Eid inviterer 2016-2017
Inspirasjonsmagasin for Eid
#eidinviterer
2 Eid inviterer
Velkomen til Eid! Om du bur i Eid, arbeider i Eid, eller besøker oss: Hjarteleg velkomen!
Alfred Bjørlo, Ordførar. Foto: Øystein Torheim
Eid ligg midt i vakre Nordfjord og har vore ein samlingsstad for folk til alle tider. Her ligg landets eldste militære øvingsplass. Her finn du framifrå skular som har tiltrekt seg ungdom i 150 år. Her finn du sjukehus og helseinstitusjonar, handelstilbod og eit blømande idretts- og kulturliv. Her ligg Noregs einaste operahus utanom Oslo, Harpefossen Skisenter, Norsk Fjordhestsenter og Malakoff Rockfestival. Kjem du til Eid, vil du oppleve eit samfunn som struttar av satsingsvilje, vekst og optimisme.
Folketalet har nettopp passert 6.000. Handelstilbodet og næringslivet er i vekst. Tettstaden Nordfjordeid vender seg mot fjorden med parkområde, badestrand og nye opplevingstilbod. Nye idrettsanlegg og bustadprosjekt gjer det lettare enn nokon gong å leve det gode livet i Eid. Som ordførar kan eg gi deg eitt løfte: Eid er eit lokalsamfunn som skil seg ut. Eid er stort nok til å leve ut draumane, men lite nok til å sjå deg og ta vare på deg. Du vil møte dugnadsånd og eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar som tar imot deg med opne armar. Vi vil ta godt imot deg om du vil arbeide, gå på skule, handle, rocke, ri, fiske, nyte naturen, gå i operaen eller rett og slett slå rot i verdas vakraste fjordlandskap. Vi er her for deg – med hjartet i handa.
Alfred Bjørlo Ordførar i Eid
INNHALD 4-5 Perla i Eid 6 Vikingar, tyskarar, militære
og bønder la grunnlaget
8-9
Investerer 200 millionar
10-13
i Amfi Nordfjord Skulen i Eid er av dei beste i
landet
22-23
Elektroklynga fekk dei
heim
30-31
Vegvisar til vikinghistoria
38-39
Gjev skapararven
kunstdrakt
40-41
42-43
Vil gjere snø og bølgjer til vekstnæring Kom deg ut med Barnas
Turlag
42-43
Kom deg ut med Barnas
Turlag
56-57
Gav spire til aktivt
korpsmiljø
Inspirasjonsmagasin for Eid kommune. Produsert av Frequency AS, Nordfjordeid (næringshagen Skreddarhuset) Redaktør: Geir Arne Solheim, Frequency. Art director: Trygve Johan Solheim, Frequency.
60-61
64-65
Dei frivillige som står på for samfunnet Nordfjord - alt i ein fjord
Bilde på framside, side 2 og bakside: Øystein Torheim, Frequency. Stylist på framsidebilde: Berit Adelsten Engbretsen. Modell: Geir Holmen. Journalist: Jørn-Arne Tomasgaard. Fotograf: Øystein Torheim, Frequency. Grafisk design ved Frequency: Trygve Johan Solheim, Marita Sundet Solheim og Miriam Edler. Trykk: Krona Trykk, Moss. Distribusjon: Eid, Vågsøy, Selje, Stryn, Gloppen, Hornindal, Bremanger. Betalt innhald er merka med “Annonse”. Frequency.no 2016.
3
GATA LEVER: Nokre av aktørane som skal sørgje for at Eidsgata lever godt i sameksistens med kjøpesenteret Amfi Nordfjord. Frå venstre Leon Knapskog (Minibakeriet), Einar Bjørn Totland (Totland Libris), Inge Adelsten Engebretsen (Coco Frisør & Kaffebar), Reidun Sunde (Lagerutsalget), i vogna Margrete Sunde (Skobutikken Sunde), Astrid Grete Ragnhild Torheim (Frivilligsentralen), Kjersti Brovold (Dridriks Kafé & Gaver), Jan Martin Starheim (Bil Extra), Katrine Berg (BergArt).
Perla i Eid Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
I ei tid der Eid som handelsstad er i rivande utvikling, byggjer aktørane i ærverdige Eidsgata merkevare for å understreke det unike dei representerer. 4 Eid inviterer
1.
2.
– Eidsgata er det vi har som ingen andre har. Her er nisjebutikkar, sjel og atmosfære – det folk viser fram når dei får besøk, seier Kathrine Berg, innehavar av BergArt i Eidsgata 39. På logoen sin har butikken «smykke & sånt». Noko som gjev ein peikepinn på kva som finst innanfor døra. For gullsmedutdanna Berg er smykkedesigner og sel eigenproduserte produkt i butikken. I tillegg handlar ho på andre designgjenstandar, mellom anna fleire produkt lokale personar står bak. Dette er ein
signer Steinar Engeland i verksemda SteinArt har utvikla profilen som skal brukast til fremjing av gata gjennom annonsering og grafiske element på flagg, skilting og liknande. – «Eidsgata» er ikkje ein eigen organisasjon, det er ikkje noko eg styrer, sjølv om eg har teke initiativet. Det er eit merkenamn folk må ta til seg og nytte enten dei driv handel, er advokat eller tannlege. Vi skal hugse på at i andreetasjane i bygga i Eidsgata er det veldig mange som tilbyr tenester, det kan vere
av butikkane i nabolaget som høver inn i kategorien «nisjebutikk». Til våren er det 20 år sidan ho starta som gründer i skofabrikken. Seinare flytta ho til Eidsgata 42, der Minibakeriet no har utsal. Då broren Leon Knapskog tok over bakeriet, flytta smykkedesigneren over gata til lokala der det tidlegare var utsal av kjøken. Slik er gata i konstant rørsle, og slik har Berg bygd opp det som i dag står fram som ein delikat butikk der folk kan gå og smykke seg. Ho vonar andre gründerar nyttar sjansen no med ledige lokale som ropar etter nye initiativ. I gata er det butikkar med design og interiør så vel som intime kafear, bakeri, fotograf, bokhandel, frisørar og klesbutikkar utan kjedetilknyting.
psykologar, arkitektar eller hjartespesialistar. Det er eit stort mangfald. Vi har fått stønad frå Nordfjord Vekst til prosjektet. Sidan vi ikkje er eigen organisasjon søkte vi gjennom Nordfjordeid senter AS.
“
Eg er stor optimist. Utvidinga av Amfi er positivt for alle. Aktivitet avlar aktivitet.
Ynskjer gründerar Eidsgata er eit supplement til kjøpesenternaboen Amfi Nordfjord som held på å vekse seg stor i Sjøgata 100 meter nedanfor. Butikkar som Cubus, Frislid og Coop har flytta frå gata til kjøpesenteret. Berg er trygg på at gata er så attraktiv at lokala vil fyllast opp. Gjerne av kreative gründerar som passar inn i nisjekonseptet. Berg er initiativtakar til profileringa av gata under merkenamnet - «eidsgata». Grafisk de-
Tenkjer heilskap Berg er viss på at utviklinga av kjøpesenteret vil kome butikkar og kafear i Eidsgata til gode, og ho er oppteken av å tenkje heilskap. – Eg er stor optimist. Utvidinga av Amfi er positivt for alle. Aktivitet avlar aktivitet. Når det skjer mykje i bygda, vil det «drype» på oss i Eidsgata også. Vi må tenkje heilskap, korleis kan vi utvikle oss saman. Vi må leve i fredeleg sameksistens. Klart vi skal samarbeide! Vi treng kvarandre og utfyller kvarandre. Kjøpesenteret kjem til å trekkje folk til Eid. Det skal vi nytte oss av, seier Berg. Ho seier profilnamnet «eidsgata» inkluderer alle som driv handel og tilbyd tenester mellom Sjøgata og Lotevegen.
Institusjon Den mest kjende bygningen i Eidsgata er Åsebøhuset. Her driv Kjersti Brovold Dridriks Kafe & Gaver, ein stad som må seiast å vere ein institusjon i gatemiljøet. Til våren feirar Brovold ti år som næringsdrivande. Ho er opp-
havleg frå Stavanger, men har no budd 17 år på Eid. Ho kan sjå utviklinga både frå lokalt perspektiv, men også med eit auge utanfrå. – Det er på ein måte ei ny tid på Eid, og eg kan forstå dei som er litt uroa. Men til dei vil eg seie at så lenge du vender andletet mot eiga verksemd og held fram med å gjere dei same bra tinga, kjem det til å gå fint. Eg uroar meg i alle fall ikkje. Folk kjem ikkje til å slutte å gå i gata og gløyme Didriks sjølv om det er eit stort kjøpesenter i nærleiken. Det som skjer no er positivt, positivt, positivt! Det er eigentleg rart at vi ikkje har gjort noko med det før, for vi ligg midt i regionen og det er på tide vi blir eit handelssenter, meiner Brovold som også er med i styret i Nordfjordeid senter. Må ville det frå hjartet – Sjølvsagt vil det bli svingingar slik det er i alle marknader. Det kan godt vere vi vil merke det litt i gata i starten etter at det nye kjøpesenteret opnar. Men det vil jamne seg ut dersom du har gode produkt å tilby. Det er slik handel er, meiner Brovold. Ho fortel at ho sjølv ikkje hadde ei sterk drivkraft mot å bli sjølvstendig næringsdrivande. Det fall naturleg sidan Didriks var til sals, ho var på utkikk etter jobb og har bakgrunn som kokk. Didriks-innehavaren er tydeleg på at ho rår folk med ein forretningsidé dei ynskjer å realisere til å slå til når det opnar seg ledige lokale i sentrum. – Ja, det er kjekt! Eg har hatt det kjempetriveleg alle desse åra eg har drive. Det er ikkje ein dag eg har mistrivdes på jobb. Men ein må ville det frå hjartet. For min del har drivkrafta vore å stadig finne på noko nytt. På ein stad som Eid er det mykje hard jobbing, du må vere der sjølv for at det skal gå bra. Og det er nærmast jobbing dag og natt. Det er slitsamt å vere gründer. 1. 2.
NY PROFIL: Kathrine Berg med klistremerke for butikkvindauge som viser den nye profilen for Eidsgata. I HJARTET AV EID: I Eidsgata er det atmosfære og sjel, her finn ein mange nisjebutikkar utan kjedetilknyting.
Les meir
5
SLIK SÅG DET UT: Motiv frå kyrkjetårnet og sydover om lag 1898. Biletet viser korleis det såg ut i Eidsgata då den moderne handelen byrja vekse fram mot slutten av 1800-talet.
Vikingar, tyskarar, militære og bønder la grunnlaget Bjørn Kåre Moen har studert handelshistoria på Eid, han seier det meste av grunnlaget for dagens handel vart lagt mot slutten av 1800-talet. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Historisk foto: F.H.A. L. Lunde
– I fleire hundre år fram mot 1850-60 vart handelen styrt frå Bergen gjennom strenge reguleringar. Vi har framleis nemningar som Boalth-bryggja og Wiese-lada etter familiar som dreiv handel her. Boalth-familien var dei som bygde opp handel frå cirka 1850 og dreiv det som seinare vart Yris hotell. Sjølv om Hansa-tida var avslutta i Bergen på denne tid, kan namna tyde på at familiane som sat på handelsrettane hadde tysk opphav, seier Moen, ein sentral person i kjøpesenterutbygginga på Eid i notida. Forretningsmannen er også aktiv i Eid sogelag. Opna for tomtekjøp Moen-familien med opphav i Mogrenda var av dei lokale som starta handel då det vart opna politisk for det på 1860-talet. Andre
6 Eid inviterer
forretningar som vart starta på den tid og som framleis er ein del av gatebiletet, var Eid Handelslag, Monrad Johnsen og «tårnhuset» H.D. Aasebø. – På 1860-70-talet var det utskifting av jord og eigedomar på Nordfjordeid og folk fekk kjøpe tomtar som tidlegare var bygsla. Handelen vart etter det driven i og langs Eidsgata, der det tidlegare stort sett var naust, sjøhus og mindre bustader. Bestefaren min starta handel på bygsla tomt på 1880-talet. I 1907-08 reiste han det første eigne bygget og sidan har det gått trinn for trinn, seier Bjørn Kåre Moen. Det nye kjøpesenteret er kring 11.500 kvadratmeter. Vikingane dreiv bytehandel Funna av vikinggraver på Myklebust viser
at Eid var eit senter også for 1000-1200 år sidan. – Også då dreiv dei vel handel i si form, men vikingane var neppe så flinke til å betale for seg. Før 1850 var det mykje bytehandel, då pengar var langt meir sjeldan enn i våre dagar. Vi veit det kom varer som ved, bær og skinn frå nærområdet, også over Hornindalsvatnet. Dette gjekk vidare til Bergen og England, seier Moen. Eksersisplassen var ein viktig faktor i utviklinga av Eid som handelsstad. – Siste 200-300 åra hadde handelen utgangspunkt i militærplassen som vart etablert i 1646. Klart det vart ein marknad når 2000-3000 menneske kom hit. Det kom handverkarar, og det vart ein marknad for bytte og kjøp av varer.
Annonse Frå Hoffmans Eventyr, hausten 2016 Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
der du gløymer tid og stad Opera Nordfjord tek mål av seg til å produsere kultur på høgt nivå. Når du er der inne i salen og forestillinga er i gang, skal du like godt kunne vere her som i ein annan operasal i Europa. Det er den universelle operaopplevinga vi strekkjer oss så langt vi kan for å skape. Opera Nordfjord skal stå for kvalitet. Du skal kome til oss med forventningar, vi skal oppfylle dei. – Vi har profesjonelle musikarar i orkesteret, profesjonelle solistar, og det står profesjonelle folk bak musikalsk leiing, regi, scenearbeid, kostyme og lys. Innimellom dei om lag 60 personane som er løna i ein hovudproduksjon, er det omkring 140 personar som gjer ein stor og avgjerande dugnadsjobb. Dei frivillige er svært kompetente folk som gjerne har vore med i operaen ei årrekkje. Du skal få ei totaloppleving når du kjem til Opera Nordfjord, med bygda som er pynta til fest, matog kunstopplevingar, seier operasjef Kari Standal Pavelich. Ho fortel at Opera Nordfjord har streba etter å levere kvalitet frå første dag, heilt sidan Kari sjølv fekk den ville ideen om å lage bygdeopera på Eid. Ein idé som resulterte i at Flaggermusen vart sett opp i aulaen på Fjordane Folkehøgskule i 1998.
Selt 85.000 billettar
I løpet av dei første ti åra var Opera Nordfjord så godt etablert at det vart bestemt at det skulle
byggjast eit operahus der vi kunne halde til. Operahuset på Nordfjordeid stod ferdig i 2009, og er i dag det einaste operahuset i bygde-Noreg. Opera Nordfjord er ein nynorsk institusjon. I 2016 er vi finansiert med 4.586.000 kroner over statsbudsjettet. Hoffmanns Eventyr hausten 2016 var den 19. hovudoppsettinga på like mange år. I løpet av desse åra er det selt omkring 85.000 billettar. Det inkluderer også vårproduksjonen, som er ei konsertforestilling – vanlegvis tre konsertar på turné. Dei siste to åra har vi også hatt familieframsyning med godt besøk. Familieframsyninga hausten 2016 er Charlie Brown. Opera Nordfjord har i tillegg eit årleg samarbeid med Eid vidaregåande skule om skulemusikal, der det dei siste fem-seks åra er selt 4000-5000 billettar på toppen av vårt eige billettsal. 17-19. mars kan publikum oppleve musikalen Oliver! i Operahuset.
F.v: Michael og Kari Pavelich frå Opera Nordfjord
Sildeopera i 2017
Opera Nordfjord ynskjer å vere ein opera for eit stort område. Hovuddelen av publikummet vårt er frå Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Hovudproduksjonen i 2017 er tingingsverket Sildagapet med premiere 4. oktober, der Jostein Avdem Fretland frå Lærdal skriv teksten og Helge Sunde frå Stryn komponerer musikken. Det vil bli ei skildring av folkelivet i Måløy på 1950-talet, der mange born vil vere med på scena. Opera Nordfjord har også fleire eksperimentelle prosjekt på gang komande år. I staden for ein rein familieproduksjon satsar vi neste haust på «gamer»-generasjonen og tilbyr symfonisk konsert med musikk frå dataspeluniverset. Det blir ein alternativt vri for å vise den delen av verda aldersgruppa 15-30 år lever i. Det tredje store prosjektet komande år blir korprosjektet Messa di Gloria av Puccini, som vi set opp i samarbeid med Firda vidaregåande skule på Sandane 24.-26. mars, med turné i fylket.
Investerer 200 millionar i Amfi Nordfjord Ifølgje medeigar Bjørn Kåre Moen er det investert kring 200 millionar kroner i bygningsmasse og butikkar i samband med utvidinga og ombygginga til Amfi Nordfjord. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Aldri før har Eid som handelsstad teke eit slikt sprang. I strandsona har det i løpet av 2015 og 2016 reist seg eit kring 6000 kvadratmeter stort bygg, som knyter seg saman med eksisterande Moengården Vest. Samla areal når alt er fiks ferdig og opna 20. oktober er 11.500 kvadratmeter. Utvikling av stadig større kjøpesenter er ein trend ein har sett andre stader lenge, no er framtida komen til Eid. Kjøpesenterutviklinga til 200 millionar kroner er eit avgjerande ledd i posisjoner-
8 Eid inviterer
inga av Eid som handelstad. Ifølgje Moen budsjetterer senteret med 320-330 millionar kroner i omsetnad årleg. Enorme summar er investert, enorme summar skal i omløp.
Coop og Olaf Thon Gruppen Coop Vest Eigedom har vore ein sentral aktør for å få senteret på plass. Dette selskapet har kjøpt seg inn i Moengården Vest og eig 50 prosent av eigedomen med 11.500 kvadratmeter og 260 parkeringsplassar.
Den andre halvdelen er eigd av selskapet Moengården AS der brørne Bjørn Kåre og Ivar Moen er sentrale aktørar saman med Kjell Storeide, ein investor frå Sunnmøre med tette band til Eid og hus i Tverrgata. Også det gamle Coop Mega-bygget er ein del av eigedomsmassen til selskapet. Der skal Jysk etter planen flytte inn i desember. DNB er långjevar. Drift og forvalting av senteret er det Amfi Drift, ei verksemd i Olaf Thon Gruppen, som har ansvar for. Dette er den største
SENTRALE PERSONAR: Brørne Ivar og Bjørn Kåre Moen har vore sentrale aktørar i utviklinga av kjøpesenteret på 11.500 kvadratmeter, saman med Coop Vest Eigedom, her representert ved dagleg leiar Arild Meisterplass.
