Misjonskonsulent NMS Region Stavanger 100% (Kontaktperson for: Sunnhordland i 10%).
Tlf. 926 06 649. E-post: roarv@nms.no
Dagny Helene Ekberg: Frivillig på kontoret. Tlf. 951 03 845. E-post: dhe53@online.no
Svanhild M. V. Neteland: Regionstyreleder. Tlf. 416 27 390 E-post: svanhildneteland@gmail.com
Leirstad:
Alværa kyrkje- og misjonssenter, Lavik i Sogn mobil: 489 90 661
E-post: alvera@nms.no
Heimeside: alvera.no
Bankkonto: 3705 55 90827
Gåver med skattefrådrag: 8220.02.85057 merk: 301202
NMS HOVEDKONTOR:
Det Norske Misjonsselskap Pb. 226 Sentrum, 4001 Stavanger. Sentralbord: 51 51 61 00
Regionbladet er gratis og sendes til foreninger og alle som er interessert i å motta det. Opplag er ca. 2000.
Bladet finnes i nettversjon.
Svanhild Vadøy Neteland
Regionstyreleder
Det har vore ein lang og fin sommar, og for mange har dette vore ein god pause frå foreiningsarbeid og grupper. Vi treng kvile oss!
Men då er det ekstra fint at vi er i full gang igjen og kan starte planlegging av messer, basarar og møte. Ta gjerne kontakt med regionkontoret dersom de ynskjer besøk eller anna hjelp.
På Alværa har det ikkje vore stille i sommar. Sommarhotellet var ein suksess i år også, og gjestar frå mange land har hatt fine opplevingar på kyrkjeog misjonssenteret. God mat, triveleg vertskap og flotte turar er fine minne frå opphaldet. Neste år vert sommarhotell-sesongen utvida med ei veke.
På barneleiren var det full aktivitet. Stor takk til unge og vaksne som har vore med på å få dette til. Det blir lagt ned ein stor dugnadsinnsats for NMS både på Alværa og rundt i regionen.
På Helgatun var det Seniorhelg og fine dagar med bibel- og misjonstimar, turar og fellesskap.
NMS er stadig i endring og utvikling. No blir dette det siste nummeret av Regionbladet slik vi kjenner det. Framover vil informasjon til regionen komme som eit innstikk i Misjonstidende. Det blir nok litt uvant til å begynne med, men etter kvart finn vi ut av det. Meir info om dette andre stadar i bladet.
No blir det fint å treffast på forskjellige møteplassar for misjonen framover! Og vi kan alt no begynne å glede oss til generalforsamling og sommarfest neste sommar :)
Ha gode haustdagar og lukke til med arbeidet som de gjer for NMS!
«For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandre i dei.» (Efesarbrevet 2,10)
Generalforsamling og sommerfest 2026
«Kom, bli med!» er motto på sommerens store begivenhet i NMS. Misjonsfolk fra hele landet og gjester fra hele verden kommer til Scandic Flesland for dager med inspirasjon og for å stake ut kursen for Misjonsselskapet i årene som kommer.
Vi håper at også misjonsvenner i Bjørgvin kommer og blir med og tar aktivt del disse dagene. Programmet er i ferd med å ta form og i tillegg til forhandlinger gleder vi oss blant annet til bibeltimer, seminarer, kveldsmøter og konserter. Ikke alt er helt på plass, men fredag 26. juni drar vi inn til Bergen sentrum og inviterer til en stor konsert i Grieghallen.
Når det nærmer seg - og under selve sommerfesten - vil vi trenge at mange av dere kommer og blir med og hjelper til. Det vil vi
komme tilbake til. I årets siste Misjonstidende, som kommer i desember, vil det bli fyldig informasjon. I løpet av desember åpner også muligheten for påmelding. Kom, bli med på generalforsamling og sommerfest - på hele festen eller bare deler av den!
Fin inspirasjonssamling på
Vassenden kyrkjesenter!
Tema: Silkevegen før og no – når aust møter vest
75-årsjubileet for NMS sitt arbeid i Japan vart markert på den årlege NMS-samlinga for Sogn, Sunnfjord og Nordfjord 20. september.
