Vårprogram 2026

Page 1


BOKRINGAR

Tysdagsringen: 6. Jan, 10. feb, 10. mar, 7. apr, 5. mai, 2. jun

Torsdagsringen: 8. Jan, 12. feb, 19. mar, 16. Apr, 7. mai, 4. jun

SPRÅKKAFÉ

FASTE TILBOD

YOGA & POESI

EVENTYRSTUND

Ta kontakt med biblioteket for avtale om eventyrstund.

UAR

Heimedyrka med @arcticgardener

Torsdag 15. januar kl 18:00

Har du ein draum om å dyrke dine eigne grønsaker – sjølv om du bur i leilegheit eller har begrensa uteplass? Då bør du få med deg dette inspirerande føredraget med Anders Røyneberg og Erik Schjerven, også kjent som Arctic Gardener!

I føredraget Heimedyrka får du praktiske råd og tips til korleis du kan lage ein frodig og levande kjøkkenhage – på balkongen, terrassen, eller til og med i vindaugskarmen. Alt du treng er nokre potter, litt jord og ei god dose inspirasjon!

Anders og Erik deler erfaringar frå sitt eige hageeventyr, og viser korleis dyrking kan vere både enkelt, gjevande og tilpassa ulike bustadtypar. Du får lære om jord, behaldarar, stell og korleis du får plantene til å trivast – og ikkje minst korleis dyrking kan gi glede, ro og ei kjensle av meistring i kvardagen.

Billett i Hoopla: 100,-

JANUAR

ASTROSHOW FOR BARN MED

KNUT JØRGEN RØED ØDEGAARD

Fredag 23. Januar kl. 17:30

Bli med på ei spektakulær reise ut i verdsrommet! Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med på ei fascinerande oppdagingsferd gjennom solsystemet og universet. Du får lære om planetar, stjerner og fenomen, og høyre om framtida: romheisar, reiser til asteroidebeltet og korleis det kan bli å dra til eit anna solsystem. Vi snakkar også om meteorittar – og du får kjenne på ekte steinar frå verdsrommet!

Det blir flotte bilete, filmar, animasjonar og musikkvideoar – alt tilpassa barn. Føredraget varer ca. 45 minutt, og det er lov å stille spørsmål undervegs.

Passer best for: barn mellom 6-10 år. Gratis

JANUAR

NORSK RØYNDOM: MONE CELIN SKREDE

Mi høgre hand: mot ein identitet som funksjonshemma

Onsdag 28. Januar kl. 18:00

Dette er det andre arrangementet i serien Norsk røyndom, der Kvinnherad bibliotek inviterer forfattarane bak bøkene til samtalar om viktige tema i den norske samtida. Serien gir unike innblikk i korleis samfunnsutviklinga påverkar kvardagen til folk.

Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Ho gir eit nært og personleg innblikk i korleis det er å vekse opp med ei høgrehand som er mindre enn den venstre – utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Skrede skriv ope om identitet, det å høyre til og korleis ho har funne styrke i fellesskapet og «rørsla».

Mone Celin Skrede (f. 1991) kjem frå Hareid og har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har jobba som journalist i Dag og Tid, Nationen og Aftenposten, og vore spaltist i Medier24. I dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba – ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA). Mi høgre hand er hennar første bok.

Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte.

Gratis og ope for alle

JANUAR

TRULS HORVEI

PENSJONIST, MEN IKKJE PASSIV

Torsdag 29. Januar kl. 13:00

Kvinnherad bibliotek inviterer til foredrag med Truls Horvei. Han deler tankar om overgangen frå yrkesliv til pensjonisttilvære, og korleis ein kan fylle dagane med meining gjennom frivillig arbeid, fysisk aktivitet, sosialt liv og kreative interesser. Det blir også ein liten utstilling med nokre av måleria hans.

Truls Horvei er tidlegare kulturjournalist i Haugesunds Avis gjennom mange år, og har eit omfattande forfattarskap – særleg innan lyrikk. Nyleg har han også gitt ut romanen Små fristelser.

Foredraget varer om lag 45–55 minutt, og det er gratis inngang –ope for alle.

JANUAR

Fredag 30. Januar kl. 11:00-13:00

Me tenker på småfuglane i vinterkulda og lagar fuglemat.

FEBRUAR

Psykisk

helse

mest bra og litt slit

Tysdag 3. februar kl. 18:00

Korleis kan vi støtte barn si psykiske helse i kvardagen?

Foredraget med Kirsten Helen Flaten frå Høgskulen på

Vestlandet tek for seg faktorar som fremjar god psykisk helse –tryggleik, relasjonar, humor, vennskap og tilknyting – og ser også på utfordringar som einsemd, angst og mangel på støtte i miljøet.

Det vert sett i samanheng med psykisk helse hos vaksne, og du får med deg praktiske råd og refleksjonar som kan vere nyttige for foreldre, fagpersonar og alle som bryr seg om barn og unge.

Gratis inngang. Velkommen!

FEBRUAR

Norsk røyndom

Torsdag 5. februar kl. 18:00 med Jens Kihl

FEBRUAR

Håvard Lillethun

Et Guds barn -

Min reise ut av en lukket sekt

Fredag 6. februar kl. 18:00-19:30

Korleis er det mogleg å bli fanga i ei lukka sekt – og kva skal til for å bryte fri? Håvard Lillethun levde i over 40 år som medlem av sekta Children of God, ei gruppe prega av streng kontroll, indoktrinering og brot med omverda.

I dette sterke og personlege foredraget deler han historia si: korleis han vart ein del av sekta, kvifor han blei verande så lenge –og kva som til slutt gjorde det mogleg å bryte ut. Men reisa slutta ikkje der. Det tok mange år å forstå kor djupt sekta hadde forma tankane og kjenslene hans, og korleis ein kan vere fysisk fri, men framleis mentalt fanga.

Foredraget handlar om tru, identitet og hjernevask – men aller mest om å finne tilbake til seg sjølv. Dette er ikkje berre ei historie om sekter, men om håp, mot og retten til å tenke fritt.

Etter foredraget blir det val av delegatar til årsmøtet i Hordaland regionlag. Alle medlemmar av Human-Etisk Forbund i Kvinnherad lokallag kan stille som delegat, og det er opp til medlemmane å avgjere kven som skal sendast.

Arr.: Human-Etisk Forbund Kvinnherad lokallag Gratis og ope for alle.

FEBRUAR

den Gode melodi

Måndag 9. februar kl 15:00

Den gode melodi kjem tilbake til Kvinnherad bibliotek med framsyninga «Og musikken var ved Finn Ludt». Her får publikum høyra kjende tonar frå Prøysen, Skjæraasen og Erik Bye – alt elegant bunde saman med små historier om Ludt sitt liv og virke. Ei stemningsfull og nostalgisk musikalsk stund – støtta av Den kulturelle spaserstokken.

Gratis

FEBRUAR

Magisk

bobleshow

Laurdag 14. februar kl 13:00 for heile familien

Har du nokon gong lurt på kva som trengst for å lage såpebobler?

Og kva skjer når magi blir ein del av oppskrifta?

Velkommen til eit spektakulært familieshow der både små og store blir overraska! Opplev eit energifullt og visuelt bobleunivers med små og gigantiske bobler som svevar, dansar og eksploderer i fargar. Sjå bobler fylt med røyk, lysande bobler og trygge flammeeffektar som får salen til å sitje som fjetra.

Dette er eit show fullt av ekte WOW-augneblink – perfekt for heile familien!

Begrensa tal på plasser. Reserver din plass i hoopla i dag. Gratis

FEBRUAR

Skrivekurs med Truls Horvei

på biblioteket

Måndag 16. Februar kl. 17:00-20:00

Bli med på eit inspirerande skrivekurs med Truls Horvei. Første del av kurset handlar om haiku – og dikt generelt. Truls gir ei kort innføring før deltakarane får skrive eigne tekstar. Vi rundar av økta med høgtlesing for dei som vil, i ein trygg og uformell atmosfære.

I andre del går vi over til prosa. Her arbeider vi med starten på ei forteljing: karakterar, handling, stemning og korleis ein byggjer opp ei kort forteljing – eller byrjinga på noko større. Du får konkrete tips, små skriveoppgåver og rom til å utvikle eigne idear.

Truls Horvei (f. 1957) er ein norsk forfattar ogtidlegare journalist, med ei rekkje diktsamlingar og ungdomsbøker bak seg. Han er òg ein erfaren formidlar som held skrivekurs og haikuverkstadar over heile landet.

Påmelding i Hoopla. Pris: 50,-

FEBRUAR

Bringekluten si historie og symbolbruk

Britt Rage

Laurdag 21. Februar kl. 14:00

Kvinnherad bibliotek inviterer til foredrag med Britt Kjellesvik Rage, som vil ta publikum med inn i historia bak bringekluten –eit sentralt element i folkedrakttradisjonen.

Foredraget byggjer på Rage sitt omfattande dokumentasjonsarbeid gjennom 25 år, og er basert på hennar nyleg utgjevne bok Bringeklutar frå Tysnes. Ho vil presentera bringekluten i eit historisk perspektiv, med fokus på symbolbruk, materialtilgang og handverkstradisjonar.

Under arrangementet vert det også ei mini-utstilling med originale bringeklutar og historiske draktplagg. Målet er å inspirera til vidare bruk og forståing av gamle mønster og teknikkar.

Foredraget varer om lag 50 minutt og er gratis og ope for alle interesserte.

VINTERFERIE

Vinterferie

på biblioteket

Kom på biblioteket i vinterferien - vi har ope kvar dag.

Vi byr på kurs, film, hobbyverkstad og teater.

23. Februar : Speledag

24. Februar: Ordleik med Mona

25. Februar kl. 12:00: Verkstad

27. Februar - Askeladden friteater

VINTERFERIE

Mona Vetrhus

Ordleik med Mona

Tysdag 24. februar kl 11:00

Vi leikar med ord og finn på ei sprø historie i lag. - Kanskje om ein pingvin som bur på biblioteket, eller eit ord som aldri før har funnest. Foreldre kan vera med, eller lena seg tilbake.

Velkommen! ������ 24.februar kl 11-12. Passar best for 7-10 år.

VINTERFERIE

Askeladden Friteater

Jeg fant, jeg fant!

Fredag 27. februar kl 13:00

Askeladden friteater kjem til biblioteket nok ein gong. Denne gongen er det med forestillinga “Jeg fant, jeg fant!”.

Det vert spenning, der vi får møte Per, Pål og Espen, eit digert troll, og til og med dei tre bukkane Bruse.

Forestillingen passar born i alle aldrar, og er gratis.

MARS

TEMAKAFÉ

Fastlegens rolle i pasientbehandling under og etter kreftbehandling

Tysdag 3. mars kl. 18:00

Temakafeen er eit sosialt treff for kreftramma, pårørande og etterlatte.

Vi tek opp ulike temaer om kreft og det å leva med kreft. Det vert òg ulike kulturelle innslag.

Torstein Ljones er føredragshaldar denne kvelden. Han er allmennlegespesialist og fastlege ved Kokstad medisinske

senter i Bergen og er ein av fire tillitsvalgte for fastlegane i Bergen. Han har og vore med fra starten av da «Temakafe for kreft « ble oppretta i januar 2023.

Arrangementet er gratis. Velkommen til ein fin kveld på

Biblioteket på Husnes. Det vert noko godt å bita i.

Etter pausen vil Ingunn Koløy fortelje litt om jobben sin som Diakon.

Kontakt: Marit Sjøvangen tlf 94846123 for meir informasjon.

MARS

KAREN MOWAT

– Gardsfrue, ikkje berre hustru: Eit feministisk blikk på 1600-talet – Foredrag med Knut Rage

Laurdag 7. mars kl. 14:00

Kvinnherad bibliotek inviterer til eit spennande foredrag med forfattar og lokalhistorikar Knut Rage om boka Karen Mowat og hennar slekt.

Karen Mowat, «frua til Rosendal», fekk aldri sjølv oppleva at det omfattande arvegodset hennar vart opphøgd til eit baroni. Som medlem av samfunnseliten på 1600-talet hadde ho ei spennande slektshistorie med røter i Skottland. Samstundes var livet med Ludvig Rosenkrantz prega av økonomiske utfordringar, og Karen måtte ta uvanlege grep for ei kvinne i si tid. I foredraget vil Knut Rage freista å belysa Karen Mowat sitt liv og virke frå ein feministisk synsvinkel, gjennom eit streiftog innom andre historiske kvinneskikkelsar frå Vestlandet på 1600talet.

Arrangementet er gratis og ope for alle

MARS

Samtale med Katrine Sele om boka Menn som nesten elska meg – sju års lengt etter kjærleiken

Torsdag 12. mars kl 18:00

Vi inviterer til ein samtale mellom forfattar Katrine Sele og biblioteksjef Trude Hege Bergesen om boka Menn som nesten elska meg – sju års lengt etter kjærleiken.

