ungdom
Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 2/2011 • 95. årgang
95 år
TEATERFESTIVAL I BARNAS ÅND • FOLKEDANS HEILE NATTA LANG • LANDSMØTE INSTRUKTØRKURS MODUL 2 • "KVA SKJER" I BONDEUNGDOMSLAGA
Leiar Redaktør: Daniel Heggelid-Rugaas Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 10.000 Bladbunad: tinajerstad.no Trykk: Gunnarshaug trykkeri Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Frå framsyninga "Stigen" fra RaBalder Ungdomsteater (Norsk Amaterteaterfestival 2011) Foto: Daniel Heggelid-Rugaas Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Faks: 22 33 50 23 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Eli Ulvestad 24 14 11 10 eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Daniel Heggelid-Rugaas 24 14 11 14 daniel@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Andreas Løken 24 14 11 13 andres@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Synnøve Jørgensen 24 14 11 15 synnove@ungdomslag.no
Kven faen er du til å kalle andre for rusk? Eg har alltid vore glad i 17.mai. Heilt sidan eg var liten så har denne dagen vore noko heilt spesielt. I ungdomshuset var det revy der både eg, mamma og etterkvart søstera mi var med på scena. 17.mai er den dagen me feirar historia vår, landet og alle folka som bur her. Etter eg flytta til Oslo har 17.mai feiringa blitt litt annleis, men framleis så er det både høgtid og fest. I år hadde eg samla 12 gode vener i leilegheita mi i Oslo. Litt ut på dagen gjekk me alle ut i bakgarden og sat der med nokre menneske frå andre leilegheiter. Tre av gjestene mine denne dagen hadde bakgrunn frå andre land – og er det ein kan kalle etniske minoritetar – om ein skal være nøydd å kalle dei noko. Etterkvart byrjar samtalen rundt bordet å handle om politikk og særleg om inkludering og innvandringspolitikk. Då seier plutseleg den eine naboen min – Alle utlendingar som bur i Noreg er rusk. Når eg ser ein svarting på gata, så tenker eg at det er rusk. Eg er rasist. Det vert ei lett pinleg stemning rundt bordet. Ein er ikkje heilt sikker på om ho fleipar eller om ho faktisk meiner at tre av gjestene mine denne dagen er rusk. Ho gjentek nok ein gong kva ho sa og då er det ikkje lengre nokon grunn til å halde i seg det ein har lyst å seie. Eg fortel ho nokre sanningens ord – og innser at eg aldri nokon gong kjem til å bli omtalt som den diplomatiske leiaren i Noregs Ungdomslag. Eg syns det er skremmande at menneske meiner at nokon er mindre verdt enn andre på
Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no
Organisasjonsnummer: 939 550 550
www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag
2
Noregs Ungdomslag vedtok på landsmøtet i byrjinga av mai at me ynskjer ein ny antirasistisk organisasjon i Noreg, etter avsløringane kring drifta av SOS-Rasisme. Med sin måte å drive organisasjonen på, både i høve til medlemsjuks og økonomiske gråsoner, sett dei antirasismearbeidet i fare. Me ynskjer difor at dei sjølve skal ta ansvar og legge seg ned, slik at nye, seriøse og samlande krefter kan ta over dette viktige arbeidet. Noregs Ungdomslag vil vere ein støttespelar til ein slik ny organisasjon. Og me er allereie i gang medå jobbe mot rasisme i praksis. I slutten av mai var det Amatørteaterfestival her i Oslo. Ein fantastisk festival i samarbeid med Det Norske Teatret. Ein stor takk til prosjektgruppe og tilsette for den enorme innsatsen og nybrotsarbeidet dei har gjort. For det var eit annleis Noregs Ungdomslag som vart synt fram under festivalen. Eit mangfaldig Noregs Ungdomslag. På laurdagen var det festivalfest. Det er første gong eg har vore på fest i Noregs Ungdomslag, der det har vore fleire folk med bakgrunn frå andre land – en det var personar i bunad. Og når ein av deltakarane, ein mann frå Somaliland greip mikrofonen og byrja å synge popmusikk frå sitt heimland så kasta alle gjestane seg ut i spontan og vill dans. Gamle og unge. Bunad og sari. Jenter og gutar. Med store smil. Eit fantastisk syn. Og ei elektriske stemning. Nytt fellesskap.
Foto: andreas øverland
Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027
grunn av hudfarge. Det er synd å seie det, men me har truleg meir bruk for antirasismearbeid no, enn nokon sinne før.
Og dersom nokon kallar eit av dei menneska som var på den festen for rusk, så kan eg ikkje garantere for følgjene av det. Berre så det er klart. God sumar – me sjåast på festival!
Kristian Fjellanger, leiar
Generalspalte
Om å gje og ta ansvar Sommaren nærmar seg, og for mange av dei unge medlemmene i Noregs Ungdomslag betyr dette at eit nytt kapittel snart står for døra. Mange skal byrje på ny skule til hausten, og mange skal og flytte heimanfrå for første gong. Ein må finne seg til rette i eit nytt miljø, og kanskje må ein og finne seg nye venar. Dette kan vere skummelt, men det er også noko befriande spennande med at ein ikkje heilt veit kva som ventar rundt neste sving. For mange markerer også sommarferien ein avskjed med ungdomslaget. Kanskje fordi ein flyttar frå bygda eller byen, eller kanskje fordi laget rett og slett ikkje har noko tilbod til den aldersgruppa ein no tilhøyrer. For Noregs Ungdomslag sin del markerer difor sommaren også eit skifte i medlemsmassen, der mange forlet oss, men der vi heldigvis får omtrent like mange nye medlemmer når aktiviteten startar opp at. Eg har ei historie frå då eg sjølv vart for gamal til å vere med i barnelaget heime. Vi var fleire 13-åringar som var på veg ut av laget, fordi der ikkje var noko aktivitet til vår aldersgruppe. Leiaren i barnelaget inviterte difor oss til møte på ungdomshuset. Ho fortalde det slik det var; “Vi har ikkje noko tilbod til dykk, men ungdomshuset står klart til bruk om de sjølv vil finne på noko.” Vi tok sjølvsagt utfordringa, og gjennom heile ungdomsskuleperioden hadde vi aktivitetar på huset kvar veke. Då laget feira 100-årsjubilum fem år seinare var fire av fem styremedlemmer under 18 år, så ein kan trygt seie at vi som var unge i laget både fekk og tok ansvar. Eg trur fleire lag må tørre å gje frå seg ansvar til dei unge i laget. Står ein i fare for å miste medlemmene, så er det verdt ein sjanse å gje dei tillit til å skape sitt eige rom og sine eigne aktivitetar. Dersom laget har eige hus, men verken aktivitet eller unge medlemmer, så har laget likevel ein større kapital enn mange andre lag tør å drøyme om. Opne huset for ungdo-
Innhald teaterfestival i barnas ånd, s. 4 overraskingar bak kvar sving, s. 6 skagestad vart årets hulda, s. 8 filmteater og nordnorsk dans, s. 9 folkedans heile natta lang, s. 10
men i bygda, la dei skape aktivitetar, og la dei sjølve få setje premissane! Den kompetansen ein tileignar seg gjennom å delta i ungdomslagsarbeidet kan ikkje målast i vekttal eller synleggjerast i fagbrev. Eg er like fullt overtydd om at denne kompetansen kan bere ein langt i livet. Det er meir viktig enn nokon gong at dei unge tek utdanning, men vel så viktig er det at ein engasjererer seg i frivillig arbeid ved sidan av. For oss vaksne sin del betyr det at vi må tørre å låne bort nøklane til ungdomshuset!
landsmøte 2011, s. 13 rådsleiarane det neste året, s. 14 dette er herman , s. 15 fyrste samling for nordic dance, s. 16 folkedans i kulturskulen, s. 17 bli instruktør, s. 18 songdansen i nu, S. 19 danser´u med urpremiere, S. 20
Eli Ulvestad, generalsekretær
dansekostredet, s. 21 ein hyllast til amatørar, s. 22 nyopning av torget i sarpsborg, s. 24 studieforbundet, s. 30 norske kulturbygg, s. 31
Stoffrist til neste Ungdom 1. aug. 2011
3
Teaterfest I år var det femte gong Noregs Ungdomslag arrangerte Norsk amatørteaterfestival på Det Norske Teatret. Blandinga mellom gamle tradisjonar og nye påfunn skapte ein festival med liv og røre for både deltakarar og publikum. Det vart ein festival i barnas ånd. Av: Daniel Heggelid-Rugaas
I 5. etasje på Det Norske Teatret fekk 11 ulike grupper moglegheit til å syne fram sine stykke på ei profesjonell scene, før dei alle fekk grundige og faglege tilbakemeldingar frå Ragnhild Hilt, skodespelar ved Det Norske Teatret.
historia til ei scene. Biletet av rustikke fjellmus som drakk elvebrus (vatn) var ein god og tydeleg kontrast til bymusene, som var vante til ferdigknekte nøtter. Stykket vart òg spelt i Teatersalen til BUL Oslo på fredagen, i form av ein matinè for barn.
Allereie på festivalens første dag vart barneteaterfokuset slått fast, med framsyninga ”Bymusa og fjellmusa” av Røyken videregående Steinerskole. Framsyninga var basert på det kjende (folke)eventyret, men nytta seg mellom anna av song for å tilpasse
Den neste gruppa ut var Chicas, med stykket Gi meg navnet mitt tilbake, der dei to skodespelarane tok utgangspunkt i svært få rekvisittar, men klarte likevel å fjetre heile salen med glimrande teatertalent. Henrik Ibsens Nora-karakter møtte sitt opphav, Laura, og i ein heilt ny kontekst måtte karakteren respondere på nye impulser, tankar og dilemma. Festivalens andre dag stod òg i barnas teikn: På onsdagen stod nemleg to barneteatergrupper etter kvarandre. Teater Bak Fram sitt stykke handla om kva barn er redde for, og publikum fekk verkeleg varierte redsler presentert. Barna bak stykket Trio + 1, er med i Nordic Black Theatre si barneteategruppe, Solsikke. Dei framførte òg eit sjølvlaga stykke, der skodespelarane sjølv var i fokus. Stykket tok for seg kvardagslege situasjonar, dans og monologar og handla om dagens barn i ein liten del av Oslo. Te-Nord gjesta i år festivalen med stykket Taushetsbrudd, basert på Meddelelser av Trude Marstein og utdrag frå Sneglegutten og Aldri i verden av Lars Vik. Det gjekk føre seg på eit venterom der folk snakka om og med kvarandre heilt til den lange ventetida tvinger fram intime, personlege detaljer om karakterane. Teaterlaget i BUL Oslo framførte "Stakkars stakkars deg", ein
4
tival i barnas ånd
einaktar forfatta av festivaldramatikar Eirik Fauske, der vi fekk sjå mange scener frå livet som fleire i salen nok kjende seg att i: Telefonsamtale med tante, lappar i timen, ungdomsfestar med meir. Gol Ungdomslag tok publikum med storm under framsyninga av stykket "Opperasjon Lakafant", som baserer seg på tekster frå Hellbillies. Handlinga gjekk føre seg på Torpmoen, ein militærleir i Hallingdal, der tre karar er kalla inn til repetisjonsøving. RaBalder Ungdomsteater synte fram den politiske satiren Stigen, ein humoristisk observasjon av politisk makt og kampen om å få mest av den – det vil seie å kunne stå på stigen. Ved møtet mellom karakterane, fekk vi sjå ulike variasjonar av menneskeleg oppførsel. Mjeldalen Ungdomslag si vaksenteatergruppe framførte delar av Ronja Røverdatter, der vi sjølvsagt møtte Ronja frå Mattis-slekta og Birk frå Borka-slekta, røvarar, huldretusser og andre fantasivesen.