Haakon Kessel, leiar i NMS Global, Japanmisjonær og prest, greidde verkeleg å inspirere, og å formidle kunnskap både om kyrkja i Japan og om NMS.
Vi fekk òg glimt frå dei andre samarbeidslanda til NMS, og om strategi og tankar framover.
Rundt 45 deltakarar frå heile Sogn og Fjordane sette tydeleg pris på det vi fekk høyre. Igjen erfarte vi at det er viktig og kjekt å møtast! - Og å dele tankar og be saman, for arbeidet vi står saman om, både lokalt og i den verdensvide samanhengen.
TEKST OG FOTO | Svanhild Ask
Bjarne B. L. Andersen
Håkon Kessel i samtale med engasjerte tilhøyrarar
Staseleg opning av minigolfbana på Alværa
TEKST OG FOTO | Jenny-Kristina Borlaug Kveane
Måndag 23. juni vart det ein litt ekstra staseleg dag på Alværa. Bygdefolk strøymde til for å sjå at sjølvaste ordføraren, Petter Sortland, opna dei nyoppussa minigolfbanene. Etter opninga var til saman over 60 menneske samla inne for å ete god mat som Jens Friis hadde grilla.
Toril Lange har jobba mangfaldige timar på Alværa Misjonssenter, og ho er eit kjent ansikt for alle som har vore innom der. Denne junimåndagen viste ho stolt fram minigolfbana til borna som hadde vore på leirdag tidlegare på dagen. Ho lærte dei godt opp på korleis ein skulle spele med riktig teknikk i minigolf. Borna fekk òg høyre korleis dei IKKJE skulle spele, for her var det viktig å ta godt vare på den nye, flotte bana.
- Grunnen til at vi valde å pusse opp golfbanene var at folk skulle ha litt fleire aktivitetar dei kunne gjere her.
Fjerne bana og finne noko anna?
Golfbana har vore på Alværa i 40 år, kunne styreleiaren i Alværaforeininga, Inngunn Sognnes, fortelje. Småbanene var veldig øydelagde og forfalne, så ho tenkte at dei burde fjernast. Men så hadde nokon fått tak i pengar og andre ville gjere dugnad. Då bestemte styret seg for å ta vekk dei banene som var heilt rotne og øydelagde, og bevare dei som var brukande. Sognnes sa at det har vore gjort ein kjempeinnsats både frå folk i styret og folk som bur i Lavik, - folk som har hatt interesse av å få det til.
Den gode idéen
Svein Olsen var ein av initiativtakarane til minigolfbana på Alværa. Han gjekk bort før jul, men den gode idéen hans levde vidare. Torunn Styve hadde møtt opp på opningsdagen, og ho kunne fortelje meir om arbeidet til Svein.
Kvifor og korleis fekk de ideen om å pusse opp minigolfbana?
- Vi hadde lyst til at Alværa skulle bli brukt litt meir av folk som bur i nærleiken, så derfor kom Svein med ideen om å samle inn pengar til golfbanene. Han sende brev til forskjellige bedrifter og enkeltpersonar, og mange ønskte å støtte prosjektet. Dette er vi utruleg takknemlege for. Vi starta på prosjektet for om lag tre år sidan. Da måla vi det første strøket, men så vart det ikkje gjort meir på grunn av at folk ikkje hadde tid og at det ikkje var fint nok ver. Det blei derfor sett på vent. Men i år har mange hjelpt til med dugnad og no er minigolfbanene ferdige.
Alværa er ei perle
Petter Sortland opna minigolfbana med å prøve nokre slag. Han fekk fem forsøk på den eine bana før to av ungane som var der fekk prøve seg også. Det skulle vise seg at ordføraren ikkje hadde teke med seg hellet på minigolfbana denne dagen. Presset frå den store folkemengda som flokka seg rundt bana vart kanskje litt for stort?
- Eg har ikkje spelt så mykje minigolf før. Det er sikkert fleire tiår sidan sist eg gjorde det. Det er mykje vanskelegare en det ser ut som, ein må liksom treffe riktig.
