Eid inviterer 2017-2018
Tema: Ung i Eid
Inspirasjonsmagasin
Onsdag 4. oktober innbyr Opera Norfjord til urpremiere på tingingsverket Sildagapet – ein opera om havets sølv og det eventyrlege sildefisket på vestlandskysten på midten av 1950-talet. Operaen er skriven av Jostein Avdem Fretland frå Lærdal og Helge Sunde frå Stryn og er ei oppdikta historie, men handlinga er lagt til Måløy, med tydelege, historiske referansar. Vi byr på spennande, nyskriven musikk med element frå jazz, kjende slagarar og folkemusikk. Både operakor, barnekor og dansarar kjem frå distriktet vårt, og solistane har røter frå Gloppen, Sogndal, Volda. Ålesund, Stryn, Skodje og Nordfjordeid. Velkomen til sildeopera full av kjærleik og sjalusi, glede, fortviling, måkeskrik, bølgeskvulp – og mykje moro! Dataspelmusikk er ein viktg ingrediens når spelarane går inn i spelverda si. No skal vårt publikum bli kjend med denne ganske nye musikksjangeren, som er sterkt i slekt med filmmusikken. Velkomen til Score-konsertar 2., 3. og 4. mars 2018 saman med vårt utvida operaorkester, kulturskuleelevar, sopranen Sabina Zweiacker og konferansier Orvar Säfström. Konsertane er for ALLE som elskar vakker og mektig musikk, desse konsertane har inga aldersgrense! Konsertstader vert kunngjorte i løpet av juni.
Frequency.no
I 2018 feirar vi 20 år, og hovudproduksjonen vert vakre La Bohème av Puccini, med premiere onsdag 3. oktober – følg med oss på www.operanordfjord og Facebook for oppdateringar!
ANNONSE
Velkomen til Eid! Om du bur i Eid, går på skule her, arbeider eller besøker oss: Hjarteleg velkomen! Eid og Nordfjord er i dag ein stad med satsingsvilje, vekst og optimisme. Folketalet og næringslivet er i vekst. Tettstaden vår, Nordfjordeid, vender seg mot fjorden med parkområde, badestrand, fleire bustader og nye handelsog opplevingstilbod. Nyopna idrettsanlegg, tomtefelt og eit flunkande nytt omsorgssenter gjer det lettare enn nokon gong å leve eit godt liv i Eid. Og vi har så smått starta førebuingane til å bli ei større kommune med endå meir mangfald, når vi i 2020 slår oss saman med våre gode naboar i Selje. Alfred Bjørlo, Ordførar. Foto: Øystein Torheim.
I årets Eid Inviterer-magasin set vi søkelys på det å vere ung i Eid. Eid skal vere ein stad der born og ungdom blir sett og høyrt. Og ein stad der det er rom for alle - uansett kva interessene dine er. Det skal vere lov å skilje seg ut, lov å gå sine eigne vegar. På dei neste sidene får du møte ein del av ungdommane våre. Som ordførar er eg utruleg stolt av ungdommen i Eid - alle saman. Eit afrikansk ordtak seier at "It takes a village to raise a child" - Det trengs ein heil landsby å skape ein god oppvekst. Eg håpar og trur Eid kan vere ein slik landsby. Både for dei som er her i dag, og for endå fleire. Du er velkomen til oss. Vi skal prøve så godt vi kan å vere her for deg – med hjartet i handa. Eid Inviterer!
Alfred Bjørlo ordførar i Eid
INNHALD 4
Planar klare for festivalsommar
og plate
11 12
Språk og skule er nøkkelen til god integrering
14 16 18 22 24 26 28 32 36
Ein heilt spesiell skulestad
40
Å gjere kvardagslege ting om til
Eid Elektro Ung og leiar Med kultur for læring og næring Multifix - Ungdomsbedrift Lokale hovud med globale tankar Folkehelsedugnaden Med varmt hjarte og flinke hender Nordfjordeid som handelsstad
kunst
41 44
På guterommet Frå operahuset på Eid til Oslo
Spektrum
48 50 52
Inspirasjonsmagasin for Eid kommune.
- Her skal det ligge!
53 56 61 65
Eid Motor Langreiste frivillige Den politiske engasjerte ungdomen i Eid Eid Inviterer Samfunn Eit heilt spesielt kulturliv i Eid Vi sikrar fjordhestarven Reinare Jord Energi frå fjord
Produsert av Frequency AS, Nordfjordeid (næringshagen Skreddarhuset) Redaktør: Geir Arne Solheim, Frequency. Art director: Trygve Johan Solheim, Frequency. Redaksjonsutvalet: Kathrine Berg frå handelsstaden Eid, Gerd Fløde Bjørlo frå Eid kommune, Sveinung Pile frå VAKN, Eli Førde Aarskog frå Nordfjord Vekst, Astrid Grete Torheim frå Frivilligsentralen og Ingvild Taklo Stautland frå Ungdomsrådet. Framsidebilde: Øystein Torheim, Frequency. Stylist på framsidebilde: Berit Adelsten Engbretsen. Modeller: Anna og Vilde. Journalist: Jørn-Arne Tomasgaard, Miriam Edler, Kennet Fagerstrand. Salsansvarleg: Vebjørn Vik Mjeltebakk | Fotograf: Øystein Torheim, Frequency. Grafisk design ved Frequency: Trygve Johan Solheim Trykk: Krona Trykk, Moss.
Sjå film frå Eid kommune.
Distribusjon: Eid, Vågsøy, Selje, Stryn, Gloppen, Hornindal, Bremanger. Frequency.no 2017.
3
festivalsom Planar klare for
og plate
MYKJE SOM SKJER: Anna Naustdal (t.v.) og Vilde Hjelle har hatt innhaldsrike månader etter at dei gjekk til topps i MGPjr 2016 med låten «Vestlandet». Her gjer dei seg klar for fotosession med Eid Inviterer. Hjelparane er mor til Anna, Hege Kristin Lillestøl Naustdal (t.v.) og Berit Adelsten Engebretsen.
4 Eid inviterer
mmar
Sigeren i MGPjr 2016 fører eidaduoen Vilde og Anna til stadig nye høgder. I sommar skal dei spele på fleire store festivalar, og dei planlegg plate.
5
KULTURSKULEN OG UKM: Vilde Hjelle (t.h.) og Anna Naustdal har gått på Kulturskulen og vore deltakarar på UKM på kvar sin kant. Det var mor til Anna og far til Vilde som på ei skiskyttartrening vart samde om at dei kunne prøve seg saman.
Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
– Eg har ikkje ord. Det har berre vore heilt fantastisk, oppsummerer Anna Naustdal (13 år i mai) månadene som har gått sidan ho og venninna Vilde Hjelle (14 i august) stod på scena og sjarmerte heile landet med låten «Vestlandet» - ein hyllest til landsdelen der dei sjølv bur. Låten er den første med nynorsk tekst som har vunne MGPjr. – Det har vore ein god del sommarfuglar. Men no byrjar vi bli vant til det, seier Vilde om det å skulle opptre på store scener landet rundt. I MGPjr-finalen i Oslo Spektrum var 7000 til stades. På juleturneen med andre MGPjr-artistar i desember samla dei også store publikum. Mellom anna var to konsertar i Grieghallen i Bergen utseld med til samen 3200 billettar. Då dei gjesta «Kvelden før kvelden» på NRK vesle julaftan toppa kanalen sjåartala med 1,8 millionar. «Vestlandet» var streama
6 Eid inviterer
1,8 millionar gongar på Spotify og sett ein million gongar på Youtube på det tidspunktet vi møtte jentene. Berre Marcus & Martinus av MGPjr-vinnarar kan vise til liknande tal nedlastingar. På Malakoff Då vi snakka med dei, hadde dei nyleg vore på festivalen Vinterfest i Narvik. Framover sommaren vil dei store publikumsopplevingane halde fram. Forutan at dei skal opptre på hovudscena på Malakoff Rockfestival saman med Indigo Child, skal Vilde og Anna synge på mellom anna Verket Festival i Mo i Rana, Færderfestivalen i Tønsberg, Tahitifestivalen i Kristiansund og Skyhøyt i Molde. På juleturneen reiste dei saman med vinnarar frå dei to føregåande åra. – Kanskje blir det juleturné på oss i år også, det får vi sjå, seier jentene.
Snøballen rullar med andre ord, og dei kan fortelje at dei no jobbar med låtskriving saman. Til no er det Vilde som har skrive låtane, men no er Anna også med. – Eg prøvar å kome med mine innspel til dei rare ideane som Vilde har i den vesle boka si, ler Anna. For Vilde går nemleg rundt med ei lita bok der ho skriv ned idear når dei dukkar opp i hovudet. «Vestlandet» har fått selskap av «Mens sola skin», «Vintertid» og «Hjerte av gull» når dei opptrer. I tillegg syng dei eit par-tre coverlåtar, det vil seie låtar dei lånar frå andre. Familieprosjekt Jentene har gode folk rundt seg i søsken og foreldre. Festivalsjef for Malakoff Rockfestival Arnt-Ivar Naustdal er far til Anna. Han tek seg av det som har med avtaler å gjere. Far til Vilde, Tore Hjelle, har god erfaring
MYKJE TALENT SAMLA: Vilde og Anna saman med gruppa Indigo Child i samband med øving i Gymmen. Begge skal spele på årets Malakoff Rockfestival.
med forretningsdrift som ein av leiarane i Eid Elektro. Han tek seg av økonomistyringa. Mor til Anna, Hege Kristin Lillestøl Naustdal, er musikklærar og kulturskulelærar, og hjelper til med øvingar og det musikalske. Mor til Vilde, Johanne Karin Hildenes Hjelle, har vore aktiv med blant anna val av scenekle. På nokre av konsertane har brørne hatt ansvaret for sal av t-skjorter og plakater. Heile gjengen var med då jentene hadde konsert på Hotel Alexandra i Loen i vinter. – Det som har vore veldig kjekt med dette er at heile familiane er blitt involvert og samansveisa. Jentene støttar kvarandre og passar på kvarandre. Dei har eit godt vennskap. Det er mykje humor og spøk, tulling og fjas. Mykje lått, fortel Hege Kristin om månadene med Vilde og Anna-feber. Ho meiner det er rett å seie at duoen Vilde og Anna er eit produkt av Kulturskulen til Eid kommune og miljøet kring arrangementet Ungdomens kulturmønstring (UKM), der begge lærte å spele, synge og opptre. Planlegg plate Det er NRK som har regien på MGPjr. Artistane har forplikta seg til å følgje eit fast program. Difor er det ein del avgrensingar for kor mange konsertar dei kan halde. Men
noko er fritt, og det er mellom anna her festivalane i sommar kjem inn i biletet. – Vi har fått veldig mange førespurnader frå ulikt hald, og har sagt nei til mykje meir enn vi har sagt ja til. Vilde og Anna kunne halde konsertar rundt i landet heile tida slik det har vore dei siste månadene. Men vi har vore medvitne på at dei skal følgje undervisninga på skulen, og ha ein vanleg kvardag. Konsertane har vi lagt til helgane, seier Arnt-Ivar. Både han og Tore Hjelle var med på den månadlange juleturneen frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. På spørsmålet om dei no tenar gode pengar på musikken, er svaret frå Vilde og Anna at dei i alle fall ikkje har fått dei inn på kontoane sine. Etter litt fleiping rundt bordet med at det er foreldra som stikk av med honorara, svarar ArntIvar meir alvorleg på spørsmålet: – Der er eit honorar for kvar konsert, men også utgifter. Det er inga økonomisk gullgruve, men litt pengar blir det. Vilde og Anna har lyst å spele inn plata, og planen no er at pengane dei tenar skal gå til det. Kjendisfaktor Tore Hjelle peikar på alt jentene har lært av opplevingane. – Dei har fått eit unikt innsyn i korleis ting fungerer, til dømes med avvikling av kon-
sertar og TV-innspeling. Og ikkje minst har dei fått mange gode vener. Vilde og Anna fortel at dei omtrent dagleg har kontakt med nokon av dei andre MGPjrdeltakarane på Skype eller andre kommunikasjonsformer på nett. Frå å vere anonyme jenter frå Eid og Haugen, må ein kunne seie at dei to er blitt kjendisar dei siste månadene. Då dei var på juleturné var dei så ettertrakta av autografjegerar at fedrane måtte ta dei med seg og springe. Det skal seiast at det også hadde samanheng med at dei hadde dårleg tid før avreise. Foreldra meiner eidasamfunnet har teke godt vare på dei to. Her får dei vere seg sjølv. Hadde sett backen før Dei fortel at dei blir kjende att på gata uansett kvar dei er i landet. – Det er berre kjekt, altså, seier Vilde. Anna fortel om då ho nyleg spelte back med 2003/2004-laget til Eid på Kaupanger. Ho vart kjent att. – Nokre ungar bak eine målet byrja synge «Vestlandet». Berre artig å bli kjent att, synes ho. Dette jentefotballaget frå Eid IL kan bli ein aldri så liten attraksjon rundt om å distriktet i årets sesong når også Vilde kjem på bana…
7
Glimt frĂĽ Malakoff 2016. Alle bilder tatt av Ă˜ystein Torheim.
V I K I N G S
A R E
M A L A K O F F. N O
CO M I N G
WA R D R U N A
Malakoff er ein av landets største festivalar, og ein institusjon som skapar identitet og bulyst i distriktsnorge. Kvar julimånad vert den vesle og sjarmerande bygda Nordfjordeid transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar. Malakoff arrangerer i år for 15. gong For lenge sidan herja vikingane på Nordfjordeid, og no kjem dei på nytt besøk. Bandet som har gjort norrøn kulturarv kjend for heile verda; WARDRUNA gjer ein eksklusiv avslutningskonsert i Amfiet på fre-dagen under Malakoff17!
BIFFY CLYRO, REFUSED, KARPE DIEM, ALAN WALKER, TURBONEGRO, ANE BRUN, CONVERGE, ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET, FRANK CARTER & THE RATTLESNAKES, SONDRE JUSTAD WARDRUNA, DANIEL NORGREN, DUBIOZA KOLEKTIV, JANOVE, SPIDERGAWD, DAGNY, KJARTAN LAURITZEN, DEATH BY UNGA BUNGA, THE SCHOOL, MGPjr-vinnarane VILDE OG ANNA, CARNIVAL KIDS, TIEBREAKER, LÜT, INDIGO CHILD, AHEAD OF THE CURVE, ELIDA HØGALMEN, JACKBOW, DON WILD og BAIA WOLF kjem til Malakoff-festivalen2017 som vert arrangert på Nordfjordeid 20.- 22. juli. Årets festival vert den fyrste som går over 3 dagar. Malakoff har dei siste 4 åra vore utsolgt med 12.000 publikummerar kvar dag, 5.000 festivalcamperar og ei unik festivalstemning.
#denbestefestivalopplevinga
Frequency.no
T H E
Nye Soul Electric • Nå med lenger rekkekvidde • Romslig og fulladet med utstyr • 2018-modell • 7 års garanti Fra
234.100,-
Priser levert forhandler, årsavgift tilkommer. Forbehold om trykkfeil og avvik fra avbildet modell.
r e d y r f g n i r d n a r o #f Vi hjelper deg med å fornye bedriften din slik at flere kunder får lyst til å handle med deg!
grafisk designWEBSIDERtrykksaker PROFILERINGFILM OG FOTOforretningsutviklingkommunikasjonsløSNINGER M: +47 957 51 992 E: geir@frequency.no W: www.frequency.no F: facebook.no/frequencynorge
Tekst: Magne J. Krumsvik, MJK Media Foto: Øystein Torheim, Frequency
- Her skal det ligge!
Det var med desse orda amerikanaren, mangemillionæren og kunstnaren William H. Singer skar igjennom og sa kor Nordfjord sjukehus skulle plasserast på byrjinga av 1930-talet. Då stod han oppe i det som framleis heiter Prestemarka, men som den gongen var utmarka til Eid prestegard. Folk i Nordfjord gjorde ein stor innsats for sjukehuset, men det er likevel uvisst om sjukehuset hadde blitt ein realitet utan den storslåtte pengegåva frå William H. Singer.
departementet utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Sjukehuset er i dag brukt som modell for lokalsjukehus i nasjonal helse- og sjukehusplan. Sjukehuset framstår i dag som eit moderne og framtidsretta sjukehus med eit godt tilbod tilpassa nordfjordingane. Her er akutt indremedisinsk beredskap og eit mangfald av ulike polikliniske tilbod.
Framtidsretta
For folk i Nordfjord betydde det svært mykje då dei fekk sitt eige sjukehus i 1936. Pasientane som tidlegare måtte reise den lange vegen til Florø, ofte i open båt i all slags ver, kunne no sleppe påkjenninga som denne lange reisa var. Det er ikkje så mange generasjonar sidan at ein nokså uskuldig skade kunne føre til katastrofe fordi ein ikkje fekk tak i hjelp. Truleg var det også dette William H. Singer såg når han kom til Nordfjord på byrjinga av 1900-talet. Singer hadde forelska seg djupt i landet som han besøkte første gong i 1904. I 1918 valde han å busetje seg i Olden saman med kona. Lite visste dei då om at dei skulle kome til å stå for drifta av Nordfjord sjukehus i fjorten år.
Samarbeid
Nordfjord sjukehus samarbeider med kommunane i Nordfjord om ulike tilbod, blant anna har kommunane legevakt sentralt plassert ilag med sjukehuset sin skadepoliklinikk i 1. etasje. I Helse Førde er filosofien eit sjukehus med fleire inngangar. Tilbodet til pasientane skal ha like god kvalitet og det er det same for pasientane kva for sjukehus dei nyttar. Samarbeid mellom fagmiljøa på dei ulike sjukehusa er difor viktig for oss. Sjukehuset har god rekruttering av fagpersonar, og har mange ulike profesjonar tilsett, mellom anna 4 overlegar innan indremedisin. Den viktigaste resurssen sjukehuset har er dei tilsette. Vi har både velkvalifiserte og dyktige medarbeidarar som står på for pasientane kvar dag.
Kamp for sjukehuset
Den 23. juli 1971 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å bygge sentralsjukehus for Sogn og Fjordane i Førde. Sjukehusa i Lærdal, Nordfjordeid, Florø og Høyanger skulle få «annan funksjon innan helsestellet». Etter magre år på 60-talet, og turbulens tidleg på 70-talet, begynte deretter ei tid med vekst for sjukehuset. Bjarne Halleraker kom til Nordfjord sjukehus i 1973, og som administrerande overlege sette han i gang med omfattande rekrutteringstiltak. Spesialisthelsetenesta og Nordfjord sjukehus har vore gjennom mange endringar fram til i dag. I 2012 gjennomførde Helse Vest på oppdrag frå
Psykiatrisenteret
Nordfjord psykiatrisenter si soge byrja med opprettinga av Psykiatrisk poliklinikk i 1983. Fylkeskommunen kjøpte det tidlegare bustadhuset til overlege Wennevold, og poliklinikken heldt til der fram til sommaren 2015. Psykiater Torleif Ruud vart tilsett som avdelingsoverlege i september 1983, og drifta kom i gang etter årsskiftet. Funksjonsplanen for det som seinare vart psykiatrisenteret, vart godkjend i februar 1983. Psykiatrisk poliklinikk fekk våren 1986 i gang eit bukollektiv med tre plassar. Plassane vart nytta til butrening for yngre kvinner. I oktober ANNONSE
1987 byrja dag- og døgnbehandlinga i mellombelse lokale med fire døgnplassar og nokre dagplassar. Bygningane som senteret nyttar i dag, vart offisielt opna i juni 1991. Senteret hadde den gongen ei langtidsavdeling med 14 døgnplassar og ei kortidsavdeling med sju døgnplassar. Attføringseininga gav tilbod om rehabilitering med butrening, arbeidstrening og sosial trening for pasientar med alvorlege sinnslidingar. Med tida vart det mindre trong for døgnplassar. Dels tok kommunane over mange oppgåver som før låg til spesialisthelsetenesta, dels greidde ein å nå pasientane med andre tenester på eit tidlegare tidspunkt, slik at innlegging ikkje vart naudsynt. I 2011 var det så få døgnplassar att at langtids- og korttidsavdelinga vart slegne saman til ein døgnpost. Den har no 12 plassar, tre av dei for brukarstyrte opphald. I same tidsrom vart ambulant team, poliklinikken og dagposten styrkt. Ambulant team har no døgnope tilbod, eit tilbod som vart oppretta i samarbeid med kommunane. Etter ei ombygging av den tidlegare langstidseininga, kunne Psykiatrisk poliklinikk endeleg flytte frå Wennevoldhuset og få plass i hovudbygnaden. I 2012 kom den nye, fylkesdekkande rusposten i bruk med ti plassar, to av dei for brukarstyrte opphald. Nordfjord psykiatrisenter er no ei avdeling under Psykisk helsevern i Helse Førde. I alt har senteret kring 80 årsverk. Føremålet med senteret er å gje pasientar og pårørande fyrsteklasses undersøking, behandling og rehabilitering – og hjelpe kommunane til å gjere ein endå betre innsats. For å nå desse måla legg vi stor vekt på at brukarane, kommunane og spesialisthelsetenesta skal vere likeverdige samarbeidspartar og utvikle tilboda sine i lag.
Fnan Bashay Berhie (19) med opphav i Eritrea har budd på Eid i ti år. I år er ho russ, i tillegg har ho deltidsjobb på Aktiv Trening og Cubus.
god integreri Har erfart at språk og skule er nøkkelen til
Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
– Eg elskar Eid og har lyst å ende opp her i framtida. Her er vi blitt tekne godt vare på, slår ho fast. Ein høyrer ofte at innvandring blir framstilt som ein kostnad for det norske samfunnet. Fnan må vere eit døme på vellukka integrering, at innvandrarar i mange tilfelle er ein ressurs for samfunnet vårt. Spørsmålet ein kan lære av i hennar tilfelle er: Kva gjekk bra? – For min del meiner eg heilt klart at nøkkelen var at eg kom raskt inn i skulesystemet, der eg lærte norsk ganske fort. Med språket kunne eg kommunisere, eg kunne følgje undervisning, eg fekk vener, og eg vart kjent med familiane til venene mine. Dette drog meg også inn i handball- og
12 Eid inviterer
fotballmiljøet. Og det var dei nettverka eg hadde bygd opp som gjorde at eg fekk jobb. Fnan, storebroren Alex (22) og veslebroren Thomas (16) flykta saman med mora Hdiat Tesfay Zerastion frå landsbygda utanfor hovudstaden Asmara i Eritrea i 2007. Då var ho ni år. Dei kom først til Oslo, drog vidare til Sogndal, før dei enda på Eid i 2008.
Gløymer morsmålet – I Sogndal vart vi tekne ut av klasserommet for å få spesialopplæring i norsk. Eg lærte språket fort, og då eg kom til Eid, gjekk eg rett inn i undervisningsmiljøet, fortel ho. – Mamma har vore veldig medviten på at vi borna skal satse på skulen, fortel ho. No er ho komen dit at ho snakkar dårleg
morsmålet Tigrinja. – Heime snakkar vi nesten berre norsk, i alle fall vi søskena. Eg snakkar dårleg Tigrinja, men har teke det som fag på skulen dette skuleåret. Ifølgje Fnan var grunnen til at dei flykta religionsforfølging. Familien er ortodoks kristen. Føler seg norsk – Det er ikkje krig i Eritrea lenger, men det er diktatur og ikkje gode forhold. Vi har ikkje vore tilbake etter at vi kom til Norge. Som norsk statsborgar trur eg det kunne gått bra å reise dit. Eg har ikkje lyst å flytte tilbake, eg føler meg norsk, men eg kunne godt tenke meg å reise tilbake på ferie, sjølv
Er blitt eidar: – Vi er blitt tekne godt vare på her på Eid. Eg trives veldig godt, og har lyst å busetje meg her i framtida, seier 19-åringen som flykta med mor og to brør frå Eritrea i 2007.
“
Heime snakkar vi nesten berre norsk, i alle fall vi søskena. Eg snakkar dårleg Tigrinja, men har teke det som fag på skulen dette skuleåret.
tillegg til å ta norskopplæring, veslebroren Thomas går ut av ungdomsskulen i år. Ho trur sjansen for vellukka integrering er større om du kjem til Norge som ung enn som vaksen. – For vaksne er det tyngre å lære språket. Ulike grunnar kan gjere at du blir hindra i å yte bra, til dømes helse eller hendingar du har opplevd i fortida. Eit barn kan utvikle seg meir på linje med norske born. Spesielt mange unge innvandrarar meiner eg er ein ressurs for samfunnet her. Har fått vener for livet Då familien kom til Eid, var det ikkje mange
ing
eritrearar her, men ifølgje Fnan er det no eit eritreisk miljø på Eid som samlast for å feire nasjonaldagen og religiøse høgtidsdagar. Ein tendens ein ser også her i kommunen, er at innvandrarar som kjem ofte reiser vidare til større byar der nettverka er større. – Der er det fleire med same bakgrunn, og dei føler seg meir heime. Slik er det ikkje for meg. Etter tre dagar i Oslo har eg berre lyst heim, seier ho og fortel at ho har fått vener for livet på Eid. Etter tre år på vidaregåande er venekrinsen utvida til bygdene rundt. Familien er busett i Bankgata i sentrum av Eid der dei leiger hus. Draumen og målet er å kjøpe eigen bustad.
RUSS I ÅR: Fnan Bashay Berhie er ferdig med vidaregåande og er på veg til studielivet, truleg i Bergen. – Mamma har vore veldig medviten på at vi borna skal satse på skulen, fortel ho.
om det trass alt kanskje er vanskeleg med tanke på situasjonen. Til hausten ligg det an til at ho endar opp i byen dit svært mange andre eidarar dreg som studentar – Bergen. Også broren Alex er på veg til studiar der. Utdanningsvegen er ikkje endeleg spikra. – Eg har realfag på vidaregåande og likar det, men føler kanskje at styrkane mine ligg endå meir innan økonomi- og samfunnsfag. Eg har ikkje teke ei endeleg avgjerd. – Lettare for born enn vaksne For Fnan og dei andre i hennar familie har integreringa gått bra. Broren Alex jobbar i dag hjå Sødermann Rådgiving på Eid, mora har jobba på sjukeheimen og dagsenteret i
Jobbar deltid: Ved sidan av skulen jobbar Fnan deltid på Aktiv Trening og Cubus. Her er ho i kjent posisjon bak skranken i resepsjonen på treningssenteret.
13
Kjetil Svarstad og Petter Leikanger
Alle foto: Kennet Fagerstrand
- Fagarbeiderfabrikken
Eid Elektro fortset å vekse. Den hardtarbeidande bedrifta runda 111 millionar i omsetning og nærmar seg no heile 75 tilsette. I tillegg til gradvis auke i sjølve bedrifta engasjerer dei seg framleis sterkt for å skape vekst på Nordfjordeid og bidra med å rekruttere nye elektrikarar til bransjen.
Utviklar fagarbeidarar
Eid Elektro er svært glade for at dei er lokalisert på same stad som Eid Vidaregåande Skule og den gode elektrolinja der, som i årevis har levert nye, flinke lærlingar til bransjen. - Vi har fokus på rekruttering heilt ned på ungdomsskulenivå og tek inn elevar slik dei får arbeidspraksis og sjå kva yrket går ut på, seier leiar for installasjonsavdelinga, Robert
14 Eid inviterer
Engeland. Dei har nettopp tilsett 4 nye lærlingar som skal starte til sommaren, og har per i dag rundt 15 lærlingar i sving hos seg. - Vi meiner det er viktig å støtte opp om den vidaregåande skulen og har stor glede av å kunne utvikle nye fagfolk. Med våre tre avdelingar innanfor installasjon, teknisk og større prosjekt, så får lærlingane erfaring innanfor alle felt og utfører praktiske ANNONSE
arbeidsoppgåver med stort omfang, seier dagleg leiar, Ove Kjøllesdal. Ein av lærlingane, Stian Yri, er takknemleg for at han får moglegheita til å være lærling hos Eid Elektro. - Det er kjekt å kunne få utdanning og ha lærlingtida mi i ei så bra bedrift som Eid Elektro. Det er mangfald i alle avdelingane og vi samarbeider oss i mellom, så vi lærer my-
Elias Vartdal
kje og får testa ut dei ulike delane av faget slik at vi finn ut kva fagfelt vi vil jobbe med i framtida. I tillegg til dei praktiske oppgåvene arbeider lærlingane med nettbasert teori og deltek på samlingar. - Målet er at dei etter 2,5 år skal kunne bestå fagprøva og bli fagarbeidar, seier Kjøllesdal.
Støttar lokalmiljøet
Eid Elektro er blitt ei stor bedrift med mange tilsette og verdset plasseringa si i lokalmiljøet. Dei har tatt på seg ei samfunnsrolle og ynskjer å være ei bedrift som bidreg til arbeidserfaring for dei unge og å støtte lokalsamfunnet. - Eid Elektro er opptekne av å bidra til lokalsamfunnet, og kvart år bidreg vi med sponsing til massevis av lag og organisasjonar, og dette er blitt ein stor post på budsjettet vårt. Vi gjer dette bevisst for at Nordfjord skal være ein attraktiv stad og ein god plass å bu, med eit rikt tilbod av fritidsaktivitetar, fortel Kjøllesdal.
Fleire større prosjekt i sving
I tillegg til stort fokus på utvikling av lærlingar, arbeider Eid Elektro med fleire store prosjekt. - Det største og nyaste prosjektet vårt er saman med forsvaret der vi står for prosjektering og leveranse av elektrotavler til den nye kampflybasen på Ørlandet, som er eit stort oppdrag for oss, fortel teknisk leiar, Tore Hjelle. - Sidan i fjor har Eid Elektro også fått god respons på dei sjølvdesigna naudskapa til tunnellar som vi har levert hundrevis av til tunnellar rundt i landet. I tillegg til dette har vi også store leveransar av både installasjonsarbeid og tavler til Lefdal Mine Datasenter, Amfi Nordfjord og Sætrevegen (Coop-bygget)i Stryn pluss mange andre prosjekt, seier Hjelle.
Vidare satsingar
Sjølv om Eid Elektro stadig arbeider med nye prosjekt, arbeider dei framleis med å utvikle sitt potensial og satse vidare. - Vi har i det siste byrja å sjå på Ørsta og Volda som satsingsområde for 2017, kor ANNONSE
vi allereie har eit større prosjekt i Ørsta. Vi ynskjer å satse på større prosjekt i regionen og samarbeid med fleire bedrifter som kan støtte kvarandre med teknisk samarbeid, avsluttar Hjelle.
KONTAKT
EID ELEKTRO
Øyane 12 6771 Nordfjordeid Tlf: 57 86 47 60 post@eidelektro.no
eidelektro.no
15
G O Ung
Tekst og foto: Miriam Edler, Frequency.no
16 Eid inviterer
r a i le
Øyvind Bjørlo frå Nordfjordeid er ein av dei som har flytta tilbake til heimkommunen og starta opp for seg sjølv. No driv han nemleg Bankkjellaren Bar & Gjestestove, som er blitt særs godt tatt i mot av lokalbefolkninga. Men vegen frå å stå i oppvasken som 13-åring til 27-åring med eiga bedrift har absolutt ikkje vore tilfeldig.
La opp grunnsteinane
Då Øyvind var liten dreiv mora i Husflid og han hugsar at dei hadde møter nede i Gamlebanken. Han minst at lokalet var spanande og innrømmer at lokalet alltid har vore ein stad han kunne tenke seg å drive. - Det var ekstra spesielt å få ta over lokalet i 2015 og pusse det opp slik eg ynskja, men samtidig behalde sjela til bygget. I mai 2017 har vi allereie hatt ope i eitt år, og det vart feira med konsert og grilling ute på terrassen her, fortel Øyvind. Øyvind har sidan vidaregåande hatt eit mål om å starte noko for seg sjølv og har hatt dette i tankane gjennom utdanninga si. - Målet mitt var å starte noko eige før eg vart 30 år, så eg ligg litt framfor planane mine, smilar Øyvind. Øyvind er faglærd kokk og utførte læretida si på Nordfjord Hotell med Runar Gudmundson som kjøkkensjef. - Etter Vidaregåande tok eg bachelor innan hotell-leiing, samstundes som eg jobba på Scandic hotell. Det siste året mitt jobba eg på Nordkapp som soussjef og på gourmetrestauranten Døgnvill i Stavanger, forklarar Øyvind. Allereie på Vidaregåande viste det seg at Øyvind var særs opptatt av å gjere sitt beste, og det vart lagt merke til. - Eg vart to gongar plukka ut til å delta i noko som heiter Leonardo Da Vinci-prosjektet kor ein får dra på utveksling i regi av skulen. Den første gongen var eg utplassert tre veker på ein restaurant i Murcia som ligg sør for Alicante. Det andre året var eg tre månader på same stad, men på eit firestjerners hotell, kalla Hotel Nelva. Her fekk eg lære mykje om det å drifte eit stort hotell med mange kjøkken og lære korleis ein arbeider når ein har mykje gjestar. Det var ofte bryllaup i hel-
gane og ein kunne sjå at dei som jobba der hadde gode rutine for å sikre effektivitet, forklarar Øyvind. Øyvind er sikker på at desse to turane har vore viktige i hans utdanning og auka interessa for bransjen.
Bankkjellaren Bar & Gjestestove
Etter fire år med opplæring og utdanning på fleire stadar fekk Øyvind fagbrev og returnerte til heimkommunen sin. - Det var viktig for meg å kome seg litt ut i verda og få oppleve stadar, møte nye folk, få erfaringar og utvikle eit nettverk, men hjartet mitt har alltid vore her heime og på vestlandet generelt. Eg er eit naturmenneskje som likar jakt, fiske og hytteturar, men det er også viktig for meg å vere i nærleiken av familien min og gamle vener, forklarar Øyvind. Øyvind har ein klar visjon om korleis han ynskjer å drive Bankkjellaren Bar & Gjestestove og har mange planar for lokalet som han skal ta litt etter kvart. - Lokalet skal halde eit profesjonelt nivå når det kjem til servering og utføring, kor dei tilsette skal ha god kunnskap og gjestane kan sjå at det er gjennomført. Vi ynskjer at alle som kjem inn får ein god oppleving i hyggjelege omgivnader. Planen er å bygge eit eige kjøkken for å kunne drive med eigen matservering, men fram til det har vi eit godt samarbeid med Nordfjord Hotell og Minibakeriet med levering av mat om ein ynskjer å førehandsbestille, seier Øyvind. Bankkjellaren Bar & Gjestestove har fleire tilsette som Øyvind meiner han ikkje kunne klart seg utan. - Alle dei tilsette er veldig fleksible og kan delegerast til ulike arbeidsoppgåver, alt etter kva som trengs å gjerast, så dei er ein særs viktig del av
drifta her, seier Øyvind.
Livet som dagleg leiar
Det krevjast mykje for å drive ei eiga bedrift og til tross for god og innhaldsrik opplæring har Øyvind hatt mykje nytt å sette seg inn i. - Eg har vore heldig og hatt opplæring av flinke folk som har gitt meg utfordringar og lært meg mykje, som eg får særs god bruk for no. Tidlegare har eg jobba på stadar som har ferdige system på korleis drifta skal gå føre seg. Denne gongen måtte eg setje meg inn i alle systema og sjølv velje ut kva vi skulle ta oss i bruk av, så eg har definitivt hatt mykje nytt å setje meg inn i, forklarar Øyvind. Med eiga bedrift kjem det mykje ansvar og Øyvind trivst når han har mykje å gjere. - Det er nytt for meg å vere dagleg leiar. Det er utfordrande på mange måtar, men sjølvsagt veldig kjekt. Ingen dagar er like og eg er stort sett innom alle tenkjelege arbeidsoppgåver i løpet av ein dag. Ved å eige noko sjølv har eg ein spesiell eigarskapsfølelse som gjør meg skjerpa og fokusert på å nå måla eg har for bedrifta. Eg er nok alltid litt på tå hev, smilar han.
Nøgd med valet
Å kome tilbake til heimkommunen har så langt vore positivt for Øyvind og han ser føre seg å kunne bu her i lang tid framover. - Eg synes det er heilt tipp topp å bu på Eid! Her er mykje å ta seg til av ulike aktivitetar og det er mykje som skjer. Eg opplev lite negativitet og folk er flinke å løfte kvarandre opp. Folk er mottakelege for nye ting og ein heiar på kvarandre, noko eg verkeleg har fått oppleve etter eg opna bankkjellaren. Det er særs kjekt at vi ligg midt i den flotte Eidsgata kor det er mykje liv om dagane, avsluttar Øyvind.
17
EID VIDAREGÅANDE SKULE
Eid vidaregåande skule har ei unik samlokalisering med Operahuset Nordfjord i sentrum av Eid. Med stor kultursal, kino, rockescene, studio, bibliotek og foajé gir dette eit spennande og kreativt skulemiljø, der skule, kultur og arbeidsliv går hand i hand.
læring og næ Med kultur for
Tekst: Miriam Edler, Frequency.no Foto: Tommy Jansen Bredesen
Kreativ og lærerik symbiose I 2009 flytta Eid vidaregåande skule inn i det nye praktbygget som no husar 380 elevar og fire ulike utdanningsprogram; Teknikk og industriell produksjon, design og handverk, elektrofag og studiespesialiserande. I tillegg har skulen grunnskuleklassar for ungdom med kort butid i Noreg i samarbeid med kommunen. Rektor Ove Bjørlo er særs glad for å ha skulen samlokalisert med Operahuset. - Å ha eit slik samarbeid er heilt unikt for oss. Vi ser på det som veldig positivt å samarbeide med lokale kulturaktørar som til dømes Opera Nordfjord. Det gjer at elevane får jobbe saman med profesjonelle aktørar innan media, lyd, lys, scenografi og kostyme, fortel Bjørlo. Det fins ikkje mange skular i Noreg som kan skilte med slike unike lokale, og Bjørlo har ved fleire høve halde føredrag om samlokalisering av kulturliv og arbeidsliv.
18 Eid inviterer
- Med ei slik samlokalisering får elevane ein unik lærings- og meistringsarena utanfor klasserommet. Dette gjer at dei trivst godt og får erfaringar dei kan ta med seg vidare inn i arbeidslivet, seier Bjørlo. Skulen set årleg opp musikalar i operasalen, som til dømes Grease, West Side Story og Les Miserables. - Det gjer noko med elevane når dei kan vere med å bidra. Eg trur det er viktig for elevane å sjå at det dei jobbar med blir brukt i lokalsamfunnet, fortel Bjørlo. Alle elevane på skulen kan velje å vere med på drama-/musikkfag eller breiddeidrett. I breiddeidrettsfaget får du trening og undervisning i mange idrettar, og skulen har eit godt samarbeid med Eid IL. - Å ha breiddeidrett som tilbod på skulen gjer at også dei med yrkesretta utdanning kan ta del i idrett sjølv om dei går yrkesfag, seier Bjørlo. ANNONSE
Ulike trivselstiltak Bjørlo meiner at det er viktig med fokus på trivsel på læringsarenaen. - Vi har ikkje hatt hærverk eller reparasjonskostnader etter at vi flytta inn i dei nye lokala, og eg meiner det er eit teikn på at elevane trivst her, fortel Bjørlo. Rektoren har stor tru på elev-lærar-relasjonen, og han ser fordelane med å vere samlokalisert med Operahuset. - Vi ser ei samhandling mellom alle som held til i Operahuset. Lokala fungerer som eit treffpunkt for unike og engasjerte enkeltindivid, seier Bjørlo. Skulen arbeider med ei ny utviklingsplan der hovudmålet er at alle skal fullføre skulen. - At elevane fullfører er særs viktig for at dei skal kome seg vidare og inn i arbeidslivet. Det vil av naturlege årsakar vere litt fråfall. Vi håper likevel at det å gje elevane ei pedagogisk opplæring på høgt fagleg nivå til-
passa kvar enkelt, kan bidra til å redusere talet på fråfall, fortel Bjørlo. I fjor innførte dei mellom anna eit tiltak kalla ”Draumeskulen” der målet er at dei nye elevane skal få ein betre start. - Førsteklassingane får mentorar frå 2. og 3.klasse som gjennomfører ulike trivselstiltak, bli-kjent-aktivitetar og klassesamtaler saman med kontaktlærar. Det gjer at elevane lettare knyt vennskap i ein ny klasse og at trivselen aukar, seier Bjørlo.
Mangfald og engasjement Eid vidaregåande skule er ein såkalla FNskule og husar heile 34 ulike nasjonalitetar. Eit slikt kulturelt mangfald meiner Bjørlo gjev auka verdi for skulen. - Eg trur elevane har godt av det kulturelle mangfaldet vi har, og at det er til god hjelp for auka forståing og engasjement. Ofte skal avgangselevar vidare på internasjonale skular, og då kan dette mangfaldet her ha vore til stor hjelp, fortel Bjørlo. Skulen har til no i samarbeid med kommunen oppretta tre innføringsgrupper der flyktningar og innvandrarar kan få norskopplæring. I tillegg har skulen eit aktivt elevråd som
æring
skal arbeide for elevane si interesse. - I elevrådet finn vi samfunnsengasjerte elevar som kan ta opp ønsker på vegne av medelevane. Det kan vere alt frå å leige inn føredragshaldarar på ulike tema som psykisk helse og vold i nære relasjonar, eller å ta opp det faglege som timeplan og undervisningsopplegg, seier Bjørlo.
Med arbeidslivet i fokus Skulen jobbar tett med både næringslivet og kulturlivet, både lokalt og nasjonalt. - Det er viktig at elevane får undervisning som kan ende opp med eit yrke, anten ein vil gå rett i jobb eller studere vidare. Vi har noko som heiter FYR, som står for fellesfag, yrkesretting og relevans. Det vil enkelt forklart sei at vi driv med relevant og yrkesretta undervisning i utdanningsløpet, fortel Bjørlo. Det fins fleire bedrifter i Eid og i regionen som tek inn elevar i praksis og som lærlingar. - Vi ønsker at det skal vere moglegheit for dei som går studiespesialisering å få praktisk erfaring like enkelt som det er for yrkesretta fag. Vi har mellom anna hatt eit tett samarbeid med Tine på Byrkjelo og Elkem i Svelgen for kjemielevar. Slike samarbeid er særs viktige for at elevane skal få kunnskap om næringslivet og kva behov og jobbar som fins, seier Bjørlo.
ANNONSE
Rektoren trur Eid vidaregåande skule er ein viktig utviklingsaktør i Nordfjord, der næringslivet i Eid har spelt ei stor rolle. - Næringslivet har stått på lokalt i utviklinga av skulen og tilbodet. Eit godt døme på dette er då næringslivet pressa på for å få automatikklina på elektrofag tilgjengeleg, noko vi er særs glade for, seier Bjørlo.
Hardt arbeid gjev resultat Ungdomane har mange moglegheiter og ulike vegar å gå på Eid vidaregåande skule, anten dei vel studiespesialisering eller yrkesfag. - Eg ser eit stort potensial i elevane våre. Ingenting kjem av seg sjølv, så det er viktig at kvar einskilt elev gjer sitt aller beste på skulen. Ein må rett og slett jobbe hardt for å nå måla sine, og vi er 80 tilsette som skal hjelpe elevane på vegen, fortel Bjørlo. Rektoren ser på det som ei stor ære og eit privilegium å få vere rektor for både dei tilsette og ikkje minst den flotte gruppa med elevar. Alt ein gjer på skulen skal kome elevane til gode, både i undervisninga eller når det gjeld ekskursjonar, føredrag, bedriftspresentasjonar, reiser, samarbeid eller praksis, avsluttar Ove Bjørlo.
19
Frequency.no
STÅRHEIM BILVERKSTED AS Komplett bilverKsted og bilsalg
mitsubishi outlander Hybrid
ste
195d3siden
Bilsalg
s
1973iden
Ynge Andre Dahlseth m: 917 48 183 m: yngve-dahlseth@starheim.no
Frequency.no
STÅRHEIM BILVERKSTED AS 6777 stÅrHeim tlf: 57 86 37 30 Fax: 57 86 37 31 postmaster@starheim.no www.starheim.no
Bilverk
Bernt Ove Piel m: 959 24 418 m: bernt-ove-piel@starheim.no
naustdaltransport.no
Familiebedrifta Naustdal Transport som vart starta i 1930 av Ingebrigt Naustdal, er framleis ei bedrift som vert driven av familie. No er det nemleg 3.generasjon, barnebarna til Naustdal, som driv Naustdal Transport.
Gibraltar 2016 Transport AS Naustdal
Frå start og fram til no har bedrifta drive med transport, og dei driv i dag etter same oppdragsmønster som vart fastlagt i 1983. Dei driv mellom anna fisketransport frå Sogn og Fjordane til Austlandet, Norden og kontinentet. Firmaet har ei rekke oppdragsgjevarar, så vel store som små, som faste kundar, og kan i dag transportere stort sett det meste. Som returlast til distriktet vert det transportert mykje emballasje og bygningsartiklar i tillegg til ulike partilaster og stykkgods.
Epost: post@naustdaltransport.no Telefon: 57 86 06 00
Firmaet som starta på Naustdal ligg no på Øyane Industriområde på Nordfjordeid, kor terminal, verkstad og administrasjon held til. Med 23 sjåførar og tre tilsette i administrasjon, jobbar dei dagleg for å levere både lokalt og regionalt. Dei har 11 bilar med langdistansetransport mellom Vestlandet og Austlandet og fem bilar som kjører for det lokale bakeriet, Bakers, i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Naustdal Transport med fleire tiår av erfaring i bransjen, støttar opp lokalsamfunnet og er glade for å kunne levere lokalt like mykje som regionalt.
Komplett bilverKsted og bilsalg
Frequency.no
STÅRHEIM BILVERKSTED AS Citroën C3 puretech
eU-kontroll alle bilmerker inntil 7500 kg skadeverksted lakkverksted gratis rep. av steinsprut i frontruta, ved godkjent forsikring gratis kontroll av aC av våre dyktige fagfolk dekkhotell bilberging
1997
ste
195d3siden
Bilsalg
s
1973iden
Ynge Andre Dahlseth m: 917 48 183 m: yngve-dahlseth@starheim.no
20 år 2017
styrt frå Eid
PRODUKT:
Bilverk
ISKREMER, PIZZA, SJØMAT OG BAKEVARER
Erfaring med kjøring av iskrem siden 1963
I 1997 startet vi fra Eid med to biler. Så fra 2002 utvidet vi til tre biler. Veksten fortsatte og fra 2010 kjørte vi med sju biler. I dag dekker vi helt fra Sognefjorden i sør til Romsdalen i nord. Fra Stad i vest til Skjåk i øst.
www.isbilen.no | Mob: 911 49 924 | E-post: avd105@isbilen.no
Frequency.no
STÅRHEIM BILVERKSTED AS 6777 stÅrHeim tlf: 57 86 37 30 Fax: 57 86 37 31 postmaster@starheim.no www.starheim.no
Bernt Ove Piel m: 959 24 418 m: bernt-ove-piel@starheim.no
Ungdomsbed Multifix
På fylkesmessa i Førde i mars 2017 utmerka ungdomsbedrifta Multifix seg med andreplass både med beste utstilling og beste produkt. Dei fire gutane, Kristoffer August Vereide, Hallvard Os Nes, Jon-Henrik Sætre og Audun Henden som går Teknikk og Industriell Produksjon (TIP) på Eid Vidaregåande skule har sidan 2016 jobba hardt for å ferdigstille produktet sitt. Tekst og foto: Miriam Edler, Frequency.no
Hadde ein plan frå start Kvardagen som elev på TIP-linja har dei lært om reparasjon, vedlikehald og produksjon av ulike produkt i metall og tre. Samarbeidet mellom dei starta allereie i haustferien 2016 kor dei fekk tilbod om å starte ei ungdomsbedrift. Sjølv om dei kjente til kvarandre på ulike måtar, var det å kome i
22 Eid inviterer
klasse samen som gjorde at dei danna ungdomsbedrifta. - Då vi fekk tilbodet var valet enkelt. Samarbeidet vårt har fungert veldig fint. Alle i gruppa er flinke til å jobbe og vi trivst saman. Og om vi har stått ovanfor utfordringar har vi prata om det og løyst det saman. I tillegg hadde vi nemleg allereie ein plan på
kva vi skulle produsere, fortel Kristoffer August Vereide.
Ein smakebit av bedriftsverda Etter at gutane starta opp Multifix fokuserte dei på den vanlege undervisninga og på det å lære seg korleis ein driv ungdomsbedrift. - Vi fekk bruke timane på verkstaden og ut-
(f.v.): Kristoffer August Vereide, Hallvard Os Nes, Jon-Henrik Sætre og Audun Henden.
drift
vikle produktet vårt, og fekk god hjelp frå lærarane. I prosessen måtte vi lære mykje om bedriftsutvikling, økonomi, prosjektleiing og produksjon, som også har vore ein del av pensumet det siste året. Det har vore veldig lærerikt og spanande, seier JonHenrik. Eit etterlengta produkt Faren til Kristoffer, som er med i Gloppen Produsentlag, var den første som lufta ideen om eit produkt som han visste fleire bønder ønska. Dei hadde i tillegg fått spørsmål frå ein bærbonde i Gloppen om det same, og då var det ikkje noko spørsmål lenger kva dei skulle produsere. Dei byrja arbeidet med å produsere jordbærkorghaldarar. - Dei tidlegare jordbærkorghaldarane som
har vore tilgjengelege for bønder hadde handtak av ubehandla tre som trakk til seg fuktighet og bakteriar. Vi ynskja å lage ein betre versjon, så vi laga våre av aluminium. Vi snakka med Mattilsynet som godkjente dette sidan materialet er lettare å reingjere, ikkje rustar, held lenger og er hygienisk, forklarar Kristoffer. I haldaren er det plass til 2 korger med jordbær som skal seljast slik dei er og ei stor korg til bær som skal brukast som syltebær, eller ein kan ha plass til 8 korger med jordbær. - Vi har laga fleire små hol i botnen av plata for drenering slik at overflødig vatn og væske kan renne ut, laga støtter på innsida og klart å kutte kostnadane i produksjonen, legg Kristoffer til. Eit lærerikt år Etter at året på TIP er omme til sommaren skal dei ikkje lenger drive ungdomsbedrifta Multifix, då dei alle skal gå nye linjer på ulike kantar av regionen. Men dei legg ikkje skjul på at dei det siste året har lært mykje
og fått gode erfaringar i det å drive bedrift. - Å ha moglegheita til å ha ei ungdomsbedrift og lære om alt som følgjer med er eit flott tilbod frå skulen si side, som vi er svært takknemlege for, seier Jon-Henrik. Til saman fekk Multifix UB bestilling på 45 jordbærkorghaldarar og dei har hatt mykje arbeid med å få alle desse ferdigstilt. - Vi jobbar no effektivt med å få ferdig dei aller siste bestillingane før sommaren, vi har rundt sju igjen før vi har nådd målet vårt. Vi ønska jo sjølvsagt å tene litt pengar på å ha denne bedrifta og vi kjem nok til å sitte igjen med ein liten sum, smilar JonHenrik. Sjølv om bedrifta avsluttar produksjonen er dei einige om at det har vore eit lærerikt år og at dei har hatt det kjekt saman. - I tillegg var det svært kjekt å vinne to prisar på fylkesmessa vi deltok på, avsluttar Kristoffer.
23
Lokale hovud med globale tankar Normatic på Nordfjordeid er ein av dei største elektro- og automasjonsbedriftene på Nordvestlandet med suksessrik aktivitet i mange verdshjørne som til dømes Sør-Amerika, Kina og Sør-Korea. Fokuset er å utvikle kloke hovud lokalt som gjev konkurransekraft både i den norske heimemarknaden og internasjonalt. – Samarbeidet med Eid vidaregåande skule og dialogen med dei lokale ungdomane er viktig for oss for å vekse vidare, fortel dagleg leiar Hans Inge Solheim i Normatic.
Mange år med strategisk godt arbeid har gjort det mogleg å bygge opp det store elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord der Normatic er ein leiande aktør. Riktig kompetanse i alle ledd har vore ein av hovudstrategiane til Normatic, for å sikre konkurransekraft og leveringsdyktigheit i den marknaden. – Vi ser mellom anna ein sterk vekst i dei nye satsingsområda våre innan maritim
24 Eid inviterer
sektor, mykje takka vere den lokale kompetansen som vi har sikra oss i bedrifta, seier leiar for maritim automasjon, Einar Løken.
Vekst i maritim sektor
Det heiter seg at framtida tek sjøvegen, og fokuset i Normatic har dreia stadig meir inn mot globale aktivitetar i maritim sektor. Dei tradiANNONSE
sjonelle satsingsområda til Normatic, som er automasjon innan bygg og vatn og avløp, har gjeve det riktige grunnlaget for at bedrifta kan ta på seg unike oppdrag innan det maritime. - Vi ser ein sterk vekst i den maritime aktiviteten vi har både innan brønnbåtar, avgassreinsing og automatisert kontroll på tankanlegg ved forsyningsbasar. Vi har store ordrereservar for
har Normatic sikra seg ein viktig posisjon. - Her har vi gjort noko unikt i verdssamanheng. Det å utvikle Nox-reinsing på store skip som går på råolje, utgjer eit betydeleg miljøbidrag i ein bransje som slit med ureining. Her reinsar vi 99 % av utsleppa gjennom avanserte kontroll-system og eigenutvikla teknologi saman med partneren, fortel dagleg leiar Hans Inge Solheim. Det tredje satsingsområdet er kontrollsystem på oljeforsyningsbasar frå Stavanger i sør til Hammerfest i nord. - Her installerer vi anlegg og sikrar kontroll over tankanlegga, mellom anna ved mengdemåling av medier som går over kai. På dette området har vi ei betydeleg ordrereserve, fortel Einar Løken.
Byggjer opp lokal kompetanse
lang tid framover og ser ein stadig vekst, fortel Løken. Innan havbruk og brønnbåtar så sikrar Normatic velferden til fisken om bord på båtane, både i Noreg og i ein viktig fiskeriregion som Chile. For reiarlaget Rostein har Normatic utvikla mellom anna prognoseverktøy for dei største og mest avanserte brønnbåtane i verda – Ro Artic, Ro Server, Ro North og Ro West. - Det er avgjerande viktig for reiarlaga å ha full
For å kunne levere produkt og tenester på dette nivået, så krevst det mange flinke hovud i alt frå lærlingar og traineear til utdanna fagarbeidarar, ingeniørar, programvareutviklarar og tilsette på master-nivå. - Vi har vore veldig bevisste på dette med å sikre rekruttering. Ein ting er å ta vare på dei tilsette når dei først byrjar jobbe hos oss, men vi må òg sikre interesse for faget og få ungdomane tidleg til å rette seg inn mot vår bransje. Elektrolinja ved Eid vidaregåande skule har vore uvurderleg for oss, der vi har jobba saman for å få til eit godt studietilbod. Det gler oss at skulen òg no kan tilby automasjon som ein del av skuletilbodet, i tillegg til elkraft og dataelektronikk. Ved avdelinga vår i Førde har vi i tillegg jobba mykje med å støtte opp om bachelor-utanninga på ingeniør på Høgskulen i Sogn og Fjordane og vi er aktive i traineeordninga i Framtidsfylket. Alt dette trur vi gjev resultat både på kort og lang sikt, seier Hans Inge Solheim.
Byggautomasjon Fornebuporten AS. Størrelse: 9 MNOK Nybygg kontorbygg A og B, fellesarealer, butikker, fitnessenter, restauranter, parkeringskjeller. Total bygningsmasse: 80 000 m2. Leietakere er Aker ASA (Røkke), Aker Solutions, Aker BioMarine, Akastor, Jaguar Norge, Moloklinikken, Kværner, HENT, Compass Group, Eurest, OceanYield, Eureka og NorgesGruppen. Normatic har levert lokal automatikk for kjøle-, varme-, ventilasjons- og elektriske anlegg for bygg A og B. Det er levert SD anlegg med 2 stk. Normatic Webservere med vektorbaserte dynamiske prosessbilder, menyverk, trend, historikk, alarmbehandling, alarmdistribusjon, omfattende EOS (Energioppfølgingssystem). Det er bl.a. romkontroll i 2100 rom/soner, 25 stk. ventilasjonsaggregater med avansert optimizerfunksjonalitet, 2 stk. omfattende energisentraler, omfattende sprinklersystemer og EOS med 150 termiske og elektriske energimålere.
Automasjon – eit konkurransefortrinn
Alt i alt ser både Solheim og Løken på automasjon som eit viktig konkurransefortrinn for dei bedriftene som satsar på gode kontroll- og styringssystem. - Automasjon sikrar meir effektive prosessar
KONTAKT
Elektrolinja ved Eid vidaregåande skule har vore uvurderleg for oss, der vi har jobba saman for å få til eit godt studietilbod. kontroll på fisken, mellom anna med tanke på dokumentasjon av velferda til fisken. Automatisert kontroll er difor sentralt for desse verksemdene som vi hjelper, fortel Løken, som er stolt over å levere komplette løysingar til dei største i marknaden. Ei anna unik grein av Normatic er avgassreinsingsanlegg for store tankskip, der Normatic har utvikla unike system saman med ein partner. Det er berre tre større aktørar på dette i verda, så her
og betre kontroll. Eg meiner at våre kundar heilt klart får eit konkurransefortrinn ved å oppsøke elektro- og automasjonsmiljøet på Nordfjordeid for å få hjelp. Datakommunikasjon har opna heilt nye moglegheiter for stader som Nordfjordeid, der byane etter kvart vert utkonkurrerte på levevilkår og kostnadsbilete. Vi inviterer stolt til Eid, smiler Hans Inge Solheim. (Sjå eiga sak om eit av Normatic sine automasjonsprosjekt, til høgre på denne sida) ANNONSE
NORMATIC AS
Postboks 132 6771 Nordfjordeid Tlf: 57 86 48 50 post@normatic.no
normatic.no
25
Folkehelse dugnad Med 2516 medlemmer er idretten den klart største frivillige rørsla i Eid. Den enorme dugnadsinnsatsen som vert lagt ned syner att i samfunnsreiknskapen i form av folkehelse.
Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Det er tildelinga av kulturmidlar i Eid kommune for 2016 som syner at talet på medlemmer i idrettslaga i Eid er 2516, av desse er 1367 under 19 år. Eid Idrettslag er klart størst med 1124 medlemmer. Stort sett blir aktiviteten driven på dugnadsbasis. Det er eit enormt tal timar som kvart år blir lagt ned for å få born, unge og vaksne i fysisk aktivitet. Fotball er den største aktivitetsforma. Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld seier fysisk aktivitet gjev god helsegevinst. – Det beste vi kan gjere for ungane våre, er å lære dei å like å vere aktive. Vi veit det skal lite fysisk aktivitet til før det får ein god helseeffekt. God fysisk helse gjev god psykisk helse. Og du får ein stor helsegevinst av å vere aktiv tidleg i livet som førebygging mot livsstilssjukdomar, seier Vingen Vedeld.
26 Eid inviterer
Han er sjølv aktiv i fotballmiljøet i Eid IL som ein av trenarane til G11-laget. I tillegg til det fysiske aspektet viser han til den sosiale sida. – Å drive idrett gjev deg tilhøyrigheit, samhald og sosial forankring. Det gjeld alt lagsarbeid.
Blomstring på Hjelle På uteområdet ved Hjelle skule møter vi nokre av menneska bak statistikken. Her er eit yrande liv på kunstgrasbana som stod ferdig i 2015. Fotballmiljøet i Heia IL utmerkjer seg med gode lag på jentesida. Denne kvelden er to jentelag i aksjon med trening. Først er det 10- og 11-åringane som er i aksjon, før 12- og 13-åringane følgjer på. – Vi har trent dei sidan dei var knøttelag, det vil seie i fem år. Aktiviteten i Heia IL har
teke seg stort opp etter at vi fekk i stand kunstgras på skuleplassen der det tidlegare var grus. Det er 87 elevar på Hjelle skule, om lag 60 av dei er med og spelar fotball, fortel Arne Hjelle. Han trenar J13-laget saman med Tore Myklebust. Det er 10 spelarar på begge jentelaga. Ifølgje trenarane er treningsframmøtet nesten 100 prosent. – Det er blitt ein samlingsstad. Folk går tur og stoppar opp og ser på. Og når det er kamp, kjem det mykje publikum. Folk likar å kome for å treffe andre, fortel Myklebust. For første gong stiller Heia IL lag på Norway Cup i sommar. Klubben med tilhald på Hjelle og omegn sender både jente- og gutelag i 13-årsklassen. Idrettslaget med det velklingande namnet har seks lag i serien og fem-seks med på knøtteturneringar. Ifølgje Arne Hjelle har det aldri vore større
JENTELØFTET: Jentene frå 10 til 13 år i Hjelle skulekrins er blitt gode i fotball sidan kunstgraset opna i 2015. Her er nokre av dei eldste i trening. Trenarane Arne Hjelle til venstre og Tore Myklebust i bakgrunnen.
STOR AKTIVITET: Trenarane Per Martin Haavik og Henrikke Dyptveit samarbeider om 10/11-års jentelaget i Heia IL. Dei er to av dei som gjer ein stor frivillig innsats som trenarar i fotballen i Eid.
den fotballaktivitet på Hjelle enn no. – Her er aktivitet på bana heile tida. Lyset blir ikkje sløkt før 22.30 om kvelden.
Familieprosjekt Kunstgrasbana er finansiert med Tippemidlar og støtte frå Gjensidigefondet, og bygd på dugnad. Eit lite klubbhus på sidelinja er også bygd på dugnad, det stod ferdig hausten 2016. I fjor fekk ein ferdig klatrepark ned mot riksvegen gjennom Mogrenda. Gymsalen på skulen er ifølgje Arne Hjelle sett opp ved hjelp av dugnad i samspel med skulen. Hjelle legg ikkje skjul på at dugnadsinnsatsen er eit resultat av at dei ynskjer å styrke skulen. Resultatet er blitt eit fantastisk uteområde som borna har stor glede av både i skuletida og på fritida. Ein konsekvens er at ungane er meir fysisk aktive. Per Martin Haavik er, saman med Henrikke Dyptveit, trenar for laget med jenter på 10 og
11 år. – Vi byrja med laget i fjor og vann alle kampane i serien. I år har vi 18 kampar, mot lag som Stryn, Hornindal, Måløy og Selje. Kunstgrasbana har utvilsamt gjeve miljøet eit stort løft. Laga våre er sjuarlag, slik at alle kampane går her på bana. Då er det sal av kaffi og kake, og folk kosar seg, seier Haavik. Han har born med i miljøet, og seier det er ei drivkraft for det frivillige engasjementet. Det blir ei familiegreie der både foreldre og vaksne er med i miljøet på og rundt kunstgraset. Henrikke Dyptveit (17) fortel at ho ville engasjere seg som trenar då laget ho sjølv spelte på ikkje vart meir av. – Som trenar lærer eg noko heile tida. Det er kjekt å vere i miljøet, og det er ein dugnad for klubben.
handlar livsstilssjukdommar med medisinske tiltak som kjem for seint, kostar mykje pengar og har avgrensa effekt. Vi må i større grad førebygge sjukdom med å stimulere til aktivitet og sunn livsførsel. Eit idrettsanlegg kan på denne måten vere ei god investering som kan bidra til å førebygge mellom anna akutt og kronisk hjerte-/karsjukdom seinare i livet. For å setje det litt på spissen: Du får ikkje mykje luftambulansetenester for prisen av ei kunstgrasbane. Vingen Vedeld meiner samfunnsutviklinga har ført oss i retning inaktivitet, og at idretten er ei motvekt. – Det er sterke krefter i dag i form av digitale medium som dreg i retning inaktivitet. Nokon kan vere kritiske og seie at aktiviteten er blitt for organisert i høve til tidlegare, men etter mitt syn er det ei god motvekt mot den digitale stillesittinga. Det er viktig at ungane får oppleve god meistring, og at det er rom for alle ferdigheitsnivå så høgt opp i alder som mogleg. Til tidlegare resultatfokus, til færre gjev ein høve til å vere aktive på lengre sikt.
Førebygging Kommuneoverlege Vingen Vedeld meiner det offentlege har mykje att for å drive anleggsutvikling. – Kunstgrasbana på Eid er tent inn att mange gongar ved å skape aktivitetsglade barn og unge med mindre risiko for livsstilssjukdommar i framtida. Etter mitt syn ser ein seg ofte blinde på kostnaden ved idrettsanlegg her og no, utan å tenkje på at det til slutt gjev pluss i samfunnsrekneskapen. Tilrettelegging for uorganisert kvardagsaktivitet med til dømes klatreparkar og offentlege leikeBak fra venstre : Andrea Vedvik – Renate B Leivdal – Silje Hjelle – Kamilla område, er også vikRønnekleiv- Maya Myklebust – Ida Holmøy – Øyvor B Leivdal tige tiltak. TendensFramme fra høgre : Ayla W Heggen – Marion Stoddern – Andrine F Heggen – en i Helse-Norge har Marte Skeistrand – Kristine Hildenes – Sigrid Berg Hjelle – Juliane Haavik Kneståande framme: Mathilde Nordnes. Liggande framme : Kristina Frislid. lenge vore at vi be-
27
FRÅ OPPSTRYN: 18. mars kom to geitekillingar frå Hjelledalen i Oppstryn til Frislid i Heggjabygda. Dessverre døydde den eine, men han vart erstatte med ein ny, difor er Truls og Gaute noko ulike i storleik. Dei er leikne og hoppar etter når eigarane Ingebjørg og Magnhild Frislid spring.
Med varmt hja og flinke hender Tvillingane Ingebjørg og Magnhild Frislid (17) ville ha noko dei ikkje hadde hatt før i sitt siste år som 4Harar. Dei drog til Hjelledalen og kjøpte seg kvar si geit. Tekst: Jørn-Arne Tomasgaard Foto: Øystein Torheim, Frequency
Vi er på garden Frislid i Heggjabygda. To geitekillingar hoppar våryre rundt på tunet. Rett bak kjem Ingebjørg og Magnhild for å passe på villstyringane Truls og Gaute som nyleg er komne til gards frå Oppstryn. Far Oddbjørn Frislid er bonde og driv mjølkeproduksjon. Geiter har det ikkje vore tradisjon for på garden. Men no er jentene i sitt siste år i 4H, og på den endelege etappen mot 4H-plaketten ville dei ha eit prosjekt som skil seg ut. Då vart det slik. – Tidlegare har vi hatt prosjekt med baking, friluftsliv, grønsaker og poteter. Slik
28 Eid inviterer
ting. No valde vi geit for å lære noko nytt. Logoen for den landsomfattande organisasjonen 4H er ein firkløver. Kvart blad på firkløveren har ein «H» i seg, som symboliserer «klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse. Haustfesten er høgdepunktet Haustfesten i oktober er det store høgdepunktet i 4H-året. På denne festen stiller deltakarane ut prosjekta sine. Dei må lage både budsjett, arbeidsplan og rekneskap i eit eige hefte som ligg ved oppgåva. Det
er ei årleg storhending i Heggjabygda når Heggrosa 4H som klubben heiter, skipar til haustfest i forsamlingshuset. Då stiller mest heile bygda opp, 70-80 personar i talet. Klubben lagar til program, og det blir kokt klubb med alt tilbehøyr. Oppveksten på gard gjer at dei to jentene har eit realistisk forhold til dyrehald. Her blir dyr fødde og fôra opp før dei endar som menneskeføde. Det kjem til å skje med geitene også, innser dei, sjølv om killingane minner mykje om kjæledyr der dei spring uregjerlig rundt.
Alle er med – Vi har ikkje bestemt oss for om vi skal stille dei ut på hausfesten enno. Kanskje stiller vi dei ut i form av mat, seier Ingebjørg. Til dagleg går søstrene i 2.-klasse på studiespesialisering ved Eid vidaregåande skule. Ifølgje tvillingane er så godt som alle ungdomane i bygda med i 4H-klubben. – Det er sosialt og lærerikt. Vi kan verkeleg anbefale andre ungdomar å vere med i 4H. Eit prosjekt er som å drive verksemd. Du startar med å skrive plan, lage budsjett, og så fører du logg over korleis det går undervegs. Det er mest hektisk siste månaden før utstillinga. Vi brukar å nytte haustferien til å bli ferdig.
Vil etablere ny klubb på Eid Dianne Eikås er rådgjevar for 4H-klubben Trekløveret i Kjølsdalen og leiar i Eid 4Hnemnd. Ho har oppfølgingsansvar for alle fem 4H-klubbane i Eid, i tillegg til Ålfoten, Davik og Bryggja. Forutan Heggrosa og Trekløveret, har Stårheim 4H-klubben Freidig, Hjelle har Hestehoven og Lote og Hennebygda Ørn.
Klubben Framgang på Torheim er nedlagt, det same er Televimsen på Eid. – Vi prøvar for tida å etablere ein ny klubb på Eid, fortel Eikås.
Ungdomane styrer sjølv Ho meiner ungdomane har stor nytte av å vere med i 4H. – For det første lærer dei seg organisasjonsarbeid. Ungdomane vel leiar, kasserar og andre styreverv sjølve, til skilnad frå andre organisasjonar der vaksne har desse verva. Og prosjekta som dei arbeider med heile året og som endar i ei utstilling på haustfesten, gjev dei innsikt i eit vidt spekter. Ikkje minst er det sosialt med leirar og friluftsliv. Du kan starte som aspirant i 4H når du er 10 år. Frå du er 12 år er du junior i tre år, før du blir senior i fire år. Er du med alle åra som junior og senior mottek du 4H-plaketten som 18-19-åring. Ifølgje Eikås er Hestehoven på Hjelle den største klubben i Eid med 40-50 medlemmer. På Stårheim er det knapt 30, i Kjølsdalen 30-40 og i Heggjabygda kring 20 medlemmer.
arte ANBEFALAR 4H: – Det er sosialt og lærerikt. Spesielt 4H-leirane er artige, samstemmer tvillingane Ingebjørg (t.v.) og Magnhild Frislid.
29
Frequency.no
- FRUKT, GRØNSAKER, KRYDDER OG MYKJE ANNA SPENNANDE MAT FRÅ ASIA -
China Restaurant 中國 飯 莊
Opningstider Mandag: 13:00-22:00 Tirsdag: Stengt Onsdag-torsdag: 13:00-22:00 Fredag-lørdag: 13:00-23:00 Søndag: 13:00-22.00
Både kinesiske og internasjonale retter! Ta med heim: 10% rabatt! Ring og bestille: 57 86 25 99 Allmenningen 1 - 6770 Nordfjordeid
Frequency.no
EID ASIA BUTIKK
TAK ST, te gn ing og prosjekt eri ng TJEN ES TER Ska de
B ol i gsa l gs r a p p o r t / Ti l stan dsana lys e
B yggesø k na d er
B yggel ed els e
Trykktest i n g av b o lig er
Rekl am as jon Skjøn n Naturskade gjen n om Norsk Naturskadepool
Uavh en gi g k o nt r o ll o g term of oto g r a f er ing
Frequency.no | Illustrasjon: Multi Maritime
Postboks 256, 6771 Nordfjorde id roge r@nordfjordtakst.no | www.nordfjordtak s t . no
Bli med på tidenes ferjeløft
i Nordfjord!
Frequency.no
Frequency.no
Takst
Nordfjordei
32 Eid inviterer
På ein av dei få varme april-dagane i år, lodda eg stemninga til fem av ungdomane på shopping på Nordfjordeid (ikkje at eg fant så mange fleire). Kva er det ungdomen tenkjer om eid som handelstad, kva er favorittforretninga deira og kva ville dei ha endra på? Det viser seg at ungdomen er nøgde med klesbutikkane på Eid, men mangelen på McDonald’s er ikkje til å legge skjul på!
Ungdomen har talt om
eid som handelsstad Tekst og foto: Kennet Fagerstrand
Desse spørsmåla vart stilt til dei ”heldige” ungdomane denne vakre fredags ettermiddagen:
Utfor Jysk står Selje-russen Amanda (18) som har ein tendens til å svippe innom Eid, då ho går på skule på Sandane.
1. 2. 3. 4. 5. 6.
1. 2.
7.
Kva er formålet med dagens eidabesøk? Kva er det beste med Nordfjordeid som handelstad? Kva er det verste med Nordfjordeid som handelstad? Har de ein favorittforetning? Dersom det var opp til deg, kva ville du endra? Eid er kjent for sine mange frisørar, dersom du måtte velje éin, kva slags ville det vert? Du er svolten og vil ha lunsj eller middag på Eid, kvar går du?
Dei første ungdomane vi møter er eidarane Oliver (14) og Edvard (15) går som to stolte hanar gjennom moengården vest. 1.
2. 3. 4. 5. 6. 7.
Edvard: Hente dressbukse til konfirmasjon Oliver: Er med Edvard og chiller, ser litt på klær og sånt Oliver: Mange klesbutikkar Edvard: Mange frisører Oliver: Det er litt dødt i gata, så det kunne vert fleire butikkar der. Edvard: Ikkje så veldig mange skobutikkar Begge: Walk in! Ganske kule klær, det er der vi brukar å handle. Oliver: Fleire butikkar i gata. Edvard: Fleire fisk i havet, sånn at her er meir å sjå på! Begge: Coco! Oliver: Noko enkelt på coop før trening sidan det er nermast skulen og treningssenteret. Dersom vi skal kose oss så er det dolca vita eller pizza house. Edvard: Kinarestauranten har veldig god mat. Begge er einige at dersom dei måtte velje ein stad, måtte det vert kinarestauranten.
3. 4. 5. 6. 7.
Var hos frisøren. Det er veldig koselig å gå i gata. Og no er det kome nytt senter, så det byrjar å kome seg! Varmdisken på coop er ikkje her lenger! Walk in, fordi venninda mi jobbar der Fleire butikkar og større utval. Nord Frisør - ei venninde sa eg skulle gå dit, vart storfornøgd. Kinarestauranten!
I det håpet om å finne to ungdomar til på Eid denne ettermiddagen byrja å ebbe ut, støta eg på Benedicte (16) og Tiril (17) som gøymde seg bak telefonane sine ved Extra. 1.
7.
Vi skulle ut på trilletur med ein unge, så enda vi opp her, og fikk handla litt. Mange moglegheiter, forskjellige butikkar. Her er tre matbutikkar rett ved siden av kvarandre, så det er veldig greit å kunne bestemme kva som er best for deg med tanke på pris og utval. Her er ikkje McDonald’s eller Burger King! Extra, henger her nesten kvar dag! Kanskje at gamle moengården hadde blitt fullt opp igjen, der er så tomt no. Cut, kjenner ho som eiger butikken, og har gått der så lenge at det er blitt ein vane. Dolca Vita eller Pizza House, men Dolca er favoritten.
1. 2. 3. 4.
Ungdomen i Eid kommune er glad i kinamat Dei trivst med mange matbutikkar, klesbutikkar og frisørar Dei saknar ferskvaredisk, McDonald’s eller Burger King Fleire fiskar i havet for auka underhaldning...?
2. 3. 4. 5. 6.
Etter den store empiriske undersøkinga med det enorme utvalet, kan vi no etter å ha analysert materiellet konstantere med at:
33
Din lokale entreprenør
OPAL er eit lokalt eigd entreprenørselskap med tilhald på Nordfjordeid. Den sentrale plasseringa gjer både Nordfjord, Sunnfjord og Søre-Sunnmøre til aktuelle marknadsområder. Vi utfører arbeid i alle entrepriseformer for store og små byggherrar innan privatmarknaden og offentleg sektor.
Føretrekt av stadig fleire
Med lang erfaring og solid lokal forankring, har OPAL befesta posisjonen som føretrekt entreprenør til stadig fleire. Vårt mål er å alltid levere topp kvalitet med gode løysingar - slik kunden ønskjer, til riktig tid og med riktig pris. Vi skal spegle trykkleik og faste rammer, der vårt gode omdømme er eit viktig fortrinn i marknaden.
Tverrfagleg og komplett
OPAL er kvalifisert for ansvarsrett for både utføring og prosjektering, og tilbyr kompetanse innan prosjektleiing, betong og tømrarfag. Vi har ein tverrfagleg stab som gjer oss godt rusta til å levere totalentreprisar i lag med våre samarbeidspartnarar. Dette gjev oss ein fleksibel struktur som gjer at vi kan hendtere både mindre og større prosjekt.
OPAL ENTREPRENØR
Øyane 8 - 6770 Nordfjordeid Tlf: 57 86 13 50 | Mobil: 977 75 643
Frequency.no
post@opalentreprenor.no www.opalentreprenor.no
OPAL er engasjert i små og store byggeprosjekt som
• • • • • •
einebustadar leilegheitsbygg næringsbygg offentlege bygg landbruksbygg hytter/fritidsbustadar
Eidatunet
Eit moderne og nytt bustadområde i nærleik til sentrum, skule, barnehage og fritidsarena som idrettspark, idrettshus og Operahus Nordfjord. Golvsengane er eit rolig, lunt og solrikt område og svært barnevenlig. Flott bustadområde med leilegheiter og tomannsbustadar i eit moderne designuttrykk.
skulestad Ein heilt spesiell
Etter samtale med elevrådsrepresentantar og musikalelevar ved Eid Ungdomsskule og Eid Vidaregåande Skule, ser ein tydeleg at Nordfjordeid tilbyr eit skuletilbod ulikt alle andre. Eit gjennomgåande godt miljø og det sjeldne tilbodet med operahus pregar skulekvardagen til ungdomen i Eid. Tekst og foto: Kennet Fagerstrand
Paul Pavelich og Vibeke Haus
36 Eid inviterer
Eid ungdomsskule Ingeborg Vik Yri (16) var både på scena og arbeida med PR- og marknadsføring i «2025» som var musikalen til ungdomsskulen i februar. Ho er også med i elevrådet på skulen, og ser positivt på skulemiljøet: «Sånn som eg får inntrykk av, trur eg det er eit veldig godt miljø. Vi har mykje tilrettelagt med fine uteaktivitetar i fint område, fin skule, alle er venar og snakkar ilag». Med musikalarbeid blir det i følgje Ingeborg «definitivt eit betre miljø, sidan vi er meir ilag på tvers av klassene», og ho legg til at det vert trist å snart skulle forlate EUS. Elevane meiner samlingspunktet «mediateket» med musikk og god stemning, i tillegg til eit stort uteområde er viktige faktorar for det gode samhaldet på skulen. Jakob Hagen (15) som spelte hovudrolla «Kåre» i «2025» legg til at vi er veldig heldige på Eid ved at vi har operahuset å by på, som gjev ein unik moglegheit til musikalframsyning. Alle på eid ungdomskule får ein sjanse til å vere med på musikal, då det vert arrangert ein gong kvart tredje år, sett fram at ein vel valfaget sal og scene. Til spørsmålet om det var kjekt å vere med på musikal, var svaret klart: «Ja veldig!» sa dei tre elevane Jakob,
Ingeborg og Karoline Alsaker (14) i kor, som alle var med i «2025». Ingeborg legg til at musikalen vart godt motteke av eidarane. «Vi hadde nesten full sal begge dagane, noko som er heilt utruleg at vi har fått til. I tillegg har eg merka kjentfolk på gata som seier det var veldig bra».
