
Temabilag for Nordfjord 19./20. februar 2016

![]()


Stryn vidaregåande skule har starta eit framtidsretta utviklingsprosjekt for utdanning av framtidas helsefagarbeidarar. Der er Max Gausen Almering, (f.v.), Åsne Loen Flo, Ane Andersen Flo og dei andre elevane del av eit unikt tilbod. side 4



Uansett kva yrkesfag du går på Eid vidaregåande skule får du undervisning i automasjon,
• Jørn-Arne Tomasgard nordfj@fjt.no
Automasjon er eit fagområde som finst over alt rundt oss. – Tenkt deg at du skal gå inn på ein butikk og døra opnar seg automatisk for deg. Det er automasjon som ligg til grunn for at døra går opp. Eller at du jobbar hjå møbelprodusenten Ekornes og skal styre automatisert utstyr. Det finst over alt og det blir meir og meir av, seier rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule.
Spørsmålet er då: Skal ein heller velje elektro- og automasjonsutdanning enn møbelsnikkarutdanning om ein ynskjer å jobbe med møbelproduksjon?
– Du skal gå møbelsnikkar! Fordi då får du lære basisen i yrket. Samstundes får du opplæring i automasjon som ein del av utdanninga, seier rektor Bjørlo.
Barrierar viska ut Utviklinga ved den vidaregåande skulen på Eid er at det som måtte vere av grenser og barrierar blir stadig meir utviska. Elevmassen er eitt. Det gjeld både i form av at elevane er fysisk samlokalisert, og at utdanningane går over i kvarandre. Barrierane mellom skulane i Nordfjord er jamvel i ferd med å bli viska ut. Skulane på Eid og i Stryn har inngått eit samarbeid der elektroelevar på Eid innreiar ei leilegheit i Stryn med velferdsteknologi, helsefagelevane i Stryn kjem
inn med «varme hender» og nyttar teknologien til å gje omsorg. Prosjektet har kome i stand i samarbeid med det nystarta EnergiKompetanseSenteret i Nordfjord (EKS) som er etablert på Eid. Prosjektet treff midt i hjartet på rektor Bjørlo, som jobbar for at skulen skal vere ein yngleplass for gründerverksemd.
– Vi har også eit programfag på studiespesialisering som samarbeider med yrkesfag, kalla Teknologi og forskingslære. Det er eit resultat av samlokaliseringa. Vi flytta inn i det nye bygget, der vi fekk plass til både studiespesialiserande fag og yrkesfag, i 2009. No har vi vore her så lenge at vi verkeleg ser resultatet av samlokaliseringa. Skulen utviklar eit energisenter saman med EKS rundt fornybar energi, slik at vi generelt kan integrerer dette i undervisninga.
Lågt fråfall – Vi har jobba veldig mykje med at det skal vere EIN skule. Det skal vere VI, ikkje allmennog yrkesfag, seier utviklingsleiar Torild Natvik. Det har ført til eit godt og samansveisa miljø med særs lågt fråfall, slik trenden er på alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Ny statistikk viser at berre ein elev slutta og 92 prosent fullførte med bestått av om lag 380 elevar på Eid i skuleåret 2014/2015. Til samanlikning var det eit fråfall på kring 40 prosent på yrkesfag på landsbasis.
Gründertanken er levande i



dette miljøet. I fjor vann elevverksemda Westtip Supplies NM for ungdomsverksemder med ei silkasse for oppdrettsnæringa. Verksemda med seks elevar på første året på teknikkog industriell produksjon (TIP) fekk sju av ti prisar. No er elevane spreidd på vidaregåande skular på Eid, i Måløy og Florø. Men Bjørlo er viss på at det ikkje er det siste vi har sett av dei.
– Eg er sikker på at dei og andre av elevane våre vil vise att i gründerverksemd i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune lanserte nyleg ein næringsplan med ei ambisiøs målsetting om å skape 500 nye arbeidsplassar kvart år framover. Dei vidaregåande skulane må vere ein del av den skaparkrafta som trengst. Og vi må nytte tida dei går på vidaregåande til å gje dei lokal tilknyting.
Yrkesfaga på Eid har styrka seg siste åra, trekt opp av elektroog automasjonsmiljøet. Av kring 380 elevane er halvparten yrkesfagelevar.
Det er tre store verksemder på Eid innan elektrofeltet: Normatic, Eid Elektro og Caverion. Også verksemder i nabokommunane som Ulvesund, Sætren, Øvreberg, Stryn Energi, Tussa, Henden og SFE hentar fagarbeidarar frå dette utdanningsmiljøet.
– Vi har tett samarbeid med Opplæringskontoret for elektrofag, og samtlege fekk læreplass i fjor. Det trengst stor rekruttering lokalt til dette faget, vi har 240 arbeidsplassar i denne næringa berre på Eid, seier rektor Ove Bjørlo.
– Bør elevar som har lyst å busetje seg her i distriktet velje yrkesfag framfor allmennfag?
– Eg trur vi får brukt for breidda av utdanningar. Vi vil trenge fagarbeidarar, ingeniørar, sjukepleiarar, lærarar, legar og så vidare. Byrjar ein sjå etter, er det utruleg mange funksjonar som skal fyllast.
Utdanningsleiar på studiespesialisering Åsta Navelsaker Røed trur det kan vere lurt å tenkje breitt, og skaffe seg ulik kompetanse.
– Det er ikkje slik lenger at du er 40 år i same jobb. Vi må innstille oss på at omstillingstakta blir endå større i neste generasjon. Utdannar du deg til noko i dag, må du rekne med å omstille deg i løpet av yrkeskarrieren.
• Cirka 380 elevar og 90 tilsette.
• Forløparen for den yrkesfaglege delen var Holmøy Arbeidsskule, skipa i 1858. Eid Gymnas vart stifta i 1922.
• Studieretningar: Studiespesialisering, Elektrofag, Teknikk og industriell produksjon, Påbygg for generell studiekompetanse, Design og handverk og Innføringsklasse for framandspråklege.
1) Satsar på elektro: Desse karane i 2. klasse Elenergi får teoretisk undervisning i eine delen av klasserommet, i den andre er det sikringsskåp og elektriske installasjonar som gjeld: Ragnar E. Hansen (f.v.) frå Stadt, Espen Roset frå Stryn, Marcus Aardal frå Selje og Elias Åsebø frå Eid. aLLe fOTO: JØrN-arNe TOMaSGarD
2) I tiden: Droner og innmaten på datamaskiner er på pensum for denne gjengen: Syver Natvik (f.v.), Bjørn Erik Drageset, Marita Karina Oppedal Frammarsvik, Martin Sande Rygg, Mohamed Nuur og Samuel Tsehaie.
3) Tilbake: Dataelektronikklærar Oddgeir Bakke flytta heim til Hornindal då han fekk jobb på Eid VGS.

Teknologi: Stryn vidaregåande skule har starta eit framtidsretta utviklingsprosjekt for utdanning av framtidas helsefagarbeidarar. Frå venstre: Åsne Loen Flo, Max Gausen Almering, og Ane Andersen Flo. alle foto: tormod flatebø
− Koplinga mellom helsefag og velferdsteknologi er eit framtidsretta utviklingsprosjekt.
• Tormod Flatebø nordfj@fjt.no
Det seier Johanne Elisabett Sørdal, utviklings- og avdelingsleiar ved yrkesfag på Stryn vidaregåande skule. Eit samarbeid mellom Stryn og Eid vidaregåande skular har resultert i ei opplæringsleilegheit med framtidsretta teknologi, såkalla velferdsteknologi, som gjer at eldre og yngre personar med ulike omsorgsbehov kan bli buande heime lenger. Elevane på VG2 Helsearbeidarfag i Stryn og VG3 Dataelektronikkarfag på Eid har delteke i prosessen med klargjeringa av leilegheita.
Velferdsteknologi
− Leilegheita blir nytta i undervisninga av elevane ved utdanningsprogrammet for helsefag. I nasjonal samanheng er tilbodet som elevane ved helsefag i Stryn no får unikt, seier Sørdal. Opplæringsleilegheita er innreidd som ei heilt vanleg leilegheit, med eit moderne kjøkken, soverom, bad og vaskerom. Men der er ein viktig skilnad. Romma i leilegheita er fulle av utstyr og teknologiske

Nye tider: Johanne Elisabett Sørdal er utviklings- og avdelingsleiar for yrkesfag.
løysingar som gjer at personar med omsorgsbehov, langt på veg kan vere sjølvhjelpne i kvardagen.
− Forsking viser at dersom velferdsteknologiske løysningar skal få ein effekt, fordrar det opplæring og kompetanseheving både i framkant av, og parallelt med innføring av velferdsteknologi. I planlegginga med opplæringsprosessen har vi lagt vekt på kompetanseheving av lærarar, samarbeid med kommunar, andre utdanningsinstitusjonar, hjelpemiddelsentralen og relevante fagmiljø, seier Johanne Elisabett Sørdal, som understrekar det skrikande behovet det vil vere for helsefagarbeidarar i framtida.
− Det er eit uttrykt mål at
• Har omlag 300 elevplassar og 63 tilsette.
• Studieretningar: Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Service og samferdsel, Studiespesialisering og Idrettsfag.
• Visjon: For deg som vil litt meir!
KjeLDe: stryn.vgs.no
menneske med omsorgsbehov skal kunne bli lengst muleg i eigne liv. Det er det opplæringsleilegheita har som mål å vise. I tillegg skal vi førebu framtidige helsefagarbeidarar på kva som vil møte dei i deira arbeidssituasjon i framtida. Samstundes er det viktig å seie at teknologi ikkje skal erstatte «dei varme hendene». Poenget er snarare at det blir meir tid til omsorg, når vi nyttar teknologien på ein god måte, seier Johanne Elisabett Sørdal og viser til stortingsmeldinga om «Morgondagens omsorg».
Eldre og yngre brukarar I stortingsmeldinga, som Sørdal viser til, får vi ein indikasjon på utfordringar og samfunnsansvar, som det en-
kelte lokalsamfunn står over for i møte med framtidas omsorgsbrukarar. Sentrale problemstillingar er korleis kommunar, lokalsamfunn, næringsliv og skule kan samarbeide for å møte utfordringane i helse- og omsorgssektoren, og ta i bruk ressursane hos den nye generasjonen eldre som lever lenger, har betre økonomi, høgare utdanning og høgare teknologisk kompetanse, slik at dei i størst muleg grad kan vere lenst muleg i eigne liv.
− I tillegg har samfunnet eit ansvar for å legge til rette for at yngre brukarar med langvarige kroniske sjukdommar, funksjonshemmingar og psykiske og sosiale vanskar, også kan greie seg sjølve og bli buande i eigen bustad så lenge som muleg, seier Sørdal.
− Korleis endrar teknologifokuset opplæringa av helsefagarbeidaren?
− I tillegg til at teknologi vert tatt i bruk for universell utforming av framtidas bustadar, er vårt mål å bidra til kvalitetsheving og auke statusen for faget. Vi håper også, når faget endrar karakter, at fleire menn vil finne oppvekst, pleie – og omsorgsyrka attraktive, og at tidleg erfaring og kunnskap kan føre til at fleire unge vel utdanning innan oppvekst, pleie- og omsorg og ønskjer å bu og arbeide i Nordfjord og Sogn og Fjordane, seier Sørdal.











Søknadsfrist 15. april!
• F
FILM,TVOGKULTUR
•ØKONOMI,ADMINISTRASJON
OG INNOVASJON
•REISELIV
• JUSS
• PSYKOLOGI
• PEDAGOGIKK
• HELSE OG SOSIAL
• INTERNASJONALE STUDIER
• IDRETT

SJOGG- OG BOLIGGARANTI!
E-post: studenttorget@hil.no
Telefon: 61 28 81 00
hil.no





190 av 320 elevar på Firda bur på hybel. Musikk, dans, drama og idrett «til alle døgnets tider» er varemerket til den vidaregåande skulen.

• Jørn-Arne Tomasgard nordfj@fjt.no
3.-klassingane på Musikk, dans og drama øver til premieren på musikalen Spring Awakening. Scena i Trivselshallen er full av 18-åringar frå heile fylket i 1800-talskostymar. Her er skodespel, song, dans og musikk. Alt henta frå miljøet med 47 avgangselevar. Musikalen er årets store hending, får vi vite. Eit fast innslag på skulen kvar vinter, noko elevane øver mot i lang tid. Det er som ein livsstil å vere Firda-elev. Med nesten to tredelar av elevane på hybel, blir kvardagen sentrert rundt Trivselshagen og Trivselshallen der det
er fantastiske lokalitetar til å drive med idrett og kultur. Trivselshagen stod ferdig i 2008, Trivselshallen i 2013. Ved sidan av å gje skuleungdomane topp moderne lokale, har dei fastbuande på Sandane fått tilbod mange drøymer om. Her er scene med sitjeplassar i amfi, bibliotek, kantine, hall med tre fulle handballbaner, klatrevegg, treningssenter, friidrettsbane og symjehall. Alt vegg i vegg med den vidaregåande skulen.
Reddar veka 18-åringane Tormod Midtbø frå Folkestad i Fjaler og Sigrid Underlid frå Vevring i Naustdal fortel at dei ville bu på hybel då dei
skulle byrje på vidaregåande. Tormod ville drive med dans, Sigrid med drama. Det måtte bli Sandane. Og dei stortrives. – Elevane er saman både på skulen og i fritida, og miljøet blir samansveisa. Alle hybelbuarane gjer at det blir ei trivselsgreie på Firda, seier Sigrid.
Skulen legg til rette for aktivitet også på fritida. Og også for lærarane blir det ein livsstil. – Vi har eit opplegg vi kallar open skule måndag, tysdag og onsdag. Elles får elevane låne nøkkel slik at dei kan vere her og øve så mykje dei måtte ønskje, seier rektor Hallgeir Hansen. – Lærarane er her på fritida og blir ein del av miljøet. Eg trur

ikkje mange vidaregåande elevar får eit så nært forhold til lærarane som oss, seier Sigrid.
– På open skule kan vi kjøpe middag for 35 kroner, og onsdag er det gratis kveldsmat. Det reddar veka for alle hybelbuarane, ler Tormod.
Han er den einaste guten i 3.-klasse som har dans som spesialisering. Dansegneisten vart tent på kulturskulen i heimkommunen.
– For meg som ikkje var motivert til å gå laus på å pugge matte og kjemi rett etter ungdomsskulen, er dette perfekt. Eg føler meg faktisk meir motivert til å ta realfag no, så det kan godt hende eg tar det som

Alle hybelbuarane gjer at det blir ei trivselsgreie på Firda.
Sigrid Underlid
Elev ved Firda videregåande skule

firda vgs
• Stifta i 1922 som Firda Gymnas
• Adresse Sandane i Gloppen
• Studieretningar: Musikk, dans og drama (fylkesdekkande med ca. 130-140 elevar), Idrett (regionalt med 90 elevar), Studiespesialisering (90 elevar) og Helsefag for framandspråklege (20 elevar).
• Hallgeir Hansen er rektor
privatist neste år og prøve å kome meg vidare på NTNU.
Frå drama til advokat
Ifølgje rektoren er det ikkje uvanleg at elevane tek realfag etter å ha gått på musikk, dans, drama eller idrett. Elevane har 22 timar programfag i veka og 13 timar allmenne fag, slik at det blir 35 timar til saman. Timetalet på vanleg studiespesialisering er 30 i veka.
– Det er ei krevjande utdanning som gjev generell studiekompetanse. Du kan gå vidare på alle utdanningar, utanom dei som krev utvida realfag. Hansen fortel at utdanningsvegen vidare varierer.
1) Musikal: Tormod
Midtbø midt i biletet er einaste gut som har dans som spesialisering i 3.-klasse. Naturleg då at han tek dansenummeret i musikalen Spring Awakening. aLLe fOTO: JØrNarNe TOMaSGarD
2) Valde idrett: Topp treningsforhold i Trivselshallen for idrettselevane
Håvard Magnus Torvanger, Bjørnar Eikenes, Ruben Dalsbø, Simon Grytten og Vemund Landøy.
3) Samansveisa: Elevane på Musikk, dans og drama er saman på skule og i fritid.
– Eg var i kontakt med ei som gjekk på musikk, dans og drama som no er advokat. Ho rosa utdanninga og sa ho har hatt stor nytte av det ho lærte, ikkje minst når det gjeld å framføre. Elles har eg inntrykk av at mange blir lærarar. Nokon vel å halde fram med faget.
Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram, Tone Damli og Unni Løvlid er blant tidlegare Firdaelevar vi har høyrt mykje om.
– Eg føler folk går her fordi det er dette dei likar å drive med og brenn for. Då føler eg heller at haldninga er at det ikkje er noko anna i livet dei vil enn å spele, danse eller synge, seier Sigrid Underlid.

Springbrett: Høgskulen i Sogn og Fjordane, med avdeling Sogndal, utdannar kvart år rundt 150 lærarar og barnehagelærarar. –Ei god utdanning og godt studentmiljø i Sogndal blei springbrettet mitt inn i læraryrket, seier Eirik Haugland som kvar dag gler seg til å møte elevane sine i jobben på Nordfjordeid skule. foto: inger træen
Først studerte han i Bergen. Men det var i Sogndal Eirik Haugland fann sitt optimale studentmiljø.
• Inger Træen nordfj@fjt.no
– Både studie og fritid i Sogndal passa meg perfekt. Eidaren avslutta lærarutdanning i Sogndal for litt over eitt år sidan. No har han jobb på Nordfjordeid skule, der han likar seg godt saman med elevane og kollegiet. Men hadde det ikkje blitt Eid, så kunne Sogndal bli ein aktuell plass, også etter studia.
– Sogndal er rett og slett ein veldig bra plass når du er student. Høgskulen er godt integrert midt i sentrum, og studentmiljøet er ikkje større enn at ein kan skaffe seg ein brukbar oversikt. Eg opplever også at lokalmiljøet og studentmiljøet utfyller kvarandre på ein bra måte, seier læraren som opplever at han har hamna på rett hylle.
– For meg blei læraryrket det rette valet. Eg var ikkje hundre
prosent bestemt i utgangspunktet, men første semester i Sogndal gjorde meg overtydd. No gler eg meg til kvar dag på jobben, der framgang og læreglede hjå elevane er drivkrafta, seier Eirik.
God kontakt
Læraren lovprisar både studietilbodet ved høgskulen og tilbod på fritida i studentbygda ved Sognefjorden
– Det aller beste med å utdanne seg i Sogndal er kort veg mellom student og forelesar/ lærar. Er det noko du lurer på så kan du ta turen innom kontoret til ein lærar. Då kjem kaffikoppen raskt fram, og du kan få deg ein oppklarande prat. Slik var det ikkje då eg studerte i Bergen, der ein meir blei eit nummer i rekkja av studentar. Eirik opplevde utdanninga relevant i høve til jobben han no går til kvar dag.
– Det største læreutbytte var ute i praksis. Til saman hadde vi fem månader med praksis ute på ulike skular. Der fekk ein prøve seg ut framfor elevane i klassa, og fekk ein idé om korleis læraryrket fungerer. Ikkje minst den tilbakemeldinga frå praksislæraren vart då veldig
viktig, seier eidaren.
Han er også nøgd med studentmiljøet i Sogndal, med eit rikhaldig fritidstilbod, og sjølv var han engasjert i fleire ting. – Musikk har eg halde på med i mange år og i Sogndal fekk eg dyrka denne interessa. Eg var med i eit studentkor og spelte i eit band. Miljøet rundt
Sogndal er rett og slett ein veldig bra plass.
Eirik Haugland
Utdanna lærar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal
studenthuset Meieriet gav muligheiter til å få spele og delta på konsertar. Men også ein plass for å oppleve musikk. I Sogndal vakna også interessa for å danse sving, noko som eg no brukar ein del i undervisninga. Faktisk er det slik at mange av dei fritidsinteressene som eg dyrka i Sogndal kjem til nytte i møte med elevane mine i dag, fortel den ferske læraren.
Godt læremiljø
Eirik er utdanna lærar med hovudvekt på 5. til 10. trinn. Av fordjupingsfag valde han kroppsøving, samfunnsfag og norsk. Og frå eit år på folkehøgskule har han musikk som eit sentralt fag.
– I dag har eg fag som omfattar både kroppsøving, musikk, sløyd, naturfag og samfunnsfag. Eg opplever at eg får brukt meg sjølv på mange ulike felt, og ingen dagar er like. Som lærar kan ein hente inn erfaringar frå mange ulike område, også personlege interesser, seier Eirik og legg til:
– Det som motiverer meg mest i jobben er å skape eit trygt og godt læremiljø for elevane. Samstundes som ein klarer å gjere undervisninga interessant og vekkje lærelysta hjå dei. Når eg ser at elevane gleder seg over arbeidsoppgåvene og har lyst til å lære meir, har eg gjort ein jobb som eg er nøgd med. Då kan eg gå heim og kjenne at det har vore ein meiningsfull dag. Eg prøver å vere ein trygg og stabil leiar med evne til sjå kvar einskild elev. Samstundes som eg klarer å skape klare forventningar.













Blir inspirert: Høgskulen i Volda er aller mest kjent for medieutdanningane og det gode og aktive studentmiljøet. Stig Even Lillestøl (t.v.) og André Mortensen Ervik opplever studia i Volda som meiningsfulle og relevante. – Vi får svar på spørsmål som vi lurer på, og læremiljøet er inspirerande, seier dei to eidarane. foto: inger træen
– Vi opplever forelesarane og lærekreftene i Volda som flinke og engasjerte. Her finst det rom for sjølvutvikling og påfyll av nyttig kunnskap,
• Inger Træen nordfj@fjt.no
Det seier André Mortensen Ervik og Stig Even Lillestøl. Dei var russ saman på Eid vidaregåane skule i fjor vår. No deler dei bustad i Volda, og studerer på ulike studieretningar ved høgskulen. André studerer Planlegging og administrasjon, medan Stig Even satsar på Media, IKT og design. Dei held på med første året av det som skal bli ein bachelorgrad etter tre år, og begge skryter av både det faglege og det sosiale.
– Eg opplever lærarane her ved skulen som veldig engasjerte i det dei held på med. På Media, IKT og design får vi lov til å utvikle oss, og det er alltid rom for å få svar på spørsmål som vi lurer på. På vidaregåande var det meir fasitsvar på
det meste, her stiller lærarane seg meir positive til ein tankegang eller ein idé som vi måtte ha. Det er rom for diskusjonar, og kreative løysingar blir godt mottekne. For min del betyr dette mykje. Sentralt i mitt studium er mediedesign, der kreativitet spelar ei stor rolle, seier Stig Even.
Samfunnsengasjert
André går første året på Planlegging og administrasjon. Han er også godt nøgd med studieval, og meiner han allereie har fått eit betre overblikk over korleis samfunnet fungerer. – Første året er vi innom mange fag som gjeld samfunnsog forvaltingskunnskap. Det er interessant og eg valde studie fordi eg er samfunnsengasjert og likar å følgje med på det som skjer både nasjonalt og internasjonalt, seier André. Samfunnskunnskap gir ei innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosisologiske, statsvitenskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkjelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og jus. Lokalsamfunnsanalyse inngår
som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to førsteårsemna. Andre året kan ein velje mellom kommunal økonomi, forvaltningsarbeid og grunnleggande innføring i leiing, samt emnet praksis med prosjektarbeid.
Lyst til å lære
Stig Even fann tidleg ut at han ville satse på Media, IKT og design.
– Det var på ungdomsskulen vi fekk orientering om dette studiet. Allereie då la eg merke til at dette var noko eg hadde lyst til, seier Stig Even som ikkje ville kalle seg dataekspert før han byrja i Volda.
Det er rom for diskusjonar, og kreative kløysingar blir godt mottekne.
Stig Even Lillestøl Student ved Høgskulen i Volda
– Eg har mest lyst til å velje leiing neste år. Når det gjeld jobb etter studia så er ein leiarjobb noko som eg gjerne kunne tenke meg, seier André som opplever at forelesingane er engasjerande og at skulen gir gode muligheter for å utvikle seg fagleg:
– Skulen har også ei fleksibel ordning med at ein kan studere i utlandet andre året til dømes. Det nyttar fleire seg av.
– For å gå på dette studie så treng ein ikkje kunne alt om mediedesign og data på førehand. Vi har dette første året fått grunnleggande innføring i programering, korleis lage nettside og appar, og bruk av fotoutstyr. Det viktigaste er at ein har interesse for å lære innan dette faget. Skulen har også eigne rom med mykje moderne utstyr som elevane kan bruke på kveldstid til dømes. Sjølv likar eg godt å leike meg med kreative løysingar i høve til mediedesign, også utanom det ordinære pensum. Og opplever at eg lærer mykje ved å sitje for meg sjølv for å forske ut ting på data, seier Stig Even. Både han og André likar seg godt på studiestaden.
– Det finst gode tilbod her på kveldstid. Og det er kjekt å være i Volda også i helgene.

















Spennande: Stryn vidaregåande skule er den einaste skulen i fylket som har reiseliv på fagplanen. I dag er det fem elevar på denne lina ved skulen. Frå venstre: Simona Cmielova, Synne Nygård, Olin Briksdal og Siri Hegna Tenden. foto: Stryn vidaregåande Skule
− Innan reiseliv er det eit hav av moglegheiter.
• Tormod Flatebø nordfj@fjt.no
Dette seier rektor Anders Bruvoll, administrativ leiar Randi Bjørset og utviklingsleiar Johanne Elisabett Sørdal og viser til at turisme og reiseliv er den raskast veksande næringa globalt. − Det er ikkje tilfeldig at Stryn er den einaste vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane som har reiseliv som utdanning. I tillegg til at reiseliv har lange tradisjonar i regionen vår, høyrer Stryn og Nordfjord til eit av dei mest attraktive reisemål i landet, seier skuleleiarane. For elevar som ønskjer å satse på ei framtidig karriere innan reiseliv startar reisa på VG1 Servise og samferdsle. Andre året innan denne utdanninga kan elevane velje ulike retningar, ein av dei er reiseliv. Opplæringsmodellen er den velkjende 2+2: altså to år på skule og to år i lære, for å oppnå fagbrev. Fagbrevet legg også grunnlag for høgare utdanning innan reiseliv, om ønskjeleg. − I vårt område er det eit
sterkt fokus på reiseliv. Nordfjord er i søkelyset til reiselivsaktørar frå heile verda. Vi lever og bur i eit av dei mest attraktive område i verda. Vi har kort veg frå kyst til bre, i tillegg til at vi har ei historie å fortelje. Elevane på VG2 Reiseliv går gjennom eit breitt fagfelt. Dei skal lære om vertsskapsrollen. Dei får kunnskap om produktet dei skal jobbe med, får god opplæring i service og kundeoppfølging. Grunnleggande teori om korleis marknadsplanar blir laga. Her handlar det i stor grad om strategiar: mål og middel og sal av produkta. I fagplanen skal dei også innom etablering og drift, i tillegg til at dei får kjenneskap og kunnskap om organisasjonar som er retta inn mot reiseliv lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Til slutt kan vi nemne at reiselivslinja også omfattar økonomi, budsjett og prissetting av produkt.
Stryn vidaregåande har eit tett samarbeid med reiselivsbedrifter i lokalsamfunnet. Det handlar om alt frå små verksemder som Stryn Vertshus (kaffibaren) i sentrum til store reiselivsverksemder som Alexandra Hotell i Loen.
− Dette samarbeidet har ført til ein unik modell. Ti veker i løpet av skuleåret har ikkje elevane fellesfag. Denne perioden kan elevane nytte til fordjuping på skulen, til praksis ute i bedriftene, eller ein kombinasjon av fordjuping inne og praksis ute. Det handlar om fleksibilitet, og at elvane
Elevane på VG2 Reiseliv går gjennom eit breitt fagfelt.
Anders Bruvoll
Rektor ved Stryn videregåande skule
ikkje treng å velje likt. Altså individuelt tilpassa, seier Sørdal og Bruvoll, som legg til at elevar kan overrakse og gå rett ut i verksemdene.
− Korleis er oppfølginga frå skulen når elevane er ute i praksis i reiselivsbedriftene?
− Faglærar er ute i bedriftene og føl opp elevane. Nokre elevar blir følgt opp tettare enn andre, alt etter eleven sitt be-
hov for hjelp og rettleiing. Skulen har god dialog med kontaktpersonen i den enkelte bedrift. Først og fremst handlar det om å bygge gode relasjonar rundt den enkelte elev, samstundes som vi får nytta det gode nettverket vi har rundt oss i denne næringa i kommunen, seier Sørdal, som legg til at reiselivslinja ved Stryn vidaregåande også nyttar seg av ekspertisen i Reiseliv Stryn & Nordfjord, som no heiter Visist Nordfjord.
− Reiseliv er som vi sa den raskast veksande næringa globalt, og den veks også i vår region. Det er mykje aktivitet i næringa, og meir ser det ut til å bli. Næringa sjølv etablerer stadig nye tilbod – i heile Nordfjord. I tillegg til det lokale og regionale, er reiseliv ei kjempespennande næring, der utdanninga opnar for at ein kan få heile verda som arbeidsplass. Med andre ord – eit hav av moglegheiter. Det viktige er at ein har fagutdanninga i botnen. For enkelte er det naturleg å satse på fagutdanninga, andre vel andre vegar. Poenget er at alle kan kome til same mål, men på ulike måtar, seier Bruvoll, Sørdal og Bjørset.

