Onsdagens arrangement var ein kombinasjon av to artistar etter kvarandre – med kvar sin gitar. Synnøve Viken, som mellom anna fortalte at ho var ein Border Collie i sitt førre liv, hadde krig som tema, før Trude Øines fulgte opp med songar av Bo Caspers Orchestra, Jan Eggum, Alf Prøysen og Bremnes-søsken. Camara Lundestad Joof hadde med seg Ylva Werenskiold på torsdagen, og leste opp dikt av Jon Fosse – dikt som kunne hjelpe til å svare på sine eigne spørsmål. Ylva las og dikt av Olav H. Hauge, om å bere stein.
Dikt og dugurd Festivalen samarbeidde med Det Norske Teatret om å arrangere Lunch og lyrikk – eller Dikt og dugurd, som det var omdøpt i år. Sarah Ramin Osmundsen var først ut med tre ulike dikt i form av Spoken Word Poetry, der ho elegant skifta mellom bokmål, nynorsk, engelsk og sang.
5
Overraskingar bak kvar sving
6
Vignett
Dei siste åra har skodespelar Ragnhild Hilt gjort ei av dei viktigaste oppgåvene under Norsk amatørteaterfestival, gjennom å gi gruppene teaterfaglege tilbakemeldingar etter sine framsyningar. Vi stilte Ragnhild Hilt tre spørsmål etter festivalen.
1. Kva syns du om variasjonen i framsyningar under årets festival, samanlikna med tidlegare? Noko av det fantastiske ved denne festivalen er at han spenner vidt, og har store variasjonar både i innhald og form. Det har han hatt før, og det hadde han i år. Det er overraskingar bak kvar sving! 2. Kva syns du var mest positivt med framsyningane?
Av: Daniel Heggelid-Rugaas
At alle gruppene hadde noko på hjartet; alle hadde noko dei ville formidle. Det var alvor, det var kraft og ynde, dyktigheit, sjarm og poesi, dristigheit og samspel-glede. Det vi såg på festivalen var i stor grad nyskaping, og teater på svært høgt nivå. 3. Kva bør ein jobbe meir med? Eg vil heller seie at ein skal halde fram med å leite etter eigenart … og engasjement.
Om Ragnhild Hilt Norsk skodespelar, tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1971, der ho debuterte i hovudrolla som Anne Boleyn i Dronning i tusen dagar av Maxwell Anderson. Ho har mellom anna spelt Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun, tittelrolla i Antigone av Jean Anouilh og i Samuel Becketts Spel utan ord. Filmdebut i Rallarblod (1978). (kjelde: www.snl.no):
7
Huldaprisen 2011
Om prisen: Huldaprisen vert gjeve til einskildpersonar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har arbeidd for å fremje og betre ramme-
Skagestad vart årets «Hulda»
tilhøva for norsk amatørteater. Arbeidet skal vere tufta på Noregs Ungdomslag sine grunntankar om opplæring, formidling og trua på einskildindividet som ressurs. Det vil bli sett på som ein føresetnad at mottakaren av Huldaprisen i arbeidet har lagt vekt på å
Under Norsk amatørteaterfestival 2011 fekk Liv Hege Skagestad Huldaprisen 2011 for sitt arbeid med og for norsk scenekunst gjennom fleire år.
heve den kunstnarlege kvaliteten på amatørteatret.
Tekst og foto: Daniel Heggelid-Rugaas
Liv Hege Skagestad får Huldaprisen 2011 for å ha vore ein teaterpionér som har skapt nye arenaer der menneske har møtt menneske og fordi ho har utvikla teateret i Noregs Ungdomslag. Ho har flytta det profesjonelle teateret nærare oss, og flytta oss nærare det profesjonelle teateret, seier Kristian Fjellanger, styreleiar i Noregs Ungdomslag og juryleiar. Som ei drivkraft og ein entreprenør for både Norsk Amatørteaterfestival og Den mangfaldige scenen har ho skapt varige endringar i måten Noregs Ungdomslag arbeider med teater på - og lagt grobotn for korleis Noregs Ungdomslag skal vere med å skape eit nytt fellesskap i Noreg. - Juryen har lagt vekt på hennar evne til å inspirere og begeistre andre i sitt arbeid. Liv Hege Skagestad har med sin viljestyrke, sitt pågangsmot og si teaterglede gjort seg til ein sentral aktør når teaterhistoria til Noregs Ungdomslag skal skrivast, avsluttar Fjellanger. - Takk for prisen, takk til alle dei flotte folka eg har fått jobbe med, takk til NU som har høge ambisjonar, har sin styrkje i demokratisk styresett og tru på enkeltindividet. Eg ser fram til det som kjem, seier Liv Hege Skagestad, og siterer fritt etter Hulda Garborg: - Vi har eit par ting vi må ha gjort før vi døyr!
8
Sommarleiren
Filmteater og nordnorsk dans Sommarleiren er etter kvart eit stort og godt etablert arrangement i NU. I år blir leiren halde i Bodø 3. 7. juli og vi gler oss til fine dagar med gode kurs, turar og mykje sprell. Denne gongen blir fokuset på det sosiale utanom kursa større enn før, og leirdeltakarane får sjølv ansvaret for mykje av innhaldet.
Av: Andreas Løken
Skodespelarkurs for filmfrelste Årets Teaterkurs har film som hovudtema. I løpet av leiren blir du kursa i skodespelarteknikk og improvisasjon. Teatergruppa skal jobbe med eit manus som legg grunnlaget for kursing innanfor ulike tema og du får høve til å prøve deg både framfor og bak kamera. Siste kursdag er innspelingsdag. I etterkant av kurset får alle deltakarane ein ferdig klipt kortfilm. Dette blir eit eksklusivt kurs med proffe instruktørar og skikkeleg filmutstyr. Lærarar: Thomas Engeset og August Sanengen. Dei driv saman produksjonsselskapet Tommel Opp film som har laga fleire kortfilmar og musikkvideoar.
humor. For å få til denne leikne stilen må vi som utøvarar ha god kontroll og kunnskap. På dansekurset vil du arbeide mykje med grunnleggande dansekvalitet, samstundes som du mellom anna får lære om nordnorsk musikk, nordlandspols og mange andre dansar frå Nord-Noreg. Lærarar: Petra Eriksson, folkedanspedagog og dansar frå Sverige. Sigurd Johan Heide, folkedanspedagog (Bygda dansar, Rff), koreograf og folkedansar frå Troms. Anette Figenschou og Siri Strige, folkedansinstruktørar og festivalarrangørar frå Bodø. Leif Egil Andreassen, folkemusikar og pedagog frå Nordland. Meir info finn du på www.sommarleiren.no
Dansekurs - dans som ein nordlending Tradisjonell musikk og dans frå Nord-Noreg inneber driv, fart og
9
Folkedansfestivalen
Folkedans heile natta lang Om få veker startar Folkedansfestivalen 2011 i Bodø. Deltakarane vil få oppleve eit allsidig familieprogram, drivande god dansemusikk og herlege dansepartnarar. Bodø fristar med lange dagar og lyse netter der ingen hemmelegheiter vert skjult av mørket. Av: Daniel Heggelid-Rugaas
til å bidra på ein CD med nordlandspols, og denne kvelden vil det bli plateslepp av denne. Vidare ut over kvelden kjem både Målselv spelemannslag og Tor Aage med vener til å spele til dans. I tillegg vert det bygdedans med Mikal Lundemo og Leif Egil Andreassen og ein DJ skal mikse musikk som vi kan danse til. Det blir dans paralellt i to salar. Etter dansefestene kvar dag held kvelden fram med Nattdans på Sinus. Det blir ein uformell dansefest der alle får spele og alle kan danse. Når dansen og musikken først er i gong, gjer vi oss ikkje før sola går ned.
Leikfest for barn Opning og dansefestar Festivalen opnar med delar av framsyninga Aldri på en søndag ved festivalmusikar Ragnhild Furebotten, tubaist Lars Andreas Haug og folkedansar Sigurd Johan. Framsyninga hadde premiere under Barentsjazz i november 2010 og reiste på turné i Nord-Noreg og i Oslo. Ensemblet er uvanleg samansett med ein ny og uvant, men spennande, lyd. Det er festivalmusikar Ragnhild Furebotten, Frode Haltli og Bendik Lund Hannshus som står for dei første dansestega under Folkedansfestivalen 2011. I tillegg til vår eigen Thor Aage med band kjem Leif Egil Andreassen, Mikal Lundemo og Vegar Vårdal til å stå på scena i løpet av kvelden, og du får ein smakebit på kva Nord-Noreg har å by på av dansemusikk. Her blir det mogleg å få danse kjente dansar som reinlender og vals, men ikkje bli overraska om ein rask nordnorsk pols også høyrest frå scena. Leikfesten opnar med ein kort konsert i regi av Ragnhild Furebotten, Bjørn Andor Drage og Vegar Vårdal. Leikfesten er fredagen sitt høgdepunkt og i løpet av kvelden får du danse til både Saltdal spelmannslag, Målselv spelmannslag og Leif Egil Andreassen. På leikfesten er det turdansen som står i fokus, men det blir spelt både runddans og bygdedans i tillegg. Der blir òg moglegheit til å vere med å danse songdans. Er det ikkje din favoritt som spelast, så er det bare å ta turen over vegen kor ein anna type musikk spelast. Dansen går nemlig parallelt i to lokale! Bunad går godt i lag med turdans, og kan brukas til andre danseformer også. Under den siste dansekvelden på årets festival vil Ragnhild spele saman med eit nordnorsk spelemannslag som er sett saman i anledning Folkedansfestivalen 2011. Musikarane har blitt oppfordra
10
På laurdagen ønskjer festivalen deg velkommen til barneleikfest med Nord-Noregs beste folkemusikkband, Hekla Stålstrenga! Ta på deg bunad eller finstas, knyt på deg danseskoa og bli med. Ingenting kan bli betre enn når barn møtast til fest. Då blir det dansing og moro til taket løfter seg og ingen våger sei stopp. Det blir dans til musikk og til eigen song. Det går fint å kome på barneleikfest å danse sjølv om du aldri har dansa før. Og til deg som har dansa i mange år, her blir nok utfordringar for deg også. Her er det ingen reglar om kva som er rett og gale. På barneleikfest gjer vi det på vår måte!
Kursrekkje for kvar ein smak Kurs for barn For barn i fleire aldrar som liker å danse spanande dansar av energiske instruktørar. Lærarar er Anette Figenschou, Siri Strige, Ulrikke Bredal og Tone Ingvaldsen. Kurset vil prøve ut dansar til ulik musikk, og er ei flott førebuing til leikfesten på laurdag og er spesielt tilrettelagt for barn. Songkurs Sigrid Randers-Pehrson er den fremste profesjonelle folkesongaren i Nord-Noreg. Til dagleg arbeider ho som songlærar ved UiN og ved Sortland vidaregåande skule. Sigrid har gått i lære hos Sondre Bratland. No får du moglegheit til lære deg nokre nordnorske tonar frå ein fantastisk songar. Kurs i nordnorske polsar Kjenn litt på korleis det er å være nordlending, til dømes ved å lære den nordnorske bygdedansen - ein intens, krevjande og eksotisk pols. Du har ikkje opplevd han skikkelig før du har dansa han sjølv. Nord-Noregs største polsekspertar, Sigurd Johan og Anne Berit Heide, lærer deg dansen.
Folkedansfestivalen
Kurs i dansar frå Velfjord I Velfjord har det vorte dansa mykje, men lite i organiserte leikarringar. Dette gjør at kvar dansar i Velfjord i stor grad har fått utvikla sin eigen dansestil. Dansane frå velfjord er krevjande med eit kraftig uttrykk. Sigurd Johan Heide og 4 dansarar frå nettopp Velfjord vil lære deg springar og nokre runddansar frå Velfjord.
1
Turar Lyst heile natta Tur til Keiservarden for å få med seg midnattssola sine siste strålar. Keiservarden er eit av dei mest populære utfartsstadane i Bodø. Fjellet er 366 meter over havet og er kjend for si fantastiske utsikt, mellom anna til Lofotveggen. Transporten til toppen skjer ved hjelp av eigne bein og det er plass til alle på vegen. Turen avsluttast omtrent klokka 01.00. Tur til Valnesfjorden Vi reiser til UL Framsyn sitt flotte ungdomshus, Fellesheimen, 40 km frå Bodø sentrum. Sjølv om det er lagt asfalt heile vegen går turen sjøvegen i open rib gjennom Saltstraumen, verdas sterkaste malstraum. Dette er ingen tur for pyser, og det er ei oppleving du seint (eller aldri) vil gløyme. Returen går langs asfalten i buss. Tørr du å bli med?
2
Korleis reise til Bodø? Fly Det er 1,5 km frå Bodø Lufthamn til festivalområdet. Både SAS og Norwegian flyr frå Tromsø, Trondheim og Oslo. Tog Bodø ligg i enden av Nordlandsbanen. Toget går frå Trondheim. Frå togstasjonen i Bodø er det tre kvartalar å gå til festivalområdet.
3
Hurtigrute Nordgåande hurtigrute kjem til Bodø i 12-tidea på formiddagen, medan sørgåande hurtigrute kjem til Bodø i 01-tidea på natta. Bil Du må anten finne E6 og ta av mot Bodø på Fauske eller kjøre Kystriksvegen og da ta av mot Bodø når du er på Tverlandet.
1. “Aldri på en søndag.” Foto: Knut Hutler 2. “Hekla Stålstrenger.“ Foto: Helge Grønmo 3. Mikal Lundemo 4. Ragnhild Furebotten Foto: Øivind Arvola
4
11
Framsyningskappleik under Folkedansfestivalen i Bodø Tradisjon, humor, mangfald og nyskaping i norsk folkedans på scene! Bli med, og stem på årets beste danseframsyning! Dansegrupper frå heile landet deltek, og vi garanterer høg kvalitet, spanande program og mykje humor. Velkomen som publikum eller som deltakar. Av: Synnøve Jørgensen
Grupper som deltek i Framsyningskappleiken må ha minst fire deltakarar. Programmet skal ikkje vare i meir enn 15 minutt, og må omfatte dansetypar frå minst to av dei seks hovudgruppene norsk folkedans det blir arbeidd med innanfor Noregs Ungdomslag; Bygdedans, turdans, runddans, songleik, songdans og moderne folkeleg dans som til dømes swing, tango og foxtrot. Laga vert rangert, og fagdommarane kan i tillegg dele ut ekstrapris for program som skil seg ut på ein eksepsjonell måte. Publikum stemmer fram sin eigen vinnar. Lyst å delta? Send e-post til synnove@ungdomslag.no
Framsyningsdansing Dei seinare åra har eg lagt merke til at, i alle fall ein del danselag, plukkar inn utanlandske, mest danske, svenske og ”heimekonstruerte” dansar saman med dei norske, når dei lagar framsyningsprogram. I 2009 såg eg ei framsyning med 9 musikkdansar. Ein av dei var norsk. Då eg snakka med dansarane etterpå, sa dei at dei trudde dei dansa norsk folkedans. Det trudde nok mest sannsynleg publikum også. Da synest eg det er grunn til å spørja: Kva er det vi driv med? Og kva er det danseinstruktørane formidlar? Er det greit å berre tre på seg ein bunad og svinga seg gjennom eit program utan vidare gjennomtenking, eller finst det noen normar? Er vi kulturberarar eller glansbilder? Om vi ønsker å vere kulturberarar, skal vi formidla noe nordisk? Har vi noe felleseuropeisk vi vil vise fram. Eller vil vi formidla norsk kultur? Har danseinsruktørane eit bevisstgjeringsansvar i tillegg til å instruera arm- og fotbruk og formasjonar? På danseøvingane kan vi nok ta inn litt av kvart, men kan vi det på framsyning? Nils Slapgård.
12
Landsmøtet
Landsmøte 2011 I 2011 skipa Noregs Ungdomslag for andre gong til landsmøte. I løpet av helga drøfta utsendingane Folkedanspolitisk plattform, ulike politiske fråsegner og fekk høve til å delta på ulike miniseminar. Av: Daniel Heggelid-Rugaas (tekst og foto)
Styret i NU hadde førebudd 11 ulike politiske fråsegner til handsaming. Av desse var det fråsegna “Heilt konge med bunad” som skapte mest diskusjon, både i sjølve møtet og i gangane utanfor. I fråsegna gjorde styret framlegg om at landsmøtet i Noregs Ungdomslag: ”..... ynskjer å sjå H.M. Kong Harald i bunad på Slottsballkongen i 2014 når landet feirar grunnlovsjubileum. Landsmøtet
oppmodar Kongen til å ta mål til bunad allereie no. Me stiller kunnskapen til våre medlemmar til disposisjon.” Politisk nestleiar Endre Kleiveland presenterte fråsegna for landsmøtet, og bad alle kloke bunadshovud i salen slå seg i hop for å sy ein bunad til kongen. I debatten kom motforestillingane fram. Ein av utsendingane gav uttrykk for at ikkje tok framlegget alvorleg, medan Anne Marie Meier frå BUL Sarpsborg såg ein samanheng til fjorårets bunadsdebatt: - Eg er veldig for bruk av bunad, sjølv om eg ikkje trur så mange har sett det. I fjor hadde vi på landsmøtet ei fråsegn som gjekk på bunadsbruk. Den blei nedstemt, fordi vi tydelegvis ikkje ønskjer å nytte bunad på våre arrangement. Tre talarar snakka mot fråsegna under møtet, og til slutt vedtok landsmøtet at ein ikkje ville handsame fråsegna. Men også andre fråsegner vart debattert på landsmøtet. I fråsegna om mobbing i ungdomshusa ville Ellen Mersland frå Tromsdalen Ungdomslag at ein skulle utvide fråsegna til også å handle om ungdomslag, ikkje berre hus: - Korleis tar vi mot nye medlemmar? Er vi nysgjerrige? Er vi opne for nye meiningar? Jobbar vi i kulissene for inkludering? Trur vi på ungdommane i laga våre? Kan ein ungdom seie kva ein vil på årsmøtet? Er vi med å lage mobbefrie arenaer på våre ungdomslag? Eg oppmodar alle til å reise heim til sine ungdomslag og drøfte desse spørsmåla.
Val og mobbing Kristian Fjellanger (32) frå Lindås vart attvald som leiar i organisasjonen, medan Ellen Mersland frå Tromsø vart ny organisatorisk nestleiar etter Siri Strige frå Bodø. - Eg gler meg til å jobbe vidare i denne flotte organisasjonen, og me har under landsmøte i helga, gjort spanande vedtak og fått gode føringar for det vidare arbeidet, seier Fjellanger. Ellen Mersland var særs nøgd med at landsmøtet har erklært ungdomslaget som ein mobbefri arena: - Regjeringa har på nytt løfta mobbesaka opp til debatt og innsats. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag gir honnør til regjeringa for å løfte denne saka, og vil forplikte sine lokallag til å arbeide mot mobbing og for ein inkluderande organisasjonskultur, seier ho. Mersland og Fjellanger fekk støtte frå Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som vitja landsmøtet. Ho uttrykte stor glede over engasjementet for vaksenopplæring og krafttaket mot mobbing. Ho bad om at dei frivillige organisasjonane blei med på samfunnsdugnaden til regjeringa som var lansert tidlegare i år.
13
Nye folk
Rådsleiarane det neste året Dei fire rådsleiarane i Noregs Ungdomslag står i bresjen for det faglige arbeidet i organisasjonen det komande året. Vi har stilt rådsleiarane tre spørsmål om året som kjem. Av: Daniel Heggelid-Rugaas
Spørsmål 1. Kva blir det viktigaste satsingsområdet for ditt arbeid i NU i perioden som kjem? 2. Kva er NU sin største utfordring? 3. Kva gler du deg mest til?
Ellen Runderheim (Bundadrådet) 1. Ha eit godt samarbeid med lokallaga i bunadarbeidet deira og vere med på å skapa gode møteplassar på fagfeltet gjennom til dømes tematurar. Halde fram arbeidet med fellesprosjektet bunadutdanninga. 2. Både generelt og frå eit bunadsynspunkt: å vere synleg i bunadarbeidet og å rekruttere yngre og nye medlemmer innafor det me driver med. 3. Å få høve til å jobbe med bunadspørsmål igjen etter eit års fråvær frå bunadrådet.
Jostein Apeland (Teaterrådet) 1. Skapa gode arenar for teaterarbeid og dei som arbeider med teater. Arbeida for å gjera NU sine teatertilbod meir synlege for medlemmene. Skal ein arbeida mot målet om å få fleire medlemslag, må ein også finna kanalar kor teatertilboda blir kjent ut over medlemsmassen. 2. NU arbeider med mange fantastiske ting. Ei hovudutfordring er å bli lagt merke til - bli ein organisasjon som det er attraktivt å vera ein del av. NU er ein generasjonsorganisasjon. Dette må ein få presentert som noko verdifullt, spesielt i ei tid då avstanden mellom generasjonane synes å bli større. 3. Koma endå tettare på organisasjonen. Få impulsar frå medlemmene for så å gjera tilboda betre og fleire. Eg gler meg til eit konstruktivt engasjement mellom medlemmer og rådet.
Rita Strandbakke (Barne- og ungdomsrådet) 1.
14
Auke engasjementet blant dei yngre i NU, både lokalt og meir sentralt. For at NU skal fortsetje å vere ein aktiv, stor generasjonsorganisasjon, treng vi engasjert ungdom som kan halde arbeidet framover. Barne- og ungdomsrådet lurar på kva som kan vere årsaka til at medlem, og kanskje spesielt dei unge, ik-
kje ynskjer å ta på seg verv, eller delta på tilskipingar, og rådet vil gjere det dei kan for å få opp aktiviteten og engasjementet. 2. NU sin største utfordring innafor eigen organisasjon, slik eg ser det, er å samle medlemsmassen sin. Som teaterperson som deltek på ein del sentrale tilskipingar der dansen er ein viktig del av dei, har eg forståing for at ein del NU medlemmar som ikkje kjem ifrå dansemiljøet kan kjenne seg litt ”utafor”. Det er viktig og moro at det er mange dansarar som kjem på tilskipingane og at dei kjenner seg som ein del av organisasjonen. Barne- og ungdomsrådet ynskjer saman med teaterrådet å få til ungdomsringsamlingar med teaterkurs. Håpet er jo at mange teaterungdommar vil hente heim inspirasjon og glede til lokallaga sine, slik danseungdommen gjer i ungdomsringane i dag. 3. Akkurat no gler eg meg mest til Sommarleir. Eg gler meg til å sjå fantastisk ungdom vere saman i Bodø, og eg hentar med meg inspirasjon heim når eg ser glade ungdommar danse, drive teater og ha det artig i lag. Eg trur ungdommen og gler seg til leir, og det bør dei. Det blir nokre fantastiske dagar i Nord-Noreg, fulle av aktivitet og moro. Men eg gler meg også sjølvsagt til å samarbeide med dei dyktige medlemmane av Barne- og ungdomsrådet. Eg er sikker på at rådet kjem til å fungere godt, og eg håpar vi klarar å få i hamn nokre av dei prosjekta vi har i tankane.
Ingrid tuko (Folkedansrådet) 1. Vi har fleire prosjekt som må gjennomførast og jobbast vidare med: Folkedans i kulturskulen, danselyst må ut i skulen slik at lærarar og elevar blir kjende med dette fine opplegget, instruktørkurs Modul 1 og 2. Songdansen, som ligg hjarte mitt nær, skal også få ein betre ”status” att. Det er laga mange flotte songdansbøker opp gjennom tidene, og det er fleire som held tradisjonen og utviklinga ved like ut ifrå songar frå nærmiljøet sitt. Fleire landsdelar i Noreg har fått ei songdansbok på si dialekt, og det syner at leikarringar og einskildpersonar er opptatt av songdans. 2. NU har store utfordringar med rekruttering. Det er ein god del ungdomsringar rundt omkring, men vi må ha fleire inn i ”rørsla”, til dømes ved å få i gang nye arenaer for dans, legge vekt på samkvem unge og eldre, men òg reine ungdomsringar, familiedansekveldar og gode instruktørkurs. 3. Eg gler meg til ein USA-tur med flotte ungdommar i august. Der skal vi ha mange framsyningar og halde kurs i norsk folkedans i Seattleområdet. I juli håpar eg det kjem mange danseglade til Bodø! Elles ser eg fram til Nordlek neste år i Steinkjer, og eg ser fram mot nye danseøvingar i Folkedanslaget Sølja frå hausten, og leikfestar og samkvem med andre danseglade. Sjølvsagt gler eg meg til vidare arbeid i Folkedansrådet!
Dette er Herman Herman Thamdrup Lund blei vald inn i styret til Noregs Ungdomslag på landsmøtet i mai, og Ungdom har intervjua han for å bli meir kjent med styrets yngste medlem. Av: Daniel Heggelid-Rugaas
Herman går i andre klasse på vidaregåande i Bodø, bur saman med mor si og beskriv seg sjølv som ein som alltid har noko på gang. Han har vore aktiv i Rød Ungdom i Bodø dei siste åra, og sitt i elevrådsstyret på skulen: - Eg svinger meg gjerne med på matlagingskurs eller filmklubbvisningar, eg går ofte på konsertar og er ein sosial fyr som kjenner mange. I sommar skal eg jobbe med turistar og opplevingar hos tanta mi i Saltstraumen, og eg skal på Trænafestivalen utanfor Helgelandskysten. Herman kom med i Noregs Ungdomslag gjennom Bodø folkedanslag, og har vore med i Ungdomsringen Salten sidan vinteren 2009/2010. - Det var ei venninne som dro meg med, og eg har vorte godt mottatt i folkedansgjengen i Bodø. Derfor har eg halde fram, sjølv om eg ikkje anser meg for å være så god. No og då høyrde han om NU utan heilt å vite kva det er for noko: - Men eg har fått bladet Ungdom i posten, så då har eg kjent meg som ein del av rørsla sjølv om eg ikkje har vore med på nokre større arrangement. Herman er opptatt av at han ikkje kan seie så mykje om arbeidet til organisasjonen, fordi han ikkje kjenner NU så godt ennå. - Men Noregs Ungdomslag har jo ein viktig funksjon som paraplyorganisasjon for kultur, og eg syns det er spanande å kunne vere med på til dømes å løfte fram unge talent som driv med kultur lokalt, fostre opp ambassadørar for folkelege tradisjonar og nye kulturimpulsar utanfor ungdomslaget. Han legg til at arbeid med barn og unge alltid er det mest givande arbeidet, fordi ungdommen er framtida: - Ved og ta imot impulser fra våre unge medlemmar og legge til rette for at unge menneske kan drive med sin kultur og sine interessar i ungdomslaget, trureg alle vil tene på det. Som ein representant for "ungdommen", og som friske auge utanfrå organisasjonen, gler eg meg til å jobbe med dette, og lære meir om det arbeidet vi gjer. - Eg gler meg til å sjå fleire sider av kulturlivet i Noreg, til å bli kjend med nye, spanande folk, og til å finne ut kva som blir mi rolle i det nye styret i NU. Eg takkar for organisasjonens tillit. Eg rekner ikkje med at nokon har visst noko særleg om meg, men eg vart representert på landsmøtet av to vener frå laget her i Bodø, og det er eg særs takksam for.
15
Nordic Dance 2012
Fyrste samling for Nordic Dance 2012 6. – 8. mai møttes gruppa for fyrste gong på Voksenåsen kultur- og konferansehotell i Oslomarka. I flotte omgjevnader var fokuset å bli kjent, både personleg og kunstnerisk. Av: Nina Fjeldet
Gruppa vart utfordra med ulike oppgåver av Paula og Vegar, som dei tok i mot med positiv kreativitet. Språklege ulikskapar mellom landa var merkbart, det same gjaldt dei ulike tradisjonane for både musikk og dans. Likevel var det likskapen som var dominerande. Gruppa fann fort eit fellesskap, og allereie etter ei helg var både kunstnariske og venskaplege band knytt. Vegar, musikalsk leiar, sa etter samlinga at det er både ærefullt og lærerikt å få vere med å forme ein slik gjeng med representantar frå den nye folkemusikkgenerasjonen. - Dagens unge har breiare ballast enn folkemusikarar i tidlegare generasjonar. Det er ingen grenser lenger, berre moglegheiter. Det er ei herleg dualisme og samlast på ein inspirerande stad som Voksenåsen. Skog midt i byen, ungdom på flott hotell og tidsriktig ungdom som er engasjerte i folkemusikk og folkedans. Neste samling er i september. Nordic Dance 2012 er eit nordisk prosjekt for talentfulle folkemusikarar og folkedansarar. 4 dansarar og 2 musikarar mellom 18 og 25 år frå kvart av landa Noreg, Sverige, Danmark og Finland er vald ut til, gjennom sju øvingshelger, å utvikle ei forestilling som skal ha permiere under Nordlek i Steinkjer sommaren 2012. Etterpå skal ungdomane på turné i dei fire landa. I forestillinga skal det kome til uttrykk eit nordisk fellesskap, men og nasjonale særeigenskapar. Personleg og profesjonell utvikling, samhald og utveksling er viktige faktorar i prosjektet. Noregs Ungdomslag arrangerer prosjektet i samarbeid med DGIDans og Musik, Finlands Svenska Folkedansring, Folklore Soumi Finland og Svenska Folkdansringen. Kunstnariske leiarar for prosjektet er Vegar Vårdal (musikk) og Paula Kettu (dans).
16
Vegar Vårdal frå Bærum er velkjent for dei fleste dansarar, både som dansar, musikar og pedagog. Han er utdanna frå Noregs Musikhøgskule og er no travel frilansar busett i Vågå. Han er timelærer ved folkemusikklina på Vinstra Vidaregåande skule og Noregs Musikkhøgskule, og er mykje brukt av dei mange nordiske utdanningsinstitusjonane for folkemusikk- og folkedans. Han er hovudlærar på Norsk folkeleg dans, eit kurs i utøvande folkedans. Han er og kjent frå grupper som Fant&Fente og Rusk. Paula Kettu er dansar, pedagog og koreograf frå Kaustinen i Finland. Ho er utdanna frå Oulu Universitetet. Paula har fleire koreografiar bak seg, både som dansar og koreograf, og er m.a kjent frå prosjektet ”Ril rundt Nordsjøen”. Til dagleg underviser ho i utøvande folkedans ved fleire institusjonar i Finland. Nina Fjeldet er tilsett som prosjektleiar for prosjektet. Nina er 26 år frå Gausdal. Ho er utdanna frå Ole Bull Akademiet, og er no i gang med ein mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Med fele som hovudinstrument har folkedansen alltid vore viktig for ho, og ho har arbeidd ein del med dans, m.a i prosjektet ”Lea de- bygda dansar i Oppland”.
Kulturskuleprosjekt
Folkedans i kulturskulen Visste du at berre 4,4 % av kulturskulane i landet har tilbod innanfor norsk folkedans? I mars sette Noregs Ungdomslag difor i gang prosjektet Folkedans i kulturskulen, der hovudmålet på sikt er å få kulturskular til å starta opp med folkedans og å styrka det lokale dansearbeidet. Av: Halldis Folkedal
Kvifor folkedans i kulturskulen? Kulturskoleløftet til den raudgrøne regjeringa slår fast at staten har eit overordna kulturansvar og at kulturskulane skal spegla eit kulturelt mangfald. Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv forpliktar at staten tek hand om norske dansetradisjonar. Midt oppi dette står Noregs Ungdomslag som ein sentral folkedansorganisasjon. Då ein rapport frå Rådet for folkemusikk og folkedans (2008) slo fast at det stod dårleg til med folkedans i norske kulturskular, fann me ut at me måtte gjera noko, seier kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag, Synnøve Jørgensen. - Me søkte difor Utdanningsdirektoratet om pengar til eit pilotprosjekt, lyste ut ei prosjektleiarstilling og i vår var me brått i gang. Mykje av utgangspunktet for prosjektet er å finne gode samarbeidsmodellar mellom kulturskular og lokale lag. På den måten kan kulturskulen som ressurssenter verta styrka og folkedansen verta synleggjort. Samtidig vil det lokale lagsarbeidet kunna styrkast ved at interessa for folkedans aukar i lokalsamfunna. Det er også eit poeng at laga kan bidra med ei heilskapleg oppleving av dansen ved at laga organiserer sosiale opplevingar utover dei pedagogiske rammene dei opplever i kulturskulen - Målet med prosjektet er dermed ikkje å riva beina under danseopplæringa i laga, men at ein saman kan få til eit samarbeid som aukar statusen til dansen, seier prosjektleiar Halldis Folkedal. Prosjektleiinga sentralt i Noregs Ungdomslag er likevel avhengig av deg for å få dette til! Me treng lokallaga med på arbeidet, og håpar at du som les dette synest at dette er ei viktig satsing. Kvifor ikkje ta ein telefon til kulturskulen der du bur, fortelja litt om satsinga vår og høyra etter om ein kan få til eit samarbeid?
17
Instruktørutdanning Klar for ei utfordring?
Bli instruktør! Anten du er aktiv innan dans eller teater har du heilt sikkert hatt ein instruktør. Ein som rettleia deg i faglege spørsmål, som delte av eigen kunnskap og erfaring og som ga deg utfordringar. Når er det din tur? Tør du dele?
Noregs Ungdomslag har lang erfaring i opplæring av instruktørar. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen. Gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten i dei lokale laga, som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg.
Instruktørkurs teater Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet. Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduk-
Vågå Ungdomslag gjekk av med sigeren under årets seniortevling av Kven veit? med berre eitt poengs margin over Bergen ungdomslag Ervingen. Røstkvervet UL kom på 3. plass.
