Haustprogram 2025 Kvinnherad Bibliotek


Sjefssida

Kjære publikum,
Hausten er her, og me på Kvinnherad bibliotek gler oss til å fylle huset med gode opplevingar, engasjerande samtalar og fellesskap. Det er møtet mellom publikum, forfattarar, skodespelarar, kunstnarar, tilsette og samarbeidspartnarar som gjer arrangementa våre til noko heilt spesielt. Saman skapar me liv og mangfald på biblioteket, og me set stor pris på alle som kjem og deltek.
Denne hausten har me sett saman eit variert program for både store og små. Alle arrangement for barn er heilt gratis, og mange av arrangementa for vaksne er òg gratis. Nokre av arrangementa for vaksne har ein liten billettpris – enten 50 eller 100 kroner. Sidan arrangementa våre ofte er populære og det kan bli fullt, anbefaler me å sikre seg billett på Hoopla for å vere trygg på å få plass.
Biblioteket er meir enn eit rom med bøker – det er ein viktig møteplass og ein arena for demokrati, kunnskapsdeling og fellesskap. Her kan du møte andre, oppleve noko nytt og få påfyll utan skjerm og filter. I ei tid med overflod av informasjon og mange falske nyheiter, er biblioteket viktigare enn nokon gong.
Har du, laget ditt eller organisasjonen din lyst til å vere med og arrangere noko hos oss? Me ønskjer dykk varmt velkomne til å ta kontakt! Biblioteket er ein open arena der nye idear og initiativ får grobotn.
Nytt av året er prosjektet Norsk røyndom, som me har fått støtte til frå Vestland fylkeskommune. Dette prosjektet vil løfte fram aktuelle tema i samtida og gi oss nye perspektiv på kvardagen vår. Me er òg glade for at tilbodet til alle 2. klassene, Leseknappen, no blir rulla ut denne hausten. I tillegg blir det bokbussturné med skodespelar Adele Duus – begge desse tilboda er støtta av Den kulturelle skulesekken.
PS: Kvinnherad bibliotek er eit levande bibliotek, så det kan dukke opp fleire arrangement undervegs. Følg med på heimesida vår kvinnheradbibliotek.no, på Friskus eller på Facebook for oppdatert informasjon.
Me gler oss til å sjå deg på Kvinnherad bibliotek i haust –biblioteket med stor takhøgd. Velkomen inn!
Vennleg helsing
Trude Hege Bergesen
Biblioteksjef, Kvinnherad bibliotek
Faste tilbod
Kreativ skrivegruppe
måndag 6. oktober og 3. november kl 17:30 - 18:30
Liker du å skrive skjønnlitteratur? Møt andre skriveglade på biblioteket. Vi skal ha ulike skriveøvingar, lese og diskutere (kvarandres) tekstar. Og etter kvart vert det kanskje skrivekurs eller besøk av ein etablert forfattar. Møt opp og bli med å skape eit skrivande miljø i Kvinnherad. Ope for alle, men målgruppa er vaksne.
Gratis. feather-pointed
Bokringar
Tysdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30:
Torsdagsringen møter på biblioteket kl. 17.30:
Glad i å lese? Lyst til å dele lesegleda med andre? Bli med i ein bokring, då vel! Det er kjekt og sosialt, og du får møte andre leseglade menneske. Bokringane møtest ca. 1 gang pr månad.
Det er for tida 2 bokringar som møtest på biblioteket. Ein på tysdagar og ein på torsdagar. I tillegg er det 4 andre bokringar ute i bygdene knytt til biblioteket. Har du lyst til å bli med i ein bokring, eller starte din eigen bokring - ta kontakt med Trude Hege eller Anita på biblioteket.
Tysdagsringen: 26. aug, 23. sept, 21. okt, 25. nov
Torsdagsringen: 28. aug, 18. sept, 23. okt, 27. nov
Drop in- syverkstad
kvar tysdag kl. 15:00-17:30
Treng du å sy i ein glidelås, sette på ein lapp på buksa eller gjere enkel reparering o.l.? På biblioteket har vi to symaskiner som publikum kan bruke på tysdagar mellom 15:00 – 17:30. Vi på biblioteket kan gi enkel rettleiing slik at du kan reparere sjølv. Vi har litt utstyr, men oppmodar deg om å ta med det du treng.
Passar for ungdom og vaksne Gratis

Språkkafé
kvar måndag kl. 13:00
På språkkafé møtes menneske over ein kopp te eller kaffi og snakkar norsk med kvarandre. Nokre av deltakarane har språkkafé som ein del av sitt introduksjonsprogram for å øve seg på norsk i praksis. Alle er velkomne på språkkafé, uansett alder, nasjonalitet eller språknivå. Kom innom då vel!
Språkkaféane følgjer skuleruta, så det er ikkje kafé i ferieane. mug-hot comments
Frøbiblioteket
Har du ein gartnar i magen? Kom på biblioteket, lån frø og få tips. Ta gjerne bilder av det du har dyrka og del det på Instagram #kvinnheradbibliotek, #frøbibliotek eller på Facebook. Har du frø til overs og vil dela med andre, tar me veldig gjerne imot. Lever frøa i skranken på biblioteket. Hugs å merka med kva sort frø det er. Lurer du på noko? Ta kontakt med: hilde.gry.opheim@kvinnherad.kommune.no
Velkomen til Yoga&Poesi
Torsdagar frå 11. sept kl 15:00
Vi inviterer deg til å lade kropp og sinn med roleg yoga, restorativ og yin- med opplesing av dikt undervegs. Dette er eit høve til å finna ro etter ei travel arbeidsveke.


Lene er utdanna sjukepleiar og yogainstruktør. Ho rettleier deg i avspenning, pust og yogastillingar. Du treng ikkje å ha gjort yoga før for å delta her.
Ta med deg yogamatte,teppe og ei lita pute (om det er vanskeleg å ligge flatt utan). Ha på deg lune og ledige klær. Har du yo -
Sikre deg plass gablokker kan du ha med det òg. Det er avgrensa med plass, så du må melde deg på via https://kvinnherad-bibliotek.hoopla.no Velkomen.
Strikk og Lytt
kvar onsdag kl 12:00
Vel møtt til ei roleg stund der ein frå biblioteket les høgt for deg. Du kan strikke, teikne eller berre lytte og slappe av. Gratis og ope for alle. Vel møtt!
Arrangørar er Mental helse i samarbeid med Kvinnherad bibliotek.

Eventyrstund
12. september, 17. oktober, 14. november, 5. desember kl 11:00
Vi hentar fram nye og gamle skattar frå barnelitteraturen. Ingvild eller Cecilie les og fortel frå bøkene. Alle barn er velkomne. Vi ber om at større grupper, som barnehagar og andre gir beskjed seinast 3 dagar på førehand: bibliotek@kvinnherad.kommune.no
Ein fredag i månaden dersom det er nok påmeldt. Gratis og ope for alle.
September

Temakveld: Framtidsfullmakt
Torsdag 25. September kl. 17:00
Kva er ei framtidsfullmakt, og kvifor bør du ha ei?
Få svar på kva fullmakta bør innehalda, korleis du går fram, og kva som skil ho frå verje.
Banksjef Vivi Tranøy Loftheim frå Sparebanken Norge held presentasjon. Gratis inngang.

Studentkveld
Tysdag 30. September kl. 17:00 –19:00
Studerer du på heiltid, desentralisert, nettbasert eller arbeidsplassbasert barnehagelærar? Då inviterer vi deg til ein triveleg kveld med pizza og prat på biblioteket i Kvinnherad.
Denne kvelden kan du:
› Bli kjent med andre studentar i kommunen
› Få informasjon om kva biblioteket kan tilby deg som lokal student
› Møte HVK Studiesenter og Kvinnherad Næringsservice
› Nyte gratis pizza i godt lag
Billett

Meld deg på – vi håpar å sjå deg der pizza-slice
Arrangementet er gratis og ope for alle studentar i Kvinnherad.
Det er eit samarbeid mellom Kvinnherad bibliotek, HVK Studiesenter og Kvinnherad Næringsservice.
Påmeldingsfrist: 29. september
Oktober
Bokbad med Brit Bildøen
Onsdag 1. oktober kl 18:00
Gjer deg klar for ein inspirerande kveld på
Kvinnherad bibliotek. Vi får besøk av Brit Bildøen, som kjem for å samtale om si heilt ferske roman
Moderat sikt – ein frittståande oppfølger til den kritikarroste Gult farevarsel.
I Moderat sikt vaknar Karl opp hardt skadd i skogen. Familien, prega av fjorårets drama, må no samlast for å leite etter han.

Bill: 100,-
trees


Biblioteksjefen leiar samtalen, og det blir sal av forfriskningar.
Naturkafé
Torsdag 2. oktober kl. 18:00
mug-hot
Kvinnherad bibliotek og Naturvernforbundet inviterer til ein inspirerande kveld med forfattar og journalist Marit Beate Kasin, nominert til Brageprisen for boka Naturparadokset.
Kasin tek oss med på ei reise gjennom norsk natur – frå villmark og fjell til hyttefelt og vindkraftutbygging – og set søkelyset på det store naturtapet vi står ovanfor i dag. Ho løftar fram dei vanskelege spørsmåla.
Det blir foredrag, drøs og servering av kaker.
Velkomen til ein kveld med engasjerande samtale og refleksjon rundt natur, miljø og framtidstru!
Bokbad med Anne-Lise Frøland
Laurdag 4. oktober kl. 14:00
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
ANNE-LISE FRØLAND (f. 1993) kjem frå Ålesund og bur for tida i Oslo. Ho har gått på Forfattarstudiet
Billett

i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar. Biblioteksjef Trude Hege Bergesen vil leie samtalen med forfattaren.
Takk til norsk forfattersentrum for prosjektstøtte. Vel møtt til eit interessant bokbad på biblioteket.
Enkel servering

Gøy på biblioteket i haustferien
Veke 41
Kom på biblioteket i haustferien - vi har ope kvar dag. Vi byr på teater, speledag og hobbyverkstad og sjølvsagt den store Harry Potter-dagen. Følg med på heimesida: kvinnheradbibliotek.no
Speledag
Måndag 6. oktober
Velkomen til speledag på biblioteket. Her vert det FC25 turnering, mario-kart, papirflykasting, og mykje meir. Her finn du aktivitetar for store og små.
Harry Potter-dagen
Onsdag 8. oktober

Vi markerer Harry Potter-dagen med magisk stemning på biblioteket. Meir info og program kjem seinare. Følg med på kvinnheradbibliotek.no eller følg @kvinnheradbibliotek på facebook.
Gratis og ope for alle.

Gubben og katten og hanespetaklet
Fredag 10. oktober kl. 13:00

Bli med på ei morosam teateroppleving for heile familien!
Askeladden Friteater kjem til Kvinnherad bibliotek med framsyninga “Gubben og katten og hanespetaklet”, basert på den populære barneboka av Sven Nordqvist. Her møter du Gubben Pettersen, katten Findus og ein bråkete hane – det blir både latter, spenning og sjalusi når nye vennskap skal prøvast!
Passar for barn frå 2 år og oppover. Varer ca 35 minutt.

Biblioteksjefens boktips
Laurdag 11. oktober kl 12:00
Biblioteket har så mykje meir enn berre bestseljarane, og på dette arrangementet vil Trude Hege tipse om gode vaksenbøker du kanskje ikkje har høyrt om. Kanskje du får med deg ein skatt heim?

Enkel servering
Bokbad med Tormod Haugland
Torsdag 16. Oktober kl. 18:00
Velkomen til bokbad med Tormod
Haugland. Biblioteksjef Trude Hege
Bergesen samtaler med forfattaren om hans siste roman Sirenene, som i vår vann Lytternes romanpris 2024.


“Sirenene” er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.
Takk til norsk forfattersentrum for prosjektstøtte.
Vel møtt!
Enkel servering
Maria & de to andre – konsert
Onsdag 22. Oktober kl. 18:00

Den akustiske trioen Maria & De To Andre er tilbake etter 22 år!
Maria Malmsten (vokal, fløyte), Einar Steinkopf (gitar) og Truls Horvei (poesi) byr på heilt ny musikk og tekstar. Truls sine dikt spenner frå kjærleik til kvardagslege observasjonar, medan Maria og Einar har komponert og arrangert musikken. Opplev ei unik blanding av ord og tonar frå tre markante kulturpersonlegdomar frå Sunnhordland.
Sal av forfriskningar


November
Dei dødes dag - mexikansk tradisjonsfeiring
Laurdag 1. november kl. 11:00
» 11:00 - Filmvisning: Coco - 6år+
» 12:30 - Verkstad ved Diani Garcia Valdes
» for born

Bokkafé - Krakk med Guri Idsø Viken
Laurdag 8. november kl. 13:00

Kvinnherad bibliotek inviterer til bokkafé med forfattar Guri Idsø Viken! Ho kjem for å fortelja om den kritikarroste romanen Krakk – ei spanande og handlingsmetta forteljing om Arendalskrakket, Noregs største konkurs, og om menneska som vart ramma då alt rakna.

Bli med på ei reise tilbake til 1880-åra, der makt, svik, kjærleik og klassekamp står i sentrum. Krakk har fått terningkast 6 og vert omtala som «strålande underhaldning» og «ein særs vellukka roman, frå start til slutt». Dette blir eit arrangement for deg som likar gode historier og levande forteljarkunst!
Velkomen til ein inspirerande laurdag på biblioteket! Bill: 50,-
Tom Roger Aadland
Torsdag 13. november kl 18:00
Kvinnherad bibliotek ynskjer Tom Roger
Aadland velkomen tilbake for ein stemningsfull Konsert. Me vil få høyre songar frå hans rikhaldige repertoar. Rockepoeten vil òg presentere si nye songbok “Tekstar 1999-2024” mellom låtane. Bli betre kjent med ein av Noregs fremste tekstforfattar og artist!
Det vert sal av forfriskningar.

Bill: 100,-
Norsk røyndom: Har eg rettstryggleik?
Tysdag 18. november kl 18:00 Jørn Øyrehagen Sunde, professor og prisvinnande formidlar, kjem til Kvinnherad bibliotek for å fortelje om boka “Har eg rettstryggleik?”. Han gir oss innsikt i korleis rettstryggleiken i Noreg kan påverke kvardagen vår. Arrangementet er det første i den nye serien Norsk røyndom – sprei ordet, som byggjer på Samlaget sin serie om aktuelle samfunnstema. Bøkene i serien er skrivne i eit lettfattleg og personleg språk, og tek opp viktige utfordringar i samtida. Velkomen til ein tankevekkjande kveld på biblioteket.

