MÅLTRASTEN NR 21, DESEMBER 2025 Meldingsblad for Harstad og omland mållag NY MEDLEMSREKORD I 2025 Når året går mot slutt, tikkar det inn ei melding frå Noregs Mållag om at Harstad og omland mållag har 32 betalande medlemmar. Det er éin – 1 - meir enn i fjor og det høgaste medlemstalet nokosinne. Dét er inspirerande for alle i mållaget !!
Vellykka nynorsk inspirasjonsdag Det møtte lærarar frå fem forskjellige skolar, og mållaget seier seg svært nøgd med Nynorsk inspirasjonsdag som blei arrangert i oktober. Sjå side 2.
Årsmøte 2025 Årsmøtet i Harstad og omland mållag blei avvikla 26. mars. Årsmeldinga, som var sendt ut på førehand, blei godkjent. Rekneskapen blei lagt fram på møtet. Rekneskapen var godkjent av revisor, og årsmøtet godkjente rekneskapen. Magne Heide blei attvalt som leiar, og Ove Orvik og Øystein Aas blei attvald til styret; Anita Nesheim Kleiving og Valborg Myklebust var ikkje på val.
Troms og Finnmark mållag Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag blei halde som digitalt møte i april 2025. Fylkesmållaget skreiv også avisinnlegg i høve stortingsvalet. Både Magne Heide og Øystein Aas sit i styret, og dei har begge deltatt på møte på vegner av fylkesmållaget. Sjå side 5.
NM: Haustseminar og landsmøte Noregs Mållag har landsmøte annakvart år. 24.-26. april 2026 blir det landsmøte i Oslo (Gardermoen). Det skal bl.a. vedtakast nytt arbeidsprogram for fire år. Øystein Aas har vore på haustseminar i NM. Sjå side 6.
Ordimella - nesten i hundre Ordspalta "Ordimella" har no gått i nesten eitt år i Harstad Tidende. Før dette året er omme, har vi passert 90 ord. Responsen "på byen" har vore svært god. Folk stoppar opp og kommenterer og kjem med nye ord. Sjå side 2.
Nynorsk gudsteneste For åttande gong blei det 14. september halde nynorsk gudsteneste i Trones-kjerka med Anette Eneberg, Lars Martin Skipevåg og Håkon Solum. Anita Nesheim Kleiving stod for ypparleg tekst-lesing på stødig nynorsk. Ei fullstappa kjerke song nynorske salmar som om dei ikkje hadde gjort anna.
Nynorsk salmebok 100 år Det er 100 år sidan Nynorsk salmebok kom. Også i vårt område sette denne salmeboka spor etter seg. Men det viktigaste var nok å få innført Landstads reviderte i staden for den gamle Landstads. Sjå side 3.
Kulturvandring i Tromsø Tromsø mållag arrangerte "Kulturvandring" med nynorsk innhald i oktober. Vi var der. Sjå side 4.
Styret i Harstad og omland mållag F.v.: Anita Nesheim Kleiving, Øystein Omar Aas, Valborg Myklebust, Ove Orvik og Magne Leon Heide.
Årsmøte 2026 Årsmøtet i Harstad og omland mållag vil truleg bli halde slutten av februar eller begynninga av mars 2026. Innkalling vil komme i god tid. Det vil også bli innleiing om eit aktuelt språkpolitisk tema.
Adressa vår er: Harstad og omland mållag, v/Magne Leon Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes. Telefon: 97088957 E-post: harstadmaal@gmail.com
1
Måltrasten nr 21, 2025 Vellykka Nynorsk inspirasjonsdag
Ordimella
29. oktober arrangerte Harstad og omland mållag i samarbeid med Troms og Finnmark mållag Nynorsk inspirasjonsdag for lærarar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Det møtte lærarar frå fem ulike skolar i Harstad, Kvæfjord og Sortland.
Ordspalta "Ordimella" har no gått i nesten eitt år i Harstad Tidende. Før dette året er omme, har vi passert 90 ord. Magne, Øystein og Ove er redaktørar.
Magne Leon Heide ønskte velkommen, bl.a. ved å vise til at Kvæfjord har sin eigen "bygdesong" som blir sunge av skolelevar på rådhustrappa kvart år på 17. mai. Dette er ein av få songar frå Nord-Noreg som er skriven på nynorsk, av Jac. Norman.
– nesten 100 ord på eitt år
Responsen "på byen" har vore svært god. Folk stoppar opp og kommenterer og kjem med nye ord. Og det har ikkje vore ein einaste negativ kommentar om at ordspalta er på nynorsk. Vi kunne gjerne tenkt oss litt fleire ord å arbeide med, så her er det berre for medlemmane å trø til med eitt eller fleire ord – gjerne med eit lite eksempel og ei kort forklaring, så skal vi utdjupe meir i avisa. Her tar vi med dei siste orda for i år: julskåka Uttale: "ei julskåka", subst hokj. Denne skikken var i bruk i alle fall til 1930-talet, som regel litjejulaftan eller andre juldagen. Nordnorsk Ordbok har registrert skikken mange stader, men opphavet til 'julskåka' er uklar. Når ein gjekk julskåka skulle ein ta ei grein av bjørk eller einer og lure inn i huset, helst inn på soverommet, og legge 'skåka' der. Ein kunne også slå på tomfat for å skape mest mulig leven, og viss dei ikkje blei oppdaga, kunne dei gå opp på loftet og strø einer gjerne i senga. Det var også muleg å "plage" folk ved å drage robåten opp til fjøsen. Dei som blei råka av julskåka, måtte gje ein dram eller noko godt til dei som gjekk julskåka.
Synnøve Marie Sætre, som er senterleiar ved Nynorsksenteret i Volda, var hovudinnleiar. Ho starta med å presentere to suksessfaktorar i nynorsk sidemålsopplæring, nemleg tidleg start og mykje skriving. Dette utdjupa ho i sju punkt: 1. Eksponer elevane for nynorsk 2. Finn tekstar som skapar engasjement 3. Skriv ofte 4. Knyt grammatikk og tekstskaping saman 5. Utforsk språket 6. Bruk nynorsken til alt mogeleg i norskfaget 7. Bruk nynorsken i andre fag enn norsk
Spreidde eksempel på julskåka har vi også nesten heilt opp til i dag. Men då har det mest vore oppfatta som rampestrekar av ungar. Nynorsk: 'juleskoke' (NO), bokmål: unormert julebukk
Sætre viste også kva for ressursar som Nynorsksenteret har, og ho oppmoda lærarar til å bruke dei.
Uttale: "julebokk, julbokk"; subst hankj Det har vore ein gammal skikk 'å gå julebukk', som oftast tredjedags jul. Skikken var nok mest utbreidd fram til 1970-talet, den har deretter ebba ut, men ikkje heilt. Tidlegare var det gjerne eldre som kledde seg ut og gjekk frå hus til hus og spelte og song i byte mot litt godteri og ein dram. Men etter kvart blei det meir barna som song på døra i byte mot litt julegodt.
Åse Mette Johansen er førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Saman med Hilde Sollid har ho skrive ressursboka "Samisk i norskfaget – fra plan til praksis". Ho viste korleis lærarane kunne bruke boka som ei inspirasjons-kjelde i norskfaget. Ove Arild Orvik fortalde så om dialektgranskar Hallfrid Christiansen (1886-1964) frå Lofoten. I over 30 år samla ho inn ordtilfang frå Nord-Noreg, men først i 2023 blei dette lagt fram i boka "Nordnorsk Ordbok – Arven etter Hallfrid Christiansen" som Ove Orvik gav ut.
På 1970-talet begynte småspeidarane å gå julebukk for å samle inn pengar til UNICEF e.l. Og 'Julebukk' har også vore namnet på ein lokal romjulscup i handball. Ein kan framleis oppleve spreidde tilfelle av syngande ungar som går julebukk. Men har halloween tatt heilt over?
Magne Heide gav nokon korte innspel om korleis ein kunne bruke dialekten for å lære elevane nynorsk. Nynorsk inspirasjonsdag blei arrangert på Lysthuset i Vik i Kvæfjord. Huset som tidlegare har vore både skole og bedehus, er pussa opp til moderne standard med alle tekniske hjelpemidlar. Møtedeltakarane sette pris på det trivelege lokalet og den gode serveringa dei fekk her.
Tradisjonen er gammal og har hatt stor utbreiing i Noreg. Opphavet er uklart, men skikken kan ha røter heilt tilbake til mellomalderen. Nynorsk og bokmål: 'julebukk'
2
Måltrasten nr 21, 2025 Nynorsk salmebok 100 år I Noreg var det lenge dei danske salmane som blei brukt i kjerka. Kingos salmebog kom i 1699, og sjølv om det kom nye danske salmebøker rundt 1780, blei Kingos salmebok brukt heilt fram til Landstads kirkesalmebog kom i 1869 (og den meir konservative salmeboka til Anders Hauge i 1873). I Troms brukt 94 av 101 sokn Landstads kirkesalmebog i 1882. Blix-salmane (1892), Landstads reviderte (1924-26) I 1869 kom det første heftet ut med Blix sine salmar, og fram til 1891 kom det ut sju hefte. 4. mars 1892 blei Blix-salmane autorisert til kjerkebruk, men dei skulle vere eit tillegg til Landstads kirkesalmebog, og dei blei tatt inn som salme 635-784. Kyrkjelydane kunne bestemme om dei ville bruke Blix-salmane, og fram til 1925 gjorde 484 av 1009 kyrkjesokn det.
Trondenes – over til Landstad reviderte (1928) Dei nye salmebøkene på riksmål og nynorsk kravde at kyrkjelydane tok opp salmebok-spørsmålet til røysting. Søndag 20. mai 1928 var det røystingar i Trondenes og Harstad kyrkjelydar. Det var berre den gamle og den reviderte Landstads som det blei røysta over. Og ved røystingane i Harstad, Trondenes og Grøtavær fekk den reviderte 144 stemmer og den gamle Landstad 44. I Trondenes kjerke var det nokså jamt, der fekk den reviderte 41 og den gamle 28 stemmer. Nynorskavisa "Midnattsol" kommenterte 24. mai korfor ingen røysta på Nynorsk salmebok: "Det er elles ein uting aa slaa tre alternativ saman under ei røysting, som no vart gjort. Vi veit at ei mengd av dei som røysta paa nye L [=Landstad] vilde ha røysta paa nynorsk salmebok, om røystinga hadde vore ordna annarleis. Som no det var, våga ingen aa spreia seg paa dei to nye, daa røystingstalet kvart for seg maatte vege op den gamle om det skulde bli byte."
1 1908 starta arbeidet med å revidere Landstads kirkesalmebog, Landstads reviderte salmebok blei godkjent i 1924 og trykt i 1926. Men målfolk var misnøgde med at utkastet til Landstads reviderte berre hadde 47 landsmåls-salmar mot 150 i den ureviderte. Derfor sette Det Norske Samlaget ned ei nemnd for å arbeide fram ei eiga nynorsk salmebok. Nemnda med biskop Peter Hognestad, sokneprest Anders Hovden og biskop Bernt Støylen, gjorde arbeidet frå 1921 til 1925. Støylen og Hovden dikta og omsette mest. Nynorsk salmebok 1925 Etter fire år var Nynorsk salmebok ferdig i 1925 og blei godkjend av departementet 17. desember same år. Av dei 711 salmane på nynorsk var dei fleste av Blix, Hovden og Støylen, men også andre nynorskdiktarar var representert, og mange salmar var omsett frå andre språk. Samanlikna med andre salmebøker, var det meir om misjon, barn og unge, sjøfolk og kvardagsliv. Martin Strømnes var overvelda i sin omtala av Nynorsk salmebok i bladet Midnattsol (som kom ut på Harstad) 24. september 1925: "Eg har lese og lese og blir ikkje mett. Det er saa heimleg, og lel saa endelaust høgt og djupt. Det løyser ut stemningar og tankar og kjelder i hugen. Som kristendom og heil norskdom. Tenk, heime i religiøs lei! Aa dei skulde naatt opom torva no, Landstad og Blix, Klæbo og Aasen. Eg tenkjer dei hadde takka Vaarherre." Riksmålsforbundet reagerte på at Landstads reviderte hadde tett på 200 landsmålssalmar, mens Nynorsk salmebok ikkje hadde nokon på riksmål. Dette førte til at det i 1927 kom ei Andreutgåve av Nynorsk salmebok med rettingar og eit tillegg på 200 riksmåls-salmar.
Sandtorg – frå Landstads gamle (1928) til reviderte (1937-) og nynorske tekstbøker (1930-) Denne otta slo fullt ut i Sandtorg, for der blei resultatet at Landstads gamle salmebok fekk 121 røyster, den reviderte 89 røyster, og Nynorsk salmebok heile 35 røyster. Dermed sigra Landstads gamle salmebok her. Viss alle som røysta på Nynorsk salmebok, i staden hadde røyste på Landstads reviderte, hadde denne fått 124 røyster, og blitt tatt i bruk. Det var ved Sandtorg kjerke at Nynorsk salmebok fekk flest røyster, heile 32 ønskte denne. Dette var kyrkjesoknet for dei to nynorsk skolekretsane i Melvik og Fauskevåg, og stemmetalet viser kor sterkt nynorsken faktisk stod blant dei vaksne her på denne tida. Mållaget "Måltrasten" i Fauskevåg-Melvik meldte i 1933 at dei hadde gitt "tekst- og altarbøker på nynorsk til kyrkja i Sørvik. (…) Nummer-tavlene står no der i kyrkja med sitt "Før preika" og Etter preika", og dei nynorske bøkene har også vore nytta Sandtorg kjerke. i kyrkja." Foto: kirken.no Sandtorg måtte slite med den gamle Landstads salmebok i nesten ti år til. Men 15. august 1937 var det ny avstemming, og denne gongen fekk den gamle Landstad 154 og Landstads reviderte 198 stemmer. Berre 1 stemme blei gitt til Nynorsk salmebok. Nok ein gong redda truleg ei "taktisk" stemmegiving utan Nynorsk salmebok, at ein kunne gå over til Landstads reviderte i Sandtorg også. Magne Leon Heide (utdrag av kåseri i Trondenes kjerke 14.9.2025)
3
Måltrasten nr 21, 2025 Kulturvandring i Tromsø Tromsø mållag arrangerte helga 3. til 5. oktober ei målhelg. Eg tok ein dagstur frå Harstad for å vere på ei byvandring på fredagen der vi stoppa ved nokre plassar som hadde med nynorsken å gjere.
rekna seg sjølv for tromsøværing heile livet. Her fekk vi eit kort historisk foredrag om Koht. Ettermælet til Koht blei øydelagt av myten om at han som utanriksminister hadde ein dårleg forsvarspolitikk. Ja, han blei faktisk kalla ein landssvikar i avisene. Dette var heilt feil, og det var òg feil at Nygaards-regjeringa hadde ein dårleg forsvarspolitikk. Kort og greitt fortald, men dette kunne eg tenkt meg å høyre meir om, men no var det neste post. Etterkvart kom det fleire til i følget, og da det var tid for kakao og bollar utanfor museet, var vi rundt tretti personar i følget.
Oppmøte var ved det gamle lærarseminaret, som no er borte. Her mintest vi Elias Blix som gjekk her frå 1853 til 1855. Det var omlag tjue personar som møtte opp her, og Tromsø akademiske damekor song eit par salmar av Blix. Og Anders Aschim, som har skrive ein tjukk Blix-biografi, fortalde om professoren og salmediktaren. Men Aschim fekk berre fem minutt på seg, og det var litt for lite.
Siste post var ved paviljongen framfor gården der Hålogaland teater blei stifta. Og her dreidde det seg sjølvsagt om forfattaren Lars Berg, som blir rekna som grunnleggjaren av Hålogaland teater. Han var òg ein aktiv målmann. Her blei det halde eit lengre foredrag om Berg sitt liv og virke. Til slutt fekk vi eit fint dikt, tonesett av Jack Berntsen, som vi song til avslutting. Diktet blei gitt ut posthumt, og heiter "Der ligg ei stø". Då var ei kort og hektisk, men interessant vandring over. Det var såkalla "Kulturnatt" i Tromsø, og eg fekk med meg to fine konsertar i Domkjerka før eg gjekk om bord i sørgåande hurtigrute.
Deretter vandra vi vidare til gården der Ivar Aasen budde då han var i Tromsø i juli 1851. Leiaren i mållaget, Sigrun Høgetveit Berg, fortalde om dette besøket. Aasen kom midt i ein varm sommar, han kom sjøvegen, og han meinte at naturen berre blei vakrare og vakrare jo lenger nord han kom. Aasen var ein ivrig sjøbadar, og han fekk seg også eit bad i Tromsø. Han samla også ein del ord som han ikkje hadde hørt før.
Så var det full fart til neste post, som var gården der historikaren og politikaren Halvdan Koht (f.1873) vaks opp fram til han var 12 år. Koht flytta sørover, men
Tekst og foto: Øystein Omar Aas
Sigbjørn Skåden: Planterhaug Aftenposten har plukka ut Sigbjørn Skåden si bok Planterhaug som ei av dei ti beste bøkene i år. Handlinga er lagt til samebygda "Planterhaug" i Tjeldsund (gamle Skånland kommune) dit førstebetjent Huuva frå KRIPOS Oslo kjem for å etterforske eit dødsfall. Skåden har gjort eit interessant eksperiment med å bruke nynorsk i replikkane til innbyggarane mens Huuva snakkar stivt riksmål. Det skapar avstand mellom dei to miljøa, samtidig som nynorsken tar vare på mykje av det lokale språket. Dette kan Skåden trygt utvikle vidare i framtidige verk, gjerne med ei meir lokal tilpassing av nynorsken. M.H.
4
Måltrasten nr 21, 2025 TROMS OG FINNMARK MÅLLAG: Mållag i vekst
Ja til nynorsk i skolen
Troms og Finnmark mållag har aldri hatt så mange medlemmar som no. Laget har også avvikla ei vellykka haustsamling i 2024 med fokus på norskopplæringa, stadnamn og lokal språkhistorie. Dette kunne laget oppsummere på årsmøtet som blei halde i april 2025:
Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje berre i lokalsendingane vi møter nordnorske dialektar, men no lyttar vi til kanalvertar frå Tysfjord og nyheitsopplesarar frå Lenvik i NRKs sentrale sendingar. Og nordnorske artistar syng ikkje lenger berre eigne tekstar på nordnorsk, men Dylan kjem også på nordnorsk. Og alle skriv på dialekt når vi tastar ei melding til ein kjenning. Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk. Her nord møter dei aller fleste nynorsk som sidemål i skolen. Det er derfor viktig å behalde nynorsk som ein integrert del av norskfaget som i dag, og ikkje fjerne verken karakterar eller eksamen i sidemål eller gjere sidemålsopplæringa "valfri", slik Høgre og Framstegspartiet vil. Dette står i sterk motsetning til alle dei andre partia som ønsker at sidemålsopplæringa i nynorsk må styrkast. Til dette finst mange gode ressursar å ause av, og mållaget hjelper gjerne til. I dag møter elevane nynorsk alt frå barneskolen der dei skal lese og lytte til tekstar på nynorsk. Slik får ungane møte den rike nynorske litteraturen, frå barnebøker til verdslitteratur. Mållaget har i mange år hjelpt til ved å tilby skolar gratis tinging av det beste barnebladet i landet, det nynorske Norsk Barneblad. I ungdomsskolen skal elevane lære seg å skrive tekstar på nynorsk, det same skal dei gjere på studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande. Undersøkingar viser at skriveopplæringa framleis er prega av "grammatikk-pugg", men det finst heldigvis rike ressursar å ause av, særleg frå Nynorsksenteret. Fokus bør vere meir praktisk språkbruk og kreative metodar som f.eks. podkastar, songtekstar og rollespel. Med ei god opplæring kan elevane lære å bruke sitt eige ordtilfang i nynorsk, og dette er også med på å utvide språk-kompetansen når dei skriv bokmål. Slik styrkar opplæring i sidemål også hovudmålet. For å sikre ei god nynorskopplæring, må alle lærarane som underviser i norsk bli trygge og godt utrusta i nynorsk. Her har lærarutdanninga eit særleg ansvar. Mållaget har på si side arrangert nynorske inspirasjonsdagar for lærarar, og dette vil vi halde fram med. Norsk er det viktigaste faget i skolen, og vi har to likestilte skriftspråk, bokmål og nynorsk. For å sikre likestillinga treng vi eigen karakter i begge skriftspråka. Karakteren sikrar også at sidemålsopplæringa blir prioritert. Det gjer at opplæringa blir meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjere ein innsats. Utan eigen karakter kan sidemål bli sett på som mindre viktig.
For andre året på rad har fylkesmållaget medlemsrekord. Det er no 275 medlemmar, og i tillegg kjem to mållag med rundt 50 medlemmar, slik at antal medlemmar i mållag er godt over 300 i dei to nordlegaste fylka. Så mange medlemmar har det ikkje vore nokosinne sidan fylkesmållaget blei stifta for over 100 år sidan. Lokale kulturinstitusjonar Tilbakemeldingane frå dei sju mållaga i nord viser også ein språk- og kultur-innsats som spenner over eit vidt område. Mållaga er lokale kulturinstitusjonar som gjer ein viktig innsats på mange felt. Det er derfor gledeleg at det har vore medlemsvekst dei siste åra. God nynorsk-opplæring er viktig Troms og Finnmark mållag har fleire viktige arbeidsoppgåver. Å få til ei god nynorsk-opplæring i skolen er ei av dei viktigaste oppgåvene, alle elevane skal lære seg nynorsk i dag , enten som sidemål eller hovudmål. Mållaget vil også arbeide for å gjere synleg dei over eitt hundre nordnorske forfattarane som skriv og har skrive på nynorsk og dialekt. I starten av mai blir det ei eiga Nynorskveke der mållaget vil oppfordre særleg skolane og biblioteka til å vise det språklege mangfaldet vi har med særleg fokus på dialektane og det nynorske skriftspråket. Mållaget vil også oppmode flest mogeleg til å bruke nynorsk denne veka, og spesielt media blir bedt om å bruke nynorsk – særleg på nynorskdagen 6. mai.
Representantar frå Varanger, Balsfjord, Tromsø, Senja og Harstad møttest på årsmøtet til Troms og Finnmark mållag. Foto: M. Heide
100 års målhistorie Troms og Finnmark mållag har passert 100 år, og laget held på å samle inn arkivstoff for å få skrive historia til mållaget og arbeidet som har vore gjort dei siste åra. Magne Leon Heide frå Harstad blei attvald til leiar i Troms og Finnmark mållag. Med seg i styret har han Astrid Gramstad frå Tromsø, Astrid Larsen Vetrhus frå Varanger mållag og Øystein Omar Aas frå Harstad
Av Magne Leon Heide, leiar i Troms og Finnmark mållag (trykt i avisene iTromsø, Nordlys og Folkebladet i sept.)
5
Måltrasten nr 21, 2025 NOREGS MÅLLAG: Haustseminar i Oslo Helga 19. - 20. oktober inviterte Noregs mållag til haustseminar. Sjølve seminaret var i teatersalen i Nynorskens hus, men pga. hotellprisane i byen blei vi installert på hotell i Mastemyr, omlag 20 min unna med buss. Seminaret hadde eit omfattande og godt program, og eg har her skrive ned nokre inntrykk.
fleirtal. H og Frp går for valfritt sidemål, Listhaug vil erstatte sidemål med eit fag ho kallar personleg økonomi. V, Krf, Raudt og SV vil ha ordninga som i dag. Så var det NM sitt arbeidsprogram, Vegen mot Noreg 2025. Nemnda har laga eit forslag som no går ut på høyring i organisasjonen, med frist 29. januar. Landsmøtet i april lagar det endelege programmet. Det skal vere eit offensivt program med store vyar. Prioriteringane er å styrke grasrota, digital kvardag. På byvandringa i Tromsø i haust, starta vi i tomta til det gamle lærarseminaret. Der snakka Anders Aschim om Elias Blix. Han blei avspist med fem minutt, men her fekk han fortelje om nynorsk salmebok, som no er 100 år. Så var det ei kort byvandring i nynorskens spor i Oslo. Vi var bl.a. innom grava til Ivar Aasen og Nynorsk bokhandel. Her i bokhandelen kom plutseleg forfattaren Erlend Loe og las høgt frå si siste bok. No skriv jo han på bokmål, men denne boka er på begge mål, samla i ei bok. Tittelen er Kukene-Kukane. Nynorsk inn i Grunnlova. No har jo alle partia, bortsett frå FrP skrive under på å få nynorsk inn i Grunnlova. Det er den same formulering frå språkloven so dei no vil ha inn. Der heiter det at norsk er hovudspråket i Noreg, men at vi har to sidestilte skriftspråk, bokmål og nynorsk.
Ottar Grepstad (t.v.) fekk overrekt Målprisen 2025 av Peder Lofnes Hauge for eit livsverk med strategisk og kløktig arbeid for å styrkje nynorsk skriftkultur og institusjonsbygging. Foto: Noregs Mållag Facebook
På laurdag opna det med utdeling av Målprisen 2025. Han blei i år tildelt forfattaren Ottar Grepstad. Og er det nokon som har fortent denne prisen, så må det vere han. Han har eit imponerande rulleblad med innsats for nynorsken som forfattar, direktør i Nynorsk kultursentrum som eig musea Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret. Han var med å lage det digitale leksikonet Allkunne. Han sat i leiinga for Samlaget og var redaktør i Syn og Segn. Og dette er berre litt av det denne karen har drive med i kampen for nynorsken.
Live Havro Bjørnstad, nestleiar i NM og supervervar, snakka om verving. NM har no 15.800 medlemmar, og målet no i år er 16.000. Margunn Rauset, språkforskar ved Universitetet i Bergen, snakka om bokmåls- og nynorsk-ordboka som blei starta ved UiB. Dei starta arbeidet i 1974, og bøkene kom i 1986. Nynorskordboka har fleire ord enn Bokmålsordboka, mykje fleire dialektord og samansetningar. Ho oppfordra og til å bruke nye ord, sjølv om dei ikkje sto i ordboka. Elles seier eg no som eg alltid har sagt: Det er utruleg viktig at vi her nord kan få reise på årsmøta og seminar. Ikkje berre frå fylket, men frå alle laga. Det står i den nye arbeidsplanen at ein skal styrke grasrota, og der burde vi i høyringa legge inn at NM må bruke pengar på oss her nord.
Eit panel med bl.a. Svein Rotevatn og nokre andre politikarar pluss leiaren i Mållaget snakka om stortingsvalet, og om ka slags konsekvensar det fekk for nynorsken. Rotevatn meinte det no var tida for å fremje grunnlovsforslaget, ettersom det no er raudgrønt fleirtal. Ei grunnlovsendring krev 2/3-dels
Øystein Omar Aas (som møtte for Troms og Finnmark mållag)
6
Måltrasten nr 21, 2025 BLAD FRÅ MÅLSOGA I OMRÅDET: Maaltrasten I dei tolv førre numra av "Måltrasten" har vi skrive litt om skipinga av mållaget "Maaltrasten" i sørbygda – Fauskevåg og Melvik skolekrets – i 1916-17 og om innføringa av landsmål (nynorsk) i desse to kretsane i 1918. Vi har også trykt årsmeldingane for "Maaltrasten" frå 1923 til 1933. I år fortset vi med årsmeldinga for 1934.
