HAUST
PROGRAM
2026
Aktive dagar,
gode møte og
nye opplevingar!
INNHALD: side 3
– Forord
side 4
– Kva er LEV VEL?
side 6
– Florø world choir
side 7
– Kino på dagtid
side 8
– Sangglede
side 9
– Møteplassen
side 10 – Ope hus side 19 – Bowl internasjonal kafè side 20 – Ope kafè i Eikefjord side 21 – Faste aktivitetar side 24 – Leve heile livet – dagane side 26 – Hukommelsesteam side 27 – Hjelp til å bli meir aktiv side 28 – Bustadpraten side 30 – Få gratis SMS side 31 – Bli med å skap noko saman
2
DETTE HEFTET ER TIL DEG
Velkomen til ein haust full av moglegheiter! Her finn du oversikt over sosiale aktivitetar, kulturtilbod og møteplassar i kommunen vår- opne for alle uansett alder, bakgrunn eller livssituasjon. Vi ynskjer å skape eit inkluderande fellesskap der alle kan kjenne seg heime. Gjennom gode møteplassar, felles opplevingar og ikkje minst god mat, legg vi til rette for nye venskap, meistring og trivsel i kvardagen. Brosjyra er ein invitasjon til å bli med- anten du vil vere aktiv deltakar, slå av ein prat over kaffikoppen, oppleve lokal kultur, song og musikk, eller berre finne ein stad å høyre til. Det er mange som treng nokon å gå saman med på arrangement, eller som ønskjer å slå av ein prat over ein kopp kaffi. Ønskjer du å gi litt av di tid, så kan du bli frivillig besøksven. Kinn kommune er stolt samarbeidspartnar med Røde Kors omsorg. Ta kontakt for meir informasjon. Eva Orheim (leiar Røde Kors Omsorg) Mail: orheimeva@gmail.com Tlf. 90 15 22 20 God haust! Elin Therese Sørbotten kommunalsjef, helse og velferd 3
KVA ER LEV VEL? LEV VEL – kultur for helsa, er Kinn kommune sitt arbeid innan kultur og helse, livskvalitet og musikkterapi. LEV VEL er organisert gjennom kommunalområdet helse og velferd, og samarbeider tett med kultur og fritid. Helse og velferd legg til rette for gode kvardagar og livskvalitet for innbyggjarane i alle livsfasar. LEV VEL ønskjer å fremje eit breidt spekter av aktivitetar ute i lokalsamfunnet, med alt i frå større kulturelle arrangement til møte mellom menneske, ein-til-ein.
Kven er i LEV VEL-teamet?
Ȥ Jorunn Bakke Nydal, fagleiar miljø, musikkterapi og livskvalitet Ȥ Martine Bortheim, samfunnskoordinator Ȥ Tore Skarstein, kokk Ȥ Jenny Daling Korsøen, musikkterapeut Ȥ Simen Lagesen Krogstie, musikkterapeut (prosjektstilling, familiehjelpa)
4
Kvifor kultur og aktivitet? Kultur har stor betydning for fellesskapet og kvar enkelt av oss. Kulturoppleving og deltaking kan gje oss ei kjensle av samhald, samanheng og gode kvardagsopplevingar. Anten ein er ung eller gamal, kan det å delta på kulturaktivitetar bidra til å halde oss friske lenger.
5
TYSDAG
FLORØ WORLD CHOIR Bli med å syng i Florø world choir - eit spennande og inkluderande kor! Hos oss er alle velkomne, også du som aldri har sunge i kor før. Florø world choir har eit variert repertoar med songar av mellom anna Adele og Coldplay. I koret er det mykje god energi, og det å synge saman med oss er definitivt verdt å bruke ettermiddagen på. Hos oss er det berre å droppe innom! Etter øvingane er det sosialt samvær og kaffi. Tilbodet er gratis. Tid: Tysdagar Kl. 17.00–18.00 Kaffi og enkel servering. Kl. 18.00–19.00 kor/sang. Stad: Strandgata 43, Mosaikk.
DATOAR FOR ØVINGAR: 15. september 22. september 29. september 13. oktober 20. oktober
6
27. oktober 3. november 10. november 17. november 24. november
Musikalske leiarar:
Jenny Daling Korsøen Jorunn Bakke Nydal
ONSDAG
KINO PÅ DAGTID KL. 13.00
DAG
DATO
TID
FILM
Onsdag
26. august
kl. 13.00
Vivaldi
Torsdag
10. september
kl. 13.00
Fjord
Onsdag
30. september kl. 13.00
Practical Magic
Onsdag
14. oktober
kl. 13.00
Filmtittel kjem seinare
Onsdag
18. november
kl. 13.00
Filmtittel kjem seinare
Meir informasjon og billettsal finn du på www.florokulturhus.no 7
ONSDAG
BLANDAKORET SANGGLEDE
Lyst å synge i kor? Koret Sangglede er eit blandakor som øver på dagtid og har rundt 60 engasjerte medlemmer. Koret har eit aktivt miljø med mange spennande prosjekt gjennom året. Du treng ikkje ha sunge i kor tidlegare, alle er velkomne, enten du er erfaren eller heilt ny. Her møter du eit inkluderande fellesskap med trygge og sosiale rammer, der du får utvikle deg musikalsk saman med andre. Du er velkomen til å møte opp og prøve. Tid: Onsdagar kl. 11.00–13.00. Stad: Havglytt aktivitetssenter. Oppstart: 26. august. Dirigent: Jorunn Bakke Nydal. Har du spørsmål, ta kontakt med styret Geir Sunde tlf. 99 36 59 29 Margot Hansen tlf. 48 00 41 29 8
TORSDAG
MØTEPLASSEN MED LEV VEL Ein møteplass med aktivitet, mat og fellesskap Saman med kokk Tore Skarstein, samfunnskoordinator Martine Bortheim, musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal. Vi tilbyr ein møteplass for deg som opplever at dagane kan bli lange og som synest det er utfordrande å delta på opne arrangement. På møteplassen får du kaffimat, trim, aktivitet og middag. Kven er dette for? Det er for deg som treng å gjere dagen meir meiningsfull og som ønskjer å treffe andre. Her kan du og få hjelp og rettleiing til enkle kvardagsutfordringar. Påmelding Innan dagen før, måndag kl. 15.00. E-post: martine.bortheim@kinn.kommune.no Tlf. 97 99 18 02 Pris Det kostar kr. 200,- per gang inkludert middag og aktivitet. Deltakarane må ordne transport til og frå aktiviteten sjølve. Tid: Torsdagar kl. 11.00–15.00. Stad: Florø omsorgssenter, 3. etasje.
DATOAR:
22. september 29. september 13. oktober
20. oktober 27. oktober 3. november
10. november 17. november 24. november
9
TORSDAG
OPE HUS HAUST 2026 På dagtid torsdagar kan du delta på «Ope hus»- varierte kulturelle tilstelningar i Florø. Her finn du noko for ein kvar smak, anten du vil lære noko nytt, bli inspirert eller treffe folk i trivelege omgivelsar. Arrangørane av Ope hus er: Senioruniversitetet i Florø, Florø folkebibliotek, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Pensjonistforbundet Florø, Havglytt og Kinn sokneråd i samarbeid med LEV VEL, Kinn kommune.
Kontonr. for semesterkort Senioruniversitetet: 3705 50 70238. Torsdag 20. august kl. 18.00 Stad: Kyrkjetorget.
Ete fysst – konsert og matoppleving Få ein smakebit av Bowl internasjonal kafè mens du nyt ein herleg konsert med koret Sangglede og Knut Ingvars. Pris: kr. 250,-
Torsdag 27. august kl. 11.00-13.00 Stad: Havglytt.
Foredrag ved Kari Veiteberg
Etter sju år som ein av kirka sine øvste leiarar, biskop i Oslo, gjekk ho tilbake til Bymisjonssenteret Tøyenkirken, ein del av Kirkens Bymisjon, i 2026. Kari Veiteberg tek utgangspunkt i boka si «Bibelen på 200 sider». Ho tek oss med på ei reise gjennom denne boka som er heilt sentral for vår kulturarv, peikar òg på paradoks i bibelske tekstar. Vi ser fram til ei noko utradisjonell tilnærming til Bibelen.
Pris: kr. 100,- per enkeltarrangement eller kr. 300,- for semesterkort. Arr.: Senioruniversitetet i Florø. 10
TORSDAG Torsdag 3. september kl. 13.00 Stad: Havglytt. Fellesmiddag
Bli med og spis middag i godt lag! Det blir ulike rettar kvar månad.
