Skip to main content

Sjøvegen

Page 1

Nor-Fishing

TRONDHEIM 16. - 19. august 2016

ONS Clean Energy Park STAVANGER 29. AUGUST - 1. SEPTEMBER 2016

SOGN OG FJORDANE Lokale bedrifter samlar seg i Måløy Maritime Group (MMG) Vestfart – nytt flott ringnotfartøy til Bremanger Kalvåg – storsatsing på fiskerihamn Nytt forum for grøn energi i Sogn og Fjordane Fylket med storsatsing på hydrogen som framtidas drivstoff


Fiskerinæringa i Sogn og Fjordane -lokal verdiskaping og global matforsyning

Jenny Følling - fylkesordførar

Norsk fiskerinæring går ei lys framtid i møte. Aldri før har Noreg eksportert sjømat for så store verdiar. I 2015 vart det eksportert sjømat for 74,5 milliardar kroner, noko som er det høgste nivået nokon gong. Det er enorme tal og ei auke på heile åtte prosent frå 2014 (Dagens Næringsliv 05.01.2016). I april 2016 melde Noregs sjømatråd om sterke tal så langt for 2016. Berre i fyrste kvartal har Noreg eksportert for 21,3 milliardar kroner (NRK Sogn og Fjordane). Viktigheita av norsk fiskerinæring, ikkje berre i høve verdiskaping og sysselsetjing, men også i høve rolla som global mateksportør er udiskutabel. Det siste er spesielt viktig i ei tid der vi veit at global matmangel allereie er ei utfordring. Det fyrste er spesielt viktig fordi vi veit at ei annan viktig nasjonal næring, oljenæringa, no er inne i ein nedgangskonjunktur. Eg er stolt av det arbeidet som heile sjømatnæringa i alle ledd

legg ned her i Sogn og Fjordane. Fylket har ein viktig posisjon som vi må byggje vidare på og utvikle i samråd med næringa. For fylkeskommunen sin del ynskjer vi å vere ein utviklingsaktør som legg til rette for at fiskeri- og kystnæringane skal oppleve ein ny vår i kjølvatnet av både det grøne skiftet og omstillingsarbeidet som landet vårt no står midt inne i. Nor-Fishing 2016, ei fiskerimesse som har vore ein svært viktig arena for nasjonale og internasjonale aktørar i fiskerinæringa sidan 1960-talet, er eit av dei viktigaste møtepunkta i løpet av året. At næringa har eit felles møtepunkt er svært viktig for å kunne utveksle erfaringar og byggje nettverk på kryss og tvers av både nasjonale, administrative og bedriftsrelaterte grenser. I år har ein i det faglege innhaldet vald å setje ekstra søkjelys på korleis norsk fiskeriteknologi- og forvaltning kan nyttast i andre land. Eg trur dette er eit veldig riktig og ikkje minst viktig søkjelys å ha. Det er fleire grunnar til dette. Ein grunn er at ein med global matmangel har eit behov for å vri ressursbruken over til å gjere andre land i betre stand til å forsyne eiga befolkning. Dersom Noreg kan kombinere sine bidrag i høve forbetring av denne situasjonen til å eksportere, ikkje berre fisk, men også teknologiske løysingar for eit effektivt fiskeri, så trur eg Noreg

som utviklingsaktør kan vere med å styre premissane for ei grøn og lønsam fiskerinæring dei komande åra. For det andre har Noreg lange tradisjonar og gode erfaringar med ei langsiktig forvaltning av ressursane våre. Skal ein byggje opp berekraftige stammar av ulike fiskeartar må ein føre ei forvaltning som gjer at ein unngår mellom anna overfiske. Her har norsk fiskerinæring og forskingsmiljøa våre mykje å tilføre internasjonalt. For det tredje er ein no både i fylket, regionalt og også nasjonalt opptekne av at Stad Skipstunnel vert realisert. Skipstunnelen vil verte eit banebrytande prosjekt i norsk skipsfart og vil resultere i ein langt tryggare kvardag for både private, turistar og ikkje minst næringsaktørar på kysten. For fiskerinæringa vil Stad skipstunnel vere eit historisk viktig tiltak både i høve HMS og effektivitet. Skipstunnelen vil få stor merksemd også internasjonalt og vil truleg verte eit vitnesbyrd om korleis ein gjennom teknologi og tilrettelegging av infrastruktur effektiviserer ei heil kystnæring. På vegne av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, eit fylke som satsar på marine næringar og matproduksjon i vid forstand, ynskjer eg både messearrangørar og våre lokale bedrifter lukke til med arrangementet og arbeidet vidare til det beste for fiskerinæringa.

