avisa Verdiskaping i distrikta
Herøy
Gjertneset - Side 30
Ålesund
Lerstadbakken - Side 16
www.norhuskjeden.no
Ørsta
Målargarden - Side 6
Side 1
Innhald 3
8
30
33 Side 2
26 27 27
Ulstein Saunes Gjerdegata Sundgot - Einebustadtomt
28 30 30
Herøy Gjertneset Gjertneset - Einebustadtomt Teigelia
31 32 33
Fokus på løysingar Hakalle hyttefelt Hyttedraum ved Hovdevatnet
34
UNI+ - Våre 2019-modellar
Norhus - ikkje berre hus
4 6 6 7 7 8 10 11
Ørsta Målargarden Sandvegen Skytebanevegen Prestegarden Haugevegen Herskapelige Welhaven Soltun Bustadbyggjar som set spor
12 13
Volda Kårstadvegen Kapteinsvegen
14 14 15 15 16 18 22
Ålesund Bøbrekka i Skodje Blindheim Holmevatnet Lauritzgarden God planlegging gir gode resultat Lerstadbakken Lerstad/Stavdal H7
22 23 24 24 25
Sula Eindsnes - Einebustadtomt Villa Holmen - Ein tidlaus klassikar Øvre Kipperberget Vågneset Bygger tillit
Norhus - Ikkje berre hus
Tove Mek Eidset Kontorleiar tove.mek.eidset@norhuskjeden.no 926 72 722
Norhus har utvikla seg til å bli av dei største utbyggjarane på Sunnmøre og i Nordfjord. Vi er spesialiserte på feltutbygging og større tomteområder. Dette vert lagt merke til, og vi har mellom anna vore nominert til byggeskikkprisar og motatt den prestisjetunge Nyskapingsprisen frå BoligProdusentenes Forening.
Cesilie Warholm Havåg Kontormedarbeidar cesilie.havag@norhuskjeden.no 996 29 090
Vi har som mål å være eit kvalitetsstempel, velkjend i området. For dei som skal til å byggje seg ny bustad kan vi tilby ulike hustypar og vi har eit godt kompetansesenter med solid fagleg bakgrunn.
Anders Rotevatn Prosjektingeniør anders.rotevatn@norhuskjeden.no 917 86 527
Våre prosjekt og huskolleksjonar består av eit mangfold av design. I denne avisa vil du kunne sjå variantane og dei ulike plasseringane. Legg særlig merke til vår nye einebustadkolleksjon Uni+. Denne har vakt oppsikt i bransjen og det er mange som etterspør noko nytt innanfor ferdighus. Vi kan tilby husvære i alle variantar, plassert i ulike kommuner. Kva er ditt favoritthus? Når du har funne ditt hus, kan Norhus kundetilpasse bustaden slik at du får draumehuset du alltid har ynskja deg. Du har draumane, vi har løysinga! Norhus vil være ein samfunnsbyggar. Ved å bruke lokale entreprenører og sysselsette der huset blir oppført er dette vår måte å trygge nærområdet slik vi får ei styrka bransje med god bærekraft. Dette kombinert med vår kunnskap og erfaring som husleverandør, gir deg tryggleik når du skal byggje din nye bustad. Vi er aktive på rekruttering og brukar mykje tid på å formidle dei mulegheitene som er innanfor ei stor spennande bransje til ungdom. For oss er det inspirerande, i tillegg gir det motivasjon å kunne bidra til utvkling.
Bjørn Ole Vassbotn Prosjektleiar bjorn.ole.vassbotn@norhuskjeden.no 913 67 454 Ivar Humberset Byggjeleiar ivar.humberset@norhuskjeden.no 404 93 529 Per Sigvald Hoggen Byggjeleiar per.sigvald.hoggen@norhuskjeden.no 913 67 400
Einar Holsvik Daglig leiar einar.holsvik@norhuskjeden.no 992 57 711
Odd Erik Hovden Salssjef odd.erik.hovden@norhuskjeden.no 915 88 166
Tommie Nylén Prosjektleiar tommie.nylen@norhuskjeden.no 416 35 162
Lauritz Holsvik Gründer lh@norhuskjeden.no 905 06 535
Vidar Loe Salsansvarlig Einebustad og Hytter vidar.loe@norhuskjeden.no 934 33 090
Vidar Amundø vidar@bygg-system.no
Side 3
Ørsta
Målargarden Funkisinspirerte leilegheiter med den beste lokaliseringa i Ørsta
Målargarden BRA P-rom Soverom
86 - 109 m² 80 - 103 m² 2-3 finn.no/115584225
Målargarden ligg på solsida i Ørsta - ein kort spasertur frå sentrum. Her har du alt du treng av servicetilbod. Kjøpesenter, legesenter, kafear, gågate, kunstgalleri, kulturhus, kino og bibliotek. Leilegheitene har private plattingar eller hyggelege balkongar med nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Prosjektet omfattar i alt 16 leilegheiter fordelt på 3 hus. Du kan velje om du vil ha ei leilegheit med 2 eller 3 soverom. Alle leilegheitene har smarte planløysingar. Her er det lyst og luftig, men likevel lunt og heimekoseleg. Vi set alle pris på god lagringsplass, det fylgjer difor med både innvendig og utvendig bod til alle leilegheitene.
Side 4
Vegger, tak og himling Taket innvendig i huset blir kledt med kvitmala takplater (60x120cm). Platene har ein klassisk utsjånad med ei glatt overflate, som gjer dei enkle å reingjere. Veggane vert levert med ubehandla sponplater. Platene er anbefalt av Norges Astmaog Allergiforbund. Utvendig vert bustaden levert med betongtakstein frå Benders. Lavenergibustad Lavenergibustad er eit nytt begrep for mange. I våre bustader vert det levert 20cm isolasjon i yttervegger og 40cm i tak. Med 3-lags superisolerte vindauge samt høgeffektive varmegjenvinningsanlegg betyr dette ein energiøkonomisk kvardag for deg som kunde. Ferdig montert vedomn er standard i våre leveransar. Kjøken Kjøkeninnreiing frå Sigdal av typen Kvit Uno. Soklar og skrog vert levert i kvite utføring. Laminat benkeplate med rett kant og vask i rustfritt stål med to kummar.
Bad 100 cm baderomsinnreiing med heildekkande servant, levert av Sigdal. Leilegheitene vert i utgangspunktet levert klare for eigeninnsats. Det vil sei at Norhus setter opp leilegheitene, og let kjøpar ta seg av overflater på golv og veggar. Kjøpar kan då gjer dette arbeidet sjølv, for å sette sitt personlege preg på bustaden. For dei som ynskjer nøkkelferdig bustad, så er prisar på dette opplyst i prospektet.
Ørsta
Side 5
Ørsta
1. etasje
2. etasje
Sandvegen BRA P-rom Soverom Pris
117 m² 113 m² 3 finn.no/70067835 3 090 000 - 3 190 000
Bustaden har ein funkiesinspirert utsjånad med valmatak, balkong, store vindaugsflater og ei opa romløysing.
byr på vakker natur. Du og dine vil få vakre omgjevnadar, med gode høve for eit fantastisk friluftsliv.
Eit stille og rolig nabolag med kort veg til dei fleste funksjonar gjer dette til ein barnevennleg, sentral og kvalitetsfull heim. Dette bustadområdet har ei unik plassering med bra tilhøve for sol. Området
Bustaden vert levert klar til eigeninnsats. For kundar som ikkje har tid/høve til å utføre dette kan vi levere bustaden ferdig til innflytting. Ta kontakt for prospekt med prisar for dette.
1. etasje
2. etasje
Skytebanevegen BRA P-rom Soverom Pris Side 6
117 m² 113 m² 4 finn.no/126102279 2 990 000 - 3 090 000
Velkommen til ein ny type bustad, sterkt prega av funkisstilen. Det er innteikna funksjonelle løysingar, utprega bruk av vindauge og spanande materialbruk! Arkitektane har teke utgangspunkt i å skape individuelle bumiljø for kvar leilegheit, og har brukt den flotte plasseringa for det den er verd! Begge leilegheitene får carport, med kort avstand til inngongsdører. Det er romslege uteplassar,
med særs solrike forhold. Leilegheitene har gode løysingar, og ein kan få inntil 4 soverom. Bustadane ligg flott til i Hovdebygda, med gode solforhold. Matbutikk, skule og barnehage er innan gangavstand. Busstopp ligg 400m frå bustadene.
Ørsta
Prestegarden BRA Soverom Pris
71 - 82 m² 2-3 finn.no/77183646 2 190 000 - 2 690 000
Dette er ein ny type bustad, som er sterkt prega av funkisstilen. Vi har valt nye løysingar, utprega bruk av vindauge og spanande materialbruk! Arkitektane har teke utgangspunkt i å skape individuelle bumiljø for kvar leilegheit, og har brukt den flotte plasseringa for det den er verd! Alle leilegheitene får romslege garasjer, med kort avstand til inngongsdører. Det er romslege
uteplassar, med særs solrike forhold. Leilegheitene har gode løysingar med livsløpsstandard, og kjem med inntil 3 soverom. Prosjektet består av 6 leilegheiter fordelt på 2 etasjar. Kvar leilegheit inneheld kjøken, stove, bad og 2-3 soverom. I tillegg har kvar leilegheit eigne garasjer. Her vil du kunne nyte det gode liv sommar som vinter.
1. etasje
2. etasje
Haugevegen BRA P-rom Soverom Pris
115 m² 108 m² 4 finn.no/86221189 3 290 000 - 3 390 000
Denne tomannsbustaden ligg særs sentralt til i Ørsta. Det er gåavstand til Ørsta sentrum og det meste av fasilitetar er innan kort rekkevidde. Bustadane vert levert etter lavenergi-standarden med 20cm isolasjon i ytterveggar, og 40cm i tak. Alle vinduage er oppgraderte med 3-lags superenergiglass. Det er også både høgeffektiv
balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vedomn montert. Bustaden vert levert klar til eigeninnsats. For kundar som ikkje har tid/høve til å utføre dette kan vi levere bustaden ferdig til innflytting. Ta kontakt for prospekt med prisar for dette.
Side 7
Herskapelige Welhaven Ein solfylt septemberdag var Bymagasinet på besøk hjå Ragna Helen og Andreas i deira nye bustad i Sykkylven. Einebustaden er med sine 250 kvadratmeter både romsleg og herskapeleg, med 4 soverom, loftstove, 2 bad, stove, kjøken og hagestove. Sjølve byggeprosessen byrja i oktober, men allereie i juli kunne dei flytte inn og starte det spanande eventyret med å skape bygget om til ein heim som er berre deira. Foto: Kristin Støylen. Styling: Sandra Sigurjonsdottir/GF Interiør Huset er bygd oppe i høgda på Haugset med Fagrefjellet som nærmaste nabo. Frå tomta kan dei nyte utsikt mot Ålesund og Godøya. Ragna Helen Brunstad og Andreas Brunstad bur i huset saman med katten Spidey som nyleg fekk 5 små kattungar. Det er Andreas sjølv som saman med faren har gravd ut og planert tomta. Huset er ein kundetilpassa Villa Welhaven-modell levert av Norhus. I samarbeid med Norhus har paret gjort nokon endringar frå originalen, mellom anna er entréen større og søylene utvendig er oppgradert. Modellen er planlagt med ti centimeter ekstra takhøgde og endar på svimlande 250 centimeter, noko som gir eit svært luftig inntrykk i begge etasjane. Stilen i heimen er prega av kvite og grå tonar. Gråfargen heiter kvit-lin og går igjen i de fleste rom. Ragna Helen og Andreas trivs med å invitere
Side 8
mange gjestar på besøk. Dei valde derfor ein romsleg sofa frå Tennøy Trading. Fargevalet passar godt i miljøet og gir eit flott inntrykk. Stolane i tilhøyrande serie er også frå Tennøy Trading. Opprinnelig skulle der være ei skyvedør der peisen er plassert, men paret har valt å bruke peisen som romdelar. På den måten får dei ei opa løysing samtidig som dei ulike sonene blir naturlig avgrensa. Alle vindauga og skyvedører er levert av H-vinduet Bauge, med energivennlige3-lags glas. Både vindauga og dei utanpåliggande demonterbare sprossene, er naturlegvis levert med vedlikehaldsfri aluminium utvendig. Sprossene er bevisst valt for å framheve huset sin elegante stil. Dei er også valt så smale som mogleg for å få mest mogleg lys inn og behalde den fantastiske utsikta. Sprossene er enkle å demontere når ein skal vaske glasa.
Kjøkenet er i ein herskapeleg stil og byr på godt med benkeplass og oppbevaringsplass. Saman med ei stor spisestove ligg alt til rette for å invitere venar og kjente til sosiale samankomstar. Bada er like flotte som resten av heimen. I andre etasjen har dei valt badekar medan det er dusj i første etasjen. Lyse fliser i kontrast med dei noko mørkare veggplatene gir badet et lekkert preg.t. Trappa frå Stryntrappa heiter Fiol. Paret har valt tette trinn istaden for opa for å forsterke den herskapelege stilen. Med trinn i ask i fargen værbitt grå og stusstrinn i kvit sklir trappa rett inn i miljøet og bidreg til eit klassisk, heilheitleg inntrykk. Soverommet er lyst og fint, med ein mørkare kontrastvegg som gir dybde og stemning i rommet. Senga, som er frå Tennøy Trading, er valt i ein farge som harmonerer med resten av miljøet, og er både romsleg og komfortabel.
– Dei store vindauga gjer at det alltid er herleg lyst inne, uansett vær og årstid. Vi ynskjer ei lun atmosfære i heimen, og liker å mjuke opp med tekstilar og ein dempa fargeskala.
Side 9
Ă˜rsta
Soltun
K
je m
fo r
sa
l
Tomannsbustadar i Hovdebygda
Feltet ligg flott til i Hovdebygda. Vi planlegg oppstart i 2019. Ta kontakt for meir informasjon.
Side 10
Bustadbyggjar som set spor Vi realiserar fleire spanande bustaddraumar no enn før. Godt planta fotfeste er viktig også når ein skal ut i nye områder og marked. Vi ser fram til å arbeide vidare med det same viktige hovudmålet som alltid – fornøgde kundar! Vi er stolte av å kunne sjå tilbake på alle dei bustadane som vi har levert i Noreg. Vi har bygd nær 3 000 hus og moderne leilegheiter i fleirmannsbustader for mange flotte kundar rundt omkring i landet. Vi har hatt store og små prosjekt, unge og godt vaksne kundar. Fleire kjem attende når livssyklusen endrar seg. Vi er takksame for den tilitta som kundane gir oss. Nokre har investert i sin aller første heim, andre har kjøpt seg ei moderne og lettstelt leilegheit for dei gode pensjonistdagane. Same kven kjøparane er, har vi alltid sett kvalitet, konkurranseevne og personleg kundeservice fyrst. For det aller viktigaste for oss er fornøygde kundar, som vi vil møte igjen! Ringverknadar Einar Holsvik er leiar i Norhus. Han er stolt av dei tilsette i selskapet, som veks samen med marknaden og utviklar seg i takt med tida. – Vegen fram til i dag har vore prega av å byggje Norhus stein for stein. Vi har hatt fokus på å byggje opp eit sterkt varemerke gjennom kundane og ringverknadar som vi skapar i samfunnet. Ved å
bruke lokale entreprenørar gir vi vekst også i det samfunnet vi tek del i. Dette har vi lykkast med, og vi har eit særs godt kompetansemiljø rundt oss, fortel Einar Holsvik stolt.
huset heilt ferdig, fortel Holsvik. God planlegging bidreg til at alle partar har gjennomgåande kjennskap til huset, noko som sikrar ein trygg og god byggjeprosess.
Vi har som mål å halde fram med denne gode utviklinga. Dette er særlig viktig når vi startar større utbyggingar i nye områder som Herøy. Vi vil ikkje nå målet på kortast mogleg tid, men held fram med å byggje oss betre stein for stein.
– Når huset er godt planlagt på førehand, vil byggjeprosessen bli bedre og meir effektiv. Det oppstår alltid ei utfordring, det beste då er å finne løysing istaden for å fokusere på utfrodringa, meinar Holsvik.
Følgjer kunden frå A til Å Å byggje nytt hus er ei stor investering for dei fleste av oss. I Norhus er vi opptekne av å skape ein trygg byggjeprosess og fylgjer kundane våre gjennom heile prosessen frå A til Å. – Seljarane våre set seg alltid ned saman med kundane for å snakke om ynskja deira for det nye huset. Her blir behova avdekt, og vi ser på korleis huset kan tilpassast kunden sine ynskjer. Deretter utarbeider arkitektar skisser. Når kunden er fornøgd, sender vi skissene vidare til prosjekteringsavdelinga, som teiknar og bereknar
Side 11
Hakallestranda
Volda
Kårstadvegen Flotte bustadar på ei av dei beste tomtene i Volda
2. etasje
1. etasje
Kårstadvegen BRA P-rom Soverom Pris
118 m² 113 m² 4 finn.no/117293548 3 490 000 - 3 590 000
Bustadane har ei særs gunstig plassering: Røysmarka Barnehage er næraste nabo. Innanfor 150m ligg nye Øyraskulen, matbutikk og Høgskulen i Volda. Volda Sjukehus og Spinneriet er også innanfor gåavstand. Flott utsikt frå stove i 2. etg, og gode solforhold! Bustadane vert levert etter lavenergi-standarden med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40cm i tak. Alle vinduage er oppgraderte med 3-lags superenergiglass. Det vert også levert både høgeffektiv balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vedomn.
Side 12
Bustaden vert levert klar til eigeninnsats. For kundar som ikkje har tid/høve til å utføre dette kan vi levere bustaden ferdig til innflytting. Ta kontakt for prospekt med prisar for dette. Bustaden har ein funkisinspirert utsjånad med valmatak, balkong, store vindaugsflater og ei opa romløysing. Balkongar og utsikt er sørvendt, med gode utsiktsforhold. Det vert oppført carport og boder på tomta. Bustadane har og gode planløsninger med fokus på individuelle bumiljø.
Volda
Kapteinsvegen Funkis tomannsbustad med flott utsikt
1. etasje
Kapteinsvegen BRA P-rom Soverom Pris
117 m² 108 m² 3 finn.no/120571624 4 090 000
2. etasje
Det er lansert ein ny type bustad, som er sterkt prega av funkisstilen. Det er innteikna nye løysingar, utprega bruk av vindauge og spanande materialbruk! Arkitektane har teke utgangspunkt i å skape individuelle bumiljø for kvar leilegheit, og har brukt den flotte plasseringa for det den er verd! Begge leilegheitene får carport. Det er romslege ute plassar, med særs solrike forhold. Leilegheitene har gode løysingar med livsløpsstandard, og kjem med både 3 og 4 soverom.
Volda vidaregåande skule ligg like i nærleiken, barnehage er også innanfor gåavstand. Leilegheitene er i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats. Det vil sei at Norhus setter opp leilegheitene, men overlet overflater på golv og veggar til kjøpar, som kan gjer dette arbeidet sjølv for å sette sitt personlige preg på bustaden. For dei som ynskjer nøkkelferdige leilegheiter, så er prisar på dette opplyst i prospektet.
Kapteinsvegen ligg flott til med panoramautsikt over Volda sentrum og fjorden. Plasseringa gjer at det er enkel tilkomst til bustadene.
Side 13
K
je m
fo r
sa
l
Ålesund
+42
+44 +41
+42.4 +41 .3 1=+ 41.5
+40
1:8 1= +4 1.4
FREM CA TID RPO IG RT
BER EG NE TS EN TER LIN JE
+41
.3
8 1:
Tom tA
1:8
+38
+43
+42.1
+39
FREM CA TID RPO IG RT
+4 1.3 1=+
636 m2
41.5
+42
1=+ 41.4
+41 +40
638 m2 +39
Tom tB
+38
BER EG NE TS
EN TER L
INJ E
Bøbrekka i Skodje To flotte tomannsbustadar med særs sentral plassering er under byggjemelding på denne tomta. Bustaden har ein funkiesinspirert utsjånad med valmatak, balkong, store vindaugsflater og ei opa romløysing. Ta kontakt for meir informasjon. Kjem for sal innan kort tid.
Blindheim BRA 133 m² P-rom 128 m² Soverom 4 Nøkkelferdig bustad klar til innflytting Pris 4 790 000
Side 14
Kvar bustad inneheld stor stove / kjøken, 4 soverom, bad, romslege gangar og ei innvendig bud. Garasje med stor sportsbud er også inkludert. Utvendig kledning og lister er grunna med 1 strøk oljedekkbeis. Inngangspartiet ligg på sida av huset i 1. etg. Du kjem inn i ein romsleg entre, der du har høve til å sette opp graderobeløysingar for oppbevaring av kle og sko. På den eine sida er det dører inn til to
store soverom. Frå det eine av desse soveromma er det balkongdør ut til bakkeplan. På den andre sida av gangen er det eit soverom til, ei bud og eit bad. Frå gangen er det trapp opp til 2. etg. Her er det stove, kjøken og eit soverom. Stova er stor og romsleg, her er det lagt vekt på mange og store vindauge som bidreg til mykje naturleg lys i rommet. Frå stove kan ein gå ut på ein balkong, der ein seine sommarkveldar kan nyte både sol og flott utsikt.
Ålesund
1. etasje
2. etasje
Holmevatnet BRA P-rom Soverom Pris
111 m² 117 m² 3 finn.no/104422860 3 790 000 - 3 890 000
Lauritzgarden BRA P-rom Soverom Pris
131 m² 115 m² 3 finn.no/104432781 4 490 000 - 4 790 000
På Holmevatnet, rett ved Blindheim, byggjer Norhus 2-mannsbustader. Bustadane vil ha kort veg til butikk, og ligg berre 5-10 minutt unna Moa.
for å nyte sola på seine sommarkveldar. Utsikta er fantastisk.
