Lev Vel Våren 2026

Page 1


PROGRAM 2026 VÅR

INNHALD: side 2 – innhald

side 3 – forord

side 4 – ope hus

side 12 – bowl

side 13 – møteplassen

side 14 – sangglede

side 15 – ope kafè i eikefjord

side 16 – kino på dagtid

side 17 – florø world choir

side 18 – vekentleg aktivitetar

side 19 – lag og foreiningar

side 20 – fredagsdans

side 21 – hjelp til å bli meir aktiv

side 22 – musikkterapi

side 23 – mannadrøs

side 24 – aktiv aldring & hukommelsesteam

side 25 – pårørandeskulen

side 26 – få gratis sms

side 27 – bli med å skap noko saman

DETTE HEFTET ER TIL DEG

Velkomen til ein vår full av moglegheiter! Her finn du oversikt over sosiale aktivitetar, kulturtilbod og møteplassar i kommunen vår- opne for alle uansett alder, bakgrunn eller livssituasjon.

Vi ynskjer å skape eit inkluderande fellesskap der alle kan kjenne seg heime. Gjennom gode møteplassar, felles opplevingar og ikkje minst god mat, legg vi til rette for nye venskap, meistring og trivsel i kvardagen.

Brosjyra er ein invitasjon til å bli med- anten du vil vere aktiv deltakar, slå av ein prat over kaffikoppen, oppleve lokal kultur, song og musikk, eller berre finne ein stad å høyre til.

Ynskjer du å bli frivillig så ta kontakt. Vi er mange som òg er for mykje aleine og som treng nokon å dele nokre timar med. Vi treng deg!

God vår!

Elin Therese Sørbotten kommunalsjef

OPE HUS VÅR 2026

Ope hus er eit tilbod kvar torsdag, arrangert i samarbeid mellom Florø senioruniversitet, Florø folkebibliotek, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Flora Pensjonistlag og Kinn sokneråd.

Senioruniversitetet foredrag:

100 kr for enkeltarrangement ved inngang eller

300 kr for semesterkort, som inkluderer 5 samlinger.

Kontonr: 3705 50 70238 (SpareBank1 Sogn og Fjordane)

Gratis inngang

Torsdag 15. januar kl. 11.00-13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Ei ny tid vil komme

Bob Dylan på norsk

Kåseri ved Svein Olav Steindal og Tor

Olav Sønnervik, pensjonerte lærarar og no omreisande trubadurar.

Torsdag 22. januar kl. 13.00

Stad: Florø kulturhus, kantina

Bli med og lag Firdaposten!

Korleis er kvardagen som lokalavisjournalist? Korleis blir eigentleg ei nyheitssak til?

Og kunne du tenke deg å bestemme litt kva Firdaposten skal skrive om dei neste dagane?

Då må du ta turen til Florø kulturhus.

Her møter du redaktør Svend Arne Vee og medlemmer av redaksjonen. På møtet kan du kome med dine innspel, idear, ris og ros - og du vil få eit innblikk i arbeidet som pågår nesten døgnet rundt - året rundt - for å lage lokalavis for kommunane Kinn og Bremanger. Gratis inngang.

Torsdag 29. januar kl. 13.00

Stad: Florø kyrkje

Færøyene – før og no

Foredrag av sokneprest Fridleif Lydersen. Lydersen er vokse opp på Færøyane og vil gje oss eit innblikk i øya si historie. Frå november 2025 er han tilsett som sokneprest i Kinn.

Gratis inngang.

OPE HUS VÅR 2026

Torsdag 5. februar kl. 13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Fellesmiddag

Mat smakar betre i godt lag. Raspeballar og kaffi, kr. 75.

Påmelding til Havglytt, tlf.: 90 23 48 99.

Torsdag 12. februar kl. 11.00-13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Frå Kraftverk til stikkontakt

ved Atle Isaksen administrerande direktør i Linja AS. Han fortel om utviklinga fra YFK til Linja, samt kven som gjer kva innanfor energimarkedet.

