Portfolio Interiørarkitekt
EVJA
OM MEG
Hei! Mitt namn er Kristin Wrålsen Evja. Eg er fødd og oppvaksen i ei lita bygd i VestTelemark, som heiter Kviteseid. Eg har alltid vore fascinert av å skape ting med henda og vere kreativ, samt problemløysing og realfag. Etter å ha fullført ein bachelorgrad i interiørarkitektur, samt starta på master i Design, har eg forstått viktigheita av å ha spesialisert kunnskap om interiørdesign og korleis dette kan påverke menneskets velvære og miljø. Gjennom studiane ved Kristiania har eg lært å utvikle mine kreative ferdigheiter og å tenke utanfor boksen. Eg er alltid villig til å jobbe hardt for å nå mine mål, og trur at min arbeidsinnsats og både realfaglege- og kreative sinn vil være nyttige verktøy, og det er noko eg vil utforske og bygge vidare på.
STYRKER Redesign Tekniske tegninger Praktiske løysingar Fargepsykologi
kristinevja@hotmail.no 46962008
INNHALD
01
Bachelor - Barans Palett
02
Berekraftig design - Delte Øyeblikk
03
Kommersiell interiørarkitektur og grønn økonomi - Hotell Fortell
04
Konseptuelle rom for alle - Treffpunktet Blåsen
BACHELOR Oppgåva utforskar korleis fargepsykologien kan bidra til å forbetre utviklings- og læringsmiljøet i barnehagen. Dette gjennom ein balanse mellom farganes påverknad, barnehjernes fysiologi og pedagogikken. Tid til rådigheit: 3,5 mnd.
01
PROBLEMSTILLING Korleis kan ein bruke fargar bevisst i barnehagar til det formål å skape eit godt utviklings- og læringsmiljø for barn?
BAKGRUNN FOR PROSJEKT Fargar påverkar menneske meir enn det ein fyrst trur, det kan vere med å på stimulere hjernen til både ulike aktivitetar og stemningar. Barn er små menneske i utvikling som har behov for omsorg, merksemd, leik og læring. Dei er nysgjerrige og har ein naturleg evne til å utforske og lære om verda rundt seg. Dei tilbringar største delen av dagen sin i barnehagar og skule, og er eit av miljøa som påverkar dei mest i oppveksten. Likevel er det svært få barnehagar og skular som legg til rette for eit visuelt godt utviklings- og læringsmiljø. Det er større fokus på det pedagogiske og korleis læringa praktisk skal gå føre seg. Men dersom desse elementane kombinerast, kan oppvekstmiljøet optimaliserast og det kan legges til rette for at barna får ein solid grunnmur. Barnehagen er noko av det fyrste barna møter i livet, og er difor ein stad som treng meir merksemd og utvikling.
BARNAS KULURKRAFTSMÅL På bakgrunn av datainnsamlinga og metodane er det laga ein samanfatning av barns behov i oppveksten og kva for fargar som vil hjelpe til dette. Samanfatninga består av fem mål som skal fungere som ein sjekkliste for barnehagar å følgje. Desse måla er også laga for at ein barnehage kan optimalisere utviklings- og læringsmiljøet sitt og ende opp med å kalle seg ein Kulurkraftig barnehage. Måla er basert på ein heilskapleg forståing av barnas utvikling, supplert med farganes psykologiske påverknad; Barnas Kulurkraftsmål. Disse måla er utforma for å sikre at barnehagen tek omsyn til fargenes psykologiske påverknad på barna, samtidig som dei gir eit stimulerande og trygt miljø for barna å utvikle seg i.
Kognitiv læring
Essensielle behov
Samspel
Motoriske ferdigheiter
Ytring og innsikt
Konseptet er basert på ein heilskapleg forståing av barnas utvikling og fargenes psykologiske påverknad, og har som mål å optimalisere utviklings- og læringsmiljøet i barnehagen gjennom Barnas Kulurkraftsmål. Konseptet inneber å ta i bruk fargane som ein ressurs og gi barn dei beste forutsetningane for læring og utvikling. Ved å bruke fargepsykologien som utganspunkt kan ein utnytte farganes påverknad for å skape eit miljø som stimulerer og aktiviserer barn, forbetrar konsentrasjonen og læringa deira, samt gi dei ein kjensle av tryggleik og velvære. Konseptet skal berike utviklings- og læringsmiljøet i barnehagar, ved å skape ein trygg, engasjerande og inspirerande arena for barna. Dette vil truleg gje betydelege fordelar for barnehagen, samt bidra til å fremme barnas trivsel, kreativitet, læringsevne og utviklingsprosess. Alle opphaldsrom til barna er kategorisert under dei ulike Kulurkraftsmåla, og fått fargar utifrå dei.