Då Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger, og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Boka reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.

Kritikarane har kalla boka både modig og gjenkjenneleg – ei underhaldande og inspirerande skildring av livet som singel og lengtande i vår tid.

Billett: 100,- 24

MARS

Norsk røyndom: Aldri god nok

JESWANTHINY MAYOORAN

Fredag 27. mars kl 18:00

Kva skjer når draumen ikkje er din eigen? Jeswanthiny Mayooran tek oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva kostar det når valet skjer under press? Jeswanthiny gav etter og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri –men kva har det kosta henne?

Gjennom boka Aldri god nok byr ho på eit ærleg og modig innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien. Ei bok som vil treffe mange – både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Dette er det fjerde arrangementet i serien Norsk røyndom, der Kvinnherad bibliotek inviterer forfattarane bak bøkene til samtalar om viktige tema i den norske samtida. Serien gir unike innblikk i korleis samfunnsutviklinga påverkar kvardagen til folk. Velkomen til ein viktig og tankevekkande samtale!

Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte.

Gratis og ope for alle.

MARS

Pirat-show

Med Knuff og Klem

Laurdag 28. mars kl 13:00

Piratar er røffe og rå, slår deg gul og blå!

Det meiner i alle fall kanonmannen Knuff. Kaptein Klem er ikkje heilt samd. Han synest det er mykje viktigare å syngje, danse og trene opp nye, lokale minipiratar. For no er det berre desse to att – resten av mannskapet har forsvunne, ein etter ein.

Bli med på ei rampete og herleg kaotisk piratframsyning, der alt som kan gå gale faktisk går gale. Det blir eit svett basketak med knall og fall, medan Knuff og Klem – som ikkje heilt klarar å bli einige om kven som eigentleg er kaptein, eller kvifor dei eigentleg er på besøk – inviterer til ei musikalsk og fysisk piratstund for heile familien.

Publikum får servert sjørøvarskule, spisekonkurranse, dårlege ordspel, ei planke som berre lagar trøbbel, sverdkamp og mykje meir.

Og… dei to piratane er vel berre vener

Varer i ca. 50 minutt og høver for barn frå 4 år

APRIL

Norsk røyndom: Innafor. Utanfor

Men alltid autist

Stine Hansen Brattland

Måndag 13.april kl. 18:00

Kva vil det seie å leve som autist i dagens samfunn? Forfattaren

bak boka Innanfor, utanfor – men alltid autist kjem til Kvinnherad bibliotek for å dele sine erfaringar og perspektiv. Det vert ein open og innsiktsfull samtale med forfattaren om

inkludering og korleis vi kan forstå autisme på ein meir nyansert måte.

Dette er det femte arrangementet i biblioteket sin serie Norsk røyndom – sprei ordet, som løftar fram viktige tema frå samtida.

Tusen takk til Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte.

Gratis og ope for alle.

APRIL

Kva er demens

– og korleis meistre kvardagen som pårørande?

Liv Karin Kval

Tysdag 21. April kl. 18:00

Kvinnherad bibliotek, i samarbeid med Husnes og Valen helselag, inviterer til temakveld om demens.

Kva er demens, og korleis påverkar sjukdomen både den som er ramma og dei næraste? Korleis kan vi som pårørande handtere ventesorg, utfordringar i kvardagen og samstundes ta vare på oss sjølve?

Liv Karin Kval har over 30 års erfaring frå eldreomsorga – både som leiar og som rådgjevar innan demens. Ho har fått fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna Nasjonalforeningen for folkehelsen sin demenspris.

Gratis inngang – enkel servering.

APRIL

Verdas bokdag

Torsdag 23. April

Vi markerer verdas bokdag med roser og dikt

Ikkje fordi vi føler det er vår plikt

Men for oss er ord det sterkaste våpen

Den beste måten å væra heilt open

Dine ord kan spre glede, sorg og hat

Gje deg fiender, eller ein ny kamerat

Bøker gjer deg kunnskapen til å bruka språket

Dei står i hyllene klar til å informera dåke

Så kom på biblioteket og les, lytt og skriv

Gje kvardagen din eit heilt nytt liv - Rune

SOMMAR Sommarferien på biblioteket

Om sommaren viser vi film i kinoteket. Er det strålande vér kan det hende vi set opp småbord i Leselunden. I tillegg kan det bli sporadiske eventyrstunder. Følg med på heimesida og biblioteket si facebook-side for oppdatert program.

Biblioteket har ope heile sommaren måndag-fredag 10.0016.00 og laurdag 10.00-14.00. Meirope bibliotek er ope kvar dag heile året 08.00-22.00 Ta kontakt med biblioteket i betjent opningstid og oppgrader lånekortet, så får du tilgang. Merk at tilgang til Meirope har aldersgrense 16 år.

DIGITALE TJENESTER

Koble deg til biblioteket sin wifi og få tilgang til nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve.

Flipp er ei abonnementsteneste som gjev deg fri tilgang til over 90 bestseljande magasin, vekeblad og teikneseriar i Noreg, Sverige og Danmark

I Bibliofil kan du administrere låna dine, betale purringar, samt få tilgang til Pressreader og Flipp.

Skriv ut ut på biblioteket med princh. Du kan skriva ut frå eigen PC, publikumsPC, nettbrett eller telefon (iOS, Android) og betale for utskriftene på nettet eller i skranken.

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Høyr oss snakke om side 9 og anna gøy som skjer og har skjedd på biblioteket i podcasten vår «Pludrepodden».

ÅRSKVALKADE

LESEKNAPPEN

Januar 2026 får alle 2. klassingar i Kvinnherad tilbod om å delta i det inspirerande

Leseknappenopplegget – eit samarbeid mellom

Kvinnherad bibliotek og Den kulturelle skulesekken.

Elevane får høve til å besøka eit stort folkebibliotek – for mange for aller første gong. Dei fleste er vande med bokbussen, men no får dei oppleva biblioteket sitt mangfald og magi på nært hald. Barna blir tekne imot av barnebibliotekar som gir ei levande innføring i korleis ein brukar biblioteket, korleis ein låner bøker, og deler gode boktips.

Høgdepunktet for mange er møtet med ein ekte forfattar – vår eigen Mona Vetrhus frå Uskedalen – som inspirerer med forteljarglede og nærleik til litteraturen.

Leseknappen stimulerer born til å lesa på eiga hand – anten dei har knekt lesekoden eller er i ferd med å knekka han. Målet er å skapa leselyst og meistring gjennom eigne leseopplevingar. Alle elevar som les minst 10 bøker, kan henta ein fargerik og flott Leseknapp – eit jakkemerke designa av illustratør Elisabeth Moseng – på biblioteket eller bokbussen.

Leseknappen er biblioteket sin versjon av symjeknappen – eit synleg bevis på innsats, meistring og leseglede!

TØYVESKEBIBLIOTEK

I løpet av hausten 2025 har 5 barnehagar fått ta del i det lesefremjande tiltaket tøyveskebiblioteket «Les med meg!», utvikla av Nordland fylkesbibliotek. Tiltaket går ut på at kvar deltakande barnehage får tildelt 10 tøyvesker, med 3-4 bøker i kvart nett, som foreldre og barn kan låne med seg heim i 14 dagar. Etter ca 3 månader i ein barnehage vert tøyveskene samla inn att via bokbussen, sett over på biblioteket og sendt vidare til neste barnehage. Veskene vil såleis rullere mellom barnehagane.

Tiltaket skal stimulere til meir lesing i heimane og styrke relasjonar, ordforråd, samhandling, empati og fantasi gjennom bøkene. I netta vil ein og finne brosjyrar med tips både på bøker og metodar for samlesing.

Foreløpig kan biblioteket berre tilby 5 barnehagar tilbodet om gangen, og netta er tilpassa alderen 3-6 år. Det krev auka ressursar til innkjøp for å utvide tilbodet, både for å auke til fleire barnehagar og for å auke tilbodet til dei yngste i barnehagen.

Tilbodet er godt motteke av barnehagane og vi gler oss over godt samarbeid.

God bok!

BAKSIDA

Opningstider

Måndag 10-16

Tysdag 10-18

Onsdag 10-16

Torsdag 10-18

Fredag 10-16

Laurdag 10-14

Meirope (ubetjent)

Kvar dag 08-22

(Få tilgong i betjent opningstid)

940 23 757

Bokbussen: 415 19 052

kvinnheradbibliotek.no

Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes

bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.