Haustprogram 2023 på Kvinnherad bibliotek

Page 1

Kvinnherad bibliotek

presenterer

Vel 023

Om du er usikker på kva du skal finna på i haust, har vi mange gode tips til deg i haustprogrammet vårt. Her er det noko for ein kvar smak. Det vert mødre av ulike slag, bilar, shanties, krim, barneteater og meire til.

I haust er det 4 arrangement med 100 kr i inngangspengar. Billettar til desse arrangementa kan kjøpast i forkant på Husnes kulturhus sine nettsider; https://www.kulturhusethusnes.no/kulturprogram/, på billettautomaten utanfor kinoen, eller på biblioteket. Snarveg til billettsal på nett ligg i QR-kodane på dei ulike arrangementa.

På desse arrangementa vil det i tillegg vera mogleg å kjøpa seg forfriskingar av ymist slag.

Vi gler oss over eit fullspekka haustprogram og håpar at du finn vegen til nokre av dei.

Velkommen!

Kreativ skrivegruppe

Liker du å skrive skjønnlitteratur? Møt andre skriveglade på biblioteket. Vi har ulike skriveøvingar, les og diskuterer (kvarandres)

tekstar. Etter kvart vert det kanskje skrivekurs eller besøk av ein etablert forfattar

Møt opp og bli med å skape eit skrivande miljø i Kvinnherad

Ope for alle, men målgruppa er vaksne. Gratis.

Datoar: 18.september, 23. oktober, 20. november

Klokka: 17:30-18:30

Bokringar

Gladiålese?Lysttilådelelesegledamedandre?Blimediein bokring,dåvel!Deterkjektogsosialt,ogdufårmøteandreleseglade menneske.

Deterfortida2bokringarsommøtestpåbiblioteket.Einpåtysdagar ogeinpåtorsdagar.Itilleggerdet4andrebokringaruteibygdene knytttilbiblioteket.Bokringanemøtestca.1gangprmånad.

ardulysttilåblimedieinbokring,ellerstartedineigenbokring?Ta ntaktmedTrudeHegeellerAnitapåbiblioteket

ysdagsringenmøterpåbiblioteketkl.17:30:

atoar:29.august,26.september,24.oktober,21.november

orsdagsringenmøterpåbiblioteketkl.17:30:

atoar:31.august,28.september,26.oktober,23.november

F d

Drop in- syverkstad kvar tysdag kl. 15:00-17:30

Treng du å sy i ein glidelås, legge opp buksa eller gjere enkel reparering? På biblioteket har vi to symaskiner som publikum kan bruke på tysdagar mellom 15:00 – 17:30.

Vi på biblioteket kan gi enkel rettleiing slik at du kan reparere sjølv

Vi har litt utstyr, men oppmoder deg om å ta med deg. Gratis tilbod for ungdom og vaksne

Strikk og Lytt – kvar onsdag kl. 12:00

Vel møtt til ei roleg stund der ein frå biblioteket les høgt for deg Du kan strikke, teikne eller berre lytte og slappe av. Arrangører er Mental helse i samarbeid med Kvinnherad bibliotek. Gratis og ope for alle vaksne.

Vel møtt!

Eventyrstund - kvar fredag kl. 10:30

Kvar fredag kl 10 30 henter vi fram nye og gamle skattar frå barnelitteraturen. Alle barn er velkomne.

Vi ber om at større grupper, som barnehagar og andre gir beskjed før dei kjem.

Måndag 28. august kl. 17:00

Sommarles-fest

Sommarles er ein lesekampanje som skal fremje leseglede. Målet med kampanjen er at flest mogleg barn skal få kjenna på gleda av å lesa bøker. Lesekampanjen er ein flott måte å trene lesemusklane i sommarferien.

I år er vi så heldige å få besøk av Bjørn F. Rørvik på Sommarles-festen. Med han på reisa er Grisungen, Reven, Vaffelfisken, dei tre bukkane Bruse, to små riddarar, alle barna, Purriot, gåter, vitsar og meire til. Kven og kva som blir med på festen blir opp til deg å

finne ut av. Kanskje vi til og med får vite kva F-en i Bjørn F. Rørvik står for?

Velkommen alle sommarlesarar til fest på biblioteket!

August
Foto ©Erik Brandsborg/Kulturtanken Illustrasjonar ved Gry Moursund og Per Dybvig Gratis og ope for alle.

September

Torsdag 21. September kl. 18:00

Fyr og flamme - konsert med Gabriel Fliflet og Richard Burgess

Fyr og flamme er ein konsert med salte songar og kuling i kasta.

