
5 minute read
Gje meg handa di, ven. Andakt av Vidar Bjotveit
Vidar Bjotveit
Gje meg handa di, ven
Advertisement
Hender har språk. Slik den knytte neven gjev uttrykk for sinne, kan den opne handa gje kjærleiksteikn. Hender har også eit språk av ord når det blir utøvd av ein teiknspråktolk. Å ta imot ei handsrekning gjer ein godt, ei teneste som er av praktisk art, om det er dugnad med ved, rydding i hagen eller å hjelpe til under flytting. Ekstra hender når arbeid skal utførast gjev ny kraft og mot. Ei hjelpande hand er godt å få, men også godt å gje.
Språket til hendene er variert. Noko eg saknar er å gje eit handtrykk. Fingrar som møtest, blikk som festest og band som blir kvitterte med lette trykk. Eit handtrykk taler sitt tydelege språk. No er det fråvær av dette språket. I lag med klemming er handhelsinga noko av det eg saknar mest i kvardagen, sidan vi lever med dei restriksjonane vi har. Det vil nok bli forska på alt det vi gjer i desse dagar, og ikkje gjer. Vil endringane bli permanente? Kan handhelsinga få ei erstatning, for å skape litt av det same relasjonsspråket? Olboge og fothelsing blir ikkje det same. Samtidig legg eg merke til at fleire søker augekontakt. Bandet, kvitteringa, ligg ikkje lenger i hendene, men i blikket. Det har sin klare verdi å sjå og bli sett. Like fullt ser eg fram til å kjenne dei solide handtrykka feste seg i fingrane.
«Gje meg handa di, ven» er ei strofe frå ein song skriven av Sondre Bratland. Den har tidvis vore brukt i gravferder, men også i bryllaup. I sorg uttrykker det gjerne eit sakn etter ei spesiell hand som gav trøyst, i eit bryllaup blir det eit uttrykk for hendene som søker kvarandre i kjærleik.
«Gje meg handa di, ven, når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand.»
Vi menneske treng uttrykk for nærleik, slik som ei god handsrekning og handhelsing. Når livsreisa er travel treng vi ei hjelpande hand. Når livet er bra treng vi ei hand. På djupt vatn kan det strøyme ei lengt etter ei tru, ei tru på ei Hand som har virka. Det bibelske stoffet bruker fingrar og hender som uttrykk for skapargjerning og frelsargjerning. «Verk av dine fingrar» blir skapinga kalla hos salmisten. Jesu utstrekte hender på krossen er det fullkomne uttrykket for ei handsrekning. Der på krossen ropa han ut si bøn: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Lukas 23,46a Det var ein kommunikasjon som vi berre skjønar stykkevis og delt. Men tillitsforholdet kan vi ane djupna i. Han overgav seg sjølv i Guds hand. Slik vart det til ei frelsande hand for oss.
Vi hjelper kvarandre, ja, vi gjev kvarandre ei hand. Om vi ikkje har det same fysiske handtrykket, kjenner vi framleis på nærvær og fellesskap. Vi kjenner ikkje på det fysiske nærværet med Gud. Det er ikkje noko handtrykk som kan sette seg i fingrane. Like fullt ber eg med meg eit håp om at vi kan kjenne eit tillitsforhold til Gud, at vi er i Guds hand. Ein relasjon som garanterer å vere virusfri.
Parkering ved gravferd på Vereide
AV ODDVAR ALMENNING
Gravplassen på Vereide har fått ny parkering. Det er ikkje ein reserveplass! Observert ved tilfeldige høve, ser det ikkje ut som praksis i bruk er godt innarbeidd. Difor vågar vi ein liten reprise: (Dette skreiv vi om i nummer 1 dette året. Du kan lese det om att på side 18.) 1. Bårebilen skal køyre til den nye plassen, og ikkje stanse ved den gamle inngangen. Bårebilen kan køyre forbi parkeringa, heilt inn på gravplassen. 2. Dei som skal parkere, køyrer inn på parkeringsfelta. Der er to felt, og ein kan parkere på begge sider. Køyr så langt inn som der er plass, og set bilen på skrå, med fronten mot rabatten. Då unngår ein å bruke tid og plass til snuing og rygging. Og står bilane på skrå, kan kven som helst køyre ut når som helst. 3. Ved utkøyring: Rygg inn i midtgangen, og køyr vidare i same retning som du kom. Du kan sjå plan over plassen i nr. 1.
Det er eit poeng at dei som kjem først, skal sleppe å vente alt for lenge på dei siste som skal parkere. Dersom ein parkerer på begge felta samtidig, kan minst fire, i praksis kanskje åtte bilar parkere samtidig.
Reserveplassar
Ved store gravferder kan det bli brukt fleire bilar enn det er plass til på den nye plassen. Dei som kjem langt bak i følgjet, kan prøve å sjå om det ser ut til å bli fullt, og heller parkere på «gamleplassen», og slutte seg til det gåande følgjet ved å gå inn den gamle inngangen. Men det er viktig at dei første i følgjet ikkje parkerer på «gamlemåten», for då stoppar alt opp der, og gjennomkøyring til nyeplassen blir hindra.

Kyrkjebladet minner om Konsert i Vereide 27. september
TEKST: ODDVAR ALMENNING
Kyrkjekonserten skulle vere 7. juni, men blei utsett. Vi har klipt litt frå førehandsomtalen. Du kan lese heile i påskenummeret (nr. 2)
Vereide kyrkjekor avsluttar sin 41. sesong med ein stor konsert i Vereide kyrkje søndag 7. juni. Det blir både små og store verk på programmet, både a cappella og med fullt
Retting
I blad nr. 3 side 30 skreiv vi om Haraldur som busette seg på Lote. Der brukte vi feil namn under biletet. Dei rette er Haraldur Olafsson, Reidar Årskog, Ragnhild(ur) Olafsson og Maria Årskog. orkester. Hovudverket er Bachs kantate nr 140: Wachet auf…… Heilt til slutt kjem tredje vers av salmen; Ære være deg, du høye! Å, Gud, hva ser, hva ser mitt øye! Rundt om din trone englerad! Lyset er så klart der inne, hver Jesu venn vi der skal finne så engleren og engleglad! Hva intet øye så, hva tanken ei kan nå, der vi skuer. Du jord, farvel! Stig høyt, min sjel! Følg Jesus inn til gledens vell! Eit anna hovudverk på konserten er ein av Georg Friedrich Händels konsertar for orgel og orkester, med Anders Rinde ved orgelet. Vel møtt til det vi trur vil bli ein flott konsert.
STØTT KYRKJEBLADET
Kontonr. 3710 15 85388 VIPPS 554210