18
Modul 2: Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning. Lærar: Therese Kinzler Eriksen
Av: Synnøve Jørgensen
Kven veit kva for tema det blir?
sjonar. Det er også ein fordel om du har gått andre teaterkurs.
Instruktørkurs norsk folkedans Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Målet med opplæringa er å bli gode danseførebilete, bli kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe. Grunnkompetanse for å starte opplæringa er å ha gjennomført helgekurset Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller ha tilsvarande erfaring/kompetanse. Desse kursa blir arrangert av fylkeslag eller lokallag rundt i heile landet. Modul 2: Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk. Lærar: Endre Kleiveland
Resultat (10 øverste) Kven veit? senior 2011 1. runde
2. runde
Vågå UL
A
24,5
26
3. runde Samanlagt 25
75,5
Bergen ul Ervingen
A
26
28
20,5
74,5
Røstkvervet UL
A
25,5
24,5
22,5
72,5
BUL Harstad
B
24
24
22,5
70,5
Hordalaget i Oslo
A
22,5
26
22
70,5
BUL Kristiansand
A
22
25,5
22
69,5
Gisund Leikarring
A
25
22,5
22
69,5
Hægeland UL
A
21
24,5
24
69,5
Leikarringen i Lillesand
A
22
24,5
23
69,5
Rossabø Folkedanslag
A
23
25,5
20
68,5
Songdansen i NU Burde kanskje ha skrive om norsk folkedans generelt, men vil avgrensa meg til noen ord om songdansen som det går fortast nedover med.
så desse folka må vi i NU ta vare på, og byggja vidare på. Songdansopplæringa må ikkje forsvinna frå sentrale og regionale kurs.
I mange folkedanslag hadde songdansen for ikkje mange år sidan ein stor plass på øvinger og liknande. No er den heilt eller nesten heilt borte. Er ein så heldig at ein får dansa litt songdans, er det sjelden ein dansar viser med meir enn to, tre vers.
I 2012 er det 150 år sidan songdansens mor, Hulda Garborg, vart fødd. (22. februar 1862)
Er det slik at dei fleste folkedansarar ikkje likar songdans? Eller er det danseleiarane som ikkje vil eller kan? Det mest skremmande er at songdansen etter det eg meiner å veta ikkje har plass i den nye sentrale instruktøropplæringa. (modul 1 og modul 2.) Håper eg har misforstått, for er det slik, er det ein tragedie. NU kastar da på båten ein uvurderlig stor kulturskatt. Vi treng i dag meir enn nokon gong gode, sikre, entusiastiske instruktørar og føredansarar som kan løfta fram songdansen att. Eg gløymer aldri da eg som ung opplevde Liv Midtun og Ole Ekornes senior når dei gav oss innføring i dansar som Bendik og Årolilja, og Margit Hjukse med fleire. Dei gløda slik at dei tente oss alle, og det er slik at den som skal tenne, må sjølv brenne. Mange av dagens unge er glad i Stordans, er gode songarar og kan mange vers. Dette må kunne overførast,
Og det er 110 år sidan ho begynte det store pionerverket, norsk songdans. Det er med andre ord både Hulda Garborg-år og songdans-år i 2012. Kva har NU for planer i samband med det? Eg reknar med at planlegginga på sentralt hald kanskje er i gang. Viss ikkje må det kome på dagsorden snarast råd. Det er Nordlek i Steinkjer. Dette er eit topp høve til å markera. Planlegging av kulturarrangement ellers lokalt, regionalt og sentralt må så langt råd er, få med Hulda Garborg-markeringer i sine arrangement, og kva er bedre markering enn å la songdansen få stor plass? NU må bli den desidert største til å markera Hulda Garborg-året . Kanskje kan songdansen i 2012 få eit løft som monnar! Nils Slapgård.
Resultat: Kven veit? junior 2011 Lag/skule
1. runde
2. runde
3. runde
Samanlagt
21
18
17
56
Tårstad leikarring
B
Tårstad leikarring
A
21
20
14
55
Fjelli UL
A
19,5
18
14
51,5
Rand UL
A
20,5
16,5
12,5
49,5
Tema for Kven Veit? 2012 Dei siste åra har tema for Kven veit? variert, men med stor vekt på kultur og samfunnsliv, spesielt innanfor litteratur. Tema for 2012 blir Populærmusikk gjennom 50 år: 1962-2012.
Årstal
Tema
2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001
Frivillighet Rasmus Løland Kulturminner (senior) og fattigdom (junior) Henrik Wergeland Mat Språk Demokrati og menneskerettar Barne- og ungdomslitteratur Norsk film Eventyr Hulda og Arne Garborg
19
Kurs
Trøndelag-CD på veg! Dei første dagane i lydstudio er unnagjort og arbeidet med omslag og design er starta. CD nummer 5 i serien Norske turdansar er snart klar! Av: Synnøve Jørgensen
Danseru’ med urpremiere Det er stille i salen. Lyset er dempa og inn på scena kjem ein ung mann med ei datamaskin under armen. Han set seg med maskina i fanget, opnar loket og byrjar trykkje på tastaturet. Klikk, klikk, klikk. Fingrane spring lett over knappane. Ein stad der ute i verda er det ei ung kvinne han ”pratar” med… Av: Gro Marie Svidal
Slik byrja danseframsyninga Trøyst. Framsyninga var opningskonserten under Folkemusikkveka på Ål 22. mai, og sette lys på skilnaden mellom den verkelege og den virtuelle verda vi lever i. Historia var enkelt fortalt. To ungdomar møtte kvarandre på Internett, på leiting etter ekte nærleik, venskap og kjærleik menneske i mellom. Kanskje finn dei seg ikkje heilt til rette i samfunnet dei lever i, men søkjer trøyst hos kvarandre på nettet. Til slutt møttest dei i det verkelege. Eit inderleg og sterkt møte som snart vert øydelagt og slukt opp av ei overordna kraft, som om nokon tvinga dei frå kvarandre og tilbake til dataskjermen. Samfunnet vi lever i er i stor grad styrt av datamaskiner. Dette fekk Danseru’ fortalt på ein enkel og stilfull måte. Med bruk av tradisjonsdansar- og musikk frå Buskerud, markerte dei også korleis menneske vert offer og i somme tilfelle kjempar for å kome bort frå ein dataskjerm. Danseru’ er ei ung dansegruppe med base i Buskerud. Gruppa er del av prosjektet Bygda dansar som er driven av Rff-sentret i Trondheim. I denne produksjonen samarbeidde dei med Talentskulen i Prestfoss, ei gruppe unge folkemusikarar som utgjorde orkesteret.
20
Dag og Vegar Vårdal har sidan prosjektet starta på 90-talet stått for produksjon, musikk og kvalitetssikring. Mykje detaljkunnskap og erfaring skal sikre at tempo, musikalsk uttrykk og vek er tilpassa turar, helsingar og dansarar. Plata ”Norske turdansar V, Dansar frå Trøndelag” er den femte og siste i ein landsdekkande serie med norsk turdansmusikk gjeven ut av Noregs Ungdomslag. Serien vil dekke alle turdansane i ”Norske folkedanser, turdansar” av Klara Semb og boka ”Danse, danse lett ut på foten” av Egil Bakka. Begge bøkene er mykje brukt av folkedansgrupper for barn, ungdom og vaksne, ulike undervisningsinstitusjonar, så vel som musikarar og andre. På same måten som under revisjonen av sjølve dansane prøver vi å gå attende til kjeldene og til det dei kan seie oss. Musikken er samla geografisk med utøvarar som har tilknyting til desse tradisjonane. Med denne cd-en er heile landet dekka. Musikarane på CDen er Vegar Vårdal (fele), Hilde Sørnes (piano) og Einar Olav Larsen (fele). Vi gler oss til å danse mellom anna Fandango, Klappdans, Figaro og Flaks! Plata vil kome for sal hausten 2011. Mange har allereie sikra seg eit eksemplar ved å førehandstinge hos NU-kontoret. Ta kontakt med NU-kontoret om du også har lyst å tinge!
Prosjektet er støtta av: Fond for utøvende kunstnere, Norsk kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Nord Trøndelag Fylkeskommune, Sør Trøndelag Ungdomslag og Inntrøndelag Ungdomssamlag.
t e d e r t s o k s e s Dan Laurdag 9. april arrangerte folkedanslaget i Bergen ungdomslag Ervingen danseframsyninga ”Danseskostredet” i Fana Kulturhus på Nesttun. Den flotte salen med stolar i amfi og teknisk utstyr av ei annan verd sette ei perfekt ramme for framsyninga. Av: Sigrid Ølmheim
Backstage og artistgarderoben var ikkje verre. Her trur eg både dansarane og musikarane kjende seg hakket meir profesjonelle enn vanleg før dei gjekk inn. Og kven veit, kanskje byrja nokon å drøyme om artistlivet? Både timane før framsyning og generalprøva to dagar før var prega av lett nervøsitet. Mange tankar gjekk gjennom hovuda våre: Kjem me til å hugse alt? Kva om noko går gale? Og tenk om det ikkje kjem folk! For dei fleste av dei femten dansarane og ni musikarane var dette det største sceniske prosjektet dei hadde vore med på. Heldigvis var dette ein modig og ivrig gjeng som skulle klare det dei hadde bestemt seg for! Me vart møtt av eit entusiastisk og talrikt publikum. Både lagsfolk, familie, vener og andre som var nysgjerrige hadde møtt fram; heile 130 personar til saman. Til alle dei som var der må eg seie: Så kjekt at de kom! Dansarane hadde arbeidd med koreografiane sidan august i 2010 under Endre Kleiveland sin regi. Ein gong i veka har kreative idear vorte nedstemt eller applaudert. Det er ikkje lett å skape noko scenisk ut av sosial dans, men med eit ope sinn og ein litt annan tankegang kring dans enn me var vande til kom me i mål! Og det skal seiast; fokus på å danse med eit tydeleg uttrykk, og å vera merksam på dei andre dansarane
i rommet kjem godt med når prosjektet er ferdig og ein skal tilbake på det sosiale dansegolvet. Folkjazz-trioen Kefir Kulturformidling med flatfele, flygel og saksofon stod for musikken saman med spelemannslaget vårt Audhilds. Dette gav eit variert musikalsk uttrykk med både tradisjonelt slåttespel og folkemusikk i spedd ein heil del improvisert jazz. Både dansarane og publikum uttrykte stor begeistring for dei dyktige musikarane. Første nummer bestod av ei veksling mellom halling og samtidsdans – ikkje så ulikt kvarandre! Tonar frå ein jazza saksofon sette publikum i den rette stemninga. Danseskostredet viste deretter fram vals i mange ulike takter, ein gjennomkoreografert ril i eit forrykande tempo, telespringar med fjorten (!) følgje og litauisk song, men også tradisjonelle dansar som valdresspringar, reinlender og rørospols. I tillegg spelte Audhilds og Kefir Kulturformidling kvart sitt nummer utan dans. Audhilds spelte ein drivande rull medan folkjazz-gruppa improviserte seg gjennom vare og vakre tonar. Folkedans på ein annan måte begeistra publikum stort, og responsen var jubel og ståande applaus! Dette må me få til fleire gonger.
Ein hyllest til amatørar Kvart år sidan 1997 har Dragseidspelet “På Sverdeggja” vorte framført på Stadlandet i Sogn og Fjordane. Organiseringa vert gjort av Stadlandet Ungdomslag, også når spelet for 10. gong skal framførast 11. og 12. juni.
Av: Daniel Heggelid-Rugaas, Foto: Lasse Fløde
På Sverdeggja vart forfatta av Rolf Losnegård til 1000-årsmarkeringa for Olav Tryggvasson si kristningsferd i 1997, og er eit friluftsspel der tingmenn med kvinner og born samlast til tings på Dragseidet på Stadlandet. Ved starten i 1997 fekk Stadlandet Ungdomslag det kunstnarlege ansvaret med oppsetjinga av spelet, og tok etter markeringa over alle rettar og plikter knytta til Dragseidspelet “På Sverdeggja”. Organiseringa av spelet vert leia av styret i Stadlandet Ungdomslag, med god hjelp frå laget si teaternemnd. Margit Fløde er både leiar i Stadlandet Ungdomslag og produksjonsansvarleg for Dragseidspelet. Ho har vore med sidan starten, og kan fortelje at det ligg mykje arbeid bak: - I byrjinga satt vi det opp kvart år, men da fekk vi ikkje anledning til andre teateraktivitetar. Etter nokre gonger gjorde vi det annakvart år, slik at vi skulle få moglegheit til å gjere andre ting. Leikarring og ungdomsarbeid har gått heile vegen, men på teatersida vart det mykje fokus på spelet.
22
Arbeidet som ligg bak, er utvilsamt stort, og Fløde er opptatt av at det krev innsats om ein skal komme nokonstans: - Ein skal i alle fall vere klar over at det ikkje gjer seg sjølv. Det er eit himla frivillig arbeid, og eg har sagt mang ein gong at det er ei hundreprosentstilling i fleire månader. Kor viktig er samarbeid med kommune og institusjonar? - Vi får litt stønad frå kommune og fylkeskommune, men det er berre småting. Så får vi litt frå Norsk Teaterråd, litt vaksenopplæringsmiddel, litt annonsesponsing i programheftet frå det lokale næringslivet og av og til litt stønad frå bankane.
Frå amatør til profesjonell Dei sju første oppsetjingane av spelet bestod av ivrige og dyktige amatørar. I 2006 kom Rolf Losnegård inn som regissør og instruktør, og den engelske scenekampinstruktøren Jeff Pedersen vart hyra inn for å utvikle dei dramatiske kampane i spelet. Same år kom òg Roger Hilleren inn – som den første profesjonelle skodespelaren – i rolla som Ragnvald frå Ervik. Korleis har møtet mellom profesjonelle og amatørar vore? - Der og da føler vi eit veldig godt fellesskap. Amatørar uttrykker sjølvsagt at dei lærer, men dei proffe kan godt seie det same. Fløde fortel at det var stor terskel for å ta med profesjonelle i spelet, men at det var eit godt grep for å utvikle spelet og ha det spanande over tid slik at folk skulle komme att. - Vi forsøker å variere sjølve stykket også. No legg vil til dømes inn ein ny karakter for å spisse ein konflikt vi har nytta tidlegare. Dessutan blir det for første gong ein marknad i samband med spelet, seier ho.
Ein stad for kultur I dag er i overkant av hundre personar mellom 4 og 75 år, i stor grad frå lokalmiljøet, involvert som aktørar i spelet. Rolf Losnegård er med for tredje gong som regissør, Per Janke Jørgensen er komponist og Jeff Pedersen er scenekampinstruktør. Roger Hilleren, Mikkel Gaup og Idun Losnegård er skodespelarar.
5.-6. september arrangerer Norsk kulturforum landskonferansen ”Et sted for kultur”
- Tre profesjonelle skodespelarar er også nok, der går grensa. Vi har så mange gode amatørar, og at oppsetjinga har vart så lenge er på mange måter ein hyllest til amatørane, seier Margit Fløde.
Konferansen vil gje deltakarane nye innfallsvinklar og tankar for eige arbeid med stadsutvikling og omdømebygging. Det handlar om gode stader å leve, attraktive stadar å kome på besøk og god infrastruktur for kulturaktivitetar. Det handlar om strategiar for planlegging og utvikling, stader å vere, inkludering, mobilisering, tilrettelegging med meir. Dette er ein av dei viktigaste møteplassane for lokale og regionale kulturaktørar i 2011 og er open for alle interesserte. Påmelding på Norsk kulturforum sine heimesider www.noku.no
Om stykkjet frå nordfjord.no Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet. Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har Kongen ‘den nye trua’; kristendomen. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar.
Av: Silje Hjelle Strand (NOKU), Foto: Gisle Jordal
Konferansen vert arrangert i samarbeid med Norsk kulturforum Buskerud, Drammen kommune og Buskerud fylkeskommune.
Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga. Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd i heftige kampscener til vâr og kjenslefylt song.
Det vert sett opp omkring 80 spel i Noreg kvart år, og mange av spela søkjer om tilskot frå Spelfondet. Spelfondet vert forvalta av Norsk teaterråd. Teaterrådet har nedsett sett ned eit utval som vurderer og innstiller på søknadane.
Ho fortel at Teaterrådet arbeider for meir pengar til amatørteaterkultur, og dei ser spel som svært positivt både fordi det engasjerer mange menneske og fordi det har ringverknader og betyr mykje for det lokale miljøet – også utanfor spelperioden.
- I år kom det inn 56 søknader for på tilsaman vel 12 millionar kroner, medan fondet hadde knappe 3 millionar kroner, som vart fordelt på 35 søkjarar. Dragseidspelet er eit av spela som har fått tilskot i år, seier Anne Sofie Nordby, konsulent hos Norsk teaterråd.
- Spela betyr mykje, ikkje berre for skodespelarane, men også for dei som arbeider bak scenen, i produsentleddet og for det lokale næringslivet. Mange stader har dei opparbeida seg betydeleg kompetanse og profesjonalitet kring speloppsetning, som på Stadlandet, seier Nordby.
23
Torgopning i Sarpsborg hjelp frå kyndige danseføtter I erkjenning av manglande danseferdigheitar, hadde han veka før kontakta BUL Sarpsborg for å få intensivtrening i valsens mysterium. Og BUL stilte sjølvsagt velvillig opp med ekstraøving før torg opningen, ikkje berre med instruktør Helen S. Meier, men sidan heile barne- og ungdomsgruppa var innkalla, fekk han eit rikt utval av dansepartnarar og. Under kompetent rettleiing av instruktør Helene Storstrøm Meier i BUL fekk ein blid og sporty ordførar raskt på plass dei grunnleggande trinna.
Torgopning med dansande ordførar Laurdag 14. mai var det offisiell nyopning av Torget i Sarpsborg med stor pomp og prakt som første skritt i forskjønninga av byen fram mot 1 000-årsjubileet i 2016. Kostnadane ved arrangementet var på litt over 40 millioner kroner, og dei omtrent 6 000 frammøtte gleda seg stort: Torget hadde nemleg vore utilgjengeleg under rehabiliteringa i vel to år. Av: Rolf Johansen
Nyopninga av Torget skulle verken bli prega av snorklipping eller mange talar, hadde ordførar Jan O. Engsmyr bestemt. Opninga skulle først og fremst bli ein glad folkefest med mykje dans og song, og all-dansen skulla opnast av ordføraren som opent og ærleg framfor 6 000 bysbarn innrømma at å danse, nei dét kunne han ikkje. Men han roste BUL Sarpsborg som hadde gjeve han ekstrasørvis på området.
24
Ein, to tre, fram, tilbake, rundt. Høgre fram og venstre bak -, var dei innleiande instruksjonane til ordføraren frå instruktøren. Og etter ei noko famlande opning, blei det snart fart på sakene. Og ordføraren, han viste nærast talent for dans, han. Dei mange dansepartnarane fekk så sin vals med ein relativt kyndig dansande ordførar, og dei synest han lærte fort og! Ordføraren såg ut til å trivast så godt blant BUL-ungdommen at han vart med heilt til avslutninga og song Lev Vel-songen saman med alle dei andre BUL-barna. Etter ein kort time med valsekurs på BUL, var no ordføraren godt skikka til å by opp til dans under Torgopninga. Ein liten attraksjon i seg sjølv, berre det!
BUL sentral i Torgopninga BUL Sarpsborg sin leikarring opna det nye Torget med eit forrykande rikt og variert danseprogram som strekte seg over ein halv time, godt akkompagnert av laget sin eigen unge spelemann på fele, Even Pedersen. Framsyninga var noko publikum verkelig sette pris på! Så kom det som mange hadde venta på: Ordføraren skulle opne Torgballet med ein vals, og dansepartnaren kunne sjølvsagt ikkje bli andre enn nettopp instruktøren i BUL, Helene S. Meier. Og takka vere god grunntrening valsa ordføraren rundt med instruktøren så ingen av dei frammøtte ville tru at han aldri hadde gjort noko anna! Etter opningsvalsen gjekk så alle i leikarringen ut på Torget blant publikum og ba opp til dans. Det vart eit populært og vakkert innslag, og her takka ingen nei. Dette blei ein minnerik folkefest av de sjeldne, der ikkje minst BUL Sarpsborg spelte ein sentral rolle.
Avslutta i Sarpsborg kirke Søndag kveld vart torgopninga offisielt avslutta med konsert med Sarpsborg Kammerkort og med Leikarringen i BUL, i Sarpsborg kirke. Ei vakker forestilling som eit fulltallig kyrkjepublikum visste å setje stor pris på.
www.ungdomslag.no
Women’s World
Nye heimesider Etter at landsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2010 vedtok at NU skulle arbeide for å få meir brukarvenlege heimesider, har det blitt arbeidd jamnt og trutt med dette. Dei nye heimesidene vart lansert under landsmøtet i starten av mai.
Joan Soriano, Den dominikanske republikk
Av: Daniel Heggelid-Rugaas
- Målet med dei nye heimesidene er at dei skal vere ein infrastruktur for deltaking; staden å besøke for alle som er interessert i teater-, folkedans- og barne- og ungdomsverksemd, ungdomshus og Noregs Ungdomslag generelt, seier Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag.
Eit nav på nett Ulvestad legg til at Noregs Ungdomslag både har side på Facebook, bilete på Flickr og eigen Twitter-konto. - I tillegg blir medlemsbladet Ungdom lagt ut på isuu.com, og fleire av råda i NU sentralt har eigne plattformar. Dei nye heimesidene skal vere eit nav for NU sine informasjonskanalar på nett og vere den primære informasjonskanalen for NU, seier ho. På dei nye heimesidene vil det vere mogleg å tipse om saker på Facebook. Søke-funksjonen er oppgradert, og den grafiske profilen har fått eit naudsynt løft.
Sider for lokallag og fylkeslag Noregs Ungdomslag vil i løpet av 2011 legge til rette for at dei lokal- og fylkeslaga som vil ha undersider i publiseringssystemet vårt, skal få høve til det. - Vi håpar at lokal- og fylkeslag på sikt ynskjer å vere med på dette prosjektet, seier Ulvestad. Heimesidene er utarbeida av mpDesign. I arbeidet med å utvikle desse har følgjande lagt til grunn: • Sidene skal vere brukarvennlege for tillitsvalde, tilsette og medlemmar i NU, folk som er interessert i NU eller i fagområda som NU jobbar med • Sidene skal gjere det lett og minst mogleg tidkrevjande for brukarane å finne informasjonen dei leitar etter • Sidene skal fungere som ein effektiv nyheitsformidlar av saker som brukarane kan vere interessert i å lese • Sidene skal kommunisere med dei sosiale mediene som NU i dag er og i framtida kjem til å vere til stades på
Er du ung og nysgjerrig, ventar eventyret på deg i Førde! Opplev bachata-kongen Joan Soriano frå Den dominikanske republikk, den nye Mama Africa, Oumou Sangaré frå Mali, legendariske The Mahotella Queens frå Sør-Afrika, Liu Fang frå Kina, Christine Salem frå Réunion, Dei Beste Damene frå Norge og Jansberg Band frå Danmark.. for å nemne nokre av årets artistar. Jobb frivillig – og opplev festivalen frå innsida! Vi treng artistkontaktar, riggehjelper med meir. Fyll ut skjema på www.fordefestival.no Last ned Spotifylista vår på www.fordefestival.no, følg oss på Facebook – og legg inn Førdefestivalen i sommarplanane dine!