Framtida tek sjøvegen er eit konsept utvikla i samarbeid mellom Frequency og Reklamebyrået A til Å. Konseptet vert brukt på fylkesstandane både på Nor-Fishing 2016 i Trondheim og på ONS Clean Energy Park 2016 i Stavanger. Denne informasjonsbrosjyra vert fronta på begge messene både i print og i digitale medier. Tekstane er skrivne av mellom andre Magne Jonny Krumsvik, A til Å og Frequency.

2


Velkommen til Sogn og Fjordane-standen Sogn og Fjordane-standen er samla i hall D på stand nr 359, rett ved hovudinngangen. Desse flotte bedriftene er representerte på fylkesstanden med bodskapet «Framtida tek sjøvegen».

Flora Hamn KF

www.florahamn.no

Nordfjord Havn

Fjordpipe

Havfront

www.fjordpipe.no

www.havfront.no

Sigurd Solberg AS

Snorre Seafood

www.nordfjordhavn.com/no/

www.sigurdsolberg.no

www.snorreseafood.no

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest

Stadt Sjøtransport AS

www.ssf.no

Baatbygg

www.spv.no

Fiskevegn

www.baatbygg.no

www.fiskevegn.no

Moldøen Supply

Måløy Radioforretning

www.m-supply.no

Sentronik

www.sentronik.no

Ulvesund Elektro

www.ulvesund-elektro.no

www.tugs.no

Isovent

www.isovent.no

Måløy Seafood

www.mras.no

www.maloy.coast.no

Skipskompetanse

Stadpipe

www.skipskompetanse.no

www.stadpipe.no

Verlo

Westmek

www.verlo.no

www.westmek.no

3

Havstjerna

www.havstjerna.no

Solund Verft

www.solundverft.no

Måløy Maritime Group

www.maloymaritime.no

MH24

www.mhservice.no

Selstad

www.selstad.no

Stadyard

www.stadyard.no/no/

Sjøvegen-konseptet har òg fylkesstand på ONS Clean Energy Park 2016 i Stavanger på stand 937. Standen vert arrangert i samarbeid med Forum for Grøn Energi. Velkomne!


Måløy Maritime Group (MMG) Måløy Maritime Group (MMG) er ei samling bedrifter i Ytre Nordfjord som utgjer eit samla servicepunkt for skipsfarten i Nordsjøbassenget. Grupperinga er i vekst og består i dag av Stadyard, Ulvesund Elektro, Baatbygg, Fiskevegn, Isovent, MH24, Moldøen Supply, Måløy Radioforretning, Måløy Seafood, Selstad, Sentronik, Skipskompetanse, Stadpipe, Verlo og Westmek. MMG tilbyr ei komplett verdikjede for skipsflåten i Nordsjøbassenget, med alt frå design og engineering til verftstenester, elektroinstallasjonar og utrusting av fartøy. Historien om fylkets største fiskebåt, MS Torbas, er ei av mange forteljingar om korleis clusteret jobbar i heile verdikjeda.

MS Torbas

Ein suksess frå dag 1 31. januar 2015 vart MS Torbas døypt og overlevert frå Stadyard til Torbas AS, på Raudeberg. Den kombinerte ringnotbåten/pelagiske trålaren var verftet sitt nybygg nummer 37, og er av SC 70-design frå Seacon. Fram til i dag har MS Torbas vore ein suksesshistorie. Etter at redarane Agnar Lyng og Tore Lyng selde “gamle” Torbas til Island i 2012, vart eit nybygg kontrahert same året. Skroget vart levert frå Polen til Stadyard AS på seinsommaren 2014. Etter utrusting ved Stadyard vart MS Torbas overlevert til Torbas AS i februar 2015. Mange lokale underleverandører har blitt nytta til utrustinga ved Stadyard AS. -Dette er ein tradisjonell ringnotbåt, som tek i bruk den beste teknologi, med miljøvennleg og besparande drivstoff, seier Agnar Lyng til magasinet Sjøvegen. Historia Torbas er ein suksess, den har fungert akkurat etter planen for eigaren, både drivstofføkonomisk og fiskerimessig, med få barnesjukdomar. Tilbakemeldingane er gode frå både rederi og frå besøkande om bord.

Moderne ringnotbåt

SC70 er ein moderne ringnotbåt/ pelagisk trålar. Den representerer det ypperste innan design av denne type farty. I tillegg har ein gjennomført modellforsøk i tank med

hensikt å tilpasse skrogformen mest mogleg innanfor krav til fart, framdriftskostnad og sjøeigenskap. -I planleggingsfasen av fartyet vart det utreda fleire ulike typer framdriftsanlegg, også med gass som drivstoff. Det vart også gjort fleire modellforsøk i tank for å optimalisere skrogdesign med hensikt å oppnå best mogleg økonomisk og miljøvennlig drift av fartyet, seier Lyng, og viser til at det etter grundige vurderingar vart valt ein Mak-motor med MDO som drivstoff på 4000 Kw. Optimalisert for variabelt effektuttak og eIt 2-step Scana Volda reduksjonsgear, som gir høve for både å ta ut eller tilføre effekt via eit kraftuttak.

Unik framdriftsløysing

Verftsleiaren Agnar Lyng fortel at kombinasjonen av skrogdesignet, 2-step giret, flytande frekvens, boost, hybrid-funksjon, stor open propell, samt hovudmotor tilpassa variabelt effektuttak, meiner Lyng tilsaman gir ein unik, fleksibel, økonomisk og miljøvennleg framdriftsløysing. MS Torbas er innreda for opptil 14 personar, fordelt på ti enkle og to tomannslugarar. Bysse, messe, trimrom, sauna og kinorom er lokalisert i båten.

4

Kompetente underleverandørar

-Stadyard kan vise til eit lag av viktige og svært kompetente underleverandørar i nærmiljøet. Det tette samspelet mellom bedriftene gjer at vi kan levere svært gode løysingar til kundane, påpeikar Agnar Lyng og viser til at Måløy er ein av få stader i Norge med eit komplett tilbod retta mot den maritime næringa. -Her får du alt på en plass, understrekar verftsleiaren. Han ser mange spennande planer framover for Stadyard, ikkje minst sluttføringa av bygg 39, ein 15 meter lang fiskebåt til Finnmark som skal leverast ultimo 2016. -Vidare har vi ei ferje som skal skifte motor og byggast om, og ein brønnbåt som skal påmonterast utstyr for avlusing av laks. Ellers er det fleire mindre serviceoppdrag, opplyser Lyng. No er det likevel Nor-Fishing som står for tur, der ein skal prøve å kapre nye oppdrag og nye kundar. - Det er spennande tider, men stor konkurranse i verftsbransjen, avsluttar Agnar Lyng. Hoveddimensjonar: LOA 69,90m Lengde mellom perp. 31,80m Lengde L 62,02m Bredde 15,00m Dybde til hoveddekk 6,40m Dybde til shelterdekk 9,20m RSW 2050 m3


Arbeidet med MS Torbas

Gav betydeleg kompetanseheving Ulvesund Elektro har hatt ansvar for prosjektering og utførelse av det elektrotekniske anlegget om bord i MS Torbas. I tillegg har dei stått for prosjektering og bygging av hovedtavle og underfordelinger 440V, 230V og 24V. Kortslutningsberekningar, lastbalanse og dokumentasjon i høve til Det Norske Veritas GL sine krav er også utført av Ulvesund Elektro. -Vi har også kabla og kobla alle system for framdrift, manøvrering, hydraulikk, RSW og Vacuum, seier Geir Saltkjel i Ulvesund Elektro til Sjøvegen-magasinet.