2-mannsbustadane vil være sørvendte med inngang på hovudplan. Bustadane har opa stove/ kjøkenløysing med store vindauge som slepp inn mykje lys. Frå stova kan du gå ut på balkongen
Einebustadar i rekkje med fantastisk utsikt. Her er det kort veg til butikk og busstopp. Fine turstiar, mellom anna opp til Høgenakken, ligg ikkje langt unna.
leverer 3-lags superisolerte vindauge, høgeffektive varmegjenvinningsanlegg og ferdig montert vedomn som standard. For deg som kunde betyr dette ein energiøkonomisk kvardag i åra som kjem.
Lavenergibustad er eit nytt begrep for mange. Våre bustader vert levert med 20 cm isolasjon i ytterveggar og heile 40 cm isolasjon i tak. Vi
Side 15
God planlegging gir gode resultat proESS AS er eit ingeniør- og arkitektkontor som kan hjelpe til med realisering av bustaddraumen. Dei har hovudkontor i Lerstadvegen 540, i same bygning som Norhus si avdeling i Ålesund. I tillegg til dette har dei to avdelingskontor. Eit på Åndalsnes og eit i Fredrikstad. 2018 kan summerast opp som eit produktivt, spanande og lærerikt år for proESS. Dagleg leiar Sindre Øenogfagleg leiar Svein Olaf Stensland kan fortelje om mange spanandeprosjekt, forespørslar og nye fagområde. Med sine dyktige tilsette og fornøgde kundar styrker proESS fotfestet i marknaden og kan realisere stadig nye byggjedraumar for kundane sine. I 2018 har proESS auka staben sin med ein ny arealplanleggar, og er for tida på utkikk etter ein arkitekt som kan gjere dei enda meir kompetente til å yte best mogleg kvalitet og resultat til sluttkunde.
Side 16
Vi ser moglegheitene i ditt prosjekt proESS si kundegruppe er ein samansetnad av husleverandørar, byggmeistrar og firma i huskjeder på den eine sida, og privatpersonar på den andre. – Mesteparten av våre prosjekt er oppdrag frå faste kundar, samtidig som vi opplever ein jamn tilvekst av nye kundar, fortel Stensland. proESS kan jobbe med alle typar bygg – frå barnehagar til fleirmannsbustadar. Kundane har ulike behov, men kort sagt er jobben den same, å finne best mogleg løysing for den aktuelle kunden!
Jobben kan vere å hjelpe kundar til å finne moglegheiter til kva dei kan byggje på tomta si. I tillegg kan proESS hjelpe til i prosessen mot kommunen. Dei kan vere med i heile prosessen frå A til Å, både i utviklings- og prosjekteringsfasen. Kort fortalt, så startar dei med å sjå på kva moglegheiter tomta/ tomteområdet gir. Deretter tek dei dialogen med kommunen, før dei går vidare inn i søknadsfasa til kommunen. Det er mange forhold som spelar inn, og slike prosessar kan ta tid. Øen fortel at det er viktig å avklare rammene så tidleg som mogleg. Det er trist om ein til dømes
"Vi har ein effektiv stab som meistrar sitt fag utmerket. Dei samarbeider godt, og deler av sin kunnskap og erfaring" - Svein Olaf Stensland
i Ålesund er proESS og Norhus kjende med kvarandre. Begge dreg på mange måtar synergiar av samarbeidet. Dei kan til dømes vere med Norhus angåande vurdering av tomteområde dei finn aktuelle å utvikle. Det er viktig for å sjå kva type bygg som kan passe på den gitte tomta, og korleis ein sett dette saman med nødvendig infrastruktur. Når proESS arbeider saman med Norhus er dei ofte med på prosjektet frå starten av og heilt fram til sal av bueininga. Då har ein teikna huset, laga situasjonsplan, utarbeidd byggesøknadgrunnlag og laga detaljteikningar som viser korleis huset skal byggjast. Norhus og proESS er aktørar som begge er godt kjende med nærområdet, noko som Øen seier er ei styrke for arbeidet dei gjer i prosjekteringsfasen. Et dyktig og oppdatert team Vi har ein effektiv stab som meistrar sitt fag utmerket, samarbeider godt og deler av sin kunnskap og erfaring, fortel Stensland. Dei daglege diskusjonane på kontoret og samspelet av ulik spisskompetanse hjå dei tilsette er gull verdt. kjem for langt inn i bustaddraumen før ein kanskje oppdagar at det ikkje går. proESS hjelp til og finn løysingar for korleis ein kan få det slik en vil. Det er eigentleg det vi driv på med. Vi sjekkar først om det er mogleg å oppfylle kundane sine draumar, før vi går inn i ei fase der vi saman med kunden utviklar prosjektet, seier Øen. Arbeidet som vert utført av proESS er ikkje berre knytt til nybygg. Ein kunde vil kanskje pusse opp/ rehabilitere ein bygard, ein annan vil gjere eit næringslokale om til ein bustad, medan ein tredje vil byggje om huset sitt. Då er det mykje å tenke på og søknadsprosessane kan være kompliserte. Dette er noko proESS kan hjelpe til med. Tett samarbeid proESS er eit uavhengig selskap, men har samarbeidd med Norhus heilt frå starten av. I og med selskapa har kontor på same adresse
For å yte det beste for våre kundar, er det viktig for oss å være oppdatert på korleis trendane forandrar seg og påverkar bustadutviklinga. Eksempelvis blir det no bygd fleire lågblokker og leilegheitskompleks enn før fortsett han. Det vi er mest fornøgd med er at vi har klart å styre drifta på ein slik måte at vi til ein kvar tid har hatt tilstrekkeleg med oppdrag gjennom heile året, seier Øen. – Det betyr mykje for oss at vi har nok arbeid til alle våre tilsette og at vi kan være ein forutsigbar arbeidsplass. Vi ser fram til eit minst like spanande år i 2019, og som følgje av auka aktivitet er vi som nemd over, på utkikk etter ein arkitekt med erfaring, avsluttar Stensland.
Sindre Øen Daglig leder sindre@proess.no 934 41 312
John Bergsnes Bygningsingeniør john@proess.no 957 61 630
Maria H. Skylstad Arealplanlegger maria@proess.no 951 27 976
Bjørn Bendixen Leinebø Arealplanlegger sindre@proess.no 934 41 312
Remi Andre Aamodt Bygningsingeniør remi@proess.no 922 79 458
Espen Engebregtsen Avd. Fredrikstad Bygningsingeniør espen@proess.no 938 68 767 Svein Olaf Stensland Avd. Åndalsnes Faglig leder svein@proess.no 909 92 268 Mariann Sæbø Avd. Åndalsnes Bygningsingeniør mariann@proess.no 454 24 550
Side 17
Ålesund
Lerstadbakken Nytt felt i Ålesund
Feltet i Lerstadbakken ligg flott plassert, og nært dei fleste fasilitetar. Herifrå har ein gangavstand til både barnehage og barneskule, samt kort veg til flott turterreng.
bumiljø. Bustadane vert levert med ferdig montert vedomn, som i kombinasjon med lågenergi-standard gjev god energiøkonomi i åra som kjem.
