Det letter snart

Page 1

johanne grønstøl
Det lettar snart solveig

solveig johanne grønstøl Det lettar snart

DIKTA i Det lettar snart

utforskar relasjonar og plukkar opp kjensler, stemningar og

fargar i mellommenneskelege forhold og i natur og landskap, og set desse opp mot kvarandre og sidan av kvarandre.

SOLVEIG JOHANNE HÅVIK GRØNSTØL (1978) er utdanna pedagog og har skrive tre bøker, gitt ut ein CD med eigen musikk og vore tekstforfattar for scenekunst. Ho er oppvaksen i Ytre Nordfjord og Sunnhordland, og har hjarta sitt djupt forankra i det vestnorske landskapet. No bur ho på Bømlo, er gift og har tre vaksne barn.

Solveig delar tekst og foto på Facebook under namnet

Kvild – Solveig Johanne Grønstøl og på Instagram

@solveiggr. Dikta hennar har dei seinare åra funne veg til fleire bøker og tidsskrift.

Tilfluktsstad. CD. Tekstforfattar og komponist.

Prokla Media forlag. 2008.

Kvild. Kortprosa. Eige forlag. 2015.

Når dagane ikkje finst. Dikt. Tekst forlag. 2021.

LAND. Tekstforfattar for scenekunst. Anna-Lise Marie

Dance/Moster 2024. Moster Amfi 2022.

Det lettar snart. Dikt. Kvild forlag. 2023.

så mykje trøyst

kom og set deg under himmelen med meg

la verd vera verd

ei lita stund

no er det berre oss to her

12

kven fryktar ikkje for det som enno ikkje er vi veit at dogg fordampar at verda ikkje står i ro

men ingen veit

kva som ligg bortanfor ein morgon

13

då vi tok våre første steg

visste vi ikkje

at livet er fullt av det

stunder vi vaklar

i skumringa

14

til deg som er trøytt av livet

og ikkje orkar å opna

når nokon bankar på

skal vi ikkje opna døra

på gløtt, saman

ei lita stund berre

slik at vi kan sjå

ljosstripa treffa golvet

15
17

det er sant at folk vert forma

av bølgjer og blest

av straumlause netter

at fjell formar folk

som bur under det

at dal kan dølja så mangt

at vi som bur her

både elskar og fryktar

lyden av elvesus

i vårflaumen er vi alle like

18

vi vert til saman ingen kan leva utan

å kjenna pusten

frå ein annan

røter finn røter

hender finn hender

19

i ei solrenning

vi ror saman du eitt åretak

eg eitt du eitt

eg eitt sakte glir vi framover mot dagen

26

ser du berget bløma

og fjørekollen som strekkjer seg

over kanten

veks i sprekkane, i såre fjell

stør seg mot havet

mot rømda, mot alt det

som held alt oppe

27

eit fjell skal ikkje alltid klatrast

kanskje heller skal ein vera

modig nok til å lena seg inntil

kjenna den harde steinveggen

med heile seg

kjenna korleis kroppen

buktar seg langs sprekkane

36

tenk at ein kan finna att seg sjølv under steinar i fjøra

under tare og sand

mellom hjarteskjel og rur

på knausar og haugar

vêrslipte skrentar og svaberg

37
39

så mykje von

for fjellet kjenner inga skam

det står der når sola renn

det står der når regnet fell

det står der når skodda

ligg tjukt over kanten

det står der og raudnar i haustsola

46

mål dine gylne penselstrok over oktoberhimmelen min

farg bakkane mine okergule

med blad og jord

pust din kalde vind

gjennom hår og sinn

bak november lurer frosten

47

Først og fremst, ein stor og varm takk til deg som les dikta mine, i bokform og på nett. Du tenkjer kanskje ikkje over det, men det er slike som deg som gjev mot og inspirasjon til å skriva meir. Til min dyktige redaktør Ann-Sofi Sigmundsdatter

Emilsen, for kloke innspel, utanfrå-blikk, konstruktiv kritikk og det som skal til. Til mine gode testlesarar og skrivekollegaer som les med varme hjarte og skarpe

blikk: Bjørk, Silje, Ingvild, Monica og Tove. Til min kjære son Jonatan for sparring og kyndig hjelp med bileta mine. Takk til dei beste svigerforeldra, Kristi og Jan

Karsten, for rause lån av hytterom i havgapet når eg har trengt skrivero. Og så til slutt, takk til min kjære familie, Ingolf, Miriam, Karia og Jonatan. Vi høyrer saman og blir til saman. Takk for at de ikkje berre heiar, les og kjem med idear og innspel, men mest av alt for at de elskar, toler og held ut. Det er det som ber, når alt kjem til alt. Solveig

K K
T A

© Kvild forlag, Solveig Johanne Grønstøl

ISBN: 978-82-693291-0-0

1. utgåve. 1. opplag

Alle spørsmål om rettar skal stillast til forfattar. solveiggronstol@yahoo.no

Trykk og innbinding: Interface Media

Redaktør: Ann-Sofi Sigmundsdatter Emilsen

Grafisk utforming og design: Björk Bjarkadottir

Foto: Solveig Johanne Grønstøl

Kolorist/redigering av foto: Jonatan Kristoffer Grønstøl

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtale om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med fengsel eller bøter.

vi vert til saman ingen kan leva utan å kjenna pusten

frå ein annan røter finn røter

hender finn hender

ISBN: 978-82-693291-0-0

1
1
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.