Årsmelding 2025




![]()




2025 har som året før vore prega av jamn drift. Me har ikkje hatt endringar i tilsette. Dei faste aktivitetane dannar basis i sentralen, så kjem prosjekt i tillegg til dette som anten etter kvart vert ein fast aktivitet eller vert avslutta. Ein del av dei faste aktivitetane har prosjektpreg, td. Kvammaveko. Nye prosjekt i 2025 er Sykurs på Gamleskulen og Kvam internasjonale Kvinnegruppe (oppstart i 24). Mentorprosjektet er eit omfattande prosjekt som prosjektmedarbeidar bruker det meste av tida si til. Framhald av prosjektet er avhengig av ekstern finansiering. «Kva skjer i Kvam?» har me fått i gang i lag med Kvam herad. For stadig å utvikla Grannehjelpa, er me avhengig av å få i gang nye aktivitetar og prosjekt. Og for å halda i gang faste og nye aktivitetar, er me avhengige av engasjerte frivillige og tilsette, og det er me glad for at me har.
Framtida for Gamleskulen har kome på dagsordenen gjennom året. Kvam herad eig bygget, men ønskjer å kvitta seg med bygningsmasse dei sjølv ikkje har behov for lenger. Grannehjelpa har i brev til politikarane sagt kva våre behov er. Om det vert framhald for oss i Gamleskulen, møtelokale i Ungdomshallen eller eit anna lokale, er enno usikkert
I årsmeldinga for 2024 skreiv me at me har jobba særleg med HMT (Helse, miljø og tryggleik) og rekruttering Me har fått fullført arbeidet med plan for HMT. Når det gjeld rekruttering, vart dette arbeidet sett litt på vent. Men no ved starten på 2026 har me teke opp att arbeidet med dette og har som mål å få fullført arbeidet i vår. Arbeidet me rekruttering er ikkje fullført sjølv om me får laga ein strategi for rekruttering, det er eit vedvarande og eit nødvendig arbeid. Me ser at behovet for ein til ein hjelp aukar, men det er ikkje er så lett å rekruttera frivillige til dette. Kanskje det er lettare å rekruttera frivillige om aktiviteten kan skje utanfor heimane til dei som ønskjer hjelp i lag med andre, kanskje det er lettare å rekruttera to (frivillige) til ein.
Sjølv om me går med eit uvanleg høgt underskot på drifta i 2025, er økonomien for Grannehjelpa god. Me har dette året dekka løn til prosjektstillinga, sjølv om målet er å få dekka det gjennom tilskot om prosjektmidlar. Men me kan ikkje halda fram med dette over tid. Me takksame for at heradet opprettheld tilskotet til Grannehjelpa, men ser at det skal ned igjen til eit lågare nivå i følgje økonomiplanen deira. Det kan gje utfordringar i framtida.
I 2026 er Grannehjelpa 30 år, det ønskjer me å få markert i lag med frivillige og støttespelarar. I vedtektene står det om føremålet for stiftinga: «Stiftinga Grannehjelpa har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam, og å stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å driva frivilligsentral.»
Og som me alltid skriv til slutt: utan dei frivillige, ingen frivilligsentral – så tusen takk til alle frivillige! Håpar de alle vil vera med å feira Grannehjelpa når det er tid for å markera 30 års-jubileet.
Frode Sandven Leiar
Unni Bergtun Nestleiar
Siri Moripen Øverland
Ingunn Bjørke
Lisbeth Henriksen
Siv Haabrekke, rep Kvam herad
Jonny Roy Knudsen – pers vara for Siv Haabrekke
Mari-Anne Sørstrømmen, rep Fagforbundet Aud Irene Mortensen – pers vara for Mari-Anne Sørstrømmen
1. vara Kjell Einar Sekse
2. vara Eva Cecilie Holm
3. vara Ismael Khalefa
Stiftinga Grannehjelpa hadde
23 innskytarlag i 2024:
Kvam Idrettsråd
Kvam Høyrsellag
Kvam Revmatikarlag
Kvam Senioruniversitet
Kvam herad
LHL Kvam
Ungdomslaget Samhald
Lions Club Norheimsund
Norheimsund Indremisjon
Norheimsund Kvite Band
Øystese Pensjonistlag
Oma Kvinne- og familielag
Øystese Kvinne- og familielag
Vikøy Sokneråd
Øystese Røde Kors
Øystese Sanitetslag
Fykse Sanitetslag
Buspareklubben
Lions Club Strandebarm
Kvam Soge- og kulturminnelag
Ålvik Pensjonistlag
Arbeidstakarorganisasjonane
Strandebarm Pensjonistlag
Organisasjonen
Gjennom 2025 har styret hatt 5 styremøte og handsama i alt 37 saker. I tillegg til at det har vore arrangert eit styreseminar der det vart halde eit introduksjonskurs til InVi v/Dag Waade og det vart jobba med temaet rekruttering.
Valnemnda bestod i 2025 av 1. Kari Mostad
2. Camilla Chitona Gangdal
3. Yaman Bohsas
Generalforsamling
Generalforsamlinga vart halde 27 mars i Gamleskulen på Norheim. Styreleiar Frode Sandven leia møtet. Det var 19 frammøtte
med stemmerett.
Grannehjelpa har i 2025 hatt to fast tilsette, dagleg leiar Siriann Lillevik i 100 % stilling og frivilligkoordinator Helena Rykkje i 80 % stilling. I tillegg har Sarifa Moola-Nernæs jobba i 50 % stilling som prosjektleiar i «Arbeidslos».
Grannehjelpa er ein av 560 frivilligsentralar i Noreg, fordelt på 336 kommunar. Sentralen vert drifta i tråd med eigne vedtekter, har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam og stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid.
Grannehjelpa skal vera ein god møteplass og eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.
Grannehjelpa koordinerer og driv ein del faste aktivitetar som rullar og går gjennom heile året. Nokre av desse aktivitetane har eksistert i mange år, og fleire av desse er det dei same frivillige som har drive sidan oppstart. Her nemner me i fleng:
• Turgruppene: Fotalaget, Karatrakk, Trakkatrimmen
• Snakkatrimmen
• Ung fritid
• Jentebase
• Gatefeiing
• Strøsand
• Tematreff i Torefjell
• Kvam Internasjonale Kvinnegruppe
• Natteravn
• Språktreff
• Høyrselhjelp
• Handlevogn
• Bingo
• Karalag
• Song og lesestund
• Songandakt
• Trivselkafé
• Pianostund
• Strikk og drøs
• Kaffikos på stova
• Måndagstreff
• Torsdagstrim
• Ein-til-ein-hjelp
Mange av desse aktivitetane vert utført av frivillige på dei ulike eldreinstitusjonane me har i Kvam. Me i Grannehjelpa er glade og svært imponert over at så mange frivillige gjer ein fantastisk innsats for at mange har noko å gleda seg til i løpet av ei veka
I 2025 vart turgruppa Trakkatrimmen offisielt lagt ned. Gruppa hadde då over ein lenger periode hatt utfordringar med å rekruttera nye deltakarar, så vel som nye turleiarar. På vårparten, bestemte dei seg fyrst for å vidareføra gruppa i ei ny form – utan turleiarar og fastsette turmål, men heller med kontaktpersonar og ein ringerunde før kvar tur for å sjå kor mange som kom til å møta opp.
Denne ordninga fungerte greitt, men resulterte ikkje i auka rekruttering. Mot slutten av året, vart det difor bestemt at turgruppa skulle leggjast ned. Grannehjelpa takkar alle som har bidrege som turleiarar for Trakkatrimmen opp gjennom åra. Engasjementet dykkar har hatt stor vinst for folkehelsa, og gjeve mange glede i kvardagen. Tusen takk!
Nye faste aktivitetar
Saum og samhald:
Hausten 2025 starta Grannehjelpa opp saman med frivillige eit tilbod som me har kalla «Sykurs på Gamleskulen». Dette er eit tilbod til vaksne som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet. Dei har møttest kvar torsdag på Gamleskulen. Her har dei fått innføring i
grunnleggande sy og saum teknikkar på symaskin. Her har det vore stor progresjon i gruppa og dei har allereie produsert vesker, toalettmapper m.m. Dei avsluttar dagen med ein kopp kaffi og ein god drøs rundt bordet. Det har vore 4 drivne frivillige som har styrt denne aktiviteten med trygg hand. Dette er ein aktivitet som me i Grannehjelpa høyrer mykje åtgaum om.