COOP OG AMFI: Tunge nasjonale aktørar som Coop og Olaf Thon Gruppen står bak kjøpesenteret Amfi Nordfjord. Honndølen Geir Espe (t.h.) er administrerande direktør i Coop Vest, Gro Gjerdevik er tilsett i Amfi Drift som senterleiar for Amfi Nordfjord.
kjøpesenteraktøren i Skandinavia med om lag 100 kjøpesenter berre i Noreg. – Dette er ei veldig stor investering for Coop Vest. Vi er inne med om lag 100 millionar kroner, inkludert om lag 15 millionar kroner som tilrettelegginga av den nye Coop Extra-butikken kostar. Samla i løpet av dei siste seks-sju åra har vi investert 240 millionar kroner i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre, i tillegg til 100-150 millionar i eigedomsinvesteringar. Investeringa på Eid kjem på toppen, seier dagleg leiar Arild Meisterplass i Coop Vest Eigedom. Tydelegare handelssenter – De må ha gjort grundige marknadsundersøkingar før denne satsinga, kvifor vel de å satse så stort på Eid? – Vi såg at vi ikkje hadde eit framtidsretta bygg på Eid. Vi har utvikla eigedom i Førde, Sogndal og på Søre Sunnmøre, og samarbeidd mykje med Amfi. Vi har vore som eit team som har fått til gode og framtidsretta løysingar. Marknadsundersøkingane viser at marknaden på Eid er stor. Vi er rimeleg trygg på denne investeringa, og vi trur vi kan bli den dominerande daglegvarebutikk-
en her. Eid ligg midt i Nordfjord med potensial til å bli eit tydelegare handelssenter. Slik sett er dette eit viktig bidrag, seier Meisterplass. – Vi ser også at det skjer mykje i nabolaget, med Sagastad, Sagaparken, NorDrikk, ei planlagt cruisekai og bustadutvikling i regi av Dvergsdal & Sunde i tilknyting til senteret mot sjøen. Det er faktorar som vert vektlagt, seier Meisterplass. Han rosar også politikarar og tilsette i Eid kommune for velvilje og gjennomføringskraft. Leilegheitsprosjektet Sagaparken i regi av Dvergsdal & Sunde er starta opp med 20 leilegheiter i første byggesteg. Totalt er det planlagt 60 bueiningar i tilknyting til kjøpesenteret med panoramautsikt mot sjøen. I tillegg er 100 kommunale bustadtomter under opparbeiding i Hogaåsen. Også private aktørar på Skårhaug og Stokkenes tilbyr byggjeklare bustadtomter. Amfi Nordfjord blir nærmaste nabo til vikingsenteret Sagastad og Sagaparken med sandstrand midt i sentrum. Sagaparken vart til liks med Coop Extra opna i samband med Eidamessa i september 2016. 125 år med handel Bjørn Kåre Moen var ein tilfreds mann då vi snakka med han i samband med opninga av
den 2100 store Coop Extra-butikken heilt nord i det nye senteret. Med utbygginga har brørne Moen teke ei 125 år lang handelshistorie i familien endå eit steg vidare. Bestefaren starta forretning i Eidsgata i 1892. – Det første arealet var 70-80 kvadratmeter. Det gjekk bra, og i 1909 bygde han det gamle trehuset. Foreldra våre førte verksemda vidare. Klart det er kjekt for oss når vi starta med 70 kvadratmeter og no står her med nesten 15.000, inkludert Moengården Aust, seier Moen. – Ulike grunnar gjorde at bygginga vart noko utsett, men eg følte aldri det var fare for at prosjektet ikkje skulle bli gjennomført. Vi ville ha vissheit om at 80 prosent av lokala var utleigd før vi starta. No er 95 prosent utleigd. Ifølgje Amfi er det uvanleg god oppfyllingsgrad på dette stadiet, seier Moen. Amfi Nordfjord fører med seg nye tilskot i handelsfloraen på Eid som Expert, Dressmann, Ark, Vita og Tilbords. Aktørar som Frislid Herreekvipering, Cubus og Vitus flyttar inn i senteret, medan Chatlet, Walk In og Bunnpris utvidar arealet. Fleire av dei andre aktørane har også nytta utvidinga av senteret til oppgradering og omprofilering.
Amfi Nordfjordeid
9
Vil ha aktive born: Peder Felde er ny rektor ved Hjelle skule. Her underviser han småskuleelevar i kroppsøving, ein time som er lagt opp med aktivitet gjennom leik. Han meiner aktive, trygge born er ein suksessfaktor for skulen i Eid.
Skulen i Eid er av dei beste i landet Eid kommune er nummer 11 av landets 428 kommunar på kommunebarometeret 2016. Ein hovudgrunn til det er ein god skule. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
10 Eid inviterer
“
Nordfjordskulane har hatt eit tett samarbeid i grunnskulen lenge gjennom ulike typar nettverk.
11
Er snille med kvarandre: – Her er alle snille med kvarandre og leikar med kvarandre, seier Kristina Frislid frå Heggjabygda (nummer to framme frå venstre) som vi møtte i det nye klatrestativet utanfor Hjelle skule. Dei andre ungane i forgrunnen er Emma Agathe (7), Eskil (10) og Sigrid (9).
Vi er på Hjelle skule i Mogrenda. Elevar frå 1.-7. klasse har storefriminutt og boltrar seg høgt i eit klatrestativ, på kunstgraset, i ballbingen eller med leikeapparata. Om lag 80 elevar frå Holmøyane, Nes, Nord, Heggjabygda, Navelsaker og nærområda til skulen på Hjelle heilt ned til Alsaker, soknar til denne skulen som er ein av fire kommunale skular i Eid. I tillegg har Kjølsdalen sin eigen Montessoriskule. Felles for skulane er at det er oversiktleg miljø. – Vi har det ganske kjekt her. Alle likar kvarandre og er snille med kvarandre. Viss nokon er her lenge, spør vi dei om dei vil leike. Eg trur vi går på ein god skule, seier 10 år gamle Kristina Frislid. 5.-klassingen frå Heggjabygda heng høgt oppe i klatrestativet som nyleg er montert ned mot riksveg 15 der ny gangveg er i ferd med å bli bygd. Vegen gjer at du kan sykle, gå eller springe dei fem kilometerane frå Mogrenda til Nordfjordeid sentrum på ein bilfri gangveg. Bygginga fører også med seg lynraskt fiber til skuleelevane og andre som bur på Hjelle. Samspel med idrettslaget Ein treng berre ta eit raskt blikk over uteområde for å skjønne at ting er på stell.
12 Eid inviterer
Den nye kunstgrasbana ligg innbydande få meter frå døra, ein ballbinge av nyare dato ligg kloss opp i bana. Anlegga i tilknyting til skulen er eit samspel med det lokale idrettslaget med det velklingande namnet Heia IL. Stor dugnadsinnsats frå nærmiljøet og offentlege spelemidlar har vore avgjerande for å få anlegga på plass. Kommunebarometeret er i regi av fagbladet Kommunal Rapport, og er ei rangering føreteken på grunnlag av emna grunnskule, eldreomsorg, barnevern, barnehage, helse, sosial, kultur, økonomi, kostnadsnivå, miljø, sakshandsaming og avløp og renovasjon. Det er totalbiletet som gjer at Eid kommune er så høgt oppe på rangeringa som ein 11. plass. Skule er noko av dei kommunen scorar best på, her er ein rangert som nummer 23 av dei 428 norske kommunane. I 2015 var plasseringa 91, så kommunen gjorde eit godt hopp i 2016. Noko av det som har hindra endå betre plasseringar for Eid, er tilbodet innan eldreomsorg. Men no er ein i ferd med å byggje eit topp moderne omsorgssenter som venteleg vil gje betre resultat for den sektoren.
Annleisfylket Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane klarer seg veldig godt i rangeringa. Jølster er nummer 3, Førde 4, Askvoll 7, Sogndal 10, Stryn 12, Gloppen 14 og Vågsøy 20. Av dei andre nabokommunane våre er Bremanger 349, Hornindal 188 og Selje 125. Når det gjeld skule, skil Sogn og Fjordane som fylke seg ut, det er ikkje berre Eid som har god skule. Basert på 14 kriterium blir Sogndal rangert til å ha den beste skulen i landet, Stryn er 6 og Gloppen 10. Berre Oslo og Akershus kan vise til like gode resultat som Sogn og Fjordane når det kjem til skule. Dette er ein trend som har halde seg over fleire år, omtalt som «skulesuksessen ingen kan forklare». Ifølgje Statistisk sentralbyrå er utdanningsnivå, yrke og løn til foreldra den viktigaste forklaringa på at elevane gjer det bra på skulen. Aller sterkast samanheng er det mellom utdanningsnivået til foreldra og skuleprestasjonane til ungane. Men i Oslo og Akershus har høvesvis 10,1 og 17 prosent av folkesetnaden lengre høgare utdanning, medan det tilsvarande talet for Sogn og Fjordane er 4,4 prosent. Dette ifølgje ein reportasje Bergens Tidende hadde om fenomenet i 2014.
Trykk i læringa: Ikkje altfor store læringsmiljø gjev trykk i læringa, meiner rektor Peder Felde ved Hjelle skule. På datarommet disponerer 2.-klassingane Maria, Henrik Elias, Lilija og Emilie kvar sin PC. Lærarane er Gunn Hanebrekke og Øystein Aasebø. No gler dei seg til å få raskare fiber-breiband.
“
Basisen er at ungane trivst og er trygge. At dei har det bra. I tillegg har vi veldig flinke lærarar i Eid som er dedikerte til jobben.
Kva er grunnen til paradokset? Dette 1000-kronersspørsmålet har forskarar i hopetall grubla på i årevis.
– Trivsel og tryggleik Rektor Peder Felde ved Hjelle skule byrja i jobben i haust, etter mange år som rådgjevar ved Eid ungdomsskule. Han har jobba i skulen i Eid kommune sidan han var nyutdanna i år 2000. Felde peikar på trivsel og tryggleik som den viktigaste faktoren for å skape gode læringsmiljø. – Basisen er at ungane trivst og er trygge. At dei har det bra. I tillegg har vi veldig flinke lærarar i Eid som er dedikerte til jobben. Vi har også litt mindre skular her, ikkje dei skulane med mange hundre elevar. Det er mindre forhold, eg trur det er positivt. Ein kan ha høgare trykk på læringa, analyserer Felde. Han peikar på dugnadsinnsatsen lokalmiljøet har lagt ned på Hjelle som ein faktor.
– Det er gjort ein fantastisk dugnadsinnsats her. Det er litt slik det er i Sogn og Fjordane at vi vil gjere ting så bra som mogleg. Ein står på for skulen, og foreldra er også involvert.
Aktive born I Eid samspelar både kultur og idrett med skulen. Felde meiner aktive born med gode fritidsinteresser kan vere ein faktor som slår heldig ut. – Personleg meiner eg alle ungar bør vere med på noko på fritida. Her i kommunen har vi mange tilbod innan idrett og kultur. Og kanskje burde vi også hatt noko for dei som ikkje er interessert i dette, seier han. Den nye rektoren på Hjelle meiner det ikkje er tilfeldig at fleire av skulane i regionen gjer det godt i undersøkinga. – Nordfjordskulane har hatt eit tett samarbeid i grunnskulen lenge gjennom ulike typar nettverk.
Mindre mobbing og høgare trivsel Ein folkehelseprofil for Eid laga av Folkehelseinstituttet i 2015 viser at delen av 10.-klassingar som trivst godt eller svært godt på skulen er høgare i Eid enn i resten av landet, og også høgare enn i resten av fylket. Delen 7.- og 10.-klassingar som seier det vert mobba, er vesentleg lågare i Eid enn i eit gjennomsnitt av landet. Det same gjeld delen som sluttar på vidaregåande skule, her har Eid vesentleg lågare tal enn både landet og Sogn og Fjordane fylke i snitt. Meistringsnivå i lesing og skriving i 5.-klasse er felt der vi med svært stor tryggleik kan slå fast at Eid ligg betre an enn landsgjennomsnittet. – Dette er tal vi scorar slik på år etter år – på grunn av systematisk prioritering av ekstra ressursar i 1.-4. klasse til lesing og rekning. Mellom anna har vi eigen logoped tilsett. Og vi har systematisk oppfølging gjennom heile skuleløpet 1-12 for å sikre 100 prosent gjennomføring. Vi spissar innsats og prioritere det som er viktigast, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).
13
arlsunde.indd 1 arlsunde.indd 1
Nyaste og klassiske dressar
14.04.14 10:54 14.04.14 10:54
Personlege ringar
Det nyaste innan: ■ • Dressar ■ • Jakker • Skjorter ■ • Slips • Sko ■
Dame- og herrebunad Nordfjord Vi syr Nordfjord og Sunnfjord damebunad i tillegg til Nordfjord og 30 andre herrebunader. Vi leverer òg alt i tilbehør som sølv, skjorter, sokker, sko m.m.
Velkomen innom!
Faghandlaren hjelper deg... Velkomen inn!
BERGART Eidsgata 39 NORDFJORDEID bergartsmykke.no Tlf. 57 86 06 45 Sjøgata 21 - 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 57 50 - post@frislidherre.no
Hasla
Thomas Sabo
Apero
Eid inviterer
Frequency.no
46 Eidinviterer
Du finn oss midt i Amfi N ordfjord! Tlf. 991 29 3 98
På boligjakt? Kjøp nytt! Med 47 ulike hustyper med forskjellige uttrykk og stiler har vi noe for alle. Uansett om drømmen din er moderne, klassisk, stor eller liten – du finner drømmehuset hos oss. Og vi tilpasser huset – slik at det blir akkurat sånn du vil ha det.
Se alle våre hus og bestill gratis huskatalog på boligpartner.no Tlf: 969 04 788 nordfjordeid@boligpartner.no
Fotografen Eide har flytta til nye og større lokalar!
1. Oktober 2016 opna Kristin Rødven Eide stolt dei nye lokala sine på Almenningen 1 på Nordfjordeid. Fotostudioet starta opp på Nordfjordeid 28.mai 2009. 7 år har gått og på den tida har arbeidsmengda og talet på tilsette auka jamt og trutt. Kristin Rødven Eide og Margunn Brendehaug jobbar fulltid, og vel så det, med fotograferingar, redigeringar og design. I periodar med mykje å gjere får dei også inn fleire som kan halde styr på butikksal og produksjon. Dei to fotografane har lenge leita etter eit lokale med større plass å boltre seg på. Plutseleg fann dei det perfekte lokalet på Almenningen, rett ved sida av politiet sine lokalar ved fjorden. Ikkje berre passa dette lokalet perfekt til fotografering og meir sal av rammer og andre produkt, men her er også plass til dagslysfotografering, kurs og andre kjekke ting. Å få til fotokurs, målekurs og andre kreative kurs har vore ein av Kristin sine store draumar, ho
voner det skal bli rom for å få inn eksterne kurshaldarar i tillegg til seg sjølv. Ho forsikrar at dei framleis vil ha tid til fotograferingar av baby, born, familie, konfirmant, bryllaup, bedrift, eigedomsfotografering og kunst. Ho fortel at avtaleboka allereie har byrja å fylle seg opp av brudepar og konfirmantar for 2017. Kristin og Margunn gleder seg til tida framover og ynskjer alle hjarteleg velkommen innom! Sjølv om adressa er annleis er telefon og e-post den samme: Fotografen Eide Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid Tlf.: 911 70 147 post@fotografeneide.no www.FotografenEide.no
Frequency.no
Vegard Meland Daglig leder
Annonse
Torhild Natvik og Gry Hunvik
Skulen gjev næring til næringslivet
Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
Ein blome kan ikkje vekse utan næring. Det kan heller ikkje næringslivet. For å sikre vekst og utvikling i næringslivet, er det difor viktig å fylle på med ny kunnskap og ungdommeleg pågangsmot. Eid vidaregåande skule er eit stjernedøme på korleis elevar, skule og næringsliv kan få til eit blømande samarbeid. I 1978 starta ein opp med elektroline på Eid yrkesskule med mål om å utdanne kompetente fagarbeidarar til elektrobransjen. I dag er Nordfjordeid eit maktsenter innan elektro og automasjon med heile 230 arbeidsplassar innan bransjen fordelt på fleire store og leiande selskap, noko som neppe hadde vore mogleg utan eit godt utdanningstilbod. I dag finn vi både Eid Elektro, Normatic og Caverion som har utvikla seg til store arbeidsplassar i den relativt vesle bygda Nordfjordeid. – Eg meiner
dette er eit godt døme på at Eid vidaregåande skule over lengre tid har tenkt riktig med å utdanne ungdomar som er nyttige for næringslivet. Det vinn både ungdomane og næringslivet på, meiner rektor Ove Bjørlo.
Eleven i hovudsetet
Nytteverdi er eit viktig stikkord for både rektor Ove Bjørlo og pedagogisk leiar Torild Natvik. Lat oss først og fremst snakke om nytteverdien for elevane. Dei 400 elevane ved Eid vidare-
gåande skule er gjennom ei danningsreise der ein kan utforske eigne eigenskapar, førebu seg på vaksenlivet, lære viktige basiskunnskapar i tillegg til spesialisering og ikkje minst ha det sosialt og gøy saman med nye og gamle vener. - Aktivitetar som open skule, skulemusikal, breiddeidrett, samarbeid med Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival er døme på korleis ein prøver å gje elevane tilleggsverdiar ut over det tradisjonelle pensumet. Dette trur vi er med på å gje inspirasjon til elevane og at dei
Annonse
Ove Bjørlo
er svært bra, og vert fylt opp av elevar og vert vedlikehaldt av tilsette som sikrar dei beste læringsvilkåra. Sidan oppstarten av «nye Eid vidaregåande skule» i 2009 så har det aldri vore tilfelle av øydelegging og hærverk på bygget, noko rektor Ove Bjørlo er svært stolt over.
Målet med skulen er jobb
fullfører skulen. Vi har lite fråfall og skulen vår er så attraktiv at alle studieplassane vert fylt opp, seier Torild Natvik, som håper at skulen kan bidra til at kvar einskilt elev finn den beste versjonen av seg sjølv gjennom skuleopphaldet. Samarbeidet mellom skule og operahus gjev elevane ei god danningsreise. I tillegg har skulen starta opp med såkalla «elevmentorar» som er medelevar som skal vere der for skulekameratane med små og store oppgåver, funksjonar og aktivitetar. Det er 35 elevmentorar på skulen i dag, og Natvik trur desse vil utgjere ein positiv skilnad i skulekvardagen.
Dei tilsette legg det gode grunnlaget
For å yte må ein trivast og føle eigenverdi, og den neste gruppa som må føle nytteverdi er dei tilsette. - For meg som rektor er det viktig å legge til rette for at dei over 100 tilsette her på Mel har det godt slik at dei igjen kan vere gode føredøme og rettleiarar for elevane. Det gjeld i alt frå undervisningspersonell og reinhaldarar til dei som jobbar i administrasjonen og dei som får dei tekniske tinga til å fungere, seier Ove Bjørlo. Bygningsmassen ved Eid vidaregåande skule
Den tredje gruppa som skal ha nytte av skulen er næringslivet. - Vi må lage ein skule som er ein naturleg start på yrkeskarriera for eleven, og der næringslivet går inn som ei naturleg forlenging av skulekvardagen. Det seier seg sjølv at for å få til ein god overgang frå skule til jobb, så må det vere tett og god dialog mellom skulen og arbeidsplassane. Her ligg vi langt framme og vil jobbe for å verte enno betre, seier Bjørlo, som understrekar at visjonen for skulen er å skape kultur for læring og næring. Næringslivet i Noreg vil ha stort behov for høg kompetanse og kloke hovud for å vinne fram i internasjonal konkurranse. Med målretta undervisning og gode strategiar på ein skule som har heile 27 nasjonar representert, så ligg grunnlaget der for eit grenselaus og mangfaldig kompetansemiljø der næringslivet kan kome i kontakt med akkurat dei rette medarbeidarane dei treng i framtida. Mange av elevane som har gått ut frå alle utdanningsprogramma ved skulen, og særleg frå studiespesialiserande utdanningsprogram, har teke høgare utdanning og er attende i regionen både i offentleg og privat verksemd. Skulen bidreg òg aktiv i det generelle samfunnslivet og særleg opp mot lag og organisasjonar. - Skal Eid vidaregåande skule vere ein regional utviklingsaktør er det viktig at vi gjev ungdomen ein identitet og tilknytning til regionen, som gjer at dei har lyst å kome attende etter endt utdanning, seier rektor Ove Bjørlo.
Elevane får konkurransefortrinn
Det har over tid vore eit høgt fokus på entreprenørskap i skulen, der elevane kan lære seg både å starte eigne arbeidsplassar og ikkje minst der dei kan gå inn som gode og løysingsorienterte arbeidstakarar i bedriftene. Fokus er i dag særskilt retta mot det grøne skiftet, der det er avgjerande at næringslivet tenkjer nytt og førebur seg på ei framtid som er annleis enn i dag. Ting endrar seg raskt, så dagens elevar skal ha fokus på å «lære å lære», ikkje berre «kunne». Med eit godt grunnlag frå den vidaregåande skulen, så har Noreg ein unik sjanse til å ta ein viktig posisjon i det grøne skiftet. Men utan kompetente, engasjerte og villige ungdomar, så vil Noreg slite med å få dette til. Skulen må difor inspirere til nytenking og innovasjon. - Saman med Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane får elevane høve til å delta i noko som heiter «Greent», eit europeisk prosjekt for grønt entreprenørskap. Fokus er her på berekraft. Her har vi eit tett og godt samarbeid med Firda vidaregåande skule. Firda har eit fag som heiter «Klima og Miljø», medan vi her på Eid har eit fag som heiter «Teknologi og Forskingslære». Dersom vi evnar å samarbeide og tenke nytt, så stiller vi mykje sterkare for å gje elevane våre eit kunnskapsmessig konkurransefortrinn i framtida, meiner Torild Natvik. Eid vidaregåande skule har vore ein pådrivar for å utvikle kompetanse på både fornybar energi, ENØK og velferdsteknologi, mellom anna gjennom arbeidet med EnergiKompetanseSenteret (EKS). Storsamfunnet kan spare store kostnader ved å effektivisere gjennom ny teknologi. Men utan engasjementet frå utdanningsinstitusjonar som Eid vidaregåande skule, så vil næringslivet ha mindre konkurransekraft. Framtida ligg i ungdomane, og Eid vidaregåande skule vil ta vare på dei på den beste måten og gje god bagasje med på reisa vidare.
Annonse
Lokale hovud med globale tankar Normatic på Nordfjordeid er ein av dei største elektro- og automasjonsbedriftene på Nordvestlandet med suksessrik aktivitet i mange verdshjørne som til dømes Sør-Amerika, Kina og Sør-Korea. Fokuset er å utvikle kloke hovud lokalt som gjev konkurransekraft både i den norske heimemarknaden og internasjonalt. – Samarbeidet med Eid vidaregåande skule og dialogen med dei lokale ungdomane er viktig for oss for å vekse vidare, fortel dagleg leiar Hans Inge Solheim i Normatic.
Mange år med strategisk godt arbeid har gjort det mogleg å bygge opp det store elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord der Normatic er ein leiande aktør. Riktig kompetanse i alle ledd har vore ein av hovudstrategiane til Normatic, for å sikre konkurransekraft og leveringsdyktigheit i den marknaden. – Vi ser mellom anna ein sterk vekst i dei nye satsingsområda våre innan maritim
sektor, mykje takka vere den lokale kompetansen som vi har sikra oss i bedrifta, seier leiar for maritim automasjon, Einar Løken.
Vekst i maritim sektor
Det heiter seg at framtida tek sjøvegen, og fokuset i Normatic har dreia stadig meir inn mot globale aktivitetar i maritim sektor. Dei tradi-
sjonelle satsingsområda til Normatic, som er automasjon innan bygg og vatn og avløp, har gjeve det riktige grunnlaget for at bedrifta kan ta på seg unike oppdrag innan det maritime. - Vi ser ein sterk vekst i den maritime aktiviteten vi har både innan brønnbåtar, avgassreinsing og automatisert kontroll på tankanlegg ved forsyningsbasar. Vi har store ordrereservar for
Annonse
har Normatic sikra seg ein viktig posisjon. - Her har vi gjort noko unikt i verdssamanheng. Det å utvikle Nox-reinsing på store skip som går på råolje, utgjer eit betydeleg miljøbidrag i ein bransje som slit med ureining. Her reinsar vi 99 % av utsleppa gjennom avanserte kontroll-system og eigenutvikla teknologi saman med partneren, fortel dagleg leiar Hans Inge Solheim. Det tredje satsingsområdet er kontrollsystem på oljeforsyningsbasar frå Stavanger i sør til Hammerfest i nord. - Her installerer vi anlegg og sikrar kontroll over tankanlegga, mellom anna ved mengdemåling av medier som går over kai. På dette området har vi ei betydeleg ordrereserve, fortel Einar Løken.
Byggjer opp lokal kompetanse
lang tid framover og ser ein stadig vekst, fortel Løken. Innan havbruk og brønnbåtar så sikrar Normatic velferden til fisken om bord på båtane, både i Noreg og i ein viktig fiskeriregion som Chile. For reiarlaget Rostein har Normatic utvikla mellom anna prognoseverktøy for dei største og mest avanserte brønnbåtane i verda – Ro Artic, Ro Server, Ro North og Ro West. - Det er avgjerande viktig for reiarlaga å ha full
For å kunne levere produkt og tenester på dette nivået, så krevst det mange flinke hovud i alt frå lærlingar og traineear til utdanna fagarbeidarar, ingeniørar, programvareutviklarar og tilsette på master-nivå. - Vi har vore veldig bevisste på dette med å sikre rekruttering. Ein ting er å ta vare på dei tilsette når dei først byrjar jobbe hos oss, men vi må òg sikre interesse for faget og få ungdomane tidleg til å rette seg inn mot vår bransje. Elektrolinja ved Eid vidaregåande skule har vore uvurderleg for oss, der vi har jobba saman for å få til eit godt studietilbod. Det gler oss at skulen òg no kan tilby automasjon som ein del av skuletilbodet, i tillegg til elkraft og dataelektronikk. Ved avdelinga vår i Førde har vi i tillegg jobba mykje med å støtte opp om bachelor-utanninga på ingeniør på Høgskulen i Sogn og Fjordane og vi er aktive i traineeordninga i Framtidsfylket. Alt dette trur vi gjev resultat både på kort og lang sikt, seier Hans Inge Solheim.
Byggautomasjon Fornebuporten AS. Størrelse: 9 MNOK Nybygg kontorbygg A og B, fellesarealer, butikker, fitnessenter, restauranter, parkeringskjeller. Total bygningsmasse: 80 000 m2. Leietakere er Aker ASA (Røkke), Aker Solutions, Aker BioMarine, Akastor, Jaguar Norge, Moloklinikken, Kværner, HENT, Compass Group, Eurest, OceanYield, Eureka og NorgesGruppen. Normatic har levert lokal automatikk for kjøle-, varme-, ventilasjons- og elektriske anlegg for bygg A og B. Det er levert SD anlegg med 2 stk. Normatic Webservere med vektorbaserte dynamiske prosessbilder, menyverk, trend, historikk, alarmbehandling, alarmdistribusjon, omfattende EOS (Energioppfølgingssystem). Det er bl.a. romkontroll i 2100 rom/soner, 25 stk. ventilasjonsaggregater med avansert optimizerfunksjonalitet, 2 stk. omfattende energisentraler, omfattende sprinklersystemer og EOS med 150 termiske og elektriske energimålere.
Automasjon – eit konkurransefortrinn
Alt i alt ser både Solheim og Løken på automasjon som eit viktig konkurransefortrinn for dei bedriftene som satsar på gode kontroll- og styringssystem. - Automasjon sikrar meir effektive prosessar
KONTAKT
Elektrolinja ved Eid vidaregåande skule har vore uvurderleg for oss, der vi har jobba saman for å få til eit godt studietilbod. kontroll på fisken, mellom anna med tanke på dokumentasjon av velferda til fisken. Automatisert kontroll er difor sentralt for desse verksemdene som vi hjelper, fortel Løken, som er stolt over å levere komplette løysingar til dei største i marknaden. Ei anna unik grein av Normatic er avgassreinsingsanlegg for store tankskip, der Normatic har utvikla unike system saman med ein partner. Det er berre tre større aktørar på dette i verda, så her
og betre kontroll. Eg meiner at våre kundar heilt klart får eit konkurransefortrinn ved å oppsøke elektro- og automasjonsmiljøet på Nordfjordeid for å få hjelp. Datakommunikasjon har opna heilt nye moglegheiter for stader som Nordfjordeid, der byane etter kvart vert utkonkurrerte på levevilkår og kostnadsbilete. Vi inviterer stolt til Eid, smiler Hans Inge Solheim. (Sjå eiga sak om eit av Normatic sine automasjonsprosjekt, til høgre på denne sida)
NORMATIC AS
Postboks 132 6771 Nordfjordeid Tlf: 57 86 48 50 post@normatic.no
normatic.no
Annonse
Leiargruppa i Eid Elektro(f.v.): : Ove Kjøllesdal - daglig leiar, Tore Hjelle - teknisk leiar, Asle Ronny Henden - leiar prosjektavdeling og Robert Engeland - leiar installasjonsavdeling.
- Lokal forankring og drivkraft
Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
På Eid fins det mange lokalt forankra bedrifter som kvar dag jobbar for å yte maksimalt og levere kvalitet. Ei av desse bedriftene er Eid Elektro, som har sitt hovudkontor på Nordfjordeid. I tillegg har dei montørbase for installasjon på både Stadlandet og i Syvde, samt ei eiga avdeling med tavleproduksjon i Bergen.
I løpet av dei siste åra har Eid Elektro ekspandert ganske kraftig. - I samanheng med veksten har vi overtatt heile bygget på industriområdet på Eid for gjere plass til den auka aktiviteten, fortel Ove Kjøllesdal, som er dagleg leiar i Eid Elektro. Dei nye lokala vart raskt fylt opp, og tavleproduksjon og installasjon har fått kvar sin kontorfløy, og tavleverkstedet har fått betydelig meir areal. Den 29. August 2015 var det offisiell opning av bygget, og næringsminister Monica Mæland stod for
opninga. Eid Elektro er delt inn i tre avdelingar; installasjon, teknisk, prosjekt. - Fordelt på desse avdelingane har vi no 70 tilsette per august 2016, som er ei betydeleg auke frå tidlegare år, seier Kjøllesdal.
Produksjon av elektrotavler
Med fleire store og spanande tavle-kontrakter i både Oslo sentrum, E18 Vestfold og på Ørlandet er det for tida mykje å sette fingrane i for dei tilsette på Eid Elektro. - Ei tavle utgjer sjølve hjartet i ein elektrisk
installasjon i for eksempel store bygg eller i ein tunnel, og vi prosjekterer og bygger komplette leveranser av store og små tavler til desse anlegga, seier teknisk leiar Tore Hjelle. Siste året har vi også dreve litt med eigenutvikla produkt, blant anna ein ny type nødskap. Dette er dei raude skapa som heng inne i tunnelane med brannsløkkar og telefon i, og dei næraste åra skal det skiftast ut tusenvis av slike i Norge. Vi har designa eit nytt skap der sjølve skapet blir produsert på Nomek i Stryn og der Eid Elektro bygger inn all inn-
Annonse
Prosjektingeniørane Stian Bjørlo (t.v.) og Ivar Brendehaug i full gang med å planlegge nye installasjonsprosjekt.»
mat og elektronikk, og dette har blitt svært godt motteke i marknaden. Vi har store forventningar til auka vekst innanfor dette området, seier Hjelle.
Store byggeprosjekt i regionen
I 2014 oppretta vi ei ny avdeling som skulle spesialisere seg på elektroleveransar til store byggeprosjekt i regionen, og utføre både planlegging, prosjektering og utføring. Gjennom Teamtek-samarbeidet jobbar vi i lag med andre tekniske entreprenørar, og tilbyr komplette tekniske installasjonar. Denne satsinga har vi lukkast godt med, og aktiviteten har vore stor frå starten av, seier avdelingsleiar Asle Ronny Henden. - Av lokale prosjekt kan vi nemne blant anna det nye kjøpesenteret på Nordfjordeid, Amfi Nordfjord, og Stryn Omsorgssenter, seier Henden.
Smarthus og velferdsteknologi
Elektrikar-yrket er i sterk utvikling. Det kjem stadig ny teknologi på marknaden, og vi er opptekne av å tilby kundane det siste nye både innanfor teknikk og design, seier Robert Engeland som er leiar for installasjonsavdelinga. Dei siste åra har intelligente installasjonar blitt meir og meir vanleg og mange av hus-installasjonane vi leverar er i dag smarthus. Dette set høgare krav til både den som skal planlegge og den som skal installere, men er med på å gjere dette til ein spennande bransje å vere i, seier Engeland.
Ei bedrift å vekse i
Eid Elektro satsar sterkt på lærlingar, og i 2015 og 2016 har Eid Elektro teke inn til
saman ti lærlingar innanfor elektro og automasjon. - Vi har særs god erfaring med lærlingar frå Eid Vidaregåande skule og dei viser eit godt kunnskapsnivå og er lærevillige. Det fins fleire eksempel i bedrifta på tilsette som begynte i bedrifta som lærling, studerte vidare, for så å komme tilbake, etablere seg i heimkommuna og jobbe hos oss att. Dette er noko vi set stor pris på, i tillegg til at det er fint å kunne være ei bedrift som gjev folk moglegheit til å flytte heim, fortel Kjøllesdal. - Eit viktig element i kvardagen til dei tilsette er at dei møter nye utfordringar heile tida og har mange varierande oppdrag, som gjer at dagane vert varierte og spanande. Dette er også med på å auke kompetansenivået og gir eit bredt arbeidsomfang, meiner Kjøllesdal.
Sterk forankring i faget og lokalmiljøet
Når Tore Hjelle, teknisk leiar i Eid Elektro, blir spurt om kva som gjer at dei har slik suksess og god utvikling, nemner han fyrst og fremst sine dyktige kollegaer. - Vi har hatt fokus på å bygge eit framtidsretta og kompetent miljø, med flinke folk som trivast i lag og som brenn for faget sitt. Vi har heile tida hatt ståltru på at om vi lukkast med dette vil veksten kome av seg sjølv, fortel Hjelle.
Planen vidare
- I åra som kjem ynskjer vi å fortsette å være ein trygg og god arbeidsplass for våre tilsette, halde oss konkurransedyktige i den stadig endrande bransjen og kunne konkurrere med andre bedrifter. Det er viktig med
realistiske mål og halde beina våre godt planta på jorda. Slik ser vi for oss å kunne være ei bedrift som er bærekraftig og fungerer over lenger tid, avsluttar Ove Kjøllesdal.
Vi har hatt fokus på å bygge eit framtidsretta og kompetent miljø, med flinke folk som trivast i lag og som brenn for faget sitt.
KONTAKT
EID ELEKTRO
Øyane 12 6771 Nordfjordeid Tlf: 57 86 47 60 post@eidelektro.no
eidelektro.no
HEST ER BEST: Aurora Leivdal Haavik er hestejente og har teke hesteutdanning i England. På småbruket i Leivdalen har familien desse to flotte hestane gåande. Kjærasten Knut Roger Strøm har planar om å lære seg å ri.
Elektroklynga fekk dei heim Eidajenta Aurora Haavik fekk med seg sin tilkomande Knut Roger Strøm heim til Eid. Ein viktig grunn var at han fekk relevant jobb i elektroklynga. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
I september byrja Knut Roger (29) i ny jobb hjå Moderne Varme i Øyane, ei gründerverksemd med utspring i elektroklynga som leverer varmepumpesystem, hovudsakleg til store bygg. Medan han jobba oppseiingstida i oljeverksemda National Oilwell Varco i Kristiansand, har kjærasten
22 Eid inviterer
Aurora (26) allereie vore på plass i kjellarleilegheita hjå foreldra i Leivdalen sidan juni. Ho har fått seg jobb på Bryggen Hotell. Med på flyttelasset er også katten Ludvig, ein fullblods sørlending frå Lillesand. Han stortrivest allereie i landlege omgjevnader på småbruket.
Bryllaupsdatoen er sett til 1. juli 2017. Det blir eit ekte eidabryllaup med vigsle i Eid kyrkje og bryllaupsfest i Valhall. Får godt samvit av jobben Knut Roger er utdanna innan mekatronikk, ein kombinasjon av elektronikk, mekanikk
1.
“
Eid er ein plass av bra storleik og med ein arbeidsmarknad som ser ut til å vere i vekst.
«skiten» bransje. Eg tenkjer at løysinga på miljøproblema i verda er teknologi. Det er behov for at folk til dømes i Polen tek til å nytte varmepumper i staden for å fyre med kol. Det er noko som motiverer til innsats i den nye jobben. Det gjorde det ikkje vanskelegare at pilane i oljebransjen peikar nedover.
og datateknikk. Dette er eit ingeniørfag du kan ta ved Universitetet i Agder i Grimstad. Tretten-karen som no også er blitt eidar, har dermed ei utdanning som gjer at han glir rett inn i elektronæringa, ei av dei viktigaste næringane i kommunen med store verksemder som Eid Elektro, Normatic og Caverion. – Klart det at eg kunne få ein interessant jobb var ein viktig del av vurderinga då vi vart samde om at vi vil slå oss ned her. Eid er ein plass av bra storleik og med ein arbeidsmarknad som ser ut til å vere i vekst. Og sjølvsagt er det ein avgjerande grunn at vi bur i nærleiken av familie, forklarer Knut Roger. Han seier den nye jobben i Moderne Varme gjev han godt samvit. – Eg har jobba i oljebransjen, ein litt
Ville ikkje bli tanta på Sørlandet Overgangen blir lettare av at broren, Geir Magne, også har funne seg ei eidajente og bur i Hjelmelandsdalen. Resten av familien hans bur nedover Gudbrandsdalen – i Vågå og på Tretten. Avstanden er ikkje avskrekkande. Paret avslører at dei drøymer om born og husbygging. Dei ynskjer helst å byggje i Hjelle krins. – Eg har gått på Hjelle skule sjølv, og veit at det er ein veldig fin skule å gå på, seier Aurora. Ho budde på Sørlandet i fire år, og kom frå jobb på historiske Strand Hotel Fevik. Dei to vart kjende gjennom felles vener, og kjøpte etter kvart leilegheit på Nedenes mellom Arendal og Grimstad. Før tida på Sørlandet studerte Aurora hest i tre og eit halvt år i Essex i England. Ho gler seg til å involvere seg i hestemiljøet på Eid igjen. – Då du flytta frå Eid, planla du å flytte tilbake? – Eg har reist veldig mykje i løpet av åra eg har vore borte frå Eid. I tillegg til England har eg opphald bak meg i USA, Australia og
Tyskland. På eit tidspunkt fann eg ut at eg i alle fall skulle heim til Norge. Og då søstera mi vart gravid, fann eg ut at eg ikkje ville bli «ho tanta nede på Sørlandet».
Var skeptisk Knut Roger innrømmer at han var skeptisk til flytteplanane i starten. – Spesielt var det tungt å gje slepp på kampsportmiljøet eg var ein del av i åtte år. Eg driv kampsporten Katori Shinto Ryu, og har lyst å prøve å få til eit miljø for det her også, seier han. Aurora skyt inn frå sida at det er slik kampsport som samuraiar driv med sverd. Knut Roger fortel at han også har vore aktiv i arrangementet «The Gathering» som blir arrangert i Vikingskipet på Hamar kvar påske. Det er eit gigantisk dataarrangement med 5000 deltakarar. – Eg har vore med og jobba med logistikk. Også slikt arbeid håpar eg å kunne involvere meg i på Eid. 1. NOKO Å FLYTTE TIL: Då sambuarparet Aurora Leivdal Haavik og Knut Roger Strøm fann ut dei ville ha familie rundt seg og ynskte å flytte til Eid, var det avgjerande at staden har eit næringsliv med mulegheit for jobb. Han fekk jobb i elektroverksemda Moderne Varme, ho fekk jobb i reiselivsnæringa på Bryggen Hotell. Katten Ludvig frå Lillesand stortrivst i landlege omgjevnader i Leivdalen, og gardskatten Lupus (t.v.) er visst glad for selskap.
23
Annonse
Den nye plateoppdelingssaga
Frå liten verkstad til stor fabrikk I 1948, i ein liten verkstad på 50 kvadratmeter i Hjelmelandsdalen, grunnla Bjarne Espe det som i dag vert kalla Nordfjordkjøkkenet. I byrjinga vart det produsert gyngestolar, sittegrupper, trebollar og fat, og dei var faktisk første fabrikken som tok i bruk Nordfjord i bedriftsnamnet sitt. Sida 1948 har mykje enda seg, men familiebedrifta står på same grunn som den alltid har gjort, og den mest synlege endringa er at der den vesle verkstaden stod, står no ein fabrikk på heile 3000 kvadratmeter.
Grunnleggjaren Bjarne Espe fekk etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule ei kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Slik starta ei familiebedrift som no vert driven av sønene til Bjarne. Rune(Daglig leiar), Terje og Oddvin. I 1960 byrja dei meir med produksjon av kjøkken, bad og garderobar, som fram til i dag er deira hovudproduksjon. - No er vi 15 tilsette som jobbar med å skreddarsy produkt til våre kundar, og alt vert produ-
sert heilt i frå grunnen, fortel Geir Lasse Espe. Saman med Rune og Linda Beate Svoren sit dei med administrasjon og teiknar opp det kundane ynskjer. Dei resterande tilsette jobbar i produksjonsdelen.
Kvalitetssikring for kunden
Det er ikkje bare bare å produsere for eksempel kjøkken frå grunnen. - For å få eit leveringsklart kjøkken med t.d.
heiltre fyllingsdører må ein igjennom heile 45 ulike operasjoner på om lag 25 ulike maskiner. Med så mange ulike prosessar er vi heilt avhengige av fagfolk som møbelsnekkarar og trearbeidarar. Det faktumet at Nordfjordkjøkkenet er laga av menneske og ikkje av automatiserte maskiner er eit viktig fortrinn for drifta deira. - Dette gjev oss betre kontroll på kvar einaste detalj, det styrker kvaliteten og gir ein tryggleik både for oss og kunden.
Annonse
Det at Espe Trevarefabrikk har gode kjerneverdiar i grunnen og fleksibilitet i produksjon gjer at fleire vel å ta seg i bruk av Nordfjordkjøkkenet. - Folk veit at vi kan lage akkurat det ein ønskjer seg, alt frå tradisjonsrikt design til det supermoderne med elektroniske og innebygde løysingar.
får å utnytte råvarene best mogleg. I tillegg til produksjon fortel Geir Lasse at Nordfjordkjøkkenet i tillegg til å tilby heilintegrerte kjøkken med kvitevarer, har utsal av frittståande kvitevarer. - Det er ikkje mange som veit at ein kan komme innom og bare kjøpe seg ei vaskemaskin som ein treng det.
Opplev ei stadig auke
Mange ulike oppdrag
Ved å halde alle delar av produksjonen på ein plass, slepp Nordfjordkjøkkenet fleire fordyrande salsledd som gjer at dei kan halde nede prisen og produkta skal kunne være tilgjengeleg for alle. - 2015 var for oss eit rekordår med 25% auke i omsetning, og vi ser no ein trend at kundar ynskjer å kjøpe løysingar av kvalitet som varer. Prisen vi har på produkta våre gjer oss svært konkurransedyktige. I løpet av 6-7 år har vi ikkje hatt særlig auke i prisen vår, men vi har investert i maskinar for å auke effektiviteten i produksjonen. Det siste som er investert er ei moderne plateoppdelingssag som effektiviserer arbeidet betrakteleg og dei er ein av få i Noreg som har denne typen sag. Her legg ein inn alle måla emnene skal ha, så legg maskina kabalen sjølv
I ein bransje som Nordfjordkjøkkenet kjem inn under er det viktig å halde seg oppdatert på trendar og kva kundar ynskjer. - Vi drar ofte på messer for å oppdatere oss på ulike trendar. Vi er ofte tidleg ute med nye produksjonsprosessar både for vår eigen og kunden sin del, og vi ser heile tida etter måtar å kunne effektivisere arbeidet samstundes som alt vært nøye kvalitetssikra. For Nordfjordkjøkkenet utgjer den private marknaden rundt 80% av salet, men dei har også mange offentlege leveransar rundt om i regionen, som kantiner, ungdomsskular, Stryn Omsorgssenter og leilegheitsprosjekt. - På for eksempel Sentrumshagen på Nordfjordeid har vi levert alt frå kjøkken, bad og garderobe. I slike prosjekt har kvar kunde enkelt moglegheit til å endre og oppdatere utgangs-
punktet slik at ein får det akkurat som ein ynskjer sjølv. Dei leverer for det meste i nærområdet, og ca. 80% leverast i Nordfjord, Sunnfjord og Møre.
KONTAKT
Bjarne Espe Trevarefabrikk Hjelmelandsdalen 6770 Nordfjordeid
Tlf: 57 86 23 11 post@espetrevare.no
espetrevare.no
Annonse
Eid Rådhus
Toalettbygg Olden
Toalettbygg Utvikfjellet
Stårheim Bygg er ein totalentreprenør som jobbar med alt frå tre og betong, kjerneboring og betongsaging i bygg-og anleggsmarknaden. Med fleire oppdrag i alle Nordfjordkommunar, held Stårheim Bygg seg som ein sentral bedrift i byggebransjen, både i den private og offentlege marknaden.
Stårheim Bygg vart oppretta i 2010 då dagleg leiar, Helge Ryland, kjøpte lokala på Stårheim, som då hovudsakleg dreiv med bygg av boliger. I 2011 vart Terje Johnsen tilsett og Stårheim Bygg byrja å jobbe meir med anbod av oppdrag mot den offentlege marknaden.
Sidan då har Stårheim Bygg vokse stabilt og har rundt 16-20 millionar i omsetning kvart år. - Vi likar oss i posisjonen vi har oppnådd no og fokuserer på å skape trygge arbeidsplassar for våre tilsette og gjere ein god jobb for kundane våre, enten dei er store eller små,
seier Terje Johnsen.
Mange ulike oppdrag
Med ein stab på 12 faste tilsette, derav 2 lærlingar, driv Stårheim Bygg med fleire ulike prosjekt rundt om i regionen. I den private marknaden driv dei med alt frå ny bygg-
Annonse
Kontor og garasje, Langeland
ing av bustad, påbygg og rehabilitering av hus. I den offentlege marknaden jobbar dei mykje for kommunar og Fylkeskommuna. - Lokalt jobbar vi stadig med å renovere ulike bygg. Vi har bygd nytt dagsenter på Langeland i 2 etasjar, samt eit garasje- og kontorbygg for Eid Industrihus, som dei leiger ut til Håvard Orheim og Reno Norden. I tillegg har vi tatt ei totalrenovering og ombygging av Biltilsynet sine lokalar i 2. etasje, også det med Eid Industrihus som oppdragsgjevar. Vi har vore total entreprenør for bygging av to nye toalettbygg for Statens Vegvesen, eitt på Utvikfjellet og eitt i Olden. Vi bygde også ny dialyseavdeling på Nordfjord Sjukehus, samt ombygging av Nordfjord Psykiatrisenter. For Bremanger Kommune har vi bygd om gymsalen på Hauge skule til administrasjonsfløy, samt nye glasfasadar og ombygging av Kalvåg oppvekstsenter. I 2016 totalrenoverte vi kommunestyresal, kantine og garderobe for Eid Rådhus, samt skifting av glasfasade. Haust 2016 held vi blant anna på med
Dagsenter Langeland
støyreduksjonstiltak i Mogrenda/Hjelle på 22 bustadar i forbindelse med ny gang og sykkelsti for Statens Vegvesen, fortel Johnsen. - I tillegg til våre faste tilsette leiger vi inn arbeidarar når vi har behov for det, og vi er vel i snitt i løpet av året på 16-18 mann i arbeid. Vi har ei stabil arbeidsstyrke og dyktige medarbeidarar som trivst i jobben sin hos Stårheim Bygg, fortel Johnsen.
Vi brukar mest mogleg lokale leverandørar og forhandlarar. KONTAKT
Lokal fokus
For Stårheim Bygg er det viktig å kunne levere eit godt resultat på sine prosjekt, og dei ser fleire fordelar ved å ta seg i bruk av lokale underleverandørar til ulike prosjekt. - Vi brukar mest mogleg lokale leverandørar og forhandlarar der det let seg gjere. Dette fordi det er praktisk i forhold til at mykje av arbeidet vi utfører er lokalt i Nordfjord, i tillegg til at vi ynskjer å støtte opp om lokale bedrifter, avsluttar Johnsen.
STÅRHEIM BYGG 6777 Stårheim Tlf: 57 86 14 79
Terje Johnsen Mob: 958 59 437 terje@starheimbygg.no Helge Ryland Mobil: 952 35 361 helge@starheimbygg.no
Annonse
KOMPANJONGAR: John Olav Lefdal i Lefdal Invest og Arthur Kordt i Turistutvikling AS avbilda etter at kommunestyret i Eid gav klarsignal til satsinga på Seawalk.
Blir ein motor for næringsutvikling
Seawalken på Eid skal liggje klar 1. mai. Ti cruiseskip har allereie booka kaiplass i 2017. – Seawalken vil gje verdiskaping. Dette vil gje ringverknader i heile Nordfjord. 90-100 cruiseskip i Olden gjev 200 millionar kroner årleg i verdiskaping i form av turar, guiding, mat og souvenirar. Kvart år er det skip som ikkje får kaiplass i Olden på grunn av kapasitetsproblem. No tilbyr vi desse kaiplass her. Vi ser også at alle kaiene i området – Sognefjorden, Olden, Hellesylt, Geiranger og Ålesund – opplever vekst. Vi har god tru på at mange båtar vil kome til Eid, seier John Olav Lefdal i Lefdal Invest, initiativtakar og ein av tre aktørar som er med på investorsida. Selskapet Seawalk Nordfjord AS budsjetterer med 50 cruiseanløp og om lag 100.000 passasjerar årleg innan fem år, noko som vil gje ein forventa omsetnad lokalt på 100 millionar kroner.
32 mill. i budsjett
Lefdal Invest er inne med seks millionar kroner, Arthur Kordt i Turistutvikling AS med seks millionar og Eid kommune med tre millionar kroner. Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge stiller seks millionar kroner kvar. Heile prosjektet har eit budsjett på 32 millionar kroner. Arthur Kordt er største cruiseskipoperatøren i Europa.
– Ein av millionane Lefdal Invest investerer, går til Sagastad. For desse prosjekta heng saman. Erfaring viser at halvparten av passasjerane reiser på turar, halvparten blir att på båten og går i land. Då er det viktig for Eid sin del at ein grip sjansen. Vi må gjere Eid så attraktivt at folk går på land og nyttar tilbod innan handverk, kafear og shopping. Erfaringane frå Stryn er at dagen til turistane byrjar allereie klokka 08, då må kafear og butikkar halde ope slik at turistane får den tidlege morgonkaffien dei er vande med.
Lefdal seier at han fekk idéen til cruisekai på Eid då han flytta hit med verksemda for ti år sidan. – Eg såg gode muligheiter for å få spreidd turismen rundt. Far min, Aslak Lefdal, byrja med cruiseturisme i Olden for snart 30 år sidan. Ein har diskutert ei cruisekai nummer to i Olden i 12-15 år, men aldri kome i gang. Og då ein seawalk vart tilgjengeleg, og prisa ned 12 millionar kroner, såg eg sjansen. Dette er planar vi har jobba med i ti år, sjølv om nokon meiner prosjektet er pressa gjennom på kort tid.
Ringverknader alle retningar
Alle formelle vedtak er gjort, og seawalken kan leggast ut. Men ifølgje Lefdal har det inga hensikt å byrje monteringa i vinter. – Vi byrjar arbeidet i mars. Anker og bøyer må på plass før seawalken kan monterast. I løpet av tre-fire veker bør jobben vere gjort. Lefdal seier seawalken plassert midt i Nordfjord vil gje ringverknad i alle retningar. – Vi skal sørgje for fleire cruiseskippassasjerar i Vågsøy og Selje enn om dei hadde kai sjølv. For turistane vil inn i ein fjord, seier Lefdal. Bussar skal stå klar til å skysse passasjerar til attraksjonar som Selje kloster, Kannesteinen, Vestkapp, Hoven Loen, Briksdalen og Geiranger.
SKAL BLI MOTOR: Planen er at 100.000 cruiseturistar skal kome i land på Eid årleg via seawalken i løpet av fem år.
Skårhaug Taktekk as er eit lokalt eigd taktekkerfirma med tilhald på Nordfjordeid. Skårhaug Taktekk vart skipa i 1982, og vi har sidan vokse til å bli det største taktekkerfirmaet i Sogn og Fjordane. Vi løyser alle typer oppgåver innan asfalt takbelegg, PVC-folie og membraner. Det vere seg nytekking, omtekking, lekkasjesøk eller takettersyn. I samband med omtekking kan også etterisolering vere ei lønsam investering. Kontakt oss gjerne for eit uforpliktande tilbod. Kaivegen 11, 6770 Nordfjordeid Tlf: 57 86 07 12 Faks: 57 86 13 17 E-post: post@skaarhaug.no Nett: skaarhaug.no
Eid sitt London: Toppen av Lunden er ei skjult perle med utsikt over sentrum og Eidsfjorden. Området er regulert til friområde, og håpet er at det kan bli brukt til tur og rekreasjon i større grad. Namnet Lunden kjem av det same naturfenomenet som har gjeve namn til storbyen London. Gerd Fløde Bjørlo (t.h.) og Solveig Midtbø på benkane.
Vegvisar til vikinghistoria Den unike historia til Eid som vikingsentrum er i ferd med å bli løfta fram med utviklinga av Sagaløypa og vikingsenteret Sagastad. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Tenk deg ei tidsreise 1000 år tilbake i tid, eller 6000. Vi veit ganske mykje om kva som har skjedd på Eid opp gjennom hundreåra. Her har budd både steinaldermenneske og vikingar. Det er dokumentert gjennom arkeologiske funn på Golvsengane som viser at det budde folk her for 6000 år sidan, og gjennom utgravingar i gravhaugane på Myklebust der det er funne gjenstandar frå dei britiske øyar. No løftar Eid fram denne svært spennande historia frå gløymselen, i ei storsatsing retta både mot lokalbefolkning og tilreisande. I sommar opna Sagaløypa, ei løype som tek deg med innom sju historiske stader i Eid sentrum og nærområda. Løypa går frå tomta ved Eidsfjorden der Sagastad snart reiser seg, via Eidskyrkja, gjennom Eidsgata og Tverrgata, forbi gravhaugane på Myklebust og endar opp
30 Eid inviterer
på toppen av Lunden med storslagen utsikt over Eid og Eidsfjorden. Til saman er det sett opp sju tavler med bilete og informasjon om den aktuelle staden. Arbeidet held fram med hellelegging, skilting, betra tilkomst i form av gangvegar, og utvikling av parkareal. Informasjon gjennom smarttelefon – Kvart skilt har ein QR-kode folk kan scanne inn på mobilen sin. Då vil dei få opp kart, utfyllande informasjon og lydfiler på norsk, engelsk og spansk, seier Gerd Fløde Bjørlo, prosjektleiar for Sagaløypa i Eid kommune. Vi var med då ho viste den nytilsette prosjektleiaren for Sagastad, Solveig Midtbø, rundt i området. Sagaløypa kan sjåast på som det første steget for å fylle produktet Sagastad med innhald. For turistar, lokalbefolkning og
ikkje minst som pedagogisk verktøy i skulen, er dette midt i blinken. Om sommaren blir det skipa til guida turar med utgangspunkt i turistinformasjonen. Elles kan du fint gå løypa på eiga hand og få informasjon gjennom skilta og telefonen. Sagaløypa er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire offentlege instansar. Ved sidan av Eid kommune har Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Riksantikvaren gjennom BARK-prosjektet vore involvert. BARK er ei forkorting for «Bevaringsprogrammet for arkeologiske kulturminne». Fekk 500.000 i BARK-midlar – Det starta med at Riksantikvaren lyste ut BARK-midlar, og inviterte fylkeskommunen som igjen inviterte kommunane til å søkje. Vi spelte inn gravhaugane, og fylkeskommunen valde det ut som eit av satsingspro-
Synleggjer historia: Gerd Fløde Bjørlo har vore prosjektleiar for Sagaløypa i Eid kommune, Solveig Midtbø er i gang med jobben som prosjektleiar for utviklinga av vikingsenteret Sagastad som no er i ferd med å bli realisert i Sagaparken.
sjekta. Vi har utvida det undervegs, til også å omfatte kyrkja, Eid sentrum, gamle Myklebust og Lunden. Grunnen er at alt heng i hop, seier Fløde Bjørlo. Sagaløypa er finansiert av 466.800 kroner i BARK-midlar og 233.000 kroner frå Eid kommune. Fylkeskommunen har bidrege med arbeidskraft, til liks med Eid kommune. Den historiske informasjonen er funne fram i eit samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen. Berit Gjerland, seniorrådgjevar ved kulturavdelinga hjå fylkeskommunen, har hatt ansvaret for det historiske materialet knytt til vikinggravene på Rundehogjen og Skjoratippen. Informasjonen om Nordfjordeid og Eidsgata som historisk sentrum er det Cecilie Marie Åshamar i Eid kommune som har samla med god hjelp frå dei andre i prosjektgruppa.
Lokal kompetanse – Eit stort apparat har vore i sving. Vi har hatt to prosjektgrupper der også Cecilie Marie Åshamar, Agnar Kragseth, Anne Lene Lillegraven, Kristina Kostopoulos, Kristine Dahl, og Elin Leikanger har vore med, fortel Fløde Bjørlo. Ein har nytta lokal kompetanse til jobben med å setje informasjonen i system. – Vibecke Engeland Løkling i Baus har
stått for grafisk design på skilta som er produsert ved Fluorlux i Stryn. Veir Media har bidrege som ansvarleg for nettstaden til Eid kommune. Historiske fotografi står Lars Lunde for, og Trygve Espe har lese korrektur. Jobben med å skrive informasjonen på engelsk og spansk, samt å lese inn lydfiler på ulike språk, har Kari Standal Pavelich, Anja Bjørlo og Almudena Rendon Fernandez - ein spansk volontør på Eid Frivilligsentral - gjort, fortel Fløde Bjørlo.
Sagastad ferdig våren 2019 Sagaløypa er starten på eit arbeid som kjem til å vise godt att på Eid dei komande åra. Solveig Midtbø byrja i sommar jobben som prosjektleiar for utviklinga av vikingsenteret Sagastad med lokalisering ved sidan av Amfi Nordfjord, den nye badestranda og Sagaparken. Her går båtbyggjarar frå Bjørkedalen no i gang med å byggje ein kopi av verdas største vikingskip – Myklebustskipet. Det er funne leivningar etter dette skipet som vart brent slik tradisjonen kunne vere i samband med gravlegging av vikingkongar. Ein trur det er Kong Audbjørn av Firdariket som er gravlagt i gravhaugen på Myklebust. Han skal ha blitt skada så hardt i eit slag på Møre at han døydde. Dette er det laga ein film om – «Det brente skipet».
– Tidsplanen er at vi skal kome i gang med bygginga av skipet i løpet av hausten. Først må tomta bli klar, så kan vi setje opp ein rubbhall der vi skal byggje skipet. Det er Bjørkedalsbåt AS som skal byggje skipet. Sjølve Sagastad-bygningen er det Eid Industrihus som er byggherre for. Planen er at alt skal overleverast våren 2019, seier Midtbø om framdrifta til Sagastad. Sjølv er ho tilsett i Stiftinga Sagastad.
INFORMASJON
Skilt 1 i starten av løypa informerer om løypa, Nordfjordeid si kulturhistorie og det levde liv. Skilt 2 ved kyrkja fortel om kristinga, kyrkjehistoria og Eidskyrkja, og kvifor kyrkja ligg der den ligg. Skilt 3 ved Eidsgata fortel historia om framveksten av tettstaden Nordfjordeid og trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata. Skilt 4 i parkområdet ved Rundehogjen fortel historia om kongegrava og det brente skipet. Her blir det planlagt ny park i samsvar med godkjent reguleringsplan for området. Skilt 5 ved Skjoratippen fortel om ei mektig vikingætt som heldt til her. Skilt 6 på Myklebust fortel historia om Myklebustgarden Skilt 7 på Lunden gjev informasjon om Lunden og viser retning til 16 setrar ein meir eller mindre kan sjå frå staden.
31
STÅRHEIM BILVERKSTED AS Komplett bilverksted og bilsalg • EU-kontroll • Alle bilmerker inntil 7500 kg • Skadeverksted • Lakkverksted • Gratis rep. av steinsprut i frontruta, ved godkjent forsikring • Gratis kontroll av AC av våre dyktige fagfolk • Dekkhotell • Bilberging
Bilverk
ste
195d3siden
Bilsalg
s
1973iden
AL-COM A.S.
Al-Com AS er medlem av Telering kjeden, en landsdekkende kjede med 110 mobilforhandlere fra Nord til Sør. Samarbeid på innkjøp, service og kompetanse bidrar til å sikre våre kunder konkurransedyktige priser, et landsdekkende serviceapparat, service tjenester og kompetanse som bidrar til at vi kan betjene både privat- og bedriftskunder..
