Regionbladet er gratis og sendes til foreninger og alle som er interessert i å motta det. Opplag er ca. 2000.
Bladet finnes i nettversjon.
Forsidebildet: Ivrig gruppesamtale på inspirasjonssamlinga på Alværa Foto: Benedict Ernest Peter
Geir Alnes
Nestleiar i regionstyret
I skrivande stund er eg nett komen heim frå «Lørdagsgrøt i Mariastuene». Siste laurdag i månaden er alle velkomne til graut, vaflar og kaffi, eit samarbeid mellom Bergen Domkirke menighet og NMS, med lynlotteri for å samle inn pengar til misjonsprosjekt i Mali. Det er ikkje alltid det store frammøtet, men trufaste medarbeidarar står på for å skape eit møtepunkt om misjon.
I løpet av våren har mange i dei ulike områda stått på for å gjennomføre årsmøte, misjonssamlingar og misjonsfestar. Dei ni bruktbutikkane i regionen vår har hatt stor aktivitet. Våren er på mange måtar ei hektisk tid.
No nærmar det seg sommar, og mange ser fram til å senke skuldrene og ta sommarferie. Men for andre er det høgsesong. Planlegging og gjennomføring av leir-arbeid, familieleir på Alværa i juni og barneleir i august krev stor innsats frå tilsette og frivillige. I tillegg gjentar ein suksessen med sommarhotell på Alværa i juli. Stor takk til alle medarbeidarar som står på i teneste for misjonen.
NMS er ein misjonsorganisasjon som i stor grad er bygd på innsatsen til frivillige.
Oppfordringa er: La oss gjere vårt for å få fleire med inn i fellesskapen, som medarbeidarar!
MED ØNSKE OM EIN GOD SOMMAR!
Hjelp meg, Gud, til å gi både pengar, arbeid og tid i den tenesta der eg er sett, slik at eg kan forvalte den rett. Gi meg kraft til å dele mitt brød med dei menneska som er i nød. Hjelp meg søkje fornying og fred. Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.
TEKST | Bjarne B. L. Andersen, leder i hovedkomitéen
Da er det omtrent ett år igjen før NMS sin generalforsamling og sommerfest går av stabelen på Flesland! Men vi skal ikke bare være ute ved flyplassen. En ettermiddag flytter vi sommerfesten inn til Bergen sentrum der vi håper at høydepunktet blir en fredskonsert i Grieghallen med det gassiske militærkoret Lova, Bergen sjøforsvars musikkorps og SKRUK.
Men før vi kommer så langt er det mye som skal forberedes. Vi er godt i gang, men vi trenger hjelp! Akkurat nå er vi på leting etter noen personer som kan være med å planlegge og gjennomføre program for barn og unge. Kjenner dere noen som kan være med på dette så ta kontakt med regionkontoret eller med meg.
Etter hvert som det nærmer seg, vil vi trenge flere flittige hender. Det viktigste nå er at dere setter av dagene 25. til 28. juni neste år!
Inspirasjonssamling
TEKST | Alvhild Vassel Eide
28. og 29. april var tilsette og frivillige i Region Bjørgvin inviterte til inspirasjonssamling på Alværa kyrkje- og misjonssenter.
Representantar for regionstyret, for dei ulike områdeutvala, for Alværastyret og for NMS Gjenbruk sine butikkar hadde takka ja til invitasjonen.
Silje Sjøtveit, avdelingsleiar i NMS Frivilligheit, informerte bl.a. om rekruttering av frivillige til arbeidet i regionane. Ho snakka også om «Use your talents», som er ein vellukka arbeidsmetode i fleire av misjonslanda. Ho bad oss tenkja gjennom og prøva denne metoden også der vi er. Dette var også del av gruppearbeidet etter innlegget hennar, som tydeleg hadde sett tankane i sving og gitt nye idéar til deltakarane.
Cecilie Kolnes frå NMSU hadde eit innlegg der ho ved hjelp av presentasjon og diverse filmar gav oss ei oversikt over alt det fine materiellet og alle dei gode idéane i NMSU som kan nyttast av alle. Du finn det på nmsu.no.
Vi fekk også ein grundig informasjon om planane for GF som skal haldast i Bergen i veke 26 i 2026. Vi kan gle oss til det!
Kveldssamling og morgonsamling vart leia av Geir Alnes. Alværa stilte med tenlege lokale og velsmakande måltid. Tusen takk!
Ei samling det var vel verdt å vera med på!