Turgruppene sin fellestur er ein årviss tradisjon. Med stønad frå Kvam Turlag, leiger me ein buss, og tek ein dagstur ut av kommunen. Desse turane plar bestå av ein gåtur, eit kulturelt innslag, og eit godt måltid mat. I 2025, reiste 40 personar – somme med, og somme utan tilknyting til turgruppene – til Ulvik. Der, delte gruppa seg i to. Ei gruppe gjekk på tur til dagsturhytta, medan den andre vitja Olav H. Hauge-museet. Me avslutta turen med ei hyggjeleg matøkt på Syse gard. Som tidlegare år, var Kvam Turlag rause med sponsinga, slik at me fekk dekt leige av buss, og lysing i HF. For at turen skulle vera heilt gratis for alle turleiarane – som gjer ein fantastisk innsats året rundt – fekk me finansiert resten av turen gjennom ein liten eigendel frå dei resterande deltakarane.
Sumarfest for eldre på institusjon har vore ein årviss tradisjon sidan 2011 Det var i si tid eit par frivillige som tok initiativ til å skipa til dette arrangementet – og med ei gruppe engasjerte frivillige og rause sponsorar med på laget har tilbodet halde fram. Sumarfesten held same format som før med pynta lokale, middag og kaker, underhalding, musikk, og dans. Gjestane vert skyssa med drosje frå Mikkjelsflaten, Øysteseheimen, Tolo Omsorg, og Toloheimen. Dette er ei hyggjeleg stund for bebuarar, pårørande, tilsette, og frivillige. Me rettar ei stor takk til alle sponsorane våre for at de gjer denne dagen mogeleg!
KvammaVEKO er Kvam si markering av Verdsdagen for psykisk helse. I 2025 vart VEKO arrangert for tolvte gong. Arbeidsgruppa bestod av representantar frå Grannehjelpa, Kvam herad, Mental Helse, Vikøy sokneråd, og einskilde frivillige. I løpet av veka, kunne ålmenta få med seg føredrag med både Dag Otto Lauritzen og Frode Thuen, bokbad med Alexander Skadberg og Tove Lie, kino, Kafé Påfyll, eventyrstund saman med Kvam Turlag, og ei samling med pølser, kakao og live-musikk i Holmsund. At alle aktivitetar skal vera gratis, er eit viktig prinsipp for oss, så me er avhengige av å både søkja midlar og å få spons frå lokalt nærings- og organisasjonsliv. Arbeidsgruppa bak KvammaVEKO ynskjer å retta ei stor takk til alle som støtta oss med ei pengegåve Utan dykkar bidrag, hadde me ikkje fått til å arrangera KvammaVEKO 2025!
Torsdag 5. desember 2025 arrangerte Grannehjelpa ei fering av FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid. Me hadde som i fjor dette arrangementet i amfisalen på Kvam ungdomsskule. Det var nærare 60 personar som var med oss denne kvelden. Dette året fekk me eit føredrag frå Hanna Stedje frå tv- serien «Alt for Årdal» - ho snakka varmt om frivilligheit og dugnad. Mantra hennar «ikkje alle kan gjere alt, men alle kan gjere litt» var inspirerande å høyre på for publikum. I tilegg til dette så kom Pleie og Omsorgsleiar Terje Langeland å snakka om kor viktig frivillige blir i framtida – og då spesielt frivilligheit retta mot eldre som bur heime. Me i Grannehjelpa nyttar høve på denne dagen til å gje nokre av våre frivillige litt ekstra merksemd. I år var det Anders Soldal, Maria Stoltenberg, Alexander Nitter, Brita Træbakken og Bjørg Døssland. Nok eit år stilte Folkeakademiet Kvam som hovedsponsor for dette arrangementet. Me avslutta kvelden med basar med flotte vinstar som var sponsa av lokalt næringsliv, samt frivillige sponsorar.
Bygdaskoi er ein av Ung fritid sine arrangement – som Grannehjelpa fekk ekstra ansvar for i år. Dette er eit stort arrangement som i 2025 vart gjennomført rett før skulestart på Kvam Ungdomskule. Der hadde me «tivoli» aktivitetar som td; Hoppeslott, ponnyridning, teppecurling, øksekast og megadart m.m. Me hadde underhaldningsinnslag i amfisalen. Der var både lokale artistar og bandet «Naboen min». Me fekk besøk av ein klovn som sjonglerte og lagde ballongdyr. I tett samarbeid med Øystese Kvinne og familielag serverte me gratis kaker, kaffi, popkorn og saft i kantina. Over 30 stk stilte opp som vakter og medhjelparar. Dei var i alderen 14-75 år. Me avslutta arrangementet med utlodding av små og store bamsar. Ca 700 stk var innom Bygdaskoi i 2025.
Arbeidslos – medvandrar inn i arbeidslivet
Prosjektet blei etablerte i januar 2025 etter eit ynskje frå Nav. Nav trengte hjelp til å få folk ut i arbeidslivet. Prosjektet jobbar opp mot det systematiske arbeidet om å skapa ei bru mellom innvandrarar og arbeidsmarknaden gjennom eit strukturert mentorprogram. Arbeidslos skal verka førebyggande og vera eit inkluderingsprosjekt. Hovudmålet med prosjektet er å hjelpa målgruppa til å koma seg ut i den norske arbeidsmarknaden ved å:
1. Auka deltaking i lokalsamfunnet gjennom nettverksbygging
2. Auka mentorpartnar si tilsetjingsevne og sjølvtillit
3. Auka kunnskapen om norsk arbeidskultur og jobbsøking.
4. Skapa nettverk mellom innvandrarar og etablerte fagfolk.
5. Gje mentorpartnar praktiske ferdigheiter gjennom kurs og workshops.
Målgruppa er innvandrarar i alderen 18–55 år som står utanfor arbeidslivet, men som har kompetanse og motivasjon for å jobba. Dei er busette flyktningar og asylsøkarar, folk med kollektiv beskyttelse, arbeidsinnvandrarar og familiegjenforeinte. I haust starta me med Kohort ein. Etter to månad fekk éin deltakar jobb.
Dette prosjekt er eit samarbeid mellom oss, Flyktningtenesta, vaksenopplæringa, Kvam Næringsråd og Hardangerrådet.
Prosjektet har fått støtte frå Sparebanken Norge og Sparebankstiftinga Hardanger.
Samarbeid
Grannehjelpa har mange gode samarbeidspartnarar – både i ulike avdelingar i heradet og i lokale lag og organisasjonar. Me driftar aktivitet saman med fleire, og mottek økonomisk stønad frå andre. I 2025 har me halde fram det gode samarbeidet med:
• Utekontakten (Jentebase)
• Biblioteket (Språktreff og Tematreff i Torefjell)
• Kvam Turlag (turgruppene)
• Øystese sanitetslag (Kvam Internasjonale Kvinnegruppe og aktivitet på Mikkjelsflaten)
• Øystese Kvinne- og familielag (aktivitet på Mikkjelsflaten)
• Oma Kvinne- og familielag (aktivitet på Strandebarm omsorg)
• Strandebarm pensjonistlag (aktivitet på Strandebarm omsorg)
• Kvam Høyrsellag (Høyrselhjelpa)
• Lions Strandebarm (aktivitet på Strandebarm omsorg)
• Lions Norheimsund (strøsand).
Me har også hatt eit godt samarbeid med NAV og Kvam Næringsråd i prosjektet Arbeidslos: medvandrar inn i arbeidslivet. I tillegg til einskilde frivillige, har arbeidsgruppa bak KvammaVEKO 2025 bestått av representantar
frå Kvam herad, Mental Helse og Vikøy sokneråd. Folkeakademiet har også halde fram med å støtta oss med midlar til drift av både Tematreff i Torefjell og aktivitet på eldreinstitusjon.
Besøk
Ein viktig del av Grannehjelpa sin rolle er å ha god kontakt og samarbeid med andre lag og organisasjonar i heradet vårt. Dagleg leiar fekk i 2025 høve til å delta på fleire møter rundt omkring i heradet vårt. Dette er viktig både fordi då Grannehjelpa kan driva med informasjonsarbeid, men også for å høyre kva dei ulike laga er opptatt av og eventuelt inngå samarbeid om ulike prosjekt. Me var heldige å fekk reisa på besøk til; Pårørandegruppa ved Øysteseheimen, Lions club Strandebarm, Rotary, Øystese pensjonistlag, Fykse sanitetslag og Lions club Norheimsund. Me ser heilt klart at dette er ei viktig oppgåve som me også kjem til å prioritera framover. Me var også på besøk til Voss frivilligsentral og deltok på Frivilligmessa som dei arrangerte der oppe i januar 2025.
