1 minute read

Viktig teneste i NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk i Ålesund har 10 faste sjåførar og 3 som kan kontaktast ved behov. Vi har møtt nokre av dei. Steinar Eikrem, Ove Arild Haram, Kåre Øygard, Axel Christensen, Lars Arve Emblem, Ståle Godø.

TEKST OG FOTO: Reidar Standal

– Kor lenge har du vore medarbeidar på NMS Gjenbruk, Ståle? 2 år.

– Kva gjorde at du tok til i NMS Gjenbruk Ålesund?

Blei pensjonist og er glad for å gjere noko som er rett.

– Korleis kan ein arbeidsdag arte seg?

Vi spør Ove, teamleiar. – Få oversikt over varer å bringe og hente. Svært varierande. Enkelte dagar er det mykje å gjere og ein del tunge løft. Ein treff mange hyggelege menneske som er takksame for både henting og bringing.

– Kva skal til for å bli medarbeidar og sjåfør i NMS gjenbruk, Ove?

For å bli sjåfør må du kunne køyre ein varebil under 3500 kg. For bli medhjelpar er det ingen spesielle eigenskapar, men for begge hjelper det med god rygg og godt humør.

– Kva motiverer deg til ein dag som frivillig i NMS?

Lars Arve er relativt ny i bransjen: Veldig hyggelege kollegaer og takknemlege og venlege kundar. Lærer stadig nye menneske å kjenne. Informerer gjerne venner og kjente om NMS Gjenbruksbutikken. Ynskjer å fortsette i NMS Gjenbruk så lenge helsa held.

– Kva oppgåver inneber det å vere sjåfør på gjenbruksbilen?

Kåre Øygard har bidratt litt ekstra her:

Bilen treng tilsyn, vedlikehald og drivstoff. Lasting og lossing på forsvarleg vis må til. Dessutan får ein ofte øvd seg som sjåfør på ulike vegar og underlag.

– Korleis fungerer gjenbruksbilen i Ålesund?

Steinar Eikrem har lang erfaring: Gjenbruksbilen til NMS i Ålesund er ein varebil med god plass og høgd i lasterommet. Ein stor fordel er å ha lift bak til mange slags varer og gods. Vi har også bereselar for tunge løft.

– Kva betyr det for deg å vere med i NMS Gjenbruk, Axel?

Å få bidra med noko positivt for andre og for verden gir meining. Det sosiale er viktig. Likar å bli kjent med folk i kvardagen. Bra å få bruke seg og ikkje berre stagnere.