Skip to main content

Ungdom nr 2 2017

Page 1

UNGDOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 2/2017

101 .Å

R

GA

NG

tur

kul l a k o l e Levand Landsmøtet 2017 • Huset i Bygda • Besøksrunden Bygda Dansar Akersarv • Sentrumsløpet


Kva

SKAL EIN MEINE? Mette Vårdal Leiar i Noregs Ungdomslag

Redaktør: Guro Redalen Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 5150 Bladbunad, trykk og annonsebyrå: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Filming av nye Folkepediafilmar på Sunnmøre. Foto: Halldis Folkedal. Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Generalsekretær: Eli Ulvestad Tlf.: 24 14 11 12, eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Guro Redalen Tlf.: 24 14 11 14, guro@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Solveig Brekke Hauknes Tlf.: 24 14 11 15, solveig@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Inger Johanne Ruset Tlf.: 24 14 11 13 inger.johanne@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550 www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag Stoffrist neste Ungdom: 22. august

2 UNGDOM 02/2017

D

et er ikkje alltid lett å vite. Heller ikkje kva ein skal meine noko om. Må ein verkeleg ha ei meining om alt?

er langt meir enn kva vi skal meine. Politikk er definert som å fordele gode og plikter, med makt.

I Noregs Ungdomslag har vi eit stort engasjement for fag og for samfunnet. Ikkje berre lokalt, men vi har både meint og gjort noko for ein større heilskap for miljø, kultur og menneskerettar globalt. Det er nok ikkje alltid lett å sjå den raude tråden i kva vi har vore opptekne av dei meir enn 120 åra vi har eksistert.

Dei goda vi skal fordele, er den levande lokalkulturen og moglegheita for den einskilde til å ta del i dette fellesskapet. Pliktene er det som må til for å lukkast med det. Vi treng hus å ha aktiviteten i, vi treng styrer og instruktørar og dugnadshjelp. Vi har teke oppgåva som medlem i ungdomslaget heilt frivillig, men det inneber òg at vi har sagt at vi vil vere med og syte for at tilbodet som laget gjev, finst.

Men det er ein samanheng her og ein kjerne av noko som vi alltid har med oss – nokre fagfelt som har vorte viktigare enn andre, og nokre saker og felles mål som vi tek med oss. På landsmøtet vedtok vi eit revidert prinsipprogram. På fire punkt – Frilyndt, Samfunnsengasjert, Folkeleg kultur og Samværskultur – har vi sagt noko om kven vi er, og kven vi skal vere. Det faglege engasjementet, korleis vi skal vere med og gjere ein skilnad, det skal vi sette ord på fram mot neste landsmøte. Organisasjonen har vore gjennom store endringar, vi har vorte langt meir effektive og straumlineforma enn før. Da er dette arbeidet viktig for å sikre at det ektefølte engasjementet, grobotnen for mangfald og kreativitet, ikkje forsvinn, men finn ei felles plattform å vekse vidare på. Arbeidet med fagpolitiske plattformer starta opp på nyåret i år. På fagfelt som dans, teater, bunad og språk skal vi formulere heile organisasjonsarbeidet. Og det

Styret i NU si oppgåve er å syte for at denne plikta blir opplevd som ei glede og blir enklast mogleg å utføre. Den makta vi har, er ikkje påbod, men inspirasjon, kunnskapsformidling og rettleiing for at flest mogleg finn gleda i å drive arbeidet vidare.

ANNONSERE I UNGDOM? Ta kontakt med Tone Merete Møllerud tlf: 489 53 391 tone@flisamedia.no


NU-KONTORET

HO NYE PÅ KONTORET Ny folkedansrådgjevar på kontoret, men kven er no eigentleg ho nye? TEKST: SOLVEIG BREKKE HAUKNES, FOTO: THOR HAUKNES

Eg er austlending, vestlending og nordlending, kulturprosjektleiar, folkedansar, folkemusikar, instruktør, arrangør, frivillig, publikummar, student, barnebarn, dotter, syster og tante, nysgjerrig, uformell og som regel i godt humør. Folkedansen og folkemusikken er ein stor del av livet mitt, både på hobbybasis og som leveveg. Eg har alltid hatt eit uformelt forhold til dansen. Det er noko eg gjer fordi eg likar det, ikkje fordi eg føler at eg må. Vel, i starten var det kanskje litt fordi eg vart send på dans i Bygdelagsskipnaden av foreldra mine, men eg hugsar ikkje at det var noko

eg ikkje likte. Dei siste 10 åra har dansen utvikla seg til å bety mange ulike ting for meg, alt frå kvardagshobby, sommarkurs i aust og vest, kappleikar, festivalar, dansefestar, ungdomsprosjekt, Bygda Dansar, helgesamlingar, vekesøvingar, dansespelmann, høgskulestudium, STS-system, instruksjon, framsyningsarbeid, kurs, arrangør, søknadsskriving, lagsarbeid, oppstart av festival osb. Alle vore like viktige element for at dansen er ein sentral del av kvardagen min. Det er mange måtar å drive med folkedans på, og eg har vore innom ein del, men har enno mange punkt igjen på lista. Då eg valde kulturbransjen som karriereveg, var eg innstilt på å laga min eigen arbeidsplass

med små og store prosjekt i mange sprikande retningar. At min fyrste skikkelege heiltidsjobb skulle vera ei rein folkedansstilling, det hadde eg ikkje sett for meg. Men fy søren, så kjekt det skal bli! No har eg nett levert bacheloroppgåva mi i kulturprosjektleiing og er superklar for å byrja arbeidskvardagen for fullt på NU-kontoret. Eg kjenner ein god del av dykk frå før, men det er òg mange eg ikkje kjenner. Difor håpar eg at du tek tak i meg og introduserer deg sjølv neste gong me møtest. Elles må de absolutt ringe og sende e-postar, spørja i veg og gjerne utfordre meg litt. Gler meg til samarbeidet, me dansast!

INNHALD 4 7 8 10 12 14 15 16 18 20 21 22 28

Landsmøtet Vinnarlaga Kven veit? 2017 Huset i bygda Notisar Besøksrunden Hordaland Menuett og andre dansar Barnestemne i Nordland Teater i Mjeldalen UL Sentrumsløpet BUL Oslo Bok om Gudbrandsdalslaget Bygda Dansar Akershus Fagdagane bunad og folkedrakt Sommarleiren 2017

3 UNGDOM 02/2017


LANDSMØTET 2017

t laurdag. Einar Olav Larsen Trio spela til dansefes turdans, songdans og stordans.

Landsmøte

Det var og eigne økter med

2017

Nær 90 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til landsmøtehelg i Oslo 22. og 23. april. Dei innleiande fagseminara gav rom til både faglege og politiske ordskifte utover dei ordinære landsmøtesakene. Og sjølve landsmøtet vart gjennomført med gode framlegg frå talarstolen og engasjement frå salen. ENDRINGAR I PRINSIPPROGRAMMET Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag byggjer på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen. Dette programmet er i praksis ei ideologisk plattform for organisasjonen og er det dokumentet som ligg til grunn for vedtak av både langtidsplan og arbeidsplan. Prinsipprogrammet er vedteke utan noko tidsavgrensing, men det synest naturleg at landsmøtet innimellom vurderer om dette bør reviderast. Sist gong prinsipprogrammet blei revidert, var på årsmøtet i Kirkenes i 2005. På landsmøtet i 2016 vart det gjennom miniseminar og plenumsdrøftingar starta ein diskusjon om dette prinsipprogrammet, med mål om at dette skulle reviderast på årets landsmøte.

4 UNGDOM 02/2017

Etter fjorårets landsmøte starta styret arbeidet med å revidere prinsipprogrammet. Styret såg tidleg at dei ikkje ønskte ein stor revisjon, men at det meir var snakk om ei justering.

deltaking i laga sine aktvitetar og demokratiske prosessar utviklar medlemmane seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske.