skolestyre som tok opp denne saka, men striden fortsette inn i 1934. Gratangen skolestyre hadde 8. mai 1933 vedtatt at dei ikkje skulle bruke to timar til skriftleg opplæring i nynorsk (sjå Måltrasten 2024). Ungdomslaget "Idyll" på Grøsnes sendte likevel ei oppmoding til skolestyret om å innføre to timar skriftleg opplæring i nynorsk, men skolestyret vedtok 3. januar 1934 at det "finner fremdeles at det ikke kan anbefale to målformer i barneskolen." Trondenes skolestyre hadde 10. juni 1933 vedtatt at alle skolane skulle bruke 1-2 timer av undervisninga på nynorsk (sjå Måltrasten 2024). 18. mai 1934 kom saka opp på nytt i skolestyret. Ervik skolekrets hadde protestert på dette, og det blei ein "Stor måldebatt igjen i Trondenes skolestyre", kunne HT melde. Kretsformannen meinte at skolestyret gjekk utafor sitt mandat, "Man bør vokte sig for å ha barna til prøvekluter både i tykt og tynt, det blir bare forkvakling", hevda han. Lærar Mathisen meinte at det fekk halde med at "bimålet skal man kun lære å lese". Formannen, Hans Eidnes, hadde ikkje nokon sans for at landsmålet (nynorsken) berre "forkvakler", og han meinte at det var opp til skolestyret å bestemme, det var berre val av hovudmål som kretsen skulle uttale seg om, og det gjaldt ikkje her. Lærarane Nils Reppen og Hjalmar Heide talte for skriftleg opplæring i landsmål. Skolestyret stemte ned framlegget om å sende saka tilbake til kretsen til avstemming. Vedtaket skapte eit par arge avisinnlegg om kor umuleg det ville vere med nynorsk i skolen. "Målbetraktninger" kalla Jens L. Jenssen (Bjarkøy) sitt krasse innlegg i HT 4. juli 1934. Her gjekk han til sterkt angrep på målfolk: "(…)samtidig som herr [Hans] Eidnes, ordfører [Johan]Heide o.fl.er ytterst pietetsfullt innstillet for alt annet nordnorsk, så viser de enn ubehendig hensynsløshet når det gjelder å fornekte sitt eget målføre, for å få innført et helt annet, mindre norsk, og det ennog på tross mot de som pietetsfullt vil holde på sitt hjemsprog." Hans Eidnes svara kort: "Eg har aldri "fornekta mitt eige målføre", så "pietetsfullt innstilt" for både det og alt anna nordnorsk har eg alltid vore." Og han bad lokalhistorikar Jens L. Jenssen halde seg unna målsoga: "Nei, min kjære Jens L. Jenssen: Du forstår deg på mange ting, og du er ein dag eldre enn eg, eg veit det godt. Men spørsmålet om nynorsk og bokmål i Nord-Noreg skal du læte ligge. Du har ikkje vilkår til å dømme om det så lenge du stirer deg blind på det eine, og skyr det andre som pesten." (2) Sandtorg kjerke i Sørvik blei vigsla 13. juli 1933, og mållaget "Måltrasten" kjøpte inn tekstbok og altarbok til kyrkja (sjå Måltrasten 2024).
Årsmelding for Måltrasten 1934 (Ein del eldre skrivemåtar er ikkje endra her. Eventuelle tillegg og kommentarar undervegs er lagt til i klammer […])
Arbeidet i meldingsåret har ikkje havt noko fart over seg, og det er truleg det dårlegaste arbeidsår i ”Måltrasten” si soga. Av møter har det berre vore 3, og på dei har det gått nokså roleg for deg. Det har vore det vanlege underhald med oplesing, og så samtale om målspursmål og andre spursmål (1) som er oppe i tida. Noko vedtak om å gjere noko serleg for det norske målet, er ikkje tatt; men det har no som før vore peika på at kvar målmann burde freiste å gjere sitt til at det kunde bere rette vegen. Når det beinveges er gjort så lite av ”Måltrasten”, er dei økonomiske tilhøve for ein stor del skuld i det. I 1934 har ein såleis endå måtta bere noko av det vi i 1933 tok på oss vedkomande kyrkja i Sørvik (2). Vi har såleis ikkje havt midlar til å gjere noko utetter. Medlemstalet er det same som før, og med same mannskapet. Utanom laget har visst kvar for seg freista gjere ymse for saka; men mangt tyder på at den gamle eld held på og kolnar, og det gamle pågangsmot er ikkje så friskt lenger, synes det. Vonar det nye år må syne meire synberre frukter av målarbeidet, og at det må gå betre med arbeidet i ”Måltrasten”. Heimtun 17/2-35 Alfr. Vaskinn - p.t. formann – Kommentarar om målåret 1934: (1) Målspørsmål og andre aktuelle spørsmål: NRK tilsette ein nynorsk hallomann i januar, og Østlandets lytterforening protesterte straks mot at nyheitene kl. 19.20 skulle lesast på nynorsk. Eit anna målspørsmål var skriftleg opplæring i nynorsk. Skolestyra kunne frå 1916 bestemme om 2 av dei 11 norsktimane pr. veke skulle brukast til "skriftlige og grammatiske øvelser" i det språket som ikkje var hovudmål på skolen, det ville i praksis seie landsmål (nynorsk). Vi skreiv i fjor om fleire
7
Måltrasten nr 21, 2025 LOKALT SPRÅK OG KULTUR Årbok for Senja 2025 fortset med Ivar Kleivas artiklar frå læraråra 1927-1940, denne gongen er "Jørgina på kafeen – og andre grannar" i fokus. Fornøyeleg nynorsk lesnad. Bjarne Stokmo skriv eit dikt, "Peders kveldsbønn" på tilnærma senjamål. Ein god porsjon senjamål finn vi også i Lars Holmedal si fortelling om "Mannen i gammen". Det overraskar heller ikkje at Ottar Brox (1932-2024) skreiv nynorsk i folkeskoletida, slik vi ser i historia "Dei tre røvarane" (skriven i 1944). I ein lengre artikkel av Truls Nilsen om Tranøy kjerke møter vi også ein og annan same, og Håvard H. Salen skriv om "Vuostalohkki" som er ei osteform for ost av reinmjølk.