Sortland heldt likevel motet oppe, og heia på dei unge som fekk prøve seg etterpå.
Petter Sortland starta talen sin med å takke for invitasjonen til opninga av minigolfbana. Han sa at han var stolt over å få vere med på opninga - på denne idylliske leirstaden mellom fjord, skog og fjell langs Sognefjorden. Publikum nikka då han presiserte at vi hadde naturen tett på, og at staden gav gode mogelegheiter for rekreasjon. Ordføraren takka på vegner av Høyanger kommune for at Alværa Misjonssenter stadig fornya seg. Han sa at dette gjorde at Misjonssenteret framstod som attraktivt for både innbyggjarar og tilreisande.
Fire av dei første barna som fekk prøve bana:
Samuel Àngel Zimmermann Espeseth (10)
- Eg spelte minigolf ein gong vi var i Bergen, og det syntest eg var veldig kjekt. Det var også gøy når vi spelte det her på Alværa. Eg likar å vere på Alværa, og så likar eg at vi gjer mykje forskjellig både med folk som bur i Lavik og dei som bur på andre stadar. Eg trur at eg har vore på leir meir enn 10 gongar.
Jon Henrik Friis (7)
- Eg har spelt litt minigolf her før, og eg var den første som fekk teste dei nye banene her på Alværa. No når dei har fått nye baner kjem eg til å spele mykje på dei, spesielt den eine bana som har ein hump med hol på toppen.
Guro Alise Sande Sørestrand (7)
- Eg har spelt minigolf eit par gongar, og eg trur det var i Ål, Bergen og Førde. Det er veldig kjekt, men litt slitsamt og.
Jenny Bosdal Søreide (6)
- Det er ikkje første gongen eg har spelt minigolf, men det har vore veldig kjekt. Eg vil gjerne spele fleire gongar.
Seniorhelg på Helgatun
TEKST & FOTO | Alvhild Vassel Eide
Siste helga i august arrangerte Region Bjørgvin ei vellukka Seniorhelg, i år som så mange gonger før. Fredag slo regnet i bakken, men laurdag då vi besøkte det innhaldsrike museet på Voss, Mølstertunet, var det finver. Det var det også søndag då vi etter gudstenesta tradisjonen tru gjekk rundt i nærområdet på Helgatun samtidig som vi løyste ulike oppgåver og fekk trigga konkurranseinstinktet.
Arild M. Bakke, leiar i NMS Global med ansvar for Aust-Afrika, heldt to interessante bibeltimar og misjonstime med tittelen «Misjonsspor etter Hans Nielsen Hauge». Arild kjem i haust med ei bok om Hans Nielsen Hauge, og han gav oss gode og interessante innblikk frå den. På misjonsfesten laurdag gav han oss oppmuntrande «Glimt fra hurtigvoksende kirker», til glede og inspirasjon.
Vi er heldige som har ein prest i komiteen som kan ta ansvar for både tale og liturgi på gudstenesta, Knut Fredrik Sørheim.
Helgatun stilte som alltid med gode rom, velsmakande og rikeleg mat og hyggeleg betening.
Helgatun er bestilt til siste helga i august i 2026!
Kaffipause i Mølstertunet
hva skjer . . .
I REGION BJØRGVIN
Kalender
OKTOBER
25. Lørdagsgrøt i Bergen
25. Misjonsbasar i Os
26. Misjonsmøte i Bergen
NOVEMBER
1. Misjonsmesse i Knarvik
1. Misjonsmesse på Nordfjordeid
8. Misjonsmesse i Bergen
8. Inspirasjons- og messedag i Førde
15. Lørdagsgrøt i Bergen
23. Misjonsgudstjeneste i Mariakirken, Bergen
DESEMBER
5. Adventsfest på Alværa
9. Adventsmøte i Os
13. Lørdagsgrøt i Bergen
Regionkontoret
Vi på regionkontoret synes det er kjekt når noen stikker innom. Det er fint å treffes og prate over en kopp kaffe. Kontoret er samlokalisert med gjenbruksbutikken i Dreggsallmenningen 20, vis-a-vis Mariakirken. Inngangen til kontoret er gjennom gjenbruksbutikken.