Folkeleg kultur Landsmøtet vedtok dette prinsipprogrammet for Noregs Ungdomslag:

Frilyndt Noregs Ungdomslag er tufta på eit frilyndt grunnsyn. Å vere frilyndt er å vere tolerant og å sjå mennesket for kva det er, og kva det kan vekse seg til å bli.

Samfunnsengasjement I ungdomslaga arbeider vi for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Medlemmane får mot til å engasjere seg og arbeide for det dei trur på. Gjennom

I Noregs Ungdomslag brukar, formidlar og vidareutviklar vi kulturarv og folkelege kulturutrykk. Med humor, kreativitet, galskap og fantasi skaper vi samtidig rom for nye tankar og aktivitet.

Samværskultur I Noregs Ungdomslag har vi ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtte med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.


LANDSMØTET 2017

KONTINGENTSATSAR FOR 2018 OG 2019 Satsane blir vidareførte i neste toårsperiode. Per medlem under 26 år: kr 95 Per medlem over 26 år: kr 190 Per lokallag: kr 1200 Per lokallag med 0–4 medlemmer: kr 2200 Per huslag: kr 3500 Per direktemedlemsskap under 26 år: kr 150 Per direktemedlemsskap over 26 år: kr 300

NYE POLITISKE PLATTFORMER I 2018 Noregs Ungdomslag har i dag politiske plattformer for det bunadspolitiske og det folkedanspolitiske arbeidet til organisasjonen. Desse plattformene byggjer på prinsipprogrammet til NU, som er ei meir generell ideologisk plattform. Dei fagpolitiske plattformene er i forlenginga av dette meint å vere ideologiske plattformer for det faglege arbeidet til organisasjonen og å markere NU sin ideologiske og faglege ståstad i eit landskap av nærskylde organisasjonar. Dei to fagpolitiske plattformene har bidrege til å forankre det fagpolitiske arbeidet, også etter at fagråda blei lagde ned og styret sjølv skulle vareta det faglege arbeidet.

Samstundes er dei ulike i forma, og styret har sakna tilsvarande for fagfelta teater, språk og samfunn. Dette gjorde at styret har sett ned ei gruppe som skal arbeide med å sjå på plattformer for dei andre fagfelta, og setje dette saman til eitt felles plandokument. Parallelt med revisjon av prinsipprogrammet har styret og utvalet med Jens Kihl, Ida Marie Holmin og Marianne Dahl arbeidd med dei fagpolitiske plattformene. Langtidsprogram skal opp til handsaming på landsmøtet i 2018, og styret legg opp til at landsmøtet samtidig vedtek ei ny fagpolitisk plattform, som erstattar dei fagpolitiske plattformene NU har i dag. Denne plattforma skal omfatte dei fem nemnde fagfelta og bør innehalde: • NU si rolle på fagfelta, både historisk og no • ei beskriving av samanhengen mellom den lokale aktiviteten, kunnskapsformidling og utviklinga av fagfeltet • særlege utfordringar vi ser på feltet

For å få innspel til det vidare arbeidet inviterte styret landsmøtet til å drøfte ulike ideologiske aspekt ved det faglege arbeidet til organisasjonen. Utsendingane hadde òg høve til å melde seg på ulike førebuande seminar fredag og laurdag, der dei kunne gå i djupna på enkeltfaga. Styreleiar Mette Vårdal hadde ei fagleg innleiing på landsmøtet om det fagpolitiske arbeidet og opna opp for debatt.

FRÅSEGNER Landsmøtet vedtok to fråsegner / politiske utsegner, med desse temaa: 1 Kommunane må skape rom for kulturlivet 2 Stortingsvalet og den kulturelle grunnmuren

UTSKIFTINGAR I STYRET Mette Vårdal (Oppland Ungdomslag) vart attvald som leiar for ein ny eittårsperiode. Terje Svindseth (Bygdelagssamskipnaden) er ny organisatorisk nestleiar, og Stian Johannesen (Inn-Trøndelag USL) er ny 2. vara i styret.

• representasjon og deltaking • sentrale standpunkt 5 UNGDOM 02/2017


LANDSMØTET 2017

(F.v) Endre Strømsjordet Myhre, Terje Svindseth , Marit Nerås Krogsæter, Morten Nilsen, Kevin André Kuntze Theigmann, Mette Vårdal (styreleiar), Torbjørn Bergwitz Lauen, Marie Nicolaisen og Tone Mjelde.

STYRET I NOREGS UNGDOMSLAG ETTER LANDSMØTET: Leiar: Mette Vårdal Politisk nestleiar: Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag) Organisatorisk nestleiar: Terje Svindseth (Bygdelagssamskipnaden), Torbjørn Bergwitz Lauen (Hordaland Ungdomslag), Kevin André Kuntze Theigmann (Nordland Ungdomsfylking), Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag), Morten Nilsen (Nordland Ungdomsfylking) 1. vara: Endre Strømsjordet Myhre (Oppland Ungdomslag) 2. vara: Stian Johannesen (Inn-Trøndelag USL) 3. vara: Marie Nicolaisen (Bygdelagssamskipnaden)

Organisatorisk netleiar Håvard Ims vart takka av i styret undet festmiddagen laurdag av styreleiar Mette Vårdal.

Styreleiar Mette Vårdal sette igang tankespinn om ny politisk plattform for NU. Hadde til dømes Gerhardsen kunne trødd dansen med Khrusjtov utan NU ved si side?


VINNAREN AV KVEN VEIT? 2017

e NU-juniorane finn vi i Fjærland.

Dei skarpast

”Gullet skal hem” skreiv dei fers ke vinnarane av kunnskapstevlinga Kven veit? med diplomet i bagasjen etter landsmøtet. Så får vi berre tru at ikkje Bergensbanen vart plyn dra den natta …

Vinnarlaget i Bergen Ungdomslag Ervingen var det same laget som tok sigeren i 2016.

VINNAREN AV KVEN VEIT? 2017 Vinnarane av Kven veit? 2017 vart gjort kjent under festmiddagen på landsmøtet. Tette tevlingsresultat tidlegare gjorde at spenninga på kven som stakk av med sigaren i kunnskapstevlinga vart heldt oppe heilt fram til siste runde. Og det vart nok sigersspringar og «stompe kompen på bekkalokk og i smau» då det vart klart at vinnaren av Kven veit? 2017 var Bergen ungdomslag Ervingen gruppe C.

BUL Steinkjer tok andreplassen og Røros folkedanslag tredje. Og dei skarpaste juniorane, ja, dei finn vi i Fjærland Ungdomslag og Bygstad skule. Det vart altså delt

første plass i juniorgruppa, med Kyrkjebø Ungdomslag på tredjeplass. Alle tre topplaga er frå Sogn og Fjordane, så dette lovar godt for framtida for trivselsfylket.

7 UNGDOM 02/2017


HUSET I BYGDA

Huset i bygda-gjengen samla. Frå venstre: Christoffer Knagenhjelm (ny prosjektleiar) Ingunn Nyheim (tidlegare prosjektleiar), Inger Johanne Ruset (Kulturrådgjevar NU-kontoret) og Siri Skjerve (Huset i bygda Møre og Romsdal)

TEK SATS I SOGN OG FJORDANE Etter sju år har Huset i bygda vorte eit ettertrakta tilbod i Sogn og Fjordane. Fylkeslaget innsåg derfor at det var behov for å auke stillinga då ny rådgjevar skulle tilsettast i vår. TEKST: INGER JOHANNE RUSET

Mykje har skjedd sidan Ingunn Nyheim tok over stafettpinnen som prosjektleiar for Huset i bygda for tre år sidan. Prosjektet jobbar for å kartlegge organisasjonseigde forsamlingshus og auke kompetansen til eigarane. Mange regionsamlingar har vore gjennomførte og fleire samarbeidsavtalar inngåtte.