Bustadane ligg knappe 10 minutts køyretur frå Ålesund sentrum og dryge 5 minutt frå Moa. Trass denne sentrale plasseringa, er området særs fredeleg og barnevennleg. Dette kjem av at området ligg i ein blindveg. Her vil kjøparane få eit godt bumiljø.
Leilegheitene er i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats. For dei av kundane våre som ikkje har høve til å utføre dette sjølve, kan utbyggar levere innreiingspakkar. I prospektet for prosjektet finn ein meir informasjon om dette.
Balkongar er sør og vest-vendt, med gode utsiktsforhold. Det er lagt vekt på gode planløysingar med fokus på individuelle
Side 18
Ă…lesund
Side 19
Ålesund
1. etasje
2. etasje
Lerstadbakken H1 BRA P-rom Soverom Pris
125 m² 110 m² 4 finn.no/116237245 3 990 000
Ein svært arealeffektiv tomannsbustad. Carport er praktisk plassert under balkong, slik ein går tørrskodd frå parkering til inngangsdøra. Den romslige hallen gjev småbarnsfamiliane god plass til å kome seg inn og ut i ein travel kvardag. Bustaden har moglegheit for eit fjerde soverom i øverste etasje, samt ein ekstra utgang på nordsida for ein skjerma uteplass.
Bustadane vert levert etter lågenergi-standarden, med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40 cm isolasjon i tak. Alle vindauge har 3-lagsglas. Balansert ventilasjon gjev eit behageleg inneklima.
1. etasje
2. etasje
Lerstadbakken H2 BRA P-rom Soverom Pris Side 20
113 m² 109 m² 4 finn.no/ 116277807 4 090 000 - 4 190 000
Denne bustaden vert høgrøyst med særs lite innsyn til stove/kjøken. Den praktiske garasjekjellaren har plass til to bilar pr leilegheit, og har ei stor bod i bakkant. Det er gode moglegheiter for ekstra soverom i øverste etasje. Fleire balkongar gjer at dette er eit val for den som ynskjer enkelt vedlikehald av eigedomen.
Bustadane vert levert etter lågenergi-standarden, med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40 cm isolasjon i tak. Alle vindauge har 3-lagsglas. Balansert ventilasjon gjev eit behageleg inneklima.
Ålesund
1. etasje
2. etasje
Lerstadbakken H4 BRA P-rom Soverom Pris
118 m² 118 m² 3 finn.no/70067090 2 890 000
Flotte leilegheiter med 2 soverom og store balkongar. Utforminga av bygget gjev separate garasjer for alle bustadane. Store vindusflater og lite innsyn er berre nokre få av kvalitetane i dette prosjektet. Den effektive planløysinga har fokus på opa stove-/kjøkenløysing med god plass til spisebord.
Bustadane vert levert etter lågenergi-standarden, med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40 cm isolasjon i tak. Alle vindauge har 3-lagsglas. Balansert ventilasjon gjev eit behageleg inneklima.
1. etasje
2. etasje
Lerstadbakken H11 BRA P-rom Soverom Pris
117 m² 113 m² 4 finn.no/116265993 3 890 000
Flott tomannsbustad med gode utearaler. Plasseringa er skjerma, med kveldssol ut mot dei små timar. Tomta er flat, med gode areal for uteleik. Praktisk planløysing gjev moglegheit for ekstra soverom eller tv-stove. Gjestetoalett kan med enkle grep settast inn. Dette er ein av dei mest populære bustadtypane våra.
Bustadane vert levert etter lågenergi-standarden, med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40 cm isolasjon i tak. Alle vindauge har 3-lagsglas. Balansert ventilasjon gjev eit behageleg inneklima.
Side 21
Ålesund/Sula
1. etasje
2. etasje
Lerstad/Stavdal H7 BRA P-rom Soverom Pris
80 m² 73 m² 2 finn.no/104416852 2 890 000 - 2 990 000
Eidsnes - Einebustadtomt Tomteareal Prisantydning
843 m² 1 290 000
Dette er siste huset på feltet Lerstad/Stavdal. Ei plasseringa i enden gjer at det ikkje er gjennomgangstrafikk. Skjerma plassering frå øvrige bygg, og ei flott utsikt over Borgundfjorden og Sukkertoppen. Praktiske leilegheiter med 2 soverom. Det er særs gode utearealer på dei to leilegheitene i underetasjen.
Bustadane vert levert etter lågenergi-standarden, med 20cm isolasjon i ytterveggar og 40 cm isolasjon i tak. Alle vindauge har 3-lagsglas. Balansert ventilasjon gjev eit behageleg inneklima.
Flott bustadtomt med utsikt til sjø og fjell. Lun og skjerma beliggenheit i Sula kommune med gangavstand til barnehage, barneskule, idrettshall, daglegvarebutikk m/post, buss-stopp og småbåthamn. Flotte turmoglegheiter i nærleiken.
ligg kun 70 meter frå tomtegrensa. Dette er ei skråtomt med gode solforhold. Tomta grensar opp mot offentleg adkomstveg som kan oppgraderast. Privat veg, vatn og avløp.
Det er omtrent 7 km til Moa kjøpesenter, og rundt 18 km til Ålesund sentrum. Småbåthamna og sjøen
Side 22
Villa Holmen - Ein tidlaus klassikar Våre kundar fortel oss at god planløysing, godt utnytta areal og flotte eksteriørdetaljar gjer Villa Holmen-modellen til en tidlaus vinnar.
Villa Holmen er bygd i Ålesund Knappe 10 minutt aust for Ålesund sentrum ligg nybygde "Villa Holmen". Vi i Norhus har saman med kunden tilpassa husmodellen etter kunden sine ynskjer og behov. Originalt er modellen teikna for skrå tomt, men vår arkitekt og bustadkonsulent teikna om bustaden til den flate tomta. Fleire innvendige rom er omorganisert og arkitekten teikna også inn ein stor veranda mot sør-vest med tilkomst direkte frå stove og kjøken. Våre kundar fortel oss at god planløysing, godt utnytta areal og flotte eksteriørdetaljar gjer Villa Holmen til ein tidlaus vinnar. Kombinasjon av det karakteristiske eksteriøret og den gode planløysinga gjer huset til ein familiedraum for mange. Sjølv om den originalteikna modellen av "Villa Holmen" har smarte løysingar, har vi i Norhus bygd veldig mange unike variantar av dette flotte huset. I nokre tilfelle er det berre ynskje om justeringar på planløysing, andre gongar har kunden behov for større tilpassingar. Husmodellen: Villa Holmen Modellen har originalt eit bruksareal på 168 kvadratmeter. Inngangen til bustaden er via underetasjeplanet, som består av hall, stove med eldstad, to soverom, et romsleg bad/vaskerom, separat dusj/wc og sportsbod. Allrommet på hovudplanet er familia sitt naturlege
samlingspunkt og rommar kjøken og stove i ei delvis opa løysning. Kjøkenet har svært god skapog benkeplass. Stova har eldstad, og er lys og luftig med monge vindauge og utgang til terrasse. Det flotte bua vindauget i frontfasaden er integrert inn i kjøkendelen for meir lysinnslepp og ekstra takhøgd. Hovudplanet har også ei soveromsavdeling, med soverom, bod og bad. Villa Holmen er staseleg og praktisk på ei og same tid. Eigeninnsats Nøyaktig kva tid du som kunde vil bruke til eigeninnsats i din nye bustad er helt opp til deg. Ofte vil førstegangsetablerande gjere noko av jobben sjølv, for å minske utgiftene til handverkar.
Alle våre hus kan tilpassast, og katalogmodellane er meint som eit utgangspunkt basert på vår kunnskap og erfaring. Bustadteikningane og endringar er eit samspel mellom deg, våre arkitektar og bustadkonsulentar. Ynskjer du ein bustad med utleigemoglegheit eller eit kontor? Treng du eit ekstra soverom eller kanskje eit praktisk garderoberom? Vi hjelper deg med planlegging og utforming - og lyttar til dine ynskjer! Velkomen heim!
Er du litt handy og har tid, kan det være både besparande og også veldig lærerikt å bidra med eiga arbeidskraft. Kundar legg nokre gongar parkett, fliser på tørre rom, sparklar og malar sjølv. Kunden av denne bustaden har sjølv valt ut parkett, fliser, kjøkeninnreiing og trapper i tett dialog med vår byggjeleiar. Vi monterer for kunde det som dei sjølv ikkje vil ta som eigeninnsats. Dine ynskjer kjem først Når vi i Norhus byggjer bustad for deg, vil vi gjere alt vi kan for at du skal bli fornøgd med dei løysningane som er smarte for akkurat deg og ditt liv. Vi ynskjer å oppfylle dine behov for bustaden og i samråd med oss kan du sjølv bestemme korleis du ynskjer det - både inne og ute.
Side 23
Sula
1. etasje
2. etasje
Øvre Kipperberget BRA P-rom Soverom Pris
115 m² 108 m² 3 finn.no/93338317 3 390 000 - 3 490 000
Bustadane vert bygd i eit etablert, koseleg og barnevennleg bustadområde. Dette vert moderne bustadar med kjøken- og baderomsinnreiing frå Sigdal, trapp frå Stryntrappa og balansert ventilasjon.
for enkel adkomst frå carport. Planløysningane er gode med fokus på individuelle bumiljø. Bustadane vert levert med ferdig montert vedovn, som i kombinasjon med lavenergistandard gir god energiøkonomi i åra som kjem.
Balkongar er vendt mot vest. Det er gode utsiktsforhold frå stove/kjøken. Det er lagt til rette
1. etasje
2. etasje
Vågneset BRA P-rom Soverom Pris Side 24
183 m² 126 m² 4 finn.no/ 89262720 3 890 000
Denne tomannsbustaden med garasjekjeller er flott plassert ved Vågnesvegen. Tomta har særs gode utsikts- og solforhold. Bygget er snart ferdigstilt, og kan være klart for innflytting innan kort tid! Praktisk og romsleg planløysing. Frå stove/kjøken har ein panorama utsikt over området. Det er mogleg med ekstra soverom, samt gjestetoalett i 2. Etg.
Bygger tillit Tillit er kapitalen om ein skal lykkast anten ein skal bygge bustad eller bedrift. Det har Norhus fått erfare som ein av distriktets største bustadbyggarar gjennom tretti år.
Det har vore både opp- og nedturar i bustadmarknaden sidan byrjinga av nittitalet. Mange aktørar har kome og gått. Det har vore satsa friskt, og fleire økonomiske ryggrader har fått seg ein knekk. Nokon er godt etablert med fokus på gode produkt, sunn økonomi og eit langsiktig perspektiv. Norhus er ein av dei som gjennom tretti år har bygd opp eit solid selskap med produkt og løysningar som toler både vær og vind. Det heile starta i Ørsta der hovudkontoret framleis er lokalisert. Norhus har avdelingskontor i Ålesund og rundt omkring i landet. – I dag er vi ein av dei største prosjektutbyggarane på Sunnmøre med erfarne byggeleiarar på alle lokasjonar, fortel Vidar Loe, Salsansvarleg hus & hytter hos Norhus. Bygger smart For Norhus har det vore strategisk viktig å satse på breidde i både tilbod og kompetanse. Dei har difor spesialisert seg på feltutbygging med einog fleirmannsbustader. Nytt satsingsområde er hyttefelt i harmoniske omgivnader på Sunnmøre. – Det hovudsakeleg tomannsbustader og leilegheiter det går mest av. Vi tar heile prosessen frå reguleringsarbeid til ferdigstilling av bustader. Vi samarbeider med dyktige sivilarkitektar for å utvikle spanande bustader, fortel salssjef Odd Erik Hovden. For einebustad- og hyttekundar kan Norhus teikne digitale skisser som også gir kunden høve til å sjå bustaden tredimensjonalt. Som kunde kan du også få høve til å sjå plasseringa på tomta, sjå dei ulike
solforholda til ulike tidspunkt og på den måten få ei kjensle av korleis hytta eller din nye heim vert utanfor og inni. Lokale aktørar Ringverknadane av vår aktivitet har stor betydning for lokalsamfunnet. Vi nyttar berre lokale selskap, entreprenørar og handverkarar. Dette fører verdiane tilbake til lokalsamfunnet, og styrkar sysselsetjinga her vi bur. Samfunnsbygging er ein del av alt næringsliv, og vi er opptatt av at vår verdiskaping skjer lokalt og gir nytte lokalt. Sjølv etter tretti år i bransjen er Norhus framleis eit selskap i vekst. På prosjektsida har vi i skrivande stund 380 einingar på planen, som er under regulering, utvikling eller oppføring. Vi håper ytre søre tek godt imot oss når vi no lanserer 100 nye einingar i Ulsteinvik og Herøy. Alle fasar Kundegruppene våra syner at selskapet har satsa breidt. Kvar bustad har sine særpreg. Våre bustader appellerer til menneskjer i ulike fasar av livet. –Eit godt eksempel er eit felt med 44 bueiningar, som er ferdig utbygd, på Blindheim. Her er kundane i alle aldrar frå nyetablerte til eldre, fortel Hovden. Med mange hundre bygde einingar på Sunnmøre og i Nordfjord veit Norhus kva dei snakkar om. Gjennom åra har sunn vekst gitt selskapet ein økonomisk ryggrad som gjer dei i stand til å bære mange prosjekt samtidig. Trygt for deg som er ute etter ein samarbeidspartner til din bustaddraum.
Ta en kikk på nokon av dei flotte prosjekta på nettsida www.norhuskjeden.no
Side 25
Ulstein
Saunes
Side 26
Alle bustadane vil få ein funkisinspirert utsjånad med store vindaugsflater, balkong og ei opa romløysing. Balkongar og utsikt blir vestvendt med gode utsiktsforhold. Kvar bueining vil få to biloppstillingsplassar, den eine i carport.
Dette flotte feltet som ligg på Saunes, eit steinkast frå Ulsteinvik sentrum, kjem snart for sal. Prosjektet omfattar 34 bustadar fordelt på 13 bygg, midt i eit veletablert område med gode solforhold. Saunes er eit særs sentralt og attraktivt område å bu i. Ulsteinvik sentrum med bibliotek, idrettshall, klivrehall og Ulsteinbadet har du innan kort rekkevidde. Bustadane får også kort veg til Ulsteinvik Barneskule og Ulstein Ungdomsskule.
K
je m
fo r
sa
l
Nytt felt i Ulstein
Ulstein
1. etasje
2. etasje
Gjerdegata BRA P-rom Soverom Pris
111 m² 92 m² 3 finn.no/72065942 3 290 000 - 3 390 000
Sundgot Einebustadtomt Pris
760 000
Norhus skal no bygge ein funkis tomannsbustad i Gjerdegata. Denne tomannsbustaden vil vere sørvendt med fantastisk flott utsikt mot sentrum og fjorden. Bustaden har ei god plassering i terrenget som gir veldig god utsikt og solforhold. Plasseringa er uvanleg sentral, og alle sentrumsfunksjoner er eitt steinkast unna. Her vil du ha sol langt utover sommarkveldane.
Tomta ligg flott til , og har ei veldig fin utsikt mot syd-vest mot fjord og fjell. Tomta ligg i ytterkant av feltet, høgt og luftig. Fram om denne tomta vil det ikkje kome andre hus. Til fots brukar ein 2 minutt til barnehagen og 10 min til skulen. Ein brukar om lag 5 min i bil til Ulsteinvik sentrum. Til Ørsta er tek det berre 30 minutt med bil.
Vi har fått løyve til å byggje ein tomannsbustad på tomta, men har utsett bygging av denne. Ein einebustad får vi til og arbeidet med ny søknad tek vi evnt. på vegne av deg. Vatn og avløp er kommunalt og ligg i tomtegrensa, samt fiber for internett.
Side 27
Herøy
Gjertneset Flotte moderne bustadar pĂĽ nydelig tomt
Side 28
Herøy
1. etasje
2. etasje
Gjertneset H8 BRA P-rom Soverom Pris
82 m² 78 m² 3 finn.no/130157156 2 390 000 - 2 540 000
Bustadane på Gjertneset vil få ei god og praktisk planløysing. Frå inngangspartiet på nordsida av bustaden kjem du inn i eit lite vindfang der der det er plass til å henge fra seg jakker og setje frå seg sko. Deretter går det ein gang med soverom på den eine sida og bad og bod på den andre sida. I enden av gangen kjem ein inn i ei ope stove/ kjøkenløysing. Frå stova fører ei balkongdør ut på
ei terrasse frå 2.etasje og ut på bakkeplan frå 1. etasje. Bustadane får ei god plassering ved Gjertnesmarka, med kort veg til Bergsøy og Fosnavåg. Det er fin avstand til fleire barnehagar samt Bergsøy skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Herøy videregåande skule.
1. etasje
2. etasje
Gjertneset H17 BRA P-rom Soverom Pris
131 m² 126 m² 4 finn.no/130159387 3 890 000 - 3 990 000
Tomannsbustadane på Gjertnesmarka vil få ei god og praktisk planløysing. Inngangspartiet er plassert på sida av bustaden. Du kjem inn i ein romsleg gang i 1.etasje. 1.etasjen vil også innehalde 3 soverom, ei bud og eit romslig bad. I 2.etasjen vil ein finne ei flott stove med avdelt kjøken og soverom. Om ynskjeleg kan ein velje vekk soverommet og deleveggen mot kjøkenet
og få ei stor og opa 2.etasje. Bustadane får ei god plassering ved Gjertnesmarka, med kort veg til Bergsøy og Fosnavåg. Det er fin avstand til fleire barnehagar samt Bergsøy skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Herøy videregåande skule.
Side 29
Herøy
1. etasje
2. etasje
Gjertneset Einebustadtomt BRA P-rom Soverom Pris
190 m² 180 m² 4 finn.no/130275432 5 240 000
Denne einebustadtomta ligg vakkert til, heilt framme på tomteområdet, og har flott utsikt. Området er sydvendt og lite trafikkert. Tomta har ei god plassering ved Gjertnesmarka, med kort veg til Bergsøy og Fosnavåg. Det er fin avstand til fleire barnehagar, Bergsøy skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Herøy vidaregåande skule. Tomta har eit areal på 810 m². Det vil ikkje kome hus fram om denne tomta mot syd. Tomta har god plass til garasje og biloppstillingsplass. I samband
med opparbeiding av veg, vatn og kloakk vil det verte utført sprengingsarbeid for massebalanse i tomteområdet. Dette gir rimelegare grunnarbeid for bustadbyggjar. Du kjem til tomta ved å ta mot Hjertnes i rundkjøringa frå FV17 / Mjøstadvegen. Tomta ligg til venstre etter avkjøringa, nest sist i enden av vegen. Pris for tomta er sett til kr. 1.280.000,- inkl. ei viss grad av opparbeiding (sprengingsarbeid).
1. etasje
2. etasje
Teigelia BRA P-rom Soverom Pris Side 30
120 m² 111 m² 3 finn.no/ 70067090 2 890 000
Flott tomannsbustad under oppføring på Kvalsund byggjefelt. Det er ei ledig leilegheit i bygget, med ferdigstilling i 2019. Bustaden ligg flott til med utsikt over Kvalsundet. Det er mogleg å få 4 soverom. Bustaden har stor stove med utgang til balkong mot sør, og utgang til terreng mot nord. Carport og sportsbod høyrer sjølvsagt med.
Bustadane vert levert klar til eigeninnsats. For meir informasjon rundt dette, be om prospekt på prosjektet.
Fokus på løysingar Odd Erik Hovden er ein av dei mest erfarne husseljararane i Norhus-kjeda. Frå fyrste kontakt til signert kontrakt, følgjer salssjefen kundane. Med eit brennande engasjement og kyndige råd. — Det har vorte nokre hundre husvære berre i løpet av dei siste åra. Kundane skal sitte igjen med ei god magekjensle. Med ein såpass stor marknadsandel, kjem det ikkje på tale å forsvare eit produkt som ikkje held mål, seier Hovden. Hovden er stort sett alltid tilgjengelig. Det er greit, så lenge ein brenn for det ein driv med. Han har alltid vore oppteken av bygg og eigedom og overlet lite til tilfeldigheitene når dei viktige avgjerslene skal takast. Han blir kjent med menneske når dei er i ferd med å gjere si kanskje største investering nokonsinne. — Rett skal være rett – og det skal være rett på fyrste forsøk. Det skal være full kontroll på økonomi, alt skal gjennomførast i samsvar med gjeldande lover og reglar og det skal ikkje være nokon feil eller manglar ved overlevering. Hvis det likevel er noko som dukkar opp, skal apparatet vårt løyse dette på ein skikkeleg måte. Gjennom 20 år med drift har Norhus etablert seg som ei sterk merkevare i ein region med tøff konkurranse. — Vi jobbar oftast med store feltutbyggjingar. At vi kan ha ei slik utbygging som omfattar alt frå 20 til 80 enheiter, det gjer at vi kan tenkje og arbeide
langsiktig, og vi skapar heilt nye bumiljø. Vi lever ikkje av å byggje ein enkelt bustad, men av å byggje mange. Derfor må vi tenkje litt større. Eit av satsningsområda våre i 2018 er Herøy kommune. Det vart allereie i 2016 gjort store investeringar i tomteområder, som no er foredla til byggjefelt. Lanseringa vår av Gjertneset i haust vart godt motteken og vi er i desse dagar igong med opparbeiding av fyrste byggesteg. Det at vi kan arbeide på lang sikt skapar tryggleik. Skulle det skje noko om fire år, så skal nemlig utbyggjar være der. Når Odd Erik og kollegaene opplever at kundar kjem tilbake, er det heldigvis ikkje så ofte fordi dei har noko å utsette på arbeidet, snarare tvert i mot. — Det er mange som kjem tilbake til oss når livssituasjon og økonomi har endra seg og dei jaktar etter bustad nummer to eller tre. Vi er heilt avhengige av positive resultat slik at kundane kjem tilbake til oss. Heldigvis opplever vi det ofte, så noko må vi jo gjere rett. Vi ser dessutan at andrehandsverdien på husa er høg. Når kundane våre av ulike årsakar ynskjer seg vidare, sit dei att med ein god eigenkapital til neste bustad.