Klinikk 54 fysioterapi og akupunktur a/s Tlf 57 86 17 71 / 905 70 973 Spesialisttannlege a/s Tlf 57 87 14 76 Tannleger Tlf 57 86 09 10 Nordfjord Hjerteklinikk Tlf 901 64 921
Vårt mål er at kunden skal sitte igjen med en god handelsopplevelse, hvor kompetanse og service, er viktige faktorer. Velkommen til oss
Åpningstider: Hverdager: 09:00-16:30 Torsdag: 09:00-18:00 Lørdag: 10:00-15:00
Adresse: Eidsgata 43 6770 Nordfjordeid
Kontakt: Telefon: 57 86 37 70 Faks butikk: 57 86 37 77 E-post: post@al-com.no
Frequency.no
Frequency.no
STÅRHEIM BILVERKSTED AS, 6777 STÅRHEIM Tlf: 57 86 37 30 Fax: 57 86 37 31 postmaster@starheim.no - www.starheim.no
Annonse
Illustrasjonar: Nordplan
Frå vikingfunn til Sagastad I april 2019 vert det opning av Sagastad og bygginga av hovudattraksjonen, Myklebustskipet, har allereie starta. Det store vikingskipet vert bygd vest for Sjøgata i Nordfjordeid sentrum, kor det skal plasserast inne i Sagastad. Under bygginga vil det vere ope for publikum slik at ein kan følgje med på prosessen. Ideen om å realisere Sagastad kom på 80-talet og arbeidet starta opp igjen for fullt i 2008. Sida då har arbeidet gått jamt og trutt, og no har bygginga komen i gong. Myklebustskipet er truleg det største vikingskipet ein har funne restane av og ber med seg ei rik historie som både tilreisande og lokale bør få med seg. Sagastad skal bli eit kombinert viten-og opplevingssenter kor Myklebustskipet vert hovudattraksjon. Skipet skal byggjast i full målestokk på ca. 30 meter lengde og 6,5 meter breidde. Vikinghistoria og Sagastad er ein del av identiteten til Nordfjord, ein verdifull ressurs som bør gjerast tilgjengeleg for alle. Nordfjord er eit område som er rikt på arkeologiske funn som kan fortelje oss ei rik og spanande historie, og Sagastad vil kunne formidle kunnskap om korleis Nordfjord var i mellomalderen, i form av levesett, økonomi, fattigdom, næringsliv og makt. Funna på Myklebust frå yngre jernalder står sentralt i denne samanhengen og skal være fundamental for Sagastad. Det vil bli vist funn frå ulike tidsepokar, men det meste vil basere seg på historie frå vikingtida frå ca. 800-1100.e.kr.
Myklebustfunnet og vikingskipet
Dei store skipsgravene frå vikingtida er unike og nokre av verdas ypparste og mest spektakulære arkeologiske skattar. Myklebustfunnet skil seg ut i denne samanhengen sidan det vart brent ved gravferda, og at det er funne i eit av dei viktigaste og rikaste kjerneområda for vikingtida, Nordfjord. Grava vart utgraven i 1874. Skikken med å byggje klinkbygde båtar er kjent frå eldre jernalder. Segl og rigg fekk båtane først omkring 500-talet e.kr. Med vikingskipa nådde ein eit teknologisk høgdepunkt. Fartøya var hurtige, gjekk grunt i vatnet og trong ikkje hamn, og ein kunne segle avgarde igjen sjølv om det var ugunstig pålandsvind. Vikingskipa var ein føresetnad for vikingane sin vidare ekspansjon og deira overlegne militære
dominans i denne tida. Når Myklebustskipet i full skala står ferdig vil det være høve for publikum å gå om bord i skipet.
Annonse
Idar Sølvberg, dagleg leiar
– ein erfaren og moderne bilbutikk Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
Etter over førti år i bilbransjen er Eid Motor på Nordfjordeid meir vital enn nokon gong. Med det siste nyaste på bilfronten frå kvalitetsmerkene Ford og Hyundai, ein moderne bilverkstad og bilberging for Falck og SOS/NAF, så tilbyr Eid Motor eit komplett tilbod for kundane sine. Sjølvsagt er bedrifta å finne både på nett og sosiale medier, klar for førti nye år! Bilbransjen er i stadig endring, og Eid Motor har lært seg å følgje med både når det gjeld produkt og tenester. Dei to bilmerkene Ford og Hyundai tilbyr kundane eit komplett bilutval, anten du vil ha ein snerten el-bil, ein stor familiebil, ein romsleg varebil eller ein hurtig sportsbil. – For oss har det alltid vore viktig å tilby kundane ein bil som passar akkurat behovet deira og deretter kunne følgje kunden opp nøye gjennom heile eigarskapen, seier dagleg leiar Idar Sølvberg.
Eit komplett nybilutval
Eid Motor har opp gjennom historia kanskje vore mest kjent som Ford-forhandlaren i Nordfjord. I fleire tiår har bilbutikken levert hundrevis av ulike Ford-modellar til glede
for lokale bilkundar. Få andre bilmerke kan levere like bra komfort og køyreeigenskapar kombinert med praktiske eigenskapar og driftssikkerheit til ein riktig pris som Ford. Dette har skapt mange lojale kundar i Ford som dermed ofte kjem til Eid for service og oppfølgjing av bilen sin. Hyundai er kanskje verdas mest framadstormande bilmerke som utfordrar dei store og stadig overraskar med nyvinningar og spanande bilmodellar på løpande band. Til dømes har dei no levert modellen Hyundai Ioniq som er marknaden sin mest spennande el-bil med lang rekkevidde kombinert med god plass, gode køyreeigenskapar og god pris. - Det er bra for oss å kunne levere bilar frå
to så solide bilmerke, og det gjer det enklare for oss å kunne levere bilar tilpassa eit kvart behov, fortel Idar Sølvberg, som har grunnlagt og drive bilbutikken i alle år. I tillegg tilbyr Eid Motor eit breitt utval bruktbilar i alle klassar, og ein tek service og reparasjonar på alle typar nyare og brukte bilar. Både nybil og bruktbil finn du komplett oversikt på på www.eidmotor.no.
Bilberging
Bilberging er ein spesialitet hos Eid Motor. Med bergingsbilar for både Falck og SOS/ NAF, så er det som oftast Eid Motor som kjem og hentar deg om du får driftsstans ein eller annan stad i Nordfjord.
Annonse
Tommy Sølvberg, bergingsansvarleg
- Vi er sentralt plassert i Nordfjord og er som regel rimeleg kjapt på staden dersom ein av ei eller anna årsak treng assistanse, fortel bergingsansvarleg Tommy Sølvberg. Bilbergingstenesta i Nordfjord er svært viktig for folk når bilen streikar, og gjennom mange år har Eid Motor bygd seg opp spesialkompetanse på å anten hjelpe folk på staden eller å få bilen inn til verkstad. Plasseringa på Nordfjordeid gjer at avstandane er rimeleg korte anten ein har oppdrag innover eller utover Nordfjord. Du kan lese meir om bilbergingstilbodet til Eid Motor på www. eidmotor.no.
Sosiale medier
Bilkundane i dag er ikkje som for førti år sidan, og Eid Motor veit å henge med i tida for å ha kontakten med kundane sine. Difor har bedrifta nyleg lansert ein heilt ny nettstad med dei siste spesifikasjonane som krevst for moderne kommunikasjon. Der finn ein informasjon om både nye bilar, verkstad, bilberging og ikkje minst tilgang til bruktbilgalleriet, på ein nettstad som tilpassar seg alle typar skjermar som kundane brukar – mobil, nettbrett og PC. - For oss er det viktig at det er enkelt å vere kunde hjå oss og at ein får tilgang til den informasjonen ein treng når ein treng han. Difor satsar vi på å vere oppdaterte på digitale flater, seier den røynde bilseljaren Idar
Sølvberg. Eid Motor er sjølvsagt til stades i sosiale medier, der hovudsatsinga er på den største kanalen Facebook. Ved å gå inn på www.facebook.no/eidmotor, så får du alltid med deg det siste nyaste frå bilverksemda. På denne kanalen kommuniserer Eid Motor direkte med kundane og får raskt ut informasjon om det siste nyaste som den moderne bilverksemda har å tilby av verdi for kundane. - Følg oss gjerne på Facebook, besøk heimesida vår eller kom innom bilbutikken vår på Nordfjordeid for prøvekøyring og ein trygg og god bilhandel i hjartet av Nordfjord. Eid inviterer, smiler Idar Sølvberg.
Roger Åshamar, mekanikar
Frequency.no
100 år med handel
Systrene Margrete og Reidun er to av fleire borneborn av Dagny og Rasmus Sunde som driv vidare ein stolt handelstradisjon som besteforeldra starta i 1917. Tre av sønene deira tok over bedrifta, og no er det altså tredje generasjon som fører tradisjonen vidare. Handelsfamilien Sunde har soleis sett sitt preg på handelen i Eid i om lag hundre år! Det som starta som EIN butikk med alt frå musikkinstrument og
sigarar til dressar og skotøy, har no forgreina seg til fleire spesialforretningar. Margrete driv i skobransjen og kan tilby ein fullasssortert Euroskoforretning, der ho også har eit rikt utval i vesker og koffertar. Reidun driv med tekstil på Lagerutsalget. I tillegg til vanlege ordinere varer, kan du her gjere kupp på andresorteringar og restparti.
Sjøkanten café Den 20.august 2016 var det opning av den nyoppussa Moengården Aust, inkludert Sjøkanten Café. Kafeen er strategisk plassert i enden av kjøpesenteret, rett ved fjorden med idyllisk utsikt. Her kan man sitte og nyte utsikta samstundes som ein tek seg ein kopp med nykverna kaffi. - Vi har fått ei heilt ny baristamaskin av modellen Conti, med eigen porsjonskvern for espresso, og ein kjenner verkeleg forskjell når det er ferskkverna kaffi, seier Anita. No har kafeen gjort ei avtale med Bakeriet på Bryggja om å få levert ferske brød, bakevarer og kaker kvar morgon, i tillegg til å kunne ta bestill-
ing på kaker. - Vi set pris på å kunne servere heimelaga og kortreist mat, seier Anita. Som varmmat har dei ein grillmeny med blant anna ein ”home made burger” som signaturrett. Med gode råvarer og bredt utval av produkt vil Sjøkanten Café gje besøkande moglegheita til å velje sunnare alternativ, som for eksempel minipizza på heimelaga grov botn. Dei har fått ein ny glutenfri frityrkoker, som det ikkje er mange som har, fortel Anita. Denne har dei skaffa for å kunne tilby meir glutenfrie rettar og allergivennleg mat. I tillegg har dei byrja med ”dagens middag” som er typiske norske rettar som heimelaga raspeball, kjøttkaker og laks.
Etter 20 år i bransjen har drømmen til Anita Førde gått i oppfylling og ho tek over som eigar av Sjøkanten Café ved årsskiftet 2016/2017. Ho starta allereie som 13-åring å jobbe på Promenaden gatekjøkken på Nordfjordeid og elskar å lage mat. I 2001 tok ho fagbrev som kokk og ho gleder seg mykje til å kunne drive sin eigen kafé. Etter nyåpninga har dei merka stor pågang av gjestar som trivst med plasseringa av kafeen. - Plasseringa av cafeen er heilt super, fortel Anita. Vi har tilgang på eit flott uteområde som vi gler oss å kunne ta i bruk til våren, og namnet Sjøkanten valte eg å behalde ved overtaking sidan det beskriv kafeen særs godt.
Frequency.no
Skobutikken Sunde
Annonse
Dagleg leiar Geir Ove Åsebø
ein komplett bilbutikk i hjartet av Nordfjord
Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
For fire år sidan sidan flytta Vest Auto inn i eitt av dei flottaste nybilanlegga i Sogn og Fjordane, og veksten har ikkje lete vente på seg. Med gode og tidsriktige bilmerke som Peugeot, Kia og Mercedes-Benz i porteføljen, så ser eidaverksemda fram til vidare vekst i marknaden i åra som kjem. Dagleg leiar Geir Ove Åsebø har vore med på å byggje opp Vest Auto frå den spede starten med to mann på verkstaden på Hafsåsneset i 1998. I dag er Vest Auto ei bedrift som omset for 40 millionar kroner med 13 medarbeidarar i nye og moderne lokale på Nordfjordeid som dei flytta inn i 8. mars 2012. – Vi opplever at kundane våre set pris på å handle bil med oss på Nordfjordeid, i hjartet av Nordfjord. Vi har kundar frå mellom andre stader Stryn, Innvik, Utvik, Hellesylt, Høyanger, Måløy, Bremanger og Stad som alle tek service og oppfølgjing på bilane dei har kjøpt hos oss. For oss er det viktig å tilby best mogleg service for kundane våre i alle delar av bilhaldet, fortel Geir Ove Åsebø.
Noko for ein kvar smak
Sal av nye og brukte bilar er hjartet av verksemda til Vest Auto. Bedrifta er tilknytt den leiande norske importøren Bertel O. Steen og forhandlar nybil på Peugeot og Kia i tillegg til bruktbil og full serviceoppfølgjing på prestisjemerket MercedesBenz. - Porteføljen vår gjer at vi tilbyr kundane eit komplett tilbod, med alt frå små, store og mellomstore personbilar i alle prisklassar til miljøbilar, varebilar, morobilar og firmabilar. Hos oss finn ein bilar for einkvar smak og for eit kvart behov,
smiler Geir Ove. Vest Auto har eit klart fokus på å følgje trendane innan miljøbilar, og har eit breitt utval av både elbil, hybrid og plug in-hybrid. - Det er ei dreiing mot stadig meir effektive motorar, og det gjev ein vinn-vinn-situasjon både for miljøet og lommeboka. Sjølvsagt er ikkje dei tradisjonelle bensin- og dieselbilane utdaterte, men det er viktig å tilby det siste nyaste innan motorar som anten går på batteri eller kombinasjon fossil og batteri. Kia Soul har vore ein mykje kjøpt elbil hos oss, medan ein hybrid som Peugeot RXH har vunne mange hjarte dei siste åra. Framover har vi stor tru på mellom anna Kia Optima som plug in-hybrid, seier Geir Ove, som inviterer til Eid for å sjå og prøvekøyre bil hos Vest Auto.
God service
God service skal vere kjenneteiknet på Vest Auto. Kvar veke vert medarbeidarane evaluerte av kundane på kundetilfredsheit, noko som gjer at verksemda alltid har ein god dialog med kundane og får høve til å justere dersom noko kunne ha vore gjort betre.
- Vi har stor respekt for kundane våre og tek dei alltid på alvor. For meg som dagleg leiar er kundeopplevinga det aller viktigaste, så der har vi gode rutinar. Vi forbetrar stadig tilbodet til kunndane våre. Mellom anna har det vore viktig for oss å kunne tilby merkevareservice for MercedesBenz-kundane våre i Nordfjord. I tillegg har vi oppfølgjing av mellom andre sjukebilar, politibilar og postbilar, og det gler oss at dei som har desse tenestebilane har tillit nok til at det er Vest Auto som skal sikre at desse rullar og går i dei viktige oppgåvene dei har, smiler Geir Ove Åsebø.
13 år: Initiativtakar og primus motor for Sommarutstillinga i Holmøyane, Kari Laila Skrede, seier dugnadsgjengen har planar om å halde fram arbeidet med å gje kunst til folket. Tilsvarande utstillingar må du oftast til langt meir tettbygde strok for å få tilgang til.
Gjev skapararven kunstdrakt Kvar sommar dei siste 13 åra har ulike kunstutstillingar på høgt nivå blitt skipa i lokala der Holmøy Arbeidsskule heldt til. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Det starta med velrenommerte Ørnulf Opdahl i 2004, og har halde fram med kunstnarar som Oddvar Torsheim, Marianne Heske, Jøran Flo, Rolf Taraldset, Olav Harald UIstein, Sigmund Aarseth og Finn Egil Eide. Årets utstilling var av ein noko anna karakter, den inneheldt brukskunst frå keramikar Anita Holmøyvik, møbeldesignar Gunnar Berstad og Feel Free Production – møbelverksemda som er etablert i nabolaget til skulen av David Sigurdsson og Jarl
38 Eid inviterer
Even Eide. Felles for fleire av utstillarane opp gjennom åra er at dei har ei form for tilknyting til Holmøyane. Ørnulf Opdahl og Rolf Taraldset har til dømes vore elevar ved skulen som vart lagt ned i 1972. Undervisninga vart då flytta til Eid vidaregåande skule. Tilbake står den store, flotte, velhaldne trebygningen. Dei rustikke lokala eignar seg godt for kunstutstilling.
Vil skape aktivitet – Ideen om sommarutstillinga har bakgrunn i at vi ynskte å skape aktivitet i bygda. Bygningen er ein ressurs, og godt eigna til slike utstillingar, seier leiar i arrangørforeininga Sudstranda Grendalag, Kari Laila Skrede. Ho er initiativtakar og har vore pådrivar for sommarutstillinga alle desse åra. – Spesielt opninga har godt besøk. I år var det kring 150 personar her. Då er det kulturinnslag, der kulturskulen i Eid har vore
1.
flink til å stille opp. Elles har vi ope laurdag og søndag gjennom heile sommaren, og etter avtale. Vi ynskjer å tilby noko folk kan kome og oppleve, seier Skrede. – Ørnulf Opdahl har hjelpt oss mykje. Spesielt første året med rigging av lys og bakgrunnsplater. Vi får også høyre at han følgjer med på utstillinga. Vi har eit trufast publikum som kjem att år etter år. Tilbakemeldinga er at dei synes det er kjekt å vere her.
Utstillinga held fram Utstillinga er dugnadsbasert, der ein hard kjerne på eit titals personar sørgjer for opp- og nedrigging, går vakter i opningstida, styrer med marknadsføring og elles det som måtte vere av oppgåver. Skrede seier spørsmålet «kva no?» har vore oppe til diskusjon etter 13 år med sommarutstilling. – Vi har dessverre mista mange i for ung alder her dei siste åra. Det merkast i ei lita bygd. Men i staden for å fokusere på det vi har mista, har vi bestemt oss for konsentrere oss om det som er positivt. Haldninga er at sommarutstillinga er noko vi vil prøve å halde fram med, seier leiaren i grendelaget. – Det er ei utfordring å finne nye kunstnarar etter så mange år med utstilling. Det var ein av grunnane til at vi tenkte nytt i år. Hovudinntekta til grendalaget Keramikar Anita Holmøyvik er oppvaksen i Holmøyane, men har i dag base i Bergen. Møbeldesignar Gunnar Berstad, busett i Stryn, har mor frå Holmøyane. Medan stryningane David Sigurdsson og Jarl Even Eide i Feel Free Production har etablert seg i industrilokalet der Holmøy Møbel tidlegare heldt til. Utstillinga er hovudaktiviteten til grendelaget, og det er den som sørgjer for inntektene til drift av laget resten av året. Driftsmodellen er at arrangørlaget har provisjon
“
2.
Det er ein trygg stad å vekse opp. Vi har jobbmuligheiter i alle retningar.
av kunstsalet, samt inntekter frå eit populært kunstlotteri. Arrangøren kjøper eit verk av utstillaren til avtalt pris som vert lodda ut. Bygningen er i privat eige, og lokala blir leigd av eigarfamilien Holmøy.
Vonlund er samlingspunktet Bygdefolket på Sudstranda av Hornindalsvatnet er driftige også på fleire område. Det er tilrettelagt for både hytte- og husbygging på tomtar med utsikt mot vatnet, der fleire bygningar har reiset seg eller er i ferd med å reise seg. Ein ny gangveg frå byggjefeltet til Holmøy brygge er bygd på dugnad i regi av Von IL. På idrettsplassen ved grendehuset Vonlund er det treningar for born ein gong i veka. Idrettslaget arrangerer også fjelltrim og ein basar kvart år. Drifta av Vonlund er også eit dugnadsprosjekt. Grendehuset er viktigaste samlingsplassen i bygda, der kan ein både be og danse, og der er aktivitet heile året. Huset blir brukt til marknadsbasar, jaktfest, bygdekveldar, bingokveldar, gubbetrim og barnetrim i vinterhalvåret. – Vi har adventsgudsteneste, juletrefest og 17. maifeiring i Vonlund. Dette er populære tilskipingar der utflytte sudstrandarar og andre som har tilknyting til bygda også stiller opp. Huset vert i tillegg utleigd til private til feiring av runde dagar, konfirmasjon, bryllaup og andre feiringar. Jobbar i alle retningar – Det er ein trygg stad å vekse opp. Vi har jobbmuligheiter i alle retningar - Stryn, Eid, Volda og Gloppen. Vi har eit unikt turområde, med høgste toppen i Eid - Glitteregga - som høgdepunktet. På klåre dagar ser du
heilt til havgapet. Og djupaste punktet på Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, ligg utanfor Rognes. Men vi skal ikkje legge skjul på at du må vere glad i å køyre bil om du vil bu her. Skal du vere med på aktivitetar på Eid, må du køyre, seier Skrede. Sjølv har ho budd i bygda i 50 år etter oppveksten i Innvik. Skrede har eit realistisk forhold til etablering og tilflytting.
1. 2.
Ny aktivitet: Den nye gangvegen er bygd på dugnad i regi av Von IL og går mellom anna forbi industribygningen der Feel Free Production har sørga for ny aktivitet den siste tida. Strikkeskåp: Ein av gründerane i Feel Free Production, Jarl Even Eide, med strikkeskåpa som er utvikla ved fabrikken. – Det har vore stor interesse for denne skåpa, fortel han.
INFORMASJON • Holmøy Arbeidsskule • Den eldste skulen for handverksfag i Noreg, truleg i Skandinavia. • Vinteren 1858/-59 byrja Hans J. Holmøy og broren Oliver å gje unge gutar opplæring i tre- og smedarbeid. • Utover 1800-talet utvikla skulen seg frå år til år, rundt 1890 var elevtalet over 50. • I 1901 vart det bygd internat, kjøken og matsal, slik at skulen kunne innlosjere 35 elevar. • I 1930 brann bygningen ned til grunnen, same år vart dagens bygning reist med ei grunnflate på 274 kvadrat. • Vart nedlagt i 1972, undervisninga vart flytta til Eid vgs.
39
Surfedestinasjon: Hoddevik på Stadlandet har dei siste 20 åra bygda seg opp til å bli ein stor surfedestinasjon. Unge, trendy folk kjem i flokkar for å vere ein del av miljøet.
Vil gjere snø og bølgjer til vekstnæring Få stader er det så kort frå ski til surf som mellom Harpefossen og Hoddevik. No vert det jobba med å etablere den unike kombinasjonen som vekstnæring. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
– Det å vakne til surfing og havsalt i håret, kjenne snø og fjelluft etter lunsj og kome tilbake til havet til kvelden – det er unikt og noko du ikkje kan oppleve mange stader. Orda tilhøyrer Mads Jonsson, mannen med ti år bak seg som profesjonell snøbrettkøyrar i USA for brettprodusenten Burton. Sidan 2014 har han hatt adresse Sandvik på Stadlandet der han har kjøpt gard. I 2013 byrja han arbeidet med å etablere cat ski på Harpefossen. Historia er kort fortalt at han var god ven med Lars Eriksen som omkom på tragisk vis i snøras i Hemsedal jula 2012. Eriksen var den som «oppdaga» Harpefossen og sådde ideen om cat ski i tilknyting til skianlegget i Hjelmelandsdalen. Jonsson bestemte seg for å ta prosjektet vidare i
40 Eid inviterer
ånda til den avdøde kameraten.
Håpar på cat ski Cat ski handlar om å frakte skituristar ut i urørd snø med trakkemaskin og kabin. Prosjektet på Harpefossen er pionerarbeid i norsk samanheng, problemet er strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i norsk natur. Prosjektet trekkjer ut i tid, no er det gjennomført høyringsrundar, og saka skal til politisk behandling. – Avklaringa rundt cat ski tek mykje lenger tid enn vi hadde tenkt. Vi får sjå kva det endar med. Viss cat ski ikkje blir lovleg, får vi klare det utan. Skiforholda i fjella på Harpefossen er der uansett, seier Jonsson. Han har site i ei styringsgruppe i regi av rei-
selivssamarbeidet Visit Nordfjord, og han fortel at kombinasjonen ski og surf er noko som skal satsast på. Jonsson er medeigar i Stad Surfing og har også fleire andre selskap på gang på Stadlandet, mellom anna Stad Kystmat, så Harpefossen-prosjektet er ein del av eit større bilete. Filminnspeling Etter å ha farta verda rundt i ei årrekkje har oslomannen eit enormt nettverk i miljøet. Og i vår inviterte han brettlegender frå heile verda til Harpefossen for å spele inn film for bladet Method Magazine. Han jobba med filmopplegget i to år før folk frå Australia, Japan, Nord-Amerika og Europa kom på
Vil ha cat ski: Mads Jonsson i svevet i området bak Harpefossen skisenter der dei vil ha løyve til å drive med cat ski. Jonsson har kjøpt seg gard i Sandvik på Stadlandet etter ti år som profesjonell snøbrettkøyrar for Burton verda over.
besøk. Av kjende norske brettfolk var Terje Håkonsen og Mikkel Bang til stades. Med 12 køyrarar og film- og fotofolk kom omkring 20 personar til Furuhogane rett etter påske. Denne type profilering vil Jonsson bruke til å byggje opp merkevaren. – Tilbakemeldingane var veldig gode. Folk kosa seg med surfing i Hoddevik og brettkøyring på Harpefossen. No var ikkje tilhøva for brettkøyring dei beste, men vi hadde veldig gode forhold for surfing og fekk teke mange kule bilete med heftige bølgjer, fortel Jonsson. Han seier filmen får premiere 21. november, og at han blir liggjande 48 timar på framsida av heimesida til energidrikkprodusenten Red Bull som også deler han på Facebook-sida si. Dermed vil bileta frå Harpefossen og Stadlandet nå mange millionar menneske. – Det er slik vi må jobbe oss oppover. Det vanlige er å velge kjente skisenter som Hemsedal, Geilo eller Trysil. Men vi har eit såpass interessant produkt at vi skal klare å gjere oss kjent. Så håpar vi at vi kan bruke cat ski som lokkemiddel. Utvida sesong For surfeturismen på Stadlandet sin del, handlar det om å byggje sesong også utanom toppsesongen i sommarhalvåret.
Jonsson seier 60-70 prosent av omsetnaden deira er i månadene juni, juli og august. Paradoksalt nok er dei beste surfeforholda om vinteren då det også er skiforhold. Auka surfe- og skiturisme vil styrke begge destinasjonane. Det er om lag 1,5 time køyring frå Harpefossen til Hoddevik. Journalist Phil Tifo var på Harpefossen for å lage reportasje om prosjektet som kombinerer snø- og surfebrett til Snowboarder Magazine vinteren 2015. – Eg har aldri vore nokon stad der det er så kort avstand mellom surfing og snow-
board, og eg har vore over alt. Sjølv bur eg i Whistler i Canada, og der tek det fem timar, uttalte han.
Gjengangar: Mikkel Bang kunne fortelje at han slett ikkje var ukjend i Nordfjord, heller ikkje på Harpefossen. – Det er faktisk tredje gongen eg køyrer på Harpefossen. Heilt sidan eg var 10 år har eg hatt eit forhold til Stadlandet. I 2000 tok Lars Eriksen meg og ei venninne med til Ervik for å surfe. Sidan har eg alltid kome tilbake. Eg har teke med meg både familie og vener, seier han.
41
KVITE SVANAR: Bretting av papirbåtar for så å teste flyteeigenskapane på elva, var ein populær aktivitet blant ungane på «Kom deg ut»-dagen til Barnas Turlag i Kjølsdalen. Her er det 6-åringane Adrian Jakob Seljeseth (t.v.) og Magnus Aardal Yri som testar farkosten.
Kom deg ut med Barnas Turlag Noko som gjer Eid til ein attraktiv stad å bu, er nærleiken til naturen. Barnas Turlag får folk ut! Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Vi er i lengst oppe i Kjølsdalen. Bilvegen har slutta, ein grusa sti fører oss dei siste hundre meterane inn til den såkalla naturmøteplassen. Her aular det av born, foreldre og besteforeldre. Stemninga er god. Skodda lettar, yret er i ferd med å forsvinne, og sola kikar fram denne septemberdagen der hausten har festa sitt første grep om naturen. Det er «Kom deg ut»-dagen, og Barnas Turlag avdeling Eid skipar til arrangement i samarbeid med Trekløveret 4H i Kjølsdalen. På programmet står segling med sjølvlaga papirbåtar i den vesle bekken som renn rett ved, grilling av pølse, natursti med premiering, fuglekassesnekring, ponniriding og fisking i Ljådalsvatnet for dei som orka å gå ein halvtime ekstra. Styremedlemmene i Barnas Turlag Eid har baka med seg kake. Dei vaksne får kaffi. Her er det høg kosefak-
42 Eid inviterer
tor, samstundes som det er eit høve for små og store å kome seg ut i den storslagne naturen vi omgir oss med i Nordfjord. Tidleg krøkjast som god fjellvandrar skal bli. Ein time i bil i ulike retningar frå Eid fører oss til utgangspunktet for vidgjetne fjellturar som Hornelen, Hornindalsrokken, Slogen, Kolåstinden, Lodalskåpa, Gjegnen og Skåla. Likeeins som ein kan dagpendle til ein arbeidsmarknad med 50.000-60.000 menneske utanom eigen kommune - Måløy, Vanylven, Bremanger, Sandane, Stryn, Hornindal, Volda, Ørsta og Ulsteinvik – har ein lett tilgang til naturen desse stadene. 130 deltakarar 70 born og 60 vaksne har teke imot utfordringa om å kome seg ut denne dagen. Noko leiar i Barnas Turlag Eid, Ragna Flatla
Haugland, seier seg svært godt nøgd med. Laget vart starta i 2008, dagens leiar tok over i januar. Dei andre i styret er Paul Helgesen, Katrine Aardal, Janne Skinlo, Line Anita Lien Botn og Gjermund Tomasgard. Barnas Turlag Eid er ei underavdeling av Midtre Nordfjord Turlag som igjen er ein organisasjon under Den Norske Turistforening (DNT). Barnas Turlag er eit nasjonalt initiativ rette mot dei yngste. Men Flatla Haugland understrekar at du ikkje treng vere medlem for å vere med på aktivitetane dei organiserer. – Vi har arrangert seks fellesturar og to «kom deg ut»-dagar. Den første «kom deg ut»-dagen var på ski rundt grillhytta på Tua, der det også var over 100 deltakarar. Elles var vi på skitur i Hjelmelandsdalen, vi har vore til Villevatnet i Stigedalen der vi har ein kano, vi har hatt sykkeltur rundt
NATURSTI: Søskena Einar Heimdal Reksnes (6) og Oline Heimdal Reksnes (3) får hjelp av pappa Asgeir når oppgåvene skal løysast.
kan kven som helst vere med på, men når det gjeld Turbotrimmen er det krav om medlemsskap. Difor har vi fått fleire medlemmer i år. – Siste frist for innlevering av klippekorta er 20. oktober, men dette er noko vi tek sikte på å halde fram med neste år.
1.
Leivdalen og tur til Orheimsbotnen på Stårheim. Vi prøvar å legge turane til ulike krinsar i Eid, fortel Flatla Haugland, sjølv mor til tre. Den minste er berre nokre månader gammal, men allereie aktiv i Barnas Turlag.
Trilleturar – Nytt i år er trilleturar for småbarnsforeldre på dagtid. Det har vi gjort cirka annankvar torsdag, fortel ho. Aldersgruppa Bar-
nas Turlag passar for er 0 til 12 år. Laget har fått ein del fleire medlemmer i løpet av året, noko leiaren meiner skuldast at dei også har arrangert såkalla «Turbotrim». – Det fungerer slik at vi har sett opp sju postar der du kan gå og registrere deg med eit klippekort du hentar og leverer inn på sportsbutikken Chatlet. Det blir trekt ut premiar. Dei andre aktivitetane
Turboreven Det er meir som er turbo i foreininga enn trim. Maskoten som Barnas Turlag over heile landet har til felles, er ein blå rev som heiter Turboreven. Han er med på alle turane. Trim er eit folkehelsetiltak, og arrangørar av arrangement på «kom deg ut»-dagen kan søkje om tilskot frå DNT, som igjen har sponsorar for arrangementet. – Vi har søkt om midlar og fått 5000 kroner. Storleiken på tilskotet avhengig av storleiken på foreininga. Vi brukar pengane til å lage til aktivitetane.
1. LAGA FUGLEKASSER: Ein av aktivitetane det var lagt opp til på «kom deg ut»-dagen på naturmøteplassen i Kjølsdalen, var snekring av fuglekasse. Her er det Eli-Karin Bergheim og borna Jakob og Johannes Bergheim-Helgesen som jobbar med eit prosjekt.
43
Skal vi lage fremtidens løsninger sammen? Segel er et rådgivingsselskap lokalisert på Skreddarhuset på Nordfjordeid, med kontor i Ålesund og Måløy og et søsterselskap i India, Segel India. Segel har medarbeidere med lang ledererfaring og internasjonal erfaring, og arbeider med utvikling av bedrifter og gjennomføring/oppfølging av prosjekt for disse.
gens og endringer i hvordan folk arbeider. Også Segel jobber stadig med nye verktøy og bruker andre tilnærminger og metoder enn det vi gjorde for få år siden, forteller Bergset. Vår jobb er å bidra til å skape bedre resultater. Alle tjenester vi leverer er skreddersydd kunden sine behov, enten det er en strategi- eller innovasjonsprosess, ut-
vikling og drift av en ny bedrift/avdeling, markedsintroduksjon i et nytt marked, oppbygging av kvalitetssystem eller digital markedsføring, avslutter Bergset. SEGEL AS Øyane 11 - Postboks 284 - N-6771 Nordfjordeid Tlf : +47 57 88 59 00 - Fax : +47 57 88 59 09 www.segel.no
Segel har kunder og prosjekter i både Norge og i utlandet. Vi arbeider til enhver tid med ca 20 prosjekt og med mer enn 60 bedrifter, forteller Roger Bergset som er daglig leder. De raske teknologiske endringene skaper nye muligheter for alle bedrifter, men stiller også større krav til ledelse og endringsvilje i bedriftene. Dette gjelde alt fra robotisering, 3D Printing, nye digitale plattformer og media, til kunstig intelli-
Frequency.no
Frequency.no
Her er 4 av Segels 9 medarbeidere – fra venstre; Paul Jacob Helgesen, Katrin Sundal, Roger Bergset og Trond Haavik.
Staden for leik og moro for din firbeinte venn
Lokalt smykkemerke Enkle, stilreine smykker med et rocka preg Selges på Didriks og online www.etsy.com/no-en/shop/ShadowMoonDesignsNO Facebook: Shadow Moon Designs Instagram: @shadow.moon.designs E-post: shadow.moon.designs@outlook.com Lillian Kråkenes, Skårhaug, 6770 Nord�ordeid, Norway, Tel: 952 22 637
r e d y r f g n i r d n a r o #f Vi hjelper deg med å fornye bedriften din slik at flere kunder får lyst til å handle med deg!
grafisk designWEBSIDER3D-visualiseringtrykksaker PROFILERINGFILM OG FOTOforretningsutviklingkommunikasjonsløSNINGER M: +47 957 51 992 E: geir@frequency.no W: www.frequency.no F: facebook.no/frequencynorge
Frequency.no
Ditt lokale Radio - TV - Kvitevare senter Eidsgata 4 - 6770 Nordfjordeid - Tlf. 57 86 04 66 martin_hestenes@live.no
Internasjonal mote - med hjarte i Eid
Frequency.no
Fagkunnskap og lang erfaring!
HOUSE
STYRKE & KONDISJON
A: Kaivegen 11 – 6770 Nordfjordeid T: 906 26 195 E: post@hamnatrening.no N: hamnatrening.no
åpent
24/7
DU RINGER, VI BRINGER!
heile året
Trening til ein rimelig pris på Nordfjordeid
Tlf: 4006 24 24 Sjøgata 98, 6770 Nordfjordeid
Frequency.no
Telefonnummer: 57 86 17 15 Epost: post@bergset.no
Frequency.no
KJØLESKAP - FRYSERE - VASKEMASKINER RADIO - TV - VIDEO - HiFi - PARABOL - ++
Annonse
GRØN SPYDSPISS: Knut Roger Strøm (f.v.) frå Tretten, Nikolai Haldane frå Tønsberg og Dan Emil Aamodt frå Florø er tre av seks tilsette i Moderne Varme. Dei er unge og offensive, med ein indre motivasjon for å utvikle klimavennlege energiløysingar.
Vi er med på det grøne skiftet Nikolai, Knut Roger og Dan Emil har kome frå Tønsberg, Tretten og Florø for å vere med på veksten i Moderne Varme og det grøne skiftet.
Moderne Varme AS er ein del av elektroklynga på Eid og ei verksemd som har opplevd kraftig vekst etter etableringa i 2008. Produktet vi leverer er system for fornybar varme til større bygg. Enkelt forklart hentar vi varme frå naturen som vert foredla før varmen blir distribuert på bygget. Vassboren varme sikrar jamn og stabil varme i alle delar av bygga vi har ansvar for.
gjennom løysingane på førehand. – Før vi signerte rammeavtalen med Moderne Varme måtte vi ta til takke med det entreprenøren slapp unna med i forhold til lover for offentleg anskaffing. Ofte kan det i slike tilfelle vere fire aktørar som skal samhandle. Det fungerer veldig dårleg. I Moderne Varme har vi ein aktør å halde oss til, som vi får tak i og som har tenkt gjennom løysinga på førehand.
Har signert store kontraktar
For å ta hand om veksten har vi tilsett unge, dyktige og godt utdanna medarbeidarar som ynskjer å bidra til miljøvennlege, grøne løysingar med fornybar energi. Nikolai Haldane, Dan Emil Aamodt og Knut Roger Strøm har alle flytta frå andre stader i landet for å jobbe i verksemda i Øyane. I juli 2016 signerte vi en rammeavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Frå før har vi tilsvarande avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune. I desse avtalane ligg det at deira bygg kan bruke vår løysing ved behov gjennom heile avtaleperioden.
– Enkelt med ein aktør
Oddleif Gustad i bygg- og vedlikehaldsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune seier det er godt å halde seg til ein aktør som har tenkt
Grøn handlekraft i Ytre
– Samarbeidet med Moderne Varme fungerer veldig bra. Verksemda leverer gode løysingar
som så langt fungerer godt. Løysingane er meir driftssikre enn dei vi hadde, det er ikkje så hyppig stans på anlegga, seier eigedomssjef Frode Weltzien i Vågsøy kommune der vi mellom anna har ansvaret for oppvarming av Kulatoppen Omsorgssenter og Nordfjordhallen.
VARMAR GIGANTISK BYGNINGSMASSE: Nordfjordhallen i Deknepollen blir varma opp gjennom dette systemet som Moderne Varme har bygd. Frå venstre vaktmeister Arne Vedvik, Moderne Varme-gründer Bernt Festøy og eigedomssjef Frode Weltzien i Vågsøy kommune.
Håndverksbakeri og kolonial Sjarmerende og koselig utsalg i Eidsgata
eidsgata 42
| #minibakeriet
|
99 69 52 58
Take away sandwich Nye, spennende smaker hver dag!
Brød og bakervarer Håndlaget hver natt!
Kolonialvarer
Håndverk, tradisjon og smak i fokus!
Delikatesser fra hele verden!
Frequency.no
Erfarne kokker
Ingen ordinær
gullsmed
Gullsmed, Kathrine Berg starta gullsmedverkstaden sin i 1997. For fem år sia fekk ho Ingrid Oselie Naustdal med seg på laget og saman driv dei den koselege butikken BergArt Smykke & Sånt midt i hjartet av Eidsgata. Dei er opptekne av å oppretthalde eit levande sentrum og bidra til å skape aktivitet og mangfald i gata. I tillegg til eigenproduksjon tilbyr dei kjende merkevare som Thomas Sabo, Bjørg og Cecilie Melli. Kvalitet og godt handverk står i fokus og vi likar å kunne tilby kundane våre ting dei ikkje finn over alt, seier Kathrine. Difor har vi også ulike produkt på utstilling, som til dømes porselenskoppar, skjerf, garnbollar og strikkegalskap. Kjekke ting for einkvar smak! bergartsmykke.no
Vi byggjer festivalscena di og produserer maten din
SATSAR PÅ JORDBRUK: Reidun Smørdal Hjelle er ein del av eit ungt miljø som satsar på jordbruk i Eid.
25 MJØLKEKYR: Tre generasjonar Smørdal i fjøsen på Bjørhovde. Reidun med vesle Magnus, faren Bjarne bak.
FRUKTBONDE: – Å vere fruktdyrkar er jobben min, seier Inger Starheim.
ALLSIDIG: Det blir produsert 235 tonn egg i Eid kommune. Desse hønene held til på Bjørhovde.
Driftige bønder i allsidig landbruk Kyr, sau, høner, frukt, bær. Eid har eit allsidig jordbruk med satsingsvillige bønder. På slektsgarden på Bjørhovde har Reidun Smørdal Hjelle etablert seg med mann og fire born. Dei er neste generasjon på bruket der foreldra hennar har drive jorda dei siste tiåra. Garden er eit godt døme på det allsidige jordbruket i Eid kommune. Her er 7.500 høner, 25 mjølkekyr og 60 vinterfora sauer. Store investeringar gjer at det ligg godt til rette for neste generasjon. Hønsehuset som var nytt i 2010, var ei investering på 5-6 millionar kroner. Eggproduksjon er ei kostnadskrevjande næring også på den måten at det kostar 300.000-400.000 kroner å skifte ut hønene kvar 13. månad. – Det er langsiktige investeringar. Eit slikt hønsehus må du nytte i 15-20 år skal det være lønsamt. Målet har vore at to personar skal kunne leve av garden, seier Bjarne Smørdal. – Vi har satsa etter interesse og naturgjevne føresetnader. Høner har det alltid vore på garden, og vi har nokre bakkar her som treng beitast av sau. Det er spesielt motiverande for oss å satse når vi ser at nokon ynskjer å føre det vidare,
seier Bjarne og gjev uttrykk for at han stortrivest med eit tilvere der borneborna spring i tunet.
effektiv næring. Åtte robotfjøsar er bygd.
Motiverande å produsere mat 1000 frukttre
På Stårheim held fruktbonden Inger Starheim til. Det er kring 1000 frukttre på garden med ein hundreårig tradisjon for fruktdyrking. Ho og mannen Roald driv også med sau. – Svigerfaren min dreiv med frukt. Det var naturleg at vi tok næringa vidare. Vi har eple, pære og plomme. Alt vi dyrkar blir selt på garden. I år har det vore eit godt år, fortel ho medan ho flyttar rundt på kasser med pære i låven der ho har «kontoret» sitt. Eid er ein aktiv jordbrukskommune med 53 mjølkeprodusentar, omkring 100 sauebønder, fire fruktgardar og nokre bærprodusentar. Det blir produsert cirka 7,7 millionar liter mjølk, 90 tonn sauekjøt, 244 tonn storfekjøt og 235 tonn egg. Her er unge, ambisiøse bønder som investerer og tek i bruk det som finst av ny teknologi for å drive
Ein av dei unge som satsar er Runar Haugland, nestleiar i Eid Bondelag. – Motivasjonen er å lage mat til det norske folk. Å halde ved like tradisjonar skapt gjennom generasjonar. Å drive jorda som vi låner ei lita tid i historia. At det blir produsert mat med grunnlag i dei ressursane vi har rundt oss, seier han. Tyngdepunktet for jordbruk er stader som Haugen, Heggjabygda og Eidsbygda. Å halde bygdene i gang er ei anna drivkraft. – På Haugen der eg bur, er det mange som satsar, der ser vi faktisk at levande bygder fører til tilflytting. Nestleiaren i bondelaget har god tru på framtida. – Men vi er avhengig av politikarar som sørgjer for at vi framleis skal ha norsk mat i butikkhyllene. Det er inga sjølvfølge om marknadskreftene får rå. Og vi er avhengig av medvitne forbrukarar som vel norske produkt.
NorwegianClassic NorwegianClassic Olga Novus Novus Olga
sefar.no sefar.no sefar.no
Nordfjordklinikk1
Nordfjordklinikk1 er eit kompetansesenter for diagnostikk og behandling for muskel-og skjelettsmerter. På Nordfjordklinikk1 kan du få rask og kyndig hjelp av manuellterapeut, fysioterapeut, kiropraktor og ortoped. I tillegg har vi ein dyktig massasjeterapeut. Kystbedriftenes helsetjeneste held også til i våre lokaler.
Vi tilbyr:
• Grundig undersøkelse • Henvisning til vidare utredning • Sjukemelding • Individuell veiledning i opptrening og rehabilitering • Diagnostisk ultralydundersøkelse • Ultralydveileda injeksjonsbehandling • Trykkbølgebehandling • Bedre bedriftsmassasje • Ortopedisk vurdering av eigen ortoped • Manuellterapeut og fysioterapeut med refusjonsavtale • Kort ventetid! Tlf: 57 86 18 52 Eidsgata 53 Kontakt oss gjerne for mer informasjon!
Frequency.no
- FRUKT, GRØNSAKER, KRYDDER OG MYKJE ANNA SPENNANDE MAT FRÅ ASIA -
China Restaurant 中國 飯 莊
Opningstider Mandag: 13:00-22:00 Tirsdag: Stengt Onsdag-torsdag: 13:00-22:00 Fredag-lørdag: 13:00-23:00 Søndag: 13:00-22.00
Både kinesiske og internasjonale retter! Ta med heim: 10% rabatt! Ring og bestille: 57 86 25 99 Allmenningen 1 - 6770 Nordfjordeid
Frequency.no
EID ASIA BUTIKK
Frequency.no
Alt innen arbeidsklær og verneutstyr Fritidsklær Helly Hansen Univern Viking footwear Aclima Echo og Oregon
DIN LOKALE LEVERANDØR AV KONTORUTSTYR!
Finn oss på Facebook!
www.kontorpunkt.no
Frequency.no
T: 400 43 907 - Eidsgt. 64
Vi ønskjer at Kulturhuset Gamlebanken skal vere ein kunstformidlar i Nordfjord, det vil ein vere ved og presentere ulike kunstuttrykk frå kunstnarar. Ulik billedkunst, foto, glas og kunsthandverk. Opera Nordfjord har kontor i 3.etg. Her møtes dei store operastjernene og dei frivillige i operaen. Det er òg her operasjefen legg føringane for komande forestillingar i Opera Nordfjord.
Opningstider: Mandag-laurdag: 10.00-16.00
Besøksadresse: Eidsgata 10, 6770 Nordfjordeid.
Kontakt: Mob: 952 65 842 Tlf: 57 86 46 00 post@gamlebanken.no
I samarbeid med Eid Kommune har vi turisinformasjon i sommarhalvåret, med turistvertar i to månader frå 15. Juni til 15. august. Malakoff Rockfestival leiger kontor i huset, og er base for salg av effektar, vår og sommar. Kulturhuset Gamlebanken er i tillegg "Festivalkontor" i forkant av festivalen.
Frequency.no
FOTOKIOSK · Kontormøbler & interiør KaffImaskiner & vanndispenserAR Kontormateriell · Post & papirbehandling OG MYKJE MEIR!
Annonse
Malakoff Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
#denbestefestivalopplevinga
Kvar julimånad vert den vesle og sjarmerande bygda Nordfjordeid transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar. Sidan oppstarten i 2003 har festivalen hatt ei eventyrlig utvikling i både publikumstal og kvalitet. Du får oppleve eit ekstraordinært artistprogram og ein brusande festivalcamp presentert i festivalrammer som gjev opplevingar for livet. Dei besøkande får #denbestefestivalopplevinga, år etter år. Malakoff er ein av landet sine største festivalar, og ein institusjon som skapar identitet og bulyst i distriktsnorge. Nytt i 2017: Malakickoff og 3-dagarscamp
- Tilreisande kjem allereie torsdagen for å starte festivalhelga. Tidlegare har vi opna camp-inngangen på fredags morgon, men no har vi bestemt oss for å starte festivalen allereie på torsdagen med 3-4 konsertar på Amfi-scena som er open for alle i alle aldrar, seier Arnt-Ivar. I 2017 vil det for første gong bli selt 3 dagarspass på Malakoff. - Sjølv om vi opnar for ein ekstra dag på festivalområdet og festivalcampen vil det vere be-
grensa kapasitet og garantert rift om billettane.
Minnerike og trygge opplevingar for alle
Fjorårets festival, den fjortande i rekkja, var ein stor suksess, stadfestar festivalsjef Arnt-Ivar. - 2016 var eit fantastisk år på alle områder. Været var flott, utseld festival, ekstraordinære musikkopplevingar og fantastisk stemning. I tillegg til alt dette så har vi eit frivilligapparat som leverer eit servicenivå som har svært høg
kvalitet og gjere det hyggeleg for alle. - Festivalen har publikum i alle aldrar og tidleg laurdag når Gabrielle og Odd Nordstoga hadde konsertar i strålande sol, var festivalområde tettpakka av småborn og familiar, ungdommar og hardbarska rockarar som storkosa seg og hadde det kjekt saman. Sjølv om 2016 var eit særs vellukka år så vil eg tørre å sei at 2017 vert enda betre, avsluttar Arnt- Ivar.
Vi bygger Nordfjord Masseflytting
Spesialtransport
Betong
Grunnarbeid
Sandtak - steintak
Ferdigbetong
Muring
Kontroll/Sertifisering
Betongtransport
Vegbygging
Kraning
Betongpumping
Boring/sprenging
Knusing
Betongfabrikk
A/S NORSAND
EID BETONG A/S
Mob: 975 92 138
Mob: 952 40 912
Esso Eid Esso Eid vart etablert i 1994 men har drevet bensinstasjon sidan gamle Esso var ved Busstasjonen i 1972. • Lang erfaring innanfor verkstad-drift som er autorisert av Statens vegvesen. • EU-kontroll, EGR og partikkelfilter rens og dekkhotell etc. • Hengarutleige • Sal av Tysse - Noregs største tilhengarprodusent • Toppmoderne bilvaskemaskin og nytt sjølvvaskeanlegg med Visa, Mastercard og mobil betaling • Beste hamburgeren på Eid
Frequency.no
Norsand AS 6070 Nordfjordeid post@norsand.no Tlf: 57 86 28 51 www.norsand.no
Annonse
Pilegrimsreise: For fjordhestfolk frå heile verda er det nærmast ei pilegrimsreise å reise til Eid. Desse amerikanarane nytta seg av tilbodet om riding i Hjelmelandsdalen.
Vi sikrar fjordhestarven Norsk Fjordhestsenter er nasjonalt kompetansesenter for avl og bruk av fjordhesten. Arbeidsoppgåvene som følgjer med statusen som nasjonalt kompetansesenter er mellom anna å drive direkte avlsarbeid gjennom seminstasjonen på fjordhestsenteret, hjelpe andre med avl gjennom koordinering, skipe til arrangement for fjordhestfolket og drive kurs- og kompetansehevande verksemd. Senteret skal også legge til rette og arbeide for meir bruk av fjordhest. – Vi får 2,3 millionar kroner i løyvingar over statsbudsjettet i 2016 for å drive dette arbeidet som blir sett på som avgjerande for å sikre rasen. Det finst 5000 fjordhestar i Noreg og omkring 80.000 på verdsbasis. Fjordhesten står på lista over utrydningstruga og bevaringsverdige rasar, seier dagleg leiar Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter. Senteret er arena og samlingspunkt for mellom anna Norsk Fjordhestlag og Fjordane Folkehøgskule.
Arvestoff sendt verda rundt
I 2015 var det 229 bedekningar av fjordhestar i landet. Av dei fødde føla vart 25 til gjennom seminstasjonen på fjordhestsenteret, der hingstar blir tappa og arvestoff plassert gjennom inseminer-
ing. I 2016 er talet på bedekningar på seminstasjonen 50. Frå seminstasjonen blir dosar med arvestoff sendt både nasjonalt og internasjonalt. Skal det langt ut i verda, blir det sendt i frosen tilstand. Slikt frose arvestoff frå kåra fjordhestar kan oppbevarast og vere med og sikre rasen for framtida. – Det har vore ein liten nedgang i talet på føl, men vi har greidd å snu denne trenden siste året, seier Hjertenes Flyum.
Frå arbeidshest til brukshest
Hingsteutstillinga på Nordfjordeid kvar vår er det viktigaste verktøyet i avlsarbeidet. Her vert hingstane som er best eigna til å føre rasen vidare, plukka ut og kåra. Vurderinga blir gjort på grunnlag av stambok og avlsplan. Dei siste tiåra har dette medvitne arbeidet ført til at rasen har utvikla seg frå robust arbeidshest til elegant brukshest. Ein eigenskap ved hesten ein målmedvite jobbar for å ta vare på, er dei fem fargenyansane brunblakk, raudblakk, ulsblakk, gulblakk og grå. – Eid er sentrum for avlsarbeidet. Det fører mange fjordhestfolk frå andre stader i verda hit. For dei blir det ei slags pilegrimsreise.
Av verdas eldste hesterasar
At hingsteutstillinga er etablert på Eid, er hovudgrunnen til at Norsk Fjordhestsenter også held til her. Fjordhestsenteret er med og arrangerer hingsteutstillinga saman med resten av fjordhestmiljøet. – Fjordhesten er ein av dei eldste hesterasane i verda. Hesten har halde til på Vestlandet i alle år. Han har alle dei opphavlege eigenskapane til villhesten, samstundes som det er drive systematisk avl sidan midt på 1800-talet. I dag reknar vi med at hingsten Njål som levde i Stryn kring år 1900, er opphavet til alle fjordhestar i heile verda, seier Hjertenes Fluym. Truleg stammar fjordhesten frå steppene i Midt-Asia. Forfaren var truleg den mongolske villhesten, Przewalskij-hesten. Men vi veit at dagens fjording er resultatet av meir enn 2000 års vestlandsk temjing og avl. Fjordhesten er ein av tre nasjonale hesterasar som blir vurdert som utrydningstruga og bevaringsverdige. Dei andre er dølahest og nordlandshest/lyngshest.
STOLT HISTORIE: Eid Musikklag vart etablert 25. november 1913 då Kjøsnesmusikken vart lagt ned på grunn av kutt i forsvarsbudsjettet.
Militærkorpset Kjøsnesmusikken
Gav spire til aktivt korpsmiljø Kring 1880 kom Samuel Kjøsnes frå Jølster til Eid. Han danna det første korpset på staden i samband med militæraktiviteten på eksersisplassen. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Militærkorpset kalla Kjøsnesmusikken er den direkte forløparen til Eid Musikklag som vart danna i 1913. For fem år sidan bestemte Agnar Kragseth, aktiv i Eid Musikklag frå 1965 til kring 2010, seg for å gjere eit djupdykk i historia til korpsrørsla i Eid. Vi veit at det er eit sterkt korpsmiljø i kommunen, men ikkje like mykje om bakgrunnen for at det er blitt slik. Gjer ein eit søk på nettet, kjem det opp springande årstal for kva tid korpsrørsla starta i
56 Eid inviterer
Eid. Ein stad er det oppgjeve at det skjedde tilbake på 1600-talet. Ifølgje nettleksikonet Allkunne vart eksersisplassen etablert som den første i landet så tidleg som 1628. Men ifølgje Kragseth vart det først snakk om korpsmusikk då Kjøsnes kom til bygda kring 1880, etter at han hadde vore i Bergen og teke musikkutdanning. – Korpsrørsla vart etablert på Eid seinare enn vi først trudde. Det som truleg har eksistert sidan
1600-talet, er tamburen, altså militære signaltrommer. På 1700-talet kan det tyde på at det kom inn fagott også. Vanleg militærmusikk vart først oppretta på byrjinga av 1800-talet. Først etter at Samuel Kjøsnes kom til Eid som tambur kring 1880 vart det eit korps på Eid, seier historie- og korpsinteresserte Kragseth. Elskhug og Eksis Denne spanande korpshistoria er ein del av han-
1.
Nordfjordeid skulekorps, Hjelle skulemusikk, Rocka korps og Ungt korps.
dlinga i sogespelet Elskhug og Eksis som annakvart år dei siste åra er sett opp i Malakoff jonsokhelga. Der spelar høveleg nok Eid Musikklag rolla som Kjøsnesmusikken. Sist spelet vart vist var i 2015. Kjøsnesmusikken var ikkje berre samansett av eidarar, men også av musikarar frå nabobygdene. Ifølgje Kragseth vart Kjøsnesmusikken lagt ned som militærkorps på grunn av kutt i forsvarsbudsjettet i 1913. Eidarane som hadde vore med, etablerte Eid Musikklag saman med andre. Kragseth spelte althorn frå 1961 og byrja i musikklaget i 1965. I 1974 kom han heim frå Oslo og heldt fram i musikklaget til han gav seg for femseks år sidan. Slike folk med livslang teneste for korpsmusikken i Eid finst det fleire av. – Lidvar Bergset var med endå lenger, han byrja i 1948, fortel Kragseth. – I dag har vi eit sjeldan bra korpsmiljø i Eid, meiner han. Då Eid Musikklag arrangerte den årlege vårkonserten i 2016, var åtte korps frå kommunen med. Det var Kjølsdalen musikklag, Kjølsdalen skulemusikk, Stårheim skulekorps, Eid Musikklag,
Rocka korpsstemne Ei opptelling av talet på aktive i dei ulike korpsa tyder på at det samla er over 200 aktive korpsmusikarar i kommunen. Kvar sommar markerer det aktive korpsmiljøet seg i gatebiletet på Eid med «Rocka korpsstemne». I 2016 var 26 korps med til saman 700-800 personar med på stemnet. Korpsa kom frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Stemnet er eit samarbeid mellom seks av korpsa i Eid. Ifølgje leiar Ylva Berglund i Eid Musikklag er korpset i dag ei blanding av etablerte medlemmer frå 27 år og oppover og vidaregåande skuleelevar. – Det er eit gap frå 20 til 27 år, noko som heng saman med at aktuelle korpsmusikarar i denne alderen gjerne er vekke for å studere. Dei som kjem tilbake er hjarteleg velkomne til å bli med. Vi driv ikkje opplæring, men det er oftast slik at dei som har spelt tidlegare lett finn tilbake til instrumentet, seier Berglund. Ho kom sjølv inn i musikklaget då ho kom til Eid frå Fredrikstad for å jobbe som dyrlege for firefem år sidan. – Ein kollega såg eg hadde ein instrumentkoffert med meg i bilen, nokon i korpset fekk snart med seg at eg spelte, seier den barytonspelande musikklagsleiaren. Deltek i NM Resultatmessig er det Kjølsdalen musikklag som
har mest å vise til av korpsa i kommunen med NM-deltaking sidan 1994. Dette er eit brasskorps, det vil seie med messingblåsarar. Eid Musikklag er eit janitsjarkorps, med både treblåsarar og messingblåsarar. Berglund seier også Eid Musikklag har ein ambisjon om å utvikle seg, og at det var ein av grunnane til at dei for første gong deltok i NM i janitsjar i Trondheim i mars 2016. – Vi fekk ein 9.-plass blant 14 korps i 7. divisjon. Det er sjølvsagt høgt nivå i NM. Men eg syns vi vart betre av å vere med. Det vart meir morosamt å spele når vi visste vi skulle til NM. Alle skjerpar seg når det er konkurranse. Vi løfta nivået vårt når vi øvde og spelte bra. Og sjølvsagt gjer det noko med samhaldet. Så vi var veldig nøgde. Ho meiner musikklaget har ei viktig samfunnsrolle. – Eid Musikklag er ein viktig del av bybiletet. Ein reiknar med at korpset stiller opp når det er noko, enten det er hingsteutstilling, 17.-mai eller 8.-mai.
1.
ELSKHUG OG EKSIS: Ifølgje historia hadde Kjøsnesmusikken si storheitstid i kvalitet og kvantitet under Oberst Holtermann mellom 1895 og 1900. Eid Musikklag spelar høveleg nok rolla som Kjøsnesmusikken i sogespelet Elskhug og Eksis.
2.
ROCKA KORPSSTEMNE: Dei siste åra har 700-800 korpsmusikarar invadert Eid sentrum i samband med Rocka korpsstemne. (Foto: Jørn-Arne Tomasgaard)
2.
57
Frequency.no
Frequency.no
“Din bokhandel i sentrum av Nordfjordeid sidan 1905”
Totland Libris vart etablert som Totlands Bok- og Papirhandel i Unionsoppløysingsåret 1905, og kan dermed sjå attende på meir enn 100 år med bøker i sentrum av Nordfjordeid. Vi er i dag ein fullassortert bokhandel, med godt utval i kontor- og datarekvisita, reinhaldsartiklar, skulemateriell og tradisjonelle papirvarer som kort, spel/puslespel, ranslar/vesker, reiseeffekter, hobbyvarer m.m.
Kvalitet, miljø og kunde i fokus
Velkomen til ein hyggelig handel hjå oss i Libris og Kontorspar! Du finn oss i den hyggelige Eidsgata!
Frequency.no
Eidsgata 5 6770 Nordfjordeid Tlf: 57 86 03 88 post@rlbergset.no www.bergsetmote.no
Beslagvarer Pipehattar Takrenner Taksikring
Alleen 21 6770 NORDFJORDEID TLF 57 86 30 30 Bademiljo.no
Luftehattar Sentralstøvsugar Ventilasjon
Kaivegen 4, 6770 Nordfjordeid - Tlf. 953 04 250
Frequency.no
• • • • •
Overnatting i trivelige rom À la Carte Selskapslokaler Catering Møte fasilitetar
Ta kontakt for gode tilbod og vi tilpassar eit opplegg for ditt arrangement!
Frequency.no
Tlf: 57 86 06 22 post@bryggenhotel.no www.bryggenhotel.no
Ønsker du forenkling av papirmølla?
Øyane 4, 6772, Nordfjordeid - Tlf: 57 86 12 11 post@psbil.no - www.psbil.no
Gi bilen din en ny mekaniker!
Mekanikarar i Automester-kjeden vert tilbydd kontinuerlig opplæring innan ny bilteknikk. Difor finnest det alltid ein spesialist på akkurat din bil – uansett merke og årsmodell. Når bilen din har vore hjå oss, skal du være 100 % fornøgd, både med arbeidet vårt, kundeservicen og prisen. Kom innom, så byr vi på kaffi og ein prat om bilen din.
Hanjo+ systempakke tilbudet er gull verdt når du skal søke om sentral godkjenning og, eller erklære ansvarsrett. Vi bruker IKKE tlf. selgere, sparer et salgsledd og har lavest pris. Nå kr. 5.980,- for hele pakken. Hanjo+ er en totalløsning, med “alt inkludert” i prisen. Vi gjør det enkelt, trygt, raskt og rimelig.Telefon selger firmaene i bransjen tar fra ca. 3.000,- til 8.000,- bare for 1. punkt, sentral søknad. Flere som nå er blitt våre kunder, sier de har betalt opp til 30-40.000.- i året for bistand til system, søknad og diverse kurs som det ikke er formelle krav om.
Hengerutleige: • Varehengar • Bilfrakthengar Velkommen til PS Bil AS!
Frequency.no
Hanjo AS Øyane 8 - Postboks 3 - 6771 Nordfjordeid Tlf: 901 38 383 - post@hanjo.no
Vi tilbyr: • Utlånsbilar • Dekk • Dekkhotell • Mobilitetsgaranti • PKK (EU-kontroll) opp til 7,5 tonn
Riis bilglass servicepartner
HØG KOMPETANSE: Elv- og bratt lende-gruppa i Eid Røde Kors hjelpekorps har ein kompetanse som gjer at dei blir henta lange vegar for å delta i operasjonar. – Kart og kompass er basisen, så nyttar vi oss av erfaring frå internasjonal statistikk, og vi har eit moderne naudnett som gjer at vi kommuniserer med politi, helse og brann, seier operativ leiar Thomas Lefdal. Kim Inge Myhre med ryggen til. (Foto: Ove Haugen)
Dei frivillige som står på for samfunnet Eid Røde Kors er ein av dei frivillige organisasjonane i kommunen der det vert lagt ned ein enorm frivillig innsats. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Elv- og bratt lende-gruppa i hjelpekorpset, eit miljø på kring ti personar, har i løpet av dei siste åra opparbeidd seg ein kompetanse på redningsarbeid som få andre i landet kan vise til. Operativ leiar i hjelpekorpset og fagleg leiar i elv- og bratt-gruppa, Thomas Lefdal, fortel at dei blir sende lange vegar for å delta i redningsoperasjonar. – I sommar var vi mellom anna i Buskerud for å delta i ein operasjon i Hivjufossen der ein turist hadde falle i fossen. Det er lite kompetanse rundt omkring når det gjeld slike operasjonar, og det er viktig at nokon kan utføre denne type oppdrag, seier Lefdal.
60 Eid inviterer
Han fortel at gruppa var involvert i 15-16-aksjonar gjennom året i 2015. I tillegg må dei trene mykje og kurse seg. Så i dette miljøet vert det lagt ned ein stor ueigennyttig innsats. Dei får betalt for operasjonane dei blir utkalla til, men alle inntekter går tilbake til hjelpekorpset som nyttar pengane til vidare kursing og kjøp av utstyr. Korpset har depot saman med brannvesenet i Øyane. Mellom anna disponerer dei ein ribbåt som kan nyttast i samband med aksjonar i vatn.
Krevjande fysisk og psykisk Thomas fortel at dei har eit svært samanspleisa og godt miljø.
– Det gjev meining å gjere ein jobb med å hjelpe folk i ein vanskeleg situasjon. Eg skal ikkje legge skjul på at det ofte kan vere krevjande arbeid mentalt sidan vi kjem opp i vanskelege situasjonar. Sjølv om operasjonen startar med søk etter sakna personar, endar det ofte opp med søk etter antatt omkomne. Vi er ein godt samansveisa gjeng som tek vare på kvarandre. Vi har faste rutinar på debriefing, og følgjer opp med å prate med kvarandre når opplevinga har fått synke inn, seier Lefdal. Han er 24 år og fortel at han har vore engasjert i hjelpekorpset sidan 2007. Interessa for hjelpearbeid gjorde at han utdanna seg i same retning. No jobbar han i
GJEV OMSORG: Inger Johanne Brekke, leiar i Eid Røde Kors Omsorg, i samtale med Hans på Eid eldretun. Dette er ein av dei faste stadene besøkstenesta opererer.
ambulansetenesta. Heile det aktive hjelpekorpsmiljøet tel om lag 30 personar. Lefdal seier dei ynskjer å rekruttere fleire, både til generelt hjelpekorpsarbeid og til det meir spesialiserte hjelpearbeidet i elv og bratt lende. Spesialeining – Vi er interessert i at nye engasjerer seg. Dei som vil byrje går gjennom kurs i hjelpearbeid. Alle interesserte kan vere med i hjelpekorpset. Når det gjeld elv- og bratt-gruppa kan det vere såpass fysisk krevjande at vi må vurdere kven som passar, seier Lefdal. Operasjonar i bratt lende krev mellom anna klatreerfaring. Leiaransvaret i hjelpekorpset er fordelt mellom Thomas Lefdal sjølv, og ekteparet Sølve og Unni Kiviranta som er busett i Hornindal. Det spesialiserte miljøet trekkjer til seg interesserte frå bygdene rundt. Dei tre er også med i elv- og bratt-gruppa. Dei andre som er med i denne spesialeininga er Ove Haugen, Kim Inge Myhre, Stig Ove Nesbakk, Ann-Lovise Moldestad, Bjørn Engeland, Sindre Kiviranta og Kai Thomas Frislid.
Omsorg Den andre store avdelinga i Eid Røde Kors er avdelinga kalla Omsorg. Dette miljøet
tel omkring 20 aktive medlemmer som går besøksteneste hjå eldre etter fast turnus, og dei skipar til laurdagskafé og internasjonal møteplass i lokala til frivilligsentralen, Kringla. Leiar for Omsorg er Inger Johanne Brekke. Ho har vore med i miljøet sidan 1987. – Det er like mykje glede som det er arbeid. Folk er veldig takksame, fortel ho. Brekke er pensjonist, og seier ho har tid til å legge ned dette store, frivillige og samfunnsnyttige arbeidet. – Eg er samfunnsengasjert og samfunnsinteressert. Eg likar å bidra. Det er liten tvil om at Røde Kors som organisasjon gjer ein kjempeinnsats i lokalmiljøet, seier Brekke. Omsorgsgruppa har god kontakt med heimetenesta og frivilligsentralen, Dei går faste besøk på Eid eldretun og Eid sjukeheim ved sidan av å gå på heimebesøk til folk. Dei hjelper til med loddsal og vaffelsteiking når institusjonane har open dag, og dei arrangerer adventsbasar der inntekta til dømes kan gå til lokale velferdstiltak for unge og eldre. Treng menn Brekke seier det er mange eldre, einsame menneske også i Eid. Å få regelmessig besøk av ein sambygding kan vere eit lysglimt i
tilveret og gjere livet lettare. Brekke oppmodar endå fleire til å engasjere seg i omsorgsarbeidet. – Vi treng generelt fleire. Og spesielt er vi interessert i at menn skal engasjere seg. Det er mange menn rundt omkring som ynskjer besøk av menn. No er vi berre kvinner.
SAMARBEIDER MED POLITIET: Hjelpekorpset rykkjer ut når politiet treng hjelp, til dømes i søk etter sakna personar i fjell eller elv. Frå venstre Øystein Heimsæter, Sølve Kiviranta og Unni Kiviranta.
61
Velkomen til oss! Sogn og Fjordane sin einaste frittståande møbelbutikk!
MØBLER
Tlf: 57 86 09 22 6770 NORDFJORDEID
Følg oss på
Rikt utval av kaffi og te i lausvekt, nykverna espresso og nysteikte bakevarer. Interiør, galleri, sosial møtestad.
- Ei komplett oppleving på Didriks Kafé og Gaver Didriks Kafé & Gaver Eidsgata 38 - 6770 Nordfjordeid - Tlf: 57 86 10 02
Frequency.no
Leirongane 1, 6770 Nordfjordeid. Tlf. 57 86 03 77
naustdaltransport.no
Familiebedrifta Naustdal Transport som vart starta i 1930 av Ingebrigt Naustdal, er framleis ei bedrift som vert driven av familie. No er det nemleg 3.generasjon, barnebarna til Naustdal, som driv Naustdal Transport.
Naustdal Transport AS
Frå start og fram til no har bedrifta drive med transport, og dei driv i dag etter same oppdragsmønster som vart fastlagt i 1983. Dei driv mellom anna fisketransport frå Sogn og Fjordane til Austlandet, Norden og kontinentet. Firmaet har ei rekke oppdragsgjevarar, så vel store som små, som faste kundar, og kan i dag transportere stort sett det meste. Som returlast til distriktet vert det transportert mykje emballasje og bygningsartiklar i tillegg til ulike partilaster og stykkgods. Firmaet som starta på Naustdal ligg no på Øyane Industriområde på Nordfjordeid, kor terminal, verkstad og administrasjon held til. Med 23 sjåførar og tre tilsette i administrasjon, jobbar dei dagleg for å levere både lokalt og regionalt. Dei har 11 bilar med langdistansetransport mellom Vestlandet og Austlandet og fem bilar som kjører for det lokale bakeriet, Bakers, i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Naustdal Transport med fleire tiår av erfaring i bransjen, støttar opp lokalsamfunnet og er glade for å kunne levere lokalt like mykje som regionalt.
Frequency.no
Langeland - 6770 Nordfjordeid - Tlf: 57 86 01 01
Din lokale veterinær. Åpent 8-15 kvar dag. 24t akuttvakt.
Hos oss finner du feminine og moteriktig plagg til hverdag og fest
Smådyr
Hest
• • • • • • • •
• • • •
Poliklinikk Operasjoner Digitalt røntgen Ultralyd Tannbehandling Blodlab Kiropraktikk Pelsstell
Tannrasp Reproduksjon Halthetsutredning Røntgen
Fòr til hest, hund og katt. Følg oss på facebook
Frequency.no
Nordfjordeid 57 86 05 90
- Fagstrikkbutikk Stort utvalg i: Garn - Ull - Vevutstyr Gåver - Interiør Handverksprodukt Velkomen i butikken til ein hyggjeleg handel!
Eidsgata 41 - Nordfjordeid 57 86 13 95
Alleen 21 - Tlf 909 64 654 / 911 41 544 eidmiljo@gmail.com
Frequency.no
- Gode råd og rettleiing får du på kjøpet.
GLADE OG NØGDE: Frå venstre Arne Hjeltnes, dagleg leiar i Creuna, Marita Lindvik, leiar i Visit Nordfjord, og Alfred Bjørlo, ordførar i Eid. Etter ein del fram og tilbake der ein først prøvde å få til eit samarbeid med Sunnmøre, landa ein på eit reiselivssamarbeid i Nordfjord.
Nordfjord - alt i ein fjord Nytt reklamekonsept for fjorden
– Viss du er best, er det ingen grunn til ikkje å slå på stortromma. Orda tilhøyrer Arne Hjeltnes, leiar i reklamebyrået Creuna som er engasjert for å byggje den nye reiselivsmerkevaren Visit Nordfjord, eit samarbeid mellom Nordfjord-kommunane Eid, Selje, Gloppen, Stryn og Hornindal. – Og ein må slå på stortromma om det skal visast ute i verda, held Hjeltnes fram. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Den nye profilen vart presentert i Operahuset hausten 2016. Slagordet i satsinga er «Alt i ein fjord», «All in one fjord» på engelsk. Innhaldet er villast, lengst, djupast, høgast, størst, kortast. Det viser mellom anna til Myklebustskipet, omtalt som «verdas største vikingskip». Kopien som skal byggjast skal fylle vikingsenteret Sagastad. Denne storstilte turistsatsinga på Eid er planlagt ferdig våren 2019. Presentasjonen viste at det andre sentrale
64 Eid inviterer
satsingsområdet for Eid sin del er prosjektet surf-ski – den staden i verda det er kortast veg mellom surfing på bølgjer og snø. Hoddevik, Harpefossen og Stryn sommarskisenter er destinasjonane som er involvert i denne satsinga. Også Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, der det djupaste punktet på 514 meter ligg utanfor Rognes i Eid kommune, er av attraksjonane som er løfta fram. Og sjølvsagt blir Nordfjord sin eigen hesterase Fjordhesten profil-
ert som noko du må få med deg som turist i Nordfjord.
Barskt, vilt, tilgjengeleg Andre destinasjon som Visit Nordfjord profilerer seg kring er fjellet Skåla i Loen - høgste fjellet i landet med foten i havet, Via Ferrata - lengste hengebrua i Europa i ein Via Ferrata, gondolbana Hoven-Loen - lettast tilgang til den beste utsikta, Kråkenes og Stadlandet - den villaste naturen, og sjølvs-
LYDEN AV NORDFJORD: Eidaren Alexander Pavelich og bandet Lovespeak står bak musikken til den storslagne reklamefilmen for reiselivet i Nordfjord med låten DNA. Pavelich framførte låten åleine på scena i Operahuset i samband med lanseringa av Visit Nordfjord.
agt breane. Eit matra er barskt, vilt, tilgjengeleg. Eit anna saga, spor, smak. Med låten DNA dannar bandet Lovespeak med frontfigur Alexander Pavelich frå Eid bakgrunnsmusikken til den storslagne filmen sett saman av «beauty shots» frå Nordfjord. Filmen er laga i samband med lanseringa av det felles reiselivskonseptet. – No gjeld det å ta vare på denne energien. Til fleire som står bak, til sterkare merkevare, seier reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik. Også administrerande direktør Sverre Søraa i lakseeksportfirmaet Coast Seafood i Måløy understreka kor viktig det er med samarbeid då han på lanseringa fortalde om gründereventyret som starta for 30 år sidan. Han viser til den nasjonale satsinga Norsk Sjømat som ei suksesshistorie. – Vi er til stades i over 140 marknader i verda. Norsk Sjømat gjer ein jobb som er umogleg å gjere for Coast Seafood sjølv om vi har nesten 3,5 milliardar i omsetnad. Posisjonerer Eid i reiseliv Ordførar Alfred Bjørlo i Eid seier satsinga som no finn stad i kommunen skjer for å posisjonere Eid i reiselivsnæringa. – Vi ligg midt i Nordfjord. Mange slit med å
“
Mange slit med å få turistar til å kome, hjå oss er dei allereie. Det gjeld å skape attraksjonar som gjer at turistar vil bruke tid på Eid.
få turistar til å kome, hjå oss er dei allereie. Det gjeld å skape attraksjonar som gjer at turistar vil bruke tid på Eid. Bjørlo seier satsinga vil kome både tilreisande og dei som bur i kommunen til gode. – Det blir mellom anna ei heilskapleg satsing i sentrum med Eidsgata og ein flott front mot sjøen. Det blir eit attraktivt område for både turistar og fastbuande. – Er turistnæringa noko av det vi skal leve av i Eid i framtida? – Ja, reiseliv er ei av verdas største næringar, sjølv om mange ikkje tenkjer på det som næring. Vi ligg midt i hjartet av Fjord-Noreg, vi har store muligheiter til å vere med og ta ein posisjon. Dette kjem til å bli ei av dei verkeleg store næringane som syter for verdiskaping og arbeidsplassar.
Seawalk Bjørlo seier cruiseskipsatsinga med seawalk er ein del av det same biletet. Ein seawalk gjer at Eid kan ta imot cruiseskip med 5000 passasjerar.
– Eid er frå naturen si side skapt for å ta imot store skip. Dette har vi også historie for gjennom vikingskipa. Denne satsinga vil bli ein motor for verksemder på heile Nordfjordeid.
65
Din dyrebutikk i Nordfjord Pets Nordfjord ligg sentralt plassert midt i Nordfjordeid sentrum. Butikken er blitt driven av Camilla Nesheim og May Liza Johansen sidan 2008. Vi er ein kjekk gjeng som er lidenskapeleg opptekne av å gje den beste service og rettleiing til deg som kunde. Som faghandel etterstreber vi å utvikle fagkunnskapen vår heile vegen. Vi føl med i marknaden og ynskjer å tilby gode kvalitetsprodukt til riktig pris. Vi ynskjer deg velkomen til vår store og velfylte butikk. Her har vi fôr og utstyr til hund, katt, fugl, gnagar, kanin, reptil og fisk. I vår flotte akvarieavdeling finn du eit godt utval av plantar og akvariefisk. Vi har også levande dyr og fuglar for sal i butikken. Vi har god kontakt med lokale oppdrettarar og prøver å levere så kortreiste dyr som mogleg.
Frequency.no
Vi ynskjer at det skal vere ei kjekk og god oppleving å besøke Pets Nordfjord, vi vil gje deg tips og råd, riktige varer og ei kjekk samtale om dyr, fugl og fisk. www.pets.no
Barneutstyrbutikken med det gode utvalget og gode priser
EID TAXI SENTRAL
Det er vi som har arbeidsklær til barna
57 86 08 09
Regnklær Parkdresser Barnesko og støvler Luer og votter Kjempeutvalg av ull Barnevogner Bilstoler Stellebord og badeutstyr
6770 Nordfjordeid - Tlf. 57 86 16 70 Følg oss på facebook nb-no.facebook.com/barebarnKrambua
Frequency.no
Flytaxi: 57 86 05 00
Frequency.no
Alt et barn trenger fra nyfødt til 16 år
UNNGÅ SINTE DIREKTØRER! r e d y r f g n i r d n a r o f # Nettsiden din er i mange tilfeller ansiktet ditt utad. Hvordan vil du at kundene dine skal oppfatte deg?
Veldig mange bedrifter er mye bedre enn hvordan de fremstår på nett. Vi hjelper deg med å lage gode nettsider som inspirerer kundene dine!
grafisk designWEBSIDER3D-visualiseringtrykksaker PROFILERINGFILM OG FOTOforretningsutviklingkommunikasjonsløSNINGER M: +47 957 51 992 E: geir@frequency.no W: www.frequency.no F: facebook.no/frequencynorge
Frequency.no
Det ligg hjartet vårt nært å være eit godt vertskap! Velkomen til Eid!