21. - 26. februar 2012
2-3 | Afterski og Fjellsportkveld 3 | Toppturar, kurs og skredvarsling 4-5 | Program frå a til å 7 | SuperVEKA 8 | Kinesisk villskap
ARRANGØR:
Sparebanken Vest og Fjellsportfestivalen
mot nye høgder
Foto: Jo Bergersen
Sparebanken Vest er stolte over å kunnefortsetja samarbeidet vi har hatt sidan oppstarten med Fjellsportfestivalen – ogat festivalen i år når nye høgder.
Velkomen Då er det endeleg klart for Fjellsportfestivalen 2012, den fjerde i historia sidan oppstarten i 2008. For meg som ny festivalsjef har det vore eit aldri så lite sjokk å sjå og oppleva kor mykje arbeid som ligg bak ein slik festival.
til Fjellsportfestivalen
yrande studentliv, eit sterkt fjellsportmiljø og massevis med hyggjelege folk.
Men det har vore interessant og inspirerande – og svært lærerikt.
Eg håpar heile bygda tek del i festen vår, at de fyller opp arenaene våre – både utandøra og dei med tak over. Meieriet, Quality Hotel Sogndal, Sognahallen og andre stader der vi møtest, lat oss ha det kjekt ilag og saman med alle som kjem hit desse dagane.
I fjor vart det ikkje nokon fjellsportfestival. I staden arrangerte Bratt moro noregscup i freeride, Sogndal Frikøyring. Eg var med som deltakar under den flotte frikøyringskonkurransen her i Sogndal, og let meg imponera over både forholda og arrangementet. I år inneheld Fjellsportfestivalen noregscup i frikøyring med World Cup Qualifier-status, Fjellsportchallenge i Sogndal sentrum, Kinesisk utfor og noregscup i klatring – og mykje, mykje meir. Vi har toppturar og skredkurs, mat på tur med Sigrid Henjum, fotokurs med Vegard Breie, seminar, afterski og fjellsportkveld – og veldig mykje meir.
Fjellsportfestivalen er ein kjempestor dugnad der ei rekkje eldsjeler og lag og organisasjonar stiller opp for å gjennomføra dei mange arrangementa. Vi har mange å takka i så måte. Vi får solid støtte frå eit entusiastisk næringsliv, offentlege og private verksemder. Utan denne støtten og denne dugnadsviljen hadde vi ikkje greidd å få til Fjellsportfestivalen. Ei stor takk til alle desse partnerane og sponsorane, som vil vera med og byggja ein sterk og god festival. Til slutt ei sterk oppmoding: Ver snill og nytt deg av bussane vi har leigd inn. Slik gjer du ein innsats for miljøet, og slik unngår vi trafikkaos.
Vi samarbeider godt med Veka for å visa fram Sogndal og Sogn frå si beste side: Eit
Knut Myking, festivalsjef
Afterski på SOHO Kvar dag frå og med onsdag vert det afterski på SOHO ved Quality Hotel Sogndal. Her vert det mykje kos og hygge. Her viser vi skifilmar, her får du kjøpt god drikke – og her løftar vi stemninga kvar einaste ettermiddaeg med livemusikk. Onsdag, torsdag, fredag og laurdag opnar vi afterskidørene klokka 15.00. Her vert det lukkelege stunder – og minst ein lukkeleg time kvar dag. Onsdag spelar trubadur Torbjørn Gran, torsdag er det to tylar utan plug: Torkjel Solbraa og Håvard Øyrehagen frå bandet Tyyl som underheld med gamle og nye Tyyl-låtar. Fredag er det Café Olai på afterskien, og laurdag er det sjølvaste festivalsjef Knut Myking som syng og er DJ. Ein annleis afterski du berre må få med deg. Dørene opnar kvar dag klokka 15. Velkomen!
2
Fjellsportfestivalen 21. - 26. februar 2012
Festivalen ernyskapande og kreativ – og festivalen har ei sterk gjennomføringsevne. Viidentifiserer oss med verdiane til Fjellsportfestivalen og styrkar profilen til Sparebanken Vest gjennom samarbeidet, Vi har støtta festivalen sidan starten og vil gjerne vera med å utvikle festivalen vidare i åra som kjem.
Festivalenskaper eit positivt omdøme av heile regionen, og ikkje minst for Sogndal. Det er viktig å vera med å bidra til lokalt engasjement og regionalutvikling. Vi i Sparebanken Vest ynskjer alle lykke til med årets festival. Atle Stalheim Regionbanksjef i Sparebanken Vest
NB! Sparebanken Vest Fjellsportseminar Seminara under Fjellsportfestivaen har vore ein suksess. I år er Quality Hotel Sogndal arena og vi har følgjande godbitar på programmet: Onsdag 22. februar kl 21.00 Sigrid Henjum, meistring og turglede Torsdag 23. februar kl 21.00: Asbjørn Eggebø Ness, mitt ville skiliv Fredag 24. februar kl 21.00: Vegard Breie, historia bak dei gode bileta
Foto: Vegard Breie
Trygge toppturar og kurs Kvar einaste dag under Fjellsportfestivalen 2012 får du detaljert skredvarsling for Jostedalen og Sogndalsdalen.
Fjellsportfestivalen
med eigen app
Som festivaldeltakar får du tilgang til verdas første fjellsportfestival-app. Det er sogndalsverksemda nLink som har laga den rykande ferske fjellsportappen. På Fjellsportfestivalen sin app kan du klesa dei siste nyhenda om festivaen, du kan sjå kva som skjer til ei kvar tid – og du kan publisera og dela bilete med andre festivaldeltakarar. Kvar dag premierer vi dagens beste foto publisert på appen, saman med nLink. Men de taller viktigaste med fotopubliseringa er at alle som leverer bilete er med og skriv historia om Fjellsportfestivalen 2012. Denne fotodokumnetasjonen skal samlast på ei svær bildeflate etter festivalen. På festivalappen vert det push-varsel; viktige nyhende kjem rett I lomma di under festivalen. nLink og Bratt moro tek sikte på å vidareutvikla appen etter årets festival, slik at du kan ha nytte av den året rundt.
I samarbeid med NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) og snoskredvarsel.no skal vi under årets fjellsportfestival kvar kveld og morgon gje deg som deltakar informasjon om skredfaren i Jostedalen og Sogndalsdalen. Vi har fleire ekspertar ute kvar dag som gjer observasjonar og grev ut snøprofilar på utvalde stader. Det er desse observasjonane, saman med temperatur og vêrvarsel, som dannar grunnlaget for skredvarselet. Målet er at ein frå og med vinteren 2013 skal ha permanent lokal skredvarsling for Sogndalsdalen og Jostedalen. Også i andre samanhengar prøver vi å fokusera på tryggleik. Både turane og kursa våre vert leia av topp kvalifiserte tindevegleiarar og fjellførarar. Desse vil, saman med skredvarselet, gje deg råd om kloke og trygge turval. Kjøper du deg plass på eit av kursa eller ain av tursne våre, vil du samla deg kunnskap som gjer deg betre i stand til å gjera eigne vurderingar og vegval. Sjekk www.fjellsportfestivalen.no for tur- og kurstilbodet vårt.
Fjellsportkveld = Møteplassen Dette MÅ du få med deg kvar kveld under festivalen: Fjellsportkveld kl 1930 på Quality Hotel Sogndal. Her vert det offisiell opning tysdag kveld med presentasjon av bileta til nokre av skandinavias beste skifotografar. Alle bileta er tekne i Sogn, og vinnarlaget, ein fotograf og to skikøyrarar, vinn 30.000 kroner. Her får du sjå kveldens video, her vert det verdspremiere på skifilmar, her får du rapport om tilhøva i fjellet – og kvar dag kårar vi dagens festivalgjest frå scena. Det er her – under Fjellsportkvelden – alle premieutdelingane vil føregå. Arrangemnetet varer ein god time kvar kveld, og vert leia av NRK-reporter Sondre Dalaker. Det vert ein liten dose musikk og underhaldning – og ein stor dose god stemning. Velkomen!
Fjellsportfestivalen 21. - 26. februar 2012
3
Program Måndag 20. februar
Torsdag 23. februar
17:00 Registrering Sogndal Freeride | Quality Hotel Sogndal 19:30 Løparmøte Sogndal Freeride | Quality Hotel Sogndal
07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:00-10:00 Turtorg 08:30 Første buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:00 Fotokurs med Vegard Breie | Sognahallen 09:00 Opplegg med internasjonalt godkjende tindevegleiarar | Sognahallen 09:00 Snowboard for jenter med PowderPuff Girls 09:00 Sogndal Skisenter opnar 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar | Sogndalsdalen 11:00 Jibbeverkstad | Sogndal Skisenter 11:00 SKI i FJØRA: Fjøra • 11.00-12.00 Urban Skileik for barn • 12:00-15:00 FjellsportChallenge Berre for deg med festivalpass: • 15.00 Urban skileik for vaksne
Tysdag 21. februar 07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:30 Buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:00 Sogndal Skisenter opnar | Hodlekve 09:30 Første buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar | Sogndalsdalen 11:00 Sogndal Freeride World Tour Qualifier, kvalifisering | Sogndalsdalen 14:00 Første buss frå Sogndalsdalen | Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal 17:00 På tur med Sigrid Henjum: Kart/kompass-kurs (teori tysdag, dagstur onsdag Quality Hotel Sogndal) 18:00-21:00 Turtorg | Quality Hotel Sogndal 19.30 Fjellsportkveld 21:00 Løparmøte Sogndal Freeride | Quality Hotel Sogndal 21:00 Informasjonsmøte YouPow | Quality Hotel Sogndal 22:00 Meieriet: Kokken Tor
Onsdag 22. februar 07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:00-10:00 Turtorg | Sognahallen 08:30 Første buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:00 Skredkurs for ungdom med internasjonalt godkjend tindevegleiar | Sognahallen 09:00 Sogndal Skisenter opnar 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar | Sogndalsdalen 11:00 Sogndal Freeride World Tour Qualifier, finale | Sogndalsdalen 14:00 Første buss frå Sogndalsdalen | Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal 15:00 Afterski m/trubadur Torbjørn Gran | Quality Hotel Sogndal 18:00-21:00 Turtorg | Quality Hotel Sogndal 19.30 Fjellsportkveld 21:00 Sparebanken Vest Fjellsportseminar: Sigrid Henjum Meistring og turglede | Quality Hotel Sogndal 22:00 Freerideparty!!! | Quality Hotel Sogndal 22:00 Konsert på Meieriet: Maria Mena
14:00 Første buss frå Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal 15:00 Afterski med To tylar utan plugg • Torkjel Solbraa og Håvard Øyrehagen frå Tyyyl underheld med gamle og nye Tyyyl-låtar. Ein annleis afterski du berre må få med deg | Quality Hotel Sogndal 17:00 På tur med Sigrid Henjum: Mat på vintertur (Tørking av mat torsdag, dagstur fredag) | Quality Hotel Sogndal 17:00 Ungdomsklatring, The Wall | Sognahallen 18:00-21:00 Turtorg | Quality Hotel Sogndal 19.30 Fjellsportkveld 21:00 Sparebanken Vest Fjellsportseminar: Asbjørn Eggebø Ness - Mitt skiliv | Quality Hotel Sogndal 22:00 FjellsportQuiz i hyggeleg lag med flotte premiar | Quality Hotel Sogndal 22:00 Meieriet: Casual Friday og Slim B & Horvei the Greatness Meieriet
GENERALSPONSORAR
4
ARRANGØR:
Fredag 24. februar
Laurdag 25. februar
