stryn sine utsendinger på skipingsmøtet for fotballkretsen i Florø. Peder Bergh sat også i kretsstyret dei to etterfylgjande åra.

På bildet ser vi Stryn sitt serielag frå 1922 Bak frå venstre: Malvin Tonning, Einar Glomnes, John Eikenes, Klemet Tonning, Ludvig Bergh, Jens R. Bø. Framme frå venstre: Arnljot Sunde, Martin Tonning, Kristian Hool, Erling Nedreberg, Peder Bergh

Stryn 1922
Aslaksen 100 års jubileum 1922 - 202211

Åge Hareide let seg lure av «Grekarar» frå Stryn

Jostein Flo gjorde lynkarriere då han i 1987 gjekk til Molde - der første sesongen gav serie sølv. Fleire utanlandske klubbar fatta interesse for stryningen - mellom dei den greske stor klubben Olympiakos. Noko som vart omtalt i media.

Molde- trenar Åge Hareide vart lyn forbanna då han etter kamp på Bislett kom inn i vestibylen på SAS-hotellet i Oslo og såg Jostein sitje saman med det han oppfatta som to greske fotballagentar.

«Jossen» vart bryskt kommandert opp på rommet. Der den ettertrakta stryningen fekk beskjed av Åge Hareide at han ikkje hadde lov til å forhandle med Olympiakos utan klarsignal frå MFK. Det som såg ut til å bli ei konflikt, løyste

seg då Jostein fortalde at dei to «grekarane» var han sommarbrune venner frå Stryn - PAUL HOOL og ÅGE REME.

- Denne historia er heilt sann. Åge var svart i blikket i det han passerte salongen der Jostein, Åge og eg sat i god prat. Då situasjonen vart oppklart, enda det med at Åge Reme og eg blei invitert opp på rommet til MFK-trenaren. Der låg Harry Hestad i senga og heldt på å le seg forderva over at Åge Hareide hadde blitt så grundig lurt, fortel Paul.

Ei god historie som ikkje blir dårlegare med åra…

Fotball 2022
Åge Hareide (t.v) og Jostein Flo Paul Hool
100 års jubileum 1922 - 2022 12

Aud første Strynejente med bronseballen

I 1972 kunne 13 år gamle Aud Hool som første jente i Stryn Turn og Idrettslag, motta Norges Fotballforbund sitt ferdigheitsmerke BRONSEBALLEN. Der ein måtte dokumentere gode ferdigheiter med triksing, skot, pasninger, heading.

Med fotballentusiastisk pappa Mathias vart Aud i tidleg alder teken med på fotballbana. Der også storebror Arne var svært aktiv. På denne tid fanst det ikkje organisert tilbod til Aud og andre fotballinteresserte jenter i Stryn.

- Einaste kampane eg fekk vere med på var i samband med det årlege Strynefjellsrennet, der alpinistane spelte mot eit samansett damelag frå Stryn, fortel Aud.Sjølv om Aud ikkje fekk så mange kampar, har Stryn Fotball vore ein viktig del av livet til familien. I fleire år sat ho i fotball styret.

Ektemann Rune Egge var i mange år ein av støtte spelarane på Stryn - der også sønene Frode, Geir og Kristian har gått gradene.

To gode karar

Magnar Hjelle og Håvard Flo har på ulike nivå bidrege sterkt til Stryn Fotball.

På bildet ser vi sponsor Hjelle dele ut bestemann spris til spelaren som var i starten på si storarta fotballkarriere.

Magnar Hjelle sitt store og mangeårige engasjement for Stryn Fotball omfatta rolla som spelar, trenar og sponsor. Fleire av Stryn sine spelarar fekk også sommar- og helgejobb hos Hjelle Mat. Der sjefen gav solid opplæring i butikkfaget og ikkje minst korleis fotball skulle spelast, jamfør Magnar sin entusiasme for Maradona, samt stjernespelarane til Brasil.

Stryn 1922
Aud Hool Magnar Hjelle (t.v) og Håvard Flo
100 års jubileum 1922 - 202213

Ed Nordang

Flo-pasningen sin far

Egil «Drillo» Olsen vart genierklært ved å bruke Flo-pasningen som effektivt angrepsvåpen på landslaget. Men Flopasningen såg dagens lys fleire år tidlegare då strynetrenar Ed Nordang lanserte den lange diagonalpasningen frå Kjell Rune Flo til Jostein Flo. Noko som resulterte i at «Jossen» i 1985 teikna seg for 22 scoringar -2/3 av dei med storebror Kjell Rune som servitør.

Ed Nordang deler æra med hovudpersonane når vi trekkjer fram hans rolle som Flo-pasningen sin far. - Vi prøvde dette trekket ein del i opprykks sesongen 1984 og det vart sett skikkeleg i system året etter då vi spelte på tredje øverste nivå i norsk fotball, fortel Ed.

- Korleis fungerte dette trekket? - Stryn var tidleg ute med soneforsvar. Det gjorde at Kjell Rune fekk større rom enn ved å vere markeringsstoppar. Når han gjekk med ballen trekte Jostein ut på venstrekanten og tok eit bua løp innover i det han visste at Kjell Rune kunne slå ein presis 70-meters pasning frå eigen banehalvdel.

- Same våpenet som Drillo brukte då han let Stig Inge Bjørnebye slå pasningen til Jostein? -Ja, men med den skilnaden at på landslaget vart Flo-pasningen i stor grad nytta til å frispele lagkameratar. På Stryn tok Jostein også sluttproduktet med scoring. Men sin unike spenst og fysikk terroriserte han både keeperar og forsvarsspelarar - også på antatt betre lag.

Mange gode lag kvidde seg på å møte Stryn som hadde dette angrepsvåpenet, fortel Ed - som også rosar dei andre spelarane på lag. - Det var ein fantastisk gjeng som stod på for kvarandre.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 14

Ola Aarheim

Dømde på høgt nivå

På bildet ser vi Ola Aarheim og linjedommar Tommy Skjerven saman med Gary Mabbut, Paul Walsh og Steve Sedgley før avspark i kampen mellom Sogndal og Tottenham på Fosshaugane i 1990.

- Det eg hugsar best frå denne kampen var munn bruken til Paul «Gazza» Gascoigne. Det pågjekk heilt til han forstod at eg kunne engelsk. Men då heldt han kjeft, ler stryningen som i mange sesongar var hovuddommar på nest øverste nivå og linjedommar i Eliteserien.

Ola spelte aldersbestemt og A-lags fotball i Stryn. Dommarkarrieren starta tidleg på 1970-talet, men fekk eit opphald under studietida i Trondheim 1974-78. Tilbake i heimbygda skaut det heile fart og midt på 1980-talet fekk Stryn sin første forbundsdommar med oppdrag på høgt nasjonalt nivå.

- Kva var drivkrafta for å satse som dommar der det ofte vankar meir ris enn ros?

- Eg såg det som god leiarutdanning med tanke på at eg skulle overta familieverksemda. Å stå i ein tøff dommersituasjon gav mykje god læring og sjølvtillit. Ting som har kome til nytte seinare.

Pepra med brusflasker og 5-kronestykke på Brann stadion

I perioden frå 1985-1995 var Ola hovuddommar i det som i dag heiter OBOS-ligaen, dvs. nest øverste nivå. Det vanka også mange oppdrag som assistentdommar i Eliteserien. Der det kunne gå hardt føre seg både under kamp og i dommergarderoben.

- Eg hugsar spesielt ein 16. mai-kamp mellom Brann og Molde i Bergen. Brann tapte 0-5. Det hagla med ukvemsord på meg som gjekk linja nedanfor dei verste supporterane. Etterkvart som

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202215

«Nå er det nok, Davy» deretter tok Torodd

Davy i nakken og kasta han ut av dommargarderoba…

måla rann inn, kom der også susande brusflasker og 5-kronestykke. Det var litt av ei oppleving!

Davy Watne vart kasta ut av dommargarderoben Ola ler godt når kjem på ei anna episode frå Brann stadion. - Torodd Pressberg dømde og Brann tapte. Etter kampen kom ein krakilsk Davy Watne inn i dommergarderoben. Torodd som var litt av type, let BT-journalisten tømme seg.

- Nå er det nok, Davy, sa han roleg. Men då journalisten fortsette, såg han på meg og sa; lat opp døra Ola. Deretter tok han Davy i nakken og kasta han ut. I ettertid har Davy som er ein kjekk kar, trekt fram denne episoden som eit artig minne frå fotballen.

Vannpolo i Ålesund

- Å vere dommar på høgt nivå kan også by på uventa utfordringar. Det opplevde Ola då han som hovuddommar måtte avgjere om AaFK sin cupkamp kunne spelast på grunn av søkkvåt grasmatte. - Dette var då Drillo trena AaFK. Han meinte kampen kunne spelast og det var også mi avgjerd. Men utover i kampen bøtta det ned og det vart ein parodi.

Skade gjorde at Ola Aarheim avslutta dommarkarrieren i 1995. Han overlet då plassen til sin assistent fråTottenham-kampen; Tommy Skjerven som i dag har legendestatus i Norsk Fotball.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 16

I cupen kan alt skje..

..som då Stryn slo ut Molde

19.mars 2022 innleiar A-laget sesongen med cupkamp mot Fjøra på Stryn stadion. Sognelaget med stryningen Ulrik Flo i scorings form, må utifrå treningskampane finne seg i å vere favorittar.

Men i cupen kan alt skje. Noko toppserielaget Molde fekk erfare i 1997, då Per Ole Tenden si scoring 20 minutt før slutt sende sjokkbølger i heile fotball-Norge og til Kjell Inge Røkke i London.

Vi er altså tilbake i juni 1997. Molde stilte med sitt beste mannskap. Åge Hareide som var på Island for å sjå på ein ny spelar, overlet ansvaret for coaching til sin dyktige assistent Eirik Brakstad. Eg ser enno føre meg situasjonen då Brakstad sin telefon ringde og Åge si stemme gav gjenlyd.

Det som gjorde triumfen ekstra uventa, var at Stryn hadde hatt ein svak vårsesong. Super supporter og stryneoptimist Rolv Vik gjekk så langt at han lova å gnage graset på stadion dersom Stryn slo ut Molde. -Uff, dette blir litt

av ein jobb, strålte han etter å ha sett meir på stadionuret enn kampen i sluttminutta. Hans kommentar «No står dette helsikes stadionuret igjen», går inn i historiebøkene.

Werder Bremen-proffen Håvard Flo som var på stadion m.a. for å få overrekt Fjordingen-cupen si gullklokke, var mektig imponert over moder klubben sin innsats. -Ein kollektiv siger, slo han fast.

På bildet ser vi cupheltane frå 1997: Pål Erik Ytreeide, Arnt Magne Fredheim, Johann Sigurdsson, Ole Christian Haugen, Svein Ørjasæter, Jon-Terje Tjellaug, Hallvard Skrede, Jim Rune Skrede, Per Ole Tenden, Asbjørn Øvreberg, Terje Walaker, Geir Inge Rake, Trond Leirgulen, Børge Hoem, Morten Taraldset, Erik Hool, Asle Myrold, Ove Lien.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202217

Flo familien

Ein heilt unik fotballfamilie

På bildet frå midten av 1980-talet ser vi Torlaug og Andreas Flo saman med borna Jostein, Tore Andre, Anita, Jarle, Bjarte og Kjell Rune. Ein heilt unik fotballfamile som har betydd enormt for Stryn Fotball.

Alle fem brødrene starta karriera i Stryn - først på aldersbestemte lag og som tenåringer med fast plass på A-laget.Jostein og Tore Andre sin suksess på topp internasjonalt nivå er vel kjent. Begge sterkt delaktige i den legendariske VM-sigeren over Brasil i 1998 - og med suksess i Premier League og landslaget.

Jarle og Kjell Rune markerte seg med spel i Eliteserien. Jarle for Sogndal og Kjell Rune i Molde. Kjell Rune sin mangeårige innsats for Stryn Fotball kan knapt overvurderast. Ein bauta i ordets rette forstand.

Bjarte var i mange år sentral på Stryn sitt sterke lag. Teknisk briljant og med ein pasnings fot som kunne opne dei mest overbemanna forsvar. Klubbspelar med stor K. Søster Anita vaks opp i ei tid utan organisert

jentefotball, men var med på jentelaget som i 1977 spelte cup på Eid. Som ivrig supporter bidrog Anita til den gode stemninga på Stryn stadion.

Mykje har vore sagt og skrive om foreldre si betydning når det gjeld oppfølging av sine håpefulle. For meg står Torlaug og Andreas som store ideal. I oppveksten let dei gutane bruke stova som innandørs fotballarena, nedprioriterte seg sjølve i forhold til borna sine interesser, følgde opp om kvar enkelt og sørga for gode haldningar. Torlaug med sitt smil og positive kommentarar til alt og alle. Andreas som den lune, stillfarande med eit brennande engasjement, alltid hjelpsam og med eit overordna ønskje om at alle - ikkje berre eigne born - skulle få gode opplevingar på fotballbana og i andre samanhengar.

Kort oppsummert; Ein storarta fotballfamilie

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 18

Petra (96) vaska drakter gratis i fleire tiår

Stryn Fotball har gjennom åra hatt mange «anonyme» støttespelarar - personar som i det stille har utført ein kjempejobb. 96 år gamle Petra Hool er ein av desse. I fleire tiår vaska ho A- laget sine drakter utan fem øre i forteneste. Når Petra var ferdig med arbeidet låg draktene nyvaska, strøkne og klare til bruk.

For sin formidable dugnadsinnsats vart Petra i 1998 tildelt Stryn Turn og IL sitt heidersteikn. Per Sætre var ofte ute på Hool for å levere og hente drakter. - Det var ikkje berre at ho vaska draktene. Ho passa også på å bøte sokkane når det var hol på dei. Petra er ei fantastisk dame som har betydd mykje for Stryn Fotball, slår Per fast.

Beste gutelaget i Nordfjord

Dette laget stod for Stryn si første store bragd i aldersbestemt fotball då dei i 1971 vart Nordfjordmeister.

Bak frå venstre: Audun Jens Aaland, Egil Lunde, Reidar Skåre, Terje Flo, Otto Randi, Peder Helge Sandbakk og trenar Asbjørn Sunde. Framme frå venstre: Asle Riise, Dag Magne Berstad, Egil Bøyum, Kristian Sandbakk,Paul Skrede og Atle Rake.

Stryn 1922
Petra Hool
100 års jubileum 1922 - 202219

Jentefotballen

Organisert jentefotball i 1977

I 1977 gjorde Lisbet Aarnes og Hilde Lødøen opptaket til organisert jentefotball i Stryn. Laget debuterte med deltaking i cupturnering på Nordfjordeid same året.

Der dei overraska med fylgjande resultat: Stryn-Eid 5-3 og Stryn- Tornado 1-0.

På laget var desse med: Inger Nedre-Flo, Dagny Valaker, Hilde Lødøen, Randi Tenden, Kristi Flo, Kristi Glomnes, Brita Ladehaug, Astrid Eikenes, Oddrun Berentsen, Anne-Elin Berge, Lisbet Arnes, Unni Skåre, Bjørg Guddal.

- Eidarane som hadde trena heile året, tok oss ikkje på alvor der vi kom med våre avklipte wrangler og med litt eldre spelarar enn dei, ler Lisbet når ho viser fram sine bilde frå turneringa.

Innsatsen i debuten gav blod på tann, og året etter kunne Lisbet og Hilde mønstre eit sterkt lag. Med seg til Eid-turneringa 1978 hadde dei fleire unge spelarar - Wenche Blaalid, Ragnhild Bergh, Unni Skåre, Linda Hellenes, Catrine Romsøe, Eli Kirkeeide, Elin Loen, Marit Hjelle, Bjørg Guddal, Wenche Henriksen, Anita Flo, Kristi Flo, Anne Karin Øvreberg.

Eit anna høgdepunkt denne sesongen var kampen mot Tornado på Refvik stadion - der Stryn vann heile 11-0. Oddvin Sætre stilte med sin store

drosje, slik at jentelaget for første gong kunne reise samla til kamp.

Men attende til starten i 1977 Lisbet Aarnes arbeidde som gymnastikklærar på ungdomsskulen i Bø. - Her var mange flinke og aktive idrettsjenter som hadde lyst å spele fotball, fortel Lisbet.

Hilde Lødøen jobba på reisebyrået i Stryn. Saman med Lisbet tok ho seg av organiseringa. - Eg hadde spelt ein del fotball saman med gutane i oppveksten. Det var veldig kjekt å få til eit jente lag. Lisbet og eg spelte dei første kampane, men gjekk etter kvart over til trene og organisere laget, fortel Hilde.

Organiseringa var langt meir krevjande på den tid i enn dag - spesielt med mange spelarar i ungdomsskulealder som måtte ha transport til trening og kamp. Då kom Hilde og Lisbet sine folkevognbobler til god nytte. - Ein gong brukte eg båt på Oppstrynsvatnet for å hente Kristi Flo (søster til Håvard), slik at ho kunne bli med bilen min på Årneset, ler Lisbet. Som oppsummere denne tida slik; - Vi hadde det steikjande løje!

Unni Skåre var ei av dei unge jentene som deltok på laget. Ho og Marit Hjelle hadde spelt på Oppstryn sitt lag i Fjordingen-cupeN.- Å få vere med på eit reint jentelag, var stort. Vi hadde det utruleg kjekt i lag. Ei kjempefin tid, understrekar Unni.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 20

Dag Vestlund

Har følgt Stryn tett i nærmare 50 år - eg er imponert!

På bildet ser vi Dag Vestlund saman med Jarle Flo, Tore Andre Flo, Eivind Karlsbakk og Asbjørn Tenden etter ein heimekamp. Mannen med legendestatus i Norges Fotballforbund er mektig imponert over det klubben har fått til. -Det gjeld breidde og topp. Stryn Fotball har spelt ei viktig rolle både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, slår han fast.

Dag Vestlund kan skilte med 40 år som fast tilsett i Norges Fotballforbund sin administrasjon - der han m.a. var arrangementsansvarleg. I tillegg hadde han åtte år som trenar for kvinnelandslaget. Med andre ord samla fartstid på 48 år. Like lenge har han følgt Stryn Fotball.

- Eg meiner eg såg min første kamp på Stryn stadion i 1973 og kom raskt inn i fotballmiljøet. Noko som gjennom dei etterfylgjande tiåra har gitt meg store gleder, fortel Oslo-mannen med ferieparadiset på Flo.

Dag Vestlund var naturlegvis på plass då Norge slo Brasil i Marseille. -At Stryn hadde med tre spelarar oppfostra i moderklubben - og alle med etternamn Flo - var heilt unikt. Ja, det er nesten ufatteleg at ein liten klubb set så store fotballavtrykk i norsk og internasjonal fotball!

- Kva trur er årsaka til at Stryn fekk fram desse internasjonale stjernene?

-Det er eit spørsmål det absolutt skulle vore forska på. Gener og miljø spelar naturlegvis ei stor rolle. Men eg trur også mykje av nøkkelen ligg i at Stryn Fotball lukkast som utviklingsarena. Bak dei største stjernene hadde Stryn mange som hevda seg på nasjonalt nivå. Her må ein heller ikkje gløyme klubben sine trufaste og svært gode spelarar. Nivået under er ein berebjelke for at nokre gjekk til eit endå tøffare miljø. For ikkje å snakke om dyktige trenarar, leiarar og miljøskaparar. Stryn Fotball står fram som eit føredøme når det gjeld utviklingsarena, understrekar Dag Vestlund.

Til slutt ei lita historie som fekk Dag Vestlund til å utbryte: JAGGU MÅTTE DET VERE EIN FLO I DAG OG! Årstalet er 1990. Dag Vestlund var trenar i Vålerenga. I seriepremieren på Bislett møtte dei Molde. I slutten av andre omgang på stillinga 0-0 fekk gjestane frispark frå 30 meters hald. Kjell Rune Flo la ballen til rette, tok rennfart og knalla ballen utakbart i nettet til Molde-siger. Første og einaste gongen Dag Vestlund har brukt ordet jaggu framfor Flo-namnet..

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202221

Marius Hagen

Mange i og rundt klubben har betydd mykje for meg

Marius Hagen har hatt ei lang og innhaldsrik fotballkarriere. Åra som strynespelar gjev gode minne -Mange i og rundt Stryn Fotball har betydd mykje for meg tidlegare og den dag i dag. Har vore innom Proffveka og kjem nok igjen snart, seier midtbaneeleganten som no spelar for Strømmen.

- Beste minne frå åra i Stryn Fotball?

Her er ei rekkje gode og ikkje minst artige minne! Hugsar godt då vi knuste Tornado. Det blei heller ikkje feil når vi vann på heimebane og det var Oktoberfest.

På treningane var det enorme følelsar i sving; glede, sinne, tårer og ein enorm svolt etter å bli betre. Likevel var vi alltid gode venner og lo av alt inne i garderoben.

Må også nemne at eg vart god kjend med Stryn Fotball før eg spelte i klubben. Det begynte tidleg med at eg saman med pappa (Bjørn Hagen) og bestefar (Sverre Heggen) reiste for å sjå «god» fotball. Bestefar sette enormt pris på måten vi vart tekne imot av Per Sætre m/fleire på klubbhuset.

Elles har eg mange gode minne frå Flo Aktiv. Då budde eg hos Inger og Atle Gald. Oppvarting i verdensklasse.

- Ein enkeltperson i klubben du set ekstra høgt? Umuleg å nemne ein. Eg må få ta nokre fleire. Først Paul Hool. Ei stjerne i mine auge. Fekk Stryn til å framstå som Real Madrid på dei faktorane han kunne påverke. Seinare har han følgt opp med støttande meldingar etter kampar han har sett på TV, vore på stadion for å sjå meg live osv. Eg set Paul over Høgmo som sportsleg leiar.

Dagmund Evebø. Han spurde meg om å vere med på A-lagstrening som 13-åring i samband med ein fotballskule. Det gav meg enormt mykje. Seinare kjefta han meg huda full i to og eit halvt år…. Etter å ha hatt Dagmund som trenar vart eg aldri nervøs igjen, korkje mot Vålerengen på Ullevål, Gais på Gamle Ullevi eller Sarpsborg heime på Fredrikstad stadion. Dagmund er ein svært dyktig fotballtrener.Når det gjeld spelarar må eg trekkje fram Jon-Terje, Peos og Johann. Gode fotballspelarar og gode kameratar, sluttar Marius.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 22

635 såg Stryn vinne over Verdal i 2.divisjon

Dagny Sæten byrja i Stryn Fotball då ho starta på Stryn vidaregåande skuleåret 2010/2011. Som høgdepunkt trekkjer ho fram heimekampen mot Verdal i oktober 2014 med 635 betalande tilskodarar.

- Eg har mange fantastiske minne frå fotballen i Stryn. Ein av favorittane må vere 2. div kampen: Stryn - Verdal! Der vi vann 5-3. Det var heilt rå stemning på tribuna, nydelig ver og eit strynelag som verkeleg hadde bestemt seg for å vinne.

Godt samhold, glede og råskap - ein drømmekamp eg kjem til å hugse i lang tid, seier Dagny.

Vi kan her skyte inn at ho sjølv scora tre av måla, Sofie Lunde og Pernille Flo dei to andre.

-Ein medspelar du set ekstra høgt? -Å velje kun ein medspelar blir for meg heilt umuleg. Det har vore så mange flotte lagvenninner (og trenarar) som har betydd mykje for meg.

- Di helsing til 100-årsjubilanten?

Eit stort hipp hipp hurra for Stryn Fotball og alle menneska som har vore og er ein del av klubbenbåde dei på og utanfor bana. HURRA!

Dagny Sæten

Stryn 1922 23
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no

Lars Ove Nistad

Gløymer ikkje kor nær vi var opprykk til 1.divisjon

Lars Ove Nistad frå Dale spelte for Stryn i perioden 1995 -98.

Første sesongen fekk han med seg opprykk til 2. divisjon. Året etter var det berre eitt poeng som skilde frå opprykk til 1. divisjon (noverande OBOS). -Eg gløymer ikkje haustsesongen 1996 då vi nesten tok igjen Skjetten. Dei rykka opp med 39 poeng, medan vi og Ørsta hadde 38 poeng, fortel Lars Ove.

Som også trekkjer fram dei fantastiske cupkveldane på Stryn stadion med sigeren over Molde som det mest minnerike. - Ein medspelar du set svært høgt?

Har god kontakt med fleire av mine medspelarar frå åra i Stryn Fotball. Mange av dei set eg veldig

høgt. Skal eg trekke fram ein, er det vanskeleg å kome utanom Kjell Rune Flo. Måten han entra garderoben på, med kaffi og snus, var berre fantastisk. For ein mann! Den tryggheita han gav oss yngre på og utanfor bana, var berre topp.

Miljøet i spelargruppa var veldig bra. I tillegg lærte eg mykje fotball av Steinar Ringdal. For meg ein dyktig trenar. Må også nemne støtteapparatet med Olav Tenden i spissen for ein herlig gjeng, seier Lars Ove Nistad og sender fylgjande helsing til 100-årsjubilanten:

- Eg vil gratulere Stryn Fotball, ein klubb eg set veldig høgt. No følgjer eg Stryn Fotball frå utsida og ønskjer alt det beste for framtida.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 24

Jørn Lien

Minnest best samhaldet, fellesskapet og kameratskapet

Jørn Lien spelte for Stryn sitt A-lag frå 1991 til 2002. År han ser attende på med stor glede.

-Mine beste minne frå den tida er først og fremst samhaldet, fellesskapet og kameratskapet. Praten, skrønene og historiene i garderoben før og etter trening og kamp. Det er mange gode sportslege minne. Vi hadde eit meget bra lag, og låg som regel i toppen heile tida. Vi vann mange kampar sesong etter sesong, og scora bøttevis med mål. Opprykket til 2. divisjon i 1995 er sjølvsagt eit høgdepunkt.

Skal eg trekke fram ein enkeltståande kamp sånn på sparket; Då Johann Sigurdsson sende avgårde ei avklaring/skot frå 100-meter som Sogndal 2 keeperen glapp mellom fingrane og vi vann 1-0 (eller var det 2-1) på overtid i striregnet på Stryn stadion. Full jubel i garderoben etter kampen!

- Ein spelar du set ekstra høgt?

Det er så mange enkeltspelarar eg set svært høgt at det blir urettferdig å trekke fram ein. Vi var ein god kameratgjeng! Men eg spelte jo tett saman med Per Ole Tenden, Eivind Karlsbakk og Erik Hool, men også mange andre.Og det var eit privilegium og få spele saman med og dele garderobe med Kjell Rune Flo og Terje Walaker. Showet dei heldt i garderoben var enormt!

- Di helsing til 100-årsjubilanten?