Besøkstid er tirsdag og torsdag mellom kl.10.30 og 14.00.
Velkommen innom!
JANUAR
6. Helligtrekongersfest i Bergen
10. Kyrkje- og misjonsdag på Alværa
10. Årsmøte i Ytre Sogn
20. Frivilligfest og samling for menighet og misjon i Bergen
FEBRUAR
2. Kyndelsmessefest og årsmøte i Sogndal
MARS
7.-8. Mariahelg på Alværa
8. Årsmøte i Nordhordland
APRIL
9. Årsmøte i Sunnfjord
12. Årsmøte i Nordfjord
12. Årsmøte i Sunnhordland
Regionbladet
Dette er siste nummer av «NMS Region Bjørgvin» i noverande format. Frå 2026 vert det redusert til eit følgeskriv til MT tre gonger i året. Den plassen vil me bruka til å annonsera komande arrangement, det som de finn på midtsidene i bladet de no les i. Det me mister er bilde og små rapportar frå arrangement som har vore. Men send gjerne inn dette fortløpande, så legg me det på nettsida, nms.no/bjorgvin og Facebook til inspirasjon og glede for mange. Me i redaksjonen er lei oss for denne omlegginga, men forstår at kostnadene ved å senda ut eige blad er for høg.
Årsmøte 2026
Sunnhordland
12. april i Etne kyrkje og bedehus
Bergen, Midt- og Vesthordland i løpet av mars
Nordhordland 8. mars
Indre Sogn
Årsmøte og Kyndelsmessefest 2. februar på Stedjetunet i Sogndal. Svanhild Ask blir med som talar og har fokus på Japan. Dalklang syng.
Ytre Sogn
10. januar på Alværa (etter Kyrkjeog misjonsdag)
Sunnfjord
Torsdag 9. april kl. 17-20 i Kyrkjelydshuset i Naustdal
Nordfjord
Søndag 12. april i Sandane
Adventsmøte i Os
Sted: Tunet Kyrkje- og kultursenter
Tid: Tirsdag 9. desember kl. 19
Andakt v/Landy Bakke. Vi serverer risgrøt, det blir quiz og det blir kake- og dessertbord.
Bergen, Midt- og Vesthordland
Frivilligfest og samling for Menighet og Misjon
Sted: Sædalen kirke, Sædalssvingene 5, Bergen
Tid: 20. januar 2026 kl. 18.30-21.00
Kjersti Gautestad Norheim blir med. Tema: Kirkens globale oppdrag ut fra kirkemøtevedtak i 2021.
Bevertning
Arr: Bergen, Midt- og Vesthordland områdeutvalg
Lørdagsgrøt i Bergen
Sted: Mariastuene, Øvre Dreggsallmenningen 20
Datoer: 25. oktober, 15. november og 13. desember
Tid: kl. 13.00 - 14.30
Andakt og sang. Salg av grøt, kaffe og vafler. Lynlotteri til inntekt for misjonsarbeidet i Mali.
Arrangør: NMS i samarbeid med Bergen Domkirke menighet
Du kan holde deg nærmere orientert ang. eventuelle endringer eller oppdateringer på arrangementsinformasjon via nms.no/bjorgvin eller på NMS Region Bjørgvin på Facebook
Det skjer på Alværa
Adventsfesten
Fredag 5. desember inviterer Alværa til adventsfest med julemiddag, litt program, kaffi og kakebord, åresal og prat. Det vert servert gløgg frå kl. 17. Middagen er kl. 18. Høve til overnatting til laurdag. Påmelding til Alværa – mobil 48 99 06 61 eller e-post: alveram@nms.no
Kyrkje- og misjonsdag 2026
Laurdag 10. januar vert det invitert til samling på Alværa kyrkje- og misjonssenter. Det har vore ein god tradisjon å starte året med ein temadag til inspirasjon for kyrkjelydane. Vi byrjar programmet kl. 10.30 etter at dei som ynskjer det har fått kaffi med noko attåt. I år er det pilegrimsvandring som er tema. Dei seinare åra har historiske ferdselsårer i heile Europa blitt tekne meir i bruk igjen. Her i området har vi regionalt pilegrimssenter på Selje. Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Kinn kyrkje, Svanøy Hovedgård og Selja Kloster er nøkkelstader langs kystpilegrimsleia. Også elles i kyrkjelydane våre har det vore invitert til korte og lengre vandringar, og fleire gjev uttrykk for at det har vore til inspirasjon. Kystpilegrimsprest Einar Vegge har sagt ja til å vere med oss denne dagen og dele av si lange erfaring. Det blir som vanleg mykje song og musikk frå ulike tradisjonar. Temaopplegget blir avslutta med gudsteneste kl. 14.30. Om ettermiddagen blir det servert kaffi med mykje godt til, og ein kan delta på årsmøte for NMS, Ytre Sogn område. På grunn av måltida er det påmelding til Alværa tlf. 48990661. Vel møtt frå både Hordaland og Sogn og Fjordane til ein dag med eit spennande tema!