Torsdag 19. februar kl. 13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Bingo

Bli med på bingo! Flotte premiar. Gratis deltaking.

Torsdag 26. februar kl. 13.00

Stad: Kystmuseet

Fotoreise med Bjørn Hegranes

Bli betre kjend med Florøkunstnaren

Bjørn Hegranes (1926–2011) gjennom ei innhaldsrik samling fotografi. Hegranes var nasjonalt kjend i si tid og mottok òg prisar internasjonalt. Under ope hus denne dagen kan du dessutan møte fleire frå foreininga Jotunet Florø, som har teke over arbeidet med å fremje livet og den kunstnarlege verksemda hans.

Gratis inngang.

Torsdag 5. mars kl. 13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Fellesmiddag

Mat smakar betre i godt lag. Raspeballar og kaffi, kr. 75. Påmelding til Havglytt, tlf.: 90 23 48 99.

Torsdag 12. mars kl. 10.00-12.00

Stad: Havglytt aktivitetshus Årsmøte og status for Albertatunet

Kl. 10-11: Årsmøte.

Kl. 11-12: Albertatunet - status og vyer for Albertatunet v/ Norunn Stavø og tenesteleiar v/ Furuhaugane omsorgssenter Even Hallingstad.

OPE HUS VÅR 2026

Torsdag 19. mars kl. 13.00

Stad: Kystmuseet

Vågsberget handels- og gjestgjevarstad

Stil og arkitektur med kunsthistorikar

Alexander A. Rauboti.

Gratis inngang.

Torsdag 26. mars kl. 13.00

Stad: Florø kyrkje

Musikalsk møte med Eirik Husabø - andeleg og eksistensiell

Eirik Molnes Husabø er musikar, komponist, plateprodusent og låtskrivar. Bli med inn i ord og tonar til Eirik sitt univers. Gratis inngang.

Torsdag 9. april kl. 13.00

Stad: Florø folkebibliotek

Foredrag om naustet

«Naustlandet» er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fortel om naustet som kulturhistorisk landemerke som kanskje står i fare med å forsvinne.

Gratis inngang.

Torsdag 16. april kl. 18.00-20.00

Stad: Florø kulturhus

Uro og håp for verda slik den

ser ut i dag, med Cecilie Hellestveit

Hellestveit er jurist og samfunnsvitar med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og er tilsett ved institutt for fredsforsking. Ho er ein av landets aller beste til å formidle på ein forståeleg måte, kva som skjer i utanrikspolitikken i dag.

Sal av kaffi/kveldsmat frå klokka 17.30.

Torsdag 23. april kl. 13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Fellesmiddag

Mat smakar betre i godt lag. Raspeballar og kaffi, kr. 75. Påmelding til Havglytt, tlf.: 90 23 48 99.

Torsdag 30. april kl. 13.00

Stad: Kystmuseet

Sild og song

Levande musikk og sild med godt tilbehør. 100 kr. for sild, potet og kaffi.

OPE HUS VÅR 2026

Torsdag 7. mai kl. 13.00-15.00

Stad: Fjord Base

Fjord Base – viktig arbeidsplass i dag og i morgon.

V/ Stig Førde, adm.dir. i Fjord Base AS

NB! Det blir påmelding på førehand, dei med semesterkort blir prioritert. Buss med guiding rundt på heile området. Orientering i kantina.

Torsdag 21. mai kl. 13.00

Stad: Havglytt aktivitetshus

Fellesmiddag

Mat smakar betre i godt lag. Raspeballar og kaffi, kr. 75.

Påmelding til Havglytt, tlf.: 90 23 48 99.

Torsdag 28. mai kl. 13.00

Stad: Florø kyrkje

Prøv deg som pilegrim

Fleire og fleire går korte eller lange pilegrimsturar rundt omkring i verda. Kva er det for noko? Kva gjer det med moderne menneske? Sokneprest Erling

Bakke Nydal gjev ei enkel innføring og tek oss med langs Lillevatnet, der vi får kjenne i praksis kva ein organisert pilegrimstur kan vere.

