A5 Sponsorbrosjyre STIL

Page 1


Kjære

Samarbeidspartnar

Takk for at du vurderar å støtte fotballgruppa vår. Vi er ein breidde klubb som set lokalsamfunnet i fokus, der glede, meistring og samhald står sentralt. Gjennom heile året gjev klubben våre born, ungdommar og vaksne eit trygt og positivt miljø å vekse i – både på og utanfor bana.

Med di støtte kan vi vidareutvikle tilbodet vårt, styrke klubbdrifta og sikre at alle som vil, får moglegheit til å delta. Din støtte er uvurderleg for oss, og saman kan vi skapa meir enn berre gode fotballminne.

Takk for at du er med på laget!

Styret STIL Fotball

Økonomi skal ikkje vere ei hindring for born og unge frå å vere med i fotballen. Vårt ønske er at vi har så gode sponsorinntekter at vi ikkje treng å auke treningsavgifta..

Gro Pleym Iversen - Leiar Fotballgruppa

VISJON

Engasjert og ansvarlig

Meir enn berre fotball

Fotballgruppa i STIL er ein viktig lokal samfunnsaktør som bidreg på mange ulike arenaer. Vi er kvalitetsklubb og driv med systematisk klubbutvikling m.a. med samhandling, satsar på trenarutdanning, trygge rammer for born/unge og verdiskaping i anlegg.

Vi er den største gruppa i Sandane Turn og Idrettslag. Det er ca. 330 spelarar og eit støtteapparat på 116 personar.

Frå 2025 har STIL Fotball både dame-

og herrelag på seniornivå. Budsjettet dei seinare åra har vore ca. 1,5 mill. kroner. Eit samfunnsengasjert næringsliv, støtte frå Gloppen kommune/det offentlege og stor dugnadsinnsats er ein avgjerande faktor for aktiviteten.

Vi ønskjer eit best mogleg tilbod til alle som vil spele fotball, og har m.a. starta opp att Roselaget *

* Roselaget = eit tilbod for funksjonshemma

Verdigrunnlag

S t i l tolt, rygg, nkluderande og ojal

Organisasjonen:

• Å vere ein veldriven kvalitetsog breiddeklubb.

• Å sikre ein berekraftig organisasjon som er tilpassa klubben sine målsettingar.

Samfunnsoppdrag:

Folkehelse & Idrettsglede

Målsettinga:

Å sikre årlege driftsinntekter på minimum kr 4 millionar

Vi veit vi lukkast når vi har ein berekraftig økonomi som gjev oss grunnlag til å ha ein dagleg leiar i 100% stilling fast, delvis lønna sportsleg leiar og fått på plass ei Idrettsfritidsordning (IFO)

DOMMAREN

Vår største fotballkjendis

- eit viktig førebilde

Steinar Holvik fekk ei ualminneleg rik dommarkarriere og var kjendis i fotball verda. Her heime har han vore den mest jordnære og trufaste tillitsvalde vi kan tenke oss - som dommaransvarleg i STIL gjennom mange år, i tillegg til trenarverv.

1995: Steinar Holvik, Sandane debuterer som assistentdommar i 1. divisjon og er året etter i aksjon under eliteseriekampen mellom Molde og Rosenborg.

2000: Steinar Holvik er assistentdommar under cupfinalen på Ullevaal (Odd Grenland –Viking).

2006: Barcelona møter Arsenal i Champion League-finale i Paris. Dommartrioen er norsk, og den eine assistentdommer er Steinar Holvik, med adresse Sandane.

Til saman fekk Steinar Holvik 100 internasjonale oppdrag i perioden 1998-2011, noko som plasserer han på

Steinar Holvik

2006: Champion League finalen på Stade de France

tredje plass blant norske assistent dommarar i antall slike oppdrag.

Og ja, vi snakkar om samme mann som ein heilt vanleg septemberkveld dømmer Sandane og Svelgen i 2. divisjon avdeling 3 i G13-klassa.

Og jau, det er samme mann du kanskje har sett på treningsfeltet og på sidelina når J15-17 er i aksjon. Og heilt rett – det er samme mann som har vore dommaransvarleg i STIL dei siste 18 åra *

* Vidar Bjotveit har vært dommaransvarlig frå 2023.

“It takes a village to raise a child”

Landsbyen oppdrar borna saman

STIL Fotball jobbar i dette prosjektet med samhandling med offentlege etatar for at born med utfordringar skal kjenne seg trygge og ivaretatt på treningsfeltet og i klubben. Det er og viktig at born som allereie deltar i våre treningar skal oppleve dette som trygt.

Bli med på laget!

Våre Berekraft mål

Betalingsløysing for familiar med låg inntekt. Ein trygg og inkluderande fotball kvardag.

Aktivitetstilbod til born, unge og seniorar. Betre fysisk og mental helse gjennom aktivitet.

Likestilt tilbod til gutar og jenter. Betre kjønnsbalansen i styre og nemnder

Gode rutinar for gjenbruk av gummigranulat og sortering av søppel.

Ein viktig samfunnsaktør i Gloppen kommune. Samarbeid for betre lokalsamfunn

Godt skulerte trenarar og leiarar skal vere med å skape eit trygt og godt miljø og ansvarleg styring.

Kva treng vi

Sponsormidlar til?

Drift, vedlikehold og utvikling av anlegga våre

Gjennomføring av treningar og arrangement

Treningsutstyr

Kursing av trenarar, dommarar og leiarar

Diverse sosiale tiltak for store og små

Lagspåmelding

Planlegging av ei framtidig Idrettsfritidsordning IFO

Lønne dagleg leiar 75% frå 01.02.25

Lagbuss som sikrar trygg transport til kamp

Treningssamlingar for seniorlag før sesong

Fleire speleflater

Våre aktivitetar:

«Å hente heim lokale spelarar er den beste distriktspolitikk»
ARVE

HELLE styreleiar NFF Sogn og Fjordane

Trening og seriekampar

Akademitrening / Utviklingsgrupper

Tine Fotballskule

Fotball med eit ekstra fokus på jentene

Kompetanseheving

Trenarrettleiar

Grasrottrenar

Leiarkurs

Dommarkurs

HLR opplæring

Trygge rammer

Kick-off / debriefsamlingar / trenarforum

E-Fotball med lavterskel aktivitetstilbud

Superlaurdag / Løkkefotball

Årets Fair Play Lag/utøvar

Miniputt / knøtteturnering

Arrangør av KM Futsal aldersbestemt sluttspel

Arrangør seniorkampar

Anlegg opent for uorganisert trening

Kaldhall open heile året

Kvalitetsklubb

Frå 2014

UEFA Grasroot Award 2015

Trafikksikkerklubb

2023: STIL J2014

Fair Play klubb

Sogn og Fjordane 2022 for godt verdi- og haldningsskapande arbeid

Årets leiar NFF Sogn og Fjordane

2014 Sjur Gimmestad

2022 Gro Pleym Iversen

Tullenprisen

2003 Mathias Eikenes

2014 Sigrid H. Hansen

Milepelar

Årets unge dommar NFF Sogn og Fjordane 2023: Andreas Skeistrand Bakkelid

Gratis keepertrening over dei siste to åra for STIL og for naboklubbar

Daglig leiar tilsett frå 2025

Damelag frå 2025

= Video

Bli

med på

laget vårt !

Om du har ei trykt utgåve av dette sponsorheftet, så kan du laste ned den digitale utgåva på stilfotball.no, for å høyre intervju med desse flotte personane.

Marie

Ravnestad Mykland

2007

“Min favorittsport er fotball. Eg har forsøkt mange andre idrettar, men har enda opp med fotball og futsal. Fotball er kjekt både fordi det er ein lagidrett og fordi det sosialt. Eg har mange venner på fotballen og gode trenarar. Eg tenke at vi i STIL Fotball er heldige, fordi vi har eit supert anlegg, godt med utstyr og engasjerte trenarar med masse fotballkunnskap.”