Billegaste festival for ungdom og studentar? Festivalpass kr 400,- = 5 konsertar og billettpris kr 50,for alle andre (ordinærpris inntil kr 320,-!) Kjøp billettar på Billettservice.no, Posten, 7-Eleven og Narvesen.
fordefestival.no
• Enten gjennom vidareformidling eller på eigen plattform, skal sidene kunne formidle levande bilete, bilete og anna dokumentasjon frå arbeidet vårt.
www.ungdomslag.no
25
HUSFLIDEN TØNSBERG Øvre Langgt. 44 3110 Tønsberg Tlf. 333 13 563
www.norskflid.no
Endå
meir
trykk på
Nynorsk
trykk endå
meir på
Nynorsk NPK utvidar tilbodet sitt – endrar seg – spissar profilen Kontakt oss på 22 03 44 00, eller send e-post til npk@npk.no
26
Ny giv for nynorsken i media
Kvinnebunad fra Meldal
2007 er eit merkeår for Nynorsk Pressekontor (NPK), og for alle aviser som nyttar nynorsk på redaksjonell plass.
NPK i ny drakt: www.npk.no Etter snart 40 år som eit lite, men produktivt pressebyrå for dei minste og mellomstore avisene, har NPK i år teke plass mellom dei store. Samarbeidsavtalen med Norsk Telegrambyrå set oss i stand til å auke aktiviteten og produktspekteret vårt, og bli eit verdifullt stofftilbod også for større mediebedrifter. Nynorsk Pressekontor er i dag samlokalisert med NTB og er ein del av NTB-konsernet.
Coop Marked Å Husfliden
Stensveien 1, 7335 Jerpstad. Tlf.: 72 49 86 58 e-post: aa@marked.coop.no www.coop-aa.no
Norges største utvalg av bunadsølv på nett!
Bunadsølv i 100 år!
ungdomslag.no
Vi leverer sølv til • tinnbunaden • skjælestakken • vest-telemarksbunaden • øst-telemarksbunaden • beltestakken ... og mange flere
Gullsmed Sando vår nettbutikk finner du på
www.sando.no
Sam Eydes gt. 63, Rjukan Tlf 35 09 05 01
27
° Smastoff
Bunadsorganisasjon? Skal Noregs Ungdomslag vere ein ”bunadsorganisasjon” i framtida? spør styreleiar Kristian Fjellanger i Ungdom 4/2010. Nå har eg ikkje sjølv bunad, og kan faktisk ikkje tenke meg å gå i bunad, men eg vil likevel svare eit klårt og tydeleg ja på spørsmålet NU-leiaren stiller. Så vidt eg kan sjå av å studere litt programma til bunadsdelen av fagseminara, så driv NU formidling av teoretisk og praktisk kunnskap om tradisjonelle klesplagg, og kanskje klesplagg som vart sett saman ut frå restar av gamle drakter. Og så vidt eg kan sjå, er det toppfolk innafor forskning og praktisk arbeid som underviser på desse seminara. Både dei ”ekte” folkedraktene og dei konstruerte bunadane er ein viktig del av kulturhistoria, og det er flott at det finst folk innafor NU-rekkene som er opptatt av å spre kunnskap og inspirasjon om folkedraktene/bunadane våre. Bevisstgjering er ein viktig bærebjelke i kulturarbeidet. Men landsmøtet skal ikkje legge seg borti kva folk skal ha på seg i ”festleg lag i Noregs Ungdomslag”! Kristian spør vidare om organisasjonen heller skal satse på aktivitetar som dei fleste medlemmane er engasjerte og som NU får offentleg tilskot for å drive. Tja, kva er nå dei fleste medlemmane engasjert i? Vi må vel innsjå at NU er ein mangslungen organisasjon og at dette er styrken til organisasjonen. Dei ”usynlege” aktivitetane spelar også ei stor rolle. Asbjørn Thomassen
Oliver på Munkholmen I år spelar Teaterlaget i BUL Nidaros under leiing av Ingrid Kummeneje, Oliver, ein familiemusikal med tekst og musikk av Lionel Bart, bygd på romanen Oliver Twist av Charles Dickens. Premieren er fredag 10. juni og framsyninga blir vist fram frå mandag til fredag klokka 18.30 og søndag klokka 15.30 og 18.30 fram til 1. juli. Framsyninga 14. juni vil vere tegnspråktolka. Oliver er historia om den foreldrelause guten som veks opp på ein barneheim. Han vert seld til eit gravferdsbyrå, men rømmer derifrå og møter ein kar ved namn Luringen. Han tek Oliver med seg heim til Fagin, ein kjeltring som husar fleire gategutar som betalar for kost og husvære gjennom å stele med seg heim små verdisakar. Oliver vert knipen av politiet, men i staden for å bli satt i fengsel vert han teke hand om av ein eldre, rik enkemann, herr Brun, som ønskjer å hjelpe Oliver å finne att familien sin. Fagin er redd for at Oliver kan røpe skjulestaden hans, og med hjelp av den grusomme Bill Sykes og kjærasten hans, Nancy, lukkast han i å stele han attende. Samstundes oppdagar forstandaren på barneheimen at Oliver kjem frå ein rik familie, og at det kan vere pengar å hente for dei som finn han. Korleis det går med Oliver til sist, finn du ut om du tek turen til Munkholmen i sommar. Her er sorg, glede, humor og ”action” og ikkje minst mykje god song, dans og musikk. Dei som framfører dette er ungar, ungdommar og vaksne frå teaterlaget i BUL. Alderen spenner frå 9 til over 50 år. Vi gler oss til å ta i mot både vaksne og barn til ei spanande framføring i beste Munkholmentradisjon.
”Rørosleken” 2011
28
I dagane 6. – 8. mai arrangerte Røros folkedanslag si årlege folkedanshelg.
fire arrangementa. God trening i å danse pols på eit frimerke. ”Rørosleken” trur eg må vere det største leikfestarrangementet i landet arrangert av eit NU-lag. Det forundrar meg at NU greier å legge Landsmøtet sitt til akkurat samme helga.
Fredag 6. mai var det ”Bli kjent kveld” med musikk av Småviltlaget, så da fekk alle varma opp polsfoten. Laurdag var det først ”Middagsdans” med musikk av Glåmos Spellmannslag i tre stive timar.
Ikkje det at det manglar folk på ”Rørosleken”, men signaleffekten er ikkje bra. Eg trur ikkje det samme hadde skjedd om eit så stort dansearrangement hadde vore i for eksempel Oslo eller Bergen. Ein kjenner seg tilsidesett når slikt skjer.
På hovudarrangementet laurdagskvelden, leikfesten, var det heile 225 deltakarar. Tradisjonell og stilig bunadsfest med bordsete, mykje pols, litt runddans, to avdelingar med songdans/stordans og ei avdeling turdans. Grenselaget stod for musikken denne kvelden. Søndag var det ”Etterpålag”. Tre nye polstimar med ”någå attåt”. Det var stappfulle hus på alle
Tar sentralleiinga i NU omsyn til distrikta eller er dette berre ord frå talarstolen? Neste år går ”Rørosleken” av stabelen 4. til 8. mai, så no veit vi det. Nils Slapgård
° Smastoff
Nordlek tilbake i Noreg NORDLEK 2012 er danseopplevingar, musik�kopplevingar og matopplevingar – på kurs, konsertar, dansekveldar, utflukter, utstillingar og spennande prosjektarbeid. På Steinkjer, midt i Noreg.
NORDLEK 2012 blir eit kreativt og nyskapande arrangement for tradisjonell folkekultur med vekt på folkedans og folkemusikk. Ved å ta vare på og vidareutvikle vår felles nordiske kultur vil vi styrke samhaldet og fellesskapet i Norden gjennom ei intens veke. Steinkjer er ingen stor by, her blir det lett å finne fram og kort veg mellom postane i eit tett program med ei mengd spanande arrangement av mange slag. Det meste skjer på Campus Steinkjer, der dansesalane ligg tett, og sovesalane rett attmed. Dersom du er mellom 14 og 26 år, er glad i folkemusikk og folkedans og glad i å vere i lag med annan ungdom (kven er ikkje det), kan du tjuvstarte på Nordisk sommarleir 6.–10.juli. Her blir det kurs i folkemusikk og folkedans med framifrå instruktørar. Høgdepunktet er den stilige leikefesten med mykje flott musikk, og vi skal sjå til at ungdommane ikkje blir borte for kvarandre under hovudarrangementet.
I mange familiar har mor og far nesten slutta å danse fordi tida ikkje strekk til. Ungane krev tida og har ikkje eit dansemiljø rundt seg slik det var da foreldra sjølve var små. På NORDLEK 2012 legg vi opp til at desse foreldra skal få ta med ungane på opplevingar dei seint vil gløyme, og som vil gjere dei stolte av nordisk folkekultur! Vi legg opp til at familiane kan få glede og nytte av kvarandre. Ungar og foreldre skal få bygge nettverk på tvers av landegrenser og språkbarrierar. Det blir sjølvsagt leikar, dansar og uformelle tevlingar, det blir familieutflukter og familieleikfestar. Ungane kan slappe av i fred frå foreldra i eigne frirom mellom dansesalane, sjølvsagt med trygt tilsyn og kort veg til mor og far. Og familien kan bu på familiecampen, tett ved dansesalane. Du kjem til NORDLEK for å leike og danse dag og natt, men om du innimellom har tid til å forsyne deg av eit rikhaldig tilbod av anna slag, har vi mykje å by på: Danseoppvisningar og konsertar, utflukter rundt i historiske Nord-Trøndelag, mellom anna til kveldsgilde på gamalt vis på Stiklestad, eller til ulv og bjørn og trylleteater i Namsskogan familiepark. Følg med: Fleire programpostar og fleire detaljar kjem etter kvart! Det er lett å reise til Steinkjer, Værnes flyplass er ikkje langt unna, med hyppige tog- og bussavgangar vidare. Og E6 går rett gjennom byen. Så det vert lett å vere her, det har vi planane klare for. Velkomen til Nordlek i Steinkjer, 10.-15. juli 2012.