For påmelding, ring Havglytt på tlf. 90 23 48 99. Har du behov for gratis skyss ring Servicetorget innan kl. 13 dagen før på tlf. 57 75 60 03. Retur må du bestille sjølv. Pris: kr. 75,- per gong.
Meld deg på her NB! Onsdag 9. september kl. 11.00-13.00 Stad: Florø lufthamn.
«Vi reddar liv» - 330 skvadron
24 timar i døgnet står mannskapet på redningshelikopteret i beredskap, klare for å redde liv. I 2025 blei det over 250 oppdrag med helikopter, samt 11 oppdrag med legebil i Florø. Vi får omvising og innleiing om redningstenesta hos 330 skvadron i Florø.
Påmelding via QR-koden over. Dei med semesterkort blir prioriterte. Pris: kr. 100,- per enkeltarrangement eller kr. 300,- for semesterkort. Arr.: Senioruniversitetet i Florø.
11
TORSDAG Torsdag 17. september kl. 13.00 Stad: Kystmuseet.
Nordfjordbåten – ei historie om tre, tjøre og tid
Kvifor ei utstilling om Nordfjordbåten her i beste Sunnfjordbåt-distriktet Florø? Jo det skal du få svar på under omvisninga med museumsleiar Annette Langedal Holme. Gratis inngang.
Torsdag 24. september kl. 13.00 Stad: Florø folkebibliotek.
Namneskikkar i det gamle Kinn
Torodd Kinn er oppvaksen på Kinn og forskar og underviser ved Universitetet i Bergen. I dette foredraget vil han fortelje om kva som historisk særmerkjer personnamna i Kinn, om namn som kanskje røper celebert opphav, og om namn som ganske sikkert vitnar om vestlandsk helgendyrking. Gratis inngang.
12
TORSDAG Torsdag 1. oktober kl. 11.00–13.30 Stad: Florø Kulturhus, speilsalen.
Markering av FN sine internasjonale eldredag Bu trygt heime – bustadtilpassing og levande lokalsamfunn. PROGRAM
• Ordførar Bengt Solheim-Olsen.
• «Livskvalitet på resept» – frå plan til realisering av bustadprosjekta Apotekargarden og Lindhagen v/ Liv Janne Bell Jonstad, Sunnfjord kommune. • Bustader i sentrum – kan vi få til det i Florø? v/ Ralf Einar Johannessen, leiar i Pensjonistforbundet Florø. • Kinn kommune sitt arbeid med bustader i sentrum og butilpassing generelt v/ Rolf Bjarne Sund, kommunalsjef. • Koret Sangglede.
• Stands med ulike organisasjonar, bedrifter og Kinn kommune. • Servering av rundstykke og kake. Gratis inngang.
13
TORSDAG Torsdag 8. oktober kl. 18.30-21.00 Stad: Husabula kulturscene.
Foredrag og shanties ved Haakon Vatle Haakon S. Vatle er leiar i stiftinga Statsraad Lehmkuhl, og ekspedisjonsleiar for One Ocean Expedition. I tillegg til utdanning i psykologi og pedagogikk, har han ein master i shantier og sjømannssongar. One Ocean Expedition fungerer som ein flytande ambassadør for FNs havtiår.
Kom og møt Haakon som lever ved havet, blei oppvaksen ved havet, og no lever for havet. Sjølvsagt får vi også vere med og synge shantier i lag med han! Pris: kr. 100,- per enkeltarrangement eller kr. 300,for semesterkort. Arr.: Senioruniversitetet i Florø.
Torsdag 15. oktober kl. 13.00 Stad: Havglytt.
Fellesmiddag Bli med og spis middag i godt lag! Det blir ulike rettar kvar månad.
For påmelding, ring Havglytt på tlf. 90 23 48 99. Har du behov for gratis skyss ring Servicetorget innan kl. 13 dagen før på tlf. 57 75 60 03. Retur må du bestille sjølv. Pris: kr. 75,- per gong.
14
TORSDAG
Torsdag 22. oktober kl. 13.00 Stad: Florø kyrkje.
«Under hausthimmelen» Inge Reksten og Sanja Dukanac gir oss ein flott konsert med tema ”under hausthimmelen”. Gratis inngang.
Torsdag 29. oktober kl. 13.00 Stad: Kystmuseet.
Bli betre kjend med Vågsberget handels- og gjestgjevarstad Denne gongen får vi besøk av kunsthistorikar Alexander A. Rauboti, som vil snakke om stil, arkitektur og historia til den stolte handelsstaden, Vågsberget. Her ligg alt til rette for å bli endå betre kjend med ein av Noregs best bevarte handelessteder! Gratis inngang.
Torsdag 5. november kl. 12.00 Stad: Eikefjord kyrkje.
Folkemusikkonsert Velkommen til ein vakker konsert med distriktsmusikarane: Ole Nilssen, trekkspel og Britt Pernille Frøholm, hardingfele. Gratis inngang.
15
TORSDAG Torsdag 12. november kl. 11.00-13.00 Stad: Havglytt.
«Nærpoesireformen» med Ted M. Granlund Poesibilen kjem til Senioruniversitetet i Florø!
Poesibilen er eit litteraturprosjekt som har som mål å gi leselyst og skriveglede. Ted Granlund har dreve prosjektet sidan starten i 2004 og er ein erfaren formidlar.
Han har sjølv gitt ut 13 diktsamlingar og fått fleire prisar for sitt forfattarskap. Ted er også opptatt av prosessen i det å skrive, og kva som skjer i hjernen når vi begynner å snakke på arket. Pris: kr. 100,- per enkeltarrangement eller kr. 300,for semesterkort. Arr.: Senioruniversitetet i Florø.
Torsdag 19. november kl. 13.00 Stad: Havglytt.
Fellesmiddag Bli med og spis middag i godt lag! Det blir ulike rettar kvar månad.
For påmelding, ring Havglytt på tlf. 90 23 48 99. Har du behov for gratis skyss ring Servicetorget innan kl. 13 dagen før på tlf. 57 75 60 03. Retur må du bestille sjølv. Pris: kr. 75,- per gong.
16
TORSDAG Torsdag 26. november kl. 13.00 Stad: Florø folkebibliotek.
Foredrag - Frykt og jubel i naturen Sigri Sandberg er journalist og forfattar og har skrive 20 bøker, dei fleste om natur og friluftsliv, og fleire av dei er selt til utlandet. Foredraget hennar handlar om gledene friluftslivet gir, men uttrykker samtidig og uro over at naturen så ofte må vike for utbygging. Gratis inngang.
Torsdag 3. desember kl. 13.00 Stad: Kystmuseet.
Jul på museet Denne dagen vert det forteljarstund med museumsleiar Annette Holme, som fortel om eit av dei første kystjuletrea i fylket. I tillegg blir det juleverkstad med høve til å skrive eit personleg julekort. Museet har trykt nye julekort frå samlinga, og vi ordnar med porto og post for deg. Gratis inngang.
17
TORSDAG Torsdag 10. desember kl. 13.00 Stad: Florø kyrkje.
Julekonsert Tradisjonen tru så inviterer vi til ein stor julekonsert med ulike aktørar i Florø. Kom og kjenn på julestemninga. Gratis inngang.
Torsdag 17. desember kl. 10.00–13.00 Stad: Havglytt.
Jul på Havglytt Kom i julestemning saman med oss! Vi lagar julepynt, kosar oss med litt småkaker og tek oss tid til ein hyggeleg prat. Velkommen til ein sosial og kreativ dag i førjulstida på Havglytt. Gratis inngang.
18
FREDAG
BOWL – INTERNASJONAL KAFÈ ANNANKVAR FREDAG KL. 11.30 – 13.30
Bowl internasjonal kafè er ein møteplass der du møter matentusiastar frå ulike delar av verda. Her får du smake eit variert utval av rettar med spennande smakar, laga frå botnen av med ferske råvarer.
DATOAR HAUST 2026: 18. september 2. oktober 16. oktober 30. oktober
13. november 27. november 11. desember
Stad: Markegata 28, Kyrkjetorget. Kafeen blir driven av Kinn kommune ved Helse og velferd (LEV VEL), i samarbeid med KURS KF, Florø frivilligsentral og Kinn sokneråd. Vi oppmodar alle til å setje seg saman med nokon dei ikkje kjenner frå før, og bli kjende på tvers av bakgrunn og kultur. Du betaler det du ønskjer via Vipps: 852306. Vel møtt til ei spennande matoppleving og eit hyggjeleg fellesskap! 19
FREDAG
OPE KAFÈ I EIKEFJORD Kvar fredag frå kl. 11.00-14.00 er det ope kafè på Allhuset i Eikefjord. 28. august – 4. desember. Dette er eit tilbod som er dreve av frivillige lag og organisasjonar i samarbeid med Kinn kommune. Kafeen er open for alle og det blir servert kaffi og vaflar. Vel møtt! Desse er med å drive kafeen: Sunnarvik Sanitet Eikefjord pensjonistlag Langedal og Storebru Sanitet Røde Kors Eikefjord Eikefjord bygdekvinnelag
20
FASTE AKTIVITETAR I FLORØ OG OMLAND For oversikt over fleire aktivitetar for vaksne, skann QR-koden. For spørsmål, kontakt Florø frivilligsentral v/ Hanne Sande, tlf. 47 34 31 05
MÅNDAG Aktivitet
Klokkeslett
Formiddagstreff, Frelsesarmeen
11.00
Seniortrim, Havglytt
11.00–12.00
Strikk for å glede andre, Havglytt
11.00
Bingo, Havglytt (siste måndag i mnd.)
11.00
Møteplass, Røde Kors-huset
12.00–14.00
Vanntrim, Havhesten
15.15–16.15
Gnist sangkor, Havglytt
18.00–19.00
Husflid m/Florø Husflidslag (én gang i mnd.), Furuholmen
19.00–21.00
21
Tysdag Aktivitet
Klokkeslett
Tysdagstur med Florø Turlag, frå Evja
09.30
Strikkekafé med Liv og Lyst, Allhuset i Eikefjord
11.00–14.00
Seniortrim, Havglytt
11.00–12.00
Strikkekafé, Havglytt
11.00–13.00
Mannadrøs, Havglytt
13.00–15.00
Florø World Choir, Mosaikk
17.00–19.00
Strikketreff, Frelsesarmeen
18.00
Sjakk med Florø Sjakklubb, Klubbhuset
18.00
Tru og tanke, Kyrkjetorget (oddetalsveker)
19.00–20.30
Slektsgransking med Historielaget, Kystmuseet
19.00–21.00
Zumba, Kulturhuset
19.30
Onsdag Aktivitet
Klokkeslett
Vanntrim, Havhesten
09.00–10.00
Koret Sangglede, Havglytt
11.00–13.00
Onsdagstreff med handarbeid, Florø Sanitetsforening, Helsehuset
11.00–13.00
Språkkafé med Røde Kors, Florø folkebibliotek
17.30–19.00
Bridge med Florø Bridgeklubb, Røde Kors-huset
18.00
22
Torsdag Aktivitet
Klokkeslett
Yoga med Margunn Sol, Havglytt
11.00–12.00
Ope hus, ulike stader. Sjå s. 10-18
11.00–14.00
Tur med Florø Revmatikarlag, start v/Havglytt
12.15
Medlemsmøte Eikefjord Pensjonistlag, Allhuset (første torsdag i mnd.)
16.00–19.00
Medlemsmøte i Florø Pensjonistlag, Havglytt (siste torsdag i mnd.)
18.00
Fredag Aktivitet
Klokkeslett
Vanntrim, Havhesten
09.00–10.00
Styrke og balanse, Havglytt
10.15–11.15
Open kafé, Allhuset i Eikefjord
11.00–14.00
Lavterskel quiz, Havglytt
11.00–13.00
Bowl internasjonal kafé, Kyrkjetorget, Markegata 36 (annankvar veke)
11.30–13.30
Åpent hus, Frelsesarmeen (partalsveker)
18.00
23
LEVE HEILE LIVET – DAGANE Kinn kommune, i lag med lag og organisasjonar, inviterer alle til ei veke med aktivitetar og møteplassar der vi markerer Verdensdagen for psykisk helse, FN’s internasjonale eldredag og Totalforsvarsåret. Gjennom veka kan du få med deg små foredrag, stands, dans og gatetrim i Strandgata – og ikkje minst møte andre menneske.
Bruk arrangementa til påfyll, ny kunnskap og gode møte!
Onsdag 30. september Korleis skapar vi ein kultur for fred i framtida vår? Tid: Kl. 13.00 Stad: Florø folkebibliotek. v/ Margit Drivenes Kløvfjell, kunsthistorikar. Gjennom sorga – eit foredrag om medmenneskelegheit og håp Tid: Kl. 14.00 Stad: Florø folkebibliotek. Kinn sorg- og kriseteam v/ Veronika Bruvik og Erling Bakke Nydal.
24
Torsdag 1. oktober FN’s internasjonale eldredag – Bu godt i alderdomen Tid: Kl. 11.00–14.30 Stad: Florø kulturhus, festsalen. Det blir foredrag og god mat. Dansekveld med Down Home Boys Tid: Kl. 19.00–22.00 Stad: Havglytt. Inngang kr. 200,- inkl. dans og enkel servering.
Fredag 2. oktober Gatetrim i Strandgata med Evy Bjørnset Tid: Kl. 08.00 Stad: Strandgata. Kom i kva slags klede du vil, og bli med på enkel trim før dagen startar. Evy Bjørnset «fyrer» opp og set oss i gang. Bowl internasjonal kafè – mat og folk frå heile verda Tid: Kl. 11.30–13.30 Stad: Markegata 28, Kyrkjetorget.
25
HUKOMMELSESTEAM (HUK) Vil du vite meir om demensomsorg i Kinn kommune? Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Ta tidleg kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. Vi kan hjelpe!
For spørsmål, ta kontakt:
Demenskoordinator E-post: leni.klakegg@kinn.kommune.no tlf. 46 80 06 02
Vil du vite meir om demensomsorg? Skann QR-koden
26
VIL DU BLIR MEIR SOSIAL ELLER AKTIV?
Å ha nokon å dele kvardagen og gode opplevingar med er viktig for helsa og livskvaliteten. Samfunnskoordinator i Kinn kommune kan hjelpe deg med å finne aktivitetar og fellesskap som passar for deg. Fyll ut skjemaet på Kinn kommune sine nettsider ved å skanne QR-koden, eller ta direkte kontakt.
Kontaktinformasjon:
Martine Bortheim Samfunnskoordinator, Kinn kommune tlf. 97 99 18 02 martine.bortheim@kinn.kommune.no 27
BUSTADPRATEN – EIN BUSTAD FOR FRAMTIDA NYTT GRATISTILBOD TIL INNBYGGJARANE I KINN
Kinn kommune v/ fysio- og ergoterapiavdelinga tilbyr frå 3. september eit gratistilbod til alle innbyggjarar. Med Bustadpraten får du råd om korleis bustaden kan bli meir funksjonell, trygg og framtidsretta.
28
Enkle tiltak kan gjere det mogleg å bu heime lenger ved aldersendringar, sjukdom eller skade. Tilbodet er for alle som planlegg å pusse opp eller gjere endringar i bustaden.
Hos ergoterapeut kan du få råd om: • Tilgjenge og funksjonalitet. • Førebygging av fall og ein tryggare kvardag. • Universell utforming og framtidige behov. Tid: Bustadpraten er kvar torsdag mellom kl. 13.00 og 15.00. Stad: Fysio- og ergoterapiavdelinga, Sunnfjord Medisinske Senter (3. etg.).
For timebestilling søk Bustadpraten på kinn.kommune.no. Treng du hjelp til bestilling, ring 57 75 60 00.
29
FÅ GRATIS SMS OM DET SOM SKJER! Vil du få ei påminning når vi arrangerer noko kjekt? Over 500 innbyggjarar får allereie meldingar frå oss. Vi sender informasjon om aktivitetar og arrangement som Ope hus, Bowl internasjonal kafè og kino på dagtid. Tenesta er heilt gratis og uforpliktande.
MELD DEG PÅ HER! For gratis SMS, send oss ei melding med kodeord «Ope hus» til tlf. 97 99 18 02 Dersom du vil avslutte tenesta, send kodeord «stopp» til same nummer.
30
BLI MED Å SKAPE NOKO SAMAN Har du ein idé til eit arrangement? Ein aktivitet du saknar? Kanskje du har lyst til å bidra med noko – stort eller lite? Vi trur at dei beste opplevingane blir til når vi lagar dei saman, derfor vil vi gjerne høyre frå deg. Saman skapar vi eit levande og inkluderande lokalsamfunn!
Ta kontakt:
Martine Bortheim tlf. 97 99 18 02 Jorunn Bakke Nydal tlf. 91 34 47 34
31
Høst Det lyser i stille lier, det gløder i skog og kratt. Naturen tar avskjed varlig, før dagen blir til natt. Men høsten er rik på minner, på varme fra sol som var. Den hvisker om alt som lever, og alt som livet bar.
Heftet er utarbeidd av Kinn kommune. Nokre av arrangementa er finansiert gjennom Den kulturelle spaserstokken
www.kinn.kommune.no
kinn.friskus.com
Grafisk produksjon og trykk: E. Natvik Prenteverk
Av: Vilhelm Krag