Skip to main content

Sider fra Kirja_til utsending

Page 1

Sivert N. Nesbø

Kirja


1

Eg kan hugse lyden piggsvinet laga når det rørte hovudet opp og ned og kakka fella mot steinane nede på tunet. Eg kan hugse at Oda freista å skjule det for Gard, få han til å stå bak bilen, der han ikkje kunne sjå, men han var forviten og ville fram. Eg hugsar det spisse andletet til piggsvinet då eg opna fella, eg var ikkje budd på at det ville vere så langt. Så trekte han seg inn i seg sjølv. Fellespissane hadde grave seg inn i snuten og det draup blod ned i graset. Eg heldt pigg­ svinet i den eine handa, i den andre heldt eg øksa, eg hadde sagt til Oda at eg skulle ordne det då ho ropte på meg nede frå gardsplassen bak garasjen, men korleis skulle eg greie å ordne det når det balla seg slik? Eg la det på hoggestabben og freista eggen mot piggane, kjende at kroppen var mjuk innanfor, han gav mestsom etter, dei brune piggane var òg mjuke, lyse inst, så mørkare lenger ute, dei bøygde seg etter eggen, eg snudde piggsvinet over på ryggen, såg ein skimt av føtene, dei rørte seg, mot kva, dei var så bleike, eg greidde ikkje å slå øksa gjennom den vetle kroppen,

7


det lét seg ikkje gjere. Eg sette piggsvinet ned i graset og det sprang mot hekken med det same. Eg visste ikkje at det kunne røre seg så snøgt. Røysta til Oda hadde høyrdest kjøvd ut då ho ropte, som om ho ikkje visste råd. Eg hadde vore inne i huset, på soverommet, hadde nett kome opp av senga. Ho hadde ropt namnet mitt, Sivert, ropte ho, eg gjekk til glaset, du må kome, heldt ho fram. Eg gjekk ut og høyrde at piggsvinet dunka fellehovudet mot steinen på tunet. Kvifor hadde vi ikkje sett fast fella i jorda, vi kunne ha slått ned ein pinne, festa fella med ein streng til takrenna, då hadde ikkje piggsvinet trunge å gå rundt med fella på hovudet, kor lenge hadde det gått slik før vi fann det, før det stod utanfor garasjen bak bilen og slo fella mot steinen, freista å få henne av. Piggsvinet forsvann i mørkeret framom hekken, det rørte seg så snøgt, når det sprang, kunne ein mest ikkje sjå føtene. Gjekk det fint med det, spurde Oda. Eg sa at det såg ut som det hadde gått bra. Det såg ikkje ut til at det hadde gått så gale, sa eg. Gard såg på meg. Det gjekk fint med piggsvinet, sa eg. Vi måtte ikkje drepe det. Hadde det ikkje vondt, sa han. Eg trur ikkje det hadde så vondt, sa eg.

8


Om morgonen, før det lysnar, er eg på veg til flyplassen. Det er haust, oktober 2021, eg er på veg frå Bergen, der eg bur, til Finland. Når eg skriv dette, fleire år seinare, er det igjen haust, og eg ser føre meg korleis det var då eg gjekk ut av huset, det same huset eg framleis bur i, og ned bakken til busstoppet. Eg ser føre meg korleis eg går inn på bussen, finn eit sete og plasserer veska mi på plassen ved sida av. Eg freistar å sjå føre meg vegsidene utanfor, autovernet, husa vi køyrer forbi, vegane og gatene, himmelen, Askøybrua, lysa frå sentrum sett frå ytst i Sandviken. Eg hadde tinga ein grå leigebil, eg skulle hente han på flyplassen, på Vantaa. Eg kan hugse at eg sat på bussen om morgonen i 2021 og tenkte at når eg har henta den gråe bilen, skal eg setje meg inn i han og køyre nordover, først ut frå Vantaa, langs vegane mellom blokker og høghus, gjennom forstadane, litt som her, hadde eg tenkt, medan eg sat på bussen, etter kvart gjennom rundkøyringar og mellom bilforhandlarar og bensinstasjonar og til sist ut av ei siste rundkøyring og inn på ei rampe og nordover på E12. Flyet skulle ikkje lande før på ettermiddagen, eg tenkte på at det kom til å verte mørkt når eg kom meg på vegen, eller i alle fall når eg hadde køyrt ei stund, eg sat på bussen i Bergen om morgonen og tenkte på lyset på motorvegen, på billykter, på skilta med finske stadnamn. Finland er

9


ei hand. Frå handrota strålar linene utover: vestover, nordvest, nordover, nordaust, aust. Vegane og tog­ linene går beint gjennom skogane, og langs linene vert det frakta menneske, tømmer, teknologi. Det er haust, oktober, tenkte eg, enno er det lauv på trea, og eg skal køyre den første dagen, så langt eg kjem, familien min er heime i huset, kanskje vaknar dei snart, den neste dagen skal eg køyre vidare, og den neste, og den etter det, eg tenkte på grå og svart asfalt, på bilen eg hadde leigd, eg tenkte på om det ville kome snø, om bilen hadde gode vinterdekk; kor langt kan ein køyre på ein dag, kor langt kan ein fare, eg veit ikkje, eg visste ikkje. Kor langt var det eg skulle? Eg var på veg mot Kuivaniemi, ein liten stad i Bottenviken, den vetle staden Antti Hyry kom frå, forfattaren Antti Hyry. Hyry døydde for fleire år sidan, lenge før eg reiste mot Kuivaniemi, i 2016. Han hadde eit lite bruk der, eit tun med bygningar, eg visste ikkje kvar, men eg visste at eg ville sjå markene, elva, åkrane, bjørkene i Bottenviken. Det var difor eg var på veg til Finland, for å sjå Hyry sin stad. I Hyry sine tekstar finst eit avtrykk av den verda han fanst i då han skreiv, men òg den verda han hadde funnest i, den som kom før, og som foreldra hans og besteforeldra og alle dei før han hadde funnest i, og som han hugsa gjennom dei og som han skreiv frå.

10


Kva er det eg arbeider med? Eg skriv ei bok om å setje om, å setje om ein roman ein enno ikkje har lese, og å lære seg eit nytt språk, eg har skrive på denne boka i fleire år. Eg var på veg til flyplassen for å kome meg av garde, for sjå ein stad i eit anna land, ein stad eg hadde lese om i ei bok, eller som eg hadde rita meg fram til, som eg så vidt hadde sett ein skimt av, ei elv, nokre elvesteinar, ei bru over vatnet, hus og vegar; markene i kring, likna dei markene eg kjende frå heime? Om føremiddagen ein gong eg var liten, såg eg eit skirenn på TV. På TV-bileta miste utøvaren styringa i ein sving, ho køyrde ut og vart kasta nedetter bakken, før ho til sist vart liggjande still. Eg trur det var ei kvinne, eg minnest at dei seinare snakka om ei punktert lunge, eg tenkte på denne kvinna og lunga hennar, med eit hòl i, frå staven? medan kamera filma henne og den isete bakken, heldt seg på avstand, filma henne der ho låg i skiløypa og ikkje rørte seg. Det var på føremiddagen, eg meiner det må ha vore på føremiddagen, var vi med foreldra til ein ven på jobben deira? Eller var det ein laurdag? Det var snø, kaldt. Hendinga kom attende om kvelden, på nyheitene, eg såg sendinga med foreldra mine, i stova, i Førde, der vi budde. Eg har funne videoklipp frå sportssendingar på byrjinga av 1990-talet, som syner ein alpinist som fell og bryt

11


nakken og døyr. Eg har funne klipp av ein alpinist som får pulsåra riven av i fallet, og blør utover snøen i eit breitt, mørkt spor medan han siglar baklengs. Ein kort augneblink set han seg opp og ser ned på seg sjølv, før han fell bakover. Men når eg ser desse klippa, kjenner eg dei ikkje att, det var ikkje slik det hende. Kvifor er det dette som står fram, og ikkje eitkvart anna? Kvifor kjennest det som at det finst eit samband mellom skrivinga og den eg var då eg var yngre, den kjensla eg fekk då eg såg ulukka i skirennet? Eg er ikkje eit barn lenger, eg er forfattar, og eg arbeider med å setje om ein roman av Antti Hyry, som døydde i 2016, romanen heiter «Uuni» og kom ut sju år før Hyry døydde, det vart den siste boka hans og ho handlar om ein mann som byggjer ein vedfyrt bakar­ omn i heimen sin i Østerbotten. Muistan, kuinka menimme – Det er dei første orda i boka. Muistan kuinka menimme katsomaan uunia jota ei sitten ollutkaan – Muistan eg hugsar, kuinka menimme katsomaan korleis vi drog for å sjå, uunia jota ei sitten ollutkaan omnen som då ikkje fanst. Eg kan hugse at vi drog for å sjå på omnen som ikkje fanst enno – Den siste tida hadde eg falle ut av skrivinga, i Bergen får eg ikkje til å skrive, tenkte eg, ikkje nokon ting

12


som helst. Jamt hadde eg denne kjensla, når eg gjekk for å setje meg ved skrivebordet, at eg ikkje kom til å greie å skrive noko, at eg like gjerne kunne late det vere. Når eg skriv dette, er det 2026, og det er meir enn fem år sidan sist eg gav ut ei bok. For fem år sidan gav eg ut ein roman og eg sette om og gav ut ein annan roman, men sidan har eg ikkje greidd å skrive noko einskapleg. Kvar haust eller vår, når andre forfattarar har gjeve ut sine bøker, har eg spurt meg sjølv kvifor ikkje eg òg har ei bok som er ferdig, kvifor ikkje eg òg har greidd å skrive, eller har funne rom til det, for eg er jo òg forfattar, eg har òg kjent kor eg har trunge å vere ein som skriv, eg har òg kjent kor eg treng å ha laga ei bok. Idet eg byrjar å omsetje «Uuni», kan eg ikkje finsk. Eg forstår ikkje noko av språket, tenkte eg då eg byrja, då eg kjøpte boka vetle julaftan 2020 og sette meg ned ved skrivebordet med ordboka og notatboka, men likevel er eg heime i Hyry si skrift, ei opa kjensle av å vere heime i dei dempa, klåre setningane, i det vetle eg har lese av dei omsette novellene hans, av det eg har forstått, i stilla som omgjev det som vert fortalt. Heile tida finst det ein avstand, heile tida er det eitkvart som ligg mellom, eitkvart som ikkje lét seg stige over. I omsetjinga finst ikkje berre boka sitt språk, men òg boka si verd. Eg skriv meg inn i romanen til Hyry

13


medan språket han er skriven på er ukjent, ord for ord, ei setning etter den andre; eg lærer meg språket ved å omsetje ein roman og litt etter litt er det eitkvart som røyver seg, eg veit ikkje kva som liknar på dette.

14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sider fra Kirja_til utsending by Bonnier Norsk Forlag - Issuu