Ulrik

Sægrov Øygard

2014

“Eg syns fotball er kjekt fordi eg får vere med lagkompisar.

Eg likar å sjå på fotball og blir veldig inspirert av dette. Vi er mykje på kunsten å spelar.

Det er gøy. Eg syns det er ekstra kjekt når vi backar kvarandre, når vi scorar mål og vinn litt kampar.”

Maria Karin

Dalsbø

Daglig leiar frå feb.2025

“Eg har tidlegare vore ein del av det flotte idrettsmiljøet på Firda VGS, og eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med å vidareutvikle STIL og STIL Fotball. For meg er utvikling av menneske og relasjonar viktig, og det å kunne gjere ein forskjell der eg er, for den enkelte og for lokalsamfunnet.”

Marianne Bakketun Fjellestad

Trenar og forelder til gutar 2015

“Eg opplever at STIL er ein kvalitetsbevisst og svært godt styrt klubb, med ein tydeleg profil på at ALLE er velkomne med. Det skal vere, og er, eit godt lag å vere ein del av!”

“Eg er begeistra for prosjektet It takes a village to raise a child, så eg vil gjerne gi honnør til klubben for initiativet”
Marianne

Mål for klubben

Få eit meir attraktivt herrelag som kan etablere seg på øvre halvdel av kretsligaen.

Satse på jenter - ha “det” damelaget i Nordfjord som alle jenter/ damer vil spele for.

Utvikling av kvalitetsklubben

Ha gode rammevilkår

Vere ein trygg og inkluderande breiddeklubb for alle

Skape idrettsglede og gode opplevingar

Bli ein sosial møteplass også for dei i slutten av 20-åra og 30-åra

Positiv samarbeidsaktør i lokalsamfunnet / samarbeide med klubbane i regionen.

Etablere eit 2. lag for herrar –breiddetilbod også for dei som ikkje ønskjer å satse/vere so seriøse

STIL sine seniorlag skal vere eit ekstra argument for at unge vel Firda VGS og spesielt idrettslinja.

STIL skal vere eit argument for at folk får lyst å flytte heim til Gloppen!

Overordna mål SPORT

Vi skal gi like moglegheiter for alle, legge til rette for kvalitetssikra aktivitet prega av meistring kombinert med utfordringar

Knøtt: like moglegheiter til å utvikle fotballferdigheiter

i trygge omgivnadar

Alderbestemt: ha eit engasjerande og fotballfagleg godt tilbod til alle spelarar uavhengig av nivå

Senior: ha eit attraktivt tilbod for damer og herrar samt ha eit breiddetilbod og “løkkefotball” for dei som ikkje vil satse.

Tilbod om tilrettelagt fotball

Halde på dei aktive og betre kvaliteten på tilboda

Frå venstre: Svein Kristiansen | Ingmar Sægrov | Gro Pleym Iversen | Marit Mardal | Arild Bruland | Steinar Holvik

Dugnads innsatsen

Pr.lag:

20 dugnadstimar pr veke

(mars - oktober)

400-500 timar pr. lag per år

24 knøttelag:

6 timar per lag per veke x 20 veker

(april - september)

ca 3000 timar per år

15 aldersbestemte lag: x 400 ca 6000 timar per år

Sport på anlegget: ca 9500 timar per år

2 senior lag: x 500 1000 timar per år

Samla inkl. adm og anlegg minst 10 000 timar per år

Eit årsverk utgjer ca 1700 timar –ca 6 årsverk i dugnad per år berre i fotballgruppa

6 x 600 000= 3,5 mill + innsats frå dei som har honorar.

Idrettsfritidsordninga

Frå 3. til 6. klasse frå 6 til 15 timar per veke

På vegne av STIL ønskjer STIL Fotball som første klubb i Sogn og Fjordane frå hausten 2025 starte opp idrettsfritidsordning (IFO). Dette vil vere eit ekstra tilbod til dagens SFO ordning etter skuletid.

Tilbodet vil vere ei dagleg ordning og gå på tvers av idrettar som fotball, handball, turn, ski, friidrett ++.

IFO vil ha ein tydeleg profil knytt til eit samfunnsmessig helseaspekt innafor blant anna: kosthald, fysisk aktivitet, sosial læring og gode vanar. Treningane skal vere prega av indre motivasjon,

meistring, aktivitetsglede med særleg fokus på fair play, respekt og folkeskikk.

IFO vil bli leia og følgt opp av ein fagansvarleg / sportsleg leiar frå STIL. Instruktørane vil mellom anna vere idrettselevar i samarbeid med Firda VGS, men vi vil også inkludere pensjonistar. IFO vil avhjelpe ressurs og plassutfordringa som i dag er på Sandane skule. Gloppen kommune er positive til tilbodet.

Ordninga vil vere eit kjærkome bidrag til småbarnsforeldre si tidsklemme då nokre av aktivitetane som i dag føregår på kveldstid kan skje i IFO-tida. Dette igjen vil også hjelpe med tanke på sprengt hallkapasitet i Trivselshallen på kveldstid.

“For

å få til dette, er vi avhengig av di hjelp!”

Namnerett

- Namnerettigheit på IFO i Gloppen

Profiltrykk

- På utstyr og utstyrspakke til utøvarane og instruktørane

Banner og reklameskilt

Andre punkt etter avtale

Damelag frå 2025

Likestilling og inkludering - Gjev moglegheiter for alle som vil motivere jenter til å delta i idretten og føle seg verdsett.

Samhold i lokalsamfunnet - Skapar engasjement og ein sosial møteplass som bidrar til fellesskap på tvers av kjønn og alder.

Forbilde for yngre spelarar og talentutvikling - Eit damelag gjev lokale jenter forbilde, og motivasjon og samstundes ein moglegheit til å utvikle seg og spele på eit høgare nivå.

Styrke klubbidentitet - STIL Fotball er ein heilskapleg og moderne organisasjon som famnar alle.

Treningsleir med Sigrid Heien Hansen

Lagsbuss - trygg transport til kamp

Vere “det” laget i Nordfjord alle jenter og damer vil spele for

Nytt tilbud

Vi har satt av plass til di bedrift på

Sponsorplakaten

DIN LOGO

Sandane

tilby deg som sponsor

LOGOEKSPONERING PÅ DRAKTER & UTSTYR

1

2

3

Drakter: Sponsorlogoen kan plasserast på speledrakter, treningsklede, og jakker, som ofte blir brukt i både kamp og trening.

Utstyr: Fotballutstyr som flasker og eventuelt trenings

baggar kan også bære sponsormerket. Dette gir god synlegheit på og utanfor bana.

PROFILERING

Reklameskilt: Skilt rundt bana eller langs sidelinja gir lokal eksponering, spesielt under kampar med publikum, og streaming av kampar i Kretsligaen

Banner og plakatar: Bannere med sponsorlogo kan plasserast på sentrale område ved tribunar, inngangspartiet eller klubbhuset.

Speaker / lydlogo: Under kampar kan sponsorar bli nemnde over høgtalarsystemet for å gi ekstra merksemd eller de kan få avspelt ein lydlogo/jingle.

SYNLIGHEIT PÅ DIGITALE PLATTFORMER

Sosiale media: Klubben kan profilere sponsorar på sine sosiale kanalar og nettsider. Dette inkluderer innlegg om kampar, resultater og klubbaktivitetar der sponsorar kan få merksemd.

Nyheitsbrev og nettside: Sponsoren kan få profilering i klubbens nyheitsbrev eller på heimesida, ofte med logo eller ei kort omtale.

4 5

LOKAL PROFILERING & ARRANGEMENT

Arrangement & turneringar: Sponsorar kan bli synlege ved turneringar, avslutningar, eller andre arrangement klubben held. Dei kan få sine eigne standplassar, eller til og med namngjeving av arrangement.

