Agder

Page 1


Bunadsylv

Agder - Tradisjon frå Hasla - Tradisjon frå Hasla

Bunadsylv til Agder - Tradisjon frå BunadsylvHasla til Agder

I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal .

Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til.

Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet til mange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til,  inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader.

Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid.

Ørnulf Hasla og Grete Fossen

Kvinnebunad frå Aust-Agder

Bunaden frå Åmli, også kjent som Aust-Agder bunaden, har vore i bruk sida midten av 1920 talet. Sylvet ein brukar i dag er mansjettknappar og halsknapp til skjorta. På uppluten, som er sauma fast i stakken, vert det brukt 6 maljer. Desse vert halde saman av eit trekkeband med spjot. På maljene skal det vere gylte lauv, med blank eller gylt botn. På beltet skal det vere ei beltespenne, gravert eller filigran. Det mest vanlege er å bruke to søljer, for eksempel ei lita bolesølje øverst og ei stor lauvsølje, eller hjartelauvsølje under. Ein kan også bruke halsringar (borgring), i blankt eller gylt sylv, og ei stor sølje under denne. Den minste sølja/halsringen skal alltid vere øverst, rett under halsknappen. Det er to ulike jakker til Aust-Agder bunaden, “Fiskevatn” og “Dølemo”. Sylvet ein brukar til jakka er knappar og spenner. Desse kan vere gravert eller i filigran. “Fiskevatn” brukar 14 stk knappar, og “Dølemo” brukar 18 stk. Jakka vert halde saman av spenner, graverte eller filigran. Det skal vere to ulike spenner, ei stor og ei lita. Dei graverte spennene er kopiar av gamle modellar, og navnet på spenna fortel kva for distrikt i Aust-Agder den er frå. Eit alternativ til det vevde beltet, er sylvbelte. Her kan ein velge mellom Eppelandsbelte og Hillestadbelte.

Mannsbunad frå Aust-Agder

Herrebunaden frå Åmli, også kjent som Aust-Agder bunaden, er laga etter gamle draktplagg frå mideten av 1800-talet. Sylvet ein brukar i dag er halsknapp og mansjettknappar til skjorta. Under halsknappen skal der vere ein horning, og her kan ein velge mellom tre ulike typer; hornring med løve, hornring med andlet eller filigran. Det skal vere 32 små graverte knappar til bunaden. Eit alternativ er å kombinere store og små, dei vert då fordela slik: Vesten: 10 små knappar, 8 framme og 1 på kvar lapell.

Jakka: 12 store knappar, 8 framme og 2 på kvart erme.

Buksa: 2 store lokknappar på sidene, 3 stk. store i midten.

Knebukse: 3 små knappar ved kvart kne.

Langbukse: 2 store lokknappar på sidene, 3 stk. store i midten.

Herrebunaden kan også ha klokkeband og kniv, det skal vere 1 stk knapp til kniven. Alt sylvet skal vere blankt.

Kvinnebunad frå Vest-Agder

Bunaden i dag bygger på draktskikk frå perioden 1830 til 1870. Det har vore store variasjonar i materialbruk, men snittet i drakta har vore det same gjennom tida. Livet (vesten) er i raudt, grønt og svart ullstoff, eller svart ulldamask. Det er høgt skore i ryggen med midtsaum og to skrådde sidesaumar som endar opp i ei lita ”klauv”.Trøya er i svart ullstoff eller ulldamask, og har same form som livet. Skjorta er i finvevd lin eller bomull. Den har kvitsaumbroderi på krage, skulderstykke og mansjett. Stakken er i tre ulike variantar. Ein i plisse, ein rynka og ein stripa. Stakken vert halden oppe med vevde selar som vert festa i to sølvknappar framme, og ein midt bak. Forkleet som til vanleg vert brukt til bunaden er i svart ullstoff med ullgarnbroderier, men det er fleire variantar av dette. Sjalet er firkanta eller trekanta med ullgarnbroderi. Broderimønster på sjal og forkle finn ein i mange ulike variantar, mønstra er henta frå ulike plassar i Vest-Agder. Lomma er laus, og er i svart ullstoff med broderi. Hodeplagget (skautet) er i kvit lin, men det er også ei lue i silkebrokade med kniplingskant og gullbånd. Sølvet ein brukar i dag er knappar til stakken, halsknapp og mansjettknapp til skjorta. Under halsknappen fester ein halsringen (bringering), deretter ei sølje, til døme bolesølje, eller hjartesølje med store lauv. På livet er det to rader med sølvmaljer og snøreband (trekkeband) med spjot. Nederst på livet vert det også brukt spenne. Trøya har sølvspenne framme, og knappar til ermene. Kroken til lomma er som regel i messing.

Mannsbunad frå Vest-Agder

Bunaden bygger på materiale frå om lag 1825. Slik vi ser den i dag, vart densauma i 1950 åra av skredder Joh. Abrahamsen. Trøya er i svart ullstoff med grøn krage og nedbretta slag. Mansjettane er grøne med tre store sølvknappar. Trøya har i tillegg to rader med sølvknappar, men den skal ikkje kneppast. Vesten er istripemønstra ullstoff med svart botn. Ryggen er av lin, vesten er enkel kneppa med seks sølvknappar. Skjorta er i lin eller bomull, det er kvitsaumbroderi på krage og mansjett. Buksa er ei knebukse med stor klaff, og i svart ullstoff. Den har grøn knelinning med spenne, samt tre sølvknappar og spenne ved kneet. Klaffen vert halde oppe med fem store, flate sølvknappar. Strømpene er mønsterstrikka i kvit ull og vert halde opp med fleirfarga sokkebånd. I tillegg til knappane brukar ein halsknapp, mansjettknapp og bringering (hornring eller hjartesprette). Det vert totalt brukt 26 knappar til trøye og bukse.

8208x/s/g

Diameter: 9 cm.

Bunadsølv til kvinne:

8884s Diameter: 9 cm.

8284s0000 Diameter: 9 cm.

8885s Diameter: 9 cm.

8285s0000 Diameter: 9 cm.

Diameter: 9 cm.

8245x/s

8801x/s/g

Diameter: 7 cm.

8201s/g0000

Diameter: 7 cm.

5117sg Høgde: 9 cm. Breidde: 9 cm.

5127sg Høgde: 8,3 cm. Breidde: 7,7 cm.

5035sg Høgde: 7,4 cm. Breidde: 4,3 cm.

8202s Diameter: 6,4 cm.

8203sg Høgde: 8 cm. Breidde: 7,5 cm.

5098sg0000

Høgde: 7,8 cm. Breidde: 7,5 cm. 5129sg0000 (Spesialbestilling)

8011ss/sg

Høgde: 9 cm. Breidde: 5,5 cm.

8279ss/sg

Høgde: 8,9 cm. Breidde: 4,6 cm.

Diameter: 9,6 cm.

8260sg/gg

5046x/s Diameter: 4,5 cm.

8851x/s Diameter: 4 cm.

8251x/s/g0000 Diameter: 3,8 cm.

8200x/s/g Diameter: 3,4 cm.

5569x/s Diameter: 3 cm.

5069s0000 Diameter: 3 cm.

8278s Diameter: 2,7 cm.

8866gg/sg

Diameter: 2,5 cm.

8263gg/sg

Diameter: 2,3 cm.

8240x/s

Lengde kjede: 100 cm.

Lengde spjot: 5,9 cm.

8239s

Lengde kjede: 100 cm.

Lengde spjot: 5,9 cm.

8235x/s 10-ringar

Diameter på ring: 1,6 cm.

Lengde maljeband: 15,5 cm.

8236x/s 12 ringar

Diameter på ring: 1,6 cm.

Lengde maljeband: 23,5 cm.

8238x/s Lengde kjede: 130 cm. Lengde spjot: 5,9 cm.

8234x

Høgde: 3,5 cm. Lengde: 6 cm.

Kjedelengde: 20 cm.

8233x

Høgde: 3,5 cm. Lengde: 12 cm.

8233s

Høgde: 3,5 cm. Lengde: 12 cm.

8234s

Høgde: 3,5 cm. Lengde: 6 cm.

Kjedelengde: 20 cm.

8207s

Høgde: 3,2 cm. Lengde: 11 cm.

8247s/gs

Høgde: 3,2 cm. Lengde: 11 cm.

8281s

Høgde: 3,3 cm. Breidde: 4 cm.

Kjedelengde: 20 cm.

8280s

Høgde: 3,3 cm. Breidde: 8,1 cm.

8832x/s

Høgde: 1,75 cm. Diameter: 2,5 cm. pr. knapp

8232x/s0000

Høgde: 1,75 cm. Diameter: 2,5 cm. pr. knapp

8256x/s

Høgde: 1,75 cm. Diameter: 2,4 cm. pr. knapp

8277s

Høgde: 1,2 cm. Diameter: 2,3 cm. pr. knapp

8228x/s/0000

Høgde: 0,85 cm. Diameter: 1,6 cm.

8828x/s

Høgde: 0,85 cm. Diameter: 1,6 cm. (stor + stor knapp)

8255x/s

Høgde: 1,15 cm. Diameter: 1,55 cm.

8276s

Høgde: 0,9 cm. Diameter: 1,6 cm. pr. knapp

8829x/s

Høgde: 0,85 cm. Diameter: 1,6 cm.

8282x/s

Høgde: 0,8 cm. Diameter: 1,5 cm.

8830x/s

Høgde: 0,85 cm. Diameter: 1,2 cm.

8283x/s

Høgde: 1 cm. Diameter: 1,6 cm.

8264fbx/fbs/b Lommekrok
Høgde: 6 cm. Breidde: 8,9 cm.

2008x/s Diameter: 1 cm.

2022x/s Diameter: 1,9 cm.

2021x/s Diameter: 1,7 cm.

2360x/s Høgde: 2,5 cm. Breidde: 2 cm.

3012x/s/g/a Diameter: 1 cm.

3015x/s/a Diameter: 1,4 cm.

3394x/s/g/a Diameter: 1,2 cm.

3051xs/ss/sg

Høgde: 3 cm. Breidde: 1,7 cm.

3153x/s/a Diameter: 1,3 cm.

6001s/x0000

Høgde: 2,3 cm. Lengde: 8,7 cm.

6001sg000

Høgde: 3,1 cm. Lengde: 8,7 cm.

6002x/s

Høgde: 2,7 cm. Lengde: 8,5 cm.

6002xs

Høgde: 3,1 cm. Lengde: 8,5 cm.

6000xs/sg
Høgde: 3,1 cm. Lengde: 6,4 cm.
6000x
Høgde: 2,3 cm. Lengde: 6,4 cm.

6357x/s

Diameter: 2,2 cm.

6356xs/ss/sg

Høgde: 3 cm. Breidde: 2,2 cm.

6353x/s Diameter: 1,8 cm.

Bunadsølv til herre:

8851x/s Diameter: 4 cm.

8200x/s Diameter: 3,4 cm.

8210x/s

Høgde: 4,5 cm. Breidde: 4 cm.

5069x/s Diameter: 3 cm.

8257x/s

Høgde: 4,2 cm. Breidde: 3,5 cm.

8258x/s Høgde: 4,1 cm. Breidde: 4,1 cm.

8256x/s Høgde: 1,75 cm. Diameter: 2,4 cm. pr. knapp

8255x/s Høgde: 1,15 cm. Diameter: 1,55 cm.

8282x/s

Høgde: 0,8 cm. Diameter: 1,5 cm.

8269s Diameter: 1,6 cm.

8272s/x Flat bukseknapp Diameter: 1,7 cm.

8283x/s Høgde: 1 cm. Diameter: 1,6 cm.

8270s Diameter: 1,9 cm.

8271s Lokknapp Diameter: 2,6 cm.

8262x/s Knespenner

Høgde:

8012x/s Knespenner

8008x Skospenner

3,1 cm. Breidde: 3,7 cm.
Høgde: 5,3 cm. Breidde: 4,9 cm.
Høgde: 3 cm. Breidde: 3,5 cm.

Hattekjede 8015x/s60 To-raders hattekjede 60 cm.

Klokkeband 8009x40
Lengde: 40 cm.
Klokkeband 8009s40
Lengde: 40 cm.

Bunadsølv til barn:

5007ss/sg

Høgde: 3 cm. Breidde: 2,5 cm.

5006ss/sg

Høgde: 4,6 cm. Breidde: 4,1 cm.

5037ss/sg

Høgde: 4,6 cm. Breidde: 4,5 cm.

5078ss med lauv

Høgde: 2,8 cm. Breidde: 3,3 cm.

5501ss/sg Høgde: 5,5 cm. Breidde: 5 cm.

5001ss/sg000 Høgde: 4 cm. Breidde: 4,1 cm.

5106ss/sg Høgde: 4,7 cm. Breidde: 3,3 cm.

5208s0000 Høgde: 3,5 cm. Breidde: 2,2 cm.

5352s0000 Diameter: 2,9 cm.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.