Skip to main content

Del_V_Høyanger

Page 1

DEL V: HØYANGER Tekst: Glenn Heine Orkelbog (Feltleiar) OMRÅDESKILDRING

Det austlegaste punktet for traseen i Høyanger ligg på omlag 700 meters høgde, på grensa mot Balestrand på lag midt i Eiriksdalen. Kommunegrensa ligg inntil mastefeste FM 88, som då ligg i Balestrand. Kommunegrensa deler Eiriksdalen på midten mellom Blankavatnet (Balestrand) og Høgsvatnet (Høyanger). Landskapet i den midtre delen av Eiriksdalen er eit ope dalføre prega av vasskraftregulerte vatn og store myrflater. Vegetasjonen består i all hovudsak av mose, bærlyng og gras, men òg enkelte parti med tett fjellbjørkeskog. Frå austgrensa til traseens og Høgsvatnet fell landskapet nedover og dannar ei flate vest for Høgsvatnet kalla Botnen. Flata er stort sett myr, men sentralt gjennom dalføret frå aust mot vest går eit elvedelta frå Roesvatn. At ein no er lågare i terrenget vert klart av ein større variasjon i vegetasjonen. Fjellsidene er framleis dekte av fjellbjørkeskog, men i dalbotnen på elvedeltaet veks det no fleire ulike typar lauvtre, framleis hovudsakleg bjørk. Elva går over eit stup i vest og ned i Dalsdalen. Stupet markerer den vestlegaste grensa i Eiriksdalen.

Oversiktskart over dei registrerte områda i Høyanger. Sjå òg kartvedlegga bak.

Traseen skjer tvers over Botnen frå søraust mot nordvest og går ikkje over stupet ned i Dalsdalen, men klatrar oppatt på nordsida av dalen. Der følgjer traseen fjellsida langs 225


Rokkleiva frå tunnelen og vestover, ned til trallebanestasjonen i vest. Traseen går parallelt med, og på nordsida av anleggsvegen. Frå mastefeste FM 77 nord for trallebanestasjonen går linja ned den bratte fjellsida til K2 kraftstasjon i Dalsdalen. På nordsida av Høyangerelva, nordvest for kraftstasjonen skal den nye trafostasjonen kome. Terrenget stig svakt frå elveleiet over vegen og inn på eit mindre beiteområde kalla Ekreng. Vidare nordover i retning Ekrefjellet er det svært bratt. Den nordlegaste delen av trafoområdet består derfor i all hovudsak av steinur og tett blandingsskog, der storparten av trea er lauvtre. Skogen nærast beitemarka i sør er meir open, noko som truleg skuldast beiting. På sørsida av beitemarka ligg nokre tufter, (K129976). Beitemarka er omkrinsa av eit steingjerde. Det nordvestlege hjørnet på trafoområdet inneheld eit plantefelt med gran. Frå FM 77 i trafoområdet går traseen bratt opp nordsida av Dalsdalen opp til BM 70 der landskapet flatar noko ut. BM 70 ligg på omlag 700 meters høgd. Landskapet stig framleis ganske bratt nordover mot Botnafjellet, men flatar ut mot nordaust i retning Botnaelva og Stølsdalen. Terrenget består i all hovudsak av myr. Lengst sør, på kanten før landskapet fell bratt ned i Dalsdalen, er det tett krattskog av fjellbjørk. Frå BM 70 og BM 77 går traseen i to retningar. BM 70 går vidare nordover mot Botnafjellet, medan BM 77 går nord-austover mot Stølsdalen i Gaular kommune. Sistnemnde vert ikkje utdjupa her, men kjem inn under Gaularrapporten. Frå mastefeste FM 67 stig terrenget bratt oppover i retning nord, mot toppen av Botnafjellet. Myrlandskapet er no bytta ut med reine bergflater, skrentar, steinrøyser og større flyttblokker. Botnafjellet er traseens høgaste punkt langs heile del II, frå Sogndal til og med Gaular, med ei høgd over havet på 1183 meter. Traseen følgjer Botnafjellet mot nordaust i retning Høgegga og Steinbotnen, før den endrar retning mot nordvest. Der traseen endrar retning fell linja bratt ned til dei store myrflatene nordaust for Øvre Breiddalsvatn. Området går under namnet Gamlestølen. Traseen skjer tvers over myrflatene og stig bratt oppatt over Larssellfjellet i retning Steinbruvatnet i nordvest. Steinbruvatnet er delt i to i aust-vestleg retning mellom Gaular og Høyanger kommune. Vatnet er slik sett Høyangers og dermed denne rapportens nordlegaste grense. Steinbruvatnet har fått namnet sitt av ei landbru som nesten deler vatnet i to. Mellom dei resterande meterane er det lagt ned stein slik at ein kan gå tørrskodd over vatnet, derav namnet Steinbruvatnet. Vatnet ligg i enden av Steinbrudalen og ligg forholdsvis innestengt mellom fjelltoppar. På sørvestsida av vatnet mot inngangen til Steinbrudalen ligg ei mindre flate. Denne endar i ein bergknaus med to hellerar som ligg tett inntil vatnet. På flata ligg ei tuft og ein teltring. Steinbruvatnet ligg på omlag 900 meters høgd over havet. Vegetasjonen i området frå Botnafjellet via Gamlestølen over Larssellfjellet til Steinbruvatnet i nord er ein typisk høgfjellsvegetasjon. Det er få tre, berre enkelte fjellbjørker. Elles er floraen prega av mose, lyng, gras og lågare busker. GANGEN I ARBEIDET