Kompetanseheving

Saltkjel fortel at hovedtavla er bygd med PMS, der det er moglegheiter for tradisjonell diesel drift, diesel elektrisk framdrift og boost ved ekstra kraftbehov på propell. Driftsfunksjonar i hovedtavla er prosjektert av

Ulvesund Elektro saman med Halvorsen Power og Scana Marel som leverandører av PMS og Fremdriftssystem. -Dette er vårt største nybygg innan fiskefarty, og har bidrege til ein betydeleg kompetanseheving, påpeikar Geir Saltkjel. Han viser til at gjennom å prosjektere og dokumentere slike anlegg har Ulvesund Elektro tileigna seg kunnskap som dei sjølve og kundane har stor glede av. Dette vere seg ved andre nybygg, oppgraderingar og vedlikehald både innan fiskeri og andre typer farty og prosjekt.

Nye steg

-Vår styrke er kort veg mellom utførande og prosjekterande, faglig kompetanse i alle ledd og stor vilje til å ta nye steg inn i ukjent farvatn, seier Saltkjel og

5

fortel at det utover seinsommaren er fleire krevjande prosjekt på gang. - Dette er mellom anna prosjektering og utførelse av elektroanlegg ved ein 15 meter ringnot/snurrevad, prosjektering og byggeoppfølging av ein 40 meter ringnot, samt fleire ombyggingsprosjekt innan fiskeri og ferger, seier han.

Stor variasjon

Ulvesund Elektro har sidan 2010 utført prosjektering og elektroinstallasjon på 10 nye farty innan fiskeri, offshore vindmølle service, passasjerfarty og laksehandtering. I tillegg kjem reine prosjektering- og prosjektoppfølgingsoppdrag både innanlands og utanlands, samt vedlikehalds og ombyggingsprosjekt på Raudeberg. -Med 24 tilsette og god tilgang på innleige har vi moglegheit til å utføre dei fleste prosjekt, understrekar Geir Saltkjel i Ulvesund Elektro.


Vi er her for deg: Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no

Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester. Vi arbeider for internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor.

Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no Leif Kilnes Førde Tlf: 952 41 942 lkilnes@deloitte.no Gunn Irene S. Bruheim Sogndal Tlf: 971 42 491 gbruheim@deloitte.no Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no www.deloitte.no

© 2016 Deloitte AS

SOLUND VERFT - FLEKSIBELT VERFTSANLEGG!

Foto: Harald M. Valderhaug

NYBYGG - UTRUSTNING - ombyggingar - reparasjon - vedlikehald

• Ny stor hall på land - båtlengder 65 meter og 25 meter fri høgde total krankapasitet 64 tonn • Dokk (Syncrolift heveverk) 56x15 m, djupne max. 6 m • Løftekapasiet 1.000 tonn • Max skipslengde: 75 m • Oppstillingsplass for fleire farty på land • 2 horisontale beddingar/oppstillingsplassar på 80 lm kvar • Skipshall 60x15 m, med porthøgde 14 m, breidde 11 m. Traverskran 15 tonn • Maskinverkstad. Traverskran 5 tonn • Kaianlegg. 3 stk kaier – totalt 200 lm kai – 8 m djupne • Mobilkran 30 tonn • Tårnkran 2,5 tonn – 50 m • Avd. Solund Maritime – Lystbåtverkstad / Vinteropplag / Innandørslager

A til Å - www.atilaa.no

Solund Verft kan tilby konkurransedyktige prisar på dokking og dei fleste former for skipsreparasjonar, ombyggingar og nybygg. Dette anten om det er maskin, stål, aluminium, overflatebehandling, innreiingsarbeid eller elektrisk arbeid.

TA GJERNE KONTAKT anten de ynsker konkrete tilbod eller forslag/budsjettpris på nærare vurdering. Solund Verft AS • 6924 Hardbakke Tel. 57 78 60 10 • Faks 57 78 72 00 • Mobil 916 51 051 post@solundverft.no • www.solundverft.no


Frequency.no


Ringnotfartøyet Vestfart til brødrene Torvanger i Bremanger representerer ein flott og viktig tilvekst til havfiskeflåten i Sogn og Fjordane.

Ny fart i Vestfart Nytt flott ringnotfartøy til Bremanger Brørne Jan og Terje Torvanger eig reiarlaget Vestfart – og har nyleg investert i nytt ringnotfartøy. ”Inger Hildur”, som kjem frå Mørekysten er bygd i 2001, er 64 meter lang og har god kapasitet og flotte fasilitetar for mannskapet. Reiarlaget selde gamlebåten sin Vestfart frå 1977 sist vinter, men berre få månader etter er nye Vestfart på plass på fiskefelta. No har den nye båten overteke både namnet og kvotane til gamle Vestfart, og reiarlaget har

fått seg ein topp moderne båt, med det siste av teknisk utstyr. Jan Torvanger – som også har med seg sønene Tore, Tommy og Kenneth på eigarsida, kan fortelje at nye Vestfart er eit stort løft for reiarlaget – både økonomisk og kvalitetsmessig. Vestfart har eit mannskap på 10, og dei fleste er med frå gamlebåten. Ringnotfartøyet har kvote på sild, makrell og lodde, og har rundt 100 intensive driftsdøgn i året.

Den 16. april inviterte Jan og Terje Torvanger bygdefolk og andre gjestar ombord i båten, for namnefest og omvising. Det blei eit flott arrangement, med mykje folk og strålande vêr. Ein av gjestane - Ove Hoddevik i Sparebanken Vest kunne fortelje at han var både stolt og glad på Vestfart sine vegne. – Vestfart er ein viktig tilvekst til havfiskeflåten i Sogn og Fjordane, smiler ein fornøgd samarbeidspart.

Sparebanken Vest – fiskeri og sjømat Sparebanken Vest – som er landets tredje største sparebank – har lang erfaring og kompetanse innan fiskeri, havbruk og maritime næringar. Vi er eit komplett finanshus for både bedrifter og privatpersonar, fortel Ove Hoddevik som er bransjeansvarleg for fiskeri og sjømat i banken.

Visjonen vår er at alt vi gjer skal bidra til at livet på Vestlandet blir endå litt betre. Vi har eit eige fiskeri- og sjømatteam i banken, med god marknads- og bransjekunnskap. Det er avgjerande for å kunne gi gode og ikkje minst framtidsretta råd til kundane. Hoddevik legg vekt

8

på at dei ønskjer å tenke strategisk og langsiktig saman med kundane sine. Det gjer oss betre rusta til å bidra med kapital, tryggleik og ikkje minst kunnskap. Vi har lange tradisjonar i denne viktige vestlandsnæringa – og ønskjer å vere med på denne reisa framover.


Marknad og framtidsutsikter - Her i landet har vi levd av havet sidan ”tidenes morgon”, og det kjem vi til å fortsetje med, slår Ove Hoddevik fast. Han er bransjeansvarleg for fiskeri og sjømat i Sparebanken Vest, og meiner at vi har eit hav av ubrukte moglegheiter rett utanfor stovedørene våre. Bankmannen er glad i tal og harde fakta og fortel at 70 prosent av jorda er dekt av hav, og 80 prosent av havet ligg djupare enn 3000 meter. Mykje av dette er enno ikkje utforska, og her kan det ligge eit stort potensiale i utvikling av nye næringar og vidareutvikling av eksisterande næringar. 2015 var eit godt år for fiskeri- og sjømat her på berget, der vi totalt eksporterte sjømat for 74,5 milliardar kroner. Hittil i år er det eksportert sjømat for 49,2 milliardar kroner. Det er ein auke på 24 prosent eller 9,5 milliardar kroner målt mot same periode i fjor. Det ser dermed ut til at vi kan få ein ny eksportrekord for norsk sjømat i 2016. Hoddevik meiner at hovudgrunnen er gunstig kronekurs og låg rente i tillegg til god etterspørsel etter den norske sjømaten.

Auka lønsemd

Kvitfisknæringa og den havgåande flåten har sidan 2013 hatt aukande driftsmarginar og lønnsemd. Ein konsekvens av dette er at torsketrål passerte ringnot i driftsmargin siste året, på grunn av gode torskeprisar og

Ove Hoddevik, som er bransjeansvarleg for fiskeri og sjømat i Sparebanken Vest er stolt og glad over Vestfart sitt nye ringnotfartøy. Her er han flankert av eigarane - brødrene Jan og Terje Torvanger under namnefesten i april.

aukande etterspørsel etter kvitfisk i marknaden. Autolineflåten er og inne i eit positivt spor, og vi må 10 år tilbake i tid for å finne tilsvarande lønnsemd, seier Hoddevik. Ringnot hadde historisk god inntening i åra 2010 – 2012, med høge kvotar på sild og lodde og gode prisar på makrell. No er ein meir tilbake på eit normalt nivå. For kystflåten – så har dei hatt ei positiv utvikling i 2015 og så langt i 2016.

