Issuu on Google+

BLIX

V책rHerre snakker ikke dansk i Gildesk책l!


kjære publikum! Velkommen til vår feiring av Elias Blix, ein av Noregs største salmediktarar. For 175 år sidan vart Elias Blix fødd i Gildeskål i Nordland, ein mann som skulle prege utviklinga av det norske samfunnet på så mange vis, og det markerer vi med denne konsertframsyninga! Elias Blix er ein av Noregs største salmediktarar, og er den salmediktaren som har flest salmar i Norsk Salmebok frå 1984. Ei stor utvikling, all den tid vi veit at det for hundre år sidan var ei avrøysting i Gildeskål med klart fleirtal mot å ta Blix sine salmar i bruk i kyrkjene i soknet. Han sette sitt preg på 1800-talet også på andre vis, som teolog, vitskapsmann, professor i hebraisk, bibelomsetjar og politikar. Her vert du kjend med personen Blix gjennom dottera Marie, spela av Ingvild Holthe Bygdnes frå Nordland Teater. Ho fortel om sin far, etter manus av Stig Bang. Salmeskatten etter Blix har fått nytt uttrykk av sambygdingen Håvard Lund. Han har boltra seg med tonane til ein norsk og ein indisk folkesongar, ein pakistansk perkusjonist, kjend for sitt tabla-spel, ein pakistansk fløytist og sist men ikkje minst: MiNensemblet frå Landsdels- musikarane i Nord-Noreg.

God fornøyelse!

Reidar Sørensen Teatersjef Nordland Teater

Elisabeth Storjord Dagleg leiar Musikk i Nordland

Jai

Rikskonse Sh anka r Foto:

rtene

Unni Lø vlid Fo

to: Geir Do


okken

Foto: Det Norske Samlaget

Frå småsei og lever til fasan og champagne Elias Blix var kanskje ikkje noko festfyrverkeri. Han var ein stillfarande mann som Se og Hør ikkje ville ha spandert forsideplass på. Likevel var han ein mann som sette sitt tydelege stempel på nokre av dei viktigaste sakene i Noreg på slutten av attenhundretalet. Hundre år før ordet ”klassereise” vart eit omgrep, hadde Elias Blix alt gjort det: Ein farlaus gutt frå Gildeskål vart lærar, teolog og professor, og som statsråd satt han ved kongen sitt bord, og det i ei tid då overklassen styrte i landet. Han reiste, for å seie det slik, frå småsei og lever til fasan og champagne. Men det er ikkje først og fremst statsmannen eller vitskaps- mannen Blix vi minnast, men diktaren. Salmane hans syngast i kyrkja kvar søndag den dag i dag. Det er fleire grunnar til dette, ein er at han skreiv eit språk som låg nær dialektane i utkant-Noreg. Foto: Maiken Johansen Forestillingas undertittel er då óg ”Vårherre snakker ikke dansk i Gildeskål.” Men kanskje viktigare er at han tok det bibelske og omplanta det i det kvardagslege, det norske. ”Ein båt i stormen duva” handlar om Jesus og disiplane på Genesaret sjø, men her til lands ser vi nok heller for oss iskald nordavindsrokk med brottsjøar og lumske skjær. Det er nært. Det er forståeleg. Det handlar om oss. Elias Blix la inn årene i 1902, men båten hans flyt enno godt.

Stig Bang Manus Foto: Bjørn Le

Su na nd a Sh arm

onsertene a Foto: Riksk

irvik


BliX

VårHerre snakker Ikke dansk I GILdeskåL MEd: Ingvild Holthe Bygdnes og MiNensemblet, Unni Løvlid (vokal) Sunanda Sharma (vokal) Jai Shankar (perkusjon/tabla) Akmal Quadri (fløyte) Tor Johan Bøen (fiolin) Hans-Urban Andersson (cello) Inge Rolland (fløyte) Anton Biehe (fagott) Håvard Lund (Kultur i Troms, musiker og komponist) REgI: Stig

Bang og Håvard Lund Bang ScENogRAFI: Per Rasmussen LyS: Kjell Vestermo KoSTyMER: Kari Britt Nilsen MANUS: Stig

Håvard Lund Foto: Øyvind Arvola

Turnéplan. Åpne forestillinger: 4. november: gildeskål kirke PREMIERE (Premieren er lukket og spilles for skoleelever)

5. november: gildeskål kirke 10. november: Bodø domkirke 15. november: Tromsø domkirke 16. november: Narvik kirke 17. november: Harstad kirke I tillegg er Blix innsolgt til en rekke skoler som en del av den Kulturelle Skolesekken i Nordland og Rikskonsertenes skolekonsertordning.

Takk til Anders Aschim og Handskriftsamlinga på Nasjonalbiblioteket for god hjelp.

www.nordlandteater.no


Blix