BARNAS PALETT
KJØKKEN OG LEIKEROM Dette er eit relativt stor rom som er kategorisert under alle mål unntatt nr. 1. I dette rommet er det eit kjøkken, ein vegg med tavlemaling, eit leikeareal med store byggeklossar, samt spisebord og diverse storbarnsavdeling Grønfargen G80Y brukast på veggane, då den liknar på graset i Norden og gir ein naturleg kjensle. Himlingen er malt i ein mørkere nyanse for å gjere rommet lunare sidan himlingen er høg. Oransje fargar i Y20R og Y45R brukast som tilleggsfargar for å harmonisere med grønfargen og stimulere aktivitet, appetitt og sosial interaksjon. Oransje brukast varsomt, då for mykje kan føre til rastlausheit. Tavla har ein indigo tone i R70B på ramma for å stimulere til ytring, sidan det er ein liten detalj er det valt ein fargesterk nyanse, slik at fargeenergien kjem fram.
Rommet som har fått namnet Eventyrrommet er eit fleksibelt rom med to hovudfunksjonar, maleverkstad og høgtlesing. Rommet er kategorisert under mål nr. 1. Dette rommet har ein dominerande farge av fiolett R50B på lister og gardiner, som stimulerer kreativitet og utforsking. Stolane er i ein ljos gul G90Y for å fremme læring, mens veggane er i en ljos grøn G50Y for å roe ned dei sterke fargeenergiene. Fiolettfargane og grønfargen skapar ein spennande atmosfære som passer bra til eit eventyrrom.
EVENTYRROM
LEIKEROMMA Leikerommet til storbarnsavdelinga er eit stort rom med tribuneliknande del ved vindauga. Rommet er kategorisert under mål nr. 3. Dette er eit rom der dei små barna kan leike fritt. Det er tepper i største delen av rommet, og enkel installasjonar. Rommet er kategorisert under mål nr. 2 og 3. Desse romma har ein fargepalett med grøn G80Y, oransje Y30R i to nyanser, og sterk raud Y85R på detaljar. Grøn er bruka på veggane for å roe ned dei andre fargeenergiane, mens oransje stimulerer aktivitet og sosialisering. Raud tilfører energi og stimulerer musklane for å hjelpe barna med motoriske ferdigheiter. Alle fargane er nabofarger og harmoniserar godt sammen.
KVILEROM På småbarnsavdelinga er det eit rom tildelt til kvile, sidan små barn ofte søv litt midt på dagen er det eit eige rom for dette. Nokre søv i timar i vogn, mens andre treng berre litt kvile (Finstad 2021), difor er det eit eige rom for dette. Rommet er kategorisert under mål nr. 4. Fargepaletten her er grønt og blått i ulike nyansar. Blåfargen er i R90B som ligg nært den nordiske fargen på ljoset, samt nabofargen grøn i G50Y. Det er valt fargar frå den nordiske floraen for å gjer rommet kjent og behageleg. Blått er også søvnfargen, både blått og grønt roar ned pulsen og stimulerer til kvile.
BEREKRAFTIG DESIGN Prosjektet omhandlar å gi Munch museet på Tøyen eit nytt liv. Designet skal bestå av to funksjonar. Den eine funksjonen skal vere eit bokollektiv for eldre med fokus på prinsippet Ageing in Place. Den andre funksjonen er valfritt, og skal baserast på research. Tid til rådigheit: 3 mnd.
02
PROBLEMSTILLING Korleis, med hjelp av interiørarkitektur, kan kjernefamiliane på Tøyen og dei eldre beboarane i Tøyengata 53 styrke kvarandre og naboskapet?
