DEL VII: FØRDE OG JØLSTER Tekst: Oddhild Dokset (feltleiar) og Solveig Roti Dahl OMRÅDESKILDRING
Traseen går frå grensa mellom Naustdal og Førde kommune ved Sletteholten og held fram mot søraust mot Kvinestølen og vidare gjennom Erdalsdalen. Traseen kryssar vidare aust for Førdsnipa og kryssar Anga ved Kvamsfossen. Traseen held fram søraust mot Blåane og grensa til Jølster kommune. Traseen kryssar E39 ved Moskog. Landskapet er dominert av kuperte, skrinne fjellområde med bergknausar og myrparti, større område med myr og skogkledde skråningar lågare i landet. Traseen går også over dyrka mark der traseen kryssar E39 ved Moskog. I området der grensa går mellom Jølster og Førde skal det byggast ein trafostasjon. Området er relativt flatt, der er mykje lyng og skog og fleire myrområder. Herifrå går det to traséalternativ. I første alternativet, trasé 1.2.4, kryssar linja riksveg 13 og held fram mot Åsevatn. Terrenget er prega av bratte fjellknausar og myrområder. Linja held fram oppover Åsen vest for Rabbegga mot Tuna og Liastølen, og går aust for Blomfjellet langs Gravvatnet til Gaulargrensa. Terrenget her er kupert og til tider svært bratt. Det er fuktige myrområder, fleire elvar og det veks ein del lauvskog i enkelte områder.
Oversiktskart over dei registrerte områda i Førde og Jølster. Sjå òg kartvedlegga bak.
275