Styret meiner at årsrekneskapen gjev eit rettvist bilete av stiftinga sine eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. Største bidragsytar er Kvam herad. Sentralen fekk i 2025 eit driftsresultat på kr. – 222 024. Det var budsjettert med eit underskot på kr. 201 144. Styret meiner føresetnaden for å halda fram med drifta er til stades. Stiftinga sin likviditet er god. Det er Azetz som har ført rekneskap. Revisor er Hardanger Revisjon AS. Grannehjelpa søkjer tilskot til tiltak og arrangement. Me har fått stønad frå fleire lokale frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv. Me har òg fått stønad hos Sparebanken Vest, Gjensidigestiftinga, Helsedirektoratet, LNU, IMDI og Kvam herad til konkrete prosjekt. Me takkar for dette.
ÅRSREKNESKAP 2025
resultatsammendrag 2025 2024
Annen driftsinntekt 2 434 842 2 254 080 sum driftsinntekter 2 434 842 2 254 080
lønnskostnader 1 671 319 1 321 709
andre driftskostnader 985 547 812 119 sum driftskostnader 2 133 827 2 286 608 driftsresultat -222 024 120 253
annen renteinntekt 43 260 46 131 Årsresultat
Salgs- og driftsinntekter Sal/gåver/anna
Balansesammendrag EIGEDELAR
omløpsmidler
kunde fordringar 0 17 503 andre fordringar 150 045 34 160 sum fordringar 150 045 51 663 investeringar Odin rentefond 32 593 31 096 bankinnskot, kontantar
Balanse
EIGENKAPITAL OG GJELD eigenkapital stiftingskapital 12 000 12 000 annan eigenkapital 1 192 592 1 371 507
GJELD
72 757 84 915
Eldsjelprisen 2024 vart delt ut under Hardanger Trebåt- og Handverksfestival laurdag 15. juni. Prisen gjekk til Brynjulf Måkestad. Frå grunngjevinga: «Ein markant person innan dretten han brenn for i Kvam og vidare i Vestland».

Utdelinga av prisen ved styreleiar i Grannehjelpa, ordførar og May Turid Tømmervik frå Sparebanken Norge. Ein av gåvene han fekk var eit bilete av kunstnar Lina Lyngseth – og det var sjølvsagt eit bilete av Vikøy der Brynjulf har etablert skøytebane.
Mottakaren av Eldsjelprisen for 2024 er ein person som har vore nominert fleire år. Han er ein markant person innan idretten han brenn for i Kvam og vidare i Vestland. Han har tidlegare motteke Kvam herad sin kulturpris og Ildsjelprisen frå Hordaland skøytekrets.
* Han var med å starta Hardanger skøyteklubb i 1993, då vart han vald til leiar og har framleis dette vervet.
* Han var sentral i å få rulleskøytebana ved Norheimsund barnehage på plass i 2005. Då denne måtte vika for utviding av barnehagen, fekk ein bygd rulleskøytebane i Vikøy i 2019.
* I tilknyting til rulleskøytebane i Vikøy, har ein fått utvida breidda på bana, fått grindabygg så ein får tak over hovudet, fått på plass polstring i svingane, og flaumljos til bana.
Han har vore heilt sentral i å søkja midlar frå dei ein kan søkja midlar frå og å skaffa sponsorar. Mykje av arbeidet er gjort som dugnadsarbeid, han får folk med seg og skaffar det som trengst av utstyr og material.
Hardanger skøyteklubb har to treningar for veka i skuleåret, og han leiar stort sett alle treningane. Om vinteren har klubben reist til Slåtthaug kunstisbane som faktisk vart bygd med vår mann i spissen. Han står bak rulleskøytekonkurransar på bana i Vikøy og på Slåtthaugbana.
Som me alltid seier: utan dei frivillige, ingen frivilligsentral!
Me rettar difor ein stor og varm takk til kvar og ein av dykk som legg ned ein innsats for sambygdingane dykkar.
Me håpar de alle vil vera med oss vidare og feira Grannehjelpa sitt 30-årjubileum i 2026 ��


Brynjulf har vore aktiv utøver av sporten fram til mogen alder.
Som avslutning og oppsummering kan me skriva det som føreslagstillaren skreiv: At han orkar alt dette.
Du finn oss i Sandvenvegen 1B i Norheimsund På nettsidene våre www.grannehjelpa.no finn du mellom anna informasjon om alle aktivitetane våre. Her kan du òg melda deg som frivillig.
Me er sjølvsagt også på Facebook.
Kom gjerne innom oss i Grova for ein prat, eller ring eller send e-post.
Telefon 901 22 688 | 480 72 456
E-post: post@grannehjelpa.no