PRODUKTKATALOG
Inspirer kundene DINE til handling! grafisk designWEBSIDER3D-visualiseringtrykksaker PROFILERINGFILM OG FOTOforretningsutviklingkommunikasjonsløSNINGER
PRODUKTKATALOG
FQ STRATEGI Ein strategi er ein planmessig måte å tilnærme seg ei problemstilling på. Ved at ein systematisk samlar riktig informasjon og gjev svar på «kvifor» nokon skal handle med bedrifta di, så legg du det gode grunnlaget for alt anna du gjer i marknadsarbeidet ditt. Ein strategi kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor grundig vi skal gå til verks i strategiarbeidet.
Enkel - frå kr 5900,Standard - frå kr 29900,Avansert - frå kr 99900,Skreddarsydd - frå kr 249900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
FQ KONSEPT Eit godt konsept presenterer systematisk, presist og inspirerande bodskapen din, anten det er for bedrifta di generelt eller ulike konsept spesielt. Det handlar om å spisse bodskapen og pakke denne inn riktig slik at ein fangar kunden si interesse. Eit konsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i konseptutviklinga.
Enkel - frå kr 9900,Standard - frå kr 29900,Avansert - frå kr 49900,Skreddarsydd - frå kr 99900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
INNOVATION TEAM Mange bedrifter lever av å ligge i front i utviklinga av produktporteføljen. Dette er ofte veldig krevjande arbeid og det kan vere vanskeleg å vere systematisk og kreativ i ein hektisk kvardag. Vi i Frequency har lang erfaring med både å køyre prosessar og ikkje minst med å delta i utviklinga av nye produkt, og tilbyr difor kundane våre å kunne bistå i alle delar av innovasjonsprosessane med eit utviklingsteam.
Be om prosjektmøte
PRODUKTKATALOG
GRÜNDERPAKKE Vi kjenner gründerane veldig godt, for mange i teamet vårt er nettopp gründerar sjølve! Difor veit vi kor viktig det er å knyte til seg eit godt team som kan hjelpe deg gjennom den tøffe oppstartsfasen. Frequency kan vere eit slikt godt team å ha med på laget. Vi har laga denne gründerpakken for deg som vil ha ein god start for bedrifta di innan eit fornuftig budsjett. Innhaldet vert vi samde om innanfor ditt spesifikke behov.
Pris frå kr 5900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
Grafisk design Mange har stundom behov for smått og stort innan grafisk design i ei bedrift. Det kan til dømes vere at ein har behov til å sette opp ei stillingsannonse, utforme ei brosjyre, sette opp design på ein roll-up eller andre «kvardagsting». Her fungerer Frequency som din eigen grafiske designar der vi prøver å vere så tilgjengeleg som mogleg for deg når du treng assistanse innan designløysingar.
Frå kr. 950,-
Cost Effective
Unique Security
Scalability
Leading Green
Lefdal Mine Datacenter has developed a unique datacenter solution - “The industrialization of datacenters”. Low cost and modularity in a scalable, green and secure facility based in Norway.
The datacenter is an underground facility with leading infrastructure. The combination of the product itself, and Norway as location, makes it highly secure facility - unique worldwide.
Conditions in Norway are conducive to Norway becoming a “superpower” for green datacenters. Lefdal Mine Datacenter offers Europe’s greenest datacenter solution.
• • • • • • •
• • • • •
The facility is large. One can reserve space for future growth, ensuring capital cost alignment and stability. We can deliver largescale modular capacity “in weeks”, at low cost. The flexibility is unique.
Build out investments - 50 % lower than “above ground” Nature given advantages – Low cost of “last mile” infrastructure Cost leadership on lease of space Standardization - Ensures high quality and lower investments Low and stable power consumption – PUE < 1,10 Highly competitive power prices - Long term contracts Renewable power – Limited risk of future green taxes
Mountain hall with high-level security and access control Tier 3 with the possibility of Tier 4 infrastructure Facility Management and Technical team - 24/7 Natural EMP protection and perimeter fencing Redundant high capacity fiber connections with multiple operators • Unlimited cooling - Constant water temperature of 7.5 C • Norway - political, economic and geological stability
*Pris er estimat og eks. mva.
• • • • • • •
Total capacity – 120 000 m2 whitespace “Unlimited” redundant green power and cooling Designated areas - customizable Large scale capacity added in 8 weeks Trucks all the way in – Excellent logistics One location – dual site Nearby shipping port and airports - helipad on site
• • • • • • •
98,5 % of all power production in Norway is renewable (Hydro) 350 MW local power production – minimum transmission losses Low power consumption – PUE < 1,10 CO2-neutral – “0” carbon emissions The mine is already there – limited footprint and visual impact No evaporative systems for cooling – “0” WUE Norwegian green code of conduct
PRODUKTKATALOG
FQ PROFIL Ein heilskapleg profil er avgjerande for at bedrifta di skal framstå som ei samla og solid eining ut i marknaden. Ikkje berre skal profilen sjå bra ut, men han må òg sende den riktige bodskapen mot den riktige målgruppa. Ein profil kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i profilutviklinga.
Enkel - frå kr 4900,Standard - frå kr 15900,Avansert - frå kr 49900,Skreddarsydd - frå kr 99900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
LOGO Logoen er sjølve sjela og hjartet av bedrifta sin profil utad. Ein god logo oppsummerer mykje av det du står for og det du ønskjer at marknaden skal oppfatte deg som. Difor bør ein legge sjela si i å lage ein logo som er tidsriktig og som sender den riktige bodskapen om verdiane dine, teamet ditt og produkta dine. Ikkje alltid enkelt, men vi kjem alltid i mål når vi jobbar godt saman!
Enkel logo frå kr 1990,Avansert logo frå kr 25900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
NAMNEUTVIKLING Å finne det riktige namnet på bedrifta di kan anten vere veldig enkelt eller veldig vanskeleg. Av og til har ein gått med eit namn i hovudet lenge, og så viser det seg at dette kanskje er oppteke eller oppbrukt. Nokre gonger sit namnet utan ekstern hjelp. Andre gonger går ein systematisk til verks for å utvikle det riktige namnet for bedrifta gjennom ulike teknikkar. Det er viktig at namnet vert akseptert i marknaden, og namneutviklingsprosessen krev difor både kreativitet og presisjon. Vi kan hjelpe deg i prosessen!
Frå kr 5900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
PROFILMANUAL Ein bedriftsprofil sklir ofte ut i praktisk bruk, og den opphavelege gjennomtenkte planen bak profilen misser såleis litt av piffen. Dersom ein er flink med å lage ein manual på profilen sin, så har ein alltid eit felles dokument som alle må bruke i kvardagen. Slik skal visittkort sjå ut, slik skal brevark sjå ut, slik skal bilane sjå ut og så vidare. Ta godt vare på merkevara di gjennom å lage ein god profilmanual som ein er streng med å handheve!
Profilmanual frå kr 9900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
FQ WEB I det digitale samfunnet vårt er ei god heimeside på Internett avgjerande viktig for å kunne vere tilgjengeleg for kundane til ei kvar tid. Heimesida bør vere av ein slik kvalitet at han speglar bedrifta di slik ho elles er organisert, og mange flotte bedrifter trynar med å ha nettsider som får ein til å framstå langt dårlegare enn ein faktisk er. Det handlar ikkje om pris, men om å vere bevisst på kva ein gjer og at ein gjer jobben skikkeleg. Ei heimeside kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor kompleks nettsida di treng å vere.
Enkel - frå kr 9900,Standard - frå kr 19900,Avansert - frå kr 35900,Skreddarsydd - frå kr 59900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
FQ FILM Visuell kommunikasjon vert stadig viktigare i den digitale verda vår, og ein god film er ofte det som skal til for å få fram bodskapen din på ein presis og inspirerande måte. Vi har difor spesialisert oss på filmproduksjon på alle nivå, slik at vi klarer å fange essensen av bodskapen din i den riktige sjangeren, med den riktige kameraføringa, den riktige musikken og den riktige kjensla. Eit filmkonsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande filmprosjekt du ser føre deg.
Enkel - frå kr 9900,Standard - frå kr 39900,Avansert - frå kr 99900,Skreddarsydd - frå kr 199900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
FOTO/FILM Av og til har du bruk for eit godt foto eller ein liten filmsnutt eller tre. Med mange års erfaring frå journalistikk og mediefoto, så kan teamet vårt hjelpe deg med små og store filmog fotooppdrag der målet er å dokumentere ei hending eller å stille opp det perfekte biletet av aktivitet og folk i bedrifta di.
Foto frå kr 490,Film frå kr 4900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
3D-DESIGN Den beste måten å presentere eit komande prosjekt på er gjennom 3D-design og animasjonar. Her har Frequency ein unik kompetanse både når det gjeld utøvande 3D-design og i oppbyggjinga av historier som gjev 3D-skissene meir verdi. Tenk kor flott det er å vise dei store visjonane dine akkurat slik du ser dei føre deg, for å inspirere kundar og partnarar til å bli med på prosjektet! 3D er meir kostnadseffektivt enn du trur, så ta kontakt så skal vi hjelpe deg med å trylle fram prosjektet ditt!