PILOTFYLKET ”Huset i bygda” vart starta etter initiativ av Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og har spreidd seg til både Hordaland og Møre og Romsdal. Medan prosjektet har hatt treårige rammer i nabofylka, har Huset i bygda vorte fast satsingsområde i pilotfylket.

8 UNGDOM 02/2017

Sidan starten har det blant anna vorte arrangert over 40 kommunevise samlingar og fylkeskonferansar kvart år. Med tida har ”Huset i bygda” fått solid fotfeste i trivselsfylket. – Aktiviteten og utviklinga som skjer i dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga, er av uvurderleg verdi, meiner avtroppande rådgjevar Ingunn Nyheim.

NY AKTIVITET 20 prosent-stillinga til Ingunn vart trongare og trongare etter kvart som ordet om prosjektet spreidde seg, og til sist innsåg ho at det vart for mykje å halde tak i ved sidan av fulltidsstilling og familieliv. Når ho trer ut

av stillinga vil ho sjå tilbake på travle, men inspirerande dagar. – Spesielt kjekt har det vore å bidra til igangsetting av ny aktivitet og få i gang utvikling og modernisering av bygg, summerer ho.

UTVIDA STILLING No er det Christoffer Knagenhjelm som tek over roret, og då med ei halv stilling å fordele arbeidsmengda på. 40 prosent av stillinga skal settast av til Huset i bygda, medan resten skal nyttast til kontakt med lokale ungdomslag og administrative oppgåver for fylkeslaget. “Rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag” er den fjonge tittelen til den nye stillinga.


HUSET I BYGDA

Christoffer Knagenhjelm ser fram til å byrje i ei stilling som står godt til verdiane han er vaksen opp med heime i Kaupanger. – Folk i Kaupanger er stolte av bygda og har alltid vore det. Dette er eg oppvaksen med, med både besteforeldre og foreldre som har vore opptekne av lokalsamfunnet, fortel han.

LOKAL IDENTITET Arkeologen har vore prosjektleiar for fleire store restaureringsprosjekt og har dei siste 12 åra jobba med kulturminneforvaltning. I 2008 etablerte Christoffer verksemda Knaken, der ideen bak er lokalmat og kulturvern gjennom bruk og levandegjering av historia i Kaupanger. Knaken vert òg brukt lokalt som forsamlingshus. – For meg handlar dette med lokal identitet mykje om den historia vi kan spore i lokalsamfunna våre. Eg har derfor valt å både forske på og formidle den heilt lokale historia til heimplassen og meiner at dette er ei viktig kjelde å nytte i bygdeutvikling, seier han. Sjølv er han oppteken av å bidra i det frivillige organisasjonslivet og er blant anna leiar av det lokale grendalaget, nestleiar i soknerådet og leiar av regionlaget til Oikos. – Det er givande og interessant arbeid, der ein mellom anna får høve til å bidra til lokalsamfunnsutvikling og skape og ta vare på møteplassar, seier Christoffer.

EIT VIKTIG TILBOD Med rådgjevar i 50 prosent stilling vil Sogn og Fjordane Ungdomslag styrke både Huset i bygda-satsinga og tilbodet til sine eigne lokallag. Hildegunn Gjelsvik, leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag (SoFUL), meiner oppgåvene til Huset i bygda og SoFUL går hand i hand. – Huset i bygda har vore ein vesentleg bidragsytar til aktiviteten til dei 40 lokal�laga i Sogn og Fjordane Ungdomslag, slår Hildegunn fast. SoFUL-leiaren peikar på at forsamlingshusa treng oppgraderingar og forbetringar for å kunne drive etter dagens normer. Gjennom ”Huset i bygda” får eldsjelene på

forsamlingshusa både inspirasjon til aktivitet og inntening og praktiske tips for støtteordningar til renovasjonsarbeid. – Vi ser at prosjektet har auka engasjementet til lokallaga i fylket. Mange har vanskar med ulike søknadsprosessar og at motivasjonen kan stoppe opp. Det er viktig at aktiviteten vert vidareført, og at nye aktivitetar får grobotn, seier ho.

STERKE SAMARBEID I fjor haust inngjekk fylkeskommunen eit samarbeid med fylkeslaget og Huset i bygda for å utvikle og forsterke arbeidet til organisasjonane og fylkeskommunen. Utviklingsavtalen viser at arbeidet til Huset i bygda og SoFUL har vorte lagt merke til, også frå politisk hald.

Ikkje nok med det, i fjor tok Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane initiativ til samarbeid om ei eiga ordning for bygningsmessige tilretteleggingar av lageigde kulturhus og la 500 000 kr på bordet. I 2016 fekk dei inn over 40 søknader om til saman fem millionar koner, der sju kulturbygg fekk tilslag om midlar til oppussing og modernisering. – Dette skapte stort engasjement. Ordninga var ein suksess, og vi vidarefører ho i 2017, fortalde kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga i ei pressemelding i februar.

9 UNGDOM 02/2017


TEATERUNDERSØKINGA 2017

SØK OM BYGDA DANSAR TIL DITT FYLKE!

I byrjinga av mai vart det sendt ut ei undersøking via e-post til alle lag som meldte inn teateraktivitet i førre årsrapport. Undersøkinga har som mål å kartlegge behova til dei ulike laga. Tilbakemeldingane vil blant anna kunne legge legge grunnlaget for komande instruktørkurs rundt om i landet. Svarfrist er 1. juni.

Bygda Dansar opplyser om at fylke no kan søkje om å få Bygda Dansar til sitt fylke frå og med 2019. Les meir her: http://folkemusikkogfolkedans.no/index.php/78-iinhold/383-lyst-tila-fa-bygda-dansar-til-ditt-fylke

BARNLEK 6.–9. juli reiser 63 unge dansarar frå Noreg på tur til Færøyane og Barnlek. Det er deltakarar frå Barnelaget i BLS, Gjerpen Frilynde Ungdomslag, Nordbygda Ungdomslag, BUL Sarpsborg, BUL Tromsø, BUL Oslo, BUL Steinkjer og Froland Ungdomslag.

DANS SOM HOVUDINSTRUMENT I RAULAND Nytt frå hausten 2017 er at det no er mogleg å velje å fordjupe seg i dans òg som hovudinstrument. Folkemusikkstudiet i Rauland har alltid hatt dans som ein del av studiet, men no blir det altså mogleg å fordjupe seg endå meir i dansen. ”Me har eit samarbeid med senter for folkemusikk- og folkedans i Trondheim som gjer det mogleg for studentane å dykke ned og jobbe med arkivmateriale på dans. Studentane med dans som hovudinstrument fylgjer elles den same undervisinga som dei med musikk som hovudinstrument. Studiet i Rauland handlar ikkje berre om å bli best mogleg på sitt hovudinstrument, men òg om å forstå norsk folkemusikk- og dansetradisjon. Dyktige fagtilsette og innleigde gjestelærarar syter for dette. Det blir òg arbeidd med å kople musikk og dans i endå større grad elles i undervisinga. Ein får ei innføring ulike sjangrar innan norske vokal, spel- og dansetradisjonar og fordjupar seg vidare i nokre tradisjonar alt etter interesse frå studentgruppa. Det er òg fleire masterstudentar som har fordjupa seg i dans i Rauland, og no kan det bli endå fleire”, seier instituttleiar Stian Roland.