07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:00-10:00 Turtorg | Sognahallen 08:30 Første buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:00 Opplegg med internasjonalt godkjende tindevegleiarar: Sognahallen • Frå fjell til fjord på Storehogen • Isklatring • Skred og sikkerhet for brattkjørere 09:00 Sogndal Skisenter opnar 09:00 Snowboard for jenter med PowderPuff Girls 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar 11:00 Jibbeverkstad | Sogndal Skisenter 12:00 Akebakkeskogen | Sogndal Skisenter 13:30 Hagløfs Kinesisk Utfor • 10:00 Oppmøte i SIL-hytta Sogndal Skisenter • 13:30 Start junior (12-16 år) • 14:00 Start senior 14:00 Første buss frå Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal 15:00 Afterski med Cafe Olai | Quality Hotel Sogndal 17:00 Ungdomsklatring, The Wall | Sognahallen 18:00-21:00 Turtorg | Quality Hotel Sogndal 19.30 Fjellsportkveld 21:00 Sparebanken Vest Fjellsportseminar: Vegard Breie Fotografering i bratt lende | Quality Hotel Sogndal 22:00 Kinadisco!!! | Quality Hotel Sogndal 22:00 Meieriet: Vinni & The Vagabonds
07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:00-10:00 Turtorg 08:30 Første buss til Sogndalsdalen | Skysstasjonen/Ingafossen 09:00 Fotokurs med Vegard Breie | Sognahallen 09:00 Opplegg med internasjonalt godlkjende tindevegleiarar:, Sognahallen • Frå fjell til fjord på Storehogen • Fjell til fjord, Sogndalsdalen til Fjærland • Snøbrettur til Leirdalen • 2 dagars Toppturkurs 09:00 Sogndal Skisenter opnar 09:00 NorgesCup Klatring, kvalifisering | Sognahallen 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar 11:00 Jibbeverkstad | Sogndal Skisenter 14:00 Første buss frå Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal 15:00 Afterski | Quality Hotel Sogndal 17:00 NorgesCup Klatring, finalar | Sognahallen 18:00-21:00 Turtorg Quality Hotel Sogndal 19.30 Fjellsportkveld 22:00 DEN STORE FJELLSPORTFESTEN | Quality Hotel Sogndal 22:00 Meieriet: Bandstand Meieriet
Søndag 26. februar
Foto: Vegard Breie
07:00-10:00 Fjellsportfrukost | Quality Hotel Sogndal 08:00-10:00 Turtorg 08:30 Første buss til Sogndalsdalen 09:00 Opplegg med internasjonalt godkjende tindevegleiarar: Sognahallen • Fjell til fjord, Sogndalsdalen til Fjærland • Isklatring • Laussnøjakt i Sogndalsdalen 09:00 Sogndal Skisenter opnar 09:30 Laussnøekspressen i Sogndalsdalen startar 14:00 Første buss frå Sogndalsdalen 15:00-19:00 Fjellsportmiddag | Quality Hotel Sogndal
Meir og utfyllande info, endringar og nyheiter:
Fjellsportfestivalen 21. - 26. februar 2012
5
Desse gjer Fjellsportfestivalen mogeleg FESTIVALPARTNARAR
nlink.no
TOGGAPARTNARAR
BLÅFJELLPARTNARAR Sogn
Skade på bilen?
• Rute-reparasjon • Karosseri reparasjonar • Rute-skift • Taksering av skader • Lakkering Venter du til ruta sprekk, må du betale eigenandel.
Steinsprutskader reparerast kostnadsfritt for deg om du har kasko eller delkasko.
Bygg og anleggs stål
Hugs 0 i eigenandel ved reparasjon av frontrute.
Telefon 57 62 70 60 E-post: post@skadesenteretsogn.no
Blå: Pantone 296 - C100, M46, Y0, K70
Gul: Pantone 116 - C0, M16, Y100, K0
Ref: Dato:
Fjellsportfestivalen12_1211_98x200 SNR:
16.12.2011
Str:
3152
98 x 200
App Kjærne str.:__________________ Opprulling nr:__________ Manuel Ant. pr rull/rulldia:_____________ Antall:___600stk_____
Dato:_________________________
Opprulling. Husk å velg opprulling!