Misjonsforeining går nye vegar
NMS misjonsforeining i Samnanger har ti medlemmer i alderen 65+, som samlast kvar månad. Foreininga har hatt eit ønske om at NMS sitt arbeid i Samnanger skulle vidareutviklast og vekse, slik at det kan halde fram lengst mogeleg. Dette førte til eit samarbeid med diakon Marianne Magnussen og kurset «Inviterande småfellesskap» i 2023.
TEKST | Berit Hernes / Målfrid Revne Sandvik
FOTO | Marianne Magnussen
Berit Hernes fortel:
- Fyrst vitja Marianne foreininga for å bli litt kjent. Deretter hadde vi ein stand i lokalbutikken. Der delte vi ut gratis vaflar og bad folk om å svare på ei spørjeundersøking.
Folk var overraskande positive og mange stoppa opp for å prate.
Kor mange kurskveldar hadde de?
- Vi hadde tre kurskveldar i staden for vanlege foreiningsmøte. Desse hadde følgjande tema:
• invitere til diakonale lågterskeltilbod
• snakke om tvil og tru med andre
• invitere til lågterskelsamlingar med kristent innhald
Sette de i verk noko av det de lærte?
- Ja, teori og praksis gjekk hand i hand. Vi jobba først med korleis vi kan byggje relasjonar til andre, med fokus på tema som vi har felles, uavhengig av livssyn. Halvparten av dei som svarte på spørjeundersøkinga ønskte at vi skulle arrangere turar i nærmiljøet og sosiale kveldar der ein kan bli kjent på tvers av miljø. Dette kombinerte vi, og arrangerte ein kveld med tur, måltid og kulturelle innslag. Då var vi om lag tjue samla. Folk såg ut til å trivast og vi fekk svært gode tilbakemeldingar.
I samband med det tredje temaet kombinerte vi ønska frå spørjeundersøkinga i ramma av ein «open sundag», som kyrkja i Samnanger då hadde éin gong i månaden.
Kva med å snakke om tvil og tru? - 85 % av dei som svara på undersøkinga vår,
Foreiningsdamene i djup konsentrasjon over kurs-tema som dei fekk presentert via mobiltelefon
Varm suppe smaka utmerka i godt lag
ønskte å snakke meir om tvil og tru. Dette var inspirerande. På kurset lærte vi om korleis vi kan snakke om tru med vener på ein måte som opplevest god for begge partar. Og så øvde vi oss på å dele trushistorier med kvarandre og snakke ærleg om både det fine og det vanskelege med trua. Vi er ikkje vane med å snakke om det som har vore utfordrande i truslivet, men opplevde at denne dimensjonen gjorde at vi fekk enda djupare relasjonar.
Er det noko som har overraska dykk?
- Dei fleste som deltok i undersøkinga, svara at dei ville ha vore med på ei samling med foreininga viss dei hadde blitt inviterte av nokon dei kjende, eller viss dei vart inviterte til å hjelpe til. Dette overraska oss, og her ligg det eit potensiale.
Det har gått eit par år sidan de gjennomførte kurset. Kva har skjedd i ettertid?
- Vi har open invitasjon til foreiningsmøta. Det skjer m.a. via Facebook-sida «Kva skjer i
Samnanger» og ved personleg kontakt. Møta er no i peisestova i Haga kyrkje.
Også i år arrangerte vi tur. Som før, var Høysæter målet for turen. Det var interessant, og det vart ei vellukka samling.
Dessutan har foreininga fått to nye medlemmer!
Anbefaler du kurset?
- Ja, eg vil anbefale kurset til misjonsforeiningar som ønskjer vekst og fornying. Kurset matcha NMS sine verdiar og visjonar.
Marianne leia oss gjennom modulane på ein lun og god måte. Ho har stor kunnskap om dei ulike temaene, og tok seg tid til at stoffet fekk synke, slik at vi kunne få eigarforhold til det. Det at kurset varte over fleire kveldar, gav ein viktig kontinuitet. Og Marianne tilpassa seg til bygdemiljøet vårt - og til oss som misjonskvinner og pensjonistar - på ein utmerka måte.
Funna frå undersøkinga hjelpte oss å prioritere mellom ulike tiltak og gav oss meir frimod til å engasjere oss lokalt.
Det kan bli aktuelt å gi fleire NMS-foreiningar i Bjørgvin tilbod om det same kurset. Oppstart av nytt/nye kurs er avhengig av kursstøtte frå K-stud. I første omgang vil vi kartlegge kor mange som eventuelt er interesserte. Dersom de som misjonsforeining har lyst å vere med på eit slikt kurs, så ta kontakt med regionkontoret innan 1. oktober!
Berit Hernes
MISJONSBASAR I LANDÅS MENIGHET
Landås menighet har siden tidlig på 90-tallet hatt misjonsavtale med NMS. De siste 10-15 årene har vi hatt årlig misjonsbasar. Årets basar gikk av stabelen søndag 30. mars. Menighetssalen var fylt til trengsel etter familiegudstjenesten. Der var åresalg, kafé og trekning av hovedbok. Resultatet ble ca. 5000 kr (ny rekord). I tillegg ble det solgt Knausenlys for 4210 kr.
& FOTO | Mette Waaler
hva skjer . . .
I REGION BJØRGVIN
Kalender
JUNI
26. Sommerhotell åpner på Aværa
JULI
24. Sommerhotell stenger på Alværa
AUGUST
11.-13. Sommarleir på Alværa
23. Lørdagsgrøt
28. Foreiningsdag på Alværa
28.-31. Seniorhelga på Helgatun
SEPTEMBER
20. Inspirasjonssamling på Vassenden
20. Lørdagsgrøt
Regionkontoret
Vi på regionkontoret synes det er kjekt når noen stikker innom. Det er fint å treffes og prate over en kopp kaffe. Kontoret er samlokalisert med gjenbruksbutikken i Dreggsallmenningen 20, vis-a-vis Mariakirken. Inngangen til kontoret er gjennom gjenbruksbutikken. Besøkstid på kontoret er til vanlig tirsdag og torsdag mellom kl. 10.30 og 14.00, men i skoleferien må det avtales.
20.-21. Inspirasjonshelg på Stord
26.-28. Korsveihelg på Alværa
OKTOBER
6.-8. Haustleir på Alværa
25. Lørdagsgrøt
26. Misjonsmøte i Bergen
NOVEMBER
1. Misjonsmesse i Nordfjord
1. Misjonsmesse i Knarvik
8. Misjonsmesse i Bergen
15. Lørdagsgrøt
23. Misjonsmøte i Bergen, Mariakirken
Regionbladet
Neste nummer av regionbladet kommer i oktober. Nettsiden nms. no/bjorgvin oppdateres jevnlig. Ta kontakt om det er noe dere vil ha inn i bladet eller (endre) på nettsiden.
Vi blir glade for tilbakemeldinger.
hva skjer . . . i REGION BJØRGVIN
Misjonsmesser og basarar
Misjonsmesse i Bergen
Stad: Betlehem, Vestre
Murallmenningen 15
Tid: laurdag 8. november kl. 11-15
Det vert misjonsmesse på tradisjonelt vis med åresal, lynlotteri, lykkehjul for borna og trekking av hovudlotteri. Sal av strikkevarer og anna handarbeid, syltetøy og mykje godt frå Hardanger, julekaker og anna smakfullt. Kafeteria med kaker og påsmurt.
Kl. 12.30: Song, andakt ved Bjarne B. L. Andersen og misjonsinformasjon. Deretter opnar salet av den populære suppa.
Velkommen!
Korsveihelg
på Alværa
TEKST | Karl Hjelmeland
Helga 26.-28. september vert det arrangert Korsveihelg på Alværa. Nokre kjenner kanskje til Korsveifestivalen som blir arrangert annankvar sommar i Seljord i Telemark. Denne helga vert det Korsvei i eit mindre format. Korsvei er ei økumenisk rørsle som har fokus på kva det vil seie å leve som Jesu disiplar i dag.
Korsvei har fire vegvisarar:
1. Søkje Jesus Kristus
2. Byggje fellesskap
3. Leve enklare
4. Fremme rettferd
Inspirasjonshelg på Stord 20.-21. september
Etter sommar og ferie ligg eit nytt arbeidsår og ventar - med glede, utfordringar og forventingar. Då er det kjekt å kunna invitera til inspirasjonshelg på Stord 20.-21. september - for foreiningar og misjonsvener i Sunnhordland område av NMS. Talar vert rådgjevar Sven Ebbell Skjold, som vil gje oss informasjon og bakgrunnsstoff om misjonsarbeidet i Estland. Det høver godt, då misjonsarbeidet i Estland vert tema for Sunnhordlandsaksjonen i 2026.