Eldre menneske har levd eit langt liv, og har mange erfaringar og ferdigheiter. Dei fleste lever i ein bolig som er tilrettelagt friske og raske beboarar. Ettersom ein blir eldre kjem utfordringane på løpande bånd, og det verste er å ikkje kunne strekje til, spesielt heime hos ein sjølv. Når dette skjer så får dei ikkje brukt ferdigheitane og erfaringane sine til så mykje meir enn historie forteljing. Dette er veldig synd, for når ein ikkje kjenner seg god nok heime, korleis skal ein fungere elles då? Tøyen består av ein god del småbarns familiar, og ofte har dei ikkje den største lommeboka. Det er i statistikken fleire familiar med innvandrerbakgrunn enn motsatt, og fleire barn på Tøyen har ikkje heile familien sin i nærleiken. Ved å samle desse menneska kan barna i nabolaget få seg besteforedlre nr 2, og dei eldre vil kjenne på å kunne bidra med noko. Med eit gratis SFO-konsept kan dei eldre og desse familiane fungere som ein resurss for kvarandre, og skape eit fantastisk naboskap sammen. Og gjer Tøyen om til eit sosialt berekraftig samfunn. Konseptet ”Delte øyeblikk” skal samle nabolaget og få start på det felles maskineriet mellom menneksa.
DELTE ØYEBLIKK
STORSAL Dette er kjerna av bygget, det største sosiale rommet med stort kjøkken til disposisjon. Her er det mulighet for skulebarna å gjer evtentuelle "Mat og Helse" lekser eller lage seg ein matbit saman med dei eldre som bur på bygget. Det er fleire ulike plassar å sette seg å gjer lekser, skal vere noko for ein kvar.
LESESONAR Her er det utforma eit større område for samarbeid og leksehjelp. Det er store langbord langs heile vindaugsrekka på sør sida av bygget, samt sittenisje i alle vindauga. I enden av langborda er det laga ein større nisje som ein kan krype inn i og lese. Dette er visualisert til høgre. Det er også utforma avskilte område for gruppearbeid. Her er det både gode bord til arbeid og avslappende launch møblar. I samanheng med biblioteket er det bygd nokre lesehus for barna å krype inn i, samt mindre avskilte rom med pult. Det er lagt fokus på å lage rom og område som er morosame og inspirerande å gjer lekser i.
LEILIGHEIT Leiligheitane er utforma med omsyn på universell utforming. Her er det enkle løysingar og kort veg mellom kvart støtteobjekt. Kjøkkenet har ikkje overskap med tanke på minst mogleg tunge løft. Samt blant anna ein benk å sitte på for å ta på seg sko i gangen. I tillegg til hems over soverom og bad, som vil fungere som gjesterom.
SKJEMATEGNING
MATERIAL- OG FARGECOLLAGE
1. Eik - Pure nature white 1 strøk - Spiler 2. Spiletapet - Bambus ubehandlet - Skillevegger 3. Teppeflis - Reform Flux Grass - Gulv 4. Teppeflis - Reform Flux Copper - Gulv 5. Teppeflis - Reform Flux Beige Grey - Gulv 6. Korkvinyl - Wood Resist Eco Quarts Oak - Gulv 7. Maling - Letthet Jotun - Vegg 8. Maling - Laurbær Jotun - Vegg 9. Maling - Green Harmony Jotun - Vegg 10. Maling - Natural Clay Jotun - Vegg 11. Maling - Dempet Sort Jotun - Vegg 12. Tekstil - Mood 4104 - Møbler 13. Tekstil - Mood 4106 - Møbler 14. Mikrosement - Brungrå 1 Robust - Vegg
INTERIØRFAGLEGE VAL
Form: Formen på bygget er svært geometrisk, så dette har eg tatt igjen i interiøret, med rette og reine linjer. Dette er ført vidare i forma på leiligheitane, som gjer at gangen på utsida ikkje blir monoton, samt skape eit naturelg inngangsparti. Likevel for å skape ein god atmosfære er det lagt til nokre organsike formar for å mjukne opp og lage balanse. I senter av bygget er det satt inn gjennomsiktige søyler fylt med vatn, dette vil fungere som eit holdepunkt og gjer det enkelt å orientere seg i bygget, noko åpenheita også gjer. Interiøret inneheld ein del luft og negativt rom, dette for å gi besøkande pusterom