Oppmøte og avslutning i Florø kyrkje.

Varighet 1 time og 15 minutt.

Gratis deltaking.

Torsdag 4. juni kl. 13.00

Stad: Kystmuseet

Den fyrste turisttrafikken til Vestlandet

Dampen som demokratiserte reiselivet med seniorforskar Agnes Brudvik Engeset.

Gratis inngang.

BOWL – INTERNASJONAL KAFÈ

ANNANKVAR

FREDAG KL. 11.30 – 13.30

På Bowl treff du matentusiastar frå uliker delar av verda. Her får du eit variert utvalg av rettar med spennande smakar, laga heilt frå botn av med ferske råvarer. Vi oppfordrar folk til å sitte med nokon ein ikkje kjenner og bli kjent på tvers. Betal det du sjølv vil til vippsnummer: 852306. Vel møtt til ei spennande matoppleving!

DATOAR VÅR 2026:

30. januar

13. februar

27. februar

13. mars

27. mars

24. april 8. mai

22. mai 5. juni

Stad: Markegata 28. Kafeen er dreve av Kinn kommune v/ helse og velferd (LEV VEL) KURS KF, Florø frivilligsentral og Kinn sokneråd.

MØTEPLASSEN MED LEV VEL

Ein møteplass med aktivitet, mat og fellesskap

Saman med kokk Tore Skarstein, samfunnskoordinator

Martine Bortheim, musikkterapeutane Jorunn Bakke Nydal og Jenny Daling Korsøen tilbyr vi ein møteplass for deg som er heime og opplever at dagane kan bli lange. På møteplassen får du kaffimat, trim, aktivitet og middag.

Kven er dette for?

Personar med helserelaterte utfordringar

Påmelding

Du melder deg på innan dagen før, måndag kl. 15.00.

E-post: martine.bortheim@kinn.kommune.no tlf. 97 99 18 02

Pris

Tilbodet er gratis, men ein må ordne med skyss sjølv.

Tid: Kvar tysdag kl. 13.30 – 17.00

Stad: Markegata 55, 2. etasje

Oppstart 5. februar

BLANDAKORET SANGGLEDE

Vil du synge i blandakor på dagtid?

Koret Sangglede er eit aktivt kor med mange spennande prosjekt. Koret har om lag 50 medlemmer. Du kan begynne om du har sunge før eller aldri gjort noko slikt. Alle er velkomne. Det er trygge og sosiale rammer og du får utvikle deg musikalsk i lag med andre.

Du kan møte opp når du vil.

Stad: Havglytt

Dag: Onsdagar

Klokka: 11.00-13.00

Har du spørsmål, ta kontakt med styret

Geir Sunde tlf. 99 36 59 29

Margot Hansen tlf. 48 00 41 29

OPE KAFÈ I EIKEFJORD

Kvar fredag frå klokka 11.00-14.00 er det ope kafè på Allhuset i Eikefjord. 23. januar – 15. mai

Dette er eit tilbod som er dreve av frivillige lag og organsisajsonar i samarbeid med Kinn kommune.

Kafeen er open for alle og det blir servert kaffi og vaflar. Vel møtt!

Desse er med å drive kafeen:

Sunnarvik sanitet

Eikefjord pensjonistlag Langedal og Storebru sanitet

Røde kors Eikefjord

Eikefjord bygdekvinnelag

KINO PÅ DAGTID

KL. 13.00

Onsdag 14. januar Se meg

Onsdag 28. januar Henden - Rekviem for en fotograf

Onsdag 11. februar Trango

Onsdag 11. mars Kveldsvakt

Onsdag 25. mars Springsteen: Deliver Me from Nowhere

FLORØ WORLD CHOIR

Bli med å syng i Florø world choir- eit spennande og inkluderande kor! Hos oss er alle velkomne, også du som aldri har sunge i kor før.