Vi samlast i Leirvik bedehus laurdag 20.09.25 kl.11.00 til bibeltime og misjonstime. Mellom øktene skal vi kosa oss med matpause og den gode drøsen.
Sundag 21.09.25 samlast vi til gudsteneste i Nysæter kyrkje kl.11.00.
Vi vonar at mange set av helga og kjem. Be gjerne nokon med deg! Vi treng innføring i misjonsarbeidet til kunnskap og inspirasjon. Vel møtt!
Inspirasjonssamling i NMS
Sogn og Fjordane
Stad: Vassenden Kyrkjesenter
Tid: laurdag 20. sept. kl. 12–17
Hovedtalar: Haakon Kessel, leiar i NMS Global, med tema: Silkeveien før og nå. Når øst møter vest. Fokus på Japan.
Lørdagsgrøt i Bergen
Stad: Mariastuene, Øvre
Dreggsallmenningen 20
Datoer:
23. august kl. 12.30 (merk tiden!): besøk av Mali-misjonær Frode Brügger Sætre, 20. september, 25. oktober, 15. november og 13. desember
Tid: kl. 12
Andakt og sang. Salg av grøt, kaffe og vafler. Lynlotteri til inntekt for misjonsarbeidet i Mali.
Arrangør: NMS i samarbeid med Bergen domkirke menighet
Seniorhelga 2025
Region Bjørgvin inviterer også i 2025 til Seniorhelg på Helgatun i Myrkdalen.
Tid: 28.-31. august 2025
Det vert eit rikhaldig program med bibeltimar, misjonstime, gudsteneste, song og musikk og turar til fots og i bil i nærområdet.
Leiar for seksjon Aust-Afrika, Arild Bakke, er hovudgjest og har både bibeltimar og misjonsmøte.
Sang av en gruppe gassere. Takkoffer til NMS sitt arbeid i Mali.
Kirkekaffe
Foreiningsdag på Alværa
Tid: Torsdag 28. august
Stad: Alværa kyrkje- og misjonssenter, Lavik
Dette er ein invitasjon til alle som har lyst til å vere med, enten du er medlem i ei NMS-foreining eller ikkje. Vi ønskjer velkommen kl. 13 med middag, og sluttar om lag kl. 18.
Etter middag får vi mellom anna høyre og sjå «Frå millionby til landsbygd,glimt frå kyrkje- og misjonsarbeid i Brasil» ved Borghild Sætre.
Tid til god drøs og fleire koppar kaffi blir det også.
Pris: 385 kr
Påmelding innan 22. august til Alværa kyrkje- og misjonssenter:
e-post alveram@nms.no eller telefon 489 90 661
Alværa sommarhotell – sesong 2
I slutten av juni 2024 var vertskapet – Mona Rosvold og Jens Friis – klare til å prøve sommardrift på Alværa. Det vart ein suksess. Dagane vart lange, travle og trivelege. Då dei tok farvel med siste gjesten, hadde dei alt bestemt at det også i 2025 skulle bli sommarhotell på Alværa.
I år har dei fått med nokre fleire medarbeidarar, vaksne som kan bidra ei veke. I tillegg er det nokre ungdomar som skal ha sommarjobb på sommarhotellet.
Så difor kan vi også i år halde ope for feriegjestar - frå 26. juni til 23. juli.
Storparten av gjestane i fjor var folk på gjennomreise. Slik vert det nok i år også.
Men Alværa er i tillegg ein flott stad for ferieopphald. I området er det mange merka turstiar, og ein kan gå stolpejakt. Ein kan også
«Nye» gamle minigolfbaner
TEKST & FOTO | Toril Lange
Endeleg kan ein spele minigolf igjen på Alværa. Ver og vind - og kanskje også litt hard bruk - tok til slutt knekken på banene. I fjor sommar demonterte vi dei og la ny singel på området. Dei fire dårlegaste banene vart kasserte. Dei åtte vi skulle behalde vart lagde under presenning.
Då finveret kom i mai, var det tid for å fullføre. Etter mykje klargjering held ein no på å legge plater. Då er det å håpe at regnet ikkje kjem før filten er limt på.
besøke Høyangerbadet, Kvernsteinsparken i Hyllestad og Massnes Villmarksmuseum på sørsida av Sognefjorden.
Alværa har eit flott uteområde med plenar, rastebenker, bålpanne, minigolfbane, volleyballbane, eit par frisbeekorger og sandkasse.