Områdeutvalet for NMS Ytre Sogn
Mariahelg
Laurdag 7. – søndag 8. mars
Alværastemnet 2026
Søndag 31. mai er det stemne med gudsteneste, middag, ettermiddagssamling og årsmøte for Alværaforeininga. I samband med stemnet i vår var det dugnad dagen før. Det vil vi også ha denne gongen, så laurdag 30. mai vert det dugnad.
Bergen fellesforening
Misjonsmøte
Sted: NLA, Amalie Skramsvei 3
Tid: Søndag 26. oktober kl. 18.30
Bibeltime ved Tor Dag Kjosavik. Tema: Jesaja 55
Misjonsgudstjeneste
Sted: Mariakirken
Tid: Søndag 23. november kl. 18.00
Gudstjeneste. Taler: Landy Bakke.
Sang: representanter fra Den gassiske menigheten i Bergen. Kollekt til NMS sitt arbeid i Mali.
Kirkekaffe i Mariastuene. Arild Bakke forteller om Hans Nielsen Hauge og hans misjonstilknytning.
Arr.: Bergen fellesforening og Bergen domkirke menighet
Helligtrekongersfest
Sted: Slettebakken kirke, Vilhelm Bjerknes vei 31
Tid: Tirsdag 6. januar 2026 kl.18.00
Festtale ved sokneprest Arve Hansen Haugland.
Sang ved Slettebakken Motettkor, dirigent Kåre Rivenes.
Misjonsoffer.
Bevertning: smørbrød og kaker, kaffe/te.
Juletregang.
Påmelding innen 2. januar. SMS til Margot Hodne, mobil 991 52 072. Pris 300 kr - til Vipps 808 102 eller konto 0532 13 39605
hva skjer . . . i REGION BJØRGVIN
Misjonsmesser/-basarar
Misjonsmesse i Knarvik
Stad: Knarvik kyrkje
Tid: laurdag 1. november
Messa startar med familiemøte kl. 11. Helle Kartveit vert med og deler misjonsglimt og misjonsglede.
Sang av barnekoret Ostereidet Soul Children.
Etter møtet opnar salsboder, kafeteria og aktivitetar for barn.
Åresal og trekning av loddbøker.
Ta med deg venner og familie og bli med!
Arr.: NMS Nordhordland v/ messekomite og områdeutval
Misjonsbasar i Nordfjord
Stad: Betania, Nordfjordeid
Tid: laurdag 1. november kl. 11-15
Misjonsinformasjon, musikk, kafe og åresal.
Norsk saueskinn, dobbelt vaffeljern, kasserolle, barnebibel og ei rekke andre gevinstar vert lodda ut på bok. Loddbøkene sirkulerer på førehand mellom NMS-foreiningane i heile Nordfjord.
Velkommen til misjonsbasar i Betania - og til litt julehandel på NMS Gjenbruk eit par kvartal unna.
Misjonsbasar i Os
Stad: Tunet Kyrkje- og kultursenter
Tid: lørdag 25. oktober kl. 16
Vi åpner dørene kl. 15.15; da blir det salg av lynlotteri og lodd på bok.
