KVENVEIT TEMAHEFET FOR KUNNSKAPSTEVLINGA KVEN VEIT? 2017
Kven veit? 2017 Du sit no med studieheftet til ”Kven veit? 2017” i handa. Tema for tevlinga i år er Frilyndt. Frilyndt er ein av kjerneverdiane til NU, men kva ligg eigentleg i dette ordet? Ikkje så reint lite. I handlingsplanen frå 1986 vart det definert slik: DET FRILYNDT GRUNNSYNET Noregs Ungdomslag skal arbeide for opplysning og samhald mellom ungdomen. Dette skal femne om alle sosiale grupper, tene den demokratiske samfunnsforma og ut frå den heimlege kulturarven styrkje personlegdomen til kvart einskilt menneske. Alt lagsliv må byggje på prinsippet om mennekseverd, menneskerett, individuell fridom, tolsemd i all åndeleg strid og tanken om brorskap, likeverd og like kår for alle menneske utan omsyn til landsdelar, landegrenser, klasseskilje, rase, kjønn, religion og politisk overtyding.
OG I PRINSIPPROGRAMMET TIL NU STÅR DET:
omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn. I Forhåpentlegvis kan desse danne grunnlag for ettertanke, diskusjon og engasjement i lag over heile landet. Kanskje lærer de noko nytt om NU og igjennom desse tekstane? Lukke til med studieringane og kunnskapstevlinga!
PS: Både tekstane til senior og junior står i dette hefte. Junior vil kun bli spurt om dei tekstane som er merkt med merket jr.
Det frilyndte miljøet er basert på toleranse,
NOREGS UNGDOMSLAG Redaktør: Guro Redalen Bladbunad: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Sitat av Edvard Hoem Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Mail: post@ungdomslag.no www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag
Tekst i heftet: Administrasjonen i Noregs Ungdomslag der ikkje anne er oppgjeve.
2 KVEN VEIT 2017?
NOREGS UNGDOMSLAG Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein organisasjon som samlar ungdomslag over heile landet. Organisasjonen har om lag 14 000 medlemmer i nærare 400 lokallag. Aktivitetane i ungdomslaga femnar breitt, både i innhald og i aldersgrupper. Kjerneverdiane til Noregs Ungdomslag er frilyndt, tradisjonar, nyskaping, generasjonar, rusfri samværskultur og samfunnsengasjement.
SENTRALE TILSKIPINGAR 2017: Landsmøte 22. - 23. april i Oslo. For meir informasjon: www.ungdomslag.no Sommarleiren for ungdom 27. juni - 2. juli Fana folkehøgskule. For meir informasjon: les side 18 og 19 i heftet og heimesida www.sommarleiren.no
DEN FRILYNDTE UNGDOMSRØRSLA
DEN FRILYNDE UNGDOMSRØRSLA (…) Men det er sant at den frilynde ungdomsrørsla femner vidare og tek meir med enn nettopp økonomiske og sosiale saker. Ho vil reisa den norske ungdomen både åndeleg og materielt, skapa dugande, glade, heilstøpte menneske, adelsmennekse med stil yver seg og med nasjonale tradisjonar. Her vev det sosiale og kulturelle seg uløyseleg saman. Den frilynde ungdomsrørsla vil prøva å hindre at bondeungdomen kulturelt set gjeng upp i limingi når han skal ut yver bygdegrensena og møta andre kulturformer. (…) AV PROFESSOR KNUT LIESTØL
Det er òg sant at den frilynde ungdomsrørsla fyrst og fremst var ei ideell rørsla. Det ligg i sjølve namnet ”frilynd” – eit namn som sjølvsagt vart skapt for di denne rørsla stod i motsetning til noko som ikkje frå frilyndt. Dette noko er pietismen. Den frilynde ungdomen reiste sig til kamp mot det trongsynet som pietismen representera, og som hevda at det er motsetnad millom det ”jordiske” og det ”himmelske”. (…)heldt den frilynde ungdomsrørsla fram i den leidi som folkehøgskulane hadde peika ut: det kristelege skal verka gjennom alt meneskelegt; då vil manalivet få si rikaste bløming og sin mest harmoniske vokster og nå det mest fullkomen som det er mennesket gjeve å nå. Mange vil kanskje segja at motsetningane hev fenge
uttrykk i ein strid um imaginære ting. Men motsetningi er der og striden er der som noko røynlegt, som grip vidt ikring seg og gjeng djupt. Her som so ofte hev trongsynet visst å taka ei heilag maske på. Det avdømer og motarbeider alt som ikkje ligg innafor den tronge grensa for det som set ifrå eit visst einsidig synspunkt vert halde for viktugt og naudsynlegt. Her som elles gjev trongsynet sin fullkomne og relative mælestav ein absolutt gildskap.
form og tolka det djupaste i vår sjel; ho vil gjeva vår trådom mot det høgre og fagre og guddomlege eit konkret uttrykk.
(… )
Ei ungdomsrørsla som vil gjeva som dei ulike sidor ved mannalivet, og som vil taka all menneskeleg framgangs- og uppgangvilje med, vil difor naturleg gripa til kunsti som eit middel til utvikling for den einskilde og til
All kunst er som eit språk, eit mål som gjev uttrykk for kjensla – i tonar, i ord, i former og fargar, i rørslor. Ho vil gjeva det fagraste
Kunsti høyrer som eit kjenslespråk, livsyverskot, serskilt saman med ungdomstidi; då er sansane friskare, kjensla er mjukare og sterkare og rikare; då opnar verdi seg, og ein leitar etter det som kan stetta den trongen ein ber lengst inne til å finne klårleik yver sine hugmål og form for sine draumar.
KVEN VEIT 2017? 3
DEN FRILYNDTE UNGDOMSRØRSLA
” Mange syntes å tru at det er folkevisedans og rosemåling og nasjonale talemåtar”
samling um det som er fagert og stort. Den frilynde ungdomsrørsla hev teke upp kunsti i fleire former, i større umfang og framum alt med ei meir medviti kjensla av dei nasjonale verde som ligg gøymde, i henne enn nokor anna rørsla hev gjort. (…) Den frilynde ungdomsrørsla hev med sans for stil og ubroten vokstersamanheng teke upp arbeidet for å halde uppe den gamle bygdekulturen. Den frilynde ungdomen ser ikkje på bygdekulturen som noko fikst og ferdigt og ubrigdeleg, men som det midlet som vil tena framgangen best. Dei ser heller ikkje på han berre som ei hjelp for eller eit tilskot til noko anna som skal byggjast upp i staden eller ved sidan av, men som eit grunnlag, eit utgangspunkt ein kan byggja vidare på. Når gamalt vert teke upp att, so er det ikkje for di det er gamalt og nasjonalt, men for di det er det venaste, beste og mest høvelege. Det er difor den frilynde ungdomen ikkje berre vil hava ein kunstmusikk med nasjonal dåm, men han vil også at det beste i folkemusikken vår, slåttane og tonane, skal fram att og arbeidast inn i medvitet. Dett er grunnen
4 KVEN VEIT 2017?
til at felekappleikar so ofte vert knytte til ungdomsstemnone. Sameleis er det ei rekke andre kunstformer; treskurd, saum, vevnad, måling osb. Ser me på den norske litteraturen i dei siste mannsaldrane, vil me finna at mangt der, og nettopp av det som talar sterkast til oss, hev fenge sin kveik frå norsk folkedikting. Men dei kunstverde som var gøymde i folkediktingi sjølv, var ofte lite påakta. Her og hev den frilynde ungdomslagsrørsla synt veg til å tak up gamalt som hadde livsrett, og setja det inn i vår tid. Folkeviseleiken hev vunne inngang att, hev adla leiken i lagi og gjort ei rekkje storkunstverk i ord og tone kjende og kjære. Rimeri og jugl og jål vert avløyst av ekte kunst – det ber på oppveg. (…) Det gjaldt å skapa vyrdnad ikkje berre for folkediktingi, som hev bore ein rein norsk litterær tradisjon upope. Det gjaldt mykje meir um å skapa vyrdnad for bygdemålet. Det måtte nyttast til å gjeva norsk ungdom høve til å vera seg sjølv i målvegen: det skulde gjeva den einskilde ein heil og ubroten målvokster. Her som ved dei andre oppgåvone tok den
frilynde ungdomsrørsla utgangspunktet sitt i det heimelge, men fekk folk til å sjå ut yver dei tronge bygdegrensone. Dei som høyrde bygdi eller landsluten til, er berre mål og nasjonalmål, talemål og skriftmål skulde liggja i same lina. Den frilynde ungdomsrørsla hev ogso ei side som ventar utetter – mot grannelandi og verdi elles. Ho hev søkt impulsar hjå tilsvarande rørslor i andre land, og ho hev prøvt å gjera norsk kultur kjend i utlandet – stutt sagt ikkje berre havt ei nasjonal, men ogso ei internasjonal side. Men det vilde føra for langt å ganga nærare inn på dette. Det kan segjast at det stundom hev fylgt ymist nasjonalt skryt og mange tome idealistiske talemåtar med den frilynde ungdomsrørsla, og ho hev fenge høyra mangt eit sneidor dum ”maul” og ”rosemåling” slengt etter seg. Men eg tenkjer at historia ein gong vil fella ein anna dom um denne enn trongsynet og den uekte kosmopolitisme i bygd og by no gjer.
Dette er eit utdrag av innlegget til Liestøl.
DEI FØRSTE FRILYNDTE LAGA
DEI FØRSTE FRILYNDTE LAGA I dag er det ganske vanleg å vere med i eit lag av eitt eller anna slag: Idrettslag, teatergruppe, hundeklubb, detektivklubb, ungdomslag, elevorganisasjonar og politiske ungdomsorganisasjonar. Det er lag for så mangt, og for dei fleste saker og aktivitetar. Slik har det ikkje alltid vore. Ser vi tilbake på historia, er det eigentleg ganske nytt å organisere seg i lag og foreiningar.
FOLKEOPPLYSNING Det skjedde mykje på 1800-talet i Noreg slik som vi tek som sjølvsagt i vår tid, men som var nytt og viktig den gongen: • Noreg reiv seg laus frå Danmark og vart ein eigen sjølvstendig stat med si eiga grunnlov i 1814. Rett nok kom vi i union med Sverige nesten med det same. Men folk var opptekne av at Noreg var eit eige land, og mange vart stolte av å vera norske. • Folk fekk læra å lesa, ja til og med å skrive. Det vart viktig for å hevde seg i samfunnet.. Seinare utover 1800-talet vart det starta ulike lag og organisasjonar, og det som gjekk att var at dei skulle drive med folkeopplysning. Det vil seie at folket skulle opplysast, at
folk skulle lære og forstå meir av samfunnet rundt seg.
MØLJU Lurar du på kva dei første ungdomslaga dreiv med? Det første laget vi veit om som kalla seg ungdomslag var frå Sel i Gudbrandsdalen. Dei kalla seg for Mølju. Dei starta opp vinteren 1868/69. Mølju er ein matrett, akkurat som klubb*. Og klubb var eit namn dei brukte om foreiningar då som no. Det att Mølju var eit lag for både for gutar og jenter var noko nytt. Dessutan var det eit lag der alle i heile grenda kunne vere med, anten dei var rike eller fattige, unge eller eldre. Dei fekk danse der òg. Og likte dei ikkje å danse kunne dei vere med å lage lagsavis, lese høgt, diskutere, syngje, spele teater eller noko anna. Alle skulle få prøve seg. Alt som skjedde, skulle skje på kristeleg og nasjonal grunn, sa dei. Det var
ein talemåte dei ofte brukte på den tida. Dei var tydeleg påverka av folkehøgskulen, som var eit nytt skuleslag som la vekt på heile menneske. Både hjerne, ånd og kropp.
FRILYNDT Slik som Mølju tenkte om kven som skulle få vere med var det fleire ungdomslag som tenkte. Dei vart kalla frilyndte ungdomslag . Ideen om å samle alle desse laga til ein landsomfattande organisasjon vart drøfta på trappa til Eidsvollbygningen sommaren 1894. Og 11. juli 1896 vart Noregs Ungdomslag stifta i Trondheim. * Matretten klubb vert og kalla raspeball, raspekake, komle, kløbb, kumle, kompe, kump(e), potetball, klot og ball.
KVEN VEIT 2017? 5
DET FRILYNDTE ORGANISASJONSARBEIDET
Det frilyndte
ORGANISASJONSARBEIDET
Ungdomslaga var også svært tidleg ute med kjønnskvotering. Alt i lagslover frå like etter år 1900 er det fastslege at styret skal ha fem medlemmer av desse minst to av kvart kjønn. Det at kvinnene kom meir med i organisasjonsarbeid førte og til at dei etter kvart tok større plass i lokalpolitikken. Synnøve Riste (født Aarflot, 1858 - 1889) frå Volda er ei av dei som har gått føre, og har gjort det enklare å kome etter. Ho var oppteken av at kunnskap gav makt og sjølvtillit, og at det var avgjerande for likskap mellom kjønna. Noko som er like aktuelt i dag. Riste var og ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk. Ho kritiserte kvinna si stilling i samfunnet: «Eg tenkjer den tidi må koma no, då me ser på gjenta ikkje berre som ei «gjøldedokke» som ikkje duger til anna
6 KVEN VEIT 2017?
enn å sulle i svevn ein skrikarunge og koka skapeleg graut». Samstundes reagerte ho òg på sosial urettferd i lokalmiljøet. I 1881 gifte ho seg med Per Riste. Når han fridde braut ho med sed og skikk på den tida, ved å takke ja til ein friar utan å spørje foreldra om råd først. Tre år seinare busette dei seg på ein gard på Nedre Rotset i Volda. Hit flytte med tida også forfattaren og redaktøren Rasmus Steinsvik, og med tida
blei garden eit radikalt åndssenter. Her skipa dei målsskule, og diskuterte kvinnesak, kristendom, litteratur, sosialisme, anarkisme og nasjonalisme. Til sist byrja dei også å gje ut Målbladet Vestmannen frå 1887-1890 som den første lokalavisa skrive på landsmål, etter initiativ frå Synnøve Riste. Bygget som huser avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda er oppkalla etter Synnøve Riste.
KVEN VEIT? 2017
TEATER HOTPOT TEKST AV TORUNN ELISE KVEEN
TEATER HOTPOT Alle treng vi til ulike tider gjennom livet å bli rekna med og å vere nyttige i eit fellesskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med her i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Her er historia om dei ferske NU-medlemmane Teater HotPot – om ideen, prosessen og resultatet. Dette er eit eksempel på ein veg også ungdomslaget ditt kan gå for å bidra til inkludering og integrering av flyktningar og busette, og ikkje minst nordmenn.
