Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?
Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.