Helsinga eg vil sende til Stryn Fotball er at dei gjer ein svært viktig jobb i lokalmiljøet og har betydd enormt for den oppveksande generasjonen i Stryn. Ikkje berre for meg, men for alle mine lagkameratar og kompisar. Det er berre å fortsette det gode arbeidet, sluttar stryningen som vi dag kan sjå og høyre som sportsreporter i NRK.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202225

Thor Erik Nygård

Fotballvener for evig tid

Thor Erik Nygård spelte for Stryn i perioden 2001-2004. Han kom då som ung og lovande frå Eid.

- Ditt beste minne fra denne tida?

Må være då Stryn nesten slo ut Brann i Junior NM (tap 3-2) Eit Brann-lag som seinare slo Bodø Glimt 8-O i finalen. I cuprunden før Brann-kampen vann vi over Sogndal, der det måtte hentast inn klasse kameratar som hadde gitt seg med fotball for fleire år sidan, for at vi kunne stille lag.

Med A-laget så er det vel gjerne 16-mai kampane mot Eid og barndomskompisane mine. I den periode var vi ikkje på talefot, men heldigvis har ting ordna seg med tida. Var ikkje veldig populært å gå fra Eid til Stryn…

- Ein medspelar du set svært høgt? Rasmus Endre Bø. Vi var/er beste kamerater som ”slo igjennom” på A-laget samtidig. Rasmus Endre kunne blitt skikkelig god dersom han hadde satsa for fullt! Må også nemne Frank Hool. Ein heilt fantastisk lagkamerat som virkelig brydde seg om dei yngre spelarane. Og Steinar Tenden, Peos med fleire. Her er ei lang rekkje namn eg kunne lista opp.

- Helsing til Stryn Fotball?

Gratulerer med 100-årsjubileet. Få om ingen andre breiddeklubbar i Norge kan vise til same resultat som Stryn Fotball når det gjeld spelarutvikling. Så her er det berre å fortsette den gode jobben!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 26

Per Ytre-Eide og Gunnar Beinnes Klubben sine første stjernespelarar

Stryn Fotball har gjennom åra fått fram ei lang rekkje spelarar på høgt internasjonalt/nasjonalt nivå. Per Ytre-Eide og Gunnar Beinnes - to av klubben sine store profilar - var først ute då dei i midten på 1960-talet gjorde suksess i Lillestrøm SK.

Per Ytre-Eide melde overgang til LSK i samband med militærteneste på Lutvann. Klubben som då spelte på nest øverste nivå i norsk fotball, hadde fleire gode spelarar. Ikkje minst landslagsspissen Oddvar Richardsen.

1964-sesongen enda med at Per scora 12 mål. Det gav 2. plass på toppscorerlista i divisjonen. Stryningen vart kun slått av Steinkjer sin landslagsspelar Olav Håkon Blengsli. Høgdepunktet i 1964 var 2-0 sigeren over Rosenborg på Åråsen.

Per scora begge måla og kom på Sportsrevyen. Også i Verdens Gang vanka skryt. Ja, dei meir enn antyda at Oddvar Richardsen her hadde fått sin overmann når galdt spisskompetanse.

Året etter fekk Per selskap i LSK av ein annan stryning - Gunnar Beinnes. Også han gjorde umiddelbar suksess. Gunnar minnest best kampen då dei slo Østsiden med Egil «Drillo» Olsen på laget. LSK vann 3-2 og dei to stryningane scora kvar sitt mål. Også 3-0 sigeren over topplaget Gjøvik/Lyn med landslagsspelarane Erik Johannessen og Rolf Bjørn Bakke på laget, står som eit godt minne.

Etter spel for LSK reiste dei to stryningane attende til heimbygda - der dei i mange sesongar var nøkkelspelarar på Stryn sitt A-lag.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202227

Richard Hawkes

Jubla etter superscoring mot Sandane

Engelskmannen Richard Hawkes hadde fleire gode sesongar på slutten av 1970-talet. Han utmerka seg med hodespel som ingen hadde sett maken til før hans inntreden på Stryn stadion. Blant gamle strynesupporterar blir det framleis snakka om Richard si fenomenale scoring då Stryn slo Sandane 3-1

Fjordingen sin den gong unge journalist skreiv fylgjande om det som vart kalla dagens mål: «Oddbjørn Nes la inn frå dødlina og Richard Hawkes «låg» i lufta og møtte ballen med panne brasken i 83 cm høgde. Knallhardt sat den i nettet. FOR EIT MÅL!!».

Richard som no bur på Kjerstad (Lepsøya) hugsar godt denne scoringa. - Utan tvil mitt beste minne. «A diving header» og det var spesielt bra at det var mot ein av erkerivalene våre den gong, Sandane.

- Ein medspelar du sette ekstra høgt?

Vi var ein god gjeng og mange gode spelarar, Viss eg skal plukke ut ein, må det vere Gunnar Beinnes. På den tid vart det ikkje notert kven som assisterte scoringene, men eg er sikker på at mange av måla mine kom etter pasning frå Gunnar.

- Di helsing til 100-årsjubilanten?

Fotball er ein fantastisk sport. Ikkje berre dei tekniske ferdigheitene, men oppbygginga av eit lag og vennskapa som utviklast når ein spelar saman. Eg kan ærleg seie at tida mi med Stryn var den beste fotballopplevinga i mitt liv. Eg har sett eit par av laget sine kampar i det siste, og merker meg at Stryn held fram med å utvikle framragande talent. Så framtida lovar godt. Mine beste gratulasjonar til Stryn Fotball og alt det klubben har stått for gjennom 100 år.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 28

Christian Holko

Scora 6 mål på 32 minutt

Christian Holko (34) spelte i den raude og kvite strynedrakta i åtte sesongar. Gjekk gradene frå guttelaget og juniorlaget til han som 22-åringen avslutta som kaptein for A-laget i 2010. Etter spel i Stryn heldt karrieren fram i Åkra, Vard Haugesund og Lyn Oslo

2010 var hans store sesong. I heimekampen mot eit sterkt Florø-lag scora han 6 mål på 32 minutt! Bildet er frå denne kampen.

3. divisjon avdeling 16, Stryn Stadion, 11. juni kl. 18.30

Stryn - Florø 7-0 (1-0)

1-0 Christian Holko (45. min+1)

2-0 Christian Holko, straffe (49. min)

3-0 Christian Holko (56. min)

4-0 Christian Holko (64. min)

5-0 Christian Holko (65. min)

6-0 Christian Holko (77. min)

7-0 Petter Hammer (85. min)

- Beste minne frå åra i Stryn Fotball?

Det er så mange å trekke fram; garderobekulturen, «galne» islendingar, oppmenn i verdensklasse

Per Eikenes og Jon Einar Aaberg alltid med ein

haug kommentarar på lur. Og Jarle Lien som fekk grasmatta til å likne på Old Trafford. For meg var 2010-sesongen den beste. Hadde enda på pluss 50 mål om eg hadde fått fullført sesongen. Har også eit bonusminne som er det sprøaste eg har opplevd på fotballbana. Stryn spelte treningskamp på Eid. Dagmund var trenar og i det 55. min. fekk vi ein skade som førte til at ein spelar med etternamn Flo som einaste innbyttar, vart sett inn på. 5 min. og 36 sek. seinare blei han bytta ut.Dagmund ville heller spele med ti mann enn å sjå innbytteren spele indreløper som høgre kant!

- Ein spelar du set ekstra høgt?

Jon-Terje Tjellaug.«Mister nest sist». Hugsar godt sesongen han kom tilbake til Stryn etter spel for Førde. Eit stort forbilde for meg. Jon-Terje sprang mest og kjefta mest. Akkurat slik eg likte det, seier 34-åringen som i dag er intensivsjukepleiar på Ullevål.

- Di helsing til 100-årsjubilanten?

Takk til alle som står på dag og natt med å legge til rette, slik at barn, ungdom og vaksne kan halde på det som er aller kjekkast -spele fotball. Der er mykje god historie i Stryn Fotball - frå scoring i Marseille til grisetakling i Hyen.

Stryn 1922
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no
100 års jubileum 1922 - 202229

Vinnarlaget i Fj-cupen 1983 Stryn Country

Framme frå venstre: Terje Kjørstad, Helge Øvreberg, Terje Blålid, Rune Morgan Kyrkjeeide, Tore Andre Flo, Nils Ove Andersen og Frode Raudi.

Bak frå venstre: Geir Sverre Skarstein, Magne Lien, Vidar Karlsbakk, Bjørn Kåre Gotteberg, Jarle Flo, Johann Sigurdsson, Oddvar Gald og Tore Bjørdal.

Fotballformann Martin Lilleheim bomma på dosering av druesukker

På 1950-talet gjekk det store ord om eit vidundermiddel som skulle auke idrettsprestasjonar - DRUESUKKER. Stryn sin fotballformann, Martin Lilleheim, hadde for eiga rekning skaffa rikeleg druesukker som han ville prøve ut då laget gjesta Stardalen. Men det gjekk slett ikkje etter planen.

Her er historia som også vart omtala i Stryn Turn og Idrettslag sitt 100-årsskrift.

Martin Lilleheim hadde med seg eit stort lager druesukker då laget køyrde med lastebil og benkar utlånt frå Heimskringla. I det dei nærma seg Stardalen, vart kvar enkelt strynespelar fora med det ekstreme søtstoffet. I trua på at dette skulle gje lett match. Men slik gjekk det ikkje. Stardalen vann over eit strynelag der halvparten

spydde og dei andre heldt på å stryke med av tørste! Korleis det gjekk med resten av druesukkeret til Martin Lilleheim? Jau, det vart tømt på elva, og det gjekk lang tid før miseren blei omtala.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 30

Ståle Meland

Debuterte på A-laget som 14-åring

Ståle Meland var berre 14 år då han spelte sin første A-lagskamp for Stryn. Han var langt frå gamal nok og måtte låne legeattesten til sitt åtte år eldre søskenbarn John Ove Meland!

Eg gjekk gradene gjennom aldersbestemt fotball og aktiviteten var den gongen hovudsakleg på guttelaget. Det var alltid kjekt å møte Hornindal - for dei spelarane traff vi att på Dølheim og i Heimskring la. Då vart det koseleg prat i kjellaren over ei varm pølse, ler Ståle.

- Ditt beste fotballminne frå tida i Stryn? Høgdepunktet for meg var sigeren over Bergensstudentene (BSI) på Stryn stadion hausten 1968. Vi vann 1 - 0 og eg skåra målet. Harald Os spelte ein kjempekamp som keeper - og vi bar han på gullstol etter kampen. Fjordingen tok eit fint bilete av denne hendinga.

Eg vart plukka opp av Sogndal då eg byrja på lærarskulen der hausten 1966. Var i Sogndal til

sommaren 1968. Då fekk eg sommerjobb som nattevakt på Yris Hotell i Olden. Vidar Ombergsom var kokk der og tidlegare Fredrikstadspelarkom og henta meg for at Loen skulle spele treningskamp mot Stryn. Stryn vann 4-3 og eg skåra alle måla til Loen. 48 timar seinare var eg speleklar for Stryn etter hektisk innsats frå Asbjørn Sunde.

Eit trist kapittel for meg vart beinbrotet på Stryn stadion St. Hans 1969 i andre runde Cup-NM mot Herd. Eg vart sparka ned bakfrå av keeper Per Even Kleive - utan at dommaren frå Sandane gav oss straffespark. Heldigvis vart det siger 3-0 til Stryn.

Eit lite plaster på såret var det at Per Even Kleive kom på Besøk på sjukehuset i Volda med blomster og konfekt. Dette vart siste kampen min for Stryn. Seinare blei det Hødd, Volda, Sykkylven, Førde, Hållingen og Lillehammer, fortel Ståle Meland.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202231

Sundskameratane

Håvard Flo scora 4 mål då Sundskameratane vann bronsefinale

Storesundegruppa som var ei underavdeling av Stryn Turn og Idrettslag, hadde sitt eige fotballag med det klingande namnet Sundskameratane.

I toppåret 1982 vart laget nummer tre i Fjordingen-cupen etter 5-0 siger over Styrk (Innvik) i bronsefinalen. Der ein pur ung Håvard Flo synte sitt spisstalent med fire scoringar.

- Sundskameratane var etablert som fotballag før Storesundegruppa såg dagens lys. Laget vart rekruttert frå Storesunde krins + eit par oppstryningar første tida. I 1976 deltok laget i Fjordingen-cupen for andre gong. Det enda med 2. plass i turneringa. Dette var ein stor prestasjon. Trenar første åra var Alf Gunnar Lunde, seinare fekk han med seg Leidulf Skår. Det var sjølvsagt også stas første kampane vi fekk spele i eigne drakter, opplyser Arne P. Sunde - mangeårig leiar i Storesundegruppa.1982 var toppåret for

Sundskameratane med siger i bronsefinalen i Fjordingen-cupeN. På bildet ser vi den jublande gjengen av jenter og gutar saman med trenar Leidulf Skår.

Bak frå venstre: Jon G. Kveen, Solfrid Sunde, Frode Sunde, Steinar Sunde, Trond Lindvik, Alf Rune Skår, Terje Lunde, Håvard Flo og Laila Garlid.

Framme frå venstre: Lars Helge Kveen, Ard Kleppe, Otto Garlid, Knut Flo, Per Jakob Tunold, Endre Lunde, Magnus Arne Glosvik, Trine Sunde.

Etter kampen var det bløtkakefest i Garlid. Solveig hadde lova kake og Pål brus om dei vann kampen. Sikre på siger hadde dei begge ordna det dei hadde lova - og fest vart det!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 32

Ole Christian Haugen

Ein stor og fantastisk fotballfamilie

I mi tid hadde vi verdens desidert beste og mest respekterte banemeister i Jarle Lien, «Grand Old Man» Per Sætre som alltid var i nærheita, Paul Hool og Olav Tenden som styrte det sportslege, og mange andre som gjorde ein uvurderleg jobb utanfor bana. I tillegg kjem ein heil del fantastiske spelarar eg har vore så heldig å få vere lagkamerat med. Ikkje langt mellom latterkulene når ein tilbring tid ilag med bl.a. Kjell Rune Flo, Terje Walaker og Erik Hool i fri utfoldelse. Eg sit ikkje berre igjen med masse fantastiske minne frå tida mi i Stryn Fotball; mine beste kompisar den dag i dag er frå fotballfamilien i Stryn.

Ole Christian Haugen spelte for Stryn i perioden 1995-2003, med nokre korte avbrekk inni mellom ein sesong Sandnes FK og college fotball i Cleveland State University i 2000-2003 - med spel for Stryn mellom semestera.

- Beste minne er cupsigeren over Molde i 1997 Men den knallsterke 96-sesongen då vi berre var 1 poeng frå opprykk til 1.divisjon, må også nemnast. Det var stort å få brynt seg på andre gode lag som Hødd, Brann, Sogndal m.fl.

- Men større enn enkeltopplevingar er det å få vere del av ein slik unik fotballfamilie som Stryn er, med kameratskap, samhald, entusiasme, glede, «faenskap», lidenskap og temperatur.Ein institusjon som rommer uttallige lokale legender og karakterar både på og utanfor bana. Kort sagt ein fantastisk fotballfamilie.

- Ein enkeltspelar du vil trekke fram? Eg kunne nemnt så veldig mange medspelarar eg set svært høgt. Men må umiddelbart trekke fram Johann Sigurdsson. Han var for meg ein bauta som det var veldig inspirerande og motiverende å ha som lagkamerat - ein som «ser» deg og prøvar få det beste ut av alle rundt seg. Trond Leirgulen gjekk foran, sette standarden i trening og kamp og piska medspelarane til innsats. Slike spelarar betyr enormt for eit lag. Mister Nest Sist - evigheitsmaskina Jon-Terje Tjellaug med sin «dødelige» venstrefot, ballvirtuosen Peos, ein fotballspelar eg alltid har beundra og ein nytelse å sjå når han herja. Klubblegender! Kan heller ikkje kome utanom midtbanegeneralen frå Skredestranda, Jim Rune Skrede og den slepne teknikaren og absolutte midtpunktet Erik Hool.

- Nokre ord til 100-årsjubilanten? Ønskjer Stryn Fotball alt godt i framtida. Hald fram å vere ei god ambassadør for bygda - og ein open og inkluderande arena der det kan skapast nye lokale legender, både på og utanfor bana.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202233

Thomas

Bussturar med historieforteljarane

Tomas Vik starta opp som knøttespelar i 1991 og gjekk gradene i aldersbestemte klassar. Våren 2000 blei han teken opp i A-stallen. Spelte på Stryn fram til 2007, forutan sesongen 2006.

- Ditt beste minne frå denne tida?

Mange gode minne som det er vanskelig å sette opp imot kvarandre. Cupkampane mot Eliteserielaga, 16. mai kamp mot naborival Eid med mykje publikum på stadion eller dei mange toppkampene mot Førde. Og ikkje minst å få spele fotball på norges finaste grasmatte!

Har også veldig gode minne frå 1996-97 då min bestefar Karl Anton Gotteberg var oppmann for A-laget. Stryn spelte då i 2. divisjon, og eg fekk vere med på nokre av bortekapane saman med mormor Brita Flo. Lange bussturer blei ikkje kjedelige med historieforteljarar som Kjell Rune Flo, Terje Walaker og Ed Nordang.

Men først og fremst minnest eg det gode samhaldet, den sterke vinnarkulturen og den gode

garderobepraten med gode kameratar etter trening og kamp. Den saknar eg den dag i dag!

Må også få nemne eldsjelene i Stryn fotball som har bore klubben framover i mange år. Ikkje berre tok dei seg av alt det organisatoriske, men dei fekk også spelarane til å føle oss «heime» og alltid velkomen.

- Ein medspelar eg set svært høgt?

Vanskelig å plukke ut ein av mange. Men Johann Sigurdsson skil seg ut. Han var ein bauta i klubben då eg gjekk gradene i aldersbestemte klassar. Seinare hadde eg Johann både som trenar og lærar på Idrettslinja. Johann er ein person som virkelig ser andre og bryr seg. Han hadde mykje å seie for mi tid på fotballbana. Elles må eg nemne Peos, Trond og Jon-Terje. Tre berebjekar i laget.

- Di helsing til moderklubben?

Takk til alle gamle og nye frivillige i klubben som legg ned eit beundringsverdig stort arbeid for at andre skal ha ein arena for utvikling og trivsel! Bildet er frå cupkamp mot Strømsgodset

Vik 100 års jubileum 1922 - 2022 34
2022 Fotball Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no

Stig Høynes

Har fotografert Strynespelarar i tusental

Stig Høynes har ca 220 000 bilde liggjande på nettstaden Haugen Fotball. Der er Stryn Fotball godt representert med fleire tusen spelarar fordelt på A-lag, damelag og lag i aldersbestemte klassar. Høynes etablerte Haugen Fotball -haugenfotball.no i 2000. Sidan 18. juli 2006 har det vore daglege oppdateringar med bilde, kampfakta, førehandsstoff, konkurransar/tabelltips; stort sett alt som opptek fotballinteresserte i Sogn og Fjordane og eit større område.

Stig sin enorme innsats baserer seg på ei unik fotballinteresse. Men noko stor spelarkarriere vil han ikkje skryte på seg. - I 1991 vart eg kåra til Stårheim sin mest framgangsrike spelar - frå å vere heilt kommod til kommod, ler han. Og nemner vidare ein episode frå då han spelte for Haugen.

- Eg scora eit mål oppe i Honndalen. Trudde eg hadde sprunge forbi ein forsvarar, men det synte seg å vere ein tilskodar som stod litt for nær sidelinja….

Om ikkje Stig si eiga spelarkarriere nådde dei store høgder, kan vi i alle fall slå fast at han har lukkast med formidling av det skjer rundt om på fotballbanene -der han med sitt kamera lagar bildeseriar av ypperste klasse.

Stryn stadion er ein stad han har tilbragt mange timar på utallige A-kampar, damekampar, aldersbestemte kampar og turneringar.

- Eg føler meg alltid velkomen i Stryn. Her er mange kjekke folk å prate med, slår han fast.

- Spesielle kampar du vil trekkje fram?

Det må bli då Rune Myklebust sende Sogndal ut av cupen og dei klassiske lokaloppgjera Stryn-Eid og Stryn-Tornado/Måløy. Då er det alltid liv og stemning.

Stig Høynes er klar for ein ny sesong med kamera og utlegging av fotballstoff.

- Ja, vi køyrer på. Haugen Fotball er i gang med tabelltips for Kretsligaen. Når det gjeld dekning av kampar, vil eg i første omgang konsentrere meg om Kretsligaen og 3.divisjon damer + 5. og 6.divisjon. Aldersbestemt fotball kjem etterkvart som det passar inn.

- Til slutt, Stig. Enkeltspelarar i Stryn som du vil framheve?

I min periode på Stryn stadion har Per Ole Tenden, Jon-Terje Tjellaug og Trond Leirgulen vore dei mest sentrale

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202235

Rasmus Flo

Stolt Flo-besten

Rasmus Flo hadde stor glede av Stryn Fotballder mange av hans etterkomarar spelte ei sentral rolle i fleire tiår. Tre av dei - Håvard, Jostein og Tore Andre fekk også store internasjonale karrierer. På bildet av Rasmus sit han og les om Jostein sin overgang til Sheffield United.

Det andre bildet viser eit reint Flo -lag som spelte mot Stryn tidleg på 1980-talet. Nokre år seinare spelte den same gjengen som då var forsterka med Jarle og Håvard (unge Tore Andre var på Island med Stryn smågutelag), Bryne sitt eliteserielag til kamp

på Stryn stadion. Arne Larsen Økland som var tilbake i jærklubben etter strålande proffkarriere i Bayern Leverkusen og Paris St. Germain, uttalte etter kampen at Bryne var heldige som tok ein knipen siger.

Bildet av laget der alle har etternavnet Flo Bak frå venstre: Kjell Rune, Asbjørn, Terje, Jon Kåre, Bjørn og Bjarte. Framme frå venstre: Lyngve, Kjetil, Brynjar, Birger, Jostein, Rune og Lars Kåre.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 36

Norway Cup eit årleg høgdepunkt

Stryn sende lag til Norway Cup første gong i 1974. Dei etterfylgjande tiåra var dette eit viktig ledd i rekrutteringsarbeidet.

Bildet viser Stryn småguttelag som hevda seg med bravur i 1989. Bak frå venstre: Olav Tenden, Hans Arne Sæbø, Eivind Karlsbakk, Per Ole Tenden, Ole Jakob Osvold, Kjell Tore Egge, Per Ivar Skåre, Frode Meland, Torberg Kyrkjeeide, Jon-Terje Tjellaug og Jarle Lien.

Framme frå venstre: Endre Flo, Ingolf Gald, Ove Lien, Bjørn Terje

Bjerkan, Børge Hoem, Frode Sørensen, Knut Are Vatne og Knut Roar Skåden.

Strynelaga kan vise til gode sportslege resultat i verdas største fotballturnering. I tillegg kjem det sosiale ved å vere samla ei veke. Mange familiar tok turen til hovudstaden for å støtte opp om laga. For ikkje å snakke om dei mange utflytta stryningane som møtte opp på Ekebergsletta og andre arenaer for å heie på spelarane. Her er mange gode minne.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202237

Store framsteg på 1930-talet

Stryn sitt A-lag opplevde stor framgang på 1930-talet. I 1938 vart Stryn sonemeister for Nordfjord klasse B.

1932 står som eit viktig år for strynefotballen. Ikkje berre fekk laget nye drakter, det vart også gjeve løyve til å bygge om grusbana (bak kommune huset på Tonning) slik at ein kunne spele i retning aust-vest. Endeleg skulle ein bli kvitt ballhentinga på elva. Arbeidet gjekk unna på dugnad og med hjelp av hest, trillebår og steinplukkande skule born, heiter det i jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag.

Med betre baneforhold fylgde auka interesse og sportsleg framgang. Og høgdepunktet kom då Stryn med Johan Ytreeide og Ola Flo som toneangivande spelarar, kunne ta imot pokalen som sonemeister i Nordfjord klasse B.

Foto: Kamp på Sandane | Laget var: Framme frå v: Kristian Hool, Erik Herzberg, Ola Flo Bak frå v: Matias Nesje, Sverre Nesje, Johan Ytre eide, John Os, Jakob K. Sandbakk, Jakob R. Bø, Malvin Tonning, Egil Glomnes

Kvinnene ville også spele fotball

Bildet frå 1943 viser damelaget som spelte fotballkamp under «Idrettens dag» i Stryn. Framme frå venstre: Marta Aarnes, Gerd Lien, Åse Freihow.

Bak frå venstre: Idun Vik Tenden, Åsta Øvreeide, Kenny Tonning, Kjellaug Flo, Margaret Bøe, «Malla» Sølvberg, Berta Sunde, Signe Blålid Bøe, Marie Tonning.

I fylgje jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag var dette ein heilt spesiell fotballkamp. Damene møtte eit lag samansett av lærar Øvreset og fleire «offentlege» personar.

- Det er vel litt på sida av idrettslaget. Har vel heller med idrettsglede å gjere, heiter det i omtalen

Det skulle ta fleire tiår før Lisbet Aarnes og Hilde Lødøen starta organisert jentefotball. Då deltok Stryn i turneringar.

Rundt 1995 kom Åse Elin Ringstad inn som trenar for jentene, og etter den tid har laga til Stryn Fotball hevda seg godt både i aldersbestemte klassar og dameserien.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 38
Herrelaget 1930-talet Damelaget 1943

Eid- Stryn

Her trudde vi opprykket glapp - men det skjedde heldigvis ikkje

I nest siste serierunde i 1984 møttest Eid og Stryn i det som kunne avgjort opprykk til dåverande 2. divisjon. Stryn måtte vinne for å ha alt i eigne hender. 1100 tilskodarar på « Plassen» (bak ungdomshuset Valhall) - minst halvparten stryningar - såg at kampen enda uavgjort. Superspiss Jostein Flo (bildet) jobba knallhardt, men dette var kampen der ballen ikkje ville i motstandaren sitt mål. Dermed 0-0 og Eid i tabelltoppen.

I siste serierunde hadde Stryn heimekamp mot eit Tornado-lag som måtte vinne for å unngå nedrykk til 4.divisjon. Eid skulle til Dale - der dei var klare favorittar.

Tornado såg ut til å vinne på Stryn stadion, men Stryn utlikna til 2-2. Eit skuffande resultat som spelte lita rolle så lenge «alle» rekna med at Eid ville gjere jobben på Dingemoen i Dale.