Gode utsikter for oppdrett og kvitfisk

Hoddevik ser positivt på framtida til dei som satsar på sjøen som næringsveg. Oppdrettsbransjen har sine utfordringar med lus og sjukdom, men elles ser det lyst ut for næringa. For torske- og kvitfiskdelen av fiskeflåten ser det positivt ut, med stabile kvotar og gode prisar. Hoddevik meinar at den pelagiske flåten har litt større utfordringar i vente, spesielt med

Reiarlaget Vestfart satsar friskt for framtida, og kunne stolt vise fram ein topp moderne ringnotbåt for bygdefolk og inviterte gjestar under namnefesten i Bremanger i april. Frå venstre Ove Hoddevik frå Sparebanken Vest saman med eigarane Jan og Terje Torvanger.

9

tanke på kvotenivået på sild. Vidare vil lave pelagiske kvoter, naturleg nok påverke lønsemda til den pelagiske fiskeindustrien i tida framover.

Oppkjøp og generasjonsskifte

Sparebanken Vest trur ikkje det på kort sikt vil skje så mykje vedrørande struktur på torskeog autolineflåten. Fartøya her har relativ intens drift med over 340 driftsdøgn i året. Då er det meir sannsynleg med sal, oppkjøp og kontrahering, meiner Hoddevik. Innan ringnot derimot, meiner han det vil skje eigarendringar, fusjoner og oppkjøp...., gjerne i kombinasjon med generasjonskifter og med evt. endringar i kvotetak. Utfordringa er at prisen på ringnotprosjekt med rettigheiter blir forholdsvis dyre. Det gjer det vanskeleg å forsvare ei slik investering med dagen rammevilkår.


www.fjordpipe.no

Møt oss på: Nor-Fishing -2016 Trondheim 16-19 aug. Stand: D-359

Kalvåg Fiskerihamn

INDUSTRI · SKIP OFFSHORE · BYGG · HAVBRUK

Fiskeriutbyggingsprosjekt for fiskerinæringa, lokalt, regionalt og nasjonalt.

Bremanger kommune

Frequency.no

• 360 meter med nye kaier • Opparbeiding av nytt landareal • Ny veg tilkomst (infrastruktur) • Ny fiskerihamn.

SMC brings together knowledge and competence across several industrial and engineering disciplines

Contact: Anette Traa CEO

Tel: +47 99405359

Anette.traa@smc-as.no

Fjordpipe AS · 6940 Eikefjord · Tlf. 57 74 90 55

Sikkerheitsopplæring – STCW Oppdrett Maritime kurs Hurtigbåtkurs og fritidsbåtskipper Tlf. 971 19 999 Epost: sim@sfj.no | www.simsafety.no

Frequency.no

A til Å - www.atilaa.no

Måløy vidaregåande skule SIM - Sikkerheitssenteret i Måløy


Eit nytt forum for grøn energi 12


i fylket er òg langt framme på bølgjekraftutvikling og ein jobbar med å utvikle nye prosjekt knytt til tidevasskraft, bioenergi og waste-to-energy. For ikkje å snakke om prosjekt som tek føre seg smart bruk av energi knytt til datalagring! Alt dette fortel om ein region som har vilje og kunnskap om fornybare løysingar. Og med eit enno tettare samarbeid er det håp om å utløyse enno meir verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Ser grønt på framtida

Sogn og Fjordane er eit fylke med eit stort potensial når det gjeld produksjon, industri og lagring knytt til fornybar energi. For å få meir oversikt over moglegheitene og inspirere til meir aktivitet på området, er det no etablert eit eige Forum for Grøn Energi som skal jobbe for heile fornybarmiljøet, i tett samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune. – Eit riktig steg for auka verdiskaping i fylket vårt i framtida, seier styreleiar Geir Arne Solheim. Sogn og Fjordane er frå før ein sentral region når det gjeld regulert og uregulert vasskraft, og vi har vore tidleg ute på vindkraftområdet. I tillegg ligg aktørar i fylket lengst framme på mellom andre termisk energi og industriell produksjon knytt til solenergi og vindenergi. Aktørar