Alle former for folkedans Folkedanspolitisk plattform vart vedtatt på landsmøtet med tittelen "Alle former", og slår fast at NU arbeider fagleg med alle hovudgruppene som til ei kvar tid blir definert under omgrepet norsk folkedans. Av: Daniel Heggelid-Rugaas
På årsmøtet i 2004 vart det vedteke ei eiga bunadspolitisk plattform for Noregs Ungdomslag, og det har sidan i haust vore arbeidd med ei folkedanspolitisk plattform for NU. Fleire eksterne personar har medverka med innspel og tekst, og folkedansrådet har vore sterkt delaktig i prosessen. Folkedansen og musikken er ein del av norsk immateriell kulturarv, og NU skal arbeide for å bevare og vidareutvikle
tradisjonen som sosial omgangsform og scenisk framføring. Det er viktig at Noregs Ungdomslag er tydeleg på kva som er organisasjonens ideologiske utgangspunkt for arbeidet. Mellom anna står det i den nye plattforma at NU skal fortsette med arbeidet med å gjere gamle danseuttrykk lettare tilgjengeleg på scenen, for eit moderne publikum. Dette er eit nybrotsarbeid som Noregs Ungdomslag meiner er nødvendig for å nå nye publikumsgrupper. NU skal halde fram med å vise fram folkedansen som folklore, og det er såleis naturleg at NU skal administrere den norske avdelinga av International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Arts, CIOFF –Noreg. I tillegg er instruktøropplæringa ein viktig plattform kombinert med god kontakt med studentmiljøet gjennom vidareutdanningskurset Norsk folkelig dans.
29
Studieforbundet kultur og tradisjon
Nytt frå studieforbundet På årsmøtet i Folkekulturforbundet 31. mai vart det avgjort at studieforbundet frå no skal heite Studieforbundet kultur og tradisjon. Namnet innarbeidast litt etter litt saman med ei enkel fornying av attkjenningselement for studieforbundet. Domenet www.folkekultur.no vil framleis føre til studieforbundet sin nettstad saman med www.kulturogtradisjon.no Styret i studieforbundet Det nye styret i Studieforbundet kultur og tradisjon ser slik ut: • Leiar Marit Jacobsen, Norges Husflidslag • Nestleiar Tore Friis-Olsen, Forbundet KYSTEN Styremedlemmar: • • • • •
Helen Hansen, Norsk amatørteaterforbund Magnhild Tallerås, Norges Husflidslag Eli Ulvestad, Noregs Ungdomslag Endre Kleiveland, Noregs Ungdomslag Kjell Magne Aasen, Seniordans Norge
Seniordans Norge medlem Seniordans Norge som i tre år har hatt samarbeidsavtale med Folkekulturforbundet vart på årsmøtet teke opp som medlemsorganisasjon. For å kunne søke om å vere medlemsorganisasjon må kursaktiviteten vere på minst 500 timar i gjennomsnitt dei siste tre åra. Som medlemsorganisasjon har ein fulle demokratiske rettar og pliktar. Organisasjonar med samarbeidsavtale har dei same rettane til å søke vo-midlar som medlemsorganisasjonane har. Vekst i mange studieforbund Statistikken frå Statistisk sentralbyrå som nyleg vart lagt fram, syner stor auke i opplæringsaktiviteten i studieforbunda. Total auke frå 2009 til 2010 var på meir enn 100.000 timar. Nesten alle studieforbunda hadde auka aktivitet, og auken var fordelt på mange mene. Statistikken syner altså ei brei auke i vaksenopplæring gjennom dei frivillige organisasjonane som er knytt
Studieforbundet kultur og tradisjon Vågå Næringshage, 2680 Vågå post@folkekultur.no, t: 61 21 77 50
30
til eit studieforbund. Den nye Lov om vaksenopplæring som tok til å verke frå 01. januar 2010 kan vere noko av årsaka til auken. Med den nye lova har det blitt rom for større fleksibilitet når det gjeld tal på deltakarar og lengde på kurs. På den måten har kursarrangørane fått moglegheit til å søke vo-midlar for fleire kurs som tidlegare ikkje fekk stønad. Folkekulturforbundet( er eit av studieforbunda som hadde vekst både i 2009 og 2010. Auka i talet på kurstimar var frå 104.873 i 2009 til 115.139 i 2010. Du finn meir om statistikk på nettstaden til studieforbundet www.folkekultur.no Der finn du og lenke til Voksenopplæringsforbundet og Statistisk sentralbyrå. Verktøy for måling av læringsutbytte Eit nytt verktøy for å måle læringsutbytte er lansert. Verktøyet som nå er utvikla måler i større grad det utbyttet av læring som ikkje kan målast i vekttal og karakterar. Det web-baserte verktøyet skal kunne brukast for å vurdere utbyttet av den ikkje-formelle og uformelle læringa som blant anna går føre seg frivillige organisasjonar og måler læring som summen av danning, kunnskap og kompetanse. Verktøyet er et resultat av det toårige prosjektet NOVA Nordic Tools for læringsvurdering, som er støtta av Nordisk Ministerråd Nordplus Program. Norges Husflidslag har vært partner i prosjektet. Her kan du prøve verktøyet: http://nordplus.org/choosequestionnaire/
Ungdomshus
Norske kulturbygg – samarbeids- og tenesteorganisasjonen for lagsbruka i NU og NM og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag. Kompetansesenter for lags- og organisasjonseigde kulturbygg og ein rusfri kulturarena.
Støtteordningar for ungdomshuset Rusfri kulturarena! Norske kulturbygg har fått prosjektmidlar for 2011 frå Helsedirektoratet til prosjektet Rusfri kulturarena! Dette er retta inn mot lagsbruk og ungdomshusa i Noregs Ungdomslag og lagshus m.m. i fråhaldsrørsla (tidlegare med i LASS som no er lagd ned).
Ei stemme for ungdomshuset! Dette var tema for eit av miniseminara på landsmøtet i NU i år, leia av Anders Slaatsveen, dagleg leiar i Norske kulturbygg og med god deltaking frå landsmøtelyden.
Før sommarferien vil det bli eit møte mellom Norske kulturbygg, Noregs Ungdomslag og representantar frå fråhaldsorganisasjonane/tidlegare LASS med sikte på å få på plass ein prosjektkoordinator for prosjektet, ei styringsgruppe og få med fleire lag med hus i prosjektet.
Dette kan stå som ei av parolane for årets kommune- og fylkestingsval: Noregs Ungdomslag sentralt, regionalt og ikkje minst lokalt, saman med Norske kulturbygg og andre huseigarorganisasjonar og lag, må vere ei stemme for ungdomshuset (lagshuset) heile året og sikre at dette arbeidet blir ein del av valkampen og å sikre så mange stemmer som muleg for dei frivillig drivne husa!
Det kjem meir informasjon om dette til lag med ungdomshus og lagsbruk både frå NU og Norske kulturbygg. Det er framleis god plass for fleire ungdomshus og lagsbruk i prosjektet.
Det er mange konkrete saker å ta tak i, mange er felles for alle slike hus, nokre er særeigne for ungdomshusa og det kan nok og vere ulike saker frå kommune til kommune.
Krav til dei lokale delprosjekta: • Alle må vere knytt til hus eller lokalar som laget eig, er medeigar i eller disponerer
Ei viktig sak på fylkesplan er dei såkalla spelemidla – ”desentralisert tilskott til regionale og lokale kulturbygg”. Ikkje nok med at potten er liten, men 90% går til offentlege bygg og instansar. Det er fylkeskommunen som forvaltar desse midla og kva som skjer med dette framover blir ei hovudsak i arbeidet for lags- og organisasjonseigde kulturbygg.
• Alle hus (og lag) som vil vere med i prosjektet må ha vilje og ønskje om ein klår rusfri profil • Det må etablerast som eit prosjekt for utprøving, avgrensa i tid og med lokal prosjektleiing, organisering og budsjett/rekneskap • Det lokale delprosjektet må handle om å utvikle og styrke huset som rusfri og aktiv kulturarena
For kommunevalet sin del kan viktige tema vere kommunale avgifter, offentlege instansar sin bruk av og støtte til huset, huset som lågterskel kulturarena – ”Kulturlivet startar på ungdomshuset!” var ei av mange gode forslag til valparolar på miniseminaret.
• Samarbeid med kommune, lokalt fagmiljø og instansar, ruspolitiske og andre organisasjonar
Bruk huset til valmøter og valarrangement og gje huset ei stemme – stem for huset!
• Fokus på rusfri kulturarena, lokal (kommunal) ruspolitisk handlingsplan og engasjement i lokalt ruspolitisk arbeid (rusfrie soner)
Norske kulturbygg www.kulturbygget.no, post@kulturbygget.no, t: 90 20 66 58 Dagleg leiar: Anders Slaatsveen 31
Returadresse: Ungdom, postboks 414 Sentrum, 0103 Oslo
Nyopning av Ungdomshuset Åsly på Jøa.
Tromsø Dialog 2011
Av: Alf Steinar Nekstad
Det er på høg tid å leggje feriekabalen: Det er berre kort tid att til sommarens unike happening i Tromsø! 14. juli går startskotet for den internasjonale teaterfestivalen Tromsø Dialog 2011, og i ti dagar til ende er teaterentusiastar frå heile verda samla under midnattsolas “tak”.
1. mai 2011 vart ein merkjedag i historia for Ungdomslaget Liv på Jøa. 4200 dugnadstimar hadde vore lagt ned i framkant, då kunne laget og medlemmane feira at dei hadde fått seg eit universelt tilrettelagt og tidsriktig forsamlingshus. Ungdomslaget var så heldige at dei fikk drygt 1 million kroner i tilskot til rehabilitering av huset frå Helse og Rehabilitering, slikt gjer monn, når ein har eit gamalt hus som treng vøling. Men likevel: pengar åleine byggjer ikkje hus, det trengst aktive medlemmer som tek tak, og det har ungdomslaget på Jøa. Pensjonistane i laget arbeidde på huset, både seint og tidleg i det meste av 2010. Fantastisk innsats! No har laget eit hus som kan brukast til aktivitetar for alle generasjonar. Gratulerer til alle medlemmene i UL Liv og til heile Jøa med nytt hus.
Nytt medle m for alle me ssystem er ope dlemmer
I NU sitt ny e medlemss ystem kan al lemmer logg le mede seg inn fo r å oppdater plysningane e opsom er regi strert under medlemsska ei ge p. Føresetn aden er e-p er registrert ostadressa i systemet. Gå inn på un lag.hypersy gdomss.no, tast in n epostadress be om å få ti a di, og lsendt passo rd. Om ikkje e-postadre vi har ssa di regist rert, så ta ko kontoret, så ntakt med kan vi kan or dne dette.
Av: Trine Helene Smestad
I perioden 14.-24 juli er over 20 nasjonar samla til teaterfestival i Tromsø – og du kan være med! Tromsø Dialog 2011 er ein inkluderande teaterfestival, der prisane er låge og taket høgt. Vi lokkar med fest, glede og ei oppleving for livet! Norsk teaterråd arrangerer i samarbeid med HATS. Informasjon og påmelding på www.tromsodialog2011.no
Dansing framfor Stortinget Torsdag 19. mai skipa Arbeiderpartiet til eit seminar på Stortinget om kvinner og økonomisk utvikling, der politikarar og grasrotleiarar frå Uganda var innleiarar om kampen mot fattigdom. I framkant av seminaret var Norskdomslaget i Porsgrunn til stades for å arrangere på opninga framfor Stortinget; med folkedans, kulokk og lurspel for å ”lokke” prinsessa inn i Soria Moria. Norske kvinner har gjennom fleire år engasjert seg i små sjølvhjelpsprosjekt i samarbeid med nettverket “Women Can Do It Grasroot Leaders Forum” i Uganda. Bitten Schei er “mor” til dette unike samarbeidsprosjektet Delegasjonen frå Uganda var samansett av Prinsesse Pauline Kiyimba, presidenten sin 1. sekretær, samt Florah Kabibi, leiar for Women Affairs i Uganda, og Collins Mwiijuka, direktør for National Womens Council. I tillegg deltokJoan Sitenda og Margaret Ssjemba, begge frå grasrotorganisasjonen KERWDA.
Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no