Integrering – rett til å vere i eit fellesskap. Inkludering – rett til å vere ulike i fellesskapet
Norske kommunar har ulike tiltak for integrering og inkludering. Særskilt utfordrande er integreringsarbeidet med kvinner. I 2013 starta teaterpedagog Gro Dybvik opp eit teaterprosjekt for busette og etablerte kvinner i Vågå i samarbeid med kulturskulen og flyktningkonsulentane. Gruppa skulle fungere som ein møteplass for kvinner med ulik ståstad, men med felles mål. Saman skulle dei lage framsyningar til FN-dagen. Målet var å skape ein kulturell arena der menneske med ulik bakgrunn fekk høve til å møtast og utvikle seg i kreativt samspel. Prosjektet skulle bryte ned barrierar og
fordommar, knyte band mellom kvinner frå ulike kulturar busette i kommunen og heve statusen til flyktningar. Teaterøktene var viktige i seg sjølve, samtidig hadde dei eit blikk retta mot framsyninga. Det sceniske aspektet var gjeldande, elles ville det bli pedagogisk drama. Det skulle vere teater!
SKAPT AV KVINNENE Alle har noko å bidra med i eit fellesskap. I denne gruppa vart alle viktige brikker for å få framsyningane klare. Dei sydde kostyme og ordna praktiske oppgåver, men aller viktigast var det at alle bidrog med sine liv og erfaringar. Dette skapte ei gripande
KVEN VEIT 2017? 7
KVEN VEIT? 2017
Bileta er frå ei framsyning med HotPot
forteljing om kvinnene i gruppa og det å nærme seg einannan. Korleis har livet mitt vore, mi reise, korleis var det å starte heilt på nytt i eit framand land? Kvinnene begynte etter kvart også å møtast på fritida, gruppa fekk fleire førespurnadar om å delta med innslag på ymse tilstellingar i regionen.
BRAKSUKSESS – EVENTYRET VAR BERRE SÅ VIDT I GANG Dei fleste kvinnene hadde aldri stått på ein scene før. Det sette ikkje ein stoppar for ei framsyning som gjorde sterkt inntrykk på publikum. Mange gret, takksame for ei skilsettande oppleving, og tok med seg heim ei teateroppleving dei seint ville gløyme. Framsyningane synleggjorde mangfaldet i det vesle bygdesamfunnet Vågå. Kanskje braut dei ned ein og annan myte og justerte noko på fordommar. Etter stor suksess med fyrste framsyninga og små oppdrag som stadig draup inn, vart det klart at eventyret Teater HotPot berre
8 KVEN VEIT 2017?
så vidt hadde starta. Teatergruppa måtte bli eit fast tilbod for kvinner i Vågå! Dei fleste heldt fram i gruppa, og nye medlemmar kom til. Neste års FN-dag er målet for neste framsyning. Prosjektet vart ei solskinshistorie både med tanke på integrering, inkludering og språklæring, og det har utan tvil gjeve dei som har sett framsyningane, både ei stor kunstnarisk oppleving og noko å tenkje på. Gruppa hadde kvinner frå Noreg, Litauen, Brasil, Eritrea og Afghanistan.
DET ER EIN PLASS FOR ALLE PÅ BENKEN Den fyrste framsyninga var basert på flukta og reisa, både fysiske reiser og mentale. Andre framsyninga heitte En plass på benken og skildra korleis det er å kome til eit nytt land, og korleis det er å bli inkludert og integrert – svært samtidsaktuell og lærerik for folk frå alle lag og grupperingar i samfunnet, og prosjektet, prosessen og resultatet er eit eksempel å fylgje for fleire kommunar og bygder.
Korleis er det eigentleg å finne plassen sin på benken i ei lita fjellbygd, både for tilflyttar og for bygdefolket?
FERSKE NU-MEDLEMMAR Går ditt ungdomslag med tankar om å få liv i teaterarbeidet og utvide teatergruppa, eller tykkjer du tanken om ei internasjonal gruppe som HotPot høyrest ekstra spennande ut? Arbeidet med teaterprosessar er svært samlande, opnar opp menneska og utviskar kulturbarrierar. Læringseffekt innan munnleg kommunikasjon, lesing og skriving er formidabel. Desse resultata har kome nærast som ein bonus og ein bieffekt til det som var hovudintensjonen i prosjektet – men likevel så kjærkome og viktig.
KVEN VEIT? 2017
Dei frilyndte samlingsplassane Noregs Ungdomslag har vore den største "husbyggar-rørsla" i landet, ved sida av bede- og misjonshusa. Men NU-husa har i langt større grad hatt preg av å vera opne, allmennkulturelle samlingsplassar omkring i bygdene. Dette gjaldt også for lagsbruka i byane. Dei vart og ei viktig inntektskjelde til bylaga. Ein kan seie at for kvar ein kaffikopp kjøpt og kvart eit snork på hotellromma på Bondeheimen fekk rørsla meir å rutte med. KVEN VEIT 2017? 9
DEI FRILYNDTE SAMLINGSPLASSANE
e ein del av Kaffistova i Oslo har vor bybilete sidan 1901.
Valborg Markeng og Alvhilde Hoff dreiv Kaffistova Gjøvik frå 1929 til 1966.
KAFFISTOVA Med smakfull, sunn kost på matsetelen blei den første Kaffistova opna midt i borgarskapets rosebed i Oslo sentrum i 1901. Kaffistova utretta meir enn å fornye den norske kafématen. Kaffistova blei møtestad for innflyttarar og gjorde den nye nynorske skriftkulturen til ein synleg del av bybiletet.
”Kvar kaffikopp var som ein ny drope i nynorskens beger.”
bruksskatten blei innført. I sine beste år var lagsbruka ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak. Kvar kaffikopp var som ein ny drope i nynorsken sitt beger. Solkorset, det gamle symbolet for ljos, blei òg brukt av kaffistovene, både på tallerkar og på veggskilt. Etter at nazistane tok det same symbolet i bruk, og gav det nytt meiningsinnhald, blei det fjerna frå kaffistovene. Frå og med 1901 har 130 kaffistover vore i drift på minst 77 stader over heile landet. I dag er fire kaffistover i drift. Dei er plassert i Oslo, Bergen, Gjøvik og Mosjøen.
Kaffistovene voks fram heilt utan styring eller medverknad frå landslaga, men dei såg snart at det her kunne vere tale om ei stor inntektskjelde for sentrallekken, og lags-
10 KVEN VEIT 2017?
”Dei kunne jobben sin. Auste opp kjøtkaker og kål så det såg ut som kyrkjemusikk.” Henta frå Sveve over vatna, Ragnar Hovland Kjelde: Norske Lagsbruk, Nils Seland
Lagsbruk eit begrep som er brukt i miljøa i- og omkring Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og betyr eit forretningstiltak som er eigd og/eller driven av eit lag/ein organisasjon. ”Kaffistova” og ”Bondeheimen” er dei mest kjende navna som blei brukt på slike forretningstiltak.
ETABLERINGANE AV LAGSBRUKA HADDE TRE HOVUDFØREMÅL: • • •
Skaffa husrom til laget sin administrasjon og den kulturelle verksemda. Tena pengar til sosialt og kulturelt arbeid. Profilera laget i form av til dømes mat, arkitektur/inventar, språk og anna Kulturvern
KVEN VEIT? 2017
LUTLAG Eit aksjeselskap vert på tradisjonell nynorsk kalla lutlag i Noreg. Forkortinga er LL og ikkje AS. Det er eit selskap der eigarane har skote inn lutmidel (aksjekapital). Den innskotne kapitalen gir rett til andelar i selskapet i form av luter (aksjar) i selskapet.
TEATERLAGET BUL Teaterlaget i BUL Oslo held fortsatt til i Teatersalen. Stifta som Spellaget i 1914 har laget sidan den gong hatt 117 teateroppsetjingar og hatt 468 skodespelarar på scenen (tal frå desember 2015).
DET NORSKE TEATRET: DET STØRSTE LAGSBRUKET L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Ihuga målfolk frå heile landet hadde teikna seg for luter à kr 15. Til skipingsmøtet hadde det kome inn kr 11.675. Det Norske Teatret hadde si opningsframsyning i Kristiania 6. oktober 1913, i teatersalen i Bøndenes Hus, etter eit år som reint turnéteater. Og det var Bondeungdomslaget i Oslo gjennom sitt selskap, Bøndenes Hus AS, som gjorde det muleg å etablera eit fast nynorskteater i Teatersalen i Rosenkrantsgt. 8. Planane om å byggje eit eige hus hadde vore ei prioritert oppgåve i 72 år då teatret i 1985 kunne innvie nybygget i Kristian 4.s gate, som hyser teatret i dag.
PENGAR TIL BYGGING AV EIGE TEATERHUS Pengane frå kaffistovene var viktige då det skulle kjøpast tomt til Det Norske Teatret i 1916. I 50-årsskriftet til Bondeungdomslaget i Bergen frå 1959, ført i pennen av Ivar Eskeland, heiter det:
”Den 8. juni 1916 drøfta styret eit brev frå Det Norske Teatret, som hadde fått på hand eigedomane Rosenkrantsgt. A og B og Kristian IV gt. 4 i Oslo. Men teaterstyret visste ikkje rykande råd med å skaffa dei 100.000 kronene som det var krav om kontant. Etter framlegg frå C.B. Bugge vart det vedteke samrøystes (og utan altfor mange ord) at Kaffistova saman med Norskt Herbyrge skulle kjøpa desse eigedomane
for teatret. Greitt og einfelt 100.000 på bordet. Kaffistova lånte, Herbyrget kausjonerte. Desse pengane er grunnlaget for byggeplanane, og tomtene ga teatret gode leigeinntekter fram til bygginga tok til”. Så slik gjekk det til at det var lån av pengar bl. a. frå forretningane til Bondeungdomslaget i Bergen som avgjorde å få finansering til kjøp av tomta i Oslo.
Kjelde: Norske Lagsbruk, Nils Seland
KVEN VEIT 2017? 11
DEI FRILYNDTE SAMLINGSPLASSANE
syningar av og med DMS tilbyr kurs, workshop og fram nelle kunstnarar. unge under rådgjeving av profesjo
DMS held og hus i Teatersalen, det
gamle Det Norske Teatret.
DEN MANGFALDIGE SCENEN For snart 100 år sida skapte ei gruppe kunstnarar og ungdom knytte til Noregs Ungdomslag (NU) og Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) historie; dei etablerte Det Norske Teatret, og la grunnen for kunst- og kulturmøte i heile landet. Målet var å ta vare på og utvikle det språklege og kulturelle mangfaldet som regionane i Noreg stod for. Hundre år etter stod Oslo og Noreg overfor ei stor utfordring: I 2007 var det få scenekunsttilbod som nådde fram til barn og ungdom med ein breiare kulturell bakgrunn
enn norsk: Barne- og ungdomsteaterskulane hadde nesten ikkje medlemmer som hadde annen bakgrunn enn frå Noreg. Dei profesjonelle teaterskulane og scenene hadde ikkje ein underskog å rekruttere frå, og mange minoritetar er sjeldan eller aldri å sjå blant publikum på profesjonelle scener. Ein kunne hevde at teatra ikkje i tilstrekkeleg grad speglar det kulturelle mangfaldet i Noreg. Etter initiativ frå Liv Hege Skagestad, gikk Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag i 2007 saman om igangsetjing av prosjektet
”Den mangfaldige scenen – eit nytt norsk barne- og ungdomsteater” (DMS). Gjennom ein serie med praktisk utprøving med over 25 instruktørar og fleire hundre barn involvert, med støtte frå Kulturrådet, Fritt Ord, Oslo kommune, LNU, Framfylkingen har modell blitt eit fast tilbod. I 2011 fekk DMS sin første støtte over statsbudsjettet. 4. september 2013 stifta Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag Den mangfaldige scenen AS.
MANGFALDSPRIS TIL DET NORSKE TEATRET Då Det Norske Teatret opna i 1913, skulle teateret spegle ein ny by, eit nytt land og ein ny språksituasjon. Dei som frykta desse endringane, gjekk til åtak på teateret, både med nevar og ord. 100 år seinare har Noreg endra seg på nytt. Oslo har ikkje lenger to skriftspråk, men 100. Det Norske Teatret
12 KVEN VEIT 2017?
vart tildelt NPU-prisen 2016 frå Norsk publikumsutvikling for arbeidet med å skape scenekunst i og for eit mangfaldig Noreg – og det med eit publikumsarbeid som juryen omtalar som ”dristig, viktig og riktig!” Dette er eit synleg prov på at Det Norske Teatret enno tener som teateret til innflyttarane og
minoritetane i ein storby og eit språkmangfald som er i rørsle. Det Norske Teatret fekk og ei auke på 4,9 millionar kroner på statsbudsjettet for 2017, derav 2 millionar til Det Multinorske som inkluderer Den mangfaldige scenen.
Alle foto
: Anne M
arte Før
KVEN VEIT? 2017
UNGDOMSHUS - FØRSTEGENERASJONS KULTURHUS I NOREG Ungdomshusa er levande kulturminneberarar frå dei siste 120 åra. Men denne første generasjonen av lokale kulturhus er ofte lite påakta. Likevel representerer desse husa ein stor fellesverdi. Dei kan fortelje om framveksten og utviklinga av byggeskikk og samverskultur. Ungdomshusa var det første dansegolvet, den første scenen, det først kulturlokalet for teater, dans, musikk eller husflidskurs og det første bygdekjøkkenet i nær 1000 norske lokalsamfunn. Årsmeldingar syner at det var 15 lag som hadde eigne hus i 1896/97. I 1919/20 melde heile 330 lag at dei hadde eigne hus, I tillegg blei det opplyst at om lag 200 lag samla pengar til byggefond. Desse enkle opplysningane fortel oss at ei kulturmobilisering og ei kulturhusbølgje gjekk over landet i perioden frå 1900 til 1930. Denne demonstrasjonen av lokal kraft og vilje har sett bygningsmessige merke etter seg i mest alle kommunar i Noreg og vitnar om ein periode då bygdefolk
tok saka i eigne hender. Mangla møteplass, fanst det tømmer i skogen, villige hender, og kunstnarar og handverkarar som kunne gjere huset praktisk og vakkert. Ideologisk gjekk ungdomslaga frå å vere uformelle møteplassar for ungdom i 1870 – 80 åra, borte frå lediggang og drikk, til ein meir målretta organisasjon i 1890 – åra, som skulle kjempe Norge fritt frå Sverige, ein kamp for norsk kultur og framsteget, mot materialisme, bakstrev, trongsyn og pietisme. Men denne nasjonale rørsla var prega av likeverd; med Sverige politisk og med Danmark kulturelt. Vi var ikkje betre enn andre, men kravde like rettar. Parallelt med ungdomshusa vaks bedehusa opp, sterkast på Sør- og Vestlandet. Men desse husa lukka seg rundt religiøse aktivitetar, og sto mange stader som motpolar til ungdomshuset, sjølv om grunnlaget i den frilynde ungdomslagsrørsla for ein del var
tufta på den danske presten Grundtvig sin visjon om den glade kristendommen. Ungdomshusa, derimot, har alltid vore frilynde og opne for ulike kulturytringar. Dei har vore, og er framleis, uformelle og nære møteplassar. Det finns i dag 350 aktive lag i Noregs Ungdomslag, og omlag 2/3 av laga eig eigne ungdomshus eller er medeigarar i lagshus. Bruken av husa varierer sterkt. Det finns hus som er i bruk mest kvar dag og kveld og det finst hus som berre har opne dører ved utleige, eller ved ein og annan lokal julefest eller på 17 mai. Ungdomslaget kan og vera det laget som brukar huset minst, men laget eig huset og har ansvar for drift og vedlikehald. Lag som i dag er typisk huseigarlag, er ofte styrt av medlemmer som tek på seg oppgåva med å forvalta arven etter dei som bygde huset, og som ville at det skulle vera ein samlingsstad for folk i lokalmiljøet.
KVEN VEIT 2017? 13
FOLKEPEDIA
Folkepedia SKAL SPREIA FOLKEDANS TIL FOLKET – Me treng nasjonale rollemodellar, stjerner og talentprosjekt innanfor folkedans, seier Halldis Folkedal. Noregs Ungdomslag vil inspirera til dans gjennom filmar på nettet. TEKST: ANDREA RYGG NØTTVEIT, FRAMTIDA.NO
FOLKEPEDIA
På netts ida folkepe dia kan du s .no jå alle dansefi lmane!
– Me opplever etterspurnad etter opplæringsfilmar i folkedans som er enkelt tilgjengelege. I tillegg ynskjer me å synleggjera unge folkedansarar over heile landet, og dei lokale tradisjonane, forklarar Halldis Folkedal. Ho er prosjektleiar for Folkepedia.no, ei nettside med opplæringsvideoar i folkedans laga av Noregs Ungdomslag. Blant dei 23 filmane finn du mellom anna Nordlandspols, strekkbuksepolka, dobbel reinlender og halling. Desse er blitt til med hjelp av dansarar frå Oslo, Bodø, Hellesylt og Sykkylven. – Dette er nok det første prosjektet av sitt slag i Noreg, der barn og unge formidlar dans til barn og unge. Eg har mykje meir trua på det enn at me vaksne skal formidla, seier
Folkedal, som er kulturrådgjevar i folkedans i Noregs ungdomslag. – Strekkbuksepolka er ein enkel dans som er mykje brukt, ifølgje Halldis Folkedal.
– TRENG ROLLEMODELLAR Ifølgje rapporten «Dansearven» frå 2012, er det færre som dansar folkedans i dag enn for 10–20 år sidan. Folkedal forklarar at det er stor variasjon i folkedansmiljøet rundt om i landet. Nokre stader har stor aktivitet, andre ingen. – Eg trur folkedansen alltid går i bølgjedalar. På 70-talet var det hipt, og då Frikar var med og vann MGP, fekk det ein oppsving. Me treng nasjonale rollemodellar, stjerner og talentprosjekt innanfor folkedans. Me treng verkty som gjer at fleire oppdagar
folkedans; håpet er at dette kan vere eit slikt verkty, seier dansepedagogen.
VIL TIL VÅGÅ Til forprosjektet Folkepedia.no har Noregs Ungdomslag har gått inn med ein eigenandel på 100.000 og har fått 200.000 i støtte frå Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Tanken er å utvida med fleire filmar frå heile landet, og etter kvart òg folkemusikk. Planane for Møre og Romsdal, Troms og Vågå er allereie godt i gang, og Noregs Ungdomslag søkjer vidare støtte. – Håpet er at born og ungdommar over heile landet skal oppdaga Folkepedia. At dei kan læra dans gjennom filmane og bli inspirerte til å oppsøkja dansemiljø, avsluttar Folkedal.
KVEN VEIT 2017? 15
DEI FRILYNDTE FOLKEHØGSKULANE
Dei frilyndte folkehøgskulane "Det, som et menneske ikkje glødede for i de unge dage, det arbejder han ikke lettelig for som mand" er eit sitat frå Folkelige Grundtanker av Christopher Bruun. Bruun var norsk folkehøgskulemann og ein av dei første som starta folkehøgskule i Noreg. Folkehøgskulane vart etablert på grunnlag av ein pedagogisk filosofi utvikla av den danske pedagogen og teologen Nikolai Frederik Severin Grundtvig. Grundtvig meinte at læring ikkje først og fremst skulle bestå av pugging og terping av teoriar som hadde lite med kvardagen til elevane å gjere. Læring skulle utviklast gjennom det levande ord i samtale mellom elev og lærar, og i førelesningar der kvardagslivet til eleven stod i fokus. Eleven skulle tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som dei hadde nytte av i sitt daglege liv. Grundtvig var også oppteke av at skule og utdanning måtte bli ein rett for alle unge, uavhengig av statusen til foreldra. Skulen skulle vere eksamen og pensumfri nettopp for å ha tid og moglegheit til å utforske sjølve livet. Den vart ein motvekt til latinskulane som var reine puggeskular.
16 KVEN VEIT 2017?
Folkehøgskulane vart ein skule for alle, ein skule kor gleda, songen og begeistringa over menneskelivet var kjerna. Den første folkehøgskulen vart etablert i Danmark i 1844. Folkehøgskulerørsla var i utgangspunktet eit nordisk fenomen, men det finnes og folkehøgskular eller tilsvarande skuler og i andre land.
Å SKAPE BØLGJER HEILE VEGEN BORT TIL DEN MOTSETTE KYSTEN Då danskar, nordmenn, svenskar og finner byrja å utvandre til USA, tok dei og med seg sentrale deler av kulturen. Dei tok med seg språket, skikkane og folkehøgskulane. Eit stort antal folkehøgskular blei oppretta særskilt der danskar og nordmenn busette seg. Akkurat som folkehøgskulane i Norden, var det heilt sentralt for dei amerikanske
folkehøgskulane at dette skulle være eit skuleslag for alle. Ein skulle lære noko som var nyttig for den einskilde – og for samfunnet. Skulene markerte seg i lokalsamfunnet og vart ofte ein hjørnestein i utviklinga av det lokale fellesskap og samarbeid. Og elevane på dei amerikanske folkehøgskulane lærte noko meir enn berre faget – akkurat som elevar på dei norske folkehøgskulane. I ein tale til dei nordiske statsleiarane mai 2016, preika president Obama varmt om Grundtvig og folkehøgskular. Han peika på korleis folkehøgskulerørsla spreidde seg til USA på starten av forgje århundre. Utvandrarar frå Norden starta eit stort antal folkehøgskular i USA og fleire av desse folkehøgskulane vart viktige for den amerikanske borgarrettsrørsla.
DEI FRILYNDTE FOLKEHØGSKULANE
Det var i en tale til de nordiske statsleiarane at Obama trakk fram folkehøgskulane som viktige også i USA. Den norske statsministeren, Erna Solberg, i midten blant statsministrar og presidentar frå de andre nordiske landa. President Obama lengst til høyre.
”Og mange av våre nordiske vener kjenner til den store danske prest og filosof Grundtvig. Og blant mange andre saker, var han fortaler for ideen om folkehøgskule – utdanning som ikkje berre var for eliten, men for dei mange; læring som førebur ein person på å bli ein aktiv samfunnsborger som bedrar samfunnet. Over tid sprette folkehøgskulerørsla seg og til USA. Og ein av disse skulane låg i staten Tennessee – den vart kalla Highlander Folk School. ” På Highlander Folk School, ein amerikansk folkehøgskule sterkt inspirert av N.F.S. Grundtvig og dei nordiske folkehøgskulane, var borgarrettigheiter og antisegregeringsarbeidet heilt sentralt.
”På Highlander, spesielt på femtitalet, møttes ein ny generasjon amerikanarar og delte deira
idear og strategiar for å fremme borgarrettigheitene, auke likskapen og auke rettferda. Vi kjenner namna på nokon av dei som lærte og deltok på Highlander School. Ralph Abernathy. John Lewis. Dr. Martin Luther King, Jr. Dei blei alle forma, delvis, av Highlander og av tankane til ein stor nordisk filosof – og dei ende med å ha ein bølgjeeffekt på borgarrettsrørsla, og til sist i å gjere USA ein betre stad. Vi ville ikkje ha vore her om det ikkje hadde vore for den steinen som blei kasta i ein sjø og som skapte bølgjer av von som til sist sprette seg over eit hav til USA.”
kom til Oslo for å ta imot prisen, valte han å legge eit besøk til Holtekilen folkehøgskole på Stabekk.
Highlander Folk School var heilt sentral i den amerikanske borgarrettsrørsla og var med til å forme viktige personer. Den mest kjente personen var nok Martin Luther King Jr. Han tok imot i 1964 Nobels fredspris for sitt viktige arbeid. Då Martin Luther King
Han meinte at folkehøgskulane var eit døme på korleis dei bittesmå nordiske landa har hatt stor påverknad i verda. At det handlar om at ein kastar ein liten stein i vatnet og ser korleis den skaper bølgjer heile vegen bort til den motsette kysten.
Barack Obama var, i talen til dei nordiske leiarane, tydeleg på kva Highlander Folk School og den nordiske folkehøgskulerørsla har betydd for han:
“Og eg ville kanskje ikkje ha stått her om det ikkje hadde vore for streve til personar som Ella Baker og andre som deltok på Highlander Folk School.”
KVEN VEIT 2017? 17
SOMMARLEIREN
VINTER, SNART SOMMARLEIR! Når det er mørkt og trist rundt ein, gjeld det å ha varme og lyse tankar inni seg. Det er ein tankegang som er fin å ha no i vintertida. Derfor seier eg allereie no: Tenk så fint at det snart er sommar! TEKST: INGER JOHANNE RUSET, ANSVARLEG FOR SOMMARLEIREN PÅ NU-KONTORET
Jula har ein tendens til å kome fort på, og plutseleg er ho over. Det same gjeld sommarleiren. Det er jo så lenge til, tenkjer ein gjerne. Men plutseleg har det vorte sommar igjen, og plutseleg er det sommarleir. Så la oss snakke litt om sommarleiren allereie no, slik at vi er førebudde. Det er lurt, for snart er det sommar, folkens!
FAGRE FANA Frå 27. juni til 2. juli i 2017 blir sommarleiren halden på den utruleg vakre Fana folkehøgskule i Bergen kommune. Sjølv har eg svært høge forventningar etter ei synfaring med den trivelege rektoren deira og samtalar om korleis vi best kan slå kreftene våre saman for å skape gode rammer for leiren. Den
18 KVEN VEIT 2017?
historiske skulen har tilpassa lokale for dans, teater, kunst og musikk, forutan nydelege uteområde med attpåtil botanisk hage. Dei som ønskjer skikkelege senger på tomannsrom, får høve til det, medan andre kan bu på klasserom – alt etter kva som passar den enkelte best.
FØRSTEREIS Det er noko heilt eige å dra på leir. Forventningane før og idet ein reiser. Ein førstegongsreisande er usikker på kva som er i møte. ”Kva om eg ikkje møter nokon som har lyst å henge med meg? Kva om aktivitetane er teite og eg angrar på at eg ikkje blei med familien på hytta likevel?” For dei som har vore på leir før, er nok tankane litt annleis:
”Eg håper mange av dei same folka er der. Eg håper den nye leirstaden er ok. Eg håper det blir sol.” Det vi veit, er at dei som har vore på leir, gjerne kjem att seinare.
DET SOM ER VIKTIG Sommarleiren til Noregs Ungdomslag passar for dei mellom 13 og 25 år, noko som svarar til aldersspennet på liknande ungdomsleirar. Målet er at unge medlemmar får høve til å bli kjent med kvarandre på tvers av interesser og geografisk tilhøyrsle, i eit trygt og rusfritt fellesskap. Ingen skal føle seg åleine på vår leir, og ingen skal reise heimatt utan å vere heilt sikker på at det er ei oppleving ein aldri ville ha vore forutan. Ved å dra på leir lærer ein kanskje noko på eit kurs som ein elles ikkje
SOMMARLEIREN
Fana folkehøgskule er ein frilyndt skule. Det vil seie at ein legg vekt på toleranse, menneskeverd og likeverd, og der kvart menneske vinn respekt uansett livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn. I åra 1864–74 vart det sett i gang minst tjue frilyndte folkehøgskular kring om i landet. Folkehøgskulerørsla utgjorde eit opprør mot gammaldags tvang og pugg på skulen.
ville ha lært, og det er ein fin grunn til å dra. Men dei fleste reiser frå sommarleiren med noko langt viktigare: nemleg fleire venner og eit verdigrunnlag verdt å ta vare på.
FANA FOLKEHØGSKULE Fana Folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskole i Bergen kommune. 2015 fyldte Fana Folkehøgskule 100 år, men historia om den gamle herregarden som vart folkehøgskule går mykje lengre tilbake i tid. Historien til Store Milde herregård lar seg nemelg dokumentere heilt tilbake til 1528. Truleg er den enda eldre då området tilhøyrte Svartebrørne – Dominikanermunkene i Bergen – frå slutten av middelalderen.
I 1915 vart det altså starta folkehøgskule på Store Milde, og siden den gong har det hendt mykje. Den gongen var elevane yngre, dei kom frå nærmiljøet og det aller første kullet var på kun 36 elever. I dag har skulen 18 års aldergrense, sengeplassar til omlag 100 og elevene kjem frå heile landet.
2017 FANA FHS
27. JUNI - 2. JULI
KVEN VEIT 2017? 19
KVEN VEIT? 2017
Faner i den frilyndte
ungdomslagsrørsla Idéane og aktivitetane som har prega, og pregar, den frilyndte ungdomsrørsla, blir spegla i fanene og banner til lokallag og fylkeslag. Det gjeld både i motiv og i det som står skrive. Her finn vi eit stort mangfald. Dei fleste talar sitt tydelege språk, og det som er utydeleg, kan ein ha gleda av å granske nærare.