nøgde: Like sterk som Pippi Langstrømpe? Det treng ein ikkje vere for å kunne byggje hus eller leggje opp
etterkvart både musklar og innsikt. Og for jenter er det minst
– Jenter har alle muligheiter når det gjeld å utdanne seg til tømrar,
• Inger Træen nordfj@fjt.no
Det seier Silje Ludvigsen og Hege Hopland. Dei to 17-åringane går begge andre året på programfaget Bygg- og anleggsteknikk ved Måløy vidaregåande skule. Der har Hege spesialisert seg mot rørleggjarfaget og Silje vil bli tømrar.
– Eg trur det er bra å vere jente i dette faget, seier Hege. – Dersom du står på og viser interesse får du jobbar og sjanse
til å klare deg bra. Interesse for faget betyr langt meir enn om du er jente eller gut, seier Silje. Dei er begge godt nøgde med val av yrkesveg, etter halvanna år ved yrkesfag.
– Vi er dei einaste jentene. Resten av klassa er gutar. Men det går fint, vi likar oss godt. Silje tek både byggfag og studiespesialiseringsfag ved skulen, og ein kombinsjon av bygg- og anleggsteknikk og programfaget TAF (teknisk allmennfagleg utdanning) gjer at ho etter fire år kan bli både tømrar (etter fagprøve) og få studiekompetanse. Ho har lenge drømt om å bli tømrar. – Eg har vakse opp på gard i
Hornindal. Så lenge eg kan hugse har eg vore med på ulike praktiske oppgåver på garden. Det å bruke verktøy for å byggje små hus og reparere ting er heilt naturleg for meg. Mitt mål no er å bli tømrar, og kanskje busette meg på garden heime. Eg opplever tømrarfaget som både variert og spennande, ingen dagar er like, fortel Silje. Hege bestemte seg ganske tidleg i første klasse at det var rørleggjar ho ville satse på.
– Det er mange kjekke ting å vere med på dette programfaget. Men aller kjekkast blei det når eg fekk koble saman rør og leggje opp botnledningar til hus. Det oppdaga eg for alvor
då eg hadde praksis ved Husevåg rør første året. Der fekk eg også sommarjobb og har jobba der i haustferien. Det mest spennande med rørleggjarfaget er å få prøve seg på mange ulike prosjekt og ulike typar hus. Vi flyttar rundt omkring og ingen dagar er like, seier Hege, som planlegg å ta påbygging og få studiekompetanse etter to år med Bygg- og anleggsteknikk: – Kanskje eg blir ingeniør etterkvart. For meg er det viktig å ha den praktiske bakgrunnen som eg får her ved skulen og ute i praksis. Eg vil vite korleis ting fungerer når eg skal konsentrere meg om meir teoretiske oppgåver innan byggjebransjen.

Trivast godt med å lære ny ting gjennom praktisk arbeid
• Inger Træen nordfj@fjt.no
Eit stykke unna Måløy videregåande skule i Deknepollen, på Bryggja i Nordfjord, er ein gjeng unge menn i gang med å restaurere eit gammalt hus.
Marius Mathisen, Martin Olai Hansen, Fridjon Mortensen, Eirik Skram, Patrik Hafstad og Mikkel Garshol går første året på Bygg- og anleggsteknikk.
Første halvåret var dei engasjert med å byggje ein garasje i
Holvik i Vågsøy. No skal dei utføre andre oppgåver innan restaurering og nybygg/tilbygg.
– Vi likar å lære nye ting ved å sjå korleis ting fungerer i praksis, seier dei seks tømrarelevane og legg til: – Etter berre ein månad på skulen fekk vi prøve oss på praktiske oppgåver. Det er veldig bra, meiner dei seks elevane på Bygg- og anleggsteknikk.
–Akvakultur er ei næring i enorm vekst. Det er den nye oljen. Det konstaterer fire karar som er elevar på andre året på akvakultur ved Måløy vidaregåande skule.
• Inger Træen nordfj@fjt.no
Kvartetten Lasse Tveito frå Hyllestad, Håvard Borknes Indrebø frå Gulen, Hans Arild Rosø frå Eid og Even Finden Tronsen frå Lærdal har alle tidlegare erfaring/yrkespraksis ved ulike anlegg for settefisk.
Dei har sett seg på skulebenken for å lære meir. Og no går
dei fire sitt andre år ved skulen, etter å ha gjennomført Vg1 naturbruk i fjor.
– Vi lærer om alt frå fiskehelse, produksjon og teknikk, til vedlikehald og økonomi. Alt som trengst for å kunne drifte eit anlegg for settefisk eller matfisk på ein god måte, seier dei fire karane.
Dei er ikkje redde for at det skal bli vanskeleg å skaffe seg arbeid etter at dei har gjort seg ferdig med utdanninga.
– Oppdrettsnæringa er ei næring som nesten har eksplodert dei siste ti åra. Og det går stadig oppover. Slik det ser ut i dag kan det bli næring nummer ein her i landet, den dagen oljen tek slutt.