Hugs at dette var før mobiltelefonen gjorde det mogeleg med «fotball live». Men i det dommar Svein Inge Thime tok laga på Stryn stadion inn i sluttminutta, byrja det å svirre rykte om at Dale var i ferd med å slå Eid. Då dette vart stadfesta, «eksploderte» dei mange hundre strynesupporterane i elleville jubelscener og spelarane kasta trenar Ed Nordang i lufta.

Dermed vart også 0-0 kampen på Eid eit godt minne frå jubelsesongen 1984….

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202239

Guddal

Sigeren på Høddvoll eit høgdepunkt

Tor Guddal hadde ei sentral rollle i opprykksesongen 1984. Året etter vart han utpeika til lagkaptein.

Beste kampminnet er frå Høddvoll i mai 1988. Stryn vann 2-1 over storklubben på Sunnmøre.Heile laget leverte ein kjempekamp og vi vann fullt fortent etter spel og sjansar. Dette var også min beste kamp i strynedrakta, fastslår Tor.

Oppstryningen Tor Guddal starta som 12-åring på lilleguttelaget. Opptakta var ein skuleidrettsdag på stadion, der han vart «oppdaga» av jamnaldrande stryningar som ville ha han med på laget.

17 år gamal debuterte Tor på Stryn sitt A-lag - der det blei fire sesongar før Gjøvik-studiar.- Eg hadde bestemt meg for å prøve noko nytt sidan reisene vart lange. Tenkte å kontakte Raufoss for å sjå kor langt eg kunne nå. Men så var det dette med Oppstryn og patriotisme. Drøfta med Kolbein og andre mogelegheitene for å stille lag i Oppstryn. Vart med på dette for endeleg å få til noko i bygda. Det hadde eg sakna stort i ungdomstida, fortel Tor.

Etter nokre sesongar på Oppstryn og spel for Førde i samband jobbvikariat der, kom Tor attende til Stryn i 1983. Fekk jobb i Stryn kommune og starta 15. august - same dag som Torfinn Moen, smiler han.

1984 gav opprykk og i 1985 var Tor Guddal kaptein på laget i dåverande 3.divisjon (tredje øverste nivå). Lange reiser til Austlandet, NordMøre og Trøndelag gjorde at han etter 85-seson gen tok to nye sesongar i Oppstryn-drakta - før fotballsatsinga vart avslutta med gode minne frå 1988-sesongen.

Stryn var nede i ein bølgedal då du debuterte på A-laget. Såleis måtte det vere ekstra stort det som skjedde hausten 1984?

-Ja, plutseleg var Stryn på fotballkartet! Til stor inspirasjon for dei yngre spelarane i Stryn og kringliggande område; no var klubben attraktiv å spele for! Også 1985-sesongen var svært spennande å vere med på, sjølv om spelet/ kvaliteten var noko ujamn. Men innsatsen til spelarane kunne ingen klage på. Eg fekk vere lagkaptein dette året og inspirerte medspelarane så godt eg kunne.

- Enkeltpersonar du vil framheve?

Det blir litt vanskeleg å peike ut nokon spesielle. Eg har opplevd miljøet og samhaldet som svært godt; ein klubb der ein dreg lasset i lag. Både spelarar, trenarar, støtteapparatet, styret og dei som klarar å halde hjula i gang er like viktige medhjelparar. Sjølvsagt er nokon flinkare enn andre på bana. Men like viktig er miljøskaparar, den gode kommentaren, vennskapet og det sosiale fellesskapet.

- Di helsing til klubben somi år fyller 100 år?

Eg vil takke så mykje for at eg har fått vore ein del av dette fellesskapet - ei tid med mykje livskvalitet for meg. Etter at mi aktive karriere var over, har eg delteke i «styre og stell» både som styremedlem, trenar for aldersbestemte lag, oppmann , dommar m.m. Dette for å gje noko tilbake til klubben som har gjeve meg så mange gode opplevingar - og som har bidrege til eit godt oppvekstmiljø i bygda. Lykke til vidare med arbeidet i klubben. Her er mange gode folk som gjer eit svært viktig arbeid. Så stå på vidare til klubben og bygda sitt beste!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 40
Tor

Asbjørn Sunde

Unge Sunde redda av dommarlegende

Asbjørn R. Sunde vart i 1997 tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrets si høgste utmerking GULLMERKET for sin innsats som spelar, trenar, leiar og fotballdommar.

Dommarkarrieren kunne fått ein brå stopp då ein ung Asbjørn Sunde debuterte i den prestisjetunge Honndalscupen. Her er historia som Asbjørn hadde stor glede å fortelje.

- Eg var berre 17 år då eg sa til å dømme kamp mellom Eid og Honndalen. Dommarlegenden John «Skyggen» Lillestøl gav meg klapp på skuldra og oppmuntrande ord før avspark. Eg følte at eg hadde bra kontroll. Men ut i andre omgang skjedde det

fatale. Ein eidaspelar storma inn i målfeltet. Eg hadde dommarfløyta i munnen, klar til å blåse i det ballen gjekk i nettet. Men plutseleg suste ein kveps forbi øyret mitt og i forfjamselsen gav eg eit støyt i fløyta. Eidaspelaren som skulle sette ballen i mål, stoppa opp. Frå sidelinja kom det voldsomme protestar. Og der stod stakkars meg som ikkje visste korleis eg skulle redde situasjonen. Heilt til John «Skyggen» Lillestøl si stemme ljoma; -DU DØMMER HELT KORREKT, SUNDE!

«Skyggen» sine ord var lov og etter kampen var det ingen som kritiserte den unge dommaren…..

«Du dømmer heilt korrekt Sunde»

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202241

Karl Erik Aarsheim

Publikumsfavoritten Kalle Aarsheim

Karl Erik Aarsheim spelte for Stryn frå 2011 til og med 2016. Med sin slepne teknikk, kreative spelestil, spektakulære scoringar, tunnelar på frustrerte motspelarar og sitt blide vesen og gode kommentarar, blei han raskt ein av publikumsfavorittane på Stryn stadion. (På bildet er han i duell med AaFK-spelar Sigurd Tafjord).

Kalle var ein av fleire som i denne perioden gjekk frå Eid til Stryn. Noko som ikkje alltid var så populært. -Eg passerte vel litt under radaren ettersom Petter ( Hammer) og Stian (Sandal) hadde meldt overgang frå Eid til Stryn før meg, smiler han.

Her må nemnast at Kalle nyleg flytta heim til Nordfjord etter år i Bergen, og er godt etablert på Eid.

- Beste minne frå sesongane i Stryn? Cupkampen mot AaFK i 2015. Vi leia etter scoring av Mads (Wie) og eliteserielaget fekk verkeleg slite for vidare avansement. Alle spelarane våre gjorde ein heroisk innsats. Sjølv om vi til slutt tapte 1-3, var kampen og ramma rundt arrangementet ei stor oppleving.

Eg har også eit artig minne frå 2014 då vi møtte AaFK 2 i seriekamp (vann 1-0) på Stryn stadion. Framfor benken til AaFK fekk eg til ein tunnel på motspelar, såg opp og møtte blikket til AaFK - trenar Karl Oskar Fjørtoft. Fekk du med deg den, ropte eg og fekk eit breitt glis tilbake.

Som så mange andre, sit eg igjen med masse gode minne frå prestisjeoppgjera mot Eid og Tornado. Men det eg hugsar tilbake på med størst glede, er den eineståande garderobekulturen, mottakinga på Stryn stadion og det fantastiske miljøet rundt klubben.

- Enkeltspelarar du har sett ekstra pris på? Her må eg nemne min bestekompis Stian (Sandal). Vi hadde eit veldig godt samspel på venstresida. Og sjølvsagt ringrevane Jon-Terje, Peos og Trond. Alle gode lag treng slike bautaer som med sin rutine og klokskap viser veg for yngre spelarar. Kan heller ikkje kome utanom Dagmund Evebø. Beste trenaren eg har hatt.

- Kalle si helsing til 100-årsjubilanten? Gratulerer med 100-årsjubileet og lukke til med 100 nye fantastiske år.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 42
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no

Fjordingen sin mann med kamera og penn

Ove Sveen dekka Stryn Fotball i tre tiårfrå 1986-2016. Med sin faglege kompetanse og journalistiske blikk, vart det mange hundre spennande reportasjar i lokalavisa. Stoff som var viktig for profilering av Stryn Fotball. Her må nemnast at svært mange av bilda som er og blir lagt ut, skal krediterast Ove Sveen.

samband med cupfinalen - der både strynetrenar Harald Aabrekk og Fjordingen fekk god kontakt med Paul Breitner. Den tyske VM-helten styrte unna dei norske storavisene, men søkte kontakt med vesle Fjordingen og trenaren for Stryn. Det vart lagt merke til.

Av det mest spektakulære eg har vore med på som journalist, var då vi dekka Drillo si landslags samling i Stryn - der dei norske spelarane kledde seg opp med plast-søppelsekkar for å akklimatisere seg til varmen som venta i USA-VM 1994.

- Strynespelar du set ekstra høgt?

Det må bli Jostein Flo. Ser føre meg situasjonar der han som strynespelar fekk tåa på ballen, tok eit langt steg forbi motstandaren og scora. Jossen hadde mange andre kvalitetar enn sin enorme luftstyrke.

Det som imponerte meg veldig då eg kom til Stryn, var allsidigheita til mange av fotballspelarane. Fleire utmerka seg i andre idrettsgreiner. M.a. såg eg både Jostein og Kjell Rune hoppe over to meter i høgde utan spesialtrening. For nokre typar!

Ove Sveen

- Beste minne frå Stryn Fotball?

På det personlege plan var det åra Per Grodås og eg trena knøttane og miniputtane. Her er masse gode minne frå då vi saman med foreldre reiste rundt på turneringar.

Når det gjeld det sportslege, må eg trekkje fram opprykket i 1995. Stryn med Steinar Ringdal som trenar, hadde i fleire sesongar spelt flott fotball og var på sitt beste gode nok for spel på tredje øverste nivå. Eg hugsar godt jubelscenene då det endeleg lukkast! Minnest også fotballgallaen i Oslo i

Når vi no opplever korleis Haaland blir gjort utilgjengeleg for media, må eg dra på smile bandet. For her har mykje endra seg frå då Jostein Flo spelte på Sheffield United. Heime på ferie kom han slentrande inn i Fjordingen sin redaksjon,la beina på bordet og prata fritt om korleis det var å spele i verdas tøffaste liga. Men like viktig var det for han å bli oppdatert om Stryn Fotball.

- Di helsing til Stryn Fotball 100 år?

Eg tykkjer det er spesielt gledeleg at damefotballen er i god utvikling. Eg sender mine gratulasjonar og vonar på nye framgangar for alle som tilhøyrer Stryn Fotball.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202243

FirdaCupen

Vann etter 5 scoringar av Tore Andre Flo

Stryn vann Firdacupen fire gongar i løpet av dei 20 åra turneringa pågjekk. På bildet ser vi lagkaptein Terje Walaker motta premiesjekken av kretsleiar Dagfinn Lauritsen etter finalesiger 5-1 over Førde i 1992 - der Tore Andre Flo (står i bakgrunnen saman med bror Bjarte og Asbjørn Øvreberg) scora alle måla til vinnarlaget.

Finalen i Førde var Tore Andre sin avskjedskamp i strynedrakta etter at han hadde signert overgangs kontrakt med Sogndal - der han 30 år seinare er hovudtrenar.

Men det var ikkje berre 5-målsscoraren som imponerte i denne kampen. Ove Sveen som dekka kampen for Fjordingen, trekte fram midtbaneduoen Hallvard Skrede og Frode Nøstdal.

Her er det knallsterke laget som sikra Stryn Fotball 17.500 kroner: Pål Erik Ytreeide, Jarle Flo, Kjell Rune Flo, Terje Walaker, Asbjørn Øvreberg, Frode Nøstdal, Johann Sigurdsson ( Jørn Lien 70.), Hallvard Skrede, Bjarte Flo, Tore Andre Flo, Eivind Karlsbakk ( Erik Brendefur 70.).

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 44
HAUGEN FOTBALL haugenfotball.no Følg lokalfotballen i Sogn og Fjordane

Hagen-tvillingane deburterte på A-laget i 1953

Leif & Ivar Hagen

Ivar og Leif Hagen var 16 år gamle då dei i 1953 spelte sine første kampar på Stryn A-lag. Leif avslutta si aktive karriere i 1966 - då han overlet drakta si til Kjell Osvold, medan Ivar spelte til ut på 1970-talet.

- Eg var med i den tid vi sparka fotball. No spelar dei fotball, ler Leif som heldt seg på høgre back-plass. Venstre back Ivar var del av laget som i 1968 rykka opp i 3. divisjon. Eit sportsleg høgdepunkt for både han og klubben.Attende til starten på Hagen-tvillingane si A-lags-

karriere. I 1953 kvalifiserte Måløy seg til A-serien etter siger 4-3 over Stryn. Året etter stod Haugen og Stryn med same poengsum etter at B-serien var ferdigspelt. I omkamp vann Stryn 6-2, men laget tapte seinare 5-2 i kvalik mot Kvalheim.

Resten av 50- talet baud på vekslande resultat, og det var først i 1962 Stryn vann B-klassen og rykka opp i A-serien. Høgdepunktet på 1960-talet var 1-0 sigeren over BSI i opprykkskampen som gjorde at Stryn i 1969 kunne spele på tredje øverste nivå i norsk fotball.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202245

Hagen-tvillingane minnest artige episoder frå første åra som A-lagsspelarar. Som då dei reiste til Hellesylt for å spele «oppvisningskamp». Edvard Eikenæs gav klar beskjed om at vi ikkje måtte slå dei så mykje at dei mista motet. I staden var det vi som gjekk på eit sviande tap. Ein voldsom nedtur etter at vi føregåande helg hadde vunne Honndalscupen!

Ivar ler godt når han fortel om den gongen han feilaktig vart utvist. - Det var i ein kamp på Eid at dommaren gav meg raudt kort. Dette trass i at Andreas Prikken Sunde og Jon Skyggen Lillestøl som stod på sidelinja, gav klar beskjed om at dette var feil. Etter kampen innsåg dommaren feilen og sa at eg som mild straff skulle få velje kva kamp eg skulle stå over. Det passa veldig godt ettersom eg helga etter skulle i bryllaup til broder Trygve!

Grusbana bak kommunehuset (Heradsheim) var fotballarenaen dei to første åra Ivar og Leif spelte på A-laget. Då grasbana på Øyra som stod ferdig i 1955, vart det ei ny tid for strynefotballen.

Som ung fotballformann fekk Ivar ein lærepenge.

- Vi slo bana fredagen. Eg meinte at heile laget kunne stille opp og rake bana laurdag, dagen før kamp. «Alle» ville at vi skulle vente med rakinga til søndag føremiddag. Men det enda med at eg måtte rake bana heilt åleine, fortel Ivar.

Leif minnest ein episode ute ved kysten. Vi spelte mot Måløy laurdag og skulle til Selje søndag. Til den siste kampen var ikkje alle i like god form. Det resulterte i eit voldsomt press frå Selje. Vi hadde meir enn nok med å forsvare oss, men ute i midtsirkelen gjekk vår einslege spiss og ropte heile tida til keeper Atle Tonning: Få ut ballen til meg. Då det endeleg skjedde og spissen scora, sa han: -Du skulle gjort dette før!

Ivar avsluttar med ei spesiell hending på Sandane. - Deira ytre høgre gjekk og drog meg i buksa. Slutt opp, sa eg. Dommaren bles viss det er ulovleg, svara han. Då vi sprang side om side gav eg han ein kakk i haudet. Han protesterte vilt. Viss det er ulovlege bles dommaren, repliserte eg. Og då vart det slutt på buksehaldinga!

Bildet frå 1950 talet:

Bak frå vestre Arne Øvreberg, Asbjørn Sunde, Arne Nedreberg, Gunnar Beinnes, Oddvar Beinnes, Rolv Vik. Framme frå venstre Edvard Eikenæs, Leif Hagen, Atle Tonning, Per Sætre, Arne Ljåstad.

Bildet frå 1960-talet:

Bak frå venstre Eivind Skjerven, Asbjørn Sunde, Gunnar Beinnes, Arne Nedreberg, Per Ytre-Eide, Lyngve Flo. Framme frå venstre Tor Gomnes, Reidar Lunde, Harald Os, Arne Øvreberg, Ivar Hagen.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 46

Jarle Flo

Kjekkaste tida som Strynespelar

Jarle Flo fekk ei flott karriere med seks sesongar på høgt nivå i Sogndal.Der han markerte seg som ein nøkkelspelar. -Sjølv om eg har spelt i elite serien, er det åra i Stryn eg ser tilbake på som dei aller kjekkaste. Det var ei fantastisk tid frå A-lagsdebuten hausten 1987 til eg blei sogndalspelar etter 1992-sesongen, slår han fast.

Jarle Flo var 17 år då han debuterte på Stryn. Eg hadde ikkje plass i A-stallen, men få dagar før haustkampen mot Førde på bortebane tok Harald Aabrekk meg med i troppen. Det var veldig stort å få vere del av laget og saman med spelarar eg hadde sett opp til heilt frå barndomen, fortel Jarle, som i debutkampen spelte saman med to brørKjell Rune og Bjarte + tre søskenbarn - Kjetil, Terje og Håvard. Alle med etternamn Flo.

- Fleire gode minne frå tida i Stryn?

- 2-1 sigeren over Hødd på Høddvoll i 1988 står som sportsleg høgdepunkt. Eg scora første målet på lobb over keeper Stig Engen. Nils Petter Hauge

sørga for sigersmålet. Den herlege rivaliseringa med naboklubbane er også noko eg ser tilbake på med stor glede. Desse lokaloppgjera var heilt spesielle og annleis enn det du opplever i toppfotballen. Eg ønskjer at også dagens stryneselarar får oppleve denne nerven, spenninga og stemninga.

-Enkeltspelar du set svært høgt?

- Kjell Rune. Han var Stryn. Må også trekke fram Terje Walaker og Nils Petter Hauge - gode spelarar og miljøskaparar av ypperste klasse. Aldri kjedeleg når dei var i nærleiken. Mykje komikk og artige situasjonar som eg ser attende på med stor glede. Vi var i det heile ein samansveisa gjeng som tapte og vann i lag.

-Ei helsing til moderklubben som i år fyller 100 år?

- Det er vanskeleg å beskrive kor viktig Stryn Fotball er og har vore for spelarar og publikum. Ein institusjon i bygda. Gratulerer med jubileet!

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202247

Gunnar Beinnes

Spelte på A-laget i fire 10-år

Gunnar Beinnes debuterte på Stryn A-lag som 15-åring i 1958. Med unntak av to sesongar i Lillestrøm SK og Hødd, spelte han for moderklubben til avskjedsesongen i 1984 - då Gunnar for andre gong var med på opprykk til tredje øverste nivå i norsk fotball.

- Det eg hugsar best frå min debut på A-laget, var at eg spelte saman med Jon Aarheim som då var 37 år. Det var litt av ein aldersforskjell, smiler Gunnar og fortel at han som 15-åring påførte Stryn poeng tap trass i at dei vann kampar (!). - På den tid var det 16 års aldersgrense. Motstandarane visste at eg var 15. Så etter kampar vi hadde vunne, var det fleire som sende inn protest og på den måten sikra seg poenga.

1968-sesongen var eit høgdepunkt for Gunnar og klubben. Han scora 19 mål på 15 kampar. Møtet med 3. divisjon vart brutalt. Sjølv om Stryn spelte fleire gode kampar, var nivået for høgt. 2 x O-8 mot Varegg står som Gunnar sine mareritt på fotballbana. Gunnar er registrert med 15 kampar og 4 scoringar på statistikken til Hødd, der han spelte i 1970. - Opphaldet i Hødd gjekk ikkje som

eg hadde håpa. Ein tåskade skapte problem, fortel han. I 1973 var Gunnar attende i Stryn som då spelte i 6. divisjon. Noko som skapte ny giv i klubben og resulterte i at Stryn gjekk frå 6. til 4. divisjon på to sesongar. Laget heldt seg i 4. divisjon heilt til Gunnar Beinnes som 41-åring avslutta karriera med nytt opprykk i 1984.

- Enkeltspelarar du har sett ekstra høgt i dine fire 10-år på Stryn sitt A-lag?

- Eg har hatt mange gode medspelarar og fotball vennar som eg set svært høgt. Då eg byrja på Alaget var Arne Nedreberg mitt store forbilde - både i fotball og alpint. Jostein Flo er den beste spelaren eg har spelt saman med i Stryn - og den beste ved sidan av Kjetil Hasund av alle eg har vore på lag med, sluttar Gunnar Beinnes - ein av Stryn Fotball sine store klubblegender.

1984-gjengen som var samla til 30-årsjubileet i 2014. Bak frå venstre: Per Sætre, Ed Nordang, Arne Hool, Alf Gunnar Lunde, Geir Flåten, Torfinn Moen, Gunnar Beinnes, Hallvard Leirgulen. Bak frå venstre: Tor Guddal, Øyvind Breidablik, Kjell Per Rake, Rune Egge, Olav Tenden, Kjetil Flo.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 48
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no

Harald Os

Ein av dei store heltane

På bildet blir Harald Os løfta på gullstol av lagkameratane Ståle Meland (målscorar), Lyngve Flo og Per Ytre-Eide etter den historiske 1-0 sigeren over Bergenstudentene (BSI) i 1968. Kampen som førte til at Stryn Fotball for første gong kvalifiserte seg til spel på tredje øverste nivå i norsk fotball.

Ståle Meland si scoring vart avgjerande. Like viktig var det fantastiske keeperspelet til Harald Os. Men det var ikkje berre i denne kampen han utmerka seg. Gjennom 1960- og 1970-talet var Harald Os ei klippe på Stryn sitt A-lag. Han vart også utteken på krinslaget, og var saman med lagkameratane

Gunnar Beinnes, Asbjørn Sunde og Per Ytre- Eide på krinslaget som i 1968 slo Færøyane 5-2.

Etter at Harald i 1980 la keeperhanskane på hylla, gjekk han inn som trenar for aldersbestemte lag. Også på det administrative plan utmerka han seg, både som leiar av idrettslaget (1967-1969), sjef for dugnadsprosjekt og på andre område der ein trong ei stødig hand.

I jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag blir det konkludert slik: Arbeidet Harald Os har gjort for idrettslaget på ulike plan er STRÅLANDE.

«Arbeidet Harald Os har gjort for idrettslaget på ulike plan er STRÅLANDE …».

Sitat: jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202249

Damelaget 2013

Jubelsesong gav opprykk til 2.divisjon

I 2013 rykka Stryn sitt damelag opp i 2.divisjon etter ein knallsterk sesong med null tap. Dermed kunne dei feire med stil på fotballfesten. Trenar John Os delte ut heider til fire spelarar. Årets talentpris gjekk til Mia Sæbø. Spelarane sin spelar vart suverent Hanna Tenden. Marte Kroken blei heidra som årets lagspelar, og Ingrid Øvreberg fekk toppscorarprisen.

Her er bildet som Ove Sveen/Fjordingen tok på fotballfesten. Vi ser vi bak frå venstre: Tonje Fannemel, Sofie Lunde, Kristina Flo, Mona Myklebust, Pernille Lødøen Flo, Nadia Kvamme

Alim, Ida Pauline Lødøen, Miriam Lefdal, Marita Berge, Amalie Løkkebø Øvreseth, Dagny Sæten, Tonje Stølen, Anna Hofseth.

Framme frå venstre: Mia Sæbø, Marte Kroken, Ingrid Øvreberg, Hanna Tenden, Maria Lødemel Bø, Elin Håberg, Anja Bertine Tomasgård.

Actionbilda viser 3-målscorar Hanna Tenden i kamp mot Eid, og toppscorar Ingrid Øvreberg motta gratulasjonar av Hanna Tenden (t.v.) og Ingrid Kvåle Faleide (t.h.).

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 50
Foto:
Stig Høynes | www.haugenfotball.noFoto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no
Foto: Ove Sveen | Fjordingen

Johannes Thingnes Bø

Gode spelarar på 40-talet

Resultata var noko varierande dei første åra etter krigen. Eller for å sitere idrettslaget sitt jubileumsskrift: -Kvaliteten og prestasjonane veksla frå det svært dårlege til i nærleiken av det beste i fylket.

Sigeren i Honndalscupen 1946 blir trekt fram som høgdepunkt etter at den organiserte fotballen kom i gang att etter krigen. På slutten av 1940-talet vart Stryn forsterka med Arne Eikenæs og Fredrik Kaspersen. Førstnemnde var rekna som ein av dei beste spelarane i fylket, medan Kaspersen hadde fleire kampar for det nord-norske landslaget. Av andre spelarar blir Johan Isehaug trekt fram som kanskje største talent av alle.

Verdas beste skiskyttar gjekk gradene i klubben

Johannes Thingnes Bø markerte seg tidleg som ein svært talentfull spelar på Stryn sine aldersbestemte lag.

På bildet ser vi han ta imot vinnarpokalen etter at smågutane gjekk til topps i Grodås Cup 2006. Der han vart lagt merke til av tidlegare landslagsspelar og LSK-profil Tom Guldbrandsen.

Johannes sine bragder som skiskyttar, er vel kjent. I 2015 skaffa han Stryn Fotball masse positiv omtale i både lokale og riksdekkande media, då han som verdsmeister signerte kontrakt med moderklubben.

Journalistar og fotografer var godt representert då han var med i troppen til 3.divisjonsoppgjeret mot Volda.

At fotballen på denne tida står i sterk kontrast til dagens situasjon, kjem klart til uttrykk i fotball gruppa sin protokoll frå 1946. Der kan ein lese at det vart gjort innkjøp av nye fotballsko, 15 par som laget subsidierte med 20 kroner per par. Men ikkje alle spelarane i gruppa fekk nytt, styret behovs prøvde og fastsette kven som skulle prioriterast.

På bildet ser vi fleire av spelarane som utmerka seg i etterkrigsårene.

Framme frå v: John Aarsheim, Arnulf Eikenes, Audun Eikenes. 2.rekkje frå v.: Arne Nedreberg, Arne Barstad, Rold Vik. 3.rekkje frå v.: Johan Riise, Asbjørn Sunde, Johan Isehaug, Per Helge Tonning, Arne Eikenæs

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202251

Ein del av fotballfamilien Tonningkameratane

Ruud brødrene

OL- og VM- heltar i aksjon på denne fotballbana

Dei legendariske storhopparane og alpinistane Birger og Asbjørn Ruud med mange OL- og VMgull, deltok i Strynefjellsrennet 1946. I den samanheng vart dei inviterte til fotballkamp på grusbana (bildet) bak kommunehuset i Stryn. Ei storhending det gjekk gjetord om.

Tonningskameratane vart etablert i 1991 som eit lågterskeltilbod til vaksne fotballspelarar i Stryn. Fram til 1995 var eit hundretals spelarar med på kampane til klubben som hadde årsmøtevedtak på at dei IKKJE skulle rykke opp frå lågaste seniornivå (6.divisjon).

Mange av dei som var med i Tonningskameratane har markert seg i Stryn Fotball - både som leiarar, trenarar og supporterar (Plankeberget).

På bildet ser vi nokre av dei faste spelarane på Tonningskameratane.

Bak frå venstre: Knut Roar Skåden, Sverre Sæten, Ard Mikal Kleppe, John Os, Jan Egil Flo, Ole Petter Breidablikk og Tom Runderheim.

Framme frå venstre: Terje Mundal, Jan Ivar Vik, Halvard Bøe, Tore Johnny Åsebø, Håvard Vatne, Geir Tonning og Kristian Vik.

I jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag kan vi lese: «Ein vennskapskamp mot Volda enda uavgjort 2-2. Likevel blir denne kampen hugsa best for dei ekstra attraksjonene strynelaget og domarsida vart forsterka med.

Målmannen til Stryn var nemleg storhopparen Asbjørn Ruud, medan hans endå meir namngjetne bror Birger dømde kampen. Dette var midtsumars idrettsfest i Stryn med fotball og skiidrett i god forening».

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 52

Ny tribune til jubelsesongen 1996

Opprykket i 1995 fekk fart i planane om ny tribune på Stryn stadion. Iherdig innsats frå snekkarlaget gav publikum betre fasilitetar til gjensynet med 2.divisjonsfotball. Ein sesong som gav Stryn tidenes beste plassering i divisjonssystemet.

Med spel på 3. øverste nivå i norsk fotball, var det klart at den gamle tribuna ikkje stetta krava til forventa storinnrykk av publikum. Hausten 1995 gav styret fullmakt til eit prosjekt med

kostnadsramme 200.000 kroner. Johan Fure, Atle Rake og John Vinsrygg starta opp i november og fundamenta stod ferdige før jul. Arbeidet med trevirket kom i gang ut på nyåret. Trass i ein lang og kald vinter gjekk arbeidet greit unna og tribuna stod ferdig i god tid til sesongstart.

1996-sesongen enda med at Stryn var eit fattig poeng bak Skjetten som rykka opp i det som i dag heiter OBOS-ligaen.

Klubben sin første gullmerkemann

I 1997 vart Asbjørn R. Sunde som den første i Stryn, tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrets si høgste utmerking - GULLMERKET.

Det skjedde på 75-årsjubileet i Førde. Kretsleiar Dagfinn Lauritsen stod for tildelinga.

Asbjørn R. Sunde var aktiv fotballspelar frå fylte 14 år til fotball skoa blei lagt på hylla som 50-åring. Merittlista er lang når det gjeld sportslege og administrative verv både innan Stryn Fotball, og ikkje minst i arbeidet for fotballkretsen.

Du er ein legende i heile Sogn og Fjordane, fastslo kretsleiar Lauritsen.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202253

Bak frå venstre:

Per Sætre, Ola Arnstad, Arne Ljåstad, Gunnar Beinnes, Asbjørn Sunde, Trygve Hagen og Lyngve Flo.

Framme frå venstre: Arne Øvreberg, Birger Sunde, Arne Nedreberg, Ivar Hagen, Per Ytre- Eide.

Gjensyn med KM-vinnarane 1962

I 1962 vart Stryn kretsmeister. 43 år seinare - i 2005 - samlast spelarane som har fått sin plass i glas og ramme.

I 1962 gjekk Stryn til topps i B- serien og rykka opp i A-klassa - der laget ikkje hadde vore sidan 1949. Opprykket vart sett pris på av bygdefolket. Under ei kinoframsyning i Stryn blei laget presentert og overrekt laurbærkrans for ypparleg innsats.

Året etter kom Sogn og Fjordane Fotballkrets med

i Norges Fotballforbund sitt seriesystem, noko som innebar at Stryn fekk plass i 4. divisjon.

Opphaldet her viste seg å bli kortvarig, mykje fordi fleire av laget sine beste spelarar flytta frå bygda. Den tunge vegen ned i 5.divisjon vart endå tyngre på grunn av at økonomiske vanskar kom i tillegg. Men i 1964 gjekk det oppover att, og Stryn vart sonemeister i 5. divisjon, heiter det i jubileumsboka til Stryn Turn og Idrettslag.

lokalfotballen i Sogn og Fjordane

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 54
HAUGEN FOTBALL haugenfotball.no Følg

Stig Roger Eide, tidlegare Firda-journalist og no tekstforfattar, har følgt Stryn Fotball tett i fleire tiår. Han helsar 100-åringen og understrekar at han knapt har sett sprekare jubilant.

- Mitt første møte med Stryn (og fotballaget) skjedde som ung journalstspire på slutten av 1980-talet. Arenaen var Eid stadion, og lokaloppgjer på 16. mai mellom desse to profilerte nordfjordklubbane. To klubbar som på mange måtar var på veg i kvar si retning. Eid hadde då storheits tida bak seg, medan Stryn var i ferd med å slå ut i full blomst.

Seinare har det blitt utruleg mange og flotte opplevingar med Stryn Fotball, og ikkje minst mange av dei flotte personane som har markert seg i klubben. Både spelarar, trenarar og leiarar. Er faktisk vanskeleg å trekkje fram særskilte personar, men det er umogleg å skjule den gjestfridomen eg har blitt møtt med i alle år på Stryn stadion. Klubbhus i særklasse. Ingen i Sogn og Fjordane er i nærleiken med tanke på sin stolte kultur. Her osar det av respekt og ærefrykt for motstandarane, og sjølve klubbhuset har blitt ryggraden på ein svært sterk fotballkultur. Det er alltid like kjekt å ta turen hit, og sist haust hadde eg (som alltid) eit kjempeflott møte med sentrale Stryne-leiarar i samband med at eg sjølv for tida

Ein av dei mest markante klubbane

held på med å skrive 100 års-historia til Sogn og Fjordane Fotballkrets. Og sjølvsagt vil Stryn få ein sentral plass i den boka også.

«Alle» i Norge tenker på Stryn når det gjeld Flo. Men Stryn er sjølvsagt meir enn Flo. Men uansett har dei vist vegen for mange av dei andre lokale spelarane som kjem frå indre Nordfjord. Dei har visst at det er fullt mogleg å vise seg fram i verda sjølv om du kjem frå Visnesbakkane. Og tenk ikkje berre fotball, tenk ikkje minst på moter, turisme og anna. Mange seier at dei som kjem frå Bergen og Florø er stolte og krye. Faktum er at dei som kjem frå Stryn har verkeleg god grunn til å vere det!!

Eg kunne ha fortalt dusinvis av historier om profilerte strynespelara som eg har fått høve til å bli kjent med, men eg tek sjansen på å hente fram ei historie som kanskje ikkje alle hugsar. Det var kvalifiseringskamp om opprykk til 2. divisjon mellom Stryn og HamKam 2. Trur det må ha vore i 2005? Som trenar for hedmarkingane var Ståle Solbakken på oppadgåande kurs, og på Stryn si venstreside var Mats Goberg Solheim frå Loa. Mats sine siste minutt av kampen gløymer eg aldri. Han scora ikkje mindre enn fire mål i løpet av dei siste 12 minutt, og herja med Solbakken sine disiplar. Og eg har aldri sett Solbakken frese så mykje som akkurat da. Og når han og Hamkam-leiarane etter

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202255

«Vil sette preg på både lokal og nasjonal fotball i framtida».

kampen kontakta helten Mats Solheim med tanke på prøvespel, utan at Stryn var orientert, så kokte det også hos fleire stryneleiarar. Eg har aldri i mitt liv opplevd ein så knallsint trenar i løpet av mi 30-årige journalistkarriere, og eg veit at det var mange i Stryn som var heilt rysta over Solbakken si framferd.

Men HamKam II fekk opprykket, Mats Solheim valde IKKJE å reise til Hamkam og dermed stilna det meste av og vart som før. Stryn jobbar gjerne i det små, og fostrar stadig vekk nye talent. Dette er kort og godt imponerande. Klubben har over lang tid vore i førarsetet i fylket når det gjeld utdanning av leiarar og trenarar, og som ein konsekvens av det vore storleverandør av gode spelarar. Og det ser heller ikkje ut til å slutte. Derfor er eg trygg på at 100-åringen vil halde fram på same viset i mange år, og sette sitt preg på både lokal og norsk fotball.

Gratulerer med 100-årsjubileet

Anders Skaare støtta laget i medgang og motgang

Stryn Fotball har hatt mange ivrige supporterar. Anders Skaare (1905-1980) står høgt på lista når vi snakkar om laget sin tolvte mann. Frå sidelinja levde han seg inn i kampane med spark og spenn så grus og grastustane fauk. Jubla saman med spelarane når laget vann, og gav trøystande ord når det butta i mot. Kort sagt ein super supportar av Stryn Fotball.

Anders Skaare si unike fotballinteresse og engasjement skaut skikkeleg fart då ha midt på 1960-talet fekk Gunnar Beinnes som kollega på Stryn likningskontor. Opprykket i 1968 var naturleg nok sportsleg høgdepunkt. Men det spesielle med Anders var at interessa for klubben ikkje avtok etterkvart som laget raste ned i divisjonane. Engasjementet var like stort og ekte då Stryn hamna i 6.divisjon!

Hugsar spesielt ein episode frå tidleg 1970-tal. Anders skulle austom fjellet på ferie. Før avreise fekk han nyss om at Stryn hadde avtalt treningskamp mot eit ferierande lag (Nykirke?). På stadion denne kvelden var det stort sett berre spelarar + Anders Skaare som køyrde Strynefjellet tur/retur for å få med seg kampen.

Heldige er klubbar med slike tilhengarar!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 56

Eivind Karlsbakk

Eit einaste stort og godt minne om ein herleg oppvekst

Eivind Karlsbakk spelte for Stryn frå barndomen til siste sesong i 1993 - då karriera heldt fram i Brann, Sogndal og Bryne. Han står også med 41 landskampar i aldersbestemte klassar. Tida i moderklubben karakteriserer han som eit einaste stort og godt minne om ein herleg oppvekst.

- Ditt beste minne frå tida i Stryn Fotball?

Klarar ikkje eitt enkelt minne. Det var så mange og sterke minne frå den tida som eg set høgt: Cupliv frå Vågå cup, via Norway Cup til Dalecarlia og Dana cup. Opplevingar saman med den gjengen som ein vaks opp med, var berre fantastisk. Og eldsjelene på sidelinja og i trenarrolla med Olav Tenden, Arne Hool, Kjell Osvold, Jarle Lien, med fleire. Odd og Paul Hool var alltid rundt i kulissane og bidrog. Fotballen i Stryn på 80 og starten av 90 talet var for meg eit einaste stort og godt minne om ein herleg oppvekst.

- Medspelar du set høgt?

Der kjem eg også til kort med ein. Der var så mange gode i min generasjon. Vil likevel nemne nokre viktige; Per Ole Tenden og Jørn Lien frå starten,

Frank Hool som makker på topp på lilleputt, og Endre Bø på høgreback med geniale oppspel (frå dei dyraste og største fotballskoa det gjekk an å få på Ytre eiden på lilleputt) Etterkvart kom Asbjørn Tenden og Jon-Terje Tjellaug med, frå Loen og Oppstryn. Kvalitetsspelarar.

Tore Andre Flo var jo i ein eigen klasse tidlig. Erik Hool dribla, ein undervurdert spelar. Og sosialminister. På a-laget kjem ein ikkje utanom Kjell Rune Flo, som eg frykta å møte på trening. Men som gav meg trua på at eg kunne nå lenger enn Stryn. Johann Sigurdsson, klubblegende som eg såg opp til i oppveksten i Kreklingen.

Mange nemde, og mange gløymde. Eg var heldig og fekk spele på Stryn i ei tid der mange blei virkelig gode, mykje fordi vi hadde eit veldig sterkt og godt samhald.

- Di helsing til moderklubben? Gratulerer med jubileet! Fortset å legg til rette for at unge jenter og gutar kan drøyme stort, og ha det kjekt med fotballen i Stryn!

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202257

Truleg den mest kjente breiddeklubben i Norge

Arve Helle har lang fartstid frå Sogn og Fjordane Fotballkrets og som sportsleg leiar i Dale Fotball.

Forholdet til Stryn Fotball er det aller beste - sjølv om nokre Dale-spelarar framleis går i svime etter møtet med ein ung Tore Andre Flo. Stryn er truleg den mest kjende breiddeklubben i Norge, meiner Arve Helle.

- Første gong du la merke til Stryn Fotball?

Eg minnes så vidt at eg som 9-åring fekk vere med til Stryn med Dale i 1980. Hugsar ingenting frå sjølve kampen, men mest at vi var to famililar som reiste oppover dagen før og overnatta på campingen i Olden. Første ordentlige minne er vel frå 1983 då eg også var med som maskot og Dale vann 2-0. Sjølv spelte eg 1. div smågut mot Stryn i 1985 der eg trur det enda 1-1. Deretter såg vi Stryn-Gjøvik/Lyn (4-2) i dåverande 3.div før vi tok den lange bussturen heim igjen. I dag måtte ein nok ha lokka med større namn enn ein ung og lovande Jostein Flo for å få ein gjeng 14-åringar til å bli igjen for å sjå seniorkamp mellom to for dei fleste av oss ukjende lag.

- Beste minne frå Stryn Fotball?

Det er faktisk ikkje frå Stryn stadion,men frå Strynehallen då vi vann KM-innandørs for senior i 1997. Eg var lagleiar og nok sterkt medansvarleg for at laurdagskvelden ikkje vart «heilt etter boka», men KM-tittelen tok vi og då var det ingen som spurde korleis oppladninga hadde vore. Elles har det blitt mest tap i mi tid som sportsleg

leiar, og fleire gonger også store tap, men vi har nokre minnerike sigrar på Dingemoen å sjå tilbake på.

- Strynespelarar som bør framhevast?

Umulig å komme utanom Flo-gjengen, og spesielt Tore Andrè skapte trøbbel for oss. I 1990 vann Stryn 12-0 heime og 9-0 på Dingemoen. Eg trur Tore Andrè scora 15 av måla, og det er forsvars spelarar i Dale som framleis er svimle.

Frå kampane i nyare tid vil eg nemne Jon-Terje Tjellaug, Per Ole Tenden, Johann Sigurdsson og Trond Leirgulen. Gode spelarar som vi ofte sleit mot, men veldig trivelege karar alle saman.

- Kva rolle har Stryn Fotball spelt for norsk fotball?

Stryn er truleg den breiddeklubben i Norge som er mest kjend, mykje grunna Flo-gjengen. Eg trur stort sett alle i fotball-Norge -i alle fall i ein viss alder- har høyrt om Stryn og det er ingen tvil om at fotballen er ei viktig merkevare for bygda. Klubben har vore veldriven gjennom lang tid og har vore ein føregangsklubb på fleire område.

Eg gratulerer Stryn med dei første 100 åra og ønskjer dei alt godt i framtida. Desverre blir det ikkje Stryn-Dale denne sesongen, men frå neste år håpar eg vi er «i rute» igjen.Det er like kjekt kvar gong å komme til Stryn stadion og bli motteken på beste vis. Den hyggelige praten med veterangjengen er noko eg alltid ser fram til.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 58

Ole Magnar Valaker

Ser mange fellestrekk med norsk alpinsuksess og fotballen i Stryn

Ole Magnar Valaker opplevde stor suksess som landslagstrenar i alpint.

På si første samling var han trenar for den legendariske kvartetten Aamodt, Kjus, Finken og Furuseth. Seinare bidrog Ollis til damelaget sin framgang, også der med suksessfaktorane samhald, miljø og entusiasme.

- Her er klare parallellar til det eg opplevde som spelar på Stryn sitt 3.divisjonslag. Kvar trening var ei glede, der alle jobba for å gjere kvarandre betre. Og med entusiastiske og engasjerte folk som Paul Hool m. fl. vart det skapt eit fantastisk miljø. Eg er sikker på at dette har løfta klubben heile vegen, slår han fast.

Ollis fekk Harald Aabrekk som trenar då han melde overgang frå Vikane til Stryn Fotball. Der den kvikke kantspelaren vart introdusert for ein trenings- og garderobekultur han sette stor pris på.

- Når vi trente, så var det fullt køyr. I pausane var det humor frå ende til anna. Med folk som Kjell Rune og Terje Walaker rundt seg, vart det aldri kjedeleg!

Ollis jobbbar til dagleg som forvaltar på Skaugum kongsgård. Med sonen Oliver som toppscorar på Stabæk, blir det ein del fotball frå tribuneplass.

Eg følgjer også med fotballen i Stryn.

Ønskjer lukke til med årets sesong og jubileet!

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202259

Bak frå venstre: Heidi Lyslo, Birgit Nedreberg, Christina Kroken Nesje, Elise Vik, Toril Tenden, Iselin Myklebust, Terese Vik Nygård, Silje Nesdal.

Framme frå venstre: Siri Merete Fure (trenar), Mari Sveen, Ann Kristin Grodås, Rigmor Nesje, Anne Siri Vik, Hilde Andrine Eikenæs, Anita Aaning (trenar).

Skuleelevar som dyktige trenarar

Her er Stryn sitt jentelag i 2002-sesongen fotografert etter kamp på Sandane. Laget vart trena av Siri Merete Fure og Anita Aaningbegge elevar på idrettslinja til Stryn vidaregåande skule.

- Vi tykte det var kult med tøffe jenter frå idretts linja som trenarar. Og så var dei flinke i fotball, seier Mari Sveen - ein av spelarane på jentelaget.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 60

Allsidigheit

Ein av suksessfaktorane

Stryn Fotball har gjennom åra fått fram mange fotballspelarar på høgt nivå. Eit fellestrekk er at dei i ung alder fekk prøvd ulike idrettsgreiner. På bildet som fotograf Tonning tok i 1962, ser vi ein del av dei som var med på «idrettsskulen» til Per Sætre - der aktivitetane dekka heile spekteret frå turn til skeiser; alt etter årstidene.

Går vi lenger attende, er det kjent at multitalent som Oddmund Tonning, Arne Nedreberg, Gunnar Beinnes, Per Ytre-Eide m.fl. hevda seg veldig godt i idrettsgreiner utanom fotballen, spesielt alpint.

I seinare tid kan vi trekke fram spenstfenome na Jostein og Kjell Rune Flo med høgdepersar på 2.07/2.06, Håvard Flo som stortalent i alpint + dei mange, mange andre fotballspelarane som dominerte resultatlistene i andre idrettsgreiner.

På bildet frå 1962 ser vi unge gutar i turndrakterder fleire av dei kom til å prege Stryn Fotball i fleire tiår.

Bak frå venstre: Trond Isehaug, Per Kristian Storevik, Are Natland Bøe, Olav O. Tenden, Bjørn Svidal, Arne Hool, Anders Kleppe, Anders Meland, Paul Hool og Jan Aabrekk.

Midten frå venstre: Stein Bakke, Svein Arne Tonning, Birger Ljåstad, Roy Bøe, Norvald Sandvik, Torleif Roksvåg, Einar Arne Sætre, Kolbein Aarnes og Magnar Hjelle.

Framme frå venstre: Jon Nesdal, Rune Tonning, Knut Tjugen, Knut Kirkeeide, Endre Eikenæs, Per Ove Friborg, Knut Leirgulen og Bjørn Norlie.

Og fremst Per Sætre - som 60 år etter at bildet vart teke, er ein særs viktig del av 100-årsjubilanten Stryn Fotball.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202261

Stryn - Brann

Tenk om dette hadde vore Stryn sitt serielag

Sommaren 1995 møtte laget på bildet Brann på Stryn stadion. Sjølv om toppserieklubben til slutt vann 3-1, fekk dei 1.200 tilskodarane sjå at vårt Dream Team var fullt på høgde spelemessig.

Bak frå venstre: Geir Inge Rake, Morten Taraldset, Asbjørn Tenden, Kjell Rune Flo, Jarle Flo, Jostein Flo, Tore Andre Flo, Ole Petter Hoff.

Framme frå venstre: Ole Christian Haugen, Jan Asle Bolset, Per Ole Tenden, Pål Erik Ytreeide, Jon Terje Tjellaug, Johann Sigurdsson, Svein Ørjasæter.

Den minnerike kampen var ein del av Fjordingen-cupeN sitt 20-årsjubileet. Det var også meininga at Eivind Karlsbakk skulle spele saman med tidlegare lagkameratar, men Brann ville ha han i angrepsrekka med dei to profilerte englandsproffane Trevor Morley (West Ham) og Frank Strandli (Leeds). Noko som stadfesta at

trenar Kjell Tennfjord ikkje tok lett på kampen. Og som resulterte i at Eivind etter kampen måtte finne seg i humørfylt «mobbing».

I ettertid kan vi også spekulere på om resultatet kunne blitt annleis dersom Håvard Flo hadde fått fri frå AGF i Danmark.

Tore Andre Flo gav heimelaget leiinga. Trevor Morley utlikna på straffe etter ei heller «klønete» felling av Eivind Karlsbakk, slik at det stod 1-1 då dommar Terje Blomseth bles av for pause. I andre omgang scora Lars Bakkerud og Jon Inge Høiland for Brann.

Kampen blir også hugsa for måten Johann Sigurdsson nøytraliserte luftgiganten Frank Strandli. At midtstopparkollega Kjell Rune Flo pakka inn Trevor Morley, var inga overrasking.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 62

Jan Fuglset

Steinar Tenden

Gratulerar med jubileet

Per Sætre gjorde eit scoop då han i 1983 fekk ein av norsk fotball sine store profilar som gjestetrenar til A-laget. I nyare tid har Jan Fugleset vore ein av dei faste instruktørane på Flo Aktiv.

Jan Fuglset vart norsk toppscorar i 1971 då han spelte for Fredrikstad. Men det er først og fremst i Molde FK namnet hans står med gullskrift - både som toppscorar og trenar. Jan Fuglset er bokført med 20 A-landskampar og 6 mål.

- Min første kontakt med Stryn Fotball var gjennom Per Sætre. Han ringde og spurde om eg ville komme og trene spelarane nokre dagar i påska 1983. Slik starta vårt vennskap. Og då Flo Aktiv kom i gang, vart eg førespurd igjen. Eit flott konsept, og eg var der som trenar kvar sommar i 16 år. I løpet av denne tida vart eg kjend med utruleg mange kjekke personar i Stryn Fotball.

- Flogutta har sjølvsagt sett Stryn på fotballkartet, men klubben har hatt og har utruleg mange dyktige og engasjerte personar.

- Eg ønskjer klubben lukke til med 100-årsjubileet og alt godt dei neste 100 år! ,sluttar strynevennen Jan Fuglset.

Bøtta inn mål

Steinar Tenden spelte for Stryn frå 1997 til 04med opphaldet hjå Loen og Akureyri i mellom. På 81 kampar i strynedrakta noterte han seg for 88 scoringar

- Mine beste minne skriv seg til lokalderby’a mot Eid. Dei var alltid intense og betydde ekstra mykje for begge lag. Første sesongen min tilbake i Stryn slo vi dei 8-3 på Eid. Det er ei oppleving som sit godt igjen, fortel Steinar.

- Ein spesiell lagkamerat du vil trekkje fram frå tida di i Stryn Fotball?

Min gode venn Leif Rune Loen var ein spelar som imponerte meg. Han kunne ha kome alvorleg langt som back viss han hadde satsa for fullt på fotballen.

Steinar ynskjer å takke Stryn Fotball for ei fin og minnerik tid. Eg vil også nemne familien Røed for evig tru support på heimekampane. Og la oss aldri gløyme Paul Hool. For ein evig trufast bidragsyter til Stryn Fotball. MIN HELT!

Stryn 1922
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no
100 års jubileum 1922 - 202263

Jon Navarsete

Applauderer fotballmiljøet i Stryn

Jon Navarsete er ein av Sogndal sine cupheltar frå finalen mot Brann på Ullevål. Han var også kretslagstrenar - der fleire unge stryningar hadde sentral rolle. Få - om nokon - kjenner fotballen i Sogn og Fjordane betre enn Jon.

På fargebildet ser vi at indre Nordfjord var godt representert på Sogn og Fjordane sitt kretslag i Porsgrunn-turneringa 1990 - stryningane Per Ole Tenden, Jørn Andre Lien, Ole Jakob Osvold, Eivind Karlsbakk + Odd Kjetil Tonning frå Olden og honndølen Harald Lødemel.

Første gong eg opplevde Stryn og fotballaget var ein seriekamp i Sogndal, 3. divisjon. La merke til Asbjørn Sunde, Kolbein Kaspersen og ein god keeper Harald Os. Solide spelarar på eit strynelag som likevel måtte tola 0-4 på Fosshaugane, fortel Jon Navarsete.

I åra 1989-90-91 hadde Jon ansvar for kretslaget G-15/16 med Eivind Karslbakk, Asbjørn Tenden og Jørn Lien som sentrale spelarar.

Også Per Ole Tenden (eitt år yngre) og Ole Jakob Osvold var med. Kan vel ta med naboguten og honndølen Harald Lødemel og. Han og Karlsbakk gjekk rett inn på Norge sitt G-15-16 landslag og heldt fram med ein flott fotballkarriere. At dei ikkje fann plass til Asbjørn Tenden fekk NFF-

delegasjonen høyra til gagns. Tullete! Fantastisk gjeng og ei flott tid. Me ”budde” i Strynehallen tidt og ofte. Olav Tenden og Co var gode hjelparar og god støtte.

Jon trekkjer fram eit anna minne. -Eg traff Per Sætre som trenarkollega i turnering på Lillehammer i 1992. Møttest i finalen. Møte med ein fotballegende som det har vore ein fryd å bli kjent med.

Flo-bølgja i Sogndal kjenner alle godt til. Med Tore André tilbake i førarsetet trur eg det kan bli meir moro på Fosshaugane i åra som kjem.

Jon spelte sin siste kamp på Stryn stadion i 2003. Utruleg kjekt då me stilte opp med cupfinalelaget + to-tre ”innkjøp” til Jostein Flo sin avskjedskamp i Stryn 2003.

Elles har eg opplevd Proffveka på nært hald fleire gonger, med barnebarnet som deltakar. Fantastisk opplegg og god gjennomføring. Må også nemne dei fine møta med Stryn sine jente- og damelag som sogndalstrenar. Intense og gode kampar på Stryn stadion.

Stryn Fotball har jammen levert mykje godt til norsk fotball. Så det er all grunn til å applaudera fotballmiljøet i Stryn. Gratulerer med 100 år!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 64

Rune Egge

Far og tre søner på same lag

Rune Egge hadde ei sentral rolle på Stryn sitt A-lag i perioden 1978-92. I opprykksesongen 1984 mottok han pokalen som toppscorar i 3. divisjon Sogn og Fjordane. Den mest spektakulære opplevinga var då Rune fekk den unike opplevinga å spele seriekamp saman med sine tre søner - Frode, Geir og Kristian!

I 2001 var eg trenar for Stryn 2 i 4.divisjon. Vi hadde litt problem med å få nok folk til bortekampane. Difor bestemte eg meg for å løyse spelarlisens i tilfelle vi stod utan fullt mannskap. Og det skjedde borte mot Sogndal 3. Kvarteret før slutt fekk vi ein skade og eg hadde ingen andre enn meg sjølv å setje innpå. Vi leia 3-1 og hadde full kontroll. Så då vi heilt på slutten vart tildelt straffespark, fekk eg æra av å fastsette resultatet til 4-1, minnest Rune. Som etter denne kampen opplevde stor mediamerksemd.

Rune starta A-lagskarriera i 1978. I fleire sesongar danna han radarpar med Jostein Flo.

Og i 1984 kunne Rune ta imot Firdaposten sin toppscorarpokal etter 18 nettkjenningar.

Opprykket i 1984 var sjølvsagt mitt sportslege høgdepunkt. Men vi hadde fleire gode sesongar i 2.divisjon, slår Rune fast.

På spørsmål om ein spesiell lagkamerat han har sett ekstra pris på, må Rune tenkje seg om.

Det er umuleg å velje mellom klassespelarar som Kjell Rune, Jostein, Håvard, Tore Andre og fleire andre på høgt sportsleg nivå. Dersom eg må trekke fram ein, så blir det Teddy - Øyvind Breidablik. Vi spelte saman heilt frå guttelaget og mange sesongar på A-laget. Teddy var ein kjempegod spelar og fantastisk type som gav alt for klubben. Sjølv under studietida i Trondheim tok han dei lange reisene for å spele på Stryn.

I mine auge ragar Tedddy veldig høgt.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202265

Kjell Tennfjord

Det går an å bli veldig god i Stryn

Brann-trenar Kjell Tennfjord hadde tre tidlegare strynespelarar på eliteserielaget som i 1996 spelte på øverste nivå i norsk fotball. Tore Andre Flo, Eivind Karlsbakk og Asbjørn Tenden er eksempel på at det går an å bli veldig god i Stryn,slår han fast.

Kjell Tennfjord sitt første møte med Stryn Fotball går attende til slutten på 1980-talet då han leia Fyllingen i 3. divisjonskamp på St. Hallvards Ground (grusbana som seinare fekk kunstgras). Midt på 90-talet hadde han som Brann-trenar, ikkje mindre enn tre stryningar i troppen: Tore Andre Flo, Eivind Karlsbakk og Asbjørn Tenden. I nyare tid kjenner vi Kjell som mangeårig instruktør på Flo Aktiv.

Eg har ei masse gode minne knytta til Stryn og fotballmiljøet der. Personane eg har hatt mest med å gjere utan dei tre som spelte på Brann, er Birger

Flo, Paul Hool og Per Sætre, fortel han.

Kjell Tennfjord overtok som Brann-trenar etter at Halvard Thoresen fekk sparken tidleg i 1995sesongen. Han hadde då Eivind Karlsbakk og Asbjørn Tenden på laget. Året etter henta klubben Tore Andre frå Tromsø. Han har berre godt å seie om stryningane i Brann-drakt.

Stryn er ein klubb som har sett spor etter seg i norsk fotball, rosar han og ønskjer jubilanten lukke til i dei neste 100 åra.

Kjell Tennfjord har også mykje godt å seie om Flo Aktiv - der han har vore instruktør i nærare tjue sommarveker.

Det var veldig kjekt å instruere unge jenter og gutar i fotball og andre aktivitetar. Samstundes hadde vi det fantastisk fint sosialt.Eit kjempeflott konsept!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 66

Må være den breiddeklubben som har utvikla flest spelarar til toppfotballen

Jon Georg Rutledal

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202267

Jon Georg Rutledal rosar Stryn Fotball for sitt bidrag til lokal- og toppballen. Det må vel vere den breiddeklubben i Norge som har utvikla flest spelarar til toppfotballen, meiner han.

Men som Tornado-spelar har Jon Georg resultat messig ikkje så gode minne frå Stryn stadion. Mitt første møte med Stryn Fotball var som 17 åring sesongen 1968. Tornado kjempa med Stryn om opprykk til 3 divisjon og KM tittelen i 4 divisjon. Tap 0-5 i Stryn der Gunnar Beinnes og Asbjørn Sunde herja med oss, og tap 1-2 på Måløy stadion på hausten gjorde at Stryn rykka opp til 3 divisjon med Tornado på 2. plass.

Jon Georg har ei artig historie før sesongstart 1969.

Stryn og Tornado spelte weekendturnering i Svelgen. Laurdag kveld skreiv strynekeeper og bankmann Harald Os ut sjekk for at vår storscorer Ole Klaus Bugjerde skulle bli strynespelar før sesongstart. Overgangen vart det sjølvsagt ingen ting av, ler Tornado sin midtbanegeneral - som etter spelarkarriera har markert seg som trenar og kretsleiar.

Elles er kampen på Stryn stadion i siste serieomgang i sesongen 1984 noko av det bitraste eg har opplevd på fotballbana. Stryn kjempa om opprykk til 3 divisjon, og Tornado om å behalde plassen i 4 divisjon. Kampen enda 2-2, og Stryn rykka opp og Tornado ned etter ein overraskande siger til Dale mot Eid på Dingemoen. Det vart ei fryktelig tung reise tilbake til Vågsøy den laurdags kvelden.

Trass sportsleg nedturar på Stryn stadion, er Jon Georg raus med omtalen av Stryn Fotball. Klubben har fostra fleire gode fotballspelarar med Flo-gutane som dei mest kjende. Jostein, Håvard og Tore Andre i spissen spelte ei viktig rolle i norsk fotball i Drillo- perioden. Tore Andre vart i 2021

også kåra til tidenes fotballspelar i Sogn og Fjordane .

I tillegg til alle toppspelarane har klubben også utvikla mange andre gode spelarar som har gjort seg bemerka i lokalfotball.

Gode minne frå Tornado sine kampar i Stryn har eg som sagt svært få av. Å vinne der har vist seg å vere fryktelig vanskelig. Med gode intensjonar og kampplanar har vi prøvd, men som regel enda det med tap. Spesielt hugsar eg ein cupkamp som trenar for Tornado på « filtteppet» - fyrste kunstgrasbana i Stryn. Kampen var over før kvarteret var spelt. På den bana var Stryn umulig å ha med å gjere .

Beste minne frå Stryn er nok frå Strynehallen og KM innendørs, der eg med Tornado har vunne både KM i senior herrar og KM i aldersbestemt klasse. Andre gode minne fra Strynehallen er helgesamlingar for kretslaga på -90 tallet, der vakt mester Gotteberg saumfor alle innesko før ein slapp inn i hallen. Svart såle var bannlyst der. Stryn har også hatt fleire dyktige fotballeiarar som t.d. Olav Tenden. Han talte Sogndal fotball i mot på mange kretsting - når han fekk sjansen og hadde ei god sak.

Det har vore og er kjekt å komme til kamp på Stryn stadion. Der møter eg alltid ein hyggelig gjeng på benken utanfor klubbhuset. Ei flott samling av tidlegare spelarar, trenarar og leiarar med Per Sætre i spissen. Mykje fotballkompetanse og triveleg fotballprat på den benken, seier Jon Georg.

Og sender fylgjande helsing til jubilanten: Stryn Fotball har levert sterkt i lokalfotballen og i norsk toppfotball i ei årrekkje. Det er all grunn til å gratulere klubben med visjonen- «Allje me» - med 100 årsjubileet. Ønsker klubben lykke til med 100 års feiringa .

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 68

Per Are Verlo

Per Are Verlo leia strynelaget som i 1997 slo ut Molde FK i cupen. Ein milepæl i klubben si historie.

For oss var det nesten like stort som å vinne cupfinalen, seier Per Are. På bildet ser vi han saman med våre cupheltar.

I forgrunnen keeper Pål Erik Ytreeide. Framme frå venstre: Arnt Magne Fredheim, Johann Sigurdsson, Ole Christian Haugen, Svein Ørjasæter, Jon-Terje Tjellaug, Hallvard Skrede, Jim Rune Skrede. Bak frå venstre: Per Ole Tenden, Asbjørn Øvreberg, Terje Walaker, Geir Inge Rake, Trond Leirgulen, Børge Hoem, Morten Taraldset, Erik Hool, Asle Myrold, Ove Lien, Per Are Verlo.

Edvard Nordang var trenar for Stryn sitt A-lag i 1997-sesongen. Ettersom han som lærar reiste på tur med klassen til Tyskland, måtte Stryn 2-trenar Per Are Verlo steppe inn. - Flo-familien har vore enormt viktige for strynefotballen. Men i 1997 sesongen hadde vi ikkje med ein einaste Flo, men derimot ein gjeng ungdomar frå innfjorden. Peos si scoring gav gjenlyd i heile fotball-Norge, smiler Per Are. Som røpar at kampplan A ikkje gjekk slik han hadde tenkt.

Vi hadde studert Molde på førehand og vår slagplan gjekk ut på at det vi fekk av kontringer skulle skje bak Molde sin offensive høgre back Dennis Schiller. Der vi forventa bra med bakrom. Men vi fekk litt hakeslepp då vi såg at Dennis stod i sivil og ikkje skulle vere med. Så der gjekk slagplan A i vasken før avspark!

Men likevel klarte Stryn å vinne. Kva var suksessformelen? Spelarane si fantastiske innstilling. Alle var innstilte på å gje jarnet til krampa tok dei. Og det gjorde samtlege til fulle. Her var ein gjeng som verkeleg ville blø for strynedrakta.

Medan Per Are og spelarane vart hylla av dei meir enn tusen heimepatriotane, måtte MFK sin assistentrenar Erik Brakstad fortelje Åge Hareide på telefon at laget var ute av NM-cupen. Det går også ei historie om då Åge som hadde vore på Island for å sjå på ein aktuell spelar, dagen etter sat på flyet frå Oslo til Molde.

Piloten som tydelegvis kjende igjen Molde sin hovudtrenar, sa over høgtalaren: «Nede til venstre ser vi Stryn. Men det er det vel ikkje alle som har så lyst til i dag…».

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202269

Slo ut Molde - nesten like stort som å vinne cupfinalen

Per Are Verlo kom til Stryn som keeper i 1987. Under gymnastida spelte han for Sandane. Han fylgde trenar Harald Aabrekk som i 1987 overtok Stryn, og spelte 2.divisjon for klubben i tre sesongar. Og her dukkar det opp eit uutslettelig minne.

Vi møtte Hødd til seriekamp på Høddvoll i 1988. Etter at vi hadde vunne, kom Asbjørn Sunde grinande inn i garderoben. «Dette hadde eg aldri trudd eg skulle få oppleve», sa han med gledestårer rennande.

Per Are kjenner klubben godt både som spelar, administrator og trenar. Han er ikkje i tvil om kva som har gjeve klubben suksess: -Eit unikt miljø og treningskultur. Vi hadde det ikkje berre veldig artig før og etter kampane. Ute på bana støtta alle kvarandre til laget sitt beste. Og her var spelarar som viste veg både i kamp og trening. Når ein t.d. såg kor mykje Tore Andre la ned i treningsarbeid, forstod andre at dette var einaste måten å bli verkeleg god.

Noko anna som særpregar Stryn Fotball er måten ein har teke imot spelarar frå andre klubbar. Eg kjenner faktisk ikkje til ein einaste som ikkje har likt seg i Stryn. Her har ein mykje å takke folk som

Paul Hool, Olav Tenden, Torfinn Moen, Odd Hool, Jarle Lien m.fl.

Per Are avsluttar med ei historie som gjeld ein av spelarane som kom og opplevde stor suksess i strynedrakta - Asle Myrold frå Stårheim.

Det var før 1995-sesongen at Arnt Ivar Naustdal spurde om han kunne ta med ein kompis til trening i Strynehallen. Innandørsfotball var tydelegvis ikkje det som passa Asle Myrold best. Så han fekk ikkje synt sine kvalitetar. Til første treningskampen mot Stranda på Hellesylt mangla vi ein spiss, og Asle fekk spørsmål om å vere med. Utan dei heilt store forventingane. Asle sa ok. Og etter 20 minutt sørga han for ekte hat-trick (3 mål). Og då var beskjeden klar: Han må vi få til Stryn snarast råd. Og slik vart det.

Asle Myrold kom til Stryn, bøtta inn scoringar og var i 1997 ein av våre cupheltar.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 70
«Nede til venstre ser vi Stryn. Men det er det vel ikkje alle som har så lyst til i dag…».
Pilot over høgtalar til Åge Hareide

Grasbana klar til bruk våren 1955

Med Johan Ytreeide som primus motor, kunne planane om grasbane realiserast. 6. juli 1954 vart bana tilsådd, og kunne takast i bruk våren 1955.

I jubileumsboka Stryn Turn & Idrettslag 100 år blir det skildra kor krevjande denne utbygginga var - både økonomisk og arbeidsmessig.

Vi siterer: «Finansieringa var ikkje så lett å løyse, og vart det store problemet i mange år framover.

I 1950 vart det sett i gang arbeid med planering av anlegget. Ein nytta bulldozar og lastebiler til flytting av jord og stein. Etter planeringa viste det seg å vere svært mykje stein som måtte plukkast bort, og dette kravde stor dugnadsinnsats av

lagslemer og skuleborn. Gjødsel måtte tilkøyrast i store mengder.

Det måtte støypast ein kant rundt heile løpebana som verna for flaum frå Vikaelva. Det viste seg alt hausten 1953 at denne kanten var effektiv og berga bana under storflaumen som var då.

Det tok såleis si tid å få planeringsarbeid ferdig og først 6. juli 1954 vart bana tilsådd, og stod grøn og fin til våren 1955. Ein hadde då fått ei glimrande fotballbane».

For sin enorme innsats vart Johan Ytreeide utnemnd til æresmedlem i idrettslaget. Bana blei nytta til meir enn fotball. Bildet frå 1957 er frå eit stort turnstemne på Stryn stadion.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202271

Jentelaget på Darlacarlia Cup 2003

Sommaren 2003 reiste fleire strynelag til Dalacarlia Cup i Sverige - ei av verdas største fotball-turneringer for jenter og gutar. Mange familiar tok det som ein ferietur, slik at det var ein stor kontigent stryningar. Som fekk ei minnerik veke med campingliv, sosialt samvere og m.a. tur til go-cart bana i Borlange.

På bildet ser vi jentelaget med spelarar fødde i 1987, 88 og 89.

Bak frå venstre: Oddvin Myklebust (trenar), Hilde Andrine Eikenæs, Marianne Roset, Mari Sveen Næss, Heidi Anita Lyslo, Siri Midtkandal Eikenes, Per Grodås (trenar). Framme frå venstre: Ann Kristin Grodås, Silje Anita Hallem, Anett Rake, Yasmin Sunde Hoel, Dorid Holko, Iselin Myklebust, Inger-Marie Akse.

Silje Anita Hallem og Inger-Marie Akse var utlånt frå Selje for at Stryn skulle få stor nok tropp.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 72

Nils Petter Støyva

Fotballen i Stryn svært viktig for lokalsamfunnet og kommunen

Nils Petter Støyva - tidlegare ordførar (19992011) og idrettsentusiast - framhevar Stryn Fotball si betydning for lokalsamfunnet og kommunen.

-Jostein, Håvard og Tore Andre sette Stryn på kartet med sine fantastiske prestasjonar. Like viktig er klubben sin innsats for aldersbestemt fotball, understrekar Nils Petter Støyva.

På bildet ser vi stryneordføraren dele ut kommunevimpelen til Tore Andre Flo. Ein av tre stryningar som bidrog sterkt til Norge sin VMsiger over Brasil i Marseille. Av mange kåra til norsk idrett si største bragd.-Ja, det var nesten uvirkeleg å få oppleve at Norge med tre Flo (og ei honndøl) skulle slå sjølvaste Brasil. Dette gav veldig god profilering av Stryn - både fotballklubben og kommunen. Noko som næringslivet og reiselivet drog stor nytte av. Så vi har mykje å takke Stryn Fotball for, seier Nils Petter Støyva.

Som også merka seg Arne Scheie sin rosande omtale av Stryn Fotball då han var her på avslutningskampen til Jostein Flo i 2003. Det viser korleis høgt klubben blir rangert i norsk fotball.

Men det er ikkje berre stjernene sin innsats ex-ordføraren har lete seg beistene av.

Fotballen er og har vore ein av dei aller viktigaste fritidsaktivitetane til barn og unge i Stryn. Utan dette positive aktivitetstilbodet til jenter og gutar i alle aldrar, ville vi ikkje hatt eit så godt oppvekst miljø. Innsatsen til Stryn Fotball må også sjåast i eit trivsels-og folkehelseperspektiv. Fotballen gjev identitet, samhald, patriotisme og glede. Stryn Fotball si samfunnsrolle betyr veldig mykje, slår Nils Petter Støyva fast.

Og sender fylgjande helsing til 100-årsjubilanten: Gratulerer med vel utført aktivitet og arbeid i 100 år.Lukke til dei neste 100 år!

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202273

Simen Lillevik Kjellevold

Utallege artige opplevingar saman med herlege menneske

Simen Lillevik Kjellevold spelte for Stryn i perioden 2012 til 2016. År han ser tilbake på med stor glede.

Det er vanskeleg å skulle velge eit spesifikt minne frå denne tida. Hadde utallege artige opplevingar i mi tid i Stryn Fotball saman med mange herlege menneske, seier keeperen som har spelt for klubbar som Stabæk, Kongsvinger, Strømmen og no Grorud i OBOS-serien.

Eit minne som sit godt klistra er cupkampen mot AaFK.

Då Mads Wie sende oss i føringa etter knappe minuttet og tribunetaket på Stryn stadion løfta seg, er ei oppleving ein har med seg resten av livet.

- Medspelar du set ekstra høgt?

Er vel eigentleg ikkje ein spelar frå tida mi i Stryn eg IKKJE set høgt. Her var eg saman med enormt mange fine folk. Men dei eg set litt ekstra høgt er gjengen frå Innvik. Mange timar delt på løkka med eigentrening, bilkøyring til og frå Stryn og alt som elles følgjer fotballen. Vi var ein samla og hardt arbeidande gjeng som pusha kvarandre. Denne haldninga og treningsiveren har eg hatt med meg heile vegen, og er utan tvil ein stor faktor til at eg er komen dit eg er i dag, fortel Simen. Og sender fylgjande helsing til 100-årsjubilanten.

Eg ynskjer å gratulere klubben, bygda og alle som bidreg til å halde Stryn Fotball gåande så mykje med jubileet. Det er mange fantastiske eldsjeler som må til, og i Stryn er det mange av dei!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 74
Foto:
Stig Høynes | www.haugenfotball.no

Jubelsesongen

Etter å ha tapt opprykket til 2.divisjon tre år på rad med hårfin margin, hadde trenar Steinar Ringdal og spelarane eit enormt press på seg før seriefinalen mot Fjøra på Stryn stadion. Dei takla situasjonen med glans. Siger 4-1 og minne rike gledesscener.

Jubelsesongen 1995 gav også 10.000 kroner i klubbkasssa for siger i ABB CUP på Stårheim, samt spektakulære hendingar som tap for 6.divisjonslaget Fure IL i Firdacupen og Asle Myrold si utvising for SNØBALLKASTING.

LAGBILDET.

Bak frå venstre: Asbjørn Øvreberg, Geir Inge Rake, Ole Petter Hoff, Per Ole Tenden, Odd Rune Flo, Johann Sigurdsson. Midten frå venstre: Olav Tenden, Per Sætre, Per Ivar Skåre, Jørn Lien, Terje Walaker, Kjell Rune Flo, Trond Leirgulen, Svein Ørjasæter, Ingvar Hagen, Per Are Verlo, Steinar Ringdal. Framme frå venstre: Ole Christian Haugen, Jon-Terje Tjellaug, Pål Erik Ytreeide,

Vidar Veka, Arnt Magne Fredheim, Asle Myrold.

Dei andre bilda viser jubelscener etter Per Ole Tenden si 4-0 scoring, og Per Sætre som spanderte alkoholfri champagne i garderoben. Trenar Steinar Ringdal var i ferd med å få stempelet «Den evige toar». I hans første sesong mangla Stryn 1 poeng på opprykk til 2.divisjon, i 1993 var laget 4 poeng bak Florø og i 1994 rauk opprykket på dårlegare målskilnad enn Sogndal 2.

I sesongavslutninga 1995 gjekk marginane endeleg i vår favør. Asle Myrold roa nervane då han overlista Fjøra-keeperen med to scoringar, før Kjell Rune Flo og Per Ole Tenden dobla leiinga. Og då spelte det inga rolle at Stian Nesset fastsette resultatet til 4-1. I garderoben kunne Per Sætre som fylte 58 år denne laurdagen, sprette si innkjøpte champagneflaske.

Stryn sitt lag i denne historiske kampen: Pål Erik Ytreeide, Asbjørn Øvreberg, Kjell Rune Flo, Terje

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202275

Per Ole Tenden si 4-0 scoring

Walaker, Arnt Magne Fredheim, Svein Ørjasæter, Johann Sigurdsson, Arnt Ivar Naustdal (Jørn Lien 20 min), Asle Myrold, Per Ole Tenden, Geir Inge Rake (Ole Petter Hoff (33 min).

Stryn opna sesongen med å vinne ABB Cup på Stårheim - der Eid, Måløy og Tornado var motstandarar. Einar Løken delte ut premiesjekk på 10.000 kroner til lagkaptein Kjell Rune Flo.

Det som var den store snakkisen etter turneringa, galdt utvisinga av Asle Myrold. Som i frustrasjon over offside-avblåsing bøygde seg ned på den snødekte bana, laga ein snøball som vart kasta i retning dommaren. Ei utilsikta handling som dommaren tolka i verste meining. I ettertid kan Asle «skryte» av at han må vere einaste fotballspelar som er utvist for snøballkasting.

I Firdacupen dette året gjekk det ikkje like bra. Ute på Fure tapte Stryn 6-4 for 6.divisjonslaget.

Per Sætre spanderte alkoholfri champanje i garderoben

Etter reglane starta Fure med tre straffespark for å utlikne divisjonsskilnaden. Berre to gjekk i mål bak keeper Per Are Verlo. Og då Ole Petter Hoff etter 5 min. reduserte til 2-1, trudde alle at Stryn hadde full kontroll. I staden gjekk Fure opp til 6-1! Og vann til slutt 6-4 i det som må vere ein av største sensasjonane i Sogn og Fjordane si 100-årige historie.

Trenar Steinar Ringdal gjorde ingen forsøk på bortforklaring. -Den tronge grusbana var lik for alle, slo han fast i beste sportsånd.

«Asle Myrold kan skryte av at han er den einaste fotballspelaren som er blitt utvist for snøballkasting».

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 76
1995

Per Sætre

Klar med ny utstilling

Per Sætre (84) har laga ei utstilling som syner Stryn Fotball si historie. Denne har fått plass i Utstillingshallen på Stryn stadion. I samband med jubileumsfesten i oktober vil utstillinga bli presentert i Stryn kulturhus - på same måte som avskjedsmarkeringa for Jostein Flo i 2003. Utstillinga har også vore presentert i Heradsheim.

Bakgrunnen for utstillinga er Per Sætre si unike idrettsinteresse. Og der Stryn Fotball står sentralt. - Vi har ei fantastisk historie å sjå tilbake på. Det er kjekt å få synt fram korleis medlemer av Stryn Fotball har markert seg internasjonalt, nasjonalt og

lokalt, seier klubben sin grand old man. Utstillinga viser aktivitet frå starten i 1922 og til nyare tid.

På det eine bildet held han fram diplomet frå 1938 som bevis på at Stryn for første gong vart kretsmeister i Nordfjord.

Og her har vi omtale av då Kongen av Stryn Fotball - Kjell Rune Flo - abdiserte i 1996.

For ei klubbspelar! Og det er berre nokre av «godbitane» ein får servert på utstillinga som vil vere tilgjengeleg i samband med arrangement på Stryn stadion.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202277

Ole Petter Hoff

Hat-trick i opprykksfinale

Ole Petter Hoff krona sine suksessrike år i strynedrakta med hat-trick i seriefinalen mot Jotun i 1995. Og som bidrog til at Stryn igjen tok steget opp til tredje øverste nivå i norsk fotball. Ole Petter og tvillingbror Carl Christian kom til Stryn etter imponerande spel for Vikane.

Det er alltid ei utfordring å gå til ny klubb. Men vi vart tekne godt imot. Det var fine folk i og rundt klubben. Personar som Odd Hool, Paul Hool, Olav Tenden, Hallvard Leirgulen, Per Sætre m.fl. var ekstremt opptekne av å leggje til rette for sportsleg suksess, fortel Ole Petter. Som med teknikk, fart og scoringsteft begeistra publikum. -Vi var eit ungt og teknisk lag som hadde det veldig gøy, minnest han.

- Enkeltspelarar du sette ekstra høgt? Tore Andre Flo, naturlegvis. Eg spelte også saman med Håvard Flo. 0g eg må dra fram Kjell Rune Flo

og Terje Walaker. To gode spelarar og humoristar av ypperste klasse. Ingen har fått meg til å le så mykje som desse to karane med sine historier i garderoben, på trening og turar.

Apropos Tore Andre. Ole Petter fortel at då han sjølv som 16-åring vart utteken til landslagssamling, bad han folka i NFF sjekke ut den to år yngre stryningen.

Eg såg at Tore Andre hadde ekstreme kvalitetar. Det tok nokre år før han kom på landslaget. Men resten er historie som alle kjenner til!

Ole Petter Hoff ønskjer også å trekkje fram ein annan person han set svært høgt. -Asbjørn Sunde var ei stor personlegheit i stryne fotballen og Fjordingen-cupeN. Slik eg ser det er han ein av dei viktigaste personane Stryn Fotball har hatt.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 78

1996 sesongen

Ei scoring frå opprykk til nest øverste nivå

1996-sesongen er resultatmessig tidenes beste for Stryn Fotball. Hadde laget fått inn i utligningsmålet i heimekampen mot Skjetten (2-3), ville Stryn toppa tabellen og rykka opp til nest øverste nivå.

Vi hadde fortent poeng i denne kampen, men opplevde bokstaveleg talt stang ut med stolpetreff og ein gedigen sjanse i sluttminutta, fastslår trenar Edvard Nordang.