Florø world choir har eit variert repertoar med songar av mellom anna Adele og Coldplay. I koret er det mykje god energi, og det å synge saman med oss er definitivt verdt å bruke ettermiddagen på. Vi møtast annankvar veke, og hos oss er det berre å droppe innom!

Etter øvingane er det sosialt samvær og kaffi.

DATOAR FOR ØVING:

27. januar

10. februar

24. februar

10. mars 24. mars

Musikalske leiarar:

Jenny Daling Korsøen Jorunn Bakke Nydal

NOKRE AV AKTIVITETANE

DU KAN VERE MED PÅ VEKENTLEG

Trimgruppe - Havglytt

Møteplass - Røde kors

Bassengtrening - Havhesten

Sykveld – Havglytt

Vaksengym - Eikefjord

Husflid - Furuholmen

Tur ved Flora turlag

Styrketrening – Spenst

Strikkekafê - Allhuset Eikefjord

Språkundervisning – Havglytt

Strikketreff – Frelsesarmeen

Sjakk – Klubbhuset

Slektsgransking – Kystmuseet

Zumba – Flora kulturhus

Tur med Revmatikarlaget

Helsegymnastikk – Spenst

Gudstenester på sundag

Bridge - Røde kors-huset

Slektsgransking - Kystmuseet

Fredagsdans - Quality Hotel

LAG OG FOREININGAR

I Florø og omegn er det mykje aktivetar du kan delta fast på. Vi veit at å delta på ein fast aktivitet har stor helsegevinst. På Kinn kommune sine nettsider finn du oversikt over lag og foreiningar. I tillegg er «Friskus» ein app og nettside du kan finne informasjon om aktivitetar du kan delta på.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for meir informasjon.

Kontaktinformasjon:

Flora frivilligsentral

Hanne Cecilie Sande: tlf. 47 34 31 05

Ta bilete av qr-koden for å få ei oversikt over aktivitetar i Florø og omland.

FREDAGSDANS

Gruppa Down Home Boys spelar svingande dansemusikk av kjende artistar frå 50-talet og fram til i dag.

Down Home Boys består av Knut Dypevik (trommer), Henning Standal (gitar), Erlend Baugstø (gitar/steelgitar),

Arne Sunnarvik (piano) og Ingvar Hopland (bass/vokal).

DATOAR VÅR 2026:

20. februar

20. mars

24. april

Stad: Quality Hotel Florø Kl. 20.00 - 00.00 CC kr. 200,- ved inngangen.

TRENG DU HJELP TIL Å BLI MEIR

AKTIV? / FÅ BESØK

Treng du hjelp til å bli meir sosial eller aktiv? «FÅ BESØK» er eit tilbod til alle vaksne i Kinn kommune.

Å ha nokon å dele kvardagen og opplevingar med er svært viktig for å bevare god helse.

Fyll ut skjema på Kinn kommune sine nettsider ved å skanne qr-koden. Eller ta direkte kontakt med samfunnskoordinator i kommunen.

Ta kontakt: Martine Bortheim

Samfunnskoordinator, Kinn kommune

tlf. 97 99 18 02

martine.bortheim@kinn.kommune.no

MUSIKKTERAPI

Det er to musikkterapeuter i helse og velferd, Kinn kommune. Arbeidet spenner seg frå individuell musikkterapi på institusjon til større opne grupper. I tillegg jobbast det med utvikling- og planarbeid, kompetanseoverføring, kursing og veiledning.

Forsking på musikkterapi viser at den er eit supplement og viktig element i oppleving av betre helse. Musikk har eigenskapar som kan gje oppleving av meistring, meining og auka livskvalitet. Den kan gje tryggleik og auka deltaking.

Å sjå ressursen og det friske hjå mennesket er essensielt i same kva fase av livet ein er i og ikkje minst når ein opplever uhelse og endringar i livet.

