
2 minute read
Krevende med nynorsk på skjerm
Krevjande på skjerm
Det er stor mangel på digitale læremiddel på nynorsk. I ein uklar og kaotisk læremiddelsituasjon er det mest kritisk for nynorskelevane.
AV | Anne Sande
– FOR EIN DEL DIGITALE læremiddel er det ikkje utvikla nynorskversjonar. Støtteprogram, som skriveprogram med skrivestøtte og teksttiltalestøtte, finst ikkje på nynorsk, eller dei er ikkje like gode som på bokmål dersom dei finst. I tillegg er ikkje alltid iPadane og programma innstilte på nynorsk av skulen, slik at elevane får feil når dei skriv nynorsk. Skulane har ikkje rutinar for å sjekke innstillingane, seier Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis i norsk ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.
Språkopplæring
– Det aller største problemet slik eg ser det, er at mange førsteklassingar som skal lære å lese og skrive nynorsk på skulen, får ein iPad der veldig mykje er på bokmål. Det er ubrukeleg for elevane, som skal lære å lese og skrive språket sitt, seier Juuhl.
Gudrun Kløve Juuhl er norsklærar og spesielt opptatt av at elevar som skal ha nynorsk, må få si første lese og skriveopplæring med gode læremiddel på nynorsk.
Ho har mest kjennskap til situasjonen i grunnskulen og begynnaropplæringa og har delteke i eit forskingsprosjekt om læring i første klasse. – Når ein lærer å lese og skrive, lærer ein skriftspråket sitt samtidig. Dersom nynorskelevane i liten grad møter sitt eige språk, kan det hende dei lærer betre bokmål enn nynorsk. Då har dei ikkje fått lære det skulen skulle lære dei. – Digitaliseringa av skulen har skjedd veldig raskt, så vi har ikkje så mykje sikker kunnskap. Men eg har sett at i nokre klasserom blir mange av elevane sitjande åleine med headset og sjå på skjermen sin. Sjølv om det ikkje er intensjonen, blir elevane nokre gonger litt overlatne til seg sjølve i situasjonar med digitale læremiddel. Intensjonen var kanskje meir samarbeid, til dømes å skrive tekstar i lag. I staden får dei beskjed om å jobbe med den eller den appen, og så sit dei ein og ein med headseta sine. Eg er kritisk til dette. Eg trur at førsteklassingar som skal lære, treng å vere ein del av eit fellesskap. Dei treng å snakke med læraren og medelevar, vere i lag og lære i lag, seier ho.
Val av læremiddel
– Dei siste åra har vore prega av ny læreplan og av at mange skular samtidig har blitt meir og meir digitaliserte. Det har gjort at det er ein noko uklar og kaotisk læremiddelsituasjon. Kommunane har kjøpt inn digitale løysingar, delvis i staden for lærebøker, med varierande kvalitet. I tradisjonelle bokinnkjøp har det vore slik at det er lærarar som har vurdert kva bøker som skal kjøpast inn.
Førsteamanuensis i norsk, Gudrun Kløve Juuhl. Foto: Høgskulen i Volda Faksimile frå Gyldendal sine nettsider