Frå kr 4900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
VISITTKORT Visittkortet er undervurdert som kommunikasjonsform. Ikkje berre er det ein kontaktskapar i overleveringsaugneblinken, men han held fram med å vere eit personleg bindeledd til kunden lenge etter at møtet dykkar er over. Vi meiner difor at ein bør legge litt flid og kvalitet i visittkortet, som vi ofte kallar den forlenga armen din ute i marknaden. Visittkortet er ikkje staden der du bør spare den siste tusenlappen i bedrifta!
Frå kr 1990,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
MAGASIN/AVIS Med mange års erfaring innan journalistikk og magasinproduksjon, så har Frequency eit komplett team som kan hjelpe deg med små og store publikasjonar. Kanskje har du behov for ei kundeavis, eit sentermagasin, eit magasin for eit område eller ei klynge eller kanskje eit bransjeblad? Vi har vore innom det meste, så snakk med oss!
Be om prosjektpris
PRODUKTKATALOG
BROSJYRE/DM Ei brosjyre er ein flott måte å fange kunden din si fulle merksemd. Dersom du køyrer ut ein DM (direktemarknadsføring) i postkassene til kundane dine, så får du ein augneblink med kunden der berre du og bodskapen din er i fokus. I dagens virrvarr av inntrykk, er desse augneblinka svært viktige for å posisjonere seg i marknaden og for å halde kunden interessert i produkta dine. Vi hjelper deg med kostnadseffektive løysingar innan brosjyrer og direktemarknadsføring!
Frå kr 14900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
DEKOR/FOLIERING God dekorering av bedrifta di gjer eit stort inntrykk på kundane dine. Ein framstår svært heilskapleg når kontoret, bilen og lageret er korrekt dekoret ut frå profilen til bedrifta di. Vi kan hjelpe med å designe og montere dekor og foliering for bedrifta di, der ingen jobbar er for små og ingen jobbar er for store.
Frå kr 4990,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
ARBEIDSKLEDE Profilerte arbeidsklede er svært viktig for mange ulike bedrifter, anten det er kontorarbeidarar som treng skjorter eller det er entreprenørar som treng kjeledressar. Her leverer vi ferdig designa klede frå mange kjente kvalitetsleverandørar. Vi har til dømes utvikla konseptet «Workwears» saman med NorTekstil i Måløy, der vi tilbyr komplette pakkar med arbeidsklede for bedrifta di.
Be om prosjektmøte
PRODUKTKATALOG
GÅVE- OG PROFILERINGSARTIKLAR Det finst eit stort utval ulike gåve- og profileringsartiklar frå eit stort utval leverandørar. Vi handterer heile prosessen for deg, slik at det vert enkelt å skulle skaffe julegåver, messemateriell eller andre produkt du treng i kontakt med kundane og dei tilsette. Kontakt oss med behovet ditt, så finn vi løysingar saman!
Be om prosjektmøte
PRODUKTKATALOG
EVENT/MESSE/STAND Ein av dei viktigaste måtane å kome i kontakt med kundane på er å delta på messer og ha eigne standar på ulike arrangement. Her får ein eit eige lite område som berre er sitt, der ein kan få gjort unna fleire titals møte på ein dag som det elles kunne ha teke månader å få gjennomført. Og ikkje minst møter ein ofte beslutningstakarar på ein heilt annan måte på ei messe! Difor har vi spesialisert oss på gjennomføring av messer saman med gode samarbeidspartnarar og leverandørar. ONS og NORFISHING er døme på messer der vi deltek som arrangørar.
Frå kr 3900,-
“
DEKKSOFFISER
Ei offisersutdanning ved Fagskulen i Måløy gjev deg store jobbmulegheiter, nasjonalt og internasjonalt
1. år: Operativt nivå (D4) 2. år: Leiingsnivå (D1)
MASKINOFFISER 1. år: Operativt nivå (M4) 2. år: Leiingsnivå (M1)
2. år Fagskule
2. år Fagskule
1. år Fagskule
1. år Fagskule
*Pris er estimat og eks. mva.
MARITIM AVDELING MÅLØY
PRODUKTKATALOG
ANNONSEPLASSERING Frequency har i fleire år plassert store millionbudsjett for leiande aktørar i Noreg. Dette har gjeve oss innblikk i ulike mediekanalar som gjer at vi kan vere gode rådgjevarar og forhandlarar når ein skal gjennomføre ein annonsekampanje. Vi har tru på den gode mixen i marknadsføringa, og kan difor sy saman solide pakkar som gjev deg brei og presis målretting mot kunden på tvers av kanalar og mediehus. Her er det viktig å sjå på bruken både av lokale og nasjonale mediehus, sosiale medier, ulike plattformer og tilpassa bruk av bodskap. I stadig større grad veit vi mykje om kundane sin oppførsel, og gjennom store datamengder kan vi skreddarsy pakkar mot nettopp dei som er ute etter produktet ditt.
Be om prosjektmøte
PRODUKTKATALOG
SOSIALE MEDIER Sosiale medier har vorte ein av dei viktigaste kanalane for spreiing av informasjon i dag, og alle bedrifter må på ein eller annan måte forhalde seg til denne røyndomen. Ein kanal som Facebook gjev unike måtar å kommunisere kostnadseffektivt på med kundane dine, men ofte krev dette at du legg ned eit godt grunnlagsarbeid og at du framstår nær og engasjert for kunden. Her har ein høve til å tenke utradisjonelt og byggje merkelojalitet gjennom å gje av seg sjølv og underhalde og inspirere samstundes som ein opplyser.
Frå kr 1990,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
TEKST/ CONTENT MARKETING Å produsere gode tekstar kan ofte vere eit problem. Anten har ein ikkje tid, eller så manglar ein kanskje evna til å formulere ein bodskap riktig. Frequency har mange års erfaring innan journalistikk og reklametekst, og kan hjelpe deg med små og store oppdrag. Det kan anten vere utvikling av slagord og liknande små konkrete tekstar, eller produksjon av artiklar, nettbaserte saker, brosjyreinnhald, kundemagasin, søknader og eventuelt lengre tekstar om ønskjeleg.
Frå kr. 950,TEST: Ford Mondeo
VerdSnyheiT
TøFF deSiGn
Bilete frå filminnspelinga med nye Ford Mondeo på Sandane Lufthamn. Regien på reklamefilmen er ved Rob Cohen, stjerneregissøren frå Fast & Furious-filmane.
eid MOTOr
Vinn ein iPad! Likte du denne bilen? Fortel oss kvifor og vinn ein iPad Air! Sjå side 2.
Den nye Ford Mondeo har fansen venta lenge på, og han har vore verdt ventetida. Tøffare front skal du langt opp i millionklassen for å finne!
nye MOndeO MøTer
åkken som helst Ein rå utsjånad, stappfull av sjølvtillit og ekstrautstyr og no tilgjengeleg med firehjulsdrift. Den nye Ford Mondeo skal sette ein ny internasjonal standard i segmentet. Då reklamefilmen skulle lagast, var det på Sandane Lufthamn i Gloppen!
Bilmagasinet Nordfjord var gjest hos Eid Motor og Ford Motor Company som eitt av tre magasin i verda som fekk delta på den storslegne filminnspelinga på flystripa på Sandane Lufthamn. Med stjerneregissøren frå The Fast and the Furious-filmane, Rob Cohen, i førarsetet, kunne ikkje lanseringa av den nye Ford Mondeo verte tøffare. – Denne bilen ligg ekstremt langt framme, seier marknadsdirektør i Ford Norge, Geir Haugaard.
teknologi å gjere, seier ein entusiastisk marknadsdirektør Haugaard til Bilmagasinet Nordfjord under filminnspelinga.
FAnSen VenTAr Det er store forventningar til den nye Ford Mondeo. Med ryktet som ein av dei mest køyrevillige og dynamiske bilane i segmentet, er det mange som gler seg som born til å sette seg bak rattet i den nye køyremaskina. - Når bilen no kjem ut hos forhandlarane våre, så står det ei stor hærskare med fans og ventar på han. Du kan parkere bilen ved sidan av nær sagt kva som helst, og han skil seg ut på utsjånaden og på det som har med
innOVATiVe løySinGAr Den nye Ford Mondeo har ei lang rekkje godtbitar å by på, med alt frå adaptive LED-lys som følgjer bilens bevegelse og fart for optimalisert sikt til nyvinningar som oppblåsbare setebelte i baksetet, som eit nytt og barnevenleg sikkerheit-
8
*Pris er estimat og eks. mva.
stiltak. - Ford har i tillegg forbetra den automatiske lukeparkeringa, det er installert eit system som varslar om motgåande trafikk ved innkøyring på hovudveg og ikkje minst er setene kraftig oppjusterte med mange ulike funksjonar for massasje og justeringar, smiler Geir Haugaard, og legg til at han reknar med at firehjulstrekk på Mondeoen kjem til å verte eit særs populært tilval i vinterlandet Noreg.