10 UNGDOM 02/2017

NY STYRELEIAR I FOLKORG Hilde Reitan er vald til ny styreleiar i FolkOrg. Reitan er 58 år, fødd i Oslo og med røter i Rendalen. I dag bur ho i Vågå, arbeider som kommunalsjef i Skjåk og er aktiv i Vågå spel- og dansarlag. Ho har halde på med folkemusikk sidan ho var fem år. Det er eit røynt organisasjonsmenneske som no tek over som leiar. Reitan har tidlegare vore styremedlem i tidlegare LfS (landslaget for spelemenn), har sete i FolkOrg-styret sidan 2013 og er no styreleiar i Vågå spel- og dansarlag. Tidlegare har ho vore styreleiar i Østerdølenes spelemannslag i Oslo og styremedlem i Hedmark Folkemusikklag, og i 2012 sat ho i hovudkomiteen for Landsfestivalen i Vågå.


SPELELISTE TIL FOLKEPEDIA Folkepedia er eit prosjekt med opplæringsfilmar i folkedans med og for barn og ungdom, men det er ikkje noko i vegen for at eldre dansarar kan friske opp dansetrinna eller lære noko nytt ved å sjå filmane på folkepedia.no. Og no kan du finne musikken som er nytta i filmane, både på Tidal og Spotify. Søk opp Folkepedia, og så finn du spelelista.

HAR DU LYST TIL Å BLI INSTRUKTØR FOR OSS? Instruktøren vår gjennom mange år har bedt om å få avløsning og vi søker derfor etter noen som kunne tenke seg å overta. Vi er en gjeng som liker å danse folkedans; sangdanser, turdanser, rekkedanser og bygdedanser. De fleste har danset folkedans i flere tiår og repertoaret vårt er relativt stort selv om vi ikke danser alt til enhver tid. Og vi er ikke redde for å prøve oss på nye danser heller. Vi øver på Asker videregående skole hver onsdag fra kl. 18:30 til kl. 21:00. Vi har erfaren trekkspiller som spiller for oss. Første øvingskveld til høsten er onsdag 6. september. Kunne du tenke deg dette er det hyggelig om du tar kontakt med Rønnaug Skaar Tinjar, e-mail rtinjar@gmail.com eller mob.tfn. 938 11 871, eller Torstein Solberg, email tors-sol@online.no eller mob.tfn. 906 06 782.

Med dansehilsen, Styret i Asker folkedanslag

INSTRUKTØRKURS FOLKEDANS HAUSTEN 2017 10.–12. november blir det Grunnleggande instruktørkurs i Steinkjer. Kurset er eit samarbeid med Hilmarfestivalen som går parallelt med kurset. Instruktør blir annonsert seinare. Påmelding via deltager.no. NU har planar om eit instruktørkurs tidlegare på hausten, men desse planane er ikkje heilt spikra enno. Meir informasjon kjem etter kvart. Er du interessert i å ha eit instruktørkurs i ditt område? NU-kontoret vil gjerne ha innspel til kva type kurs medlemmene ynskjer. Ta kontakt på solveig@ungdomslag.no.

SKAL VI SPLEISE? Av og til treng laget friske pengar inn på konto utanom basar og loppemarknadstid. Nettstaden www.spleis.no kan gjere det enklare å sette igang ei kronerulling. Søk opp Erlingbu på nettstaden og sjå korleis BUL Bodø har laga innsamlinga til nytt tak på lagshytta.

LARS MÆHLE – FESTSPELDIKTAR I 2017 Lars Mæhle skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli. Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar med ein svært mangfaldig forfattarskap. Mæhle skriv i fleire ulike sjangrar, og til våren kjem han med to rykande ferske bøker – ei ungdomsbok og ei krimbok for vaksne. Mæhle er busett i Oslo og er forfattar på heiltid, men han er oppvaksen på Sunndalsøra. Han brukar framleis heimstaden som bakteppe og inspirasjon for mange av bøkene sine. Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eige program for barn og unge. Festspela blir arrangerte i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli 2017. Sjå heile programmet på nettsida festspela.no.

SKAL DU STUDERE I BØ TIL HAUSTEN? Bø ungdomslag søkjer instruktør til gammaldans/turdans for ungdom/vaksne til dansekveldar frå hausten 2017. Vi ser for oss ein kveld à 3 timar annakvar veke. Opplegget elles blir mykje opp til deg. Så har du lyst til å lære Bøheringar å danse? Ta kontakt med Kristin på tlf. 975 63 825 innan 15. juni. Løn etter avtale.

11 UNGDOM 02/2017


BESØKSRUNDEN HORDALAND

FERDAMINNE FRÅ Hordaland Under landsmøtet i 2014 vart det vedteke ein langtidsplan der eitt av hovudmåla er at sentralleddet skal ha møtt alle lokallaga innan 2019. Laga får høve til å fortellje kva utfordringar og behov dei har, men og høve til å bli orientert om kva organisasjonen står for og har å by på. TEKST OG FOTO: INGER JOHANNE RUSET

Med sine 2200 medlemmar og 48 lokallag, er Hordaland ein gigant i NU-samanheng. Som perler på ei svingete snor, finst det lag i kvar ein krik og krok av fylket. I Hordaland har det no blitt gjennomført tolv møter, fordelt på tre turnear i februar og mars. Vi fekk helst på over halvparten av laga i fylket, så vi seier oss nøgde for denne gong og takkar for gjestfridomen!

RUNDE 1 Tysdag 21.02 vart vi inviterte heim i stova til Gjertrud i Leirvik. Det vart ein triveleg start på besøksturneen saman med dansarane i Stord Ungdomslag. Onsdag 22.02 var vi på samlingshuset Kongshall i Valestrand. Diskusjonane med medlemmane ifrå Valestrand UL, Fotlandsvåg UL, Mjeldalen Ungdomslag og Solbjørg UL vart så ivrige at vi nesten mista sisteferja. Torsdag 23.02 var vi på Ungdomshuset Nyheim på Kløvheim. Der møtte vi godtfolk ifrå Strilaringen og Ungdomslaget Framsteg. Også der vart vi så ivrige at vi nesten mista bussen (og straumkabelen til prosjektoren som vi seinare fekk tilsendt i posten).

12 UNGDOM 02/2017

Fredag 23.02 var vi på Nordbygda Grendahus i Årland. Der møtte vi lagsfolk ifrå Nordbygda Ungdomslag og Urd UL. På kvelden skyssa Tone oss til togstasjonen. Stjerneklar himmel over Vaksdal.

RUNDE 3

RUNDE 2

Onsdag 29. mars kom ein einsam NU-representant til Haugatun i Strandebarm. Dei oppmøtte frå Strandebarm Ungdomslag sa det ikkje gjorde noko, og bydde på wienerstang.

Tysdag 7. mars kjende vi på vårkjensla då tok vi bussen ut til Øygarden medan sola blenkte i havgapet. På ungdomshuset Buldro møtte vi godtfolk. Dei har ein robåt på hjul inne i lokalet, utruleg kult. Onsdag 8. mars hadde vi snø til knea då vi traska oppover mot ungdomshuset Jonsvoll i Jondal. Der møtte vi medlemmar Jondal Ungdomslag og Kysnesstrand UL. Torsdag 9. mars hadde mesteparten av snøen allereie smelta då vi kom til ungdomshallen i Odda. Der møtte vi medlemmar ifrå Odda Ungdomslag og Skare Ungdomslag. Fredag 10. mars pissregna det då vi kom til Voss. Men inne på ungdomshallen vart det tørt og fint. Der møtte vi Ullensvang ungdomslag, Voss UL og Bjørgum UL.

Tysdag 28. mars skein sola utanfor Gimle i Bergen. Medlemmar ifrå Bergen Ungdomslag Ervingen, Åsane Ungdomslag, Fana UL og Sotra folkedanslag skein om kapp innandørs.

Torsdag 30. mars låg skodda tungt ved møtestart på ungdomshuset Dalheim i Omvikdalen. Omvikdalen ungdomslag og Uskedal UL takke for møtet med raude roser. Det synest vi var veldig koseleg. Fredag 31. mars avslutta vi besøksrunden i Hordaland på ungdomshuset Vonheim saman med dei ivrige konsertarrangørane i Tysnes UL. Vi vart imponerte over lysriggen deira. PS. I haust kjem vi på besøk til Finnmark og Sør-Trøndelag. Det blir kjekt!


2

1 3

4

1

Engasjert debatt om momskompenasjon i Kongshallen på Valestrand i februar.

2

På reisa i Hardanger mora dei to NUrepresentanane seg med gjetteleiken: ”Kyrkje eller ungdomshus?” Her ifrå Jondal under ei forbigåande vinternatt i mars.

3

Nordbygda grendahus i Samnanger vart innvia i 1970 og har ei unik arkitektonisk utforming.

4

Utskjeringar frå gamle Hardanger Hotell er med på å gjere Ungdomshallen i Odda til ei estetisk oppleving.

5

I solskinnsbygda Kløvheim i Nordhordaland har ungdomslaget investert stort i kinoutstyr, og er knakande fornøgde med både teknologien og besøkstala.

6

Smijernsgjerdet ikring ungdomshuset i Strandebarm vitnar om samhald og danselyst.

5 6

13 UNGDOM 02/2017


MENUETT OG ANDRE DANSAR

MENUETT OG ANDRE DANSER FRA CHRISTIANIA Så dro vi av gårde til Nynorskens Hus i Oslo. Det var lørdag 18. mars, og det skulle være seminar med tema menuett og andre danser fra Christiania. Menuetten skulle være hovedtema da, så klart. Det kom mye folk, 80 interesserte balldansere, og noen hadde reist ganske langt. Christiania het den byen jeg er født i, før den skiftet navn til Oslo. Hadde de danset menuett her? TEKST OG FOTO: KJELL KLAUSEN, BUL OSLO

Dag Vårdal burde vite noe om det. De som kjenner ham, vet at han i flere år har arbeidet med å rekonstruere danser fra gamle norske dansebøker. Gjennom kåserier, instruksjonshefter og CD-innspillinger har han endeført et «Christianiaprosjekt» hvor byens dansesteder, danselærere og musikere – ja, Christianias dunkle dansehistorie – er hentet ut av arkivskuffene og lyssatt ved seminarenes skueplass (burde det bli en bok engang?). Men altså Dag om MENUETTEN: «Dansen hadde sin glanstid i hele Europa på 1700tallet.»

Bellman fra krogen «Thermopolium Boreale» i Stockholm 1790:

Hvordan kan det ha sett ut hos oss? Her henter jeg inn en stemningsrapport etter

Noen levende menuett-dansetradisjon har vi ikke funnet i Norge, men her er det Dag Vårdal

14 UNGDOM 02/2017

Si Jergen Puckel fläktar med hatten, pipan i mun, och brännvin som vatten dricker han och gör fukter med hovud och hand och fot ..... Käraste systrar, alltid honnett; bröderna dansa jämt menuett, hela natten fulla. Rak i livet, Ulla, ge nu hand, håll takten rätt.

henter fram en gammel bok. Skuespiller og danselærer Janny Isachsen underviste i menuett i Christiania lenge etter at den var gått ut av bruk blant «folk flest». I 1886 ga hun ut boken «Lommebog for dansende». Denne har vært primærkilden når Dag Vårdal i samarbeid med Torun Riise og Folke Flateland har gjenskapt en NORSK MENUETT. Det var den vi fikk oppleve på seminaret, og kanskje fikk vi der en liten nærkontakt med tidsånden rundt «Dansens Dronning». Og vil du, som Vidar Sandbeck, bli med i menuetten, så er det laget et lite instruksjonshefte med noter og CD som kan skaffes gjennom Bærum Balselskab.


BARNESTEMNE

120 DANSERE PÅ LILAND FOTO: THOR ARNE ANGELSEN, BUL BODØ

22.–23. april var Tårstad leikarring arrangør for dansestevne som ble holdt på Liland. Ikke mindre enn 120 dansere fra Tromsø, Leknes, Bodø og Grytøy deltok for å danse folkedans – og ikke minst å ha det gøy sammen.

DISKOSVØMMING I BASSENGET De fleste danserne var i alderen fra 6 til 14 år, og noe av det som deltakerne satte mest pris på, var diskosvømming i skolens basseng. – Det var en populær aktivitet som sammen med lang reisevei for mange gjorde at det ble stille før midnatt, sier Birgitte Rørvik Bruun i stevnekomiteen.

PØLSER OG FISKEKAKER PÅ HØYKANT Lørdagen var satt av til øving – før det var nye aktiviteter. – Det var et bredt spekter å velge mellom: klatring, lefsebaking, hip-hop, folkedans for de minste, formingsaktiviteter og tur med Evenes kystlags «Bårøy». – Været holdt seg slik at vi kunne grille utendørs, så pølser og fiskekaker gikk ned på høykant. På kvelden var det stevnefest, og det var litt av et syn da vi måtte lage fire ringer for å få plass til å leke sangleker med alle ungene på gulvet, forteller Bruun.

HOVEDSTEVNE MED FELLESDANS Dansen som er koreografert til Hekla Stålstrengas låt «Du e henta», ble ifølge Bruun en slager på dansegulvet. På kvelden var det konkurranser der spellemennene Mikal Lundemo og Lars Erik Løvhaug fikk kjørt seg til danseglade barn og unge. – Søndag var det hovedstevne hvor vi danset alle fellesdansene sammen. Da middagen var ferdig, var det en sliten, svett og lykkelig gjeng som satte kursen hjemover, slutter Bruun.

Først på prent 24. april i avisa Fremover.

15 UNGDOM 02/2017


TEATER

HØG TEATERAKTIVITET I MJELDALEN UL Mjeldalen Ungdomslag held til i Mjeldalen på Osterøy og har eit høgt tempo i dei ulike teatergruppene i laget. Her kjem ein liten rapport frå ungdomslaget. TEKST OG FOTO: MJELDALEN UNGDOMSLAG

EVENTYRSJOKOLADEN Før påske var det endeleg klart for at barneteatergruppa vår skulle vise seg fram for bygda. Tretten ungar har sidan tidleg haust øvd på stykket Eventyrsjokoladen, som er eit morosamt stykke sett saman av ulike eventyr. Sjølvsagt med ein forteljar, som var veldig glad i sjokolade og stadig fann nye eventyr. Sjølvsagt med små og store karakterar, som med sjarm og innleving tok publikum med i ei eiga eventyrleg verd. I år hadde me òg levande musikk til stykket, noko som sikra flyt gjennom dei ulike eventyra og heva kvaliteten. I ungdomslaget vårt skal det vera rom for alle; dei som vil seia mykje og ha hovudrolla, men òg dei som eigentleg likar best å leike på øvingane. Å ha eit opplegg som passar til alle, kan av og til vera ei utfordring, men det er ei utfordring me tek med strak arm sidan det å vera eit ope og inkluderande ungdomslag er viktig for oss. På øvingane har me alltid teaterleikar, som

16 UNGDOM 02/2017

gjer oss trygge på kvarandre og varmar oss opp. Å satse på eit stykke som ikkje er så langt, gjer at ventetida ikkje blir for lang på øvingane, og at barna held oppe konsentrasjonen. Det kjekkaste med å vera instruktør er å sjå utviklinga til barna. Frå å så vidt høyre stemma hennar på første øvinga til å sjå ei jente som snakkar så høgt og tydeleg frå scena at sjølv den mest tunghøyrde bestemora får alt med seg. Frå ein gut som ikkje torer å gå ut av bilen på første øvinga, til å to år seinare stå å synge frå scena som om han ikkje skulle ha gjort noko anna. Frå usikkerheit til sikkerheit, med ein styrkt sjølvtillit som me er sikre på at smittar over til andre delar av livet. Barna fekk vel fortent ståande applaus på alle framsyningane sine. Me er imponerte over dei vetle skodespelarane, som med godt humør og engasjement har tatt ansvar for kvarandre og for at stykket skulle bli så bra

som mogleg. Og som avslutningssongen vår seier: Velkommen tilbake til hausten! «Snart er me her på nytt igjen, på den vetle scena i Mjeldalen, med eventyr du kjenner igjen Du er velkommen igjen, min venn Berre i Mjeldalen!»

Frå instruktørane: Tone Mjelde, Marte Rivenes Antun og Nora Mjelde Litland

Ps: Hugs at vi på NU-kontoret gjerne tek imot rapportar om aktiviteten i laget ditt. Om det så er leikfest, barnediskotek, ungdomsklubb, bokkveldar, språkdebattar, strikkekafé, isbading, lefsebaking, konsertar, bygdekveldar eller oppussing, så vil vi gjerne høyre om det. Send e-post til: post@ungdomslag.no


TEATER

UNGDOMSTEATER MJELDALEN UL: Ungdomsteatergruppa bestod i år av 11 ungdommar i alderen 13–18 år som framførte ein tilpassa versjon av Grease som naturleg nok fekk tittelen Almost Grease. Dette er ein gjeng som elskar å stå på scena og som torer å både synge, danse og ikkje minst utfordre seg sjølve.Øvingsperioden har vore sidan hausten 2016 der me òg har fått tid til

teaterleikar og improøvingar, alt i alt ei god øvingstid med svært godt oppmøte. Dei hadde heile fem framsyningar lokalt i Mjeldalen ungdomshus, og det var godt publikumsoppmøte. Publikum vart dratt inn i vår historie til den kjente romantiske musikalkomedien. Der møtte dei den skule

flinke Sandy og den tøffe Danny som skulkar timar kvar einaste dag. Me møtte sjølvsagt òg jentegjengen Pink Ladies og gutegjengen T-Birds. Alt dette var samtidig krydra med ungdommeleg sjarm, innleving og fengande song og dans.

BARNELAGSGRUPPA MJELDALEN UL: Dette er den yngste gruppa vår, som er for barn 1.–3. klasse. Dei lærer seg enkle song- og leikdansar. Bildet er frå danseoppvisninga på søndagskafeen i januar. Dei hadde òg danseframsyning på 17. mai.

17 UNGDOM 02/2017


SENTRUMSLØPET

Sentrumsløpet

– DEN STØRSTE NU-TILSKIPINGA?

Kvart år inviterer Idrottslaget i BUL til ein folkefest i Oslos gater med Asics Sentrumsløpet. Løpet har vore ein tradisjon på våren sidan 1981. FOTO: EIRIK FØRDE OG TERJE SVINDSETH, BUL OSLO

I 2017 var det 11 375 påmeldte som deltok på ulike distansar i Oslo sentrum, og det imponerande deltakarantalet gjer at det nok er det største arrangementet til eit medlemslag i NU. For å få arrangementet

18 UNGDOM 02/2017

i mål treng BUL Oslo omlag 250 frivillige fordelt på 350 oppgåver. Overskotet går til aktiv idrett i idrottslaget i BUL Oslo. Neste år går Asics Sentrumsløpet av stabelen laurdag 21. april, så det er berre å halde av datoen.

Idrottslaget i BUL Oslo har omlag 450 medlemmer. BUL har friidrettstilbod til alle aldrar, allidrettsgruppe for utviklingshemma og langrenn.


SENTRUMSLØPET

19 UNGDOM 02/2017


GUDBRANDSDALSLAGET

EIN STAD Å HØYRE TIL Gudbrandsdalslaget i Oslo vart stifta i 1920. Formålet var å samle dølar som kom til hovudstaden, til hyggeleg samvær og arbeid på heimleg grunn. Det skulle vera ein stad der dølaungdommen kunne treffe andre med sams interesser, der dei vart verdsette og kunne tala heimemålet sitt. TEKST: MAGNHILD BRUHEIM

I mange tiår fylte laget eit behov som fanst, som eit av mange bygdelag i hovudstaden. Tusentals unge gudbrandsdølar har vore medlemmer i laget og har deltatt på kaffikveldar med foredrag, dansefestar, hytteturar, teaterarbeid, studiesirklar, leikkurs, idrettsarrangement eller andre av aktivitetane som laget kunne tilby. Mange har tatt med seg minne og erfaringar for livet. I 1970- og 1980-åra minka interessa for Gudbrandsdalslaget, stadig færre melde seg inn og deltok på aktivitetane. Men laget levde vidare, medlemmer diskuterte politisk engasjement, og teatergruppa hadde si glanstid. Til sist var det likevel ikkje lenger grunnlag for å drive laget, den siste lagshytta vart seld, og i 2013 vart laget lagt ned. Første delen av dette skriftet gjev ein historisk gjennomgang av laget, frå framveksten til oppløysinga, kva laget såg på som sin viktigaste funksjon, og korleis det levde opp til føremålet. Andre delen er tematisk og tar for seg dei oppgåvene som fekk

20 UNGDOM 02/2017

størst plass, og som har hatt mest å seia for laget. I ei særstilling står Skjennungstua. Arbeidet er basert på arkivmaterialet som Gudbrandsdalslaget overleverte til Opplandsarkivet i 2014 og 2015. Lagsbladet Guriluren har vore ei viktig kjelde, og det er hyttebøker frå Slaktern, Skjennungstua og Gudbrandstugu. Elles er noko av framstillinga basert på intervju med somme av dei som har vore sentrale i periodar i lagshistoria. I tillegg til den historiske framstillinga har vi tatt med tidsminne frå formenn/leiarar frå kvart tiår frå 1950-åra, minne frå Skjennungstua og ei jubileumstale. For å kunna skrive om historia dei første tiåra etter stiftinga har jubileumsskriftet i samband med at laget fylte 50 år i 1970, vore svært nyttig. Det hadde artiklar som vart trykte i Årbok for Gudbrandsdalen 1969. Det bygde vidare på eit skrift som kom ut ti år før, da laget fylte 40 år.

Da var laget godt å ha er ei samla framstilling av den meir enn nittiårige historia.

OM BOKPROSJEKTET: Forfattar Magnhild Bruheim vart i april 2015 engasjert av Stiftinga G-Kultur til å dokumentere og skrive ned historia om Gudbrandsdalslaget. Magnhild er journalist og forfattar, busett på Lillehammer. Boka Da var laget godt å ha, den samla

historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920–2013 vart lansert på Det Norske Teatret i slutten av april i år. Boka kan tingast via www.g-kultur.no.


BYGDA DANSAR

SAMMENSATT AV AKERSARV Konkrete fragmenter av folkemusikk og folkedans står sterkere enn det abstrakte stoffet som brukes til å binde forestillinga sammen i Konglomerat. ANMELDT AV: SIDSEL PAPE. FOTO: THOR HAUKNES.

På plassen foran Bærum Kulturhus spilles det opp timen før forestillingsstart på Konglomerat. Kinogjengere som strømmer ut døra gjør spontane gåsteg når tre feler, to trekkspill og en kontrabass setter takta. Til slutt kommer seks unge dansere ut på rad og gir tilskuerne en forsmak, før de trekker dem med inn i lokalet. Mens den glødende vårsola forsvinner bak fasaden, finner publikum plass på to tribuner plassert overfor hverandre i kjellersalen i kulturhuset. Det er Akersarv – Bygda Dansar Akershus som holder sin siste forestilling på Bærum Kulturhus. Bygda Dansar er et nasjonalt danseprosjekt retta mot ungdom som vil formidle og videreføre folkedans ved å omarbeide og tilrettelegge sosial dans for scena. Det er ingen enkel øvelse, men prosjektet har gjort flere forsøk før, vel verdt å være

vitne til. Konglomerat. er intet unntak, faglig ledet av kunstnerisk ansvarlige Trine Sjølyst og Mathilde Øverland hjulpet av Stian Roland.

