1 minute read

Korleis jobbar NMS med trusfridom?

Å kjempe for forfølgde kristne er ein større del av NMS enn du kanskje visste. Kva gjer vi og kven samarbeider vi med?

MIDDLE EAST CONCERN (MEC)

MEC gir juridisk bistand, rettshjelp og vern til forfølgde i Midtausten og Nord-Afrika (MENA). Om lag 300 menneske får hjelp kvart år. MEC jobbar også med å utruste kristne i regionen gjennom kurs. Det kan til dømes handle om korleis handtere pågriping, forhøyr og fengsling. Dei kursar også advokatar i å verne trusminoritetar. I tillegg jobbar dei overordna med å avskaffe forfølging og driv mykje med lobbyverksemd.

CLAAS

Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement (CLAAS) liknar på MEC, men er berre engasjert i Pakistan. Dei jobbar for religiøs fridom og gir juridisk hjelp til 100 personar i året. CLAAS driv krisesenter og rehabiliteringssenter som husar opp mot 80 jenter kvart år. Dei besøker folk i fengsel og hjelper pårørande. I tillegg tilbyr dei yrkesutdanning for jenter og kvinner, støttar barn som har foreldre i fengsel og jobbar overordna med å stoppe misbruk av blasfemilova.

SAT-7

Den kristne TV-kanalen når 30 millionar menneske via satellitt i 25 ulike land i MENA. Målet er å gjere evangeliet tilgjengeleg for alle i dette området, spesielt for dei som er hindra frå å få høyre det. Målet er også å utruste og gi mot til kristne og tene samfunnet elles. SAT-7 sender på tre språk; farsi, tyrkisk og arabisk. Programma treff alle aldrar og skal både informere, inspirere, undervise og underhalde.

CHURCH OF PAKISTAN (COP)

NMS og COP har samarbeidd sidan 1986, mest i Peshawar bispedømme i nordvest, på grensa til Afghanistan og Talibans vogge. Ein uroleg stad med motsetnader og konfliktar. Dei seinare år har NMS støtta oppretting av eit sentralt kyrkjekontor og søndagsskule i eit anna bispedømme.

BIBELSELSKAPET I EGYPT

Målet er å gjere Bibelen tilgjengeleg for alle kyrkjer og kristne i Egypt. Bibelselskapet driv 17 butikkar i dei store byane. NMS har «adoptert» den som ligg sentralt i gamle Kairo. Innsamla midlar frå blant andre NMS får prisane ned på eit nivå folk har råd til. Det gjeld både biblar, bibeldelar, studie- og aktivitetsopplegg.

ANAFORA

På retreat- og konferansesenteret Anafora i Egypt kjem kvinner med overgrepshistorier til behandling og undervisning. Takka vere NMS-gåver kan 100 kvinner i året delta på desse samlingane. NMS støtter også ein leir for gutar frå 9-15 år. 250 gutar frå fattige familiar kjem kvar sommar. Det store senteret blir elles brukt til retreat, kurs og konferansar.

*NMS bruker den engelske forkortinga MENA om Midtausten og Nord-Afrika

This article is from: