1 minute read

FELLES SKULETUR

Den store seglturen

Det er noko eige med havet. Når ein har mista siste rest av horisont av syne og det einaste ein ser er det uklåre punktet der vatn og himmel møtast. Det er dønningar, bølger, knirking frå skipet og blafring frå seglet som vert fyllt av vind.

Advertisement

Nordfjord folkehøgskule har i mange år reist på felles skuletur med Statsraad Lehmkuhl, Noregs største og eldste seglskip.

Vi reiser frå Bergen til Shetland, og undervegs får alle elevane prøve seg på ulike oppgåver ombord, som heising av segl, klatring i rigg og å stå til rors på skuta. Turen er ein miljøvenleg og annleis måte å reise på. Det vert havvind og hengekøyeliv, kortspel og kaffi til soloppgongen.

Dette er den turen du kjem til å fortelle om til vennane dine, kjæresten din og barnebarna dine!

This article is from: