Issuu on Google+

Ein stad å vere og ein stad å lære! Ned den korte trappa til høgre for kantina og ti meter rett fram finn du ei dør som fører deg til skulebiblioteket. Går du inn den døra blir du møtt av ei alltid smilande og hjelpsam Heidi Holen, som er bibliotekar ved skulen. I dette lokalet med store vindauge i retning mot sjøen kan alle tilsette og elevar ved skulen komme for å nytte seg av det store utvalet biblioteket har å by på. Biblioteket satsar på å ha skule- relatert stoff i form av skjønnlitteratur, faglitteratur, lydbøker, musikk, filmar og tidsskrifter. Heidi presiserer at det er viktig at folk veit at biblioteket og satsar på fritidslesing. - Her er også litteratur til kos. Noko for ein kvar smak Her er noko for ein kvar smak og for ei kvar studieretning kan Heidi fortelje. Alle studieretningane skal kunne bruke biblioteket, så ho kjøper difor inn stoff som er relatert i forhold til dei. Ho går bort til den lange hylla i det eine hjørnet i rommet for å vise eit døme på dette. Ho tek fram bladet ”Digital foto”, og seier at dette til dømes er relatert i forhold til medium og kommunikasjon. Heidi ynskjer at både lærarane og elevane burde bli flinkare til å benytte seg av dette tilbodet. Ho hjelper gjerne til om det er noko stoff lærarane eller elevane treng i undervisninga, og om biblioteket på skulen ikkje har akkurat den boka eller filmen vedkomande ynskjer, fortel ho at bibliotek landet over fungerar som ei stor familie Vi hjelp kvarandre. Viktig med fleire kjelder Er du ein av dei som aldri besøker biblioteket, fordi du føler at du finn alt du treng av informasjon på internett, burde du kanskje revurdere dette. Heidi er sjølv ein av dei som bruker internett flittig, men å bruke fleire kjelder er svært viktig seier ho, og forklarer kvifor.

Heidi Holen fortel at ho har fått inn mange nye bøker i haust. Blant anna kan ho tilby ”Lucifers evangelium” av Tom Egeland. Dette er ei bok som har fått mykje bra kritikk.

Alt er systematisk plassert i forhold til kategoriar, namn på forfattar og tal. - Når ein tar vidare utdanning krev lærarar at ein bruker kjelder frå ulike medium. Då held det ikkje å kun bruke internett som medium. Når ein slår opp i ei bok i ei innhaldsliste finn ein gjerne ord som er relevant i forhold til eit emne. Om ein hadde søkt på internett er det ikkje sikkert at ein hadde kome på desse orda. Så det ein finn av informasjon på internett er ofte svært tilfeldig, alt ettersom søketeknikken til vedkomande er god eller dårleg. Har du tips? For å tilpasse seg målgruppa er Heidi interessert i å få tips om kva du synest ho bør kjøpe inn av bøker, filmar, musikk eller lydbøker. For å finne ut om biblioteket allereie har til dømes

boka du ynskjer å benytte deg av, kan du søke i søkefeltet på heimesida til biblioteket som du finn både på Fronter og skulen si nettside. Du kan også spørje Heidi direkte. Ein kan kome til biblioteket for å slappe av med venar, låne bøker, filmar og lydbøker eller gjere lekser på grupperomet ved sidan av biblioteket som blir nytta som lekse- og leserom. Biblioteket er ein stad å vere og ein stad å lære, seier Heidi med eit stort smil om munnen. Ingvild Marie Velsvik

3


Om biblioteket