INSPIRERT AV BERGART Lyssettinga er gylden, rammet inn av svarte scenetepper som gir mørke og mystiske kroker i rommet. De 20 danserne kommer krypende, som var de dyr, ut av krikene. De kravler langs veggene mens de gir gulvet til Øyonn Groven Myhren. Som musikalsk ansvarlig setter hun tonen med en vise fra Aurskog som tegner opp en lund, et lunt sted for leiken som skal utspille seg. Når visa gjentas til slutt, sunget av alle utøverne, skaper det sammenheng i forestillinga Konglomerat.. Konglomerat er en bergart som består av rullestein og grus sammenkittet av leire,

kalk, kisel eller rust. Kostymene i forestillinga er muligens også inspirert av tittel og tema. Danserne er sminket med hvitt, noe som kan minne om kritt eller kanskje birkebark som fra trær i lunden. De svinger med og svøper seg i store, hvite sjal og lange slør. Svarte sko og bukser forankrer de flagrende gevantene. Temaene sement, sediment og sammensetning går igjen i flere av forestillingas bærende elementer. Musikken, med pols, menuetter og andre melodier og slåtter, er hentet fra Akershus. Ikke minst er bevegelsesspråket satt sammen av samværsdanser slik de er blitt formet i dette fylket: springdans, reinlender, vals og fireturvarianter, men også sjess (jazz), charleston og tango, for å nevne de viktigste.

21 UNGDOM 02/2017


BYGDA DANSAR

FREMMED FORMSPRÅK

KONKRET ELLER ABSTRAKT

Det er liten tvil om at ungdommene mestrer folkedansstilene de har oppøvd over en treårsperiode. Folkedanskroppen dukker fram i de fleste – den som har oppdrift fordi den er nedpå, luftig fordi den er jorda. Med den duver dansen og forestillinga sviver og svinger. Hvor fortrolige de unge er med nyere former for samdans som krever større berøringsflater og vektoverføring, er uklart. Hver gang de kommer tilbake til folkedansen, lyser det både selv- og stilsikkert av ungdommene.

I geologiens verden blir konglomerat dannet når fragmenter av samme eller forskjellig type bergart fra elver, monogent eller polygent, presses sammen. Men det er visst ikke dansestiler og musikkmateriale som først og fremst skal ses som fragmenter i forestillinga, skal vi tro programforfatterne. De fremmer mer abstrakte tema som forming av identitet, noe som altfor ofte problematiseres i scenisk dans.

KONGLOMERAT - BYGDA DANSAR AKERSHUS

Aavitsland, Iri-Elisabeth Kristiansen,

De kunstnerisk ansvarlige har latt seg kurse og veilede av dansekunstnerne Caroline Wahlström Nesse og Marius Kjos. Parhestene fra Rom for Dans har laget mange forestillinger for og med barn og unge, og har gjennom årenes løp utviklet en særegen estetikk. Deres fremgangsmåte og formspråk er, ikke til forkleinelse, åpenbart gjenkjennelig i Konglomerat.

I programteksten oversettes mono til jeg og poly til alle. Det fokuseres på spillet mellom den enkelte ene og alle danserne sammen. Fra utøverne ankommer scena en og en til de avslutter med allsang om lunden, foregår det en slags reise mellom individuell bevegelse og kollektiv dans. Men det er sammensetningen av godt inn- og utøvde tradisjonelle musikk- og dansestiler som står sterkest og gjør inntrykk i Konglomerat.

Sammen med ungdommene har de ansvarlige lederne utviklet en forestilling som løser opp i tradisjonsdansens sedvanlige bruk av sirkel i rom og pardans. De setter dansestilene på rad og rekke, i formasjoner av fire, åtte og flere dansere, både gjennom bevegelse og stillebensbilder. Det er denne dekonstruksjonen som er forestillingas beste bidrag til utforsking og fornyelse av folkedans som scenisk uttrykk.

Det å føye en forestilling sammen er et krevende arbeid, som gjerne avslører om det er en mer eller mindre erfaren kunstner/gruppe som står bak. I Konglomerat er det nettopp kittet som ikke alltid holder vann. Unntaket er når Groven Myhren står for timingen og musikerne forøvrig fører an. Da går forestillingsmaskineriet som smurt, da flyter Akersarvs Konglomerat fint ned elva den ble avsatt fra.

Medskapende dansere: Cathrine Ringsrud, Elise Vonen, Emilia Midtbø Christensen, Frederick Brevig Jacobsen, Hans Løvlien, Herborg Nesbakken Oma, Ingeborg Solheim-Allen, Ingvild Neri Bakkjen, Nikolaj Bo Fischer Nielsen, Signe D. Krohn Gjessing, Sigrid Sæter, Snorre Kristiansen, Solveig Hauknes, Solvor Oma, Ånund Myhren Musikere: Øyonn Groven Myhren (musikalsk ansvarlig), Marianne Tomasgård, Elise Tegnèr. Idèutvikling og kunstnerisk ansvar: Mathilde Øverland, Trine Sjølyst og Stian Roland.

22 UNGDOM 02/2017

Kunstnerisk veiledning: Rom for dans ved Caroline Wahlström Nesse og Marius Kjos.


BYGDA DANSAR

KORLEIS ER DET Å VERA MED I EIT BYGDA DANSAR-PROSJEKT? Det treårige prosjektet Bygda Dansar Akershus ”Akersarv” er nett avslutta. Me tok ein prat med Akersarv-deltakar Hans Hovland Løvlien frå BUL Sarpsborg / Ungdomsringen Austlandet like før sluttframsyninga deira i mai. TEKST: SOLVEIG BREKKE HAUKNES. FOTO: UKM.

KORLEIS HAR DET VORE Å VERA MED I PROSJEKTET BYGDA DANSAR AKERSHUS? – Det har vore ei utruleg spennande reise. Dei tre åra prosjektet har vart, har gått så utruleg fort, og det er rart å no stå framfor premieren. Bygda Dansar Akershus har verkeleg fått meg til å sjå på folkedansen med heilt nye auge, og eg har likt kvart einaste minutt av det.

KVA HAR DU LÆRT GJENNOM Å VERA MED I PROSJEKTET? – Gjennom prosjektet har eg lært å verkeleg utfalde meg sjølv på dansegolvet og ikkje minst på scenen. Eg har blitt gjort merksam på min eigen dansestil, kva eg kan bli betre på, og ikkje minst korleis eg kan uttrykke mi eiga form framfor eit publikum. Dette er erfaringar eg kjem til å ta med meg vidare i dansen og bruke etter beste evne – både som instruktør i Sarpsborg og som utøvande dansar.

KORLEIS HAR DET VORE Å ARBEIDE SCENISK MED FOLKEDANS? – Eg har arbeidd scenisk med folkedans tidlegare, gjennom mellom anna prosjektet

Folkedansfeber, men aldri på dette nivået. I Bygda Dansar har me fått inntrykk og inspirasjon frå både folkedansarar og meir moderne dansarar, slik at opplevinga av rom og kropp har vore heilt annleis enn kva ein pleier å tenke på til ei vanleg oppvisning. Det har vore utruleg interessant å oppdaga i lag med andre folkedansarar korleis den tradisjonsberande hobbyen vår kan smelte saman med det moderne og verkeleg setta i gang ein prosess som har resultert i ei heilt konge framsyning som me snart skal få vist fram til resten av verda.

VIL DU ANBEFALE ANDRE Å VERA MED PÅ BYGDA DANSAR? – Eg vil verkeleg, verkeleg anbefale alle som får moglegheit til det, å delta på eit prosjekt i Bygda Dansar. Som eg sa tidlegare, har det vore ei utruleg spennande reise, som har utvikla meg som dansar, og som har gitt meg eit heilt nytt perspektiv på dans på scena og framfor eit publikum. Og så knyter ein sterke band til dei andre utøvarane. Ein dansar tett inntil kvarandre og utviklar eit stort prosjekt saman, og det er ikkje ei oppleving ein kan få kor som helst. Det er eit utruleg bra initiativ.

TOPP TRE MED Å VERA MED I BYGDA DANSAR? 1. Samhaldet i gruppa 2. Utvikling innan dans 3. Dedikasjonen til leiarane og utøvarane

HAR DU EV. NOKRE KRITISKE TANKAR OM PROSJEKTET? – Det er ikkje stort ein kan trekke fram av kritikk mot dette prosjektet, men det er eit prosjekt ein må ha ein del tolmod til. Om ein vil vera delaktig gjennom heile prosessen, må ein dedikere mange helger til intens øving, og ein må ha eit ope sinn. Det er mange oppgåver ein får, som kan verke litt merkelege, der ein spør seg sjølv ”Korleis skal dette gjera meg til ein betre dansar?” og ”Kva skal me med dette til avsluttingsframsyninga?” Men stol på meg når eg seier dette: Det er verdt det til slutt. Me står no rett framfor utgangsdøra til prosjektet, og når me opnar henne, står premieren der. Eg gler meg masse til å vise kva tre år med arbeid har leia opp til, og eg er spent på responsen frå publikum.

23 UNGDOM 02/2017


FAGDAGAR I BUNAD OG FOLKEDRAKT Vi inviterer deg til to dagar med foredrag, demonstrasjonar og stoffmesse. Temaet i år er sylvsmedhandverk, med historiske foredrag og sylvsmedar i aksjon. Nytt i år er at ein kan kome kvelden før og treffe andre deltakarar. Måndag kveld blir det sjølvsagt festmiddag, så hugs å ta med bunaden din! Foto frå Fagdagene i bunad og folkedrakt 2016. Foto: Anne-Marte Før.

Bunad frå Gausdal


FAGDAGANE PÅ FAGERNES

Bunad frå Vest-Agder og Setesdal.

PROGRAM SØNDAG 27.08.2017

TYSDAG 29.08.2017

19.00

07.00–09.00 09.00–11.00 11.00–12.30 12.30–14.00 14.10 14.45

Felles middag på hotellet for dei som vil

MÅNDAG 28.08.2017 09.00–11.30 12.00 13.00–13.30 13.30–15.00 15.00–15.30 16.00–16.45 16.45–18.00 19.30

Registrering Lunsj på hotellet Velkomen til Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt v/ Camilla Rossing, leiar Opphavsrett med advokat Astri M. Lund, som drøfter problemstillingar som oppstår eller har oppstått i skjeringspunktet handverk og kulturarv Kaffipause Foredrag om sylv med eit internasjonalt perspektiv, med Lori Talcott Bunadsproduksjon i framtida – kva trur vi? Festmiddag på hotellet

Påmelding finn du på www.husflid.no

Fagdagane i bunad og folkedrakt er eit årleg arrangement for alle bunadsinteresserte. Det er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Institutt for bunad og folkedrakt.

Frukost Demonstrasjon/informasjonsstand Gry Grindbakken Hilde Nødtvedt Stoffmesse Bunadopplæringa Vestfold Husflidslag m/lærlingar Skautefelling Vipping av hår Håndverksregisteret Norske Tekstilhåndverkere Lunsj Valfrie foredrag Bunad og Unesco-konvensjonen inn på listene. Kvifor og korleis? v/Solveig T Grinder Filigransarbeid trinn for trinn v/Hilde Nødtvedt Bunad og berekraft – analyse av utvalde bedrifter innan bunadsproduksjon v/Harald Granerud Handverksstipendiat i sylv – presentasjon av eige arbeid v/Gry Grindbakken Felles avslutning i amfiet eller inne (ståande) Buss til Oslo

Velkomen til Fagernes!

25 UNGDOM 02/2017


Sy din egen bunad med veiledning

Når du sikrar verdiar, skapar du verdiar.

-søm av nye bunader - dame og herre -omsøm -fagbrev og lærlingbedrift Anne Kari Martinsen Gamle Kirkevei 11 3490 KLOKKARSTUA annekari@bergogblaane.no tlf. 924 08 035 www.bergogblaane.no

AS

Det kan me forsikra. Knif Trygghet er eit reindyrka forsikringsselskap som er skipa for å verna og tryggja verdiar for det rike organisasjons- og kulturlivet i Noreg. Difor har me utvikla særskilt gode og tilpassa løysingar for Noregs Ungdomslags verksemd, til dømes forsikring av klubbhus og kulturbygg. Me tilbyr òg gunstige personforsikringar for alle som er engasjert i ungdomslaga. Meir informasjon og gode tilbod får du på kniftrygghet.no, eller ring 23 68 39 00

SIKRAR VERDIAR. SKAPAR VERDIAR.

Scenerom – kurs på Teaterdagene

velkommen til velkommen til follo folkehogskole follo folkehogskole

VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR

velkommen til follo folkehogskole

VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR MUSIKAL HIPHOP MUSIKAL HIPHOP VOKAL BAND VOKAL VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR BAND DANS PERSONLIG DANS PERSONLIG MUSIKAL HIPHOP TRENER FILM TRENER VOKAL FILM DANS FILM

BAND

PERSONLIG TRENER

FOLLO.FHS.NO

26 UNGDOM 02/2017

Under Teaterdagene på Lillehammer har du sjansen til å få med deg modul 1 av Scenerom. Kurset passar for teaterentusiasten som har lyst til å bli instruktør, og for instruktøren som gjerne vil vidareutvikle seg. Kurset tek for seg dei ulike oppgåvene du har som instruktør, korleis møte eit ensemble, korleis bruke teaterøvingar aktivt og analytisk i kartlegging og bygging av teatergruppa.

FOLLO.FHS.NO FOLLO.FHS.NO

Dato: 15. –17. september Kursavgift: kr. 1900 Påmelding eller spørsmål: post@kulturogtradisjon.no Les meir om kurset på www.kulturogtradisjon.no


FOTO: OLE EKKER BENNETT

vi har de

originale bunadene

Coop Å SA, Husfliden Stensveien 1, 7335 Jerpstad Telefon: 991 21 970 E-post: ingunn.stokkli@coop.no www.coop-aa.no

Velkommen til oss i Olav Tryggvasons gate 18

Fagdagar i bunad og folkedrakt Tema i år er sylv og sylvsmedhandverk I år feirar vi at det er ti år sidan Noreg ratifiserte Unesco sin konvensjon om levande kulturarv. Vi sett også fokus på lovverk kring bunadproduksjon og på andre utfordringar ein har som bunadtilverkar. Elles vert det foredrag om sylv, diskusjonar og praktiske demonstrasjonar med sylvsmedar. Tid: 28. –29. august 2017 Stad: Fagernes Hotell og Valdres Folkemuseum Pris: 2000,-kr. Påmelding innan 15. juni på: www.husflid.no For meir informasjon:

www.bunadogfolkedrakt.no / 61 36 62 50 www.husflid.no

Velkomen til Fagdagane på Fagernes!

Foto: Anne Marte Før

27 UNGDOM 02/2017


Returadresse: Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo

2017

FANA FHS

27. JUNI - 2. JULI

SOMMARLEIREN 2017! Sommarens mest makelause eventyr går av stabelen frå tysdag 27. juni til søndag 2. juli. Om du er i den heldige målgruppa 13 til 25 år, kan du utfalde deg fem dagar til ende i ærverdige omgjevnader på Fana Folkehøgskule utanfor Bergen. Om du ikkje skal du leir kan du følje oppdateringar på www.sommarleiren.no, www.facebook.no/sommarleiren og emneknaggen #sommarleiren.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ungdom nr 2 2017 by Noregs Ungdomslag - Issuu