Engelske shanties frå seglskutetida, vestlandske hav-valsar, livlege låtar frå Shetland og songar av skotske Robert Burns - på norsk. Konserten kretsar rundt Nordsjøkysten og er spesielt laga for å bli framført i havgapet, alltid med flammande kraft i song og spel. Og sjølvsagt dreg dei to venene

publikum med på varmande allsong når tida er inne!

Velkommen til god stemning på biblioteket.

Inngang: 100.- Sal av forfriskningar.

Onsdag kl. 15:30

Evert Taube i ord og toner med Den gode melodi

Velkommen til eit gjensyn med Leif Blix og

Lars Nygaard i duoen

“Den gode melodi”.

Sist dei besøkte oss var det med eit program om Alf Prøysen. Denne gongen har dei fokus på den folkekjære artisten Evert Taube frå Sverige.

Visediktaren er fødd i 1890, men framleis er det stadig nye artister som plukkar opp songene hans. Visene inneheld vakre kjærleikserklæringar, ikkje berre til kvinner, men til kystkultur, gastronomi, eksotiske reisemål, musikk og menneskeskjebnar.

På konserten vil du få høyre nokre av dei mest kjende songene hans, som “Rosa på ball”og “Så skimrande var aldrig havet”, men også mindre kjente viser som “Valpareiso” og “Kom i min famn”

Som vanleg er visene bunde saman med historia om hans liv og historiar frå hans liv.

Gratis og ope for alle.

Bibliotekarens boktips

Biblioteket har så mykje meir enn berre bestseljarane, og på dette arrangementet vil Anita tipse om gode vaksenbøker du kanskje ikkje har høyrt om. Kanskje du får med deg ein skatt heim?

Enkel servering

Gratis og ope for alle

Laurdag kl.
12:00

Måndag 2. oktober kl. 18:00

Skammens mødre med Anita Østerbø

Møt Anita Østerbø, forfattaren av Skammens mødre og Tatt av sviket, bøkene om aleinemødrenes

tøffe kamp på 50- og 60-talet, basert på sanne historier. Handlinga føregår i Bergen.

Dette er historier om sosial urett, kampvilje, kjærleik og etiske dilemma rundt adopsjon, barneheimar og sterke familieband.

Østerbø debuterte med Skammens mødre på eige forlag i 2021. Boka vart raskt ein suksess og hamna på bestseljarlistene. Oppfølgjaren “Tatt av sviket” kom i 2023. Anita Østerbø vaks opp i Bergen men bur no på Tysnes, der ho jobbar som lærar.

Gratis og ope for alle.

Oktober

Tysdag 3. oktober kl. 18:00

Sinnamekker’ns bilalbum med Ståle Eskeland Når bil er sjølve livet

Ståle Eskeland kjem til biblioteket med eit gamalt vrak og den siste boka si “Sinnamekker’ns bilalbum”. Denne boka er ein skikkeleg hyllest til bilkulturen. Og dette er kvelden for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser. Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod, pruting, rust og eksos.

Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter.

Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap.

Me gler oss til ein forrykande kveld med Ståle Eskeland og gode historiar om bilane hans.

Gratis og ope for alle.

Torsdag 5. oktober kl. 18:00

Svigermor kjem med Gjertrud Sæter

Artig foredrag om svigermor

Vi kan vel alle vitsar og ordtak om svigermor. Dette stoffet har Gjertrud Sæter dukka ned i. Ho kjem til biblioteket for å halde eit foredrag om svigermor i folklore og populærlittetatur. Dette trur vi vert veldig ar og underhaldande. Vel møtt!

Gratis og ope for alle.

VEKE 41

GØY PÅ BIBLIOTEKET I HAUSTFERIEN

Kom på biblioteket i haustferien - vi har ope kvar dag. Vi byr mellom anna på teater, lesestund og hobbyverkstad og sjølvsagt den store Harry Potter-dagen onsdag 11. oktober.

Meir info og program kjem seinare.

Følg med på heimesida

www.kvinnheradbibliotek.no

Måndag 9. oktober kl. 13:00

Ridder Aske møter dragen og trollet med Askeladden friteater

I denne framsyninga møter vi igjen helten Espen Askeladd som reiser ut på nye eventyr.

Heilt frå Askeladden var ein liten gutt har han hatt eit ønske: -Å bli ein ekte riddar og få plass ved

Kongens runde bord. - Då må du kunne kjempe med både dragar og troll, seier kongen. Askeladden tar

utfordringa og legg i veg på den farefulle ferda, og når han får behov for litt hjelp, dukkar det opp ein gammal kjenning: ein lur Rev!

Passer best frå 3 år og oppover. Vel møtt!

Gratis og ope for alle.

Torsdag 19. oktober kl. 19:00

Kriminell aften med Agnes Lovise Matre og Geir Tangen

Blir det dobbeltmord på biblioteket i kveld?

Krim-ekteparet Geir Tangen og Agnes Lovise Matre kjem til oss for å snakke om bøkene sine. Begge skriv populære og spennande krimbøker der handlinga går føre seg på Vestlandet, Tangen sine i Haugesund og Matre sine i Hardanger. Agnes Lovise Matre debuterte i 2013 med den skjønnlitterære boka “Stryk meg over håret”. I 2017 kom den første krimboka “Skinnet bedrar”, medan mannen gjekk rett på krimmen. Debutboka hans "Maestro" (2016) vart ein liten sensasjon, og suksessen held.

Begge er aktuelle med nye krimbøker i 2023, Tangen med "Hundedager" og Matre med "Fritt vilt".

Er du, som oss nysgjerrig på korleis desse to jobbar fram krim-bøkene sine? Vi har tru på at dette blir ein artig kveld med god stemning.

Inngang: 100.- Sal av forfriskningar.

Foto: Håkon Nordvik

Halloween på biblioteket

Likar du å bli skremt ` ?

Vi på biblioteket kosar oss når vi planlegg tøys og fjas. Ekstra kjekt er det når det kjem til skumle og mystiske ting.

Mot slutten av oktober satsar vi på at spenninga stig i biblioteket, og at me lukkast setja ein støkk i nokre av den "yngre" garde.

Meir info om dag og tid kjem seinare.

Følg med på heimesida

www.kvinnheradbibliotek.no

Onsdag 15. november kl. 18:00

Dylan på norsk + nye låter Konsert med Tom Roger Aadland

TOM ROGER AADLAND er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 slepp han

sitt tiande album "Skyer".

Det nye albumet inneheld fleire låtar som allereie har blitt publikumsfavorittar, mellom anna «Kan ikkje gi oss» og «September» (duett med Kine Nesheim).

Aadland er kjent for sine songtekstar på nynorsk, men denne gongen har han skrive på dialekt, nært og sterkt.

Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn. Bob Dylan-gjendiktingane hans har gjort suksess på Det Norske Teatret, og konserten vil også innehalde ein dose Dylan på nynorsk.

Velkommen til ein kveld med ein energisk musikar med ei heilt eiga formidlingsevne.

Inngang: 100.- Sal av forfriskningar.

Foto: Thomas Mortveit

N r

Torsdag 16. oktober kl. 18:00

I haust kjem Tore Renberg med si mest overraskende bok til no: ein historisk roman lagt til barokken.

Tore Renberg, ein av Norges mest kjente og produktive forfattarar, som mellom anna har gjort oss godt kjent med Jarle Klepp og Hillesvåg-gjengen, har i fem år arbeidd med eit materiale som har opprørt han djupt.

No er han klar til å presentere romanen granskinga av dette stoffet har resultert i. Det skjer 25.august, og vi er glade for å ha sikra oss eit besøk av han 16. november- han vil nok få ein travel haust!

Handlinga er lagt til Sachsen i Tyskland på seint 1600-tal. Romanen heiter “Lungeflyteprøven”, og når undertittelen er “forsvar for en ung kvinne som var mistenkt for småbarnsdrap”, skulle mykje vera sagt.

Inngang: 100.- Sal av forfriskningar.

Foto: Tore Sandell

Bokillustrasjon: Lotta Kühlhorn

13.-19. november

veke

I 2023 er temaet for Nordisk litteraturveke «Jul i Norden". Når det er som mørkast i dei nordiske landa tenner vi lys og samlast for å lese og lytte til historier frå litteraturen. Gjennom veka vert det lese høgt i heile Norden frå dei same bøkene. På biblioteket vil vi ha høgtlesing for både vaksne og barn denne veka. I tillegg vert andre aktivitetar. Følg med på www.kvinnnheradbibliotek.no for meir info.

Desember

JULEAKTIVITETAR

Tradisjon tru, vil vi og i år by på ulike kreative aktivitetar i desember. Følg med på www.kvinnnheradbibliotek.no for meir info.

Di od

Minner frå våren 2023

Velkommen til oss

Opningstider

Måndag 10-16

Tysdag 10-18

Onsdag 10-16

Torsdag 10-18

Fredag 10-16

Laurdag 10-14

Meirope (ubetjent)

Kvar dag 8-22

(Få tilgang i betjent opningstid)

Kontaktinformasjon

53 48 27 70

Bokbussen: 415 19 052

kvinnheradbibliotek.no

Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes

bibliotek@kvinnherad.kommune.no

kvinnheradbibliotek kvinnherad bibliotek @kvinbibi kvinnbib

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.