Basaren starter kl. 16. Sang av Join Us og andakt v/ Anette-Emilie Gangstø. Kaffeservering og kaker, åresalg og trekning av loddbøker.
Inspirasjonsdag & Messedag for NMS Sunnfjord
Stad: Førde kyrkjetun
Tid: laurdag 8.november kl. 12-17 (Merk dato - ei veke seinare enn det ofte har vore)
12.00 Opning av messa
13.00 “Syng i lag” for dei minste. Forteljing
15.00 Inspirasjon med sofaprat
Prosjektleiar for barn og unge, Johanne Thingnes Leira, og kateket Heidi Voltersvik
Styve deler inntrykk frå NMSU sin ungdomskonferanse «Followme».
NMS – verdsvid organisasjon - blikk utover.
Fellessong. Pause med Åresal.
Open kafé heile dagen med gode saker, salt og søtt. Grauten har fått svært godt rykte på seg! Åresal, lykkehjul og sal av heimelaga varer.
Dagen skal inspirere til innsats for NMS og kyrkja sitt vidstrakte arbeid i heile verda.
Har du lyst å bidra med varer eller som frivillig?
Ta kontakt med underteikna.
Vel møtt til inspirerande dag i november!
For messekomitéen: Rigmor Frøyen (Tlf. 489 57 436)
Misjonsmesse i Bergen
Stad: Betlehem, Vestre Murallmenningen 15
Tid: laurdag 8. november kl. 11-15
Det vert misjonsmesse på tradisjonelt vis med åresal, lynlotteri, lykkehjul for borna og trekking av hovudlotteri. Sal av strikkevarer og anna handarbeid, syltetøy og mykje godt frå Hardanger, julekaker og anna smakfullt. Kafeteria med kaker og påsmurt.
Kl. 12.30: Song, andakt ved Bjarne B. L. Andersen og misjonsinformasjon. Deretter opnar salet av den populære suppa.
Velkommen!
NMS Gjenbruk Sotra
Slutten av 2024 og byrjinga av 2025 var ein litt trasig periode for oss i NMS Gjenbruk Sotra. Vegar rundt oss var under arbeid og gjorde tilkomsten til butikken dårleg både til fots og i bil. I tillegg vart butikklokalet vårt renovert i halve januar og halve februar.
Men no går alt så mykje betre! Renoveringa av lokala var ein suksess og vi gleder oss over lyse og oversiktlege lokale som vi får mykje skryt for hjå kundane. Arbeidet vårt vert også lettare og trivelegare. Vegane er på det næraste heilt ferdigstilte og vi kan gleda oss over ei fin miljøgate med breie fortau som også skal få tre i allé.
Vi er takksame for alle dei flotte varene vi får av alle slag. Og vi sel mykje; klede er ein bestseljar, men vi har også god avsetnad på bøker, ting og tang og leiker. No ser vi fram til å snart byrja å ta fram alle julevarene som vi har samla gjennom heile året.
Den årlege medarbeidarfesten har nyleg gått av stabelen, og litt tidlegare drog vi på Blåtur i nærområdet ein vakker søndag ettermiddag. Både tur og fest sveisar oss saman som medarbeidarar!
Laurdag 28. september var Frivilligdag på Sartor Senter, naboen vår. Vi ville også markera Frivilligdagen, og gjorde det ved at Turid steikte lappar utanfor - og baud alle kundane kaffi og nysteikte lappar med syltetøy. Populært! Veret var strålande, sol frå klar himmel og ca. 20 grader!
TEKST & FOTO | Alvhild Vassel Eide
Turid steiker lappar til kundane i solveggen på Frivilligdagen
To av medarbeidarane ved bildeveggen: Trude (t.v.) og Wenche (t.h.)
Den rikhaldige klesavdelinga
Denne dagen er Åshild og Trude kassabetening.
Region Bjørgvin
Siste nytt
Kjære NMSUere,
Høsten er virkelig i gang! �� Vi startet semesteret med Sommerleir 11 til 13 august og Høstleir 6. til 8. oktober på Alværa ��
Vi har allerede begynt med planleggingen av kommende leirer.�� �� Sjekk ut leirtilbudene og meld deg på!
Vi gleder oss til å se deg!��
Hjertelig takk til alle frivillige som engasjerer seg for å gjøre leirarbeidet mulig! ��
Vi setter stor pris på at dere er med på å gi barn og unge muligheten til å dele tro, tid, ting og talent. Dette er utrolig verdif ullt! ��
�� Har du lyst til å være med på noe av alt det vi driver med? Ta gjerne kontakt! Informasjon finner du på nettsidene våre, og sosiale medier finner du nederst på neste side ��
Hilsen fra oss i NMSU region Bjørgvin!
Ucamp
Leirer for barn og unge
Leirer Vår 2026 på
Alværa
Lederhelg
Leirledere/ 9.-11. januar
Vinterleir
2.-7. klasse / 6. - 8. februar
Familieleir
For alle aldre / 5. -7. juni
Sommerleir
2.-7. klasse / 10.-12. august
Agentleir
2.-7. klasse / 5.-7. oktober
Bli gjerne med og del med andre! Påmelding: nmsu no/bjorgvin
Bli med på leir!!!
Region Bjørgvin
Hva skjer i NMSU
SÅ – en givertjeneste for familier
N å r ko l l e k t e n f o r e g å r p å V i p p s , ka n d e t
væ r e v a n s ke l i g f o r b a r n å få e t b i l d e av hv a
d e t v i l s i å g i . « S Å f o r fa m i l i e r » h a n d l e r
b l a n t a n n e t o m å l æ r e v i k t i g h e t e n av å
d e l e o g s ka p e e n g a s j e m e n t f o r t r o o g m i s j o n
S Å f o r fa m i l i e r e r e n ny g i ve r t j e n e s t e
u t v i k l e t i s a m a r b e i d m e l l o m N M S o g
N M S U . G j e n n o m m å n e d l i g s t ø t t e b i d ra r
fa m i l i e r t i l b a r n e - o g fa m i l i e a r b e i d i N M S
s i n e s a m a r b e i d s l a n d – s a m t i d i g s o m d e få r
i n s p i ra s j o n t i l t r o , m i s j o n o g g l o b a l t
e n g a s j e m e n t h j e m m e .
To g a n g e r i å r e t få r g i ve r fa m i l i e r t i l s e n d t e n p a k ke m e d a k t i v i t e t s h e f t e ,
k l i s t r e m e r ke r o g s a m t a l e t i p s k ny t t e t t i l e t t av l a n d e n e N M S s a m a r b e i d e r m e d
M a t e r i e l l e t e r l a g e t m e d t a n ke p å b a r n i b a r n e s ko l e a l d e r , m e n ka n o g s å e n g a s j e r e
b å d e y n g r e o g e l d r e b a r n . M a n ka n o g s å b l i g i ve r o g t a k ke n e i t i l m a t e r i e l l - p a k ke r ,
o m m a n i k ke ø n s ke r å få d i s s e t i l s e n d t .
S Å f o r fa m i l i e r e r e n i nv i t a s j o n t i l h e l e fa m i l i e n o m å e n g a s j e r e s e g i m i s j o n o g d e t
g l o b a l e f e l l e s s ka p e t H e r l e g g e s d e t t i l r e t t e f o r g o d e s a m t a l e r , l æ r i n g , a k t i v i t e t e r
o g b ø n n s a m m e n s o m fa m i l i e . Ve d å g i t i l S Å f o r fa m i l i e r s t ø t t e r d e r e b a r n e - o g
fa m i l i e a r b e i d i f l e r e av N M S s i n e s a m a r b e i d s l a n d .
I S Å f o r fa m i l i e r d e l e r b a r n m e d b a r n :
V i l æ r e r hvo r f o r d e t e r v i k t i g å d e l e p e n g e n e v å r e .
V i b e r f o r b a r n o g p r o s j e k t e r i a n d r e l a n d .
V i u t f o r s ke r u l i ke l a n d o g l æ r e r o m m e n n e s ke n e s o m b o r d e r
V i få r h ø r e s p e n n e n d e o g i n s p i r e r e n d e h i s t o r i e r .
V i s å r o g G u d g i r ve k s t .
L e s m e r h e r : B l i fa s t g i ve r e l l e r g i e n g ave h e r :
Vil du vite mer om alt som skjer i NMSU Stavanger? nmsu.no
«Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.» (Jesaja 43,19)
Saman takkar og ber vi for: dei frivillige og dei tilsette i regionen
• gjenbruksbutikkane - for styra og alle dei frivillige
• misjonsmøte og basarar
• Alværa - for styre, foreining, arbeidarar, arrangement og deltakarar - og for sommarhotellet med vertsfolk og gjester
• arbeidet med born, unge og unge vaksne i regionen vår foreiningar og grupper i NMS og NMSU
• det gode samarbeidet med mange kyrkjelydar og engasjementet for misjon
• Frode Brügger Sætre og tenesta hans, og for dei kristne fulaniane i Mali, Guinea og Elfenbeinskysten
• alle som er med i bøn og gjevarteneste
• arbeidet med å førebu GF og sommarfest i Bergen (bøn formulert av Bønekomiteen for GF –2026):
Kjære himmelske Far!
Vi ber for generalforsamling og sommarfest i 2026, for hovudkomitéen og underkomitéar som er i gang med førebuingar.
Gje dei visdom og styrke, og rydd hindringar bort. Styr arbeidet etter din vilje. Velsign den enkelte komitémedlem, og utrust dei til oppgåvene.
Takk for retten til å vere dine barn og få vere med i arbeid for ditt rike.
I Jesu namn, amen.
Utsnitt av altarbildet på Alværa. Foto: Målfrid Sandvik
Underleg fjelltur andakt
Peter, Jakob og Johannes fekk ei sterk oppleving på Taborfjellet - dit Jesus hadde teke dei med. Der fekk dei oppleva at Gud sjølv, frå den lysande skya, proklamerte kven denne Jesus var, han som læresveinane hadde fylgt i nesten tre år.
Gud stadfesta på ein svært spesiell måte både sitt farskap og sin kjærleik til sonen, og han oppmoda dei som var saman med han til å lytta til denne sonen sin.
«Dette er son min, han som eg elskar. Høyr han!», var Guds tydelege bodskap frå skya.
Ei underleg oppleving for vanlege menneske!
Det måtte vera overveldande, og Peter visste ikkje anna å seia enn at han ville byggja kvar si hytte til dei på der på Tabor - ei til Jesus, ei til Moses og ei til Elia.
Vi skjønar godt at dette vart overveldande for desse tre læresveinane som var med Jesus på fjellet. At dei så - etter alt hadde
Kari Skår Sørheim
«normalisert» seg der oppe på fjellet, og dei vart åleine att med Jesus - fekk «teieplikt» om det dei hadde opplevd, måtte vera vanskeleg for dei! Det var då noko stort dei hadde opplevd. Les gjerne heile forteljinga i Markus 9,2-13.
Dette er ei underleg forteljing. Ei historie frå Jesus sitt liv som vi får del i. Det er godt å stoppa litt opp med denne historia.
Jesus er Guds son!
Dette stadfestar Gud sjølv på Tabor!
Vi veit at teieplikta ikkje var langvarig. Ikkje så lenge etter Tabor-opplevinga fekk læresveinane eit oppdrag av Jesus, Guds son:
«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar.»
Dette var oppdraget dei fekk, og dette oppdraget har blitt vårt!
Boks 226, sentrum 4001 STAVANGER
Returadresse: NMS
Boks 226, sentrum, 4001 STAVANGER
Saman til Ålesund
Kvifor ikkje reise saman til NMS Sommarfest & Generalforsamling?
Det er mogleg å velje mellom to felles bussreiser; frå Rogaland via Vestland og frå Sørlandet via Austlandet. På veg til vakre Ålesund kan du nyte godt fellesskap med andre som skal være med på å forme framtida til NMS.
Vi seier velkomen til deg! Ta plass i bussen. Vi fraktar deg trygt fram og attende mellom din heimstad og Ålesund!
For meir informasjon om fellesreisene (inkl. tidspunkt, stoppestader og overnatting): nms.no/sommerfest