2 minute read

tangent Anne-Karin

Next Article
Noe godt i glasset

Noe godt i glasset

På tide å slukke motoren …

Året går raskt mot slutten for årets President i Tangent Norge, tenk at eg skulle få oppleve å lede ein organisasjon med flotte damer ein gong til. Læringskurven var heldigvis ikkje så bratt denne gongen, eg lærte mykje meir som President i Ladies Circle, men eg har lært masse i år og. «Gamle vaner er vonde å vende» for eksempel … Men med masse ungdommelig kraft og stort pågangsmot så har me nå fått gjort mye gøy!

Advertisement

Me har i år hatt ein eksplosjon av nye medlemmer til Tangent, me har vokst til over 140 medlemmer fra 62 i fjor – det er over 126%!!! Det er eg spesielt fornøyd med, i tillegg til at me har klart å skape egne arrangement som er kun for Tangenter. Vi snakker blåtur og julebord. Å me satte ny rekord i innsamla midler til LCN charity fra Tangent Norge –digg!

Eg er jo smertelig klar over at vi i Tangent er avhengig av LC, uten LC ingen Tangent. Det er faktisk så enkelt siden me kun rekrutterer medlemmer som ein eller anna gong har vore chartra i LC. Det er vårt einaste kriterie for å bli medlem, at du har blitt chartra. Derfor syns eg det er så strålande når overgangen frå LC til Tangent glir så godt som nå, og at det mange steder er klubber i etablering klar til å ta imot nye (og gamle) LC damer. Så fortvil ikkje ladies – det er eit liv etter LC …

Eg vil med heile mitt LC-hjerta takka alle dei som eg har vore i kontakt med gjennom året på ein eller anna måte, eg har jo møtt mange av dåke også i år. Eg innrømmer glatt at eg blir misunnelig på dåke som er i starten på LC livet, mitt råd er berre å «gripe mulighetene som byr seg», LC gir deg så mange muligheter – grip dei! Reis ut av klubben og opplev alt det som ligg og venter, du vil ikkje angre! Mitt motto i LCN 09/10 var «Kunsten å leva», nå i Tangent har eg hatt «Kunsten å leva – del 2», tusen takk til dåke alle for nye minner i mi og mitt styre si minnebok. Nå gir eg presidentkjedet vidare til Eva Christina Moen og trekker meg litt tilbake, skal i alle fall prøve på det. Gleder meg til å følge ho og dåkas Linn og styret hennes i året som kommer – dei kjem til å gjere det bra for organisasjonene våre, det er ikkje tvil i mi sjel. Å nå folkens, nå tar eg med meg Gro til Tangent på heiltid – endelig er ho vår!

Så på vegne av heile styret i Tangent Norge 22/23 vil eg ønska dåke ein god gla sommar. For «Nå e tida for lyse kveldar, omgi deg med bare gode venner, sola steike og himmelen er blåååå – Fy f … så deiligt livet er nå, med båtliv på, bøljan blå, ja så digg det er å leva nååååå…»

YICF

Anne Karin Nøkland Berge President Tangent Norge 2022-23

This article is from: