ÅRSPLAN
2014-17
SPIRAL
– ein plass for alle, med blikk for den enkelte
SPIRAL
3 INNHALD Kap. 1: INNLEIING Kap. 2: BARNESYN OG LÆRINGSSYN • Kvalitetsnormer Kap. 3: BARN SIN MEDVIRKNING Kap. 4: SÆRLEGE SATSINGSOMRÅDER
SPIRAL
Kap. 5: FAGOMRÅDENE FRÅ RAMMEPLANEN Kap. 6: ORGANISERING & ARBEIDSMETODER Kap. 7: PEDAGOGISK DOKUMENTASJON • Planlegging – evaluering – utvikling Kap. 8:
SAMARBEID • Overgang barnehage – skole • Foreldresamarbeid • Personalarbeid • Tverrfagleg samarbeid
4 1. INNLEIING Kvam barnehage Åa tok i mars 2012 i bruk heilt nybygd barnehage. Den ligg midt i bygda med eit nærmiljø som byr på gode opplevingar og ressursar knytt til n natur og friluftsliv (skog, fjell, elvar og vatn, jakt og fiske) n kulturliv (musikk, revy, lokale segn, kyrkja, Krigminnesamlinga, Fredsparken ) n idrett (fotballbaner, lysløype, sykkelløype, idrettshall, svømmebasseng og gymsal) n ulike næringar (landbruk, butikkar, bilverkstad, servering, vegutbygging, entreprenørverksemd.) Vi ligg også godt plassert med nærleik til bustadområda og til skolen, noko som gir oss gode moglegheiter til å jobbe med skoleveg og trafikk.
Namnet
Kvam barnehage Åa med avdelingane Veslåa (1–2-åringar) og Storåa (3–6-åringar). På Storåa er gruppene Kæillbekken, Børju og Kvæinnhøl‘n.
Kæillbekken er frå gamalt av ei kjelde der folk henta friskt vatn til hushaldet sitt, den har oppkomme i botnen av Weikledalen (i nærleiken av huset til Ola Kamp d.y.), Børju er ein bekk som kjem ned Leinejordene og renn ned i Åa. Kvæinnhøl‘n er vel kjent for alle som badekulp i Kvam.
SPIRAL
Barnehagen sitt namn (2008) har utspring i ønskje om ein identitet knytt til bygda. Elva er markant i bygda si historie og slik den deler seg i Veslåa og Storåa former den også bygda. På den tida barnehagen tok namnet var det 3 baser som vart heitande Veslåa, Åmillom og Storåa. Da vi etter kvart flytte inn i nytt hus og fekk 2 avdelingar vart det Veslåa og Storåa. Frå der oppstod behovet for 3 gruppenamn inne på Storåa. For at gruppenamna skulle henge naturleg saman med namnet på avdelinga vart det funne 3 plassar knytt til elva, -plassar som låg nær nok til å vera turmål for barnehagen slik at det kunne brukast i smågruppeprosjekt med barna.
5 SAMFUNNSMANDATET TIL BARNEHAGEN = Formålsparagrafen, Barnehagelova § 1.
«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
SPIRAL
Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
6 2. BARNESYN OG LÆRINGSSYN (Kvalitetsnormer) Vår forståing om barn og barndom tek utgangspunkt i Barnehagelova §1, Samfunnsmandatet 2. og 3. ledd: «Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
I Kvam barnehage Åa er vi samde om at:
I Kvam barnehage Åa skal alle barn:
Oppleve vennskap, trivsel og glede, omsorg og tryggleik Oppleve meistring og anerkjenning Erfare at alle er like verdifulle og at det å vera ulik er ein verdi Lære gjennom leik og i sosial omgang med kvarandre Erfare at deira meiningar, interessar og idear blir teke på alvor Oppleve at dei blir sett, lytta til og at kvar enkelt er viktig for fellesskapet Bli møtt med respekt og toleranse frå andre barn og personalet
SPIRAL
Barn og vaksne er likeverdige Vennskap og leik er avgjerande for barna sin trivsel og utvikling Kvart enkelt barn er ein ressurs for gruppa og gruppa er ein ressurs for kvart enkelt barn Mennesket har ibuande moglegheiter til å utvikle seg sjølv i samspel med omgivelsane Barnehagen ska vera ein demokratisk møte plass for felles læring Å vera ulik, å vera lyttande, og å vera delaktig er viktige verdiar i vår barnehage
7 Som tilsett i Kvam barnehage Åa skal du
Kjenne barnehagen sine styringsdokument Vise respekt og toleranse overfor alle barn og foreldre Skape rom til samtale i barnehagen Gje omsorg, vera ein god ven og vise humor og glede i kvardagen Støtte og følgje opp barna sine vennskapsforhold Ta del i barna sin leik på deira premisser Vera ein god rollemodell (det vi ikkje får til oss vaksne imellom kan vi heller ikkje støtte i barnegruppene) Vera eit lyttande menneske, på jakt etter barneperspektivet, med eit aktivt forhold til barns læringsprosesser. Anerkjenne barna og deira teoriar
SPIRAL
Vi arbeider etter eit sosiokulturelt læringssyn som bygger på at læring skjer gjennom bruk av språk og deltaking i ein sosial praksis. Vaksne kan ikkje overføra sin kunnskap direkte til barn, barna må sjølve bygge opp forståing ved vera medvirkande og deltakande i eigen læringsprosess. Berit Bae: «Å møte barn som subjekt er vitalt for å legge grunnlag for medmenneskelighet og konstruktive relasjoner både i barnehage og andre steder… De (barna) er ikke bare objekter som blir styrt og stimulert av de voksne rundt dem, men snarere tvert imot uttrykksfulle individer som står i aktivt samspill med omgivelsene ut fra egne kommunikasjonsmessige forutsetninger… Barn må altså møtes som medmennesker, og ikke ut fra et mangelperspektiv på hva de en gang skal. Vi skal tilby barn opplevingar og inntrykk som støtter læringsprosessen. Barn skal ha anledning til å uttrykke seg på mange ulike måter; ved sida av verbalt språk og leik også gjennom skapande aktivitet, bilder, musikk, bevegelse og drama. Vi henter inspirasjon til utviklingen av pedagogisk innhald, arbeidsmetodikk, barnesyn og læringssyn frå fagbøker og kursverksemd med utspring i pedagogisk arbeid og filosofi frå barnehagane i Reggio Emilia, Italia.
”...Det man hører glemmer man, det man ser husker man, det man gjør forstår man...” Loris Malaguzzi, Reggio Emilia, Italia.
8 3. BARN SIN MEDVIRKNING Rammeplanen seier: ”Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltagelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet” Å gje barn medvirkning i barnehagen er ikkje å la dei velge fritt og gjera som dei vil. Det handler i stor grad om ein pedagogisk praksis som legg grunnlag for prosessar som sikrar at alle sin stemme blir høyrt og at alle kjenner seg viktige i det som går føre seg. Tanken om barn sin medvirkning bygger på ideer om likeverd og respekt. Barn sin medvirkning er ikkje ein metode, men ein haldning til barn, ein måte å sjå/møte barn på = eit barnesyn. Det er møtene med dei vaksne og barnehagen sin organisering som blir avgjerande for i kva grad det blir medvirkning. Det krev ein anerkjennande haldning som gir barna rett til å ha sine eige opplevingar, erfaringar og tanker som er ulike frå våre vaksne sine.
Bruk av pedagogisk dokumentasjon som arbeidsverktøy Å arbeide med pedagogisk dokumentasjon er ein viktig faktor for å utvikle ein reflekterande og demokratisk pedagogisk praksis. Ved å synleggjera barna sine tankar, meiningar, uttrykk og strategiar i leik og anna aktivitet blir dokumentasjonen eit grunnlag for vidare planlegging og utvikling av pedagogisk praksis. Barnesamtaler og barnemøter: Ved å ta dokumentasjonane attende til barna og bruke dei som ”barna sin hukommelse” blir dei eit naturleg verktøy for vidare planlegging saman med barna. Det barna har gjort og opplevd, saman med deira innspill og tanker om kva vi kan gjera meir, blir med inn i personalet sin planlegging av det vidare arbeidet innafor temaet, - og inn i det øvrige refleksjonsarbeidet som skal utvikle vår praksis.
SPIRAL
I Kvam barnehage Åa gir vi barn medvirkning gjennom: Å arbeide bevisst med vårt syn på barn Å utvikle oss som lyttande og deltakande vaksne Ein smågruppe-organisert arbeidsmetodikk
9 4. SÆRLEGE SATSINGSOMRÅDER LEIK, VENNSKAP OG TILHØYRIGHEIT Leik er barna sin viktigaste aktivitet. Leikande læring er grunnlag for utforsking og bearbeiding av inntrykk.
SPIRAL
Leik og vennskap er grunnlag for barna sin utvikling av sosial kompetanse og eit godt utvikla språk.
Leiken har høg eigenverdi og skal ha ein sentral plass i barnehagen. Den har mange uttrykksformer og kan føre til forståing og vennskap på tvers av alder og språkleg og kulturell ulikskap. Eit leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap. Å vera venner er å møtast i forhold der den enkelte opplever seg som godteke og verdsett for akkurat den han eller ho er. Vi har eit bevisst forhold til barn sine behov for vennskap. Leik og vennskap er avgjerande for barna sin kjensle av trivsel. For barn er det viktig å oppleve å ha venner, og også dei yngste barna har sterke vennskapsrelasjonar. Barn sine møte med kvarandre i barnehagen gjev rike muligheiter for erfaringar og opplevingar med jamnaldrande, og barn sine tidlege vennskap er ein viktig faktor i sosialiserings-prosessen. Å høyre til i ei gruppe gir barn tryggleik og sosial tilknytning. Vennskap bidreg til ei kjensle av deltaking og fellesskap som så bidreg til positiv sjølkjensle. Leiken må imidlertid ikkje idylliserast. All leik er ikkje god for alle barn. Vi som vaksne må ha eit vakent auge med kva for status det enkelte barn har i gruppa og arbeide aktivt for å skape eit godt sosialt klima i barnegruppene. Det sosiale klimaet i barnehagen er også barna sitt arbeidsmiljø. Barnehagen skal fysisk og organisatorisk legge til rette for variert leik.
10 UTVIKLE PROSJEKTARBEID SOM ARBEIDSMETODE Prosjektarbeid er å arbeide med noko som er uferdig, som «skal bli». I vårt arbeid i barnehagen betyr det å stille spørsmål, undersøkje hypoteser, finne ut av saman, planlegge og utvikle i eit samarbeid mellom barn og vaksne. Heile prosessen skal dokumenterast, og dokumentasjonen skal nyttast undervegs til refleksjon på ulike plan for å utvikle vidare innsikt og læring, og å finne vegen vidare i arbeidet. Ei slik arbeidsform i varetek barnesynet, læringssynet og barna sin rett til medvirkning. Den gir også stort rom for at leiken får sin sentrale plass. Det er imidlertid ein arbeidsmetode som sett store krav til planarbeid og pågåande evalueringsprosessar, og den krev fleksible vaksne som har tryggleik i at «ting» skjer undervegs, og at det kan endre forløpet og / eller heile prosjektet.
SPIRAL
11 TURGRUPPER OG FRILUFTSAKTIVITETER I vår barnehage har vi valgt å vera mykje utandørs. Barnehagen sitt nærmiljø blir utforska gjennom turar og utflukter, og det blir også valgt uteplassar som blir nytta fast gjennom alle årstidene. Vi arbeider bevisst for å skape samanhang mellom det barna opplever på sine ulike arenaer; ute på turar, inne i barnehagen og heime på fritida.
SPIRAL
Vi meiner det er viktig at barna er synlege i bygda på dagtid, at dei blir godt kjente i nærmiljøet sitt, at dei blir glade i og kjenner ansvar for naturen , at dei får gode opplevingar som legg grunnlag for ny aktivitet og at dei opplever mestring, tryggleik og tillit til eigne ferdigheiter og eigen kropp.
”…I løpet av småbarnsalderen tilegner barna seg grunnleggende motoriske ferdigheter, kroppsbeherskelse, fysiske egenskaper, vaner og innsikt i hvordan de kan ivareta helse og livskvalitet… Gjennom kroppslig aktivitet lærer barna verden og seg selv å kjenne. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffer barna seg erfaringer, ferdigheter og kunnskaper på mange områder… Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange muligheter…” (frå Rammeplanens fagområde: Kropp, bevegelse og helse)
12
SPIRAL
13 ”…Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle årstider og i all slags vær. Naturen er en kilde til skjønnhetsopplevelser og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståelse for planter og dyr, landskap, årstider og vær. Det er et mål at barn skal få en begynnende forståelse av betydningen av en berekraftig utvikling. I dette inngår kjærlighet til naturen, forståelse for samspillet i naturen og mellom mennesket og naturen…” (frå Rammeplanens fagområde: Natur, miljø og teknikk.)
Erfaring med eit mangfald av uttrykksformer (Loris Malaguzzi: ” Et barn har hundre språk….”)
SPIRAL
”…Det skal legges vekt på å styrke kunnskap om og tilknytning til lokalsamfunnet, natur, kunst og kultur, arbeidsliv, tradisjoner og levesett. Barn skal medvirke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt…” (frå Rammeplanens fagområde: Nærmiljø og samfunn)
BOK I BRUK Språkstimulering gjennom bevisst bruk av bøker og leseaktiviteter. Bruk av bøker, sangtekster, regler, segn og forteljingar skal vera ein godt planlagt, synleg og dokumentert smågruppeaktivitet for alle barn i vår barnehage.
« Å mektige feer! Gi mitt barn i faddergave Ikke bare helse og skjønnhet og rikdom Og alt det der som dere pleier å komme trekkende med. Gi mitt barn lesehunger, det ber jeg om med brennende hjerte! For jeg vil så gjerne at mitt barn skal få i sin hånd nøkkelen til eventyrlandet, hvor man kan finne den skjønneste av alle gleder…» Astrid Lindgren.
14
”Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold… Å samtale om opplevelser, tanker og følelser er nødvendig for utvikling av et rikt språk. Tekst omfatter både skriftlige og muntlige fortellinger, poesi, dikt, rim, regler og språk og tekst… Barnehagen skal bidra til at barna får et positivt forhold til tekst og bilde som kilde til estetiske opplevelser og kunnskaper, samtaler, og som inspirasjon til fabulering og nyskaping… Barnehagen skal bidra til at barna videreutvikler sin begrepsforståelse og bruker et variert ordforråd… lytter til lyder og rytme i språket og blir fortrolige med symboler som tallsiffer og bokstaver…” (frå Rammeplanens fagområde: Kommunikasjon, språk og tekst)
SPIRAL
Å utvikle språket er noko av det viktigaste som skjer i eit barns liv. Gjennom språket lærer vi å forstå oss sjølve og alt rundt oss og det hjelper oss til å reflektere og organisere tankane våre. Det gir oss identitet, fellesskap med andre menneske og tilhøyrigheit i det samfunnet vi lever i. Ei forsinka språkutvikling vil derfor ikkje vera berre eit språkproblem, men noko som verkar inn i heile livssituasjonen for barnet. Barnehagen har tradisjonelt god kultur for både lesing og språkstimulering. Gjennom ”Bok i bruk” vil vi integrere dette i ein meir bevisst tenking i personalet. Barn lærer i samspel med andre i situasjonar der språk og handling har ein funksjon saman. Derfor er det viktig å legge til rette for aktiviteter og arenaer som inviterer til språkleg samspill, som høgtlesing, forteljing, samtaler, leik med skriftspråk, rim, regler og spill. Leseaktiviteter og samtaler omkring litteratur gir barna også opplevingar og erfaringar med kultur og filosofi. Gode og varierte erfaringar med bøker er grunnleggande for utvikling av lese-ferdigheiter og skriftspråk. Ein ser klart at barn profiterer på å vera i miljø (heime og barnehage) der dei får tidlege og mange skriftspråklege opplevingar og erfaringar. ”Bok i Bruk” er også eit samarbeid mellom barnehagen vår og biblioteket ved at det er sett i stand ein bibliotekfilial på Storåa. Der kan barn og foreldre saman låne med seg bøker heim. Gjennom dette tilbodet skal dei bli vant med å omgås, låne, bruke, lese og prate om bøker.
15
SPIRAL
PROGRESJON I DETTE ARBEIDET:
Dei minste barna bruker bøker ved å integrere dei i leiken sin, bærer rundt på dei. Det kan vera utfordrande for vaksne fordi vi ofte har ei oppfatning om at bøker skal stå fint i ei hylle for at dei ikkje skal bli stygge. Det er viktig å forstå at bøker for dei aller minste skal vera ein naturleg del av leiken. Det er på den måten dei blir kjent med bøker og blir glad i bøker. Dei kan ”lesa” for seg sjølve og for andre ved å lage tekst/ dikte,- anten knytt til bileta, ved at dei hugsar noko som har vore lest eller fortalt tidlegare eller rett og slett noko som har hendt. Det treng ikkje ein gong å ha noko med innhaldet i akkurat denne boka å gjera. I tillegg til dette skal vaksne lese/fortelje bøker i godt samansette grupper og fortelje historiane med hjelp av konkretisering (leikemateriell, bilete på flanellograf, dramatisering osv) Enkle eventyr og songar som fortel ei historie er også tekster vi kan jobbe med innafor ulike uttrykk. Slike tekster har ofte mykje gjentaking, - noko som dei yngste barna liker godt. Dei har stort utbytte og stor glede av å gjera om att og om att, - det gjeld også bøker. Bruk av rim, regler og rytmer er også ein viktig ingrediens i arbeidet med å utvikle eit godt språk. Frå enkle, stutte regler for dei små der vi gjerne bruker rørsler på og med kroppen, og over til lengre og meir innfløkte regler med tulleord og rim dess eldre barna blir. Dei eldste liker å lytte ut lyder, dele ord, klappe rytmer, lage rimord , leike med lyder osv. Etter kvart som barna blir eldre skal dei møte andre tekster, historier og bøker; lengda på tekst og spenningsnivået kan aukast, innhaldet kan delast opp over lengre tid (fortsetningshistoriar) og temaarbeid og ymse aktivitetar /uttrykk knytt til innhaldet i boka kan gå over lengre tid og gi fleire utfordringar. Tekstskaping, gjenfortelling og samtale skal også brukast mykje her. Arbeid med digitale verktøy (der barn er produsentar og ikkje berre konsumentar) er også eit spanande felt som vi ønskjer å bygge kompetanse på i personalgruppa
BARNESAMTALER
Barn skal oppleve dei tilsette i barnehagen som trygge og nære vaksne som ser dei og er der for dei. Barna skal vera trygge på at dei kan prate med vaksne i barnehagen når noko kjennes vanskeleg. Vi skal skape ro og rom i barnehagekvardagen som legg til rette for samtaler «der og da», og vi skal gjennomføre barnesamtaler om vennskap og trivsel som ei rutine gjennom året frå barna fyller 3 år.
16 5. FAGOMRÅDA FRÅ RAMMEPLANEN DEI 7 FAGOMRÅDA (Rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver) skal vera tydelege i barnehagens sitt fysiske miljø ute og inne, og i innhaldet vi tilbyr barna. Kvart fagområde dekker eit vidt læringsfelt og fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire områder vil vera integrert samtidig i prosjektarbeid og i kvardagsaktivitetar. Progresjon og tilpassing til modning, interesser og lokale omsyn skal tydeleggjerast i barnehagens månadsoversikter.
FAGOMRÅDE 1
Både ikkje-verbal og verbal kommunikasjon er viktig for utvikling av eit godt språk. Rike og varierte opplevingar og erfaringar, samtale, lytting, tankar og kjensler, ulike type bøker, ulik type tekst og forteljingar, tekstskaping, teikning, leik, fantasi, bruk av bilete og konkretar.
SPIRAL
Kommunikasjon, språk og tekst
17
FAGOMRÅDE 2
SPIRAL
Kropp, bevegelse og helse
• Positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring. • Bli kjent med seg sjølv og andre i variasjon mellom aktivitet og kvile. • Bli kjent med og stimulere sansane, bli kjent med, lage og smake ulik mat, leik og bevegelse, kosthald (fokus på sunt kosthald med variert mat), kvile og hygiene, forståing for eigen og andre sin kropp, utvikle sjølvstende, variert fysisk aktivitet ute og inne, turar i variert terreng • Aktiv bruk av naturen til leik og felles opplevingar.
18
FAGOMRÅDE 3 Kunst, kultur og kreativitet
SPIRAL
• Få oppleve kunst og kultur og få uttrykke seg estetisk. Barn skaper sin eigen kultur ut i frå sine eigne opplevingar. • Gi varierte opplevingar som gir grunnlag for ulike uttrykk og personlige uttrykk. • Gi erfaring med eit mangfald av uttrykksformer (Loris Malaguzzi: ” Et barn har hundre språk….”) og eit mangfald av materiell som legg til rette for gode formingsprosessar. • Erfare og skape, sanse, oppleve, utvikle estetisk sans, utforske, eksperimentere. • Ulike kunstformer, kunstutstillingar (både besøke og presentere ), konsertar, song og musikk, dans og teater, dramatisering, rolleleik, teikning og teikneutvikling, fantasi og magi.
19
Samtale om sola «Solfesten e for å sjå at sola skinn. Ho ha vore borte fordi at det ha vore så kaldt!
FAGOMRÅDE 4 Natur, miljø og teknikk
SPIRAL
Sola e gul! Sola e firkanta… Neeeeei!! Ho e runding slik som månin!! Månin ha titta fram på håret mitt når e va ute og gikk. Sola e i barnehagen. Og heme åt me litt au. Når det e mørkt ser en berre månin. Da e sola gjømt bak skyin. Innpå fjellet kanskje? Det e mørkt enda når e står opp, men når e et frokost bli det lysar og lysar. Ho e ute i barnehagen, på himmeln damma. Sola skinn som glitter. Ho e itte så varm at oss keinn gå i shorts enda da. Ho varme og smelte snogen. Sola e varm om såmmårn! Da ska e ta fram storbassenget. Og da tek n pappa tå se labbein sine! Om såmmårn måle sola oss m strålom sine, så oss bli brone. Og må ha solkrem på stranda. Åsså kjem myggen au! Huff.»
• Bli kjent med og få forståing for planter, dyr, landskap, årstider og vær. • Utvikle glede over å vera i naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom menneske og natur. • Leik i barnehagen sitt uteområdet, erfaring med årstidene (endringar), dyra i naturen, blomster, trær og planter, livsløp, kjeldesortering, ta vare på naturen, fysiske lover og undring over fenomen i den fysiske verda, erfaring med kvardags-tekniske hjelpemiddel.
20
FAGOMRÅDE 5 Etikk, religion og filosofi
SPIRAL
• Verdiar som kjem til uttrykk i alle store religionar og som er forankra i menneskerettigheitane: Respekt for menneskeverd, og natur, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet. • Erfaring med grunnleggande spørsmål, refleksjon og undring, samtale og forteljing, innsikt i kristne grunnverdiar, kjennskap til tradisjonar og kristne høgtider, kjennskap til andre tradisjonar og andre måtar å feire høgtider på, normer og verdiar, utvikle toleranse og interesse for andre folk og respekt for ulikheiter og skilnader. «Gjer/ver mot andre det du vil dei skal gjera/vera mot deg» • Skape rom for samtale, leike, utvikle ein lyttande kultur og implementere barnhagen sin visjon; «med rom for alle og blikk for den enkelte»
21
FAGOMRÅDE 6
SPIRAL
Nærmiljø og samfunn
• Få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Oppleva at bygda er ein del av ein større heilheit; i kommunen, i landet og i verda., - på same måten som dei sjølve er del av ein større heilheit; familien, slekta og bygda. • Utforske og bli kjent i nærmiljø, vektlegge og styrke kunnskap om og tilknytning til lokalsamfunnet, kjennskap til kultur og næring. • Kjennskap til samefolket som norsk urbefolking, få kjennskap til og forståing for barn og levevilkår i andre land i verda, leik og samtale. • Deltaking og medvirkning i barnehagens indre liv, tradisjoner og fellesskap,innsikt og erfaring med demokratiske prinsipp, likestilling og likeverd, og medias betydning for barna sin kvardag.
22
FAGOMRÅDE Antall, rom og form
SPIRAL
• Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktiviteter skal barna utvikle matematisk kompetanse. Oppmuntre utforsking og legge til rette for tidleg og god stimulering. • Tall, telling, systematisering, sortering og samanlikning, klassifisering, gruppering, utforsking av rom, form, symbol og mønster og design, utforske og argumentere, orientera seg i rom (ute og inne), bli kjent med matematiske begrep, gjera seg erfaringar med tid, storleiker, mål, mengde, tall, telling, bokstavane sin form, logoer. • Spel, leik, bygging med kaplastaver, klosser og lego, måle- og veieutstyr, teknologi,
23 6. ORGANISERING OG ARBEIDSMETODER ORGANISERING
Barnehagen har 2 avdelingar (småbarn 12 plassar og storbarn 36 plassar fordelt på 3 grupper). Vi har 12,2 faste årsverk; 1 årsverk styrar, 5,6 årsverk barnehagelærar og 5,6 årsverk fagarbeider. Av dei har vi valgt å bruke 0,8 (80% stilling) på kjøkkenet med ansvar og oppgaver innafor kosthald og måltider. I tillegg har vi styrking etter dokumenterte behov. Det ligg 2 årsverk styrking og 0,6 årsverk spesialpedagog til fordeling i dei kommunale barnehagane. Det fysiske miljøet og organiseringa skal bidra til å støtte opp om barnehagen sine mål. Vi må til kvar tid ha ei organisering som støtter opp om det vi sett som mål for barnehagen sitt arbeid.
SPIRAL
ARBEIDSMETODER
Det daglege arbeidet med barna foregår alltid i smågrupper, dvs. at barna innafor kvar avdeling blir sett saman i mindre grupper. Dette velger vi for å sikre: ro og konsentrasjon ei oppleving av tryggleik at alle blir sett og hørt god oppfølging av kvart barn Barn skal oppleve å ha ein reell innverknad på barnehagedagen sin. Det blir betre ivareteke ved at vi arbeider med barna i mindre grupper. I samansetning av smågrupper er det mange omsyn å ta og vi er i særleg grad merksame på omsynet til gryande og skjøre vennskaps-relasjonar. Gruppene kan vera faste over tid eller dei kan forandre seg etter dei prosjekta som er i gang til kvar tid. Gruppene og samansetninga av dei vil bli orientert om gjennom oppslag på foreldretavlene . Vi arbeider prosjektorientert. Prosjekta oppstår t.d. ved at vi vaksne fangar opp ei interesse hjå barna og bygger vidare på det. Eit prosjektarbeid kan også koma i gang ved at vi vaksne definerer behov i barnegruppa. Det krev at vi er særleg observante i forhold til det som rører seg i barnegruppene. Gjennom gode planleggingsprosessar i personalet skal vi tilrettelegge med variert materiell og utstyr, vi skal legge til rette læringsmiljøet ute og inne og vi skal gje barna gode fellesopplevingar og nye utfordringar for å hjelpe dei ”eit hovud høgare”. Barna skal vera aktivt med gjennom heile prosessen og vi skal tilrettelegge for demokratiske lærings-prosessar med vekt på samtaler og felles planløysingar.
24
7. PEDAGOGISK DOKUMENTASJON ”Barna sine aktiviteter, læring og utvikling skal dokumenterast i ord og bilete. Gjennom bruk av pedagogisk dokumentasjon lager vi gode system for å ivareta og sikre kvaliteten på innhaldet til det enkelte barnet. Vi får også gode system for å vise foreldra kva opplevingar og læring barnet deira har i barnehagen, og ikkje minst får vi eit verktøy til bevisstgjering og utvikling av oss vaksne.” ” Viten om personalets arbeid og barns virksomhet i barnehagen er viktig som grunnlag for barnehagens utvikling. Dokumentasjon kan være eit middel for å få fram ulike oppfatningar og opne for kritisk og reflekterende praksis. Barns læring og personalets arbeid må gjøres synlig som grunnlag for refleksjon over barnehagens verdigrunnlag og oppgaver og barnehgaen som arena for lek, læring og utvikling”. (Rammeplan , kap 4)
”…Dokumentasjon kan variere i form og innhald, men for at de skal , må de gjøres til gjenstand for kritisk refleksjon og berøre personalets tenking og praksis”kunne betegnes som pedagogiske dokumentasjoner… ” (Kolle, Larsen og Ulla 2010.) ”Kvaliteten i det daglige samspillet mellom mennesker i barnehagen er en av de viktigste forutsetningene for barns utvikling og læring” Rammeplan kap 4. Det er viktig å ha eit bevisst og gjennomtenkt forhold til dokumentasjonane som blir brukt. Det etiske perspektivet må leggast til grunn når vi dokumenterer barn i leik, læring og arbeid, og dette er det høgt fokus på. Alle heimar skal vera kjent med arbeidsmetodane og blir bedt om å gi skriftleg løyve til at vi bruker dokumentasjonar slik vi gjer i barnehagen. Vi har også ein regel om at vi skal sjå på bileta saman med barnet / barna før vi heng dei opp eller bruker dei på andre måter.
SPIRAL
Dokumentasjon er bilder og tekst som synleggjer barnehagen sin praksis, læringsprosessar og barns medvirkning i leik og andre aktiviteter i barnehagen. Ulike dokumentasjonsskjema, fotoapparat, videokamera og pc er viktige arbeidsredskap. Ferdige dokumentasjoner blir hengt opp i barnehagen og fungerer som viktige ”knagger” for barna til å fortelje, - med god støtte i bildene, foreldre og andre om det dei har opplevd. Her ligg det mykje god språktrening. Bilder av barn i leik og aktivitet blir også brukt for å dokumentere kroker, - som ei tydeleggjering og støtte for barna til å ”lesa” / forstå rom og utstyr. Dokumentasjon er også eit viktig pedagogisk verktøy ved at vi bruker det som grunnlag for undring, refleksjon og vidare planlegging. Dette skal gjerast både i personalgruppa og i ”småmøter” med barna. Det er gjennom dette arbeidet at personalet utvikler seg som lyttande vaksne og utvikler fokuset på gode læringsprosesser og gode læringsmiljø.
25 8.SAMARBEID OVERGANG BARNEHAGE – SKOLE
«Kommunen har ansvar for at de ulike tjenestene for barnefamiliene er godt koordinert… Barnehagen skal i samarbeid med skolen legge til rette for overgangen fra barenhagen til første klasse og en eventuelt skolefritidsordning. Dette skal skje i nært samarbeid med hjemmet. Planene for overgangen fra barnehagen til skole skal nedfelles i barnehagens årsplan…» R.pl. kap. 5.
SPIRAL
Nord-Fron kommune har eigen plan for arbeidet med overgang frå barnehage til skole, gjeldande for alle skolekretsane. Den planen byggjer på ei forståing om at både barnehage og skole er institusjonar for omsorg, oppdraging, leik og læring. Barna vil møte både likheiter og ulikheiter og det er viktig at barnehage og skole samarbeider og får til gode rutiner for samhandling slik at barna kan møte skolen med nysgjerrigheit og tillit til eigne forutsetningar. Foreldra skal tryggast i forhold til sine spørsmål og forventningar til sitt barns skolestart.
Barna skal gjera seg ferdige med barnehagen på ein god måte, glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skole.
Gjennom heile året gjer vi uformelle besøk på skolen ved at vi nyttar uteleikeplassen der når skolen har fri. Gjennom turar i nærmiljøet får barna kjennskap til skolevegen og aktuelle trafikksikringsspørsmål. På nyåret (som regel februar) er det innskriving; barn og foreldre blir inviterte til skolen for å melde seg til skolestart. I samband med innskrivinga starter også det formelle samarbeidet mellom barnehagen og skolen (sjå årshjul).
26 ÅRSHJUL OVERGANG BARNEHAGE – SKOLE
September
Jun
i
rs
ust
1. klasse inviteres attende til bhg på besøk. Møte fagleg forum bhg-skole.
r
Januar
r
November
be
sem
De Januar
Februar
Innskriving, samvær med fadderklasse. Møte fagleg forum bhg-skole.
be
Etablere kontakt med fadderklassa, starte i barnehagen. Før innskriving januar/februar.
SPIRAL
l
ri p A
b r u ar
Mars
Foreldremøte i bhg (forventninger) Samvær fadderklasse, besøk på skolen.
Oktober
No vem
Fe
Besøk på skolen 1. kl inne + fadderkl ute. Trafikk/skoleveg. Møte fagleg forum bhg-skole.
e mb
te
Mai
April
r
p Se
Ma
Besøk fram til va midten av mai. Foreldresamt. i bhg m/ kontaktlærer. (overføringssamt)
Au g
Avslutningsfest i bhg.
Mai
Foreldresamtaler i barnehagen
Juli
Juni
27 Forklaringar:
SPIRAL
Kontakt med fadderklassa. Denne kontakta skal starte med at skoleelevane besøker barnehagen og presenterer seg som fadrar. Fadrar blir sett opp av barnehagen og skolen saman, og skal vera klare før innskrivingsdagen. Deretter skal den kontakta pleiast på ulike måter ved samvær i barnehagen og på skolen. Ei viktig fadderoppgave før skolestarten er m.a. at dei møter opp i barnehagen og følgjer 6-åringane til skolen når dei skal på skolebesøk første gangen. Avtalte besøk med smågrupper (eller alle) i 1. klasse, uteområdet og SFO. Det dei opplever på skolebesøk blir jobba vidare med i samtaler og på andre måter i barnehagen. Vi melder også attende til foreldra dersom vi ser ting som er viktige at dei er kjende med. Bli kjent med skolevegen og kjenne seg trygg i trafikken. Gjennom å gå turar i nærmiljøet trener vi på å vera i trafikken og få kunnskap om korleis vi skal oppføre oss der. Attende i barnehagen blir dette bearbeida i samtaler, sanger og på andre måter. Barna får noko skriftleg med seg ut frå barnehagen og inn i skolen. Det er gjerne snakk om eit prosjektarbeid dei har gjort siste året og andre dokumentasjoner som viser gode fellesopplevingar i gruppa og meistringsopplevingar. Vi tenkjer at det kan brukast i 1. klasse: for å skape samanheng mellom barnehagen og skolen for gjenoppleving av felles opplevingar for anerkjenning og mestringsfølelse for å understøtte kjensle av tryggleik og samhørigheit i gruppa som verktøy for læraren til å bli kjent med barnet
28 Før skolestart er det eit kontaktmøte mellom pedagogisk leiar som har hatt gruppa og den kontaktlæraren som skal ta dei over. Her blir ikkje enkeltbarn drøfta, men erfaringar vi har gjort som gjeld gruppa og som kan vera nyttig for lærar å veta. Vi kan også orientere om kva som har vore arbeidd med av prosjekt dette siste året i barnehagen, - altså det barna har erfart og lært. Kontaktlærar deltek på den siste foreldresamtala i barnehagen (mai/juni) . Den samtalen vil i stor grad handle om det vi ser som viktig for det enkelte barnet i samband med skolestart. Ved at skolen deltek på denne samtalen blir aktuell og viktig informasjon om det enkelte barnet overført til skolen/læraren på ein etisk god måte. Når det gjeld barn med særlege behov blir det oppretta eit samarbeid mellom barnehagen og skolen etter samtykke frå foreldra. Det er alltid viktig at foreldra har innsyn i og innflytelse på den informasjonen som blir utveksla. Det er her viktig at samarbeidet fokuserer både på kva barnet kan og mestrer og på kva det evt. treng særleg støtte til. Dersom det er behov for omfattande tilrettelegging blir samarbeidet etablert tidleg (seinast i løpet av hausten året før skolestart). Her er det gjerne tale om å trekke skolen inn i ei etablert ansvarsgruppe omkring barnet. SPIRAL
Det er etablert eit fagleg møteforum mellom pedagogar i barnehage og skole for å utvikle betre kjennskap til og forståing for desse to opplæringsarenaene. Dette er viktig for å ha realistiske forventningar til kvarandre og kunne skape trygghet for barna i sjølve overgangen frå barnehage til skole, og også for å kunne trygge foreldra i deira forventningar til skolestart.
29 FORELDRESAMARBEID Vi ønskjer at foreldra, på same måten som barn og personalet, skal ha eit eigarforhold til og kjenne seg stolte over barnehagen ”sin”.