226


Registreringane i Høyanger kommune vart gjennomført i perioden 29.-31. juli, den 5. og 18.27. august av Morten Tellefsen, Glenn Heine Orkelbog og Anne Mette Haugen. Prosjektleiar Ingar M. Gundersen deltok i 4 dagar. Totalt sett utgjorde dette 28 dagsverk i felt og 5 dagsverk til rapportarbeid, totalt 33 dagsverk. Området frå Steinbruvatnet og sørover mot Botnafjellet vart registrert i slutten av juli. Området vart prioritert først grunna høgda over havet og at ein frykta eit tidleg snøfall. Arbeidet vart utført ved at utstyr og personell vart floge inn til Steinbruvatnet. Dei neste tre dagane fungerte Steinbruvatnet som base for registreringar både nordover inn i Gaular, men òg sørover ned mot Botnafjellet. Sjølve Botnafjellet vart registrert på ein dagstur der vi òg vart flogne med helikopter inn/ut. Området sør for Botnafjellet vart registrert ved eit seinare høve då det var lettare tilgjengeleg frå Stølsdalen i Gaular. Eiriksdalen vart registrert i sin heilskap, både Balestrand og Høyanger samstundes, i dei tre første vekene i august. Rundt fem dagsverk gjekk med på Høyanger-sida av dalen. Traseen sin nære plassering inntil eksisterande anleggsveg og eit forholdsvis lett farbart terreng, og tilgang på ATV-køyretøy, gjorde at vi fekk registrert eit stort område på kort tid. Registreringsmetoden som vart nytta var hovudsakleg overflateregistrering, der ein ser etter fornminne i overflata. I tillegg vart område i nærleik til vatn undersøkte med prøvestikking. Denne metoden går ut på å grave prøvestikk på omlag 40x40 centimeter. Jordmassane vert vass-sålda der det er mogleg. Prøvestikking gjev oss eit betre inntrykk av kva som finst under jorda, og er den vanlegaste metoden for å påvise blant anna steinalderaktivitet i eit område. For Høyanger sin del er prøvestikkinga konsentrert til vestsida av Roesvatn, nede på ”Botnen”. Funn vert dokumentert skriftleg og digitalt, og kartfesta med ein handhalden GPS.

Henta av helikopter på Årteigstølen, (foto #2).

Teltleir ved Steinbruvatnet, (foto #3). I bakgrunnen synest R 129719 og K 129720.

REGISTRERINGANE I HØYANGER

Totalt seks lokalitetar vart registrerte i Høyanger: R 129718, R 129719, K 129720, K 129721, K 129955 og K 129976. R 129718 ligg på Gamlestølen, ovanfor den nordaustlege enden av Øvre Breiddalsvatnet, og der landskapet byrjar å stige opp mot Botnafjellet i aust. R129718 ligg 160 meter sørvest for traseen.

227


R 129719 er ei tuft som ligg på odden ved Steinbruvatnet, nærare skildra ovanfor. Lokaliteten ligg utanfor traseen. K 129720 og K 129721 er to hellerar som ligg på same odden som R 129719, berre rundt 30 meter lenger nordaust. K 129955, Eiriksdalstølen, ligg inntil oppdemminga av Høgsvatnet i Eiriksdalen. Lokaliteten er derfor den austlegaste lokaliteten i Høyanger. K 129955 ligg nokre hundre meter nord for traseen, men i tilknyting til anleggsvegen. K 129976 er ein heimestøl med nokre tufter, ei rydningsrøys og to steingjerder som ligg i tilknyting til Ekreng, og ei beitemark som ligg midt i trafoområdet nede i Dalsdalen. R 129718 (STØLSANLEGG , LOK 264, GAMLESTØLEN) Enkeltminnekategori Tufter Innhegning

Tal 6 1

C14-datering S5: 900 – 920, 950 – 1040 e. Kr. S6: 390 - 560 e. Kr. S2: 1260 - 1310, 1360 - 1390 e. Kr.

Tal på kolprøver 2 1

Oversiktskart over R 129718.

Terrengskildring og plassering Stølsanlegget ligg inntil den nordaustlege delen av Øvre Breiddalsvatn, omlag 800 meter over havet. Landskapet på nordsida av Øvre Breiddalsvatn er eit ope myr/slettelandskap. I midten av dalen er det svært fuktig, men langs den austlege hellinga der lokaliteten ligg, er det tørrare og betre drenert. Dei ulike strukturane som utgjer lokaliteten ligg tett samla rundt ei samling mindre kollar. Terrenget skrånar svakt ned mot vatnet i sørvest.

228


Den sørlege og vestlege grensa er avgrensa av Øvre Breiddalsvatnet og elva som kjem ned frå Steinbotnen i nord. Mot nord opnar terrenget seg meir opp og flatar ut medan terrenget i aust stig gradvis oppover i retning Botnafjellet. Utan klare landskapslinjer i nord og i aust er det vanskeleg å avgrense lokaliteten topografisk. Lokaliteten er derfor avgrensa etter strukturane si plassering. Dette vert utdjupa under omtalen av lokaliteten. Lokaliteten ligg om lag 160 meter sørvest for traseen, og traseen er såleis i indirekte konflikt med kulturminnet. Lokaliteten har stor opplevingsverdi, og ei føring av traseen over dalføret ved Øvre Breiddalsvatnet vil medføre ei klar visuell skjemming av dei kulturhistoriske verdiane.

Mot Steinbrudalen

Ø. Breiddalsvatn

N

Mot Botnafjellet

Oversiktsfotografi over Gamlestølen R 129718 med S2, innhegning, innramma, (foto #4).

Skildring av lokaliteten Lokaliteten er samansett av i alt 7 strukturar (S 1-7). Av desse er 6 tufter og ei innhegning. Sentralt plassert i lokaliteten oppå ein mindre kolle ligg S1 (tuft). I tilknyting til S1 ligg S2, ei tørrmura rektangulær innhegning. Den følgjer den nordlege hellinga på kollen som S1 ligg på. Struktur 5 og 3 ligg langs ein nordvestleg-søraustleg akse trekt gjennom S1. S5 markerer slik sett den nordaustlegaste grensa til lokaliteten, medan S3 markerer den søraustlegaste grensa. Dei andre strukturane ligg i området sørvest for denne aksen i retning elva og Øvre Breiddalsvatn. Struktur 1, 2 og 3 har alle godt synlege veggvollar/oppmuring. S2, innhegninga, er den mest intakte av desse, og på S1 og 3 er grunnmurane framleis synlege. Resten av strukturane er svakt synlege og i dårleg stand.

229


Struktur 5 og 6 skil seg frå dei andre, både når det gjeld plassering og storleik. Dei ligg begge plassert på små frittståande kollar nord for dei resterande strukturane. Tuftene er òg mindre enn dei andre. Denne noko perifere plasseringa i forhold til dei resterande strukturane, og mindre storleik, gjer det klart at S5 og 6 skil seg ut frå lokaliteten som heilskap. Dei representerer truleg ein eldre bruksfase av stølsområdet. Det er lite vegetasjon å snakke om. Enkelte fjellbjørker er å sjå, elles er det i all hovudsak snakk om busker, gras og mosetuer. Området er ypparleg eigna som beitemark. Den låge vegetasjonen er nok til dels ein konsekvens av nedbeiting.

Utsnitt av amts-kart frå 1866, teikna av løytnant A. Ræder, som syner R 129718, her nemnd som ”Breddalstøl”. Dette syner at stølen kan ha vore i bruk til langt opp på 1800-talet, med andre ord i opptil 1500 år. Forbi stølen har det også gått eit vegfar frå Høyanger til Gaular. Statens Kartverk.

Strukturskildring S1: Rektangulær tuft, som måler 5 x 3,7 meter med 0,5 meter høge veggvollar. Tufta ligg i nord/sørleg retning. Døropninga er sentralt plassert langs den søraustlege kortsida. Veggvollane/grunnmuren er tørrmura med mellomstore til små steinar. Litt stein har rasa ut, men grunnmuren er framleis forholdsvis intakt og godt synleg. Grunnflata til tufta dekkjer toppen på høgda ho ligg på. Tufta er sentralt plassert i forhold til dei andre strukturane i lokaliteten. Det er vanskeleg å tidfeste tufta. Godt synlege og intakte veggvollar peikar mot ei nyare

230


tidsdatering. S1 ligg òg i tilknyting til S2 som er datert til høgmellomalderen. Det er derfor mogleg at tufta er frå mellomalderen. Mest truleg er ho likevel yngre, men kan vere konstruert oppå og til dels av eldre strukturar som har stått på same plass.

S1, tuft (foto #5).

S2: Steininnhegninga som ligg inntil S1 i nord. Den måler 13 x 7,5 meter. Høgast er innhegninga nede i botnen av hellinga der steinblokkene er opptil ein meter høge. Forma på innhegninga er rektangulær, med svakt boga langsider og ei avrunda kortside i aust. Innhegninga er mura av mellomstore til store steinblokker, og må seiast å vere i god stand. To prøvestikk vart gravne i den austlegaste enden. Ein fann trekol i små mengder, nok til ei datering. Resultatet vart datering til høgmellomalderen (264P1: 1050 - 1300 e. Kr). Innhegninga kan ha hatt fleire bruksområde. Døme på slik bruk er å skilje dyr frå flokken eller at området har vore brukt til dyrking av grønsaker. S3: Tufta ligg på ei lita flate, omlag 20 meter sør for S1 (tuft). Dei tørrmura veggvollane er godt synlege. Murane er samansett av enkelte svært store steinar, men hovudsakleg store til mellomstore steinar. Langs den vestlege kortsida ligg døropninga, med utsyn ned mot Øvre Breiddalsvatn. Tufta måler 5,7 x 4,2 meter med 1,2 meter høge veggar. At tufta er forholdsvis intakt og godt synleg vert lagt til grunn for å gje S3 ei etterreformatorisk datering. Tufta er derfor ein del av den siste bruksfasen på stølen. Kva tufta har vorte nytta til er det vanskeleg å t somseie noko sikkert om. At den er nedsenka i terrenget kan tolkast som at ”kjellarrommet” har fungert som kuldekjellar for oppbevaring av mat og pastoralprodukt.

231


Over: PS 2, innhegning, profil (foto #7). Til venstre: S2 innhegning (foto #6). Under: S3 tuft (foto #8).

S4: Er ei svakt synleg rektangulær tuft, som ligg på ei flate i eit lite søkk omlag 30 meter nordvest for S1. Tufta måler 9 x 5,5 meter med ei høgd på 0,2 - 0,3 meter. Restar etter oppmuring er synleg i det sørvestlege hjørnet av tufta. Tuftas nordaustlege ende ligg inntil ein nord/sør gåande skrent, som kan vere ei nedgraving. Å tidfeste tufta er vanskeleg. Ikkje noko trekol vart påvist. Tek ein omsyn til storleiken og den avlange, smale forma på S4, er det

232


mogleg at strukturen representerer endå ei innhegning tilsvarande S2. Skulle det vere tilfellet, er det ikkje utenkjeleg at dateringa på S4 går attende til høgmellomalderen.

S4, tuft/innhegning sett mot søraust (foto #9).

S5: Ei lita og svakt synleg tuft som ligg på ein frittståande kolle nordaust for S4. Tufta er kvadratisk og måler 4 x 4 meter med ei høgd på 0,2 meter. Den står fram som eit svakt søkk i bakken. Veggvollar i stein vart påvist ved stikking med jordborr. Eit prøvestikk vart grave sentralt i tufta og ei C14-datering vart teke ut (264P3). Resultatet gav datering til 900 – 920, 950 – 1040 e. Kr, som svarar til vikingtid.

S5, tuft (foto #10).

S5, tuft sett mot SV (foto #11).

233


S6, tuft (foto #12).

PS 1, S6 tuft (foto #13).

Utsyn frå S6 mot Øvre Breiddalsvatn i SA (foto #14).

S7, tuft (foto #15).

234


S6: Er ei lite synleg tuft, plassert oppå ein mindre kolle, omlag 15 meter nordvest for S5. Tufta måler 7 x 5 meter og står fram som eit søkk i bakken. Nedskjeringa måler 0,3 meter. Ei C14-prøve er datert og syner at tufta er frå romartid til folkevandringstid (264P2: 390 - 560 e.Kr). S7: Rektangulær tuft, som måler 6 x 5 meter med 0,1 - 0,2 meter høge veggvollar. Tufta er svakt synleg i terrenget og ligg på ei flate sør for elvemunninga og 15 - 20 meter nord for S1. Ingen C14-prøve vart teke ut, så datering på tufta er uviss. R 129719 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 265, STEINBRUVATN) Enkeltminnekategori Tuft

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering R 129719 inneheld ei frittliggjande tuft. Tufta ligg på vestre del av odden som stikk ut i Steinbruvatnet, omlag 20 meter frå vasskanten i nord og 6 meter frå ein vassdam i sør. Tufta ligg nær K 129720 i nord og K 129721 i nordaust. Landskapet er eit utprega høgfjellslandskap med lite vegetasjon. Bratte fjellskråningar, steinurer og større flyttblokker dannar eit innestengt landskapsrom som opnar seg i retning vest mot Steinbrudalen, og mot nordvest i retning Styggevatn og Gaular kommune.

Oversiktskart over R 129719, K 129720, K 129721.

Lokalitetsskildring Lokalitet R 129719 ligg på ei mindre flate, nede i eit søkk. Søraust for R 129719 går ein sti i nordleg retning mot Steinbrua. Rett ovanfor stien, i det terrenget byrjar å stige bratt oppover 235


ligg, K 129720 (heller). Følgjer ein nordsida av steinura/bergveggen i austleg retning så kjem ein til K 129721 (heller). Ut frå K 129720 har ein utsyn ned til K 129719 og mot den sørlegaste enden av Steinbruvatnet. Alle lokalitetane ligg utanfor traseen, som strekkjer seg tvers over inngangen til Steinbrudalen i nord, nokre hundre meter vest for lokalitetane. Traseen er såleis i liten grad av konflikt med kulturminnet. Tufta er ikkje nemnd på eldre amts-kart, noko som syner at ho ikkje har tilknyting til stølsdrift frå nyare tid.

S1, tuft (foto #16).

236


Oversiktsbilete av R 129719 mot SV (foto #17).

Strukturskildring S1 er ei rektangulær frittliggjande tuft, som måler 7 x 5,5 meter med ei høgd på 0,6 meter. Tufta har ein meter breie veggar som er forankra inntil ei jordfast flyttblokk i søraust. Veggane er tørrmurte, og golvet er hellelagt. Tufta er etter forholda godt teken vare på og godt synleg. Moderne bruk av tufta som rasteplass for turgåarar har medført noko utrasing av veggane. Stein har vorte teke frå veggane for å lage sitteplassar og eldstader. Tufta ligg i lengderetninga mot aust/vest. Ingen C14-prøve vart teke ut, då strukturen ikkje har påviselige kulturlag. Tufta kan setjast i samband med bruk av høgfjellsressursar og har truleg fungert som stølsbygning eller jakthytte. Det er vanskelig å tidfeste strukturen nærare enn ei generell datering frå sein mellomalder og opp i nyare tid. K 129720 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 266, STEINBRUVATN) Enkeltminnekategori Heller

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring Sjå terrengskildring for R 12719. Lokalitetsskildring Helleren ligg litt oppe i ei bergside av store utraste steinblokker og har utsyn ned til Steinbruvatnet i nord. Mellom to store steinblokker skrår bergveggen utover og dannar ein mindre heller. 10-15 meter sørvest for K 129720 ligg R 129719 (tuft). Strukturskildring 237


Helleren er stor nok til å stå oppreist i og måler 3,2 x 2,5 meter i lengd/breidd med ei høgd på mellom 0,8 til 2 meter. Inntil den austlege og vestlege veggen er eit par enkle sitteplassar konstruert. Ingen eldre kulturspor eller kulturlag var synlege. Ein del skrot, som flasker, koppar og ei fiskestang vitnar om moderne utnytting av helleren, mest truleg som rasteplass. Ein må forvente at ein tilsvarande bruk av helleren kan gå langt attende i tid.

K 129720, heller, sett mot aust (foto #18).

K 129720, inne i helleren (foto #19).

K 129721 (BUSETTING/ AKTIVITETSOMRÅDE, LO K 267, STEINBRUVATN) Enkeltminnekategori Heller

Tal 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring Sjå terrengskildring til R 12719. Lokalitetsskildring K 129721 ligg om lag 35 meter nordaust for R 129719 (tuft) og 5-6 meter nordaust for K 129720 (heller). Helleren ligg høgare oppe i skråninga enn R 129719 og K 129720. Likevel har ein ikkje utsikt ned til dei ovannemnte lokalitetane. Utsynet er blokkert av bergveggar i aust/vest, medan mot nord har ein utsikt ned på Steinbruvatnet. Strukturskildring Ein såkalla einmannsheller som måler, 2 x 1,8 meter i lengd/breidd og med 0 - 0,8 meters høgd. Helleren ligg omlag 20 meter oppe i ei vestvend bergside og er oppmura under ei skrånande bergflate. Golvet er mosedekka og oppbygd av småstein. Mot nord gjev ein oppmura vegg og ei lita steinhelle ly ut mot opninga av helleren. Helleren er ikkje synleg frå stien nede ved Steinbruvatnet i nord. Den godt skjulte plasseringa kan tyde på at helleren har fungert som skytestilling under storviltjakt. Ingen C14-prøve vart teke ut og det var lite som tyda på eldre kulturpåverknad i helleren. Nokre restar etter bruk i nyare tid er derimot synleg. Som med K 129720 kan òg tidsramma for utnyttinga av K 129721 likevel gå langt attende i tid.

238


K 129721 oversiktsbilete, sett mot SV (foto #21).

Inne i S1, heller (foto #20).

K129955 (STØLSANLEGG , LOK 288, EIRIKSDAL STØLEN, GBNR 62/3 -4) Enkeltminnekategori Tuft

Tal 3

C14-datering

Tal på kolprøver 0

Terrengskildring og plassering Lokaliteten ligg attmed den nordvestlegaste enden av Høgsvatnet, tett inntil oppdemminga av vatnet. Slik sett ligg lokaliteten på toppen av platået før Eiriksdalen fell ned mot Roesvatn og Botnen. Parallelt med den nordlegaste grensa av lokaliteten, i aust/vestleg retning går anleggsvegen, som kjem frå trallebanestasjonen lenger nede i dalen. Landskapet er lett kupert og fell frå ei flate i nord nedover mot demninga i sør. I søraust blokkerer ein bratt bergrygg utsikta vidare austover dalen, medan ein mot vest har god utsikt nedover dalen. Traseen med mastefeste BM 85 går på sørsida av vatnet. Lokaliteten er dermed ikkje i konflikt med traseen, men i indirekte konflikt med anleggsvegen (315). Vegetasjonen er enkelte fjellbjørkekratt, gras, mosetuer, bregner og bærlyng.

239


Oversiktskart over K 129955.

Lokalitetskildring Lokaliteten er samansett av tre tufter, S1-S3. S1, den største tufta, ligg oppe på flata nærast vegen i nord. Den ligg inntil ein tilsvarande moderne støls-/fritidsbustad i vest. Aust for, og på eit platå ovanfor S1, ligg endå ein fritidsbustad. Omlag 60 meter søraust for S1 ligg S2 og S3 tett inntil ein bergrygg. Bergryggen markerer den austre grensa av lokaliteten og går frå nord mot søraust. I sør er lokaliteten avgrensa av oppdemminga av Høgsvatnet og elva. Fritidsbustaden vest for S1 markerer den vestlege grensa, medan anleggsvegen markerer den nordlege grensa. Eiriksdalstølen er omtala i NIKU sin tilstandsrapport (Knudsen et al. 2007:23). Strukturskildring S1: Stølsbygning. S1 er ein delvis ivareteken stølsbygning med total lengde på 15 meter og ei høgd på 1,3 meter. Den sørlege delen av bygningen måler 8 x 5 meter. Her har bølgjeblekktaket kollapsa inn i strukturen, som no er attfylt med bygningskrot frå restaurering/ombygging av fritidsbustaden attmed. Det er ein døropning plassert midt på den sørlege kortsida. Nordenden av tufta smalnar inn i vest, og måler 6 x 4 meter. Dette representerer truleg eit seinare tilbygg til den sørlege delen. Tilbygget har ein døropning plassert midt på kortsida. Det finst derfor ein døropning i kvar ende av huset. Tufta ligg omlag 25 meter sør for anleggsveg 315, og er såleis i indirekte konflikt med tiltaket.

