Kven trur du at Jesus er?
NYNORSK 4
22. mars
Supersetning Jesaja 45,3
2020 Eg gjev deg skattar som er løynde i mørkret, og rikdomar gøymde på løynlege stader, for at du skal kjenna at eg er Herren, som har kalla deg ved namn, Israels Gud.
Han må ha meint det på ein annan måte.
Jesus sa at han skulle byggje si kyrkje på Peter.
Kva var det Peter sa før Jesus sa at han ville byggje kyrkja si på Peter?
Det høyres tungt ut! Du er Messias, den levande Guds son.
Kanskje det er det Jesus meiner! At kyrkja er bygd på trua på at Jesus er Guds son!
2
BARNAS
Det veit vi jo! Men det visste dei ikkje den gongen. Apostlene var dei første som trudde det.
Bra for Peter at han slapp å ha ei kyrkje på ryggen!
Te i k n i n g : A S B J Ø R N T Ø N N E S E N M a n u s : R U N A R B A N G
BARNAS årgang
167
Utgjevar Søndagsskolen Norge i samarbeid med Frikirkens barn og unge, Acta – Barn og Unge i Normisjon, Det Norske Misjonsselskaps Barne- og Ungdomsorganisasjon, Frikirkelig Barne- og Ungdomsunion (som består av: Metodistkirkens barne- og ungdomsforbund, Misjonsforbundet UNG, Pinsevennenes Barne- og Ungdomsutvalg, Norske Baptisters Barne- og Ungdomsforbund, De Frie Evangeliske Forsamlingers Barne- og Ungdomsråd, Frelsesarmeens barn og unge) ImF-UNG © 2019 Redaktør Runar Bang runar@sondagsskolen.no Nynorsk omsetjar Anne Kringstad Grønvik Grafisk designer Camilla Hoholm camilla@sondagsskolen.no Framsideteikning Chiara Bertelli Adresse Søndagsskolen Norge Postboks 98 Sentrum 0101 Oslo Telefon 22 08 71 00 E-post barnas@sondagsskolen.no Heimeside sondagsskolen.no Trykk Flisa Trykkeri AS Barnas blir trykt på svanemerkt miljøpapir. LJØMERKET MI
45
20 41
06
Portrettfoto: Kenneth Hjelle
Barnebladet
Kven trur du at Jesus er? Det er ikkje nokon tvil om at Jesus har levd. Spørsmålet er kven han var. Eller er. Nokon meiner han var ein veldig snill mann og ein fantastisk lærar. Eit godt førebilete som viste oss korleis vi burde leve. Men ikkje noko meir. Andre meiner han var ein profet, ein av mange som tala ord frå Gud. Men ikkje noko meir. Når Peter seier til Jesus «Du er Guds son», så seier Jesus at Peter skal vere glad, for det er Gud som har vist han det. For trua er ei gåve frå Gud. Ei gåve Gud vil gi oss. Helsing Runar
Bøner Du kan vere med og be: • Kjære Far i himmelen! Takk for at du gir oss trua på Jesus.
Tr y k k s a k
Bladet kjem ut på bokmål og nynorsk. All kopiering frå bladet er forboden. Privatabonnement Kr 429,– pr. år Gruppeabonnement Kr 279,– pr. barn pr. år
• Kjære Jesus! Takk for at du viser oss kven Gud er, du som er hans Son. • Kjære Heilage Ande! Bevar meg i trua på Jesus gjennom heile livet. Hugs at sjølv om du ber åleine, så er Gud alltid nær deg og høyrer bønene dine! BARNAS
3
Israelsfolket venta på Messias, han som Gud skulle sende for å redde dei. Jesus spurde disiplane sine: Kven seier folk at eg er?
Peter si vedkjenning Matteus 16,13–21
Nokre seier døyparen Johannes, andre seier profeten Elia.
Andre seier at du er profeten Jeremia eller ein annan av profetane.
Og de, kven seier de at eg er?
Du er Messias, den levande Guds Son.
Lukkeleg er du! For dette er det min Far i himmelen som har vist deg.
Du er Peter, og på deg vil eg byggje mi kyrkje, og døden skal ikkje få makt over henne.
4
BARNAS
Eg vil gi deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vere bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vere løyst i himmelen.
De skal ikkje seie til nokon at eg er Messias.
Frå då av byrja Jesus å gjere det klart for disiplane sine at han måtte dra til Jerusalem.
Han fortalde dei at der skulle han lide og døy.
Og på den tredje dagen skulle han reisast opp att.
FAKTA: Messias betyr det same som Kristus, nemleg «Den salva». Te i k n e s e r i e m a n u s : R U N A R B A N G • Te i k n i n g a r : C H I A R A B E RT E L L I
BARNAS
5
Fargelegg! Te i k n i n g : C H I A R A B E RT E L L I
6
BARNAS
Støype telyshaldar Trua på Jesus er eit lys i mørkeret. Dagens oppdrag er å støype ein telyshaldar av betong for å minne oss på det. Du treng: • Eit telys • Ein engangs-plastkopp • Sement • Sand • Vatn • Bøtte/plastboks • Rørepinne • Matolje
Slik gjer du: Fyll litt matolje i plastkoppen, for å smørje han. Bland litt sand (3 deler) og sement (1 del) med litt vatn i ein plastboks (isboks fungerer fint). Ver forsiktig med vatnet, så blandinga ikkje blir ei suppe. Rør rundt til blandinga er seig og fin som ei tjukk vaffelrøre. Hell forsiktig den ferdigblanda betongen oppi koppen. Glatt av på toppen og set telyset nedi. La det stå å tørke på ei avis til dagen etter. Når betongen har stivna, riv du berre sund plastkruset. No har du ein tøff og fin telyshaldar!
TÅRNAGENTAVISA
7
TOMASKYRKJA
TÅRNAGENT Manus: Runar Bang
KLUBB
Teikningar: Charlotte Sandmæl
Kva trur de Jesus meinte med at Peter fekk nøklane til himmelriket?
Vent no litt! Peter sa jo at Jesus er Guds son …
LUKAS
Altså, det er vel ikkje vanlege nøklar?
… så kanskje trua på Jesus er nøkkelen til himmelriket?
MARTIN
LINNEA
SUKAI
Er det Peter som bestemmer kven som får kome inn i himmelen?
Det gir meining. Peter var berre den første som skjøna det.
Jesus sa også at det var Gud som hadde late Peter skjøne det.
Så trua Gud gir oss, er ei gåve.
8
TÅRNAGENTAVISA
Og nøkkelen til himmelen.
Å ha hund Miriam (7) har ein hund som heiter Ariel. Hunden er to år eldre enn Miriam, så Miriam har kjend Ariel heile livet. Familien til Miriam likar å vere aktiv, så Ariel får vere med på mykje: Joggeturar, båtturar, skiturar, sykkelturar og fjellturar. Det er bra for hunden å vere mykje på tur. Då held ho seg frisk! «Det er veldig fint å kose med Ariel!» seier Miriam. «Ho likar best å sove og ete mat. Og så er ho med oss mykje på tur! Ariel har eit spel kor ho må flytte på brikker for å finne godbitar. Det likar ho godt, for ho er så glad i mat!» Ariel er ein flat coated retriever. Det er ein type hund som er ala opp for andejakt. Ariel treng difor å ha nokre oppgåver, elles kjedar ho seg og kan byrje å gjere dumme ting. «Pappa har lært opp Ariel til å hente sko til oss,» fortel Miriam. «Når vi er på tur, så ber ho kløv. Det er ei veske som heng over ryggen.» «Ein gong vi var på tur, sprang Ariel ned ein bakke og ramla på hovudet nedi eit vasshol. Ho hadde ikkje sett holet, og plutseleg såg vi berre halen som stakk opp av vatnet! Det gjekk heldigvis bra!»
Miriam og Ariel er gode vener!
På vinteren er det godt å ha med Ariel på skiturar. «Om eg blir sliten, så kan eg ha eit belte
rundt magen, og så kan Ariel dra meg litt,» fortel Miriam. «Det er fint å ha hund!» Intervju: Runar Bang Foto: Privat/Runar
TÅRNAGENTAVISA
9
TÅRNAGENT-KRYSSORD I agent-kryssorda skal de berre bruke Det nye testamentet. Store tal i Bibelen er kapittel, små tal er vers. Markus 2,11 tyder altså kapittel 2, vers 11 i evangeliet etter Markus. Løysinga på kryssordet står i dei farga rutene. Send inn løysinga til barnas@sondagsskolen.no med «Barnas 4» i emnefeltet, og bli med i trekkinga av eit flott Gulliver-kosedyr!
Gåve i Matteus 2,11
VINN
Hugs å skrive namn og adresse! Fristen er 12. april! Vinnaren blir trekt 13. april og blir kontakta.
eit Gulliverkosedyr! Du finn Bibelen på internett óg! Sjå bibel.no
1.
2.
By i Lukas 2,15 Dyr i Matteus 12,11
3.
4.
Keisar i Lukas 3,1
5.
Kvinne i Johannes 20,11
6. Konge i Matteus 6,29
By i Johannes 11,18
7.
HEMMELEG MELDING! Dagens hemmelege melding til tårnagentane:
Det mystiske tårnagentalfabetet: C
10
TÅRNAGENTAVISA
Q
W
X
Z
appen, Klipp ut hugsel kjøleskapet. og heng han på
HUGS!
Foto: istockphoto.com
Trua på Jesus er ei gåve
For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
TIL DEI VAKSNE:
Les Barnas saman heime! Svar på konkurransar i bladet kan sendast inn til barnas@sondagsskolen.no. Hugs å skrive namn og adresse.
AKTIVITET TIL NABOLAGSSØNDAGSSKULE Lag ein M: Peter skjøna at Jesus var Messias. Prøv å lage ein M for Messias saman. Er det fleire enn 4 personar, kan de dele i fleire lag. Bruk armar og bein og resten av kroppen på å saman lage bokstaven M. Kanskje de klarar å lage M-en på fleire forskjellige måtar?
BARNAS
11
Prikk til prikk Teikn ein strek frå 1 til 2 og så vidare. Kva skjuler seg her? Du kan fargelegge etterpå!
6
7
5 4
8 2
1
3
9
10
13
14
15
11 12
Send inn løysinga med «Barnas 4» i emnefeltet til barnas@sondagsskolen.no og bli med i trekkinga av eit Gulliver-kosedyr! Hugs å skrive namn og adresse! Fristen er 12. april! Vinnaren blir trekt 13. april og vil bli kontakta.
Finn Gulliver! Gulliver har gøymd seg på 7 sider inne i bladet. Kan du finne ut kva for sider? Send inn løysinga med «Barnas 4» i emnefeltet til barnas@sondagsskolen.no og bli med i trekkinga av eit Gulliver-kosedyr! Hugs å skrive namn og adresse! Fristen er 12. april! Vinnaren blir trekt 13. april og vil bli kontakta. Fyll inn sidetal: 12 BARNAS
VINN
eit Gulliverkosedyr!
Finn fem feil! Dei to bileta er nesten like. Finn du dei fem feila på biletet under? Send løysinga til barnas@sondagsskolen.no med «Barnas 4» i emnefeltet. Då blir du med i trekkinga av eit flott Gulliver-kosedyr! Hugs å skrive namn og adresse! Fristen er 12. april! Vinnaren blir trekt 13. april og vil bli kontakta.
Te i k n i n g : C H I A R A B E RT E L L I
BARNAS
13
lt u r g e s å
P orda rundt j
Heim til Noreg! Etter 364 døgn på reise, ankra vi opp i ei vakker bukt eit stykke utanfor Bergen. Turen over frå Skottland tok berre 2 døgn og 5 timar! Då vi segla inn til Zakariasbryggen i Bergen neste dag, blei vi møtt med norske flagg og glade rop frå store og små familiemedlemmar som hadde møtt opp for å ønskje oss velkomne heim til Noreg! og søskenbarn. Så pusla vi oss nedover norskekysten.Vi var innom Bekkjarvik, Haugesund, Egersund, Mandal og Grimstad, for å nemne nokre av stadane. Å kome til Noreg har vore ei festreise! Vi har møtt familie og vener fleire stadar. Det har vore fantastisk hyggjeleg! Og vi nærmar oss stadig Tønsberg og heime. Litt ruskete innimellom på norskekysten.
Det var ein fest å leggje til kai, og det blei mange gode klemmar.Vi hadde mange fine dagar i Bergen saman med bestemor, tante, onkel
14
BARNAS
Tinius ved roret.
Varm velkomst på Zakariasbryggen i Bergen!
Det er vanskeleg å beskrive korleis det kjennest.Vi hadde sete av eitt år til å segle halve jorda rundt. Eit annleis og
Ingrid og bestemor kosar seg om bord.
Nydeleg på sankthansaftan i Bergen!
flott og godt år skal no avsluttast.Vi har opplevd så mykje fint og spennande! Og no gler vi oss til å treffe att alle vi er glade i.Vi gler oss til å kome heim til huset vårt. At bordet og senga står i ro. Til å få bruke vårt eige bad, og ikkje dusjanlegg i forskjellige gjestehamner.
Fantastisk å komme heim til ein sånn velkomst!
Vener og familie hadde laga til fest for heldige oss!
Då vi endeleg segla inn til Tønsberg gjestehamn, hadde det møtt fram meir enn 80 menneske for å ta imot oss! Det var jubel og norske flagg, og god mat og drikke. Wow, for ein velkomst! Så godt det var å sjå att familie og vener!
Takk for følgjet, BARNAS!
BARNAS
15
GI BARNAS TIL EIT BARN ...
ELLER TIL EIN BARNEGRUPPE ...
... DU HAR HJARTE FOR! Forteljingar som skapar tru, håp og kjærleik!
Gud er kjærlighet
in er m Gud rde hy Hosian
na!
Den største julegaven
6
2019 7. april
Supersetning Salme 86,12
ber
29. septem
ning Superset 86,12 Salme
Gud, min11 deg, Herre, 2019 ditt navn. ære Jeg vil prise hjerte og evig av hele mitt 24. november
Gud, 10. november , min ditt navn. deg, Herreevig ære prise og Jeg vil mitt hjerte Supersetning 1. Kor 13,13 av hele
De to sønnene 14 2019
15
2019
Supersetning
Matteus Søk Så blir de stående, disse6,33 tre: tro, håp ogførst Guds rike og hans rettferdighet, skal dere få alt det kjærlighet. Men størst blant dem ersåkjærligheten. andre i tillegg. 8. desembe r
Supersetning Johannes
3,16
16
For så høyt 2019 han ga sin har Gud elsket verden Sønn, den at tror på ham, enbårne, for ikke skal gå fortapt, at hver den som men ha evig liv.
VITSAR Ei fin, ung dame spurde i skobutikken: – Kor mykje kostar desse skoa? – Eit kyss! sa den flørtete seljaren. – Greitt, då kjem bestemor og betalar i morgon! Det er betre med ein tøff sykkel enn ein sjuk tøffel. Det er betre å fryse i teltet enn å telte i frysaren. Det er betre å ha hår i suppa enn å ha suppe i håret.
16 blader og ein sommargåve kvart år! Bestill på sondagsskolen.no
Det var militærøving i Nord-Noreg, og dårleg ver til sjøs. Ei melding kom inn over båtradioen. – Ver venleg å endre kursen din 15 grader nord for å unngå kollisjon, sa ei myndig stemme. – Eg føreslår at du legg om kursen din 15 grader sør, svara nordlendingen. – Dette er kapteinen på eit krigsskip. Eg gjentek, legg om kursen din! – Beklagar, men du må leggje om din kurs! – Dette er hangarskipet Entreprise i den amerikanske marinen. Legg om kursen din!!! – Vel, dette er eit fyrtårn.
Ei dame sette seg ved sida av ein liten gut på bussen. Ho spurde: – Kva heiter du, då? – Hans, akkurat som kongen! svara guten stolt. – Men kongen heiter jo ikkje Hans? – Å jau då! Hans Majestet!
Neste Barnas kjem 19. april! Ein nabo var seint ute, og spurde bonden: – Om eg tek snarvegen over jordet her, trur du eg rekk fem-bussen då? Bonden lo. – Om oksen får auge på deg, så rekk du fire-bussen.