
2 minute read
Vi treng å rydde opp
Av: Marius Rosbach
Tilsette bør bruke tida på å vere kreative og innovative – og ikkje lure på om dei har jobb i morgon, påpeiker Fellesforbundsleiaren.
Advertisement
MARITIM MOTGANG: Jørn Eggum i Fellesforbundet trur mange maritime arbeidsplassar som har gått tapt, vil kome tilbake gjennom ei satsing på yrkesfag og lærlingar.
Å be Jørn Eggum fortelje alt han meiner har utvikla seg i feil retning i arbeidslivet dei siste åra, tek tid. Difor forsøker vi med kortversjonen av kva han meiner kan gjerast.
– Vi treng å rydde opp i arbeidslivet, seier fagforeiningsleiaren og dunkar fingeren ned i bordet på hotellet der NETT NO møter han og Mette Nord frå Fagforbundet.
9000 UNGE UTAN LÆREPLASS
Fagforeiningstoppande besøkte i haust industribedrifter og offentlege verksemder langs kysten, ikkje minst for å lære av kvarandre. Fellesforbundsleiaren er ikkje i tvil om kvar både private og offentlege bør starte jobben.
– Det største problemet er at vi har 9.000 unge menneske som ikkje får læreplass, meiner han.
Den maritime industrien på Nordvestlandet kjem ikkje utanom kritikken. Sjølv om han på langt nær skjer alle over ein kam, er han tydeleg på at ein del verft over ein periode har tatt inn for få unge folk. – Verfta har over tid tatt inn for få unge, og fleire har gjort det til ein forretningside med innleige, legg han til.
«Verfta har over tid tatt inn for få unge»
SAMARBEID OM LÆRLINGAR
Eggum påpeiker óg at Nordvestlandet ikkje er best i alt – og viser til at bedrifter i Trøndelag er flinkare til å samarbeide for å sikre at dei held på lærlingane sine.
– Om ei bedrift vinn eit oppdrag, og har behov for folk, så lånar dei av kvarandre i staden for å ta ein telefon til utlandet for å hente inn ein ferdig utdanna sveisar frå Gdansk, fortel han.
Samtidig trur Eggum at mange av arbeidsplassane som har gått tapt etter tøffe år – Men det vil ta tid, legg han til.
MEINER STØRE HAR RESEPTEN
Det kjem ikkje som ei stor overrasking at Jørn Eggum, som er sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, meiner at Støre-regjeringa har rett medisin for korleis det bør ryddast opp. Han summerer det opp slik:
– Medan dei borgarlege har ei haldning der ein legg arbeidsgjevaren sin fleksibilitet i botnen, er ei sosialdemokratisk regjering meir opptatt av å ha trygge faste stillingar. Folk skal bruke tida på jobben til å vere kreative og innovative – og ikkje lure på om dei blir skifta ut med eit bemanningsselskap den neste dagen.
Ap-Sp-regjeringa har sagt dei vil stå for meir aktivt statleg eigarskap som skal «fremme fellesskapets interesser», heiter det i Hurdalsplattforma. Skjerpa krav til bedriftene på berekraft, løns- og arbeidsvilkår og lokale ringverknader er mellom dei konkrete tiltaka.
Møter med opplevingar FOSNAVÅG OG HAVLANDET

Thon Hotel Fosnavåg Havlandet Games