I Leddiken 2025, som blir gitt ut av Øksnes historielag, har Rolf Hermansen ein artikkel om "Folkeskolen under og etter 2. verdskrig" der han bl.a. skriv at Langenes kommune fekk innført nynorsk i kommune og skole like før 2. verdskrig, men at dette blei "forkastet" rett etter krigen. Kommentar: Det var røysting i alle 5 skolekretsane i Langenes i juni 1939, med fleirtal for nynorsk i 3 kretsar, Toften (9 mot 4), Alsvåg (18-2), Husjord, Stø (9-5), Strengelvåg (uvisst røystetal), Nyksund (uvisst). Skolestyret innførte nynorsk berre i Alsvåg. Nynorsken blei røysta ut her like etter krigen, årstalet er usikkert.
Årboka frå Hadsel historielag, Hofdasegl nr 70 2025 har fleire gode artiklar på nynorsk. Aud Farstad har skrive (nynorsk) bok om Nanna With (f.1874), og i Hofdasegl følger vi henne fram til 1905. Åsa Elstad har skrive ein oversynsartikkel om utvandringa, "Frå Hadsel til Amerika", og Mariann J. Mathisen har meldt (på bokmål) Åsa si bok "Trådar frå fortida" (2023). Årbok for Sortland, kjem ikkje ut i 2025. Jubileumsnummeret av Lavangsminne 50 år 19762025 var dessverre ikkje komme då vi skreiv dette. Årbok for Lødingen og Årbok for Bjarkøy kjem annakvart år, og ikkje i 2025.
Astøingan 2025, årbok for Gratangen, Ibestad, Skånland, bruker ei heil side på eit dikt av Nelly Sjøvoll (1914-2017) "Eg vil" skrive på stødig astøingsmål. Like stødig dialekt finn vi i Ole Jakob Olsen (1941-2024) sitt dikt "Klesvaskardag attmed bekken", skrive på lavangsmål. Årboka held fram med å skrive om "Grovfjordlista", denne gongen er det ord og uttrykk frå "tor" til "ubya" som står får tur. Harriet Karlsen har ei vakker skildring av den samiske kunstnaren Elli Mathilde Novvale (1931-2011). I Årbok for Skånland 2025 skriv Inger Johanne Mørkve om sine ti første år som tjeldsundværing, og ho har også med eit fint dikt på nynorsk. Ardis Ronte Eriksen stiller seg kritisk til sanninga om dei samiske barna som blei bortførte frå Norrbotten til Troms: "Ble oldemor virkelig røvet og stjålet fra foreldrehjemmet?" I Årbok for Kvæfjord 2025 gir Magne Leon Heide lesarane fleire "Gløtt frå Kvæfjords historie – frå steinalder til 1800-talet". Årbok for Harstad 2025 har berre ein artikkel på nynorsk. Magne Leon Heide har denne gongen skrive om "Johanna Brækkan Heide på Inner-Elgsnes", som levde frå 1861 til 1933. Bjørn Hall-Hofsø har skrive om "Avisa Haalogaland" som kom ut frå 1902 til 1954. Dette var ei venstre-avis med klare nynorsk- og mål-sympatiar. Vi får komme tilbake til denne avisa ved eit seinare høve. Og så har René Jørgensen skrive om "Samisk innflytting til Sørvikmarka på 16- og 1700-tallet".
Rikke G. Gjærum: Borte heimanfrå Rikke Gürgens Gjærum, Harstad, prorektor ved UIT, kom med ny diktsamling i år, Borte heimanfrå. I ei prosalyrisk form tar ho oss med på ei syklisk reise både utover og innover i verda. Kollega Tomas Rolland har tatt bilda som bygger opp under stemninga i dikta. Dikta er skriven i ein god nynorsk stil. M.H.
Jakob E. Hardersen: Mine første år Jakob Emil Hardersen debuterte i 2024 med diktsamlinga Mine første år. Mellom dei godt over 100 dikta finn vi også 30 dikt i nynorsk språkdrakt. Dikta er bygd opp rundt eit "eg" og "du" – litt avbrote av eit lite "vi" eller "me", og ein og annan "han" og "ho/hun". Pronomena skapar nærleik og gjer dikta meir personlege. M.H. Redaktør for Måltrasten: Magne Leon Heide
8