6
Fjellsportfestivalen 21. - 26. februar 2012
Automa
Sign:________________________
SuperVEKA 2012 I to veker til ende, vert saftbygda forvandla til eit fyrverkeri av kulturelle opplevingar. Studentveka vert planlagt og gjennomført av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og er eit arrangement som famnar heile bygda. Med daglege arrangement på studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar rundt omkring i nærområdet, er det noko for ein kvar smak. Veka har rykte på seg for å ha blant Noregs beste konsertscene, få konsertlokal klarar å slå Tanken når glade studentar fyller den under studentveka. Det er ikkje for ingenting at mange artistar kjem igjen til Tanken og Sogndal, og at mellom 5000 og 7000 personar vitjar studentveka i saftbygda. Under Veka finn du eit breitt spekter av kulturtilbod; studentrevy, biletkunst, barnekonsertar og eigne dag-aktivitetar for barn, skidag, urban skileik, kurs, stand up, basar og leikar er mellom det du kan oppleva. Studentar, sambygdingar i alle storleikar og vener er varmt velkomne til årets studentveke!
20 12
14.– 26. FEBRUAR • MEIERIET • SOGNDAL
DETTA SKJIR PAO VIKAO
Tysdag ein-og-tjuende fibruar:
Tysdag fjortande fibruar:
Kaizer’s Orchestra pao Tanken!
Etterpao-ski-leik pao Tanken. Alt mi ha sveitta ut ska no innatte. Kokken Tor pao Tanken.
Onsdag femtande fibruar:
Temposjekking (Speed-dating). Studentrevy Onsdag to-og-tjuende fibruar: Razika pao Tanken Mi spela Fifa pao TV-spel. Trøkka trøkka! Fine bordseta og goe mat. Torsdag sekstande fibruar: Maria Mena staor pao scenao og gjere seg ti. Kvelartak pao Tanken
Torsdag tri-og-tjuende fibruar:
Ski i sentrum. Bokstavele talt. Mi fødle Fjørao me og adle andre kan springa so mykje dei vil. Ongakonsert me Kings of Lien snø Zoom og Aventyr pao Tanken. ADLE! Bingo, nett so i Nortun mi ikkje ha høyrt so mykje frao før. Musikk Veronica Maggio pao Tanken Kom kom!
Fridag seutjande fibruar:
Leurdag atjande fibruar:
Swingkurs. Grunnkurs ein «flakadans». Superfamily og Inman Hill pao tanken.
Søndag nitjande fibruar:
Fridag fir-og-tjuende fibruar:
Quiz. John Erik Aasen (son has Sverre) kjeme og spøre. Mi svara. Vinni pao Tanken
Brettspelturnering (laonge ord lika mi!) Leurdag fem-og-tjuande fibruar: Jonas Alaska pao Tanken Bassar. Nett so pao Skogly. Maondag tjuende fibruar: Bandstand pao Tanken. Sushikurs. Mi lere oss å eta raoe fisk. Jajja… Lokale band spela og underheld. Klappa no dao!
Fjellsportchallenge og urban skileik Torsdag 23. februar vert det liv og skirøre i Sogndal sentrum. Urban skileik for dei minste, i nært samarbeid med Veka, og Fjellsportchallenge for dei større med ei VW Boble som hovudpremie. Vi tek i bruk store deler av sentrum og let både små og store leikast og kappast i snøen. Klokka 11.00-12.00: Urban skileik for barn. Klokka 12.00-15.00: Fjellsportchallenge
Lag din eigen YouPow-film Du leverera oss filmen din og konkurrerer om flotte premiar! Die beste filmsnuttane vert premiert – og har gode sjansar til å verta vist på NRK. Dette er ein konkurranse for alle som likar å filma eigen og andre sine aktivitetar. Det einaste vilkåret vi stiller for deltaking er at du har festivalpass – og at snutten ikkje er på meir enn to minutt. Du kan levera inn så mange snuttar du vil. – Bli med! Vi har premiar for 24.000 kroner, seier Ivar Løvik. Du som vil vera med bør møta opp på YouPow sitt infomøte ved Quality Hotel Sogndal klokka 21. tysdag 21. februar. Sjekk også www.fjellsportfestivalen.no!
7
Framsidefoto: Vegard Breie
Noregscup frikøyring
I fjor debuterte vi som arrangørar av noregscup i frikøyring og fekk så gode karakterar at vi vart oppmoda om å bli fast stoppestad for frikøyringssirkuset. Under årets fjellsportfestival heiter konkurransen Sogndal Freeride World Tour Qualifier. Dei som gjer det godt samlar poeng til å koma med i verdscupen. Tysdag 21. februar er det kvalifisering, onsdag 22. februar finalar – i ei eller anna bratt fjellside i Sogndalsdalen. Av omsyn til konkurransereglement, tryggleik, vêr og skredfare, vert ikkje endeleg areval gjort før dagen før konkurranse. Arena vert offentleggjort på nettsidene våre, fjellsportappen og under Fjellsportkvelden ved Quality Hotel Sogndal. Vi set opp bussar til konkurransearenaen, både til kvalifiseirnga og til finalane onsdag. Følg med og møt fram som tilskodar. Dette vert tøft, bratt og fritt!
Foto: Are Haugen Sandnes
Sjå Noregs beste frikøyrarar i fri dressur i Sogndalsdalen.
Klassikaren Kinesisk utfor Noregscup klatring + Noregs beste burger Sjå Noregs beste klatrarar i aksjon – og et deg mett på Noregs beste hamburger. Sognahallen er staden og The Wall konkurransearena når Sogndal klatreklubb inviterer til noregscup i klatring laurdag 25. februar klokka 17.00. Her får du sjå idrettsprestsjonar på høgste nivå, bokstavleg tala.
Alle startar på likt og førstemann i mål er vinnar. Haglöfs Kinesisk utfor under Fjellsporttfestivalen er ein klassikar du må få med deg. Vi oppfordrar ikkje alle til å vera med; det valet er det berre du sjølv som skal ta. Her går det fort, og her er det berre ein regel som gjeld. Første jente og første gut over målstreken er vinnar.
Og så kan du kosa deg med verdas beste hamburger, komponert av sjefskokken vår, Gry Tokvam. Her er det lokale råvarer som gjeld.
Oppfinnarane av konkurransen, Per Øvreseth og Lars Olav Halleråker, møtte ein del skepsis då dei lanserte idéen, men etter første kinautforen i 2009 har det aldri vore nokon diskusjon: Kinesisk utfor er den mest soleklare programposten under Fjellsportfestivalen. Og like sjølvsagt er det at Xianwu Xu serverer kortreist kinamat i målområdet frå kinarestauranten sin i Sogndalsfjøra.
Finaledagen startar med kvalifisering klokka 09. Rutene til finalane vert skrudde av Jomar Bekkelien og Magnus Midtbø Det er gratis tilgjenge for alle som vil sjå Noregs beste klatrarar i aksjon.
I år vert Haglöfs Kinesisk utfor lagt til fjellområdet over Sogndal Skisenter. Publikum brukar 10-20 minutt på å gå opp til målområdet under Stedjekamben. Nytt av året er juniorklasse under Haglöfs Kinesisk utfor. Ei VW Boble vert trekt på startnummer i seniorklassen under Fjellsportkvelden klokka 19.30! NB! Fredag 24. februar. Juniorane (12-16 år) startar klokka 13.30, seniorane klokka 14.00.
Akebakkeskogen Bli med på Akebakkeskogen i målområdet til Kinesisk utfor! Ta med mat som kan grillast, varme klede, rumpebrett og godt humør. Vi arrangerer aking og anna moro i målområdet til Kinesisk utfor fredag 24. februar. Målområdet ligg ca 20 minuttars gange frå Sogndal Skisenter, ved Stedjekamben. Klokka 12.00 er det doktorsisten, klokka 12.30 kinesisk utfor på akebrett, klokka 13.15 bålkos og grilling, klokka 14.00 snømannkonkurranse og klokka 14.30 avsluttar vi med stiv heks. Bli med!