Takk til Vestland fylkeskommune for prosjektstøtte.
Gratis og ope for alle. Men her kan det bli fullt.
Bibliotekarens boktips
Laurdag 22. november kl 12:00
Biblioteket har så mykje meir enn berre bestseljarane, og på dette arrangementet vil Anita tipse om gode vaksenbøker du kanskje ikkje har høyrt om. Kanskje du får med deg ein skatt heim?
Enkel servering
Gratis og ope for alle
Møt Johan B. Mjønes om bestseljaren
Spuria!
Måndag 24. november kl 18:00


Ei hjarteskjerande forteljing om adopsjon, stempling og uløyste løyndomar. 87 år gamle Kristin søkjer sonen ho måtte gje bort som ung – ei reise gjennom tid og skam. Kom og høyr forfattaren fortelje om den kritikarroste romanen som har rørt tusenvis.
Bill: 50,-
Desember
Julekos
Anders Totland, Rune Eikemo m/gjester
Torsdag 11. desember kl 18:00

Vi gjentar suksessen frå 2024 og byr igjen opp til ein koseleg førjulskveld med lun og god stemning. Nytt i år er at Anders og Rune har med seg gjester. Sikre deg billett i god tid, ifjor vart det raskt utseld.
Bill: 100,-
Servering av forfriskningar
Juleverkstad
Dato kjem
Kom saman og lag noko kjekt til jul i lag med oss på biblioteket. Vi hjelper deg i gang.
Gratis Dato kjem seinare






Biblioteket i bilder



Infoside
Lenker
Oversiktside til arrangement: kvinnherad-bibliotek.hoopla.no

Høyr på pludrepodden: https://open.spotify.com/ show/6K1rrkvXAZu6XsWanGwdt0

Bokbussruta hausten 2025: https://kvinnheradbibliotek.no/ bokbuss/

Digitale tjenester

Flipp er ei
abonnementsteneste som gjev deg fri tilgang til over 90 bestseljande magasin, vekeblad og teikneseriar frå Norge, Sverige og Danmark.
Besøk biblioteket og koble deg til wifi for gratis tilgong

BookBites gjer
det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.
Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.
Det får du på biblioteket.

Pressreader
Koble deg til biblioteket sin wifi og få tilgong til nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Princh
Skriv ut ut på biblioteket med princh. Du kan skriva ut frå eigen PC, publikums-PC, nettbrett eller telefon (iOS, Android) og betala for dine utskrifter på nettet.
Bokbussen på turné
med teaterframsyning
støtta av Den kulturelle skulesekken
I veke 42 og 47 rullar bokbussen ut på turné med ei heilt spesiell oppleving for dei yngste elevane. Med på lasset er skodespelar
Adele Duus, som spelar den humoristiske og engasjerande framsyninga Pinglemånad – ei teateroppleving for elevar på 1.–4. trinn.
Turneen er ein del av Den kulturelle skulesekken sitt tilbod i Kvinnherad, og kombinerer litteraturformidling med scenekunst på hjul.
Les meir om framsyninga her: www.lyslevendeadele.no/pinglemanad

Utstilling: Jakta på sanninga
Kvinnherad bibliotek –hausten 2025
Jakta på sanninga er ei interaktiv utstilling som inviterer til å utforska korleis informasjon blir spreidd i sosiale medium. Gjennom samtale, spel og refleksjon lærer ein å tenkja kritisk i møte med ei digital verd prega av algoritmar, kunstig intelligens og påverknad frå ulike aktørar.

Det blir eige
formidlingsopplegg for inviterte klassar frå Kvinnherad vidaregåande skule, men utstillinga er òg open for alle interesserte.

Utstillinga og læringsopplegget er utvikla av Bergen Offentlige Bibliotek og tenk.faktisk.no, som er skuleavdelinga til faktisk.no.
Vestland fylkeskommune har laga sin eigen versjon, som skal turnere rundt i folkebibliotek i fylket.
Kontaktinfo
Opningstider
Måndag 10-16
Tysdag 10-18
Onsdag 10-16
Torsdag 10-18
Fredag 10-16
Laurdag 10-14
Meirope (ubetjent)
Kvar dag 08-22 (Få tilgang i betjent opningstid)
Kontaktinformasjon
phone 940 23 757
bus-school Bokbussen: 415 19 052
globe kvinnheradbibliotek.no
location-dot Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes at bibliotek@kvinnherad.kommune.no
