Skip to main content

Rødhette

Page 1

GLUE COVER


PATTERN


PATTERN


BLANK


GLUE MAP


BLANK


DENNE BOKA HØYRER TIL

.............................................................................................


ILLUSTRASJON


Rødhette

Av Brødrene Grimm Gjenfortalt av Mathea Myrene Stokke Illustrert av Mathea Myrene Stokke


© Nynorsk Utgåve © 2020 Mathea Myrene Stokke Originaltittel: Little Red Riding Hood Design: Mathea Myrene Stokke Art direction: Mathea Myrene Stokke Art production: Mathea Myrene Stokke Production: Mathea Myrene Stokke Etter lov om opphavsrett er det forbode - utan løyve frå copyright-innehavaren - å mangfalde dette verk, heilt eller delvis. Forbodet gjeld alle metodar for mangfalde, som trykking, duplisering, fotografering osv.


Rødhette


BLANK


CUT OUT


CUT OUT


Det var ein gong ei lita jente som heitte Rødhette. Det heitte ho fordi ho alltid hadde pü seg ei raud fløyelskappe med hette. Den hadde bestemor sydd til ho. 15


No hadde bestemora vore sjuk ei stund, og ein dag sa mora til Rødhette: «Eg vil du skal gå til bestemor med denne korga med kaker og honning. Men du må gå rett til bestemor,» formante ho, «ikkje snakk med framande på vegen, og kva enn du gjer, ikkje gå vekk frå stien!» Rødhette lova å gjere som mora sa.

16


Bestemora budde på den andre sida av ein stor skog. Rødhette sprang raskt nedover stien med korga i handa. Ho hadde ikkje gått langt før ho møtte ein stor ulv. «God morgen, vesle Rødhette,» sa ulven. «Kvar skal du i slik ei fart?» Rødhette visste ikkje kor farleg ulven var, so ho svarte høfleg: «Eg skal besøke bestemor. Ho har vore sjuk, og eg har med denne korga med kaker og honning til ho.» «So snilt av deg,» sa ulven. Men han tenkte med seg sjølv: «No var eg jammen heldig! Dersom eg er lur, kan eg få både Rødhette og bestemora hennar til middag!» 17


Ulven smilte til Rødhette og sa: «So fint det er i skogen i dag! Det er synd at du har slikt hastverk på sånn ein vakker dag!» Rødhette såg seg rundt. Solstrålane leika i trea, og fargeglade blomar nikka med hovudet i vinden. «Bestemor blir sikkert glad for ein blomsterbukett,» tenkte ho, «og det er så tidleg enda at eg sikkert har tid til å stoppe og plukke nokon.» Dermed gjekk Rødhette bort frå stien og sprang inn i skogen for å plukke blomar. 18


I mellomtida sprang ulven så fort den berre kunne til bestemor sitt hus. Då ulven kom fram, banka den på døra. «Kven er det?» ropte bestemor. «Det er meg, Rødhette!» sa ulven med vrengt stemme. «Eg har med kaker og honning til deg.» «Eg er for sjuk til å stå opp,» svarte bestemor. «Men døra er open, Rødhette. Berre kom rett opp på soverommet mitt.» Den stygge ulven opna døra, gjekk opp trappa og like bort til senga. So slukte ulven den gamle kona! 20


Den stygge ulven trakk ein av bestemor sine nattkjolar over hovudet, sjølv om den var altfor liten. Deretter tok den på seg bestemors varme morgenkåpe. Den satte til og med bestemor sine briller ytterst på den lange nasen sin. Ulven såg seg i spegelen. Den likna rett og slett ikkje på bestemor. For å skjule dei lange øyrene, tok ulven på seg bestemors blondenatthue. So la den seg i bestemor si seng, tok teppet godt opp til nasen og venta på Rødhette.

22


Rødhette plukka framleis blomar i skogen. Kvar gong ho hadde plukka ein, süg ho ein som var enda finare eit stykke borte. Derfor kom ho lenger og lenger vekk frü stien. Dü ho hadde plukka so mange blomar at ho ikkje kunne halde ein einaste blome til, gjekk ho tilbake til stien og fortsette til bestemor sitt hus. 24


Då Rødhette kom fram og såg at døra stod open, vart ho overraska. «Hallo bestemor,» ropte ho. «Det er meg, Rødhette.» «Berre kom inn, Rødhette!» kom det frå bestemora. «Eg er for sjuk til å lukke opp!» Men so rar bestemor si stemme høyrest ut! «Ho må vere veldig sjuk,» tenkte Rødhette. 25


Den vesle jenta sprang opp trappa til bestemor sitt soverom. Ho stoppa ved senga hennar. So rar bestemor såg ut! «Neimen bestemor,» sa ho. So store øyre du har!» «So kan eg høyre deg betre,» sa ulven. «Men bestemor, so store auger du har!» Sa Rødhette. «So eg kan sjå deg betre,» sa ulven. «Men bestemor, so store hender du har!» Sa Rødhette. «So kan eg klemme deg betre,» sa ulven. «Men bestemor,» Sa Rødhette. «So store tenner du har!» «So kan eg ete deg betre,» sa den stygge ulven.

27


Og dermed sprang den ut av senga og opna den store kjeften sin på vidt gap. «Men du er ikkje bestemor!» skreik Rødhette. «Nei, det er eg ikkje,» sa ulven. «Og no skal eg ete deg!» Den glefsa i seg Rødhette og slukte henne i ein einaste jafs! Etterpå var ulven mett og gnei seg tilfreds på magen. «Det var eit deilig måltid,» sa den og gjespa. «No skal det bli godt med ein lur!» Han la seg i bestemor si seng igjen, trakk teppet over hovudet og lukka augene. Snart sov ulven tungt og byrja snorke. Den snorka so høgt at alle vindauga i huset klirra.

30


I kveldinga kom det ein jeger forbi. Han høyrde den kraftige snorkinga. «So rart,» tenkte han med seg sjølv. «Det var då fælt som den gamle kona snorkar! Eg lurer på om ho er frisk.» Jegeren gjekk opp til bestemor sitt hus. Han vart også overraska då han såg at døra stod på vidt gap. «Hallo! Hallo!» ropte jegeren. «Er det nokon heime?» Det kom ikkje noko svar. Den stygge ulven sov så tungt at den ikkje høyrde jegeren. Han gjekk inn og lista seg opp trappa. Då han kom opp, vart snorkelyden enda kraftigare. Jegeren fulgte lyden heilt bort til bestemor si seng. Der fann han ulven som låg og sov.

33


«Aha,» sa jegeren. «So det er du som snorkar so høgt, din skurk! Eg har vore på jakt etter deg lenge. No har eg endeleg fått tak i deg!» Jegeren løfta geværet og skulle til å skyte. Men so kom han til å tenkje på at ulven kanskje hadde ete den gamle kona. Dermed tok jegeren fram kniven sin og skar opp ulven. Ut kom Rødhette og bestemora hennar. Begge var svært glade for at dei var redda. Jegeren fylte så ulvemagen med store, tunge steinar og sydde den saman att. 34


Då ulven vakna og såg jegeren, vart den so redd og prøvde å springe sin veg. Men steinane var so tunge at den datt om og døde. Jegeren, Rødhette og bestemor åt honningen og alle dei deilige kakene Rødhette hadde hatt med seg.

36


Bestemor følte seg snart frisk att, og Rødhette kunne fare heim. Då ho kom tilbake til mora si, fortalde ho kva som hadde hendt. «Eg skal aldri vere ulydig og snakke til framande eller gå bort frå stien når du har sagt at eg ikkje får lov,» sa ho. Og Rødhette holdt det ho hadde lova.

Snipp, snapp, snute, So var eventyret ute…

38


ILLUSTRATION


BLANK


PATTERN


PATTERN


GLUE COVER


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Rødhette by Mathea Myrene Stokke - Issuu