fram breidda i Norhus sin produktkatalog, som viktig for deira posisjon i marknaden. Eit produktutvalg han og dei andre jobbar kontinuerlig med. Bustadseriane har alt fra ”Klassisk” og ”Continental” til industrielle og ei heilt ny husserie ved namn ”Uni+”. Denne kjem i 2019 katalogen. Vi har eit lite utval liggande på norhuskjeden.no og Facebook-sida vår. Denne husserien kjem nok til å skape mange store auge når den vert kjend. — Vi tilbyr stor breidde og har hus for alle. Eg har kunder heilt frå 18-årsalderen og oppover. Vi gjer det vi kan for å hjelpe dei unge som skal etablere seg for fyrste gong også, dei er jo gjerne litt ekstra sårbare. Der vi har høve, legg vi til rette for å kunne søkje støtte frå Husbanken, og vi hjelper kundane med papirarbeidet. Kvart enkelt hus kan tilretteleggast og justerast – for eldre og ung, mange og få. Å kjøpe ferdighus betyr nemlig ikkje at ein gir fullstendig avkall på personlig preg og sans for detaljar. Odd Erik skreddarsyr gjerne dei avgjørande detaljane. I møte og over telefon. Legg til og trekk ifrå –heilt til alt kjennast rett.
I tillegg til gode kunderelasjonar, trekk Hovden
Side 31
Hakallestranda
Hakalle hyttefelt Hyttetomter på Hakallestranda
Hyttetomter på Hakallestranda • Nær sjø og strand • Rå natur • Flotte turområder • Etablerte hyttemiljø • Hakallegarden og strandhus med restaurant like ved Sjå film! http://bit.ly/2bTjK79
Side 32
Hyttedraum ved Hovdevatnet God minner vert skapt på hytta. Der kan ein nyte flotte omgjevnader med naturen rett utanfor døra. Norhus har bygd eit flott prosjekt i Hovdebygda, i Ørsta, der vi har sett opp hyttemodellen “Hytte 2” for ein kunde. Her har vi levert ein tidsrett hyttemodell på kunden si fantastisk flotte tomt. Norhus leverer kvalitetshytter med smarte og gjennomtenkte løysingar. Denne hyttemodellen er nett og romsleg, med mønt himling i stova. Der er det fokus på store vindaugsflater, og her kan du kjenne deg i eitt med naturen utanfor. Med den overbygde uteplassen kan du nyte utsikta uansett vær. Det er nytta kvalitetsprodukt og materialar med lang levetid slik at vi kan garantere at hyttene har gjennomgåande høg kvalitet. Samlingspunktet i hytta Norhus har lagt til rette for at mange kan nyte oppleving saman. Opa løysning frå kjøken til stove gir ei stor sosial sone i hytta. I det romslege kjøkenet er god plass til et stort spisebord. Det er
også plass til en kjøkenøy der familien kan samlast til måltida. På hovudsoverommet gir eit smart integrert garderobeskap god plass i resten av rommet. På det store badet er det lagt opp til ein romsleg dusj. I entrèen har du direkte tilgang til bud, bad og hems. På utkikk etter draumehytta? Vi kan skreddarsy alle våre hyttemodellar etter dine ynskjer og behov, slik at du får akkurat den hytta du vil ha. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande hytteprat eller for tomtebefaring.
Originale spesifikasjonar • BRA: 81 m² • BYA: 94 m² • Hemsareal: 7,5 m² (Hems kan utvidast) • Største Lengde x Breidde: 12,4 x 7,9 m • Mønehøgde: 5 m • Soverom: 2-3 • Bad/toalett: 1 • Bud/vaskerom: 2 Side 33
Våre 2019-modellar Vi lanserer no UNI +
U-etasje
Hermes Hermes tek utsikta og omgjevnadane inn. Vindauga på stove og kjøken strekk seg frå golv til tak. I denne bustaden kan du enkelt nyte utsikt og omgjevnad kvar dag. Huset har fire soverom, tre bad, vaskerom, kontor, TV-stove, og stor stove og kjøken i eitt. Hermes er en stilrein bustad med moderne løysingar.
Bruksareal: 242.0m² Soverom: 4 Garasje: Ja Tomannsbustad: Nei Utleigedel: Nei Vinterhage: Ja
Tomt: Skrå Grunnflate: 187.1m² Bad: 3 Lengde: 16.2m Bredde: 13.6m 1. etasje
U-etasje
1. etasje
Gaia Gaia er ein stilig heim på over 240 m² med store vindauge. Frå garasjen kan du gå rett inn i vindfanget i underetasja. Underetasja rommar også bod, vaskerom, bad og to soverom. Hovudetasjen har eit bad, eit romsleg soverom, walk-in-closet samt kjøken og stove i eitt. I 2.etasje finn du TVstove, bad og kontor. Den store terrassa er delvis overbygd, noko som gjer den ideell for nordisk vær.
Side 34
Bruksareal: 242.5m² Soverom: 3 Garasje: Ja Tomannsbustad: Nei Utleigedel: Nei Vinterhage: Nei
Tomt: Skrå Grunnflate:140.3m² Bad: 3 Lengde: 18.0m Bredde: 7.8m 2. etasje
U-etasje
1. etasje
Afrodite Afrodite er ein stor einebustad med fire soverom og tre bad. Den smakfulle og moderne einebustaden har alt ein kan tenke seg. Badstu, walk-in-closet og stor terrasse. I tillegg har du tre boder og romsleg vaskerom. TV-stove finn du i både over- og underetasjen. Opphaldsrommet er kombinert stove, kjøken og spisestove. Terrassa ligg rett utanfor stova. Store vindauge let dagslyset flyte inn.
Bruksareal: 252.3m² Soverom: 4 Garasje: Ja Tomannsbustad: Nei Utleiedel: Nei Vinterhage: Nei
Tomt: Skrå Grunnflate: 197.6m² Bad: 4 Lengde: 24.0m Bredde: 8.1m
2. etasje
U-etasje
Opera Opera har stor terrasse og luftig planløysing. I fyrste etasje finn du garasje, sportsbod, innvendig bod, tre soverom, bad, og TV-stue. Hovudetasje har eit romsleg bad, soverom, walk-in closet, og opa stove- og kjøkenløysing. Opera har både koseleg balkong og en stor terrasse på over 50 kvadratmeter.
Bruksareal: 293.1m² Soverom: 4 Garasje: Ja Tomannsbustad: Nei Utleigedel: Nei Vinterhage: Nei
Tomt: Skrå Grunnflate: 110.9m² Bad: 2 Lengde: 20.2m Bredde: 11.8m 1. etasje
Side 35
Vi søkjer
TOMTER
Vi har stor etterspurnad etter bustadene våre og søkjer difor tomter i sentrale område. Ta kontakt med oss
Norhus Sunnmøre • Tlf 70 06 50 00 • orsta@norhuskjeden.no
www.norhuskjeden.no