Som nyopprykka lag, var det få som hadde tru på at Stryn skulle kjempe om opprykk til det som i dag er Obos-serien. Ed Nordang peikar på to suksess faktorar; god organisering og fantastisk lagmoral. Vi snakkar her om eit lag med stor L, understrekar han.

Ed hadde med seg Kjell Rune Flo som sidestilt spelande trenar. Ein duo som utfylte kvarandre på genialt vis. Kjell Rune med si erfaring frå Molde organiserte forsvaret, medan Ed brukte si Trenar

D-oppgåve med hovudvekt på break down og kontringsspel til den offensive delen. Eller sagt på ein annan måte; Kjell Rune hadde ansvaret for laget utan ball og Ed laget med ball. Utifrå spelarmateriellet var det aldri tvil om at Stryn skulle spele i formasjon 4-5-1.

Grunnfilosofien bygde på systematikk - der alle spelarane vart drilla i sine definerte oppgåver. Vi hadde faste trekk når vi vann ballen. Med tre samtidige bevegelsar skapte vi problem for motstandaren sitt forsvar. Og Kjell Rune og dei andre forsvarsspelarane heldt tett bakover. Før heimekampen mot Brattvåg 18. august hadde keeper Pål Erik Ytreeide sleppt inn kun eitt seriemål på Stryn stadion!

Sesongen enda med at Stryn kom på 3. plasspoenget bak Skjetten og på dårlegare målskilnad enn Ørsta. I ettertid er det mange som har spekulert på kva som ville skjedd dersom Stryn hadde fått si fortente utlikning mot Skjetten og

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202279

Året er 2008. Stryn skal spele viktig seriekamp mot Årdal, men manglar sentrale spelarar. Trenar Edvard Nordang spør om 47 år gamle Kjell Rune Flo kan sitje på reservebenken - 12 år etter at han gav seg på A-laget. Noko klubblegenden seier ja til.

På den andre innbytterbenken sit ein annan storspelar - Ole Gunnar Hunderi. Årdølen som gjennom fleire sesongar hadde markert seg som ein av fylket sine beste spissar, men no var godt i gang med nedtrapping. Difor avgrensa speletid.

I det Ole Gunnar Hunderi gjer seg klar for innhopp, får Stryn skada ein av sine forsvarsspelarar. På benken sit unge Marius Hagen (16) og Kjell Rune Flo. Vi leia 3-1 då Ole Gunnar Hunderi kom på bana. Han reduserte raskt til 3-2 og eg frykta at kraftspissen kunne snu kampen i Årdal sin favør.

enda på toppen av tabellen. Noko svar kan ingen gje, men at det vart jobba seriøst med tanke på opprykk er i alle fall sikkert.

Olav Tenden var i forkant og ringde fotballforbundet for å høyre kva som måtte til av garderobar og andre fasilitetar. Noko svar kunne dei ikkje gje. Rett og slett fordi NFF ikkje hadde tenkt på at ein liten klubb som Stryn skulle spele på så høgt nivå!

Lagbildet bak frå venstre: Olav Tenden, Birger Flo, Jarle Lien, Karl Anton Gotteberg, Terje Walaker, Trond Leirgulen, Morten Taraldset, Kjell Rune Flo, Asbjørn Øvreberg, Per Ole Tenden, Geir Inge Rake, Svein Ørjasæter, Edvard Nordang, Odd Hool, Johnny Bolset, Tor Guddal. Framme frå venstre: Johann Sigurdsson, Frank Hool, Odd Rune Flo, Erik Hool, Jon-Terje Tjellaug, Pål Erik Ytreei de, Per Are Verlo, Arnt Magne Fredheim, Lars Ove Nistad, Asle Myrold, Stig Olav Lødemel. Arnt Ivar Naustdal var ikkje til stades då bildet vart teke.

Dermed hadde eg ikkje anna val enn å bytte inn Kjell Rune, fortel Ed. Som då var vitne til fylgjande: -Ole Gunnar Hunderi gjekk ut til trenaren sin og gav klar beskjed om at han ikkje ville spele når Kjell Rune var på bana. Då trenar Nils Tore Krosshaug meinte at han fekk fullføre

Ei heilt spesiell historie kampen, var svaret frå Hunderi at «då får du spele sjølv»!

Jau, dette stemmer nok, ler Ole Gunnar Hunderi når vi konfronterer han med historia. Og legg til: -Å møte Kjell Rune var omtrent som å springe på ei granittblokk. Eg hadde sjølv bra fysikk, men mot han vart eg ei pingle.

Ole Gunnar Hunderi gjev elles Kjell Rune det som må vere ein forsvarsspelar sitt beste skussmål: -Ein stor fotballspelar som var tøff og kompromisslaus, men aldri ufin.

Med Kjell Rune på bana og Hunderi attende på benken vann Stryn 4-2. Stig Høynes haugenfotball. no er mannen bak det fantastiske bildet av to store fotballspelarar med 31 års aldersforskjell.

«Då får du spele sjølv».

Ole Gunnar Hunderi til trenar Krosshaug, når han såg Kjell Rune Flo på bana

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 80

Per Ytre-Eide

I storfint selskap

Stryningen Per Ytre-Eide står på lista over Lillestrøm Sportsklubb sine toppscorarar i selskap med namn som Tom Lund, Arne Dokken og fleire andre landslagsstjerner.

Per melde overgang frå Stryn til LSK då han avtente militærtenesta på Lutvann i 1964. Og han fekk ein knallstart på Åråsen med to scoringar og ein assist i sesongpremieren mot

Greåker. Totalt vart det 9 scoringar på 14 kampar. Steinkjer sin landslagsspelar Olav Håkon Blengsli var den einaste med fleire scoringar i dåverande 2.divisjon.

Høgdepunktet for Stryn var 2-0 sigeren over Rosenborg - der han laga begge måla. Med etterfylgjande innslag i Sportsrevyen og rosande avisomtale.

Første kunstgrasbana opna i 2000

Stryn var mellom dei første klubbane i Sogn og Fjordane som fekk kunstgrasbane. Det skjedde ved ombygging av grusbana St. Halvards Ground. I planprosessen hadde utsendingar frå Stryn vore og sett på eit liknande anlegg i Oslo (Delenenga).

Vi la ein ped med varm emulsjon før kunstgraset vart rulla ut. Graset måtte vere krølla for å halde på sanden som blei køyrt på (ikkje grandulat som i dag), fortel Kjell Opheim. Stryn sitt A-lag hadde før tusenårsskiftet 2000 reist til Molde for å spele på kunstgras. Med eiga bane kunne Peos & Co ta imot gjestande lag til serie- og treningskampar på «strøkent»underlag.

Kunstgrasbana på vestsida av klubbhuset har gjennom 22 år kome mange til glede og nytte. Første brukar var t.d. turngruppa som vertskap for Vestlandske Turnstemna med over tusen deltakarar. For Stryn Fotball vart kunstgrasbana i mange år brukt av lag i alle årsklassar.

- Med åra brei emulsjonen og dekket noko hardt. Men vi har tilbakemeldingar på at for unge og lette brukarar er dette framleis ei god bane. Og vi ser at mange vaksne brukar bana til fotball og leik. Så dette har vore eit veldig godt og tenleg anlegg - og som grunnlag for vidare utbygging av stadionområdet, fastslår Kjell Opheim.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202281

Rune og Teddy sin etterlengta opptur

Rune Egge og Øyvind Teddy Breidablikk står høgt på lista over spelarar som har tent klubben i mot gang og medgang. Dei kom opp frå guttelaget til eit A-lag som på slutten av 1970-talet opplevde tunge tider. Rune og Teddy sin lojalitet og klubb kjensle vart i 1984 krona med opprykk til 3. divisjon - der begge i etterfylgjande sesongar hevda seg med glans på tredje øverste nivå i norsk fotball.

På avisbildet frå cupkampen mot Sogndal i 1985 ser vi Teddy i duell med Svein Bakke. Bildet av Rune Egge er frå bortekampen mot Eid i 1984. Sesongen Rune vart toppscorar i 4.divisjon Sogn og Fjordane med 18 seriemål.

Lagbildet er frå 1987 (?) der Rune og Teddy var mellom nøkkelspelarane. Framme frå venstre: Bjørn Flo, Nils Petter Hauge, Håvard Flo, Per Are Verlo, Birger Flo, Kristian Vik, Asbjørn Øvreberg, Johann Sigurdsson. Midten frå venstre: Per J. Sætre, Rune Egge, Bjarte Flo, Trond Sunde, Kjetil Flo, Geir Flåten, Øyvind Teddy Breidablikk, Hallvard Leirgulen, Harald Aabrekk. Bak frå venstre: Brynjar Flo, Jarle Flo, Kjell Rune Flo, Terje Walaker.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 82

Hanna Tenden

Brennande engasjement for jentefotballen

Hanna Tenden står fram som ein særs viktig ressursperson i klubben si satsing på jente- og damefotball. Ho er sentral spelar på damelaget og klubben sin veiledar for alle trenarane på jentesida.

Det gror godt i jentefotballen og Stryn er ein flott utvilklingsklubb for talentfulle spelarar. At vi i løpet av dei siste tre åra har levert bortimot eit titals spelarar til klubbar på høgare nivå,beviser at her er mange dyktige spelarar og trenarar, slår Hanna fast.

Hanna si fotballkarriere starta på Stryn sitt reine jentelag med spelarar fødde i 1991. Det vart mange tap i kampar mot samansette lag, men vi hadde det veldig kjekt. Og etterkvart hevda vi oss godt, fortel ho.

Stryn mangla damelag då Hanna var ferdig med aldersbestemt fotball. Ho spelte to sesongar på Honndalen før Stryn stilte damelag i 2010. Dei etterfylgjande sesongane gav gode resultat, med opprykket til 2.divisjon hausten 2013 som sportsleg høgdepunkt. Og ein uforgløymelege treningsleir i Tyrkia!

Stryn 1922
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no
100 års jubileum 1922 - 202283

«Råstilig å spele framfor 635 betalande tilskodarar på Stryn stadion….

Stryn - Verdal | Rekord i landet 2014 sesongen

Nivået i 2.divisjon synte seg å vere i tøffaste slaget - sjølv om Stryn leverte fleire sterke kampar. M.a. var det berre ei scoring i sluttminutta som gjorde at laget ikkje fekk med seg poeng mot Trondhjems-Ørn 2 i Trondheim. Trass i at det enda med nedrykk, fekk Hanna og lagvenninnene oppleve noko som gav gjenlyd i fotball-Norge. Framfor 635 betalande tilskodarar - rekord for damefotball i landet 2014-sesongen - vann dei 5-3 over Verdal på Stryn stadion. Råstilig, er Hanna sin kommentar til denne milepælen i Stryn Fotball si historie.

Dei mange tapa gav også god læring, spesielt for dei yngste spelarane. Så alt i alt ser eg attende på 2014-sesongen med stor glede, understrekar Hanna.

Dei etterfylgjande sesongane såg vi deg ikkje på Stryn sitt damelag?

- Nei. I samband med studiar var eg seks år i Nederland - der eg spelte for VV Drienerlo. Eit lokalt lag med stort innslag av spelarar frå ulike nasjonar.

- Korleis var nivået der samanlikna med Stryn? Mykje høgare. Sjølv om det var eit amatørlag, hadde vi eit veldig godt opplegg i tråd med den sterke fotballkulturen i Nederland. Det brukte å vere 300-500 tilskodarar på heimekampane og stor stemning. Tilbake i Stryn har eg prøvd å implementere noko av den garderobekulturen og klubbkjensla eg fekk oppleve i VV Drienerlo.

Hanna kom attende til Stryn akkurat i det koronaen gjorde sitt inntog. Noko som resulterte i at spelarar over 20 år måtte avstå frå seriefotball i halvannan sesong. For Hanna vart haustsesongen 2021 endå kortare, då menisken rauk midtvegs i hennar andre kamp.

Men karriera på Stryn sitt damelag var på ingen måte over. Denne sesongen har Hanna vore på bana i samtlege speleminutt. -Eg hadde helst sett meg som benkeslitar, men med mange skadar har eg måtte spele. Og det er veldig kjekt å vere ein del av denne flotte gjengen, sluttar ho.

Bildet av Hanna Tenden er frå den historiske kampen mot Verdal i 2014.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 84

Fj-Cupen

4000 jenter og gutar deltok

Etter initiativ frå Asbjørn R. Sunde vart Fj-cupen etablert i 1975. -I indre Nordfjord er det i dag berre Stryn som har lilleputt- og smågutelag i kretsserien. Men eg veit at det blir spelt fotball i alle deler av kommunen (som den gong også omfatta Hornindal). Vil lokalavisa bli med på at vi startar ein grendacup, var spørsmålet. Som det straks vart sagt ja til. Og som dei etterfylgjande ti åra resulterte i ei veldig oppblomstring av fotballen i yngre årsklassar.

Fylgjande 11-arlag melde seg på til seriespel med avsluttande finalar på Stryn stadion i september: Stryn City, Stryn Country, Stry United, Oppstryn, Sundskameratane, Loen, Olden, Styrk (Innvik), Utvik, Veten/Hardbagg, Grodås City, Hornindal United og Hellesylt Rangers.

I tillegg til kampane vart det også arrangert fotballskule - der m.a. Sogndal stilte med Svein Bakke, Harald Aabrekk, Lasse Opseth, Magdalon Sætre og Arnor Svedal. Som ein ser av det eine bildet, fekk vi seinare med våre eigne stjerner Tore Andre Flo og Eivind Karlsbakk m. fl. Som allereie

på det tidspunkt var opptekne av å gje noko tilbake for det dei sjølv hadde fått oppleve med lokalfotballen. Må også nemne at Jostein Flo var den lettaste å få ja frå når vi skulle sette opp dommar liste og andre ting som måtte ordnast for at yngre spelarar skulle få oppleve fotballgleda.

Etter ti år med full serie og sluttspel, såg vi at dei fleste klubbane melde på lag i kretsserien. Dermed forsvann grunnlaget for cupen - noko som også var målsettinga. Fj-cupeN gjekk inn som aksjonær i Strynehallen, og cupen heldt fram med innendør strening og årleg turnering med 200-300 jenter og gutar i aksjon over to dagar.

Asbjørn Sunde la eit økonomisk gullegg då han lanserte Fj-cupeN sin julekalendar. Som gjorde at vi kunne dele ut gratis ballar til alle skular og barne hagar, sponse drakter, gje tilskot til idrettsanlegg m.m.

Fj-cupeN haddde i alle år eit nært og godt samarbeid med Stryn Fotball - og er så avgjort ein del av fotballen som no skal feirast.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202285

Forhandlar-mafiaen

«Talentfabrikken» Stryn Fotball har gjennom mange tiår levert spelarar til internasjonalt og norsk toppnivå. Inntektene frå spelarsal viser igjen på Stryn stadion - der pengar frå spelarsal er nytta til anlegg. Odd Hool og Torfinn Moen har vore involverte i dei fleste spelarovergangane.

Det mest spesielle og gledelege var då Tore Andre i 2002 ringde og fortalde at han skulle gå frå Glasgow Rangers til Sunderland - og opplyste at Stryn Fotball ville få mellom 1,5 og 2 millionar i solidaritetsmidlar. Tore Andre ønskte at pengane skulle gå til å utvikle anlegg og spelarar. Med dette som bakteppe, vart det sett av eit fond til føremålet. «Floløkka» på Stryn stadion og andre fascilitetar på stadionområdet er synlege resultat av at pengane kom godt til nytte, fastslår Odd og Torfinn.

Jostein Flo si signering for Molde i 1987 var den første store overgangen der Stryn Fotball fekk betalt. Seinare fylgde ei heil rekkje med namn som Håvard Flo, Kjell Rune Flo, Tore Andre Flo, Eivind Karlsbakk, Helge Øvreberg, Jarle Flo, Arne Førde, Asbjørn Tenden m.fl. I nyare tid er lista over spelarsal supplert med m.a. Ulrik Flo, Per Egil Flo, Mats Solheim Steinar Tenden, Sondre Holmberg Ørjasæter m.fl.

Stryn Fotball var tidleg ute med å sikre seg at vi også skulle ha betalt når/dersom spelarane gjekk vidare på karrierestigen. På denne tida var det dei

store klubbane som regjerte når det galdt overganger, medan det fall lite på moderklubbane. Stryn Fotball jobba knallhardt for at vi skulle få vår rettmessige del av overgangssummane. Våre krav i forhandlingane sette ein ny standard. Eit eksempel på at vi lukkast og på den måten sikra gode inntekter, var Håvard sine overganger via Sogndal til AGF, Werder Bremen og Wolverhampton, fortel dei to som saman med Olav Tenden fekk namnet «Forhandlar-mafiaen» av avisa Firda.

Odd og Torfinn legg ikkje skjul på at det kunne gå ei kule varmt i forhandlingar med større klubbar. -Brann var den klubben som tok oss best imot og var lydhøyre for våre krav. At sal av spelarar har bidrege sterkt til at Stryn Fotball rår over eit før steklasses anlegg, er heva over tvil. Vi kan garantere at kvar krone frå spelarsal har gått til klubben og i all hovudsak til anlegg.

Odd og Torfinn har fylgt klubben tett i fleire tiår. Forutan fokuset på anlegg, poengterer dei ein ting som ligg i botnen for dei gode inntektene frå spelarsal.

Stryn Fotball har alltid lagt vekt på at laget skulle ha dyktige trenarar og solid støtteapparat. Og på den måten kunne utvikle spelarar som er gode nok til eit høgare nivå når tida er inne. Når vi ser kor langt mange av våre spelarar har nådd internasjonalt og nasjonalt, må dette kunne seiast å vere suksess, sluttar Odd Hool og Torfinn Moen.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 86

Kjell Rune Flo

Kongen av Stryn Fotball

Kjell Rune Flo sitt namn står med gullskrift i Stryn Fotball si historie. Ein bauta som med unntak av eit suksessrikt år i eliteserieklubben Molde FK, var trufast mot moderklubben gjennom ei lang og innhaldsrik karriere. Eit førebilete for medspelarar og høgt respekt av motstandarane. Eller for å sitere Årdal sin storscorar Ole Gunnar Hunderi: - Kjell Rune var tøff og kompromisslaus, men aldri ufin.

Storebror Flo hugsar godt starten på fotballkarriera. Eg hadde starta på Tonning skule då to år eldre Dag Olav Skrivervik kom inn i klasserommet og spurde om det var ein førsteklassing som kunne spele på lilleputtlaget. Skuffande for meg fall valet på Svein Arne Hool. Men då han blei forhindra frå å vere med, fekk eg sjansen. Og dermed kunne eg ta på meg strynedrakta for første gong. Eit godt minne, smiler Kjell Rune

DEBUTERTE MED SIGERSMÅL

Etter å ha gått gradene i aldersbestemte klassar, kom debuten på A-laget i 1977. Også det ei stor oppleving. -Som småstrik og fast tilskodar på Stryn

stadion, hadde eg lenge sett opp til spelarane på A-laget. Den dag i dag kjenner eg lukta då Ivar Hagen og lagkameratane smurde seg med kvit kamfer før kampstart.

- Hugsar du din A-lagsdebut?

Ja, det var mot Haugen. Vi vann 1-0 og eg scora etter pasning frå Terje Flo. Dette var ei veldig artig tid. For meg var det stort å spele saman med folk som Reidar Hagen Gunnar Beinnes, Per YtreEide, Harald Os, Kjell Lien, Teddy Breidablikk, Tor Guddal, Richard Hawkes, Olav Tenden, Arne Hool, Kolbein Kaspersen og fleire eg hadde beundra.

VARMA OPP MED TUR PÅ GULKOPPEN!

Opprykket til 3.divisjon i 1984 innleia ein ny æra for Stryn Fotball. For Kjell Rune baud det på uventa utfordringar med høgt spenningsnivå. Det var vanskeleg å sove før viktige kampar. Då vi skulle møte Nybergsund, var spenninga så stor at det ikkje nytta å leggje seg. Så då gjekk eg på Gulkoppen.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202287

Du gjekk på Gulkoppen 1.306 m.o.h. natta før viktig kamp??

Ja, og nede att i 06-tida ville eg ikkje vekkje kona og gjekk heller ned til Dammen (Dag Magne Berstad) som også spelte på laget. Då han stod opp hadde eg vaska opp og rydda kjøkkenet for å ha noko å gjere. Eg måtte berre finne på gjeremål som korta ventetida.

- Og korleis gjekk det med kampen?

Vi vann 1-0. Nybergsund var spelemessig eit betre lag, men vi kjempa som løver.

MOLDE FEKK JA PÅ TREDJE FORSØKET

Åge Hareide og Molde hadde merka seg storebror Flo sine prestasjonar. Både i 1985 og 1987 fekk dei Kjell Rune sin signatur. Etter press og grundige vurderingar vart han verande i Stryn. Men i 1990 fekk Molde avtalen i boks. Og Kjell Rune tok eliteserienivået med glans. Frisparkmålet som sikra Molde sigeren over Vålerenga i Oslo, var mellom årets scoringar. Og som gjorde at fotball interesserte nordmenn fekk augene opp for storebror Flo.

I Molde fungerte langpasningene mellom Kjell Rune og Jostein. Til frustrasjon for lag som t.d. Start.

Svein Matta Mathisen gjekk ut i Fedrelandscennen og åtvara mot stryningane si dryling. - Åge Hareide fortalde til avisa at eg ikkje kom til å spele pasninger på meir enn 5 meter. Men til meg sa han at eg ikkje fekk slå kortare enn 50 meter. Og det enda med at Molde vann 1-0 etter at Jostein scora på mi langpasning, ler Kjell Rune. Som har teke vare på avisutklippet der Svein Matta Mathisen skreiv at «Alle fuglane over Molde vart denne kvelden skotne ned».

Molde gjorde alt dei kunne for at Kjell Rune skulle halde fram i eliteserien. Hovudpersonen svarar med eitt ord når vi spør kvifor han takka neiHeimlengsel.

DÅ KOM TÅRENE

Tilbake i Stryn var målet å vinne tilbake plassen i 3. divisjon etter nedrykket i 1990. Det lukkast først i 1995.Vi hadde spelt god fotball i fleire se songar under trenar Steinar Ringdal. Men unødvendige tap gjorde at Stryn enda som nummer to. Då vi endeleg lukkast kom kjenslene. Eg hugsar Steinar kom bort til meg. Vi heldt rundt kvarandre og gledestårene rann. Sesongen etter var Stryn ei fattig scoring frå nytt opprykk. Der dei enda eitt poeng bak Skjetten. Resultatet i heimekampen mot

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 88
forts.neste side

forts.frå

opprykksrivalen kunne fort blitt eit anna om ikkje Kjell Rune hadde skada seg tidleg i 2. omgang. - Bittert er Kjell Rune sin kommentar.

Formelt avslutta Kjell Rune A-lagskarriera denne sesongen. Noko som fekk lokalavisa til å bruke tittelen KONGEN AV STRYN FOTBALL ABDISERER. Eg gjekk då inn som leiar av fotballgruppa. Midt i sesongen måtte eg steppe inn på laget. Margaret Erdal overtok som leiar. Ho gjorde ein kjempejobb både for herre- og damefotballen.

Kjell Rune si A-lagskarriere vart avslutta med innhopp mot Jotun i 2008 - 12 år etter at han formelt la opp.

REIV MED HÆLEN PÅ 2,10 METER

Kjell Rune sin spenst vart også dokumentert på friidrettsbana. Han står med resultatet 2,06 meter - ein cm lågare enn broder Jostein sin pers. Under Vestlandsmesterskapet i Florø hadde eg 2,10 m inne, men reiv med hælen. Eg må godta at Jostein står med beste resultatet i familien, men trøysta får vere at eg aldri har tapt for han i høgdeduell, ertar Kjell Rune.

Spensten til dei to Flo-brørne fekk også negative konsekvensar fordi dommarar bles frispark fordi dei trudde stryningane brukte hendene for å kome så høgt. Verste eksempelet var bortekampen mot Gjøvik/Lyn der trenaren deira, Ivar Hoff, påverka dommaren til å gje Jostein raudt kort fordi han hoppa så høgt i duellane. Bortekampane på Aust

landet fekk også andre uventa utfall. Som då Bjørn Flo gjekk inn på doen i bussen. - Døra gjekk i vranglås og Bjørn måtte sitte der heilt frå Hamar til Stryn.

KJELL RUNE OG ED

Kjell Rune har ei veldig lang liste over fotballvenner han seg høgt, medspelarar og støtteapparat.

Frå den første tida i Stryn må eg trekke fram Teddy Breidablikk, Terje Flo, Arne Hool, Harald Os og Per Ytre-Eide. Eg vil rette spesiell takk til Per, som forutan å vere eit stort førebilete, hjalp familien med utstyr til seks aktive born. Som oppmenn og støtteapparat har vi lang rekkje folk har gjort og gjer ein uvurderleg jobb for klubben.

Du og Ed Nordang har hatt eit spesielt godt forhold?

Ja, både som spelar/trenar og bestekompisar. Ed er den som har hatt størst innflytelse på det vi søskena har fått til i Stryn Fotball. Og som innførte Flo-pasningen lenge før Drillo brukte suksessformelen på landslaget?

Drillo såg Flo-pasningen første gong då han som trenar for AaFK i 1990 møtte Molde i cupen. Eg scora to mål på corner og Jostein to etter langpasning frå meg, slik vi hadde gjort mange år tidlegare i Stryn, sluttar Kjell Rune.

Stryn 1922
forrige side 100 års jubileum 1922 - 202289

1984 laget

Dette laget tok klubben til nye høgder

Her ser vi 1984-laget som med sitt opprykk sørga for at Stryn tok steget opp til tredje øverste nivå i norsk fotball. Ein posisjon dei heldt i fem etterfylgjande sesongar.

Ed Nordang, Per Sætre og Jan Aabrekk utgjorde trenerteamet. Ein trio som utfylte kvarandre på glimrande vis. Og på kvar sin ytterkant i kvite dressar: Hallvard Leirgulen og Paul Hool, som både før 1984 og mange tiår seinare jobba utrettelig til klubben sitt beste.

Bak frå venstre: Torfinn Moen, Olav Tenden, Kjell Rune Flo, Jonny Bolset, Kjell Per Rake, Jostein Flo, Bjarte Flo, Rune Egge.

Midten frå venstre: Hallvard Leirgulen, Jan Aabrekk, Atle Egge, Kjetil Flo, Gunnar Beinnes, Nils-Petter Hauge, Per Sætre, Ed Norgang, Paul Hool.

Framme frå venstre: Tor Guddal, Roald Wallestad, Øyvind Teddy Breidablikk, Arne Hool, Geir Flåten, Dag Magne Berstad, Trond Sunde.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 90
HAUGEN FOTBALL haugenfotball.no Følg lokalfotballen i Sogn og Fjordane

Knut Sandbakk

Sponsorane gull verdt

I 1976 vart 18 år gamle Knut Sandbakk vald til leiar av fotballgruppa i Stryn T &IL. -Vi innsåg at auka inntekter var nødvendig for sportsleg satsing. Og på slutten av 1970-talet kom det på plass sponsorpakkar i varierande storleik frå 2.500 kroner til 25.000 kroner. Seinare har vi fått mange gode sponsoravtalar som går over fleire år. Den positive responsen frå bankar og næringslivet har gjort dette til hovudinntekskjelde for klubben, fortel Knut Sandbakk.

På slutten av 1970-talet var Sunnmørsbanken den sponsoren som bidrog mest. Ved inngangen til 1980-talet blei det også inngått kontrakt med ein stor ekstern sponsor - Statkraft. At dei kom på bana, hadde samanheng med planane om kraftutbygging i Breheimen Stryn. - Eg hugsar godt då Inge Arne Bøe og eg reiste til Oslo og fekk underskrifta på avtalen med Statkraft som gjekk over 3-4 år, fortel Knut. Sjølv om den planlagde kraftutbygginga i

Breheimen Stryn ikkje vart noko av, gav det gode inntekter til fotballen. Gjennom åra har Knut signert mange sponsoravtalar. Noko som har synt og syner igjen på stadion.

- Vi har heile tida lagt stor vekt på oppgradering av stadionreklamen. Før sesongstart var det stas å setje opp nye skilt og på den måten skape eit «nytt» intimt stadion med skikkeleg fotballpreg. Å kunne presentere sponsorane på ein profesjonell måte, har heile tida vore eit mål, slår Knut fast.

Knut Sandbakk var i yngre år aktiv spelar. Men dei etterfylgjande tiåra dreia det meste seg om inntektsgjevande arbeid for klubben.

- Eg fekk gleda av å lande to store sponsorkontrakt før eg gav meg - Sparebanken Vest og Nordfjord Kjøtt -klubben sine store sponsorar den dag i dag. Saman med alle dei andre trufaste sponsorane har dei vore gull verdt for Stryn Fotball, understrekar Knut Sandbakk.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202291

Stryn United

Eit kjempeviktig tilbud

I 2010 starta Stryn Fotball opp tilrettelagt fotballaktivitet under vignetten «Alje me».

- Dette er eit kjempeviktig tilbod sett opp mot trivsel og folkehelse. Vi har å gjere med ein positiv og kjekk gjeng som er ein berikelse for klubben, understrekar John Os. Som saman med Siv Rauset trenar laget kvar torsdag ettermiddag.

Inge Hovland (38) er ein av spelarane som har vore med heilt frå 2010. Den gong var det Hanna Tenden og Inge Matias Tvinnereim som utgjorde trenarduoen. -Eg hadde ikkje spelt organisert fotball før, men tykte det var veldig artig. Eg kjem til å vere med på Stryn United heilt til eg går med rullator - og det blir lenge til, ler Inge.

- Kva er så kjekt med denne aktiviteten?

- Kameratskap. I fotballen får eg nye vennar. Og det aller beste er Landsturneringa. Vi hadde ei

utruleg kjekk helg i Kristiansand og gler oss allereie til neste år.

Dagleg leiar John Os i Stryn Fotball har eit sterkt ønskje om at fleire klubbar i distriktet opprettar tilsvarande tilbod.

- I Landsturneringa møtte vi lag som spelar serie. Dvs. at dei får heilt anna matchtrening enn vårt lag som to-tre gongar i året møter Hødd United. Vi prøvar å få til kampar mot lag i Møre og Romsdal og Hordaland, men det beste hadde vore seriespel i vårt eige distrikt, seier John Os.

- Korleis er rekrutteringa til Stryn United?

Vi har ein fast stamme som har vore med heilt sidan starten. Her er spelarar frå både Stryn og Hornindal. Vi ønskjer at fleire blir med. Alle er hjarteleg velkomne, sluttar John Os.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 92

Johan Sigurdsson

Fotballen bidrog sterkt til at eg og familien vart raskt integrert i Strynesamfunnet

I 1980 flytta familien Sigurdsson frå Island til Stryn. Fotballen gjorde at ni år gamle Johann raskt fekk kameratar. Etter ei strålande spelarkarriere med opprykk til tredje øverste nivå i 1995 og den sagnomsuste cupsigeren over Molde i 1997 som høgdepunkt, har Johann bidrege sterkt som mangeårig trenar for A-laget, damelaget og lag i aldersbeste klassar. Vi kjenner han også som lærar på idrettslinja til Stryn vidaregåande skule og leiar av Proffveka.

Attende til starten i 1980 då ein liten krølltopp kom til Stryn. Og der eit straffespark på Tonning skule gav 3. klassingen flying start. - Eg hadde ikkje spelt fotball på Island, men vart raskt med i friminutta på Tonning skule. Der 6. klassingen Alf Ole Gotteberg var den store stjerna. Då laget vårt fekk straffespark, let han meg få ta det for å vere hyggeleg. Eg scora og vart boren på

gullstol inn i klasserommet. Der og då blei mi fotballinteresse kveikt, smiler Johann. Som legg til. - Fotballen bidrog sterkt til at eg og familien vart raskt integrerte i strynesamfunnet. Har aldri angra på at vi flytta til Stryn!

- FANTASTISK TID

Johann kom tidleg med i den organiserte fotballen. - Det var ei fantastisk tid då eg fekk spele på Stryn Country i Fjordingen-cupen saman med eldre gutar og på aldersbestemte lag i serien. Rundt laga hadde vi vaksne som brydde seg og sørga for eit godt opplegg. Karl Anton Gotteberg var ein veldig dedikert trenar. Han leia oss til Stryn sin første KM-tittel i aldersbestemte klassar (sjå bilde).

I årskullet hadde vi fem spelarar på kretslagetJan Egil Flo, Rune Morgan Kyrkjeeide, Bjørn Kåre Gotteberg, Geir Sverre Skarstein og meg sjølv, fortel Johann.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202293

Fotballinteressa gjorde seg andre utslag enn masse trening og kampar med jamaldringar - Som 10-11-åring byrja eg å følgje A-laget på bortekampane. Det var utruleg kjekt og eg blei vel ein slags maskot for laget, ler han.

PENDLA FRÅ OSLO, ELVERUM OG ISLAND

16 år gamal reiste Johann til Oslo for å gå på Wang Fotballgymnas. Klubbkjensla gjorde at han spelte 1988- og 89 sesongen for Stryn i 3.divisjon. - Våren 1990 var eg innom Lyn. På laget som blei norgesmeister for junior, spelte eg saman med folk som Jan Derek Sørensen, Aksel Kolle, Thomas Wæhler og Ola Dybwad Olsen jr. På hausten var eg attende i strynedrakta, fortel han.

Meir pendling skulle det bli i etterfylgjande år. Først i 1991 -1994 då han studerte i Elverum, med dei lange turane det medførte. Og det mest spektakulære; Johann heldt fram som strynespelar då han studerte på Island hausten 94 og våren 95. Der fekk han trene med toppklubben Valur - saman med m.a. den komande Chelsea- og Barcelona-stjerna Eidur Gudjohsen.

- Det knyter seg ei artig historie til då du pendla frå Island. Siktar til din kamp for å få gult kort? - Hehe. Du tenkjer på det som skjedde i Høyanger.

Eg kunne ikkje kome heim og spele kampen helga etter. Hadde to gule kort og måtte få mitt tredje, slik at eg kunne sone då eg likevel var på Island. Eg prøvde gjennom heile kampen og på ulike måtar å få dommaren til å dra fram kortet. Heilt på slutten måtte eg kjefte så hardt og totalt urettferdig at han ikkje kunne oversjå meg, ler Johann.

OPPRYKK OG CUPTRIUMF

Opprykket til 3.divisjon i 1995 og cupsigeren over Molde i 1997 står øverst på lista over sportsleg suksess. -Stryn var i tredje runde i cupen også året etter med siger over Hødd. Vi hadde på denne tida eit veldig godt lag med eldre spelargruppe enn i dag. Mange av spelarane som budde vekke, vart henta heim. Dette er noko av det eg saknar i dagder ein nesten må bygge nytt lag kvar sesong.

- Mange av dei som er intervjua i samband med 100-årsjubileet, dreg fram miljø og kameratskap?

- Ja, det kan eg slutte meg til. I mi tid hadde vi eit unikt kameratskap. Sjølv ein 11 timers busstur til Haugesund var noko vi gleda oss til. Og for å sitere Marius Hagen; - det var som å spele for Real Madrid. Måten folk som Paul Hool, Olav Tenden, Birger Flo, Odd Hool, Jarle Lien, Per Sætre m.fl. la ting til rette, smitta over på oss spelarane

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 94
forts.neste side

som følte eit veldig ansvar for klubben.

LÆRAR OG TRENAR

Johann var tilsett på Stryn vidaregåande skule frå 1995 til 2017. -Idrettslinja med fotballdelen har betydd veldig mykje for Stryn Fotball, slår han fast.

I 2001 overtok Johann som trenar for A-laget. Han hadde også laget i 2003 og 2004, før Sogndal kom på bana. I 2005 trena han Sogndal saman med Trond Fylling og året etter ilag med Stig Nord.

Tilbake i Stryn gjekk Johann inn som trenar for jentelaget. 2010, 2015, 2016 og 2017 var nye sesongar som A-lagstrenar i Stryn. - Dette var ei kjempeflott tid med ei fantastisk spelargruppe, sjølv om vi på grunn av omlegging av seriesystemet rykka ned frå 3.divisjon.

PROFFVEKA JOHANN SIN «BABY»

I 2010 starta Johann Proffveka i Stryn - der han hadde ansvaret i 11 år.

- Kva var bakgrunnen for Proffveka?

- Eg hadde lyst å lage noko som gav talentfulle og interesserte unge spelarar utfordringar. Som instruktør på vanlege fotballskular såg eg alt for store skilnader på deltakarane sine ferdigheiter og interesse. Ved å spisse tilbodet, ville vi lage noko for dei som vil litt meir. Og det slo til for fullt frå første året, seier Johann. Som ved sidan av Proffveka har gjeve unge spelarar tilbod om vintertrening i regi av Nordfjord X-tra og teknikkskulen.

TOLMODIGHEIT OG FLAKS

Johann Sigurdsson har vore vitne til at mange sluttar med fotball i ung alder.

- Talentfulle 13-åringar i dag har målsetning om å spele for store proffklubbar. Når dei ser kor trangt nålauget er, sluttar dei gjerne som 16-åringar i staden for å vise tolmodigheit ved å ta gradvise steg.

- Di dotter Marie er eit eksempel på ein ikkje må gje seg for lett?

- I tillegg til tolmodigheit må ein også ha litt flaks.

Marie fekk kontrakt med Arna Bjørnar etter ein treningskamp. Første halvannan sesongen spelte ho til saman 8 minutt i Toppserien. Denne sesongen har det blitt 15 serie- og 3 cupkampar. Og ein gong plass på «Vekas lag» i Toppserien som ekstra oppmuntring.

LIVERPOOL PÅ 2. PLASS

Liverpool er Johann sitt favorittlag i England. Men ein ting er han klar på. - Eg vil aldri prioritere ein TV-kamp med Liverpool framfor A-lagskamp på Stryn stadion. Stryn er og blir mitt favorittlag!

Bildet av KM-vinnarane. (forrige side)

Bak frå venstre: Bjørn Kåre Gotteberg, Jørgen David Meland, Mikal Opheim, Alf Ole Gotteberg, Karl Anton Gotteberg, Jan Egil Flo, Tore Bjørdal, Rune Morgan Kyrkjeeide.

Midten frå venstre: Per Arne Vollan, Rolf Helge Nesdal, Alfred Tytingvåg, Johann Sigurdsson, Tore Opheim, Jan Gunnar Sætre.

Framme frå venstre: Ard Mikal Kleppe, Helge Øvreberg, Magne Kirkeeide, Jørn Peder Sætre, Tore Andre Flo, Hans Jørgen Kirkeeide, Frode Raudi.

Stryn 1922
forts.frå forrige side 100 års jubileum 1922 - 202295

Jarle Lien

Jarle har lagt ned mange årsverk dugnadsarbeid på Stryn stadion

Jarle Lien har gjennom fire samanhengande tiår lagt ned ein enorm innsats som oppmann, utbyggar og banemeister på Stryn stadion. -Eg har aldri talt timar. For meg har dette vore rekreasjon, svarar Jarle når vi gjennom rask hovudrekning kan slå fast at det dreiar seg om fleirfoldige årsverk dugnadsarbeid. For innsatsen vart han i 2020 heidra med «Kjosen-prisen» - fotballkretsen sin høgthengande eldsjelpris.

OPPMANN OG BANEMEISTER

Jarle sitt engasjement for Stryn Fotball starta på midten av 1980-talet. - Med to søner som spelte fotball, var det naturleg å stille opp. Olav Tenden var trenar og eg oppmann, fortel Jarle.

-Du tok seinare oppmannsjobben for A-laget? - Ja, eg hadde den oppgåva i tre-fire år i byrjinga av 1990-talet. På den tid måtte oppmannen ta seg alt banearbeidet med klipping, merking osv. i tillegg til det administrative. For å få ny oppmann, tilbaud eg meg å ta ansvaret for bana. Per Sætre overtok oppmannsjobben på A-laget i 1995, og etter den tid har eg kunne konsentrere meg om jobben med banene.

- Kva er drivkrafta for å halde på over så lang tid? - Først og fremst det sosiale miljøet. Stryn stadion er ein møteplass for alle. Her opplever vi saman store gleder og nedturar. Slik det er og skal vere med fotballen.

- Din største sportslege opptur med Stryn Fotball?- Det må vere cupsigeren over Molde i 1997. Vi har også hatt mange andre gode kampar mot lag som Brann, Sogndal, Strømsgodset, AaFK, Hødd m.fl.

PRAKTANLEGG

I Jarle si tid som banemeister har det skjedd store ting på Stryn stadion. Som i dag framstår som eit praktanlegg. I 2000 fekk St. Hallvards Ground (grus) kunstoffdekke. 10 år seinare stod den andre kunstgrasbana klar til bruk, og i 2017 gjorde Stryn Fotball - som så mange andre norske klubbar - erstatta grasdekket på hovudstadionet med kunstgras. Totalt snakkar vi investeringar på over 20 millionar kroner. Jarle har endå eit ønskje: - Vi skulle gjerne hatt ein fotballhall.

LOKALFOTBALLEN FØRSTE PRIORITET

For Jarle Lien er det lokalfotballen som tel. - Ja, det er den som ligg mitt hjarte nærast. For Stryn og andre bygder betyr fotballen veldig mykje. Difor er det viktig å støtte opp.

-Og du har ingen planar om å trappe ned innsatsen? - Eg får ta ein sesong av gongen. Etter at vi fekk kunstdekke på alle banene, slepp eg slåing og merking. Men det er ein del andre ting som må gjeraste med eit stort anlegg. No siktar vi oss inn på dei to landskampane på Stryn stadion i oktober. Det blir stort for klubben og distriktet, sluttar klubben sin Banemeister med stor B.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 96

Tre generasjonar Tenden med fotball som lidenskap

3 x Tenden

Bestefar Olav Tenden (70) har gjennom seks samanhengande tiår lagt ned ein formidabel innsats for klubben i sitt hjarte. Først som spelar. Seinare i rolla som trenar, administrator og støttespelar. I farsrolla såg han sonen Per Ole Tenden (47) utrette «mirakel» i strynedrakta. Også Peos har seinare utført viktige oppgåver for klubben. Og no er tredje generasjon, representert ved Sander Sande Tenden (19), i gang med A-lagsspel. Bak han kjem broren Theo Sande Tenden (13) som har debutert på kretslaget. Så her snakkar vi om ein Fotballfamilie med stor F.

Olav sitt høgdepunkt som spelar, var opprykket til tredje øverste nivå i 1984. Men før det hadde han vore med på tunge år for strynefotballen som starta med nedrykket frå 3.divisjon i 1969. -Eg debuterte som 17-åring på A-laget som tapte to gongar 0-8 for Varegg. Då lærte eg meg å telje!

Dei etterfylgjande åra var vi i 4. 5. og 6.divisjon, før oppturen starta igjen i 1975. Etter opprykket i 1984 gav eg meg som spelar på A-laget, fortel Olav.I 1985 gjekk han inn som hjelpetrenar for Ed Nordang. Året etter starta han og Jarle Lien eit løp som fekk stor betyding for det sportslege nivået dei

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 202297

komande tiåra.

- Vi hadde veldig gode årgangar av spelarar på smågute- og gutelag. Det gjorde at Stryn kunne stille to lag i kvar klasse - og der 10-12 spelarar vart tekne ut på kretslag. Vi vann BT-cupen for gutelag både i 1990 og 1991, der premien var tur til cupfinalen på Ullevål. Mange av dei talentfulle og innsatsvillige spelarane tok steget opp på A-laget og innleia det eg vil kalle gullalder i Stryn Fotball med nytt opprykk i 1995 og fleire cupbragder. Ei fantastisk tid, slår Olav fast.

Frå 1990 til 1994 sat han i fotballstyret, og dei neste fire åra som leiar i fotballgruppa. Utbygging av baner og fascilitetar på stadion kravde stor innsats.

- Vi hadde svært dyktige folk i styret. Med base i spelargrunnlaget og gode anlegg vart Stryn attraktiv også for spelarar frå naboklubbar. Noko som gav sportsleg suksess.

- Ditt engasjement for Stryn Fotball er vel kjent og respektert. Kva er drivkrafta for å halde på over så lang tid?

- Eg starta som lærar på 1980-talet og det gav meg mykje å jobbe med ungdom. Kombinert med interessa for ballidretter var det naturleg å engasjere seg i Stryn Fotball. Miljøet rundt fotballen har for meg vore viktigast. Og så er og blir eg STRYNING, forsikrar bestefar Tenden.

CUPHELTEN PEOS

Per Ole tilhøyrer den gylne 1975-årgangen som

1997 sesongen - Stryn slo Molde ut av cupen

etter å ha storspelt på aldersbestemte lag, tok steget opp på A-laget. Peos hugsar godt debutkampen sin i 1991. -Eg vart bytta inn for Frode Nøstdal på sentral midtbane. Det var store sko å fylle for ein 16-åring!

Stryn stilte eit knallsterkt lag i første halvdel på 1990-talet, men måtte vente heilt til 1995 før dei igjen tok steget til tredje øverste nivå i norsk fotball.

Under trenar Steinar Ringdal hadde vi fleire sesongar spelt fin fotball med god struktur, men rota vekk opprykket med unødvendige poengtap. Då vi endeleg lukkast, smakte det ekstra godt. Året etter med Ed Nordang som trenar, kjempa vi om opprykk til det som i dag er OBOS-ligaen. Det skilde til slutt berre eitt poeng til topplaget Skjetten.

I 1997-sesongen sørga du for tidenes bragd med scoringa som sende topplaget Molde ut av cupen. Fortel om det magiske som skjedde på Stryn stadion?

-Eg hadde nettopp bomma på ein veldig stor målsjanse. Då eg like etter såg at Jon-Terje la an til skot, bestemte eg meg for å vere først på eventuell keeper-retur. Og det lukkast.

Sigeren over Molde sende sjokkbølger over heile fotball-Norge. Men det var ikkje gitt at fjernsyns sjårane skulle få med seg scoringa. På den tid var det meir komplisert å få overført TV-bilde til studioet på Marienlyst, og NRK-reportar

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 98
Arne
«Eg hadde nettopp bomma, då eg like etter såg Jon-Terje la an til skot, bestemte eg meg for å vere først på eventuell keeper-retur. Og det lukkast….
forts.neste side

Eithun måtte trasse oppfordringa om å forlate Stryn stadion før slutt. Dette med teft for at cupbombe kunne smelle. Og reportasjen til Arne Eithun vart ein fulltreffar - og der han heilt fortent kåra Per Ole Tenden til banens beste.

I åra 1998 -2002 studerte Per Ole i USA. Der framheva han seg så sterkt på collegelaget at den tidlegare Liverpool-spelaren Steve Nicol ville han til Boston Bulldogs. Men den draumen brast. - På julefeiring i Stryn deltok eg i 2.dagsturneringa i Strynehallen. Det enda med beinbrot og eg returnerte til USA med gips og på krykkjer.

Odd Hool og Kjetil Osvold sørga for bankjobb i Stryn etter fullførte studiar, og Peos var trufast mot klubben resten av karriera. - Vi hadde mange gode år sjølv om det ikkje lukkast i opprykksfinalane mot Elverum, Hamkam2 og Lillehammer. På laget hadde vi god blanding av rutinerte spelarar som Trond Leirgulen, Jon-Terje Tjellaug, Pål Erik Ytreeide m.fl. Og coming men som Per Egil Flo, Ulrik Flo og Mats Solheim m.fl.

-Til slutt, Per Ole. Har du angra på at du ikkje prøvde lukka i større klubbar enn Stryn?

-Nei, ikkje angra. Eg hadde mine mulegheiter, men det er ofte tilfeldigheiter som rår. Og eg har hatt ei kjempefin tid i Stryn Fotball med kameratskap som varer livet ut.

SANDER FEKK A- LAGSDEBUT SOM 15-ÅRING

Sander Sande Tenden er ein del av 2003-kullet med spelarar som Trym Vatn Øvreberg, Lukas Leirgulen, Jon Erlend Bøe, Trym Hogrenning. Dei markerte seg sterkt med kretsmeisterskap i smågute-, gute- og juniorklassen, spel på kretslag og vidare til A-lag. På premiehylla står også pokalar frå Danacup og Gothia-cup.

Sander var ikkje fylt 16 år då han debuterte på Stryn sitt A-lag i Kretsserien. Skadar har sett karrieren litt på vent. Trass sin unge alder sit han igjen med mange gode minne. - Stort å bli teken ut på kretslaget. Men også kjempekjekt å vinne KM med kompisane, seier Sander.

- Dine vidare planar med fotballen?

- Eg blir i Stryn ut 2022-sesongen. Neste år skal eg studere i Bergen. Så då får vi sjå.

Stryn 1922
forts.frå forrige side 100 års jubileum 1922 - 202299

Per Egil Flo

14 landskampar som Strynespelar

Per Egil Flo var berre 17 år då han melde overgang frå Stryn til Sogndal. Før den tid rakk han å spele 14 kampar med flagget på brystet.

Per Egil markerte seg tidleg som eit talent utanom det vanlege, og vart lagt merke til av leiarane for aldersbestemte landslag. I 2004 fekk han 4 kampar for Norge U15 og og i 2005 10 kampar på Norge U16.

Etter spel i Sogndal heldt karriera fram med suksess i Molde, Tsjekkia og Sveits før retur til Sogndal. Det heile toppa med 5 A-lagskampar for Norge.

Jon Navarsete har følgt Per Egil tett gjennom heile karriera - heilt frå han utmerka som ung stryning. - Roleg og standhaftig nordfjording som gjennom seriøsitet tok nivået frå starten i Stryn, via norsk toppfotball til klubbar i Europa. Ein flott type, er Jon Navarsete sin karakteristikk.

Dagmund Evebø var trenar for Stryn då 16-år gamle Per Egil tok steget opp på seniornivå. Der han i 2005-sesongen m.a. starta i begge kvalikkampane mot HamKam2 (O-1 og 5-5).

- Per Egil fekk mange kampar på A-laget denne sesongen og eg var aldri i tvil om at han kom til å bli veldig god. Og det heldt stikk, slår han fast.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 100

Jostein Flo

Trudde ALDRI eg kom til å forlate Stryn

23 år gamal og etter å ha storspelt for Stryn i seks sesongar på A-laget, fekk Jostein Flo melding om at han ville bli selt til ein norsk toppklubb.

- For meg som leid av heimlengsel så snart eg var ute av bygda i meir enn to døgn, var det utenkjeg å flytte frå Stryn. Gløymer ikkje då Paul Hool - mannen som har lært meg mest om klubbdriftsa at dei forhandla med Molde om overgang. Den verste beskjeden så langt i mitt liv,ler Jostein når vi 35 år seinare mimrar om starten på karriera som omfattar klubbspel på høgste nivå i engelsk, belgisk og norsk fotball - og legendestatus på tidenes norske landslag.

Jostein si sterke tilknyting til bygda blir meir forståeleg når han fortel om oppveksten.

Der familien står i fremste rekkje. Men også idretten og venneflokken spelte stor rolle.

- Eg var ikkje gamle karen då fattern - Andreas Flo - byrja ta meg med til Stryn sine bortekampar. Vi tråkla heile fylket for å sjå laget i aksjon. For fattern var det to ting som galdt - Stryn og Leeds, fortel Jostein som på dette tidspunkt hadde fått lokale heltar i Arne Hool. Per Ytre-Eide, Kjell Lien, Olav Tenden, Arne Øvreberg, Harald Os, Gunnar Beinnes, Asbjørn Sunde og mange andre

I ung alder vart Jostein dregen med av sin tre år eldre bror Kjell Rune. -Han har heile tida vore og er mitt store forbilde. Den mest fantastiske fyren eg kjenner!

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 2022101

Forholdet mellom dei to eldste i søskenflokken på seks, har gitt seg mange utslag. Mest kjent er Flo-pasningen iscenesett av trenar Ed Nordang. Og så har vi høgdeduellen - der dei pressa kvarandre til stadig nye persar. Jostein står med 2,07 m som offisiell pers, medan Kjell Rune har 2,06 meter.Eg er best resultatmessig, men Kjell Rune har rett når han hevdar at eg aldri har slått han i duell, vedgår Jostein.

ALLTID «SEIEREN ER VÅR»

Dei gode fotballminna står i kø når Jostein fortel om korleis det var å spele på aldersbestemte lag. -Vi var alltid tre lag -lilleputt, smågutt og guttelag - som reiste saman på bortekampane i buss som Per Sætre rekvirerte frå Nordfjord og Sunnmøre Billag. Alltid hadde vi minst eitt lag som vann. Og då ljoma «Seieren er vår» på heimturen. Skrivarvikane var dei store songfuglane, men alle vi andre hengde oss på for fullt.

Det kjekkaste med dette opplegget var den store aldersspreiinga og gleda å vere saman med både yngre og eldre kameratar. Eit utruleg godt minne, poengterer Jostein.

FINALE MED 1000 TILSKODARAR

-Aldersbestemt fotball var veldig viktig med spennande kampar mellom bygdene. Hugsar godt desse intense oppgjera. Eit av mine beste minne frå denne tida er då eg var med på laget som spelte

finale i Fjordingen-cupen framfor 1000 tilskodarar på Stryn stadion. Det opplevdes som julaftan og 17. mai på ein gong.

Av andre ting Jostein stadig kjem inn på, er miljøet rundt Isehaug og Grønekiosken der laguttaket vart hengt opp. - Engasjementet og gleda som vi opplevde, kan knapt beskrivast med ord.

TAPTE FORTENT MOT FLATRAKET

I 1981 tok Jostein steget opp på A-laget som då spelte i 5. divisjon. -Eg hugsar ikkje kva lag som var motstandar i debuten, men minnest at Roald Wallestad og eg debuterte samstundes.

I løpet av seks sesongar opplevde han fleire oppturar, men også uventa nederlag.

- Det går ei historie om at Stryn med deg på laget tapte mot Flatraket?

- Ja, det er heilt sant. Vi følte at vi var på veg oppover, men tapte 5-4 for Flatraket. Og dei vann heilt fortent!

OPPRYKK TIL 3.DIVISJON

Etter å ha spelt to sesongar i 5.divisjon og to i 4. divisjon, kunne Jostein, lagkameratane og trenar trioen Edvard Nordang, Per Sætre og Jan Aabrekk hausten 1984 feire opprykk til tredje øverste nivå. -Målet for 1985-sesongen var å redde plassen i divisjonen. Då den var sikra etter 3-0 over sterke Ørsta på heimebane, hugsar eg at Birger Meland

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 102
«No har vi pågang frå omtrent alt som finst av norske toppklubbar som vil kjøpe deg….
Paul Hool til Jostein Flo
forts.neste side

spelte «We Are the Champions» over høgtalaranlegget.

1986-sesongen skulle bli den siste for Jostein i strynedrakta. Vårsesongen under trenar Per Rich. Hunstad var glimrande. Men på hausten rakna det og det var så vidt Stryn berga plassen.

Då Harald Aabrekk overtok året etter, var Jostein i Molde. Der han storspelte frå første kamp og innleia ein ny æra i si fantastiske karriere som spelar og seinare sportsdirektør i Strømsgodset.

LYTTA TIL PAUL HOOL

Vi skrur igjen tida attende til det som skjedde etter 1986-sesongen. Med sine mange scoringar og

ekstreme kvalitetar stod toppklubbene i kø for å sikre seg stryningen. Men hovudpersonen vil bli trudd når han hevdar at det frå hans side ikkje var noko ønskje om å forlate Stryn.

- Eg hugsar då Paul Hool og eg sat oppe i grustaket i hans Gule Audi 80 og han sa: -No har vi pågang frå omtrent alt som finst av norske toppklubbar som vil kjøpe deg. Tida er nok inne for å la deg gå. For meg var det tyngste beskjeden eg kunne få. I mitt hovud var det berre Stryn som galdt. Men eg lytta til Paul som gjennom alle år hadde vore limet mitt opp mot klubben. Ein fantastisk mann som har lært meg det meste i jobben som sportsdirektør.

Jostein vart i 1995 utnemnd til æresmedlem i Stryn Turn og Idrettslag. Leiar Jonn Beinnes framheva Jostein sine idrettsbragder, men la også vekt på hans rolle som framifrå ambassadør for heimbygda Stryn. Noko som berre forsterka seg i etterfylgjande år.

«Jostein vart i 1995 utnemnd til æresmedlem i Stryn Turn og Idrettslag».

Stryn 1922
forts.frå forrige side
100 års jubileum 1922 - 2022103

Årets spelar 1990

Frode Nøstdal

Stryn har hatt mange gode spelarar frå andre stader i Nordfjord. Seljeværingen Frode Nøstdal vart av medspelarane kåra til årets spelar i 1990.

- Det sette eg utruleg stor pris på. Vi var ein fantastisk god gjeng heile gruppa - både spelarar og støtteapparat, understrekar Frode. Starten på fotballkarriera i Stryn var noko spesiell. 15 år gamal byrja Frode på Stryn vidaregåande skule i 1977. Han trena då med guttelaget og A-laget i vekene.

- Guttelaget skulle spele kamp mot Eid og der fekk eg vere med. Men på grunn av at eg ikkje hadde meldt overgang til Stryn måtte eg heite Trond Sunde, ler han.

Ti år seinare var alle formaliteter i orden då Frode vart innlemma i A-lagsstallen til Harald Aabrekk. Der Frode markerte seg som ein gnistrande god midtbanespelar på tredje øverste nivå i norsk fotball.

- Eg vart møtt av eit fantastisk miljø både av medspelarar og støtteapparat. Også tilskodarane tok godt imot meg og gav uttrykk for at dei sette pris på at eg var i strynedrakta, fortel spelaren som etter karriera i Stryn fekk mange gode år i moderklubben Selje.

- Ein spesiell medspelar i Stryn du sette ekstra pris på?

- Asbjørn Øvreberg. Han gav alt både på trening og kamp. Ein kjempekar!

- Di helsing til 100-årsjubilanten?

- Eg vil gratulere Stryn Fotball med 100 år og lukke til med dei komande 100. Ein fantastisk klubb som eg trivdes utruleg godt i og fekk lov å vere del av.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 104
«Første kampen måtte eg heite Trond Sunde…».

Tore Andre Flo

Ein fantastisk klubb,eg er stolt å vere ein del av

Gleda av å tilhøyre den store fotballfamilien i heimbygda gav Tore Andre Flo motivasjon til å bli ein av Norge sine aller største fotballstjerner.Stryn Fotball er ein fantastisk klubb eg er stolt av å vere del av, poengterer mannen som i fjor haust vart kåra til tidenes fotballspelar i Sogn og Fjordane.

På den internasjonale CV-en står store triumfar med Chelsea og det norske landslaget, der Tore Andre sitt namn for alltid blir knytt til VMsigeren over Brasil i 1998.

Med fire eldre brør - Kjell Rune, Jostein, Bjarte og Jarle - som alle hadde markert seg på fotballbana, låg det i korta at Tore Andre ville dele denne interessa. Fire år gamal fekk han si første fotballdrakt i påskjøning for at han ville sitje på den mest ubekvemme plassen då den store familien skulle vitje mor Torlaug sin heimstad Askeland i Davik.

- Dette hugsar eg ikkje. Men derimot minnest eg godt kor kjekt det var å få bli med på aldersbestemt fotball i Stryn. Vi var ein god gjeng som hadde det utruleg kjekt ilag på lilleputt, smågute- og gute laga. Fjordingen-cupen var spesielt artig og noko vi gledde oss til. Vi fekk også vere med på Norway Cup og cupar i Sverige m.m. I min oppvekst var det ei heilt spesiell fotballinteresse i Stryn, noko som inspirerte oss spelarar. Ei fantastisk tid med massevis gode minne, slår Tore Andre fast.

Og held fram: - Men det var ikkje berre eigne prestasjonar som gav inspirasjon. Som ung gut, fekk eg voldsom glede og interesse for A-laget. Vi reiste på borte kampar og hadde det kjekt både før, under og etter kampane. Dette gav meg utruleg mykje glede og inspirasjon. For meg var det berre eitt A-lag som galdt - STRYN.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 2022105

- Var det denne gleda som fekk deg til å satse for fullt på fotballen?

- Ja, heilt klart. På denne tida hadde eg ikkje tankar om at «eg må bli proff» - men gleda meg over å spele fotball i Stryn. Det var drivkrafta.

16 år gamal debuterte Tore Andre på Stryn sitt A-lag som i 1989 spelte på tredje øverste nivå. - Trenar Harald Aabrekk gav meg eit innhopp mot Hødd. Det eg hugsar best frå den kampen var at både Helge Øvreberg og eg fekk vår A-lagsdebut.

Tore Andre som allereie på dette tidspunkt utmerka seg med sin slepne teknikk og spisskompetanse, var ein snartur innom Molde sitt juniorlag. Men saknet av miljøet og heimlengsel gjorde at han fullførte vidaregåande skule i Stryn - og spelte for klubben til og med 1992-sesongen. Som avskjeds gåve før overgangen til Sogndal, scora han alle fem måla då Stryn slo Førde 5-1 i Firdacup-finalen. Kan også nemnast at Tore Andre i 1991- sesongen scora 30 mål for Stryn.

- Det var kjempekjekt å spele på A-laget saman med Kjell Rune, Bjarte, Jarle og alle dei andre kameratane. Ekte fotballglede og ikkje noko anna!

Tore Andre kjem stadig attende til det spesielle miljøet i Stryn Fotball.

- Her var mange eldsjeler som drog opp ei voldsom interesse - og som la til rette for oss alle.

Vi fekk også spelarar frå nabobygdene. Den store interessa rundt klubben gav veldig inspirasjon.

- Ditt råd til dagens unge spelarar som vil satse på ei fotballkarriere?

- Ein må ha enorm motivasjon. Av og til må ein leite etter denne motivasjonen fordi det krev ufatteleg mykje trening. GLEDA av å spele fotball er det som gjev best motivasjon til massiv og riktig trening. For meg var gleda av å vere ein del av fotballen i Stryn heilt avgjerande for den vidare karriera, understrekar Tore Andre. Og sender fylgjande helsing til 100-årsjubilanten:

- Eg vil gratulere absolutt alle som har vore involverte og er involverte i Stryn Fotball. Ein fantastisk klubb eg er stolt å vere ein del av.

«Tidenes fotballspelar i

Sogn og Fjordane»

NFF Sogn og Fjordane kåring 2022

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 106

Håvard Flo

Synte tidleg spisskompetanse

Håvard Flo var nettopp fylt 17 år då han i 1987 debuterte på Stryn sitt 2. divisjonslag (nivå 3).

Under trenar Harald Aabrekk fekk han utvikla sin spisskompetanse som førte til ei storarta karriere: Eliteseriespel for Sogndal og proffkarriere i Danmark, Tyskland og England. Med 26 A-lagskampar og delaktig i VM-sigeren over Brasil i 1998 står Halvard Flo sitt namn med gullskrift i norsk fotballhistorie.

Som så mange andre floarar,synte Håvard talent og interesse for alpinsport. Sjølv i dag er det folk som hardnakka hevdar at han med si innstilling til idrett kunne blitt ei like stor stjerne i slalåmbakken!Birger Flo - sambygding og ein som har stått Håvard nær både på og utanfor idrettsarenaene - fortel om eit unikt konkurranseinstinkt. Noko som kom til uttrykk i svært ung alder. - Håvard var berre ein liten «pose» då vi fekk

skitrekk på Flo. På første turen klatra han til topps, sette utfor og tryna noko aldeles forferdeleg. I staden for å la seg skremme, gjekk han opp att og tryna ein gong til! Håvard si ureddheit og konkurranseinstinkt har prega han heile tida og gjort han til den store idrettsmannen han blei, hevdar Birger.

Heldigvis for fotballen valde han ball framfor alpinski. Allereie som 17-åring herja Håvard med rutinerte forsvarsspelarar på tredje øverste nivå. Der han synte sin luftstyrke - noko som vart lagt merke til av større klubbar. Men før overgangen til Sogndal, fekk Håvard fire gode sesongar på Stryn sitt A-lag. På laget spelte også brørne Terje og Kjetil - to glimrande spelarar på dette nivået.

Birger Flo var på dette tidspunktet leiar av fotball gruppa. Der fekk han, trenar Harald Aabrekk og

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 2022107

lagkameratane sjå ei anna side av Håvard.

- Han hadde inga interesse av lange taktikkmøte og det han oppfatta som unødvendig prat. Då somna han og sov seg gjennom møta. Eg sa til Harald at det var liten vits i å vekkje han. I staden bad eg han ta taktikkpraten med Håvard inne på bana. For då var han fullt påskrudd og leverte alltid 100 prosent. Det stemde på ein prikk! Håvard spelte for Stryn heilt til han var ferdig med

betalt. Her synte Stryn seg som føregangsklubb, noko som gjorde at Håvard både då og seinare genererte gode inntekter til Stryn Fotball.

- Håvard er ein fantastisk kar som har nådd langt. Men han er akkurat den same kjekke og omgjengelege kameraten som han alltid har vore. Det set vi veldig pris på, sluttar Birger Flo.

militærtenesta. Det let seg gjere takka vere major Trygve Fure på Lillehammer. Som la opp sine reiser slik at dei ofte let seg kombinere med Stryn sine kampar. - Større strynepatriot enn Trygve Fure skal vi leite lenge etter, fastslår Birger Flo.

Då Håvard i 1990 gjekk til Sogndal var det ikkje så populært at mindre klubbar ville ha

Birger Flo til trenar Harald Aabrekk

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 108
«Håvard hadde inga interesse av lange taktikkmøter, då sovna han og sov seg gjennom møta…».

Jon-Terje og Pål Erik

Har saman nær 1000 A-lagskampar

Duoen Jon-Terje Tjellaug og Pål Erik Ytreeide har til saman bortimot 1000 kampar for Stryn sitt A-lag. Klubblegendene stiller seg framleis til disposisjon som spelarar og trenarar for klubben - der begge har søner i A-lagstroppen. Jon-Terje (47) kan denne sesongen sjå attende på fleire kampar i Kretsligaen, medan keeper Pål Erik (48) fekk fem A-lagskampar så seint som i fjor.

Jon-Terje sin første store fotballtriumf skriv seg til då han som 13-åring i 1988 vann Fj-cupeN med kompisgjengen i Oppstryn. Dei etterfylgjande åra vart det mange seriekampar og turneringar på Stryn sine aldersbestemte lag, og Jon Navarsete fekk han raskt med på kretslag.

- Hugsar du din A-lagsdebut, Jon-Terje?

- Ja, det var i Firdacup-finalen 1991, der vi vann over Florø. Første seriekampen frå start var året etter mot Vikane. Vi møtte tøff motstand på Innvik stadion,men vann 1-0

etter scoring av Jarle Flo.

Pål Erik starta som høgre back på lilleputtlaget. Frå smågutt har det aldri vore tvil om posisjonen. «Polly i buret» er eit slagord som inngir tillit og respekt.

Han fekk sin A-lagsdebut i 1992 mot Sogndal 2 og var i «alle år» deretter klubben sitt førsteval mellom stengene. Innsatsen resulterte i hospitering hos Sogndal og Brann, men Stryn vart klubben gjennom heile den lange karriera. Og takk for det!

Stryn hadde eit veldig godt lag på første del av 1990-talet. -Her var ein herleg miks av unge talent og knallgode rutinerte spelarar som Hallvard Skrede, Asbjørn Øvreberg, Kjell Rune Flo m.fl. Desse stilte krav til oss nykomarane, noko som gav seg positive utslag på treningar og i kampar.

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 2022109

Betre spelarutviklarar kunne vi ikkje få. Mitt store ønskje er at noverande generasjon får oppleve litt av det same, seier Jon-Terje.

Opprykket i 1995 står som eit av fleire høgdepunkt. Og 1996-sesongen vart tidenes beste med 3. plass og 1 poeng frå opprykk til noverande OBOS. Jon-Terje avtente denne sesongen militærtenesta i Harstad.

- Eg tok fly frå Evenes, landa på Gardermoen fredag kveld, sette meg på nattbussen, spelte kamp og returnerte med nattbussen laurdag kveld. Så viktig var det for meg å spele for Stryn!

Pål Erik har eit dystert minne knytta til knallsesongen 1996.

- I «opprykkskampen» mot Skjetten fekk eg fingeren ut av ledd. Dette var einaste kampen doktor Peder Helge ikkje var på Stryn stadion. Og ingen andre drog fingeren på plass. Det heile enda med at eg måtte forlate bana, fortel han. At både Polly og Kjell Rune vart skada i denne kampen, bidrog til at Skjetten snudde kampen til sin favør.

Cuptriumfen over Molde i 1997, sterke prestasjonar mot Brann, Sogndal, Hødd m.fl.

meritterte klubbar, synte at Stryn heldt høgt nivå. Men etter nedrykket i 1998 vart det vanskeleg å kome seg opp att. Tapte kvalikkampar mot Elverum og HamKam 2 svei hardt. Aller verst var at laget ikkje fekk inn det avgjerande målet etter å ha rundtspelt Lillehammer på bortebane.

Ved sida av eigne spelarkarrierer har Jon-Terje og Pål Erik bidrege sterkt som trenarar. Jon Terje også som lærar på Stryn vidaregåande skule. Der idrettslinja i mange år spelte ei særs viktig rolle for rekruttering av gode fotballspelarar. - Sjølv om vi ikkje har denne linja lenger, kan Stryn vgs. tilby eit veldig godt opplegg for elevar som vil satse på fotball. Studiespesialiserting med programfag toppidrett har i utgangspunktet 5 timar per veke, men her tilbyr vi 8 timar på førsteklasses anlegg og lærarar med høg kompetanse, seier Jon- Terje.

Når det gjeld høgdepunkt er dei to kompisane samstemte - cupsensasjonen mot Molde. Men like høgt rangerer dei gleda over å spele på lag med eigne søner.

- Vårt store mål og ønskje er at klubben sine unge spelarar skal på oppleve same miljøet og publikum sinteressa som var vår drivkraft!

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 110
«Vårt store mål og ønskje er at klubben sine unge spelarar skal få oppleve same miljøet og publikumsinteressa som var vår drivkraft!». 1000

Anja Tomasgård

Anja har spelt flest kampar på damelaget

Med over 100 kampar toppar Anja Tomasgård lista over spelarar med flest damekampar for Stryn.

- Eg byrja å spele for Stryn då eg tok til på skule der. Eg har hatt ein sesong for Honndalen og Gneist, men vore i Stryn Fotball sidan, fortel Anja som no er med i trenerteamet for damelaget.

- Ditt beste minne?

- Her er mange. Både på og utanfor bana. Det eg hugsar aller best er siste kampen vår i 2.divisjon. Etter ein heil sesong utan siger vann vi 5-3 over Verdal på heimebane. I tillegg sette vi publikumsrekord (635 betalande ). Dette gav oss nok ein ekstra boost til å dra sigeren i land.

- Ein medspelar du set ekstra høgt?

- Vanskeleg å trekke fram berre ein når du har vore med såpass lenge og fått spele ilag med mange og kjekke jenter. Om eg skal velje ein, må det bli Hanna Tenden. Ho gir alt på bana, alltid. I tillegg er ho flink til å spele andre gode.

- Di helsing til jubilanten?

Hipp Hurra for Stryn Fotball - ALJE ME

Stryn 1922
Foto: Stig Høynes | www.haugenfotball.no
«Om eg må velge ein medspelar eg set ekstra høgt, må det bli Hanna Tenden».
100 års jubileum 1922 - 2022111

Bruktbutikken

Hilde og Ingrid har styrt BRUKTEN i over 20 år

Hilde Kandal og Ingrid Eikenes har gjennom den dugnadsbaserte drifta av bruktbutikken skaffa hundretusenvis av kroner til Stryn Fotball. Vi kan ikkje prise dei høgt nok, understrekar dagleg leiar John Os.

Brukten starta med at Hilde Kandal tok initiativ til loppemarknad i Utstillingshallen på Stryn stadion - som eit bidrag til barnefotballen. Ho fekk med seg Ingrid Eikenes. Saman har dei utvikla og drive bruktbutikken som siste 20 åra har hatt lokale i Stryn sentrum. Først i lokala til Sko-Jon, deretter Brunosten og seinare år i Tonningsgata 36. Der dei held ope kvar torsdag ettermiddag og laurdag.

- Hilde sa at det ikkje var så mykje arbeid då ho drog meg med på loppemarknaden. No har vi halde på i over 20 år og det har blitt ein del timar, smiler Ingrid.

- Vi har det er veldig kjekt og sosialt med denne butikken - der mange får nytte og glede av brukte gjenstandar, seier Hilde.- Ja, og så kan vi vere våre eigne sjefar. Her styrer vi alt sjølve, ler Ingrid. For begge dei initiativrike og driftige damene har

Brukten blitt ein livsstil. Fram til koronaen braut ut dreiv dei bruktbutikken åleine. No har dei fått andre til å vere her laurdagane, medan Hilde og Ingrid stiller opp kvar torsdag.

Etter å ha brukt mange tusen dugnadstimar på Brukten, har dei to eldsjelene ingen planar om å gje seg. - Vi kjem til å halde fram, er den samstemte lovnaden.

Spekteret av varer på Brukten er imponerande. Her kan får ein smått og stort til ein rimeleg penge. -Folk er veldig flinke til å levere inn ting. Som du ser er her alt muleg frå hundebur til møblar. Vi kunne tenkt oss nokre fleire nattbord, men elles får vi inn stort sett alt kundane etterspør, opplyser Hilde og Ingrid.

At gjenbruk er populært i ei tid med stort fokus på miljø og ressursutnytting, kom klart til uttrykk torsdag ettermiddag. Halvtimen vi var innom, kom det mellom 20 og 30 kundar. Og allereie i morgon byr det seg nye sjansar til ein god handel i Brukten - bruktbutikken til Stryn Fotball.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 112

Hallvard Skrede

Eidar og Gloppar med suksess i Stryn

Stryn har gjennom åra synt seg som ein attraktiv klubb for ambisiøse spelarar og trenarar frå naboklubbar i Nordfjord. Eidaren Hallvard Skrede og glopparen Dagmund Evebø er mellom mange som har funne seg godt til rette i Stryn FotballHallvard som ein av cupheltane frå 1997 og Dagmund med så stor trenarsuksess at han vart henta til eliteserieklubben AaFK.

Halvard sin inntreden i Stryn Fotball skapte ein god del brudulje - utan at hovudpersonen på nokon måte var skuld i det.

- Hausten 1992 fekk eg lærarjobb i Honndalen og melde overgang frå Sogndal til Stryn. Vi hadde eit veldig godt lag, men rota vekk opprykket mot Fjøra. Sogndal sitt overgangskrav gjorde at eg nytta meg av klausulen om å gå attende til Eid. I 1997 var eg tilbake i Stryn og fekk oppleve cupsigeren over Molde. Eit desidert høgdepunkt, fortel Hallvard. Som etter si aktive karriere har vore trenar for aldersbestemte lag og aktiv på

dugnadsfronten.

Vi treng ikkje rippe for mykje opp i overgangsstriden hausten 1992, men veit at folk i Sogndal-systemet den dag i dag gremmast over at storebror i fylket prisa Hallvard Skrede nesten dobbelt så høgt som dei ville betale for Tore Andre Flo.

- Eg har opplevd eit veldig godt miljø i Stryn Fotball, slår Hallvard fast.

- Enkeltspelarar du vil framheve?

- Her er veldig mange namn som kunne nemnast. Terje Walaker og Asbjørn Øvreberg får ei ekstra stjerne.

DAGMUND A-LAGSTRENAR I TO PERIODAR

Dagmund Evebø gjorde seg bemerka som spelar først på 1980-talet, då STIL spelte på tredje øverste nivå. Seinare fekk han fleire sesongar i Hødd og Volda - i sistnemnde klubb både som spelar og trenar.Dagmund sin trenarkapasitet vart til fulle synleggjort då han vinteren 2005 overtok

Stryn 1922
100 års jubileum 1922 - 2022113

Dagmund Evebø

eit strynelag som hadde mista ei rekkje sentrale spelarar. Den unge Loen-backen Mats Solheim var einaste nykommar i tillegg til klubben sine unggutar. Dei mest pessimistiske snakka om nedrykk. I staden enda sesongen med hårfint kvaliktap mot eit toppa HamKam 2 under leiing av Ståle Solbakken!

Også 2006-sesongen gav KM-tittel i dåverande 3.divisjon. Dermed fekk Stryn for andre år på rad sjansen til kvalik for opprykk. Stryn rundspelte Lillehammer både på heime-og bortebane, men tapte opprykket på bortemålsregelen.

Dagmund legg ikkje skjul på at han gjorde seg nokre dystre tankar då han overtok eit veldig ungt og ferskt strynelag i 2005.

- På den andre sida såg eg det gunstige i å kunne spele fotball slik eg ønskte det. Med Per Ole Tenden og Jon-Terje Tjellaug, pluss ein heil gjeng unge og lærevillige spelarane fekk vi eit veldig godt lag, seier Dagmund.

At Stryn scora over 100 mål både i 2005 og 2006 er beviset på at trenaren fekk gjennomslag for sin spelestil.

Etter 2007-sesongen som enda med 4. plass, vart Dagmund engasjert som spelarutviklar/assistent trenar i AaFK.

Etter mellomspel i Volda, var Dagmund attende i Stryn til sesongen 2012. Omlegging av divisjonssystemet gjorde at laget spelte på nivå 3 med sterke motstandarar i bergensavdelinga.

-I 2014 kom vi på andreplass. Reint fotballfagleg vurderer eg det som beste prestasjonen.

Med spelarar som Vegard Hovland, Vegard Savland, Erling Myklebust, Simen Lillevik, Ruben Garlid, Anurathan Velakan m.fl. var dette det mest komplette strynelaget eg har trent, seier Dagmund.

Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 114

gav klubben eit veldig løft

Etablering av grusbana (seinare kunstgras) vest for klubbhuset - «St. Halvards Ground» - var sterkt medverknad til Stryn Fotball sin sterke frammarsj på 1980-talet og etterfylgjande tiår. I spissen for det imponerande dugnadsarbeidet stod Halvard Leirgulen. Sjå omtalen frå jubileums boka til Stryn T&IL.

Stryn har i dag eit av dei aller beste fotballanlegga i Sogn og Fjordane, med fasilitetar som tidlegare generasjonar berre kunne drøyme om. Så seint som på slutten av 1970-talet, måtte Stryn Fotball klare seg med grasbana frå 1955. Der kapasiteten var sprengd. Før sesongstart trente A-laget i Utstillingshallen, parkeringsplassen og grusplassen ved Tonning skule/Stryn samfunnshus.

Til treningskampar var det vanleg å låne grusbana i Utvik. Eller aller helst ta turen til Oppstryn, der graset på Lund stadion vanlegvis var grønt fleire veker tidlegare enn på Stryn stadion.

Med «St.Halvards Ground» fekk klubben ei førsteklasses grusbane som kunne nyttast uansett verforhold. Bana vart også godkjend for seriekampar på tredje øverste nivå i norsk fotball. Etter tjue års bruk vart grusdekket skifta med kunststoff.

Halvard Leirgulen

Takk til Sparebanken Vest for økonomisk støtte til vårt jubileumshefte

«St. Halvards Ground»
Stryn 1922 100 års jubileum 1922 - 2022115

Vi heiar på alle!

Som kunde i Sparebanken Vest bidrar du til å forsterka det lokale engasjementet der du bur.

Kvart år gir vi tilbake noko av overskotet i form av trygd til gode prosjekt som bidrar til aktivitet, vekst og utvikling i lokalsamfunnet ditt.

Saman gjer vi det betre.

SAMAN FOR IDRETTEN
Foto: GettyImages Sponsor fotball NYN A4.indd 1 04.10.2022 10:19 Fotball 2022 100 års jubileum 1922 - 2022 116

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.