og tid til å oppfatte innhaldet. ”Luften rundt er like viktig for at vi skal oppfatte og finne det vi leter etter.” (Johansen 2021). Farge: Når det gjeld fargar har eg gått litt meir psykologisk til verks. Det er valt duse fargar slik at dei ikkje trekker merksemda frå relasjonane som blir laga, og skapar ro og tryggleik. Grønt er valt sidan det er fornyelsens og utviklingens farge, samt både energi- og kjønnsnøytral. Det er også oransje fargar, som står for glede og vennskap, fargen stimulerar til energi og kreativiteten i oss. Samt lyse jordtonar, som gjer rommet varmt og skaper tilfredshet. (Monter 2020) Material: Materiala er valt med omhu og med størts fokus på berekraft. Her stiller alle materiala svært sterkt. Korkgulvet er med på å heve eit kvart interiørelement saman med realistiske dekorer. Med kork både over og under kjerna får ein eit gulv med blant anna imponerande god støtmotstand. Teppane er laga av regenerert materiale, men tek likevel vare på den gode mjuke kjensla under føtane (Ege carpets 2021). Det er også lagt inn eit mangfold av trespiler i eik og veggar i bambus, noko som vil fungere som ein oppmjukning i alle murveggane og betre akustikken. Tre skapar ein heimleg kjensle og varme i eit kvart rom, noko som eg har dratt nytte av i heile bygget (re-thinkingthefuture 2018).
Koneptet prosjektet er bygget på baserer seg å ta vare på mest mogleg. Ein skal bevare store delar av Munch museet og engasjere nabolaget. Dette vil sei, blant anna, gjenbruk av stenderverk i veggar som spiler eller nye veggar , der omgjeringar av planløsning har skjedd.
BEREKRAFT
Alle material og malingsval er basert på bærekraft, samt minimere bruk av ulike materialar. Difor er kork, glas og teppeflis valt som gjennomgåande einingar. Med produkt med Cradle to Cradle sertifisering og svanemerke m.f. Korkvinyl er eit overlegent gulv med høy gangkomfort, god støyreduksjon og varmeisolasjon. Korkens eigenskapar bidrar til eit reinare inneklima, og har negativ CO2 effekt og er PVC fritt. (Fargerike 2021) Eksisterande innreiing er også mogleg å gjenbruke, til blant anna sitteområdar. I ein seinare fase av prosjektet vil det bli planlagt kva for møblar som skal brukast. Difor er det forutsett at enkelte iinteriørelement blir bytta ut med desse, ellers kan møblane gis bort til nabolaget. Samt mykje av eksisterande gulv skal bli verande. Ein skal kunne sjå byggets tidelgare funksjon og historie. Poenget er å gi det gamle Munch museet nytt liv, ikkje å gi Tøyen eit nytt bygg.
Bygget er tilgjengeleg for menneske med alle funksjonsvariasjonar. Inngangsparti er på bakkeplan utan hindringar. Gulv er valt med hensikt å gjer det enklare for personar med rullestol og barnevgon å kome seg rundt. Ulike gulv skal leggjast i flukt, blant anna teppeflis skal slisses ned i eksisterande gulv. Den offentlege delen av bygget inneheld fleire HC toalett, med tilstrekkeleg utstyrk og funksjonar som trengs. Blant anna eit større stellebord for voksne funksjonshemmede som treng dette. Generelt har lokalet gode løysingar mellom interiørelementa og alle døråpningar er breie. Det er innskjert rekkverk i alle gangsonar. Majoriteten av sitteelementa er løse, slik at dei enkelt kan flyttes på til fordel for rullestol e.l. Det er også tatt hensyn til svaksynte, med kontrast mellom gulv og vegg. I leiligheitane er det lagt inn blant anna nisje i dusjen som vil fungere som både hylle og støtteobjekt, likt ved toalettet. På kjøkkenet er det mogleg å få eit bord på hjul for å enkelt frakte mat o.l. til spisebord eller stue, vil også fungere som bevegeleg støtteobjekt. Og satt inn sittemoglegheit med fokus på påkledningsstadar. Det er kontrastfarge på alle lister, samt karmer.
UNIVERSELL UTFORMING
KOMMERSIELL INTERIØRARKITEKTUR OG GRØNN ØKONOMI Prosjektet omhandlar å designet eit hotell, respesjon og launch, standar- og HC-rom, for Markveien 65 på Grünerløkka i Oslo. Målgruppe er generasjon Z. Tid til rådigheit: 1 mnd.
02
Konseptet handlar om å forene nåtida med fortida. Markveiens historie skal vere med på å utforme dens framtid, gata inneheld mange fortellingar og dette hotellet skal vere ein formidlar av dette. Ved bruk av eldre funksjonar og utformingar. Der hotellet er plassert var det før i tida ein rekke ulike butikkar og salonger, og gjennom resepsjonen og romma reiser ein igjennom desse. Slik at generasjon Z trivast og blir underhaldt gjennom sitt opphaldt. Dei buede formane fører deg gjennom romma, saman med sterke og harmoniske farger som viser dei ulike sonene. Berekraftige løsninger på stemningsobjekt, som peisbord uten flammer, men ved bruk av vanndamp og fargetljos skaper dette same kjensle. Ulik tekstur på både vegger, tak, gulv og møbler skaper eit heilheitlieg utrykk og kjensle i hotellet. Dette er forankret i dei ulike virksomhetene som var i gata før. Dermed får ein ein kjensle av at nåtid og fortid er forent i hotellet.
NÅTID OG FORTID FORENT
HOTEL FORTELL Hotellet er til samans eit stort bilete av Markveien 65 frå 1960-talet. Du får innblikk av historia gjennom heile hotellet. Dei ulike romma har namn frå diverse tidlegare virksomheitar frå Markveien. Det er også tatt inspirasjon frå gatas fargar og materialar, dette kan ein sjå blant anna på kalkmalinga som er bruka både på veggar og tak, og på resepsjonsdisken.
MØBLERINGSPLAN RESEPSJON
KONSEPTUELLE ROM FOR ALLE Prosjeketet handla om å skape eit rom der ein opplever staden gjennom sansane sine. Det skulle designast eit konseptuelt rom på Blåsen i Stensparken i Oslo. Tid til rådigheit: 1 mnd.
03
TREFFPUNKTET BLÅSEN Prosjektet har fokusert på å skape ein eventyrlig stemning, ein roleg og fredsam plass for folk å møtes. Konsept: Ei boble der verklegheita ikkje kjem inn. Det er designa eit platå i midten, der ein kan nyte utsikta frå alle kantar. Forma er, sett ovanfrå, lik den gyldne spiralen, som får konsept og bygg til å henge saman. Det er eit overbygg på eine sida, med nett under til å sitte på. Overbygget er i glas slik at ein kan ligge å sjå på stjernane. Heile reisverket står på stolpar forma som kvist, omringa av flikrande ljos som om det skulle ver ildfluer i blomstarbuskane.
METODE OG PROSESS Det var på dette prosjektet eg fann mine favoritt metodar i både research- og den kreative prosessen. Observasjon er ein metode som gir god innsikt om ein utførelsen er nøye. Dersom ein ser godt etter og ikkje berre ser etter dei openljose tinga, vil ein få særegen innsikt på emnet. Likevel skal ein ikkje undervurdere ein god observasjonsguide. Assosiasjonsrekke som kreativ kick-start har for meg fungert utruleg godt, det får hodet i gang og tankar rundt emnet. Deretter brukar ein resultata frå dette til kryssmetoden og vil då få uventa idear, både gode og dårlige. Men ein har noko å byggje vidare på. Resultata brukar eg ofte til konseptutvikling, eg brukar fargeprikkmetoden for å velje det beste utgangspunktet.
TAKK FOR MERKSEMDA Eg håpar at du har fått eti godt innblikk i arbeidet mitt. Dersom du har nokon spørsmål eller kommentarer, er eg meir enn glad for å diskutere dei med deg.
kristinevja@hotmail.no 46962008