240


Eiriksdalsstølen og S1 sett mot sørvest frå anleggsveg (foto #22).

S1, tuft (foto #23).

S2: Tuft. S2 ligg inntil bergryggen søraust for S1(tuft) og måler 10 x 3,1 meter med ei høgd på 0,9 - 1 meter. Bergryggen, ein skrent, utgjer den austlege langsida. Dei andre veggane er tørrmura av mellomstore steinar. Inngangen ligg i den nordlege kortsida. Tufta er forholdsvis intakt, berre enkelte stader har nokre steinar rasa ut. Inne i tufta ligg ein del moderne skrot. 241


Tek ein omsyn til tuftas storleik, er det sannsynleg at bygningen har fungert som fjøs eller lagerbygning. S3: Tuft. S3 ligg cirka 2 meter søraust for S2 og inntil den same bergryggen. Tufta måler 6 x 3 meter med ei høgd på 1,1 meter. Veggane er tørrmura av mellomstore steinar. Ingen inngang er synleg, men det har mest truleg vore ei trapp i den nordvestlege enden. Tufta har to rom på cirka 3 x 3 meter. I det nordlegaste rommet ligg eit golv av plank og kryssfiner, truleg eit seinare tilskot til ein eldre bygning. Som dei andre tuftene på lokaliteten er S3 fylt med moderne skrot. Inndelinga av tufta i to rom, der det fyrste truleg er eit vindfang, kan tyde på at ho har fungert som opphaldsplass for stølsfolket. At tufta virkar opphøgd (ein kjem berre inn via ei trapp) kan underbygge ei slik tolking. Her ville ein m.a.o. halde dyr ute. Å gje nokon presis tidfesting av strukturane er vanskelig, anna enn å kategorisere dei som eit nyare tids kulturminne. Ein kan gå ut i frå at S2 og 3 er samtidige. S1 er vanskelegare å tidfeste, sidan han er konstruert på ein heilt annan måte enn S2 og 3. Det er derfor meir sannsynleg at S1 er samtidig med den restaurerte/ombygde bygningen attmed, som no fungerer som fritidsbustad. I og med at S1 er betre bevart enn S2 og 3 er det naturleg å tenkje at S1 representerer ein yngre bruksfase enn S2 og S3.

S3, tuft (fot o#25).

S2, tuft (foto #24).

K 129976 (STØLSANLEG G , HEIMESTØL, LOK 28 9, GBNR 62/3 -4) Enkeltminnekategori Steingard Tuft Rydningsrøys

Tal 2 2 1

C14-datering

Tal på kolprøver 0 0 0

Terrengskildring og plassering Lokaliteten ligg i tilknyting til trafoområdet på nordsida av elva. Landskapet vert gradvis brattare oppover frå elva mot nord over vegen og inn mot lokaliteten, som ligg i beitemark. Ovanfor beitemarka i nord stig landskapet bratt opp mot Ekrefjellet. Dei nordlegaste delane av trafoområdet består derfor hovudsakleg av steinur, store utrasa blokker og tett lauvskog. Nordaust for lokaliteten ligg eit plantefelt med gran.

242


Oversiktskart over K 129976 (kart #4).

Lokalitetskildring Lokaliteten er samansett av to tufter (S2 og S3) to steingjerde (S1 og S5) og ei rydningsrøys (S4). Tuftene ligg attmed kvarandre lengst sør i lokaliteten omlag 5-6 meter nord for vegen som går inn til K2 kraftstasjon. Tuftene ligg i aust/vestleg lengderetning. Vegen er då lokaliteten si sørlege avgrensing. Nordaust for tuftene, inne på beitemarka ligg S4 (rydningsrøysa). Omlag 10 meter aust for denne, i nord/sør-gåande retning, går steingarden (S5) som representerer den austlegaste avgrensinga av lokaliteten. Austre del av S1 (steingard) går nordover frå S2 og rundt beitemarka i delar mot vest. S1 og granplantefeltet avgrensar lokaliteten i nord og i vest. K 129976 ligg cirka midt i trafoområdet, og tiltaket kjem derfor i stor grad av konflikt med kulturminnet. Strukturskildring S1: Steingard. Gjerdet ligg tett inntil nordsida av S2 og 3 (tuft) og går austover før det svingar i retning nordvest. Lengst i søraust er gjerdet kraftig, noko som truleg kjem av at rydningsstein har vorte stabla inntil gjerdet. Gjerdet går vidare mot nordvest i brotstykke og deler beitemarka i to. I den nordlege delen av beitemarka går gjerdet inn i lauvskog, og svingar mot vest. Dess lenger vest ein kjem, dess vanskelegare vert det å følgje gjerdet. Det har truleg svinga attende mot sør i det nordvestlegaste hjørnet av beitemarka og gått ned til vegen. Gjerdet har på den måten gått rundt den vestlegaste delen av lokaliteten. Dateringa er uviss, strukturen er truleg samtidig med resten av strukturane på stølsanlegget. Stølen gjekk ut av bruk på 1930-talet. S2: Tuft. S2 er ei rektangulær tuft, som måler 8 x 5 meter med ei høgd på 1, 7 meter. Tufta er tørrmura av store steinblokker, det er sannsynleg gjort maskinelt. Tufta har ein vindaugs-

243


opning langs den sørlege langsida, medan døra ligg langs den vestre kortsida, mot S3. Tufta har truleg fungert som ein fjøs. S3: Tuft. S3 måler 4 x 7 meter lengde og breidde, og 0,9 meter høgd. Tufta ligg på linje med S2 , 2 meter vest for S2. Den er også tørrmura av store steinblokker. Dette tyder på at tuftene er samtidige, og mest truleg stammar frå den siste bruksperioden av heimestølen, frå tidleg 1900-tal opp mot 1930-talet. Tufta sin funksjon er ukjent. I tufta ligg det ein del jernskrot og bølgjeblekk.

S2, tuft (foto #26).

S3, tuft (fot o#27).

S2 og S3 sett mot NA (foto #28).

S4, rydningsrøys (foto #29).

S4: Rydningsrøys. S4 ligg på beitemarka aust for S1 og nordaust for S2 og 3. Den er rund oval i forma og består i all hovudsak av mindre stein. Større rydningstein har truleg vorte nytta i oppmuringa av S1 og S5 (steingjerda). Røysa måler 3 x 3 meter med ei høgd på 0,4 0,5 meter. S5: Steingjerde. S5 ligg 10 meter aust for S4 og representerer austgrensa på lokaliteten. Gjerdet har nok truleg innhegna beitemarka frå tuftene og austover før gjerdet har svinga mot nord. No er det først og fremst synleg som eit nord- til sørgåande steingjerde. I nord lyt ein gå ut i frå at gjerdet har svinga vestover mot S1 og at desse to gjerda har utgjort ei fullstendig omkransing av lokaliteten.

244


S5, steingjerde (foto #30).

OPPSUMMERENDE KOMMENTARAR FOR HØYANGER

Registreringsarbeidet i Høyanger kommune er utført som del av oppfylling av undersøkingsplikta § 9 i Lov om kulturminne i samband med Statnett sine planar ny 420 kV linje, frå Fardal i Sogn til Ørskog i Sunnmøre. Det er nytta totalt 28 dagsverk i felt. Det er ikkje gjort tilsvarande registreringar i området tidligare. Resultatet av registreringa er totalt 6 lokalitetar. Tiltaket ligg i liten grad av konflikt med 3 lokalitetar (R 129719, K 129720, K 129721), og i indirekte konflikt med R 129718 og K 129955. Trafostasjonen i Høyanger medfør stor grad av konflikt med K 129976. Totalt sett utgjer dei 6 lokalitetane 18 strukturar, derav 12 tufter, to hellerar, ei innhegning, to steingjerde og ei rydningsrøys. Kulturminna er alle knytt til utnytting av utmarksressursar og gjev oss viktig kunnskap om levevegar og busetnad i Høyanger i førhistorisk og historisk tid.

245


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Del_V_Høyanger by Mediebruket - Issuu