Alværa har også eiga badebukt med flytebryggje.
Ein populær aktivitet for born er krabbefiske frå bryggja.
Ein kan også fiske frå berga.
Alværa har frå 2- til 7-mannsrom, med toalett og dusj på alle rom.
Bestilling kan gjerast via e-post til alveram@ nms.no eller på telefon 489 90 661.
Vil du bli med i Alværaforeininga?
Frå vedtektene:
§ 2 Formål
Alværa kyrkje- og misjonssenter er tilslutta Det Norske Misjonsselskap og arbeider i samsvar med lovverket for organisasjonen. Alværa kyrkje- og misjonssenter sitt grunnlag er gjeve i grunnreglane for NMS, §2.
Alværa kyrkje- og misjonssenter sitt formål er å arbeide for trusglede, livsglede og nestekjærleik. Verksemda vert driven på og ut frå Alværa kyrkje- og misjonssenter med kontoradresse Lavikvegen 401, 6947 Lavik. NMS Region Bjørgvin og NMSU vil bidra til lokal styring på leirstaden.
§ 4 Medlemar
Alle personar over 15 år kan bli medlem i foreininga. Medlemskap i foreininga er gyldig og skal reknast frå den dagen kontingenten er betalt.
§ 5 Stemmerett og valbarheit
Alle medlemane har stemmerett og kan veljast (til styret).
Korleis?
Send namn, telefonnummer og e-postadresse til alveram@nms.no og betal kontingenten (no: 100 kr per år) til bankkonto 3705.55.90827 eller til Vipps 852533, kategori medlemskontingent.
NMS Gjenbruk
Nordfjord
TEKST & FOTO | Karin Nordvik
Ei gruppe trufaste frivillige kjem kvar fredag frå Sandane. I elleve år har dei stått på. På bildet ser vi fire; dei er fleire som byter på å komme fredagane.
Frivillige frå Svelgen, Ålfoten, Davik, Bryggja, Almenning, Selje, Kjølsdalen, Stårheim, Hornindal, Blakset, Olden, Hopland og Nordfjordeid stiller i butikken frå måndag til laurdag. Butikken vert leia av eit leiarteam og styret.
Interessa for gjenbruksbutikken er tydeleg både fra kommune, handelsstand og innbyggarar. Vi kjenner på glede ved eit viktig arbeid for miljø, møteplass og misjon.
Årsmøte for Nordfjord område
TEKST | Karin Nordvik, leiar
FOTO | Silje Sjøtveit
Vi var 23 personar som møttest til årsmøte i kyrkjekjellaren i Nord-Vågsøy kyrkje 27. april.
Anne Mabel Nybakk frå Vågsøy sokneråd ønskte oss velkomne og kom med ei helsing frå soknerådet. Ho fortalde også litt om misjonsbasaren og misjonsgudstenesta dei har i Vågsøy kvart år.
Vi åt deilig rømmegraut og kaker.
Silje Sjøtveit fortalde fint og engasjert om “Use your talents”. Vi vart inspirerte til å sjå korleis vi kan jobbe med å skaffe og bruke frivillige i kyrkjelyden og i NMS. Vi vart også utfordra til å verta medlemmer i NMS.
Vi fekk ei lita helsing frå Misjonsforeininga på Eid som hadde 40-årsjubileum i 2024, men som fekk helsing og vart feira i år. Vi kan òg seie at foreininga er 162 år, fordi mange av dei same var med i den gamle foreininga. Men ein flytta møtetida til ettermiddagen og laga ei ny foreining ut av den gamle for 40 år sidan.
Region Bjørgvin
Sommarleir på
Alværa
Velkomne til innhaldsrike dagar på Alværa, med leik, moro og nye og gamle vener! På Sommarleir er vi mykje ute; grillar pølser, leiker, oppdagar og gjer aktivitetar saman.
På samlingane høyrer vi om Jesus og venene hans, om misjon og verda vi bur i. Vi kan bade eller vasse i
Sognefjorden, fiske etter krabbar, spele vannballong-volleyball og minigolf, leike på trampolina, spele kanonball og fotball, skyte med pil og boge og mykje anna.
Benedict Peter er hovudleiar for leiren, med seg har han andre flotte folk. Ring ein venn og få han/ho med!