Od Til O W y l l hO
SAndAnen LufthAm
Då den verdskjende regissøren Rob cohen (the Fast & the Furious) fekk jobben om å regissere den nye reklamefilmen til Ford Mondeo, var det mange flyplassar som var under lupa for å bli utvald som innspelingsstad. Men eit YouTube-klipp var avgjerande for at Rob Cohen valde nettopp Sandane Lufthamn til denne store hendinga.
produsent Jeff Trenner sendte meg et klipp frå Youtube som heitte ”Landing at Sandane”. Då eg hadde sett denne var ein ting klart: Det var ingen anna flyplass i verda som passa betre enn Sandane. Vi hadde personar som leita etter flyplass i Kroatia, Italia, Tyskland, Østerrike, Island, Spania og Irland, fortel Cohen til Bilmagasinet Nordfjord.
Bilmagasinet Nordfjord og mediebyrået Frequency fekk eit eksklusivt intervju med stjerneregissør Rob Cohen under innspelinga på Sandane, og det var tydeleg at dei var imponerte over naturen i Nordfjord. - Vår
SAndAne PerFekT Det var fleire kvalitetar ved Sandane som passa perfekt for innspelinga. - Vi ville at flyplassen skulle ha ei vanskelig landingsstripe, spesielt på nattetid når lysa går
av. Storyen i filmen går ut på at eit småfly skal lande, men på grunn av tekniske vanskelegheiter forsvinn alt lyset. Dette ser mannen i filmen og lyser opp flyplassen ved hjelp av naudblink og alle dei karakteristiske lysfunksjonane på bilen. Dette gjer at piloten kan lande trygt på flyplassen.
TilbAke Til GAMle Minner Å kunne få reise til Noreg og spele inn filmen, var Rob Cohen svært nøgd med. - Eg var i Norge på 70-talet og har aldri gløymt denne fantastiske staden. Då var eg student
9
og reiste rundt med tog frå Oslo til Bergen. Då fekk eg sjå den flotte naturen, isbreane og fjella. - Eg har mange fine minne herifrå. Derfor var det veldig fint å få kunne kome tilbake hit, og spesielt kunne spele inn ein film i eit slikt landskap. Vi såg mange bilete frå Sandane og området rundt, og då var det ikkje lenger noko tvil: Vi skulle spele inn denne reklamefilmen der, fortel Cohen.
TEKST: miRiAm eDleR FOTO: FoRD FRequency.no
PRODUKTKATALOG
Marknadsundersøking Før du skal inn i ein marknad, er det viktig at du er orientert om dagens marknad og om potensialet i nye marknadssegment. Frequency har mange års erfaring med forretningsutvikling innan både nye og tradisjonelle marknader, og vi har ulike systematiske metodar for å kunne kartlegge marknadspotensialet for produktet ditt på ulike grundigheitsnivå. Berre det å spørje konkrete kundar om dei ønskjer produktet ditt kan vere ein fin måte å skaffe seg både innsikt og kundeemne på.
Frå kr. 5900,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
Bilpromo Vi elskar bil! I mange år har Frequency produsert redaksjonelt forbrukarstoff om nye bilar, både for lokalaviser og i eigne publikasjonar. Vi har testkøyrt hundrevis av bilar, vi har skrive omtalane, teke bileta og filma nye bilar med følgjebil. Vi byggjer promoteringspakkar for deg som skal selje nye og/eller brukte bilar. Evt om du vil ha fram det øvrige tilbodet i verksemda di. Pakkane kan inkludere alt frå innhaldsproduksjon til spreiing i ulike mediekanalar og på sosiale medier.
Frå kr. 4990,-
*Pris er estimat og eks. mva.
PRODUKTKATALOG
MANAGEMENT FOR HIRE For mange bedrifter strekk ikkje alltid tida til, og det er heller ikkje uproblematisk å skulle tilsette nye folk. Ofte er det snakk om deltidsstillingar, og i mange tilfelle får ein berre eit avgrensa kompetansefelt hos den tilsette. I og med vi i Frequency har eit breitt kompetansefelt innan drift og organisering i næringslivet, så tilbyr vi å kunne leige ut kompetanse anten på timebasis eller som engasjement over tid. Ein kan då få eitt kontaktpunkt i bedrifta, men likevel spele på kompetansen til heile Frequency-teamet.
Be om prosjektmøte