Sosiale arrangement: Ved sosiale arrangement som klubbkveldar, dugnadar eller samlingar kan sponsoren få moglegheit til å møte opp og snakke med lokale deltakarar og bygge relasjonar med både foreldre, spelarar og frivillige.

SAMFUNNSARBEID OG LOKALE INITIATIV

Sponsor med lokal verdi: STIL Fotball er ein sentrale aktør i lokalsamfunnet, og som sponsor kan de støtte prosjekt som byggjer fellesskap og engasjement som lotteri & Gloppenkortet. Eller andre initiativ for born og unge, idrettsdagar, eller tiltak for auka inkludering.

Samfunnsansvar: Dette gjev deg som sponsor sjansen til å vise ditt engasjement for born og unge gjennom stønad til fysisk aktivitet og idrettsglede, noko som kan gi eit positivt omdømme i lokalmiljøet.

TILGANG TIL KLUBBEN SITT NETTVERK

6

Relasjonsbygging: Som sponsor får de tilgang til å vere med på sponsortreff eller klubbkveldar som gir moglegheit for nettverksbygging med andre sponsorar, samarbeidspartnarar og føresette. Merksemd ved dugnadsinnsats: Som sponsor kan de også bidra på dugnadar og bli synleg på ein annan måte i lokalmiljøet, som skapar ei kjensle av samhøyring med klubben og lokalsamfunnet.

All profilering er eksklusiv trykkkostnader og profilkostnader.

Skiltproduksjon: Er ikkje inkludert. Skilta er sponsor sin eigedom.

Våre Sponsorpakkar

Som sponsor for STIL Fotball er du ein viktig støttespelar. Dette kan gje bedrifta ei god eksponering lokalt, regionalt og vil vere noko vi trur tilsette og kundar vil verdsette.

Krav til 3-års avtale ved draktreklame.

Uavhengig av sponsorpakke får alle følgjande:

Sak på nettet: ved avtalesignering, som blir delt på sosiale media.

Annonse: på vår nettside stilfotball.no med link til eigen nettstad.

Promotering: Moglegheit til å promotere eigne nyheiter og tilbud gjennom våre kanalar.

Nettverk: Tilgang til klubben sitt nettverk

Sponsorpakke Generalsponsor

Innhaldet i denne sponsorpakken blir framforhandla enkeltvis med potensielle generalsponsorar. Ikkje fast innhald. Bindingstid 3 år

• Stadionreklame

• 4 skilt a 1 m høgde x 3 m lengde

• Namnerettigheit

• Kaldhall, Nordåsen 4

• Eksponering av logo

• Spelardrakter senior: logoplassering 5 (mage)

• Eksklusiv logo-trykk på alle drakter frå knøtt til og med småjente/gutt

• Trykk på samtlige overdelar i klubbkolleksjonen (ytterjakker, overtrekksjakker, gensarar og hettejakker)

• Sponsorvegg

• Logoplassering sponsorvegg

• Profilering SOME (Sosiale Media)

• Profilering på vår nettside, og våre andre sosiale media kanalar.

• Sesongkort både herrelag og damelag

• Antall etter behov

• Kampprogram

• Heilside annonse A5, A-lag herrer og damer [digitalt: klikkbar logo]

• Lydannonse

• Inntil 20 sekunder, ved alle A-lag kamper herrer og damer

• Nyheitsbrev

• Heilside annonse + redaksjonell omtale, ved 4 utgjevelsar pr.år

• Kampdagaktivitetar

• Moglegheit for kampdagaktivitetar som halvtidsshow, konkurransar o.l

• Sponsortreff / VIP opplevingar

• Deltaking med inntil 4 personar på sponsortreff / VIP opplevingar.