SPIRAL
Det er foreldra som i første rekke har ansvaret for å sikre barn ein trygg oppvekst. Barnehagen skal støtte heimen i omsorgs- og oppdragar-oppgavane og på den måten skape eit godt grunnlag for barna si utvikling. Barnehagen skal vera eit supplement til heimen. I barnehagen skal barnet få prøve ut og vidareutvikle det som er grunnlagt i heimen. Her blir perspektiva utvida, barna får nye opplevingar og dei får andre relasjonar. I barnehagen kan dei gjera erfaringar dei ikkje kan få heime. Vi ser at det er viktig for barna at dei opplever gode samanhenger mellom det dei opplever i barnehagen og det dei opplever heime. Dei gongene vi opplever interesse og engasjement frå heimane i forhold til arbeidet vi gjer med barna ser vi at det tilfører viktige dimensjoner til arbeidet. Gode tiltak for å skape samarbeid: Auka deltaking på foreldremøter; vi er avhengige av attendemelding og dialog. Ta inn og følgje opp informasjon frå tavler og skriv som blir lagt ut. Sørge for å ha kjennskap til kva vi gjer saman med barna, kva dei opplever i barnehagen Informasjonskriv frå styrar Månadsoversikter frå avdelingane. Møteplasser/møteforum der viktige tema omkring det å vera foreldre generelt, foreldre i vår barnehage og andre viktige saker kan takast opp til drøfting. Fau v/leiar administrerer ei lukka face-book gruppe for foreldra i vår barnehage. Det er ein føresetnad at det som rører seg i det forumet blir gjort kjent for styrar via FAU. Sosiale arrangement for barn og foreldre i regi av FAU. Foreldrerådet velger eit arbeidsutvalg på 6 -7 personer som representerer alle foreldra = FAU. Styrar og personalet sin representant er også med der. Der kan alle melde aktuelle saker/tema til drøfting. Det er samarbeidsutvalget (SU) som er det øvste formelle samarbeids-organet i barnehagen. Der er eigar, foreldre og personalet representert.
30 Den formelle kunnskapen om utviklinga og behova til små barn som barnehagelærarane har, saman med kunnskap om og erfaring frå dagleg samhandling med små barn som alle vaksne i barnehagen har, skal foreldra få ta del i etter ønskje og behov. Saman skal heim og barnehage gje barnet dei beste forutsetningane for læring, utvikling og ein harmonisk oppvekst. Dei etablerte samarbeidsforuma mellom heim og barnehage er foreldresamtaler, foreldremøter, FAU-møter og SU.
FORELDRESAMTALER
Ein viktig føresetnad for samarbeidet mellom barnehagen og heimen og eit grunnlag for eit godt barnehagetilbod med trivsel for barnet.Alle samtaler skal førebuast frå heim og barnehage, dei er skriftleggjort og foreldra får referat. Samtalen blir elektronisk arkivert i barnemappa.
SPIRAL
JUNI: oppstartsamtaler for nye barn som skal starte i barnehagen til hausten. Denne samtalen skal følgast av ei oppfølgingssamtale i løpet av 2-4 mnd etter at barnet har starta. For dei eldste barna skal det gjennomførast foreldresamtale i løpet av oktober, og deretter i mai (saman med kontaktlærar). Alle skal ha minst 1 foreldresamtale i løpet av barnehageåret som barnehagen kaller inn til. Utover det kan båe parter fritt be om samtale når som helst ved behov!
31 Kvar enkelt medarbeider skal tenkje på arbeidsplassen sin med glede fordi ein kjenner trygghet, meistring og utvikling i arbeidet sitt. Personalgruppa skal vera som ei ”verktøykasse” der vi kan hente støtte, hjelp og inspirasjon. Personalet skal ha eit eigarforhold til og kjenne seg stolte over barnehagen ”sin”.
SPIRAL
PERSONALARBEID
Personalarbeid handlar om å i vareta den enkelte medarbeidar på ein god måte og gjennom det utvikle ei sterk og trygg personalgruppe som har høg grad av profesjonalitet i arbeidet sitt. Både enkeltpersoner og gruppe skal få anledning til å bruke ressursane sine og utvikle seg vidare i tråd med det som er nedfelt i forskrifter og planer som utviklingsarbeid og satsings-områder i barnehagen. Barnehagane i Nord-Fron har ein felles plan 3-årig plan for kompetanseheving, og vi samarbeider ofte med Ringebu og Sør-Fron om innhaldet i kursdagane. Kompetanseheving i den perioda skal vera innafor: Leiken, leiken sin betydning og vaksne sin deltaking/involvering Læringsprosessar i barnehagen (kjenneteikn, vaksne sin rolle og prosjektarbeid som metode) Relasjoner og samspel Personalet har til saman 5 dagar i året som er sett av til kurs – og planleggingsdager. Da er barnehagen stengt. Det blir gitt informasjon på foreldretavla om dei dagane i god tid, men dei følgjer gjerne skolen sine planleggingsdagar.
TVERRFAGLEG SAMARBEID
Det er lagt gode rammer for tverrfagleg arbeid i kommunen. BUT = Barne- og Ungdomsteamet, har møte i barnehagen 2 g pr. semester. Da møtes barnehagen, helsesøster, pedagogisk-psykologisk rådgjevarteneste (PPR), barnevernstenesten og psykisk helse. Der kan vi drøfte generelle eller spesielle problemstillingar og målet med møtene er å ta ned terskelen for tverrfagleg kontakt, søke råd og drøfte faglege spørsmål. Samarbeid omkring enkeltbarn er aldri til drøfting i noko samarbeidsforum utan at foreldra er kjent med det og har gitt samtykke til det.
SPIRAL