Meld deg på i dag eller innan fristen: 28. juli, på www.nmsu.no/leir
Noen glimt fra
Sommarleir i fjor
Leirer for barn og unge
Leirer på Alværa 2025
Sommerleir
2.-7. klasse
11.- 13. august
Høstleir
2.-7. klasse
6.- 8. oktober
Mer informasjon om leirene våre finner du på: www.nmsu.no/kalender
Bli med på leir!!!
Del det du har
– world edition
<<Del det du har>> er oversatt til gassisk og ble spilt inn i studio med elever fra musikkskolen på Lovasoa.
Den nye filmen med deledansen på gassisk ble presentert på samlingen for ansatte i NMSU onsdag 21. mai i Stavanger.
:
Det jobbes med å få sangen oversatt til flere språk, og den er allerede oversatt til både fransk og engelsk. Er dette starten på en << Del det du har - world edition>> med innslag fra flere av våre samarbeidspartnere?
«Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.» (Jesaja 43,19)
Saman takkar og ber vi for: dei frivillige og dei tilsette i regionen gjenbruksbutikkane - for styra og alle dei frivillige
• misjonsmøte og basarar
• Alværa - for styre, foreining, arbeidarar, arrangement og deltakarar - og for sommarhotellet med vertsfolk og gjester
• arbeidet med born, unge og unge vaksne i regionen vår foreiningar og grupper i NMS og NMSU det gode samarbeidet med mange kyrkjelydar og engasjementet for misjon
• Frode Brügger Sætre og tenesta hans, og for dei kristne fulaniane i Mali, Guinea og Elfenbeinskysten (jfr. artikkel om Frode i MT 1/25)
• alle som er med i bøn og gjevarteneste
• arbeidet med å førebu GF og sommarfest i Bergen (bøn formulert av Bønekomiteen for GF –2026):
Kjære himmelske Far!
Vi ber for generalforsamling og sommarfest i 2026, for hovudkomitéen og underkomitéar som er i gang med førebuingar.
Gje dei visdom og styrke, og rydd hindringar bort. Styr arbeidet etter din vilje. Velsign den enkelte komitémedlem, og utrust dei til oppgåvene.
Takk for retten til å vere dine barn og få vere med i arbeid for ditt rike.
I Jesu namn, amen.
Utsnitt av altarbildet på Alværa. Foto: Målfrid Sandvik
Dei bortgøymde orda andakt
Roar Vik
Som tenåring bestemte eg meg for å lese gjennom Bibelen frå første til siste bok.
Eg las meg gjennom bøker som var kjende og bøker som eg berre las for å lese.
Det var ein av dei vaksne på bedehuset som var litt frimodig (eller modig) å spørje om eg kunne ha ei opning på ein bedehusfest. Dette var eit arrangement som dei vaksne hadde hand om.
Dette var midt i mi lesing i Det gamle testamentet, og akkurat då var det Klagesongane eg las. Eg fann fine ord i den boka, som eg tenkte eg ville lese på festen.
Ein av dei andre i bedehusstyret var nok meir uroleg for kva denne tenåringen hadde funne på som opning, og spurde etter.
“Eg har tenkt å lese nokre vers frå Klagesongane”, svara eg. Reaksjonen var kort og kontant: “Nei, det skal du ikkje”. Eg vart litt forskrekka og tenkte: Nei vel, kanskje det ikkje passar seg å lese frå den boka i det heile.
Så då vart det sikkert noko kjent og akseptert. Sikkert Joh 3,16 eller Salme 23.
Seinare har eg tatt mot til meg og lese dei versa eg ville dele med andre, og oppdaga at dette var ukjende vers for mange. Kanskje det er tittelen på boka som skremmer?
Eg tenker dei kunne passa godt inn i ein bedehusfest eller ei anna tilstelling. Gode ord å grunna på og dele med andre.
Så her får du dei bortgøymde orda:
Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.
Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon.
Din truskap er stor.
Eg seier: Herren er min del, eg set mi von til Han.
Herren er god mot dei som ventar på Han og søkjer Han.
Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren.
Synes du også at det er feil å kutte i livsviktig bistand som bekjemper fattigdom og urettferdighet i verden?
Signér sommerens viktigste underskriftskampanje og si NEI til bistandskutt!
Kvifor ikkje reise saman til NMS Sommarfest & Generalforsamling?
Du signerer ved å sende
Det er mogleg å velje mellom to felles bussreiser; frå Rogaland via Vestland og frå Sørlandet via Austlandet. På veg til vakre Ålesund kan du nyte godt fellesskap med andre som skal være med på å forme framtida til NMS.