Kontaktinformasjon:

e-post: jorunn.nydal@kinn.kommune.no

e-post: jenny.korsoen@kinn.kommune.no

MANNADRØS

Har du sakna ein møteplass kun for menn? Vel, no er den her! Kjem du på Mannadrøs får du gratis kaffi og twist, det blir triveleg prat om både laust og fast. Kanskje kjem det nokon som vil fortelje om eit spennande tema? Kva ønskjer du for Mannadrøs?

Stad: Havglytt, peisestova

Dag: Tysdagar

Tid: 13.00 - 15.00

AKTIV ALDRING

Temakveld onsdag 11. mars

Stad: Florø kulturhus

Klokka: 18.00-20.00

Tema i år er digital nettsvindel ved Odd Arve Solvåg frå politiet.

Open for alle med særskild invitasjon til dei som fyller 70 år i 2026.

HUKOMMELSESTEAM (HUK)

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Ta tidleg kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. Vi kan hjelpe!

For spørsmål, ta kontakt:

Demenskoordinator

E-post: leni.klakegg@kinn.kommune.no

tlf. 46 80 06 02

Vil du vite meir om demensomsorg?

Scan qr-koden

PÅRØRANDESKULEN

Dette er eit kurs og ein møteplass for pårørande til personar med demens, der pårørande skal få kunnskap og oppleve støtte i utfordringane dei står i.

Kurset vert helde av ulike fagfolk. Det er lagt opp til samtale.

Tema for samlingane

- Informasjon om ulike demenssjukdommar

- Aktivitet og deltaking

- Tilbod i kommunen og velferdsteknologi

- Kommunikasjon, nettverk og pårørandestøtte

- Pårørandeforteljing

- Framtidsfullmakt/samtykkekompetanse

Datoar: 4. februar, 11. februar, 25. februar, 4. mars

Klokka: 17.30 - 20.30

Stad: Soltua, Gaddevåggata 4

Enkel servering.

Spørsmål og påmelding til:

Demenskoordinator

E-post: leni.klakegg@kinn.kommune.no tlf. 46 80 06 02

Vil du vite meir om pårørandeskulen? Scan qr-koden

FÅ GRATIS SMS OM DET

SOM SKJER!

Vil du få ei påminning når vi arrangerer noko kjekt?

Over 400 innbyggjarar får allereie meldingar frå oss.

Vi sender informasjon om arrangemet som:

Ope hus på torsdagar, Bowl på fredagar, kino på dagtid, fredagsdans og andre kjekke opplevingar.

Tenesta er uforpliktande og heilt gratis.

MELD DEG PÅ HER!

For gratis SMS, send oss ei melding med kodeord «ope hus» til tlf. 97 99 18 02

Dersom du vil avslutte tenesta, sende kodeord «stopp» til samme nummer.

BLI MED Å SKAP NOKO SAMAN

Har du ein Idé til eit arrangement? Ein aktivitet du saknar?

Kanskje du har lyst til å bidra med noko – stort eller lite?

Vi trur at dei beste opplevingane blir til når vi lagar dei saman, derfor vil vi gjerne høyre i frå deg.

Saman skapar vi eit levande og inkluderande lokalsamfunn!

Ta kontakt:

Martine Bortheim tlf. 97 99 18 02 Jorunn Bakke Nydal tlf. 91 34 47 34

Jeg velger meg april

Jeg velger meg april. I den det gamle faller, i den det ny får feste; det volder litt rabalder, dog fred er ei det beste, men at man noe vil.

Jeg velger meg april, fordi den stormer, feier, fordi den smiler, smelter, fordi den evner eier, fordi den krefter velter,i den blir somren til!

Heftet er utarbeidd av Kinn kommune v/ helse og velferd (LEV VEL) i samarbeid med kultur og fritid (Florø frivilligsentral og Florø folkebibliotek).

Nokre av arrangementa er finansiert gjennom Den kulturelle spaserstokken og midlar frå Gjensidigestiftelsen

Informasjon

www.kinn.kommune.no

Om arrangementa

kinn.friskus.com

og
trykk:
E. Natvik
Prenteverk

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.