Page 1

Ein introduksjon til klatring i volda og omegn


VOLDA, KVA KAN VI TILBY? Unikt

er ordet som kan skildre moglegheitene for klatring rundt omkring i Volda. Vi har eit stort spekter av forskjellege ruter og steinar. Alt i frå det lette til det vanskelege. Det er det som er flott med området vi har i Volda. Alt ligg klart til bruk.

Buldring

er ein type klatring som er lett, billig og gøy. Ein treng ikkje anna ein eit par sko. Tau og sikringar er ikkje nødvendig sidan klatringa som oftast ikje går meir enn eit par meter opp. Volda kan tilby mange gode felt som held internasjonal kvalitet.

Utvalet

av steinar som ein kan klatre på er svært stort. Når været ikkje er godt kan ein også nytte klatresiloen. Som også er eit godt alternativ. Det er berre å hive seg rundt og prøve. Alle er velkomne og det er berre å spørje om help om du lurer på noko.


grevsneset

Dette er kanskje ein

av få steinar i området vi kan kalle urban. Omgitt av asfalt og nydeleg utsikt til voldsfjorden. Den er ikkje av dei største steinane, men kan tilby fleire forsjellege ruter. Alt i frå krevande til det enkle. Perfekt visst ein har lyst til å prøve å klatre og ein god plass å starte. Fin gå- og sykkel avstand frå Sentrum.


SKORGEURA


Skorgeura er ei av dei største steinurene i skandinavia og buldera held internasjonal kvalitet. Eit legendarisk buldrefelt på Sunnmøre. Mange forskjellege problem som ein kan bruke ein haustkveld på.


FLO


Ein kan beskrive Flø som spektakulært. Heilt ut mot

stranda ligg stein etter stein. Buldera er like flotte som naturen er. Det er vanskeleg å klatre fordi ein vil like gjerne bruke tide på å sjå på naturen. Luksusproblem.


VOLDA Klatreklubb http://www.pedit.no/org/skk/ for meir informasjon Kontaktperson sindre dimmen 954 32 910

Volda klatreklubb  

Brosjyre for Volda klatreklubb - ein introduksjon til klatring i Volda og omeign (laga av Lars Otto Lofthus Ose, skuleåret 2009-10).

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you