DEL XI: EID Tekst: Solveig Roti Dahl (feltleiar) OMRÅDESKILDRING
Traseen kjem frå Ålfoten over Hundvikfjorden, og går oppover fjellsida kalla Uførene i Eid kommune. Kraftlinja går austover langs fjellrekka frå Veten mot Trollenykjen og vidare mot Nor. Ved Norsætra skrår linja bratt nedover og kryssar riksveg 15 ved byrjinga av Hornindalsvatnet. Linja går gjennom eit område med eit sandtak, og kryssar heilt aust i Eidselva. Linja går over Vedvika gard og opp ei bratt fjellside. Kraftlinja går nordover til Stigedalen, kryssar E39 og går på vestsida av vegen til linja igjen kryssar E39 ved Nestedalsflåa. Her skrår linja meir mot nordaust og held fram nordaust i Stigedalen forbi Movatnet fram til grensa i Møre og Romsdal. Landskapet er variert med ein del bratte fjellskrentar og kupert terreng. Der er fleire større myrområder og fjellområder som er relativt flate og oversiktlege å registrere i. Det er stort sett lite vegetasjon, og store delar av linja går over tregrensa. I enkelte små områder er det tettare vegetasjon, både granskog og lauvskog. Kraftlinja skal også gå gjennom eit område der det er fleire støylar. Det er mykje berg og myrlandskap ved desse støylane.
Oversiktskart over traseen i Eid. Sjå òg kartvedlegga bak.
361