KVA FORTEL EI FANE? Ja, det er ikkje alltid lett å få tak i. Vi ser gjerne fanene 17. mai, 1.mai, eller på eit eller anna arrangement der ymse lag og foreiningar stiller opp under sine merke. Men då er det gjerne folksamt og ymse anna som ein kan sjå og høyre, så det blir lite høve til å ta den tid det treng for at vi kan finne ut kva ei fane har å seie oss. Vi lever også i eit samfunn der det er fare for å bli overstimulert av visuelle inntrykk slik at vi blir sløve. Dessutan: mange faner er prega av eldre symbolbruk som ikkje er så lett å tolke for oss i dag. Fanene innafor den frilyndte ungdomsrørsla er mangslungne – akkurat som rørsla sjøl. Og som faner og banner i andre rørsler er dei prega av ulike tendensar og indivudalisme. Vi finn alt frå nasjonal patos og kristne slagord til lokalpatriotisme, norrøn mytologi og kjærleik til jorda. Og ikkje minst peikar fanene og bannera på den rike folkloretradisjonen i rørsla. Vi skal her ta for oss nokre av motiva vi finn p. faner og banner innafor rørsla.
UNDER «MAGNUS BERRFØTTS MERKE» Riksløva var populær både som hovud- og bimotiv på faner til ulike lag og foreiningar frå midten av 1800-talet og eit godt stykke ut på 1900-talet. Der riksløva var einaste motiv, sto det gjerne «Jeg vil værge
20 KVEN VEIT 2017?
mit land», frå det kjende Bjørnson-diktet, som motto under. At riksvåpenet var så populært, kan forklarast med at det både markerte avstand til unionspartnaren Sverige, og at dei som gjekk i brodden for nasjonsbygginga, henta inspirasjon frå mellomalderen då landet vårt var eit lite imperium med kontroll over øyane i vest, og elles vart rekna med i det internasjonale selskapet. Riksløva er frå gammalt av knytt til den norske kongemakta. Snorre fortel at i det slaget der Magnus Berrføtt mista livet (1103), hadde han på seg ei raud silketrøye der det både på ryggen og brystet var sydd ei løve av gul silke. Skjoldet var også raudt med ei
gulmala løve på. Kongeætta brukte denne løva som merke, og i 1280 eller like etter utstyrte Erik Magnusson løva med Olav den heilage si martyrøks. Sia vart dette merket til den norske kongen, og samstundes Noreg, sitt riksvåpen. Løva til Magnus Berrføtt hadde altså ikkje noka øks i framlabbane, men likevel vart riksvåpenet ofte omtala som «Magnus Berrføtts merke». I minneordet over Helge Væringsåsen i Norsk Ungdom nr. 18/1917 blir avdukinga av Wergelandsstatuen i Studenterlunden 17. mai 1881 dregen fram. Bjørnstjerne Bjørnson sto og tenkte på talen, heiter det i minneordet. «Daa kom bondetoget», Væringsåsen med sambygdingane sine, under Magnus Berrføtts merke, dei gamle norske fargane, raudt og gult. Det gjekk som ei sitring gjennom folkehavet. Daa kunde B.B. tala». Noregs Ungdomslag tok desse fargane som sine, og dei finn vi også igjen i nokre faner. Den svært aktive skrivaren, som generalsekretæren heitte den gongen, Edvard Os, fekk i 1915 prenta ein standardplakat for ungdomslaga i desse «riksfargane», som han kallar dei. Han meinte dei handskrivne plakatane ungdomslaga brukte, drukna mellom «plakatar frå Frelsesarme, kinematograf eller andre hallelujatilstellingar i bygdi. Desse plakatane var dessutan haldne i fargar so dei reint er brannfarlege for trevyrket».
FANER I DEN FRILYNDTE UNGDOMSRØRSLA
Plakaten Os hadde fått laga, hadde derimot ein heilt annan kvalitet: «Naar dette skjemaet med desse fargane, dei gamle heiderfulle norske fargane, hev vorte innarbeidt vil alle som ser desse litane lysa mot seg tenkja: No skal ungdomslaget ha møte att. Tru kvad dei skal ha fyre seg? Og so gjeng dei inn aat og les lysingi». Noregs Ungdomslag sitt banner - «NU-pila» i gult på raud botn - blei teikna av Carsten Lien i 1934. Pila finn vi også på NU sitt flagg, på laget sin logo og på svært mange andre ungdomslagsfaner rundt om i landet, enten som hovudmotiv eller som «ekstrainnslag».
i tredje strofa av «Der ligger et land mot den evige sne». Og bautastein har også vore eit ynda nasjonalt symbol når laget skulle velje motiv på fana. Bautaen vart gjerne kombinert med andre nasjonale symbol som flagg, og Nora, personifiseringa av Noreg, kledd i «nationaldragt». Denne drakta var gjerne ein stilisert hardingbunad, den drakten som i førstninga vart rekna som nasjonaldrakt. Seinare vakna den kulturelle lokalpatriotismen. Ivrige kvinner, særleg dei som var tilknytte husflidslag, tok til å leite etter og registrere gamle klesplagg. Ut frå desse konstruerte dei så bunader for ulike distrikt.
DET REINE FLAGGET Det norske flagget går igjen på mange faner. Det er ikkje så rart i ein ung nasjon, men vi skal også hugse på at det alt frå første stund var turbulens omkring flagget. Ulike begrensingar i bruken av flagg utan unionsmerket førte til protestar og demonstrativ bruk av flagget. Dette gjorde at det vart skikkeleg forankra i folket. Det norske flagget som vi bruker i dag, vart vedtatt av Odelstinget 11. mai 1821 og av Lagtinget 16. mai. Nokre av ungdomslagsfanene ser ut som eit norsk flagg, berre at det er ein gul kross i staden for den blå-kvite. Dette botnar i ei forestilling om at det gamle norske flagget, eller kongebanneret, såg slik ut.
VARDEVAKT
«DEN ASKEGRÅ BAUTA» «Vi sprang ned til fjorden, vi stirrede mot Den askegraa bauta, hvor gammel den stod; Hun stod der end eldre, sa ingen ting! Men stensatte hauger lå rundt i ring», skriv Bjørnson
Avslutningsseremonien på landsstemna til Noregs Ungdomslag hadde i mange år eit innslag der Landsringen dansa Vardevakt. Landsringen var sett saman av eit par frå kvart av fylkeslaga i NU, og Vardevakt var det kjende diktet Varde av Per Sivle til melodi av Olav Sande. Det vart dansa stordans til denne songen i 1930-åra. Men danseleiaren i Flekke-
fjord Mållag, Odd Bakken, laga eit sluttbrigde der gutane gjekk inn i ringen og laga «varde», mens jentene låg på kne utanfor. Under krigen laga så Klara Semb ein ny versjon, også med «varde» til slutt. I festskriftet til Klara Semb, Ho tok oss med (Hauge 1981), gjengir forfattaren Knut Hauge det Klara Semb hadde fortalt han om skapingssoga til dansen. Den kom til henne i draume ei natt i 1942. Klara var då oppe i Vestre Slidre og hadde kurs. Ho sto opp, og på det kalde hotellrommet prøvde ho dansen framføre spegelen, steg for steg. «Det vart ein stridsdans og kampsong for den løynde fridomsviljen i landet, for den aukande fronten mot terrorveldet og nazismen», skriv Hauge. I diktet skildrar Sivle korleis mannfolka tok på seg herklede og våpen og drog til samlingsstaden når varden «lyste på høge nut». I siste verset heiter det:
Og gjev det aldri må verta sagt; At landet ligg utan vardevakt. Og lågar kje varden på tind og nut, Han lågar i hjarta hjå Noregs gut. Ja, brenn du varde, du signade klåre, Bjartare, høgre for kvart eit året. Varden vart brukt som symbol på fleire ungdomslagsfaner også lenge før krigen, enten på framsida eller baksida. Ofte står nokre ord frå Sivle sin song under. Men Klara Semb sin kulturelle innsats under krigen gjer at vi kan sjå på ein del ungdomslagsfaner med nye augo.
KVEN VEIT 2017? 21
FANER I DEN FRILYNDTE UNGDOMSRØRSLA
FAKKELEN Fakkelen er eit symbol på opplysning og vegvising, og ungdomslaga var ofte «faklar» i bygdesamfunna. Dei førte nye tankar til lokalsamfunnet og spreidde kunnskap og ferdigheiter gjennom mange kurs, både praktiske og teoretiske. Og dei arrangerte foredragskveldar der ferdatalarar tok for seg eit vidt spekter av emne. Fakkelen på banneret til Nakkerud Ungdomslag på Ringerike symboliserer også at medlemmane skal vere fakkelberarar for laget, står det på registreringsskjemaet. Og det er ikkje berre ungdomslaga som har brukt fakkelen. Du finn han også på faner og banner til andre organisasjonar, ikkje minst innan arbeidarrørsla.
LIVSTREET Omtalen av treet som symbol fyller nesten to sider i Symbolleksikon (Biedermann1992), og det har lita meining å gjengi alt her. Men vi kan slå fast at treet har vore brukt som symbol frå dei eldste tider og i mange kulturar. J. Ursin skriv i boka Kristne symboler (Ursin 1975) at livstreet er «et eldgammelt assyrisk symbol som nok henger sammen med dyrkelsen av hellige trær». Han fortel vidare at dette symbolet er funne i tårnet på Nidarosdomen som relieff på ein stein som skal vere henta frå ei endå eldre kyrkje. I mange gamle kulturar vart eit bestemt tre, eller ein heil lund, halden heilag som bustad for gudar eller ånder. Treet vart også mange stader sett på som verdsaksen som heile kosmos samla seg rundt. Som døme på dette kan vi nemne treet Yggdrasil i den norrøne mytologien. I kristen ikonografi (biletlære) er treet symbol for livet skapt av Gud. Dei årsendringane treet går gjennom, står for liv, død og oppstode. Og symbolet på livet, det unge livet med røtene godt festa i jorda – fedrelandets jord – er vel tanken som ligg attom bruken av tre som motiv p. ein del ungdomslagsfaner. Kanskje anar vi også ein slektskap med tuntreet, som var eit samlande symbol p. ein gard. Eit tuntre vart (og blir?) vel ikkje planta berre for å vere til pynt?
LOKALPATRIOTISME Det nasjonale spela ei stor rolle i det frilyndte ungdomsarbeidet dei første åra, i alle fall som symbolsak. Men parallelt med det nasjonale finn vi sterke uttrykk for lokalpatriotisme. Mange faner, og ikkje minst sceneteppe på ungdomshusa, hadde – og har framleis – lokale landskap som motiv. Vi finn også lokale båttypar og bunader, det siste gjerne kopla saman med folkedans, på fanene. Motive på fana kan og peike på ein viktig lokal næringsveg. Slik som til dømes Neadal Ungdomssamban som har kvernsteinproduksjon som fanemotiv.
AKTIVITETAR Uttrykka for det idealistiske er borte frå mange av dei nyare fanene. I dag gjeld det å vise «kva vi driv på med», og her har folkedansen og bunadene vore ei kjærkommen kjelde å ause av. Symbolet for teater, dei to maskene, har vi berre funne på nokre få faner, trass i at amatørteater har vore, og er, ein like utbreidd aktivitet som folkedans.
Utdrag frå Faner i den frilyndte ungdomslagsrørsla, Asbjørn Thomassen
22 KVEN VEIT 2017?
NOTATAR POENG Lag: Runde 1: Runde 2: Runde 3: SUM:
??
?
KVEN VEIT 2017? 23
LESEPLAN JUNIOR:
LESEPLAN SENIOR:
Runde 1: Dei første frilyndte laga, side 5 Runde 2: Folkepedia, side 15 Runde 3: Vinter, men snart sommarleir!, side 18 og 19
Runde 1: Det frilyndte organisasjonsarbeidet, side 6 -8 Dei frilyndte folkehøgskulane, side 16 - 17 Runde 2: Dei frilyndte samlingsplassane, side 9 - 13 Runde 3: Faner i den frilyndte ungdomslagsrørsla, side 20 - 22
REGLAR FOR KVEN VEIT? I denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål. Det kan og kome spørsmål om Noregs Ungdomslag.
ALDERSGRUPPER Junior Kven Veit? er for deltakarar under 14 år (øvre aldersgrense er 8. klasse) og Kven Veit? senior er for deltakarar over 14 år.
LOKAL TEVLINGSLEIAR • • •
Kvart ungdomslag/skule som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt. Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt studiemateriell frå Kven Veit-sekretariatet. Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal returnere dommarskjema til Kven Veit-sekretariatet dagen etter at tevlinga er gjennomført lokalt.
EIN DOMMAR • • • •
Laget/skulen oppnemner minst ein konkurransedommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane. Dommaren skal passe på at tevlingsleiaren opnar rett konvolutt, med spørsmål. Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema. Det kan vere forskjellige dommar til kvar runde.
TEVLINGSGRUPPER • Kvart deltakarlag kan stille med fleire grupper, men gruppene bør helst ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga.
•
Gruppene i Kven Veit? senior kan ha inntil 5 deltakarar. I Junior Kven Veit? kan laget ha inntil 7 deltakarar i tevlingsgruppene. Junior Kven Veit? er tilpassa alderssamansette grupper.
TEVLINGSRUNDANE Tevlingsrundane gjennomførast lokalt av ungdomslaget/skulen i veke 8, 11 og 14 (ikkje ein bestemt dag). Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med deltakarane før spørjerundane tek til. Han/ho må og passe på at alle gruppene har nok kladdepapir. Kvar gruppe skal få utdelt svarsetlar og eit svarark. Dei skriv gruppenamn- og nummer på kvar setel og svarark. Tevlingsleiaren les spørsmåla i kategorien høgt. Gruppene får to minutt til å svare, om ikkje anna er nemnt på spørsmålsarket. Straks tida er ute, skal svarsetlane samlast inn og leverast dommarane. Deretter kan ein la gruppene svare munnleg på spørsmåla. Det er ikkje tillate å bruke hjelpemiddel i spørjerundane. Dersom ein ynskjer kan ein gjennomføre tevlinga ved at gruppene skriv svara rett på svararka og at ein leser opp svara når alle kategoriar er gjennomført. Tevlingsleiaren avgjer om han/ho vil vente med å lese neste spørsmål til dommaren har kunngjort poengtala for svaret, men rutinane bør vere like gjennom heile tevlingsrunden. Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark som samlar alle svara frå runda. Dommaren må sjekke at svararket stemmer med svarsetlane. Dommaren skal saman med
tevlingsleiaren skrive under på dommarskjemaet og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane.
INNSENDING AV SVAR OG POENG Dommarskjema, svararket og svarsetlane frå kvar kategori frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet dagen etter kvar runde. Dette for å sjekke at svarsetlane, svarark og dommarskjema samsvarar. Dersom ein ynskjer kan svarsetlane, svarark og dommarskjema scannast og sendast på e-post til husetibygda@ungdomslag.no
PROTESTAR Evt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara. Resultat etter kvar tevlingsrunde vert presentert på www.ungdomslag. no/kvenveit . Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlingsrundar vert kåra som vinnar.
TILSKOT TIL STUDIERING Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 8 timar, og kurset blir godkjent når minst tre av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.