Styreleiar i Forum for Grøn Energi, Geir Arne Solheim, er svært optimistisk på fylket sine vegner. - Knapt nokon region i verda har det potensialet som vi sit på, all den tid vi både har store fornybarressursar og teknologibedrifter og heimemarknad som kan utnytte løysingar og energikjelder. I framtida vil det nok i endå sterkare grad bli viktig å eksportere både energi og teknologi, slik at vi får ein positiv inntektsstraum til fylket. Det vil igjen skape nye arbeidsplassar i fylket, seier Solheim. Solheim ser det som viktig at ein både tenkjer komplette verdinettverk lokalt og regionalt, i tillegg til at ein knyt til seg gode kontaktar i regionen rundt og i verda elles for å realisere potensialet. - Det er mange spesialistar der ute, men det er ikkje alltid like lett å orientere seg i marknaden. Vi i Forum for Grøn Energi har som mål å bidra til å skape møteplassar, auke merksemda kring aktørane i regionen og auke kunnskapen om moglegheitene som finst i marknaden. Vi håper og trur at dette forumet finn ein viktig plass og kan bli eit viktig verktøy for både næringsliv, politikarar og organisasjonar som er opptekne av fornybar energi, seier Solheim.

Reklamerer for fornybarfylket

Forum for Grøn Energi er i ein

13

etableringsfase, og vil vere til stades på Sjøvegen sin stand på ONS Clean Energy Park for å lære og kome i kontakt med folk, og ikkje minst reklamere for Sogn og Fjordane som fornybarregion med særskilt fokus på maritimt retta løysingar. Sjøvegen sin stand er støtta av fylkeskommunen som eit grønt tillegg til den ordinære og større fellesstanden for Sogn og Fjordane. - Eg er stolt av fylket vårt og har tru på dei moglegheitene som ligg her. Vi skal ta den plassen vi fortener i fornybarbransjen, seier ein offensiv styreleiar. Forum for Grøn Energi er ei omdanning av det som tidlegare var Vindkraftforum, og satsar no breiare enn tidlegare. Geir Arne Solheim, som jobbar innan Havkraft, HydroWave og ReNorway, har med seg eit kompetent og engasjert styre i arbeidet med å bygge opp organisasjonen. Dette er Elisabet Kjerstad Bøe (Sogn og Fjordane Fylkeskommune/UWC), Bjarte Skaar (Brødrene Dahl), Kjell Johnny Kvamme (Sunnfjord Energi) og Magne Hjelle (Fjordvarme). Ole Erik Sunde er observatør og bidragsytar i styret på vegner av fylkeskommunen som absolutt er positivt delaktig i opparbeidinga.

Styreleiar Geir Arne Solheim


Sogn og Fjordane satsar på hydrogen Energibruken i verda er i endring. Stadig meir av transportsektoren skal over på fornybare energikjelder. - I denne endringsprosessen er det store opningar for ny næring og havet vårt vil spele ei sentral rolle i denne omlegginga, både når det gjeld maritim industri, sjøtransport og produksjon og lagring av energi og ikkje minst eksport. Eit nøkkelord her er hydrogen som lagringsmedium, fortel prosjektleiar i hydrogenprosjektet i Sogn og Fjordane, Elisabet Kjerstad Bøe.

14


Elisabet Kjerstad Bøe

Analytikarar forventar eit stort kraftoverskot i Noreg i åra framover, og energimarknaden er i rask endring, mellom anna på grunn av teknologiutvikling, meir desentralisert produksjon, press på infrastruktur og distribusjonsleddet samt nye behov hos sluttbrukar. I tillegg kjem strengare reguleringar som følge av klimautfordringane og jamnt låge straumprisar. Denne utviklinga gjer til at norske myndigheiter no vil satse på meir lokal utnytting av dei fornybare kraftressursane, mellom anna gjennom dekarbonisering av land- og sjøtransport.

Industripotensial

Elisabet Kjerstad Bøe er ei av dei som ser store moglegheiter for lokale verksemder i det nye energibiletet som tek form. - I Energimeldinga som vart lagt fram i april 2016 seier regjeringa at auka bruk av batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi på ulike bruksområde vil bidra både til utsleppsreduksjon og næringsutvikling for aktørane i dei aktuelle verdikjedene, fortel Bøe. Meir lokal utnytting av dei fornybare kraftressursane vil altså gje meir lokal verdiskaping. Eit godt døme er verdas første heilelektriske bilferje, Ampere, som allereie har gått i rutetrafikk i over eitt år mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. - Dette pilotprosjektet har vore vellukka så langt, og Stortinget har no bede regjeringa om å stille

krav til låg- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod på alle dei 17 nasjonale ferjestrekkene. Utviklinga går raskt på dette området, og neste strekke ut er Anda – Lote, der to nye ferjer vert heilelektriske, fortel Bøe. Fleire av aktørane som er involvert i desse anboda er frå Sogn og Fjordane. Dersom tilsvarande krav vert stilt til dei 113 fylkeskommunale ferjestrekkene, vert behovet mangedobla. Sjøvegen er såleis ei opning for mange interessante prosjekt i alle delar av verdikjeda.

Hydrogen er ein del av løysinga

vatn i ein elektrokjemisk prosess. Med denne teknologien kan hydrogen verte brukt som drivstoff i motorar med null utslepp av klimagassar. - Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil difor truleg auke i åra framover, då det kan redusere behovet for fossil energi i land som Tyskland, Japan og USA. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedane, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem, meiner Elisabet Kjerstad Bøe. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har sete seg i førarsete i utviklinga saman med næringslivet. Det er gjennomført ei omfattande kartlegging av verdikjedene knytt til maritim bruk og produksjon av hydrogen, og dette er planlagt å gå over i eit større hydrogenprosjekt i regionen fram mot 2020. Lær meir om hydrogen på standen på ONS Green Energy Park i Stavanger i slutten av august.

Særskilt interessant er det å sjå på lagring av straum som hydrogen. Grunnstoffet hydrogen finst det mykje av i naturen, til dømes i vatn. Framstilling av hydrogen kan mellom anna skje i ein elektrolyseprosess, der ein spaltar vatn ved hjelp av elektrisitet. - Sogn og Fjordane er rikt på fornybare energikjelder som vasskraft, vindHos Elfag finn du kraft, biomasse fagkunnskapen og bølgjekraft. du treng Produksjon av hydrogen i fylket kan difor skje med utgangHAFS Elektro & Rør AS er ei allsidig bedrift med marknadsspunkt i fornybaområde i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen, Høyanger og Masfjorden. Hovedkontoret ligg på Eidsneset re energikjelder, i Hyllestad kommune med avdelingar i Brekke og Sløvåg, utan utslepp og hos Solund Verft. av klimagassar, meiner Bøe, som Bedrifta utfører alle typer elektroinstallasjoner, avdeling ved får brei støtte for Solund Verft med hovedvekt på oppdrag innenfor maritim arbeidet både i næring, i tillegg utfører vi elektro og vvs installasjonar innan landbasert industri og privatkunde markedet. Organisasjon fylkeskommune, består av serviceinnstilte og dyktige medarbeidere som dekker de kommunar og fleste installasjonsbehov. ikkje minst det private næringtelefon: 57 78 89 00 slivet. Hydrogen e-post: post@hafs-elektro.no kan nyttast som drivstoff til brenselceller, som igjen produserer elektrisitet ved å omdanne hydrogen Post- og fakturaadresse er: og oksygen til Sognefjordvegen 444

HAFS Elektro & Rør AS

HAFS Elektro & Rør AS 5961 Brekke www.hafs-elektro.no


Shutterstock

HAV Vi har vore ein viktig støttespelar for fiskeri- og havbruksnæringa så lenge vestlendingane har sett mot havet. Det skal vi fortsetje med. Som bedriftskunde hjå oss får du eit eige team som består av dyktige rådgjevarar med spisskompetanse innafor ulike fagområde. Har du ein god idé eller eit prosjekt du ynskjer å diskutere, ta kontakt med Ove Hoddevik på ove.hoddevik@spv.no eller tlf.: 915 79 876. Møt oss på Nor-Fishing 2016, Sogn og Fjordane-standen.

Utgjevar av Sjøvegen Magasinet - A til Å Grafisk Design og Media og Frequency

I LETT BRIS OG FULL STORM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sjøvegen by Frequency Norge - Issuu