Sponsorpakke

Hovudsponsor (3 stk)

• Stadionreklame

• 2 skilt a 1 m høgde x 3 m lengde

• Eksponering av logo (Velg eit område på spelardrakt)

• Logoplassering spelardrakt: Logoplassering 3 (bryst) kr. 25.000,- ekstra

• Logoplassering spelardrakt: Bakside over draktnummer (11)

• Logoplassering spelardrakt: Bakside under draktnummer (12)

• Trykk på samtlige overdelar i klubbkolleksjonen (ytterjakker, overtrekksjakker, gensarar og hettejakker)

• Sponsorvegg

• Logoplassering sponsorvegg

• Profilering SOME (Sosiale Media)

• Profilering på vår nettside, og våre andre sosiale media kanalar.

• Sesongkort både herrelag og damelag

• Antall etter behov

• Kampprogram

• Halvside annonse A5, A-lag herrer og damer, [digitalt: klikkbar logo]

• Lydannonse

• Inntil 20 sekunder, ved alle A-lag kamper herrer og damer

• Nyheitsbrev

• Halvside annonse, ved 4 utgjevelsar pr.år

• Kampdagaktivitetar

• Moglegheit for kampdagaktivitetar som halvtidsshow, konkurransar o.l

• Sponsortreff / VIP opplevingar

• Deltakelse med inntil 2 personar på sponsortreff / VIP opplevingar.

Sponsorpakke Gullsponsor (2 stk)

• Stadionreklame

• 1 skilt a 1 m høgde x 3 m lengde

• Eksponering av logo

• Logoplassering spelardrakt: Krage (1)

• Logoplassering spelardrakt: Krage (2)

• Sponsorvegg

• Logoplassering sponsorvegg

• Profilering SOME (Sosiale Media)

• Profilering på vår nettside, og våre andre sosiale media kanalar.

• Sesongkort både herrelag og damelag

• Antall etter behov

• Kampprogram

• 1/4 annonse A5, A-lag herrer og damer, [digitalt: klikkbar logo]

• Nyheitsbrev

• 1/4 annonse, ved 4 utgjevelsar pr.år

• Kampdagaktivitetar

• Moglegheit for kampdagaktivitetar som halvtidsshow, konkurransar o.l

• Sponsortreff / VIP opplevingar

• Deltakelse med inntil 1 personar på sponsortreff / VIP opplevingar.

Sponsorpakke

Sølvsponsor (7 stk)

• Eksponering av logo

• 1: Logoplassering spelardrakt: Venstre arm (6), Kr. 15.000 ekstra

• 2: Logoplassering spelardrakt: Høgre arm (4) Kr. 15.000 ekstra

• 3: Logoplassering spelardrakt: Bakside shorts begge lår (13 og 14)

• 4: Logoplassering spelardrakt: Shorts høgre lår (7)

• 5: Logoplassering spelardrakt: Venstre lår (8)

• 6: Logoplassering spelardrakt: Sokkar begge bein (9 og 10)

• 7: Logoplassering spelardrakt: Sponsor av slagord “Landsbyen oppdrar borna saman”

• Sponsorvegg

• Logoplassering sponsorvegg

• Profilering SOME (Sosiale Media)

• Profilering på vår nettside, og våre andre sosiale media kanalar.

• Sesongkort både herrelag og damelag

• 3 stk

• Kampprogram

• 1/8 annonse A5, A-lag herrer og damer, [digitalt: klikkbar logo]

• Nyheitsbrev

• 1/8 annonse, ved 4 utgjevelsar pr.år

• Sponsortreff / VIP opplevingar

• Deltakelse med inntil 1 personar på sponsortreff / VIP opplevingar.

• Stadionreklame

• 1 skilt a 1 m høgde x 3 m lengde

Sponsorpakke

NB* løpande årleg avtale der selskapet må seie opp avtalen innan 01.10.

• Profilering SOME (Sosiale Media)

• Profilering på vår nettside, og våre andre sosiale media kanalar.

• Sesongkort

• 1 stk

• Nyheitsbrev

• Stadionreklame

• 1 skilt a 1 m høgde x 3 m lengde

• Vær synlig som STIL Patriot - klikkbar logo med henvisning til din nettstad.

Sponsorpakke

Stadionreklame

NB* løpande årleg avtale der selskapet må seie opp avtalen innan 01.10.

• Stadionreklame (Profiler din bedrift med stadionreklame)

• 1 skilt a 1 m høgde x 2 m lengde på Sandane Idrettspark

• Kostnad for produksjon kjem i tillegg

• Nyheitsbrev

• Profiler din bedrift via klikkbar logo i vårt nyhetsbrev, 4 utgjevelsar pr. år

Sponsorpakke

Idrettsfritidsordning (IFO)

• Spesialpakke

• Her set vi saman ein spesial pakke som passar sponsor og klubb

Spesialpakke

Kampsponsor herre/dame kamp

• Stand på kamparena

• Eksponering på kamp i form av stand på kamparena

• Lydannonse

• Lydannonse på inntil 20 sekunder

• Blir avspelt før kamp, i pausen

• Annonsering

• Logo på all annonsering i forkant av kampen

• “STIL utfordringa”

• Konkurranse i pausen for nokre få publikumarar.

Om å gjere å treffe midtstreken med ball, frå eit punkt rett utanfor tribuna.

Ein attraktiv premie som sponsoren gjev. Eks: kinobillettar, gåvekort pizza osv.

• Dagens beste spelar

• Sponsor står for premie til dagens beste heime og bortespelar, samt dommarteam.

• Signert lagbilde

• Sponsor får innramma signert lagbilde av alle spelarar + representantar frå bedrifta med reklamebanner i bakgrunnen.

• Kampbillettar

• 10 gratis billettar til den aktuelle kampen

Hovudsponsor Lagsbuss

Lagsbussen blir brukt gjennom heile sesongen av A-laga (herrer/damer) og mange turar i aldersbestemt fotball. Dette er ein veldig fin måte å sikre god profilering av di bedrift, samt sikre god trafikksikkerheit i STIL

• Heilprofilering lagsbuss

• Heilprofilering buss, eit rullande reklameskilt for di bedrift.

• Nyheitsbrev

• Profiler din bedrift via klikkbar logo i vårt nyhetsbrev, 4 utgjevelsar pr. år

• Sesongkort

• 5 stk

• Nyheitsbrev

• 1/1 side annonse, ved 4 utgjevelsar pr.år

• Sponsortreff / VIP opplevingar

• Deltakelse med inntil 2 personar på sponsortreff / VIP opplevingar.

• Kom på kamp og støtt

• 1 stk kampbillett (valgfri kamp)

• STIL-skjerf

• STIL-flagg

Krav

Landsbyen oppdrar barna saman

FORKLARING:

1: Storleik: inntil 75 cm2

2: Storleik inntil 75 cm2

3: Storleik inntil 60 cm2

4: Storleik inntil 120 cm2

5: Storleik inntil 630 cm2

6: Storleik inntil 120 cm2

FOTBALL FOR ALLE - glede, draumar og fellesskap

7 - 8: 1 reklame på inntil 150 cm2 på kvart buksebein

9 - 10: 1 reklame på inntil 150 cm2 på kvar strømpe

11: Storleik inntil 350 cm2

12: 1 reklame på inntil 150 cm2

13 - 14: 1 reklame på inntil 150 cm2 på kvart buksebein

Støttespelarar

Nokre av våre
Sandane

Føresetnad & Vilkår

Kontrakt

1. BAKGRUNN/FORMÅL

STIL Fotball forvaltar sine medlemmars marknadsrettar innanfor omfanget av Idrettslaget/klubbens verksemd, jf. NIFs kapittel 13 marknadsbestemmelser.

Gjennom denne avtala vert selskapet gitt rett til å profilere si verksemd ved å nytte klubben i sin marknadsføring.

2. SPONSOR SINE RETTAR

2.1 Betegnelser

Selskapet får gjennom denne avtala rett til å nytte følgjande betegnelse: «Sponsor for STIL Fotball».

2.2 Rett til kommersiell utnytting av namn og logo

Selskapet har i avtaleperioden rett til å nytte klubben sitt namn og logo i intern og ekstern marknadsføring, samt i alle presentasjonar av verksemda.

2.3 Val av sponsorpakke

Selskapet har valgt følgjande sponsorpakke:...................................................................

3. SPONSOREN SINE FORPLIKTINGAR

3.1 Godtgjersle (eks mva)

For rettar i henhald til denne avtala skal selskapet betatale kr NOK ............................

(Ev.spesifiser:)

3.2 Utforming av reklame

Selskapet skal tilstrebe å vise varsemd ved utforming av reklame knytt til idretten. I henhald til NIFs lov kapittel 13 skal reklama ikkje verke forstyrrande eller skjemmande, og må ikkje kome i konflikt med idrettens etiske grunnverdiar.

4. STIL FOTBALL SINE FORPLIKTINGAR

Klubben og deira medlemmar pliktar å vise omsorg og lojalitet for selskapet sine interesser etter denne avtala. Klubben og deira medlemmar skal fremje selskapet på best mogleg måte overfor publikum og media.

5. FORHOLD TIL IDRETTENS REGELVERK

Selskapet er kjent med at STIL Fotball er underlagd følgjande

Idrettsornisasjonar sine til ein kvar tid gjeldande føresegnar:

• Norges Idrettsforbund (NIF)

• Norges Fotballforbund (NFF) lover, herunder konkurransereglar og marknadsreglement.

Kvar av partane har eit sjølvstendig ansvar for å gjere seg kjent med desse reglane. Idrettens regelverk skal leggast til grunn mellom partane ved eventuell motstrid mellom føresegnene i denne avtalen og idrettens reglar. Dei nasjonale reglane finst på www.nif.idrett.no

6. AVTALEPERIODEN

1år Løpande avt. 2år 3år

Denne avtalen gjeld for: og opphøyrer utan føregåande oppseiing ved årsslutt. Ved avtalens opphøyr/utløp bortfaller partane sine rettar og forpliktingar etter denne avtalen, men allereie påbegynte marknadskampanjar kan ferdigstillast dersom begge partar ønskjer det.

7. MISLIGHALD

Dersom ein av partane vesentleg mislighaldar denne avtalen, eller unnlèt å rette opp eit mislighald innan 30 dagar etter å ha blitt oppfordra til det ved skriftleg varsel frå den andre parten, kan den andre parten heve avtalen. Ovennevnte føresegnar hindrar ikkje partane i å gjere gjeldande andre mislighaldsbeføyer (krav om retting, omlevering, erstatning m.m.) som følgje av at ein av partane har mislighaldt sine forpliktingar etter avtalen.

8. OVERFØRING AV RETTIGHEITER OG PLIKTER

Partane sine rettar og forpliktingar i henhald til denne avtalen kan ikkje overførast utan føregåande skriftleg samtykke frå den andre parten.

9. KONFIDENSIALITET

Begge partar forpliktar seg til å halde innhaldet i avtalen fortrlig. Alle offentlegegjeringar skal på førehand vere godkjende av begge partar.

10. TVISTAR

Alle tvistar eller uovereinskome vedrørande denne avtalen skal søkjast løyst i minnelighet. Partane skal lojalt og etter beste evne søkje å bidra til at løysinga skjer ved forhandlingar. Dersom løysing ikkje oppnåast i minnelighet innan 30 dagar etter at ein av partane har kravd forhandlingar, jf. avsnittet ovanfor, skal tvisten løysast ved dei sivile domstolar. Vernetinget avtalast å vere i Vestland fylke.

11. REPRESENTANTAR

All kontakt og eventuelle forhandlingar mellom partane skal så lenge ikkje noko annet er avtalt skje mellom:

For selskapet:

Namn:..........................................................

Tittel.............................................................

Mobil:...........................................................

E-post:..........................................................

For STIL Fotballgruppe:

Namn:.......................................................... Tittel.............................................................

Mobil:...........................................................

E-post:..........................................................

Stad:.............................Dato:.......................

For selskapet

For STIL Fotball

Merknadar | Notatar

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.