Eid Vidaregåande Skule På Eid vidaregåande skule møter vi elevrådsleiar Vibeke Haus (18), som opplever skulemiljøet på vidaregåande også veldig bra. «Vi har ikkje fått inn så mange saker om at folk ikkje har det så bra, men veit framleis om at ikkje alle har det like godt, og vi gjer ting for å få endra det. Vi har hatt mykje om psykisk helse, og planlegg no å gjere forskjellige ting i friminutta og gå inn i klasser for å finne på aktivitetar.» Musikalelev Paul Pavelich (19) legg til at folk har det utruleg bra på denne skulen, sjølv om det truleg alltid vil vere nokre få unntak, men han merkar store forbetringar mellom ungdomsskule og vidaregåande. Paul hadde hovudrolle både i fjorårets musikal «Sweeney Todd» og årets «back to the 80s». «Eg synest berre det er utruleg kjekt å vere med i musikal» responderer den engasjerte tredjeklassingen. «Det aller
beste med musikalen er samhaldet mellom elevane. Alle er hyggelige med kvarandre og folk får nye venar». Spesielt oppmodar Paul nye førsteklassingar å vere med på musikal, då ein er garantert godt mottak og nye venar. Sameleis med musikalen til ungdomsskulen, vart årets musikal frå vidaregåande særs godt motteke. Paul forklarar at etter hans forståing, selde årets musikal fleire billettar enn fjorårets, endå med ei mindre framsyning. «Sidan denne musikalen omhandla 80-talet, trur eg den appellerte til eit større publikum – det er songar dei har høyrt før, og eg trur folk var gira på å sjå den». Blir det noko tid igjen til skule, etter alle øvingane? «Spesielt opp mot premiera er det tidkrevjande med mykje øving, og kan vere vanskeleg å kombinere ilag med fristar på skulen». Då er det godt at lærarane er hjelpsame med andre fristar. Ein flott avsluttande beskjed frå elevrådsleiaren ved Eid Vidaregåande Skule: «Det er kjempegøy, eg anbefaler å søke på Eid vidaregåande skule!»
Fra venstre: Karoline Alsaker, Jakob Hagen og Ingeborg Vik Yri
37
Frequency.no
Langeland - 6770 Nordfjordeid - Tlf: 57 86 01 01
Din lokale veterinær. Åpent 8-15 kvar dag. 24t akuttvakt. Smådyr
Hest
• • • • • • • •
• • • •
Poliklinikk Operasjoner Digitalt røntgen Ultralyd Tannbehandling Blodlab Kiropraktikk Pelsstell
AVDELING EID, GJERDEVEGEN 8, 6770 NORDFJORDEID TLF: 98 90 45 25— WWW.KONTORPUNKT.NO
STORT UTVALG I :
Tannrasp Reproduksjon Halthetsutredning Røntgen
ALUMINIUMSFORMER, FAT, KAKEESKER, DUKAR, EINGANGSBESTIKK OG GLAS
Fòr til hest, hund og katt. Følg oss på facebook
KONTORMØBLAR, KONTORMASKINER,
Frequency.no
KAFFIMASKINER MØTEROMSUTSTYR OG MØBLAR FREMKALL DINE BILDER MED VÅR FOTOKIOSK, FRÅ MOBIL ELLER MINNEPENN
KOFFERTAR, SKULESEKKAR OG LOMMEBØKER
BLEKK OG TONER, SKRIVEUTSTYR OG OPPBEVARING
Alleen 21 6770 NORDFJORDEID TLF 57 86 30 30 Bademiljo.no
EID TAXI SENTRAL 57 86 08 09
Frequency.no
Flytaxi: 57 86 05 00 Din dyrebutikk i Nordfjord Pets Nordfjord ligg sentralt plassert midt i Nordfjordeid sentrum. Butikken er blitt driven av Camilla Nesheim og May Liza Johansen sidan 2008. Vi er ein kjekk gjeng som er lidenskapeleg opptekne av å gje den beste service og rettleiing til deg som kunde. Som faghandel etterstreber vi å utvikle fagkunnskapen vår heile vegen. Vi føl med i marknaden og ynskjer å tilby gode kvalitetsprodukt til riktig pris. Vi ynskjer deg velkomen til vår store og velfylte butikk. Her har vi fôr og utstyr til hund, katt, fugl, gnagar, kanin, reptil og fisk. I vår flotte akvarieavdeling finn du eit godt utval av plantar og akvariefisk. Vi har også levande dyr og fuglar for sal i butikken. Vi har god kontakt med lokale oppdrettarar og prøver å levere så kortreiste dyr som mogleg.
www.pets.no
Frequency.no
Vi ynskjer at det skal vere ei kjekk og god oppleving å besøke Pets Nordfjord, vi vil gje deg tips og råd, riktige varer og ei kjekk samtale om dyr, fugl og fisk.
Å gjere kvardagslege ting om til kunst Dagny Sunde på 18 år er avgangselev på studiespesialiserande på Eid Vidaregåande Skule. På 12-årsdagen sin fekk ho eit kompaktkamera i gåve, og fant raskt ut at det var særs kjekt å fotografere. Til konfirmasjonen kjøpte ho seg eit speilreflekskamera for ein del av pengane og kunne då byrje å ta betre bilete. Med åra har ho blitt ein hobbyfotograf som tek bilete for vener og kjente, for russeavisa og ulike naturbilete.
Tekst: Miriam Edler, Frequency.no Foto: Dagny Sunde Dagny kjem frå ein kreativ familie og synes det er viktig å ta bilete som skil seg ut frå andre. - Så lenge eg kan hugse har eg vore kreativ og glad i å lage ting. Det kjem nok av at eg har ei bestemor som malar og ei mor som teiknar. På ein måte gjer eg det same, bare på ein moderne måte ved hjelp av fotografering, seier Dagny. Med eit kreativt auge er det vanleg for Dagny å sjå motiv og moglegheiter for fine fotografi dagleg. - Eg er blitt vand med å sjå motiv heile dagen. Kor andre kanskje ser ein kvardagsleg ting, ser eg kunst og finn fram kameraet mitt, fortel Dagny. Etter ein del år med fotografering har ho funne nokre motiv ho er meir glad i enn andre. - Eg er særs glad i å ta nærbilete av naturen, som blomar og andre detaljar. I tillegg er det kjekt å ta bilete av menneske. Menneske er generelt eit særs spanande motiv sidan alle er så forskjellige. Det å kunne fange spesielle følelsar og finne noko spesielt ved kvar og ein, er veldig kjekt, fortel Dagny. Med ein del års erfaring har ho allereie utvikla stor kompetanse innan fotografering og har blitt flink med teknikken som krevjast for å ta gode bilete. - Eg har ikkje noko lysutstyr eller anna spesielt fotoutstyr utanom kameraet mitt. Men eg brukar dei lyskjeldene som fins på staden, som dagslys og lampar, seier Dagny.
eg vore PR-sjef for russeavisa kor eg har tatt bilete til sakene og alle russeportretta. Eg spør også vener som dei ynskjer å stille opp som modellar, kor vi saman planlegg sminke og antrekk, som eg synes er spesielt kjekt, smilar Dagny.
Planane til Dagny
Når Dagny no har fullført Vidaregåande har ho nokre tankar om kva ho kunne tenke seg å studere vidare. - Eg er usikker på om eg skal studere fotografi, sidan det er eit smalt yrke, og det er vanskeleg å bli så god at ein kan tene gode pengar på det. Men eg veit at eg ynskjer å studere noko kreativt, kanskje innan grafisk design og fotografering i tillegg, fortel Dagny. På Nordfjordeid har Dagny tatt bilete i fleire år, og ho kunne gjerne tenkje seg å kome seg ut i verda og oppleve andre kulturar. - Eg har sett ein del på ulike skular i utlandet, som California. Det kjem nok heilt an på om eg fin ei linje som passar meg. Elles kunne eg godt tenke meg å reise til Afrika og ta bileter av lokale stammar. Det viktigaste for meg er å ta bileter som fortel ei historie, og ved å reise til andre stadar kan eg utvikle mangfaldet i porteføljen min, avsluttar Dagny.
Ulike fotooppdrag
Dagny har enda ikkje tatt det steget kor ho tek oppdrag på bestilling, men har fleire gongar stilt opp kor det er behov for fotograf. - Eg har blant anna tatt bilete av bandet Indigo Child og av kleda i butikken til mamma som jobbar på Lagerutsalget på Eid. I tillegg har
40 Eid inviterer
www.dagnysunde.wixsite. com/dagnysunde
Daniel Austring frå Selje går siste året på Eid Vidaregåande skule og har ein hobby som er særs populær, men som dei fleste kanskje ikkje veit så mykje om. Hobbyen hans er gaming, og til dagleg kan han spele League of Legends opp til 6 timar om dagen.
Tekst: Miriam Edler, Frequency.no Foto: Øystein Torheim, Frequency.no
På Guterommet
Starta tidleg
Heilt sidan Daniel var liten har han vore glad i spel. Allereie i 5-7-årsalderen var Nintendo den store lidenskapen og har sidan då spelt mange ulike spel. - Eg byrja først å spele Call of Duty og World of Warcraft som ein sosial aktivitet saman med kompisar. Men eg har sidan 2012 spelt League of Legends fast. Etter å bli betre og betre, vart det ein meir seriøs aktivitet for meg, fortel Daniel. No er Daniel på det punktet kor han har blitt særs god, og er faktisk blant dei 700 beste av rundt 1,6 millionar spelarar i League of Legends!
si, seier Daniel. På E-sport-linja får elevane delta i ligaer og turneringar, lære om taktikk, kommunikasjon, samarbeid og spele med og mot Noregs beste spelarar. Dei reiser også på arrangement og studieturar til for eksempel Sverige, Tyskland eller Polen, der dei kan vere med på turneringar eller ser på profesjonelle E-sport-spelarar. - Syver Natvik frå Eid som gjekk på E-sport linja i 2016-2017, var med på Dreamhack Winter Jönköping i Sverige og kom på første plass, kor han og laget vann 15 000 SEK og datautstyr til fleire tusen kroner. På slike konkurransar kan ein verkeleg få vist kva ein er god for, seier Daniel.
Store moglegheiter, men mykje arbeid
League of Legends, som på gamingspråket vert kalla LOL, er eit MOBAspel. MOBA står for ”Multiplayer Online Battle Arena”, som vil sei at ein spelar på lag saman med spelarar over heile verda. Spelet er særs populært og når opp mot 67 millionar spelarar pr. månad. - I 2016 hadde spelet 100 millionar spelarar i månaden, som gjer det til verdas største MOBA-spel, fortel Daniel etter eit raskt søk på spelet sin database. Dei beste innan E-sport, nettverk-gaming, kan tene alt frå 500 000 til 1 million norske kroner årleg på å vere profesjonell gamer. Det er mange som ynskjer å kome seg opp på høgast nivå, Daniel inkludert. - Mange trur at det å være profesjonell gamer er enkelt, men det er mange som jobbar 14-15 timar om dagen for å bli betre, seier Daniel. Sjølv om han er glad i gaming er det nokre dagar han ikkje har så stort fokus på det. - Det er ikkje alltid eg orkar å game i det heile, og heller har lyst å gjere andre ting, som å vere sosial med venane mine eller drive med skulearbeid, fortel Daniel.
Vil satse på interessa
Eit stort mål Daniel har, er å kome seg inn på eit Europeisk lag. For å klare det, må han bli mykje betre og det tek lang tid. - Sidan eg byrja å spele LOL i 2013 har eg totalt brukt ca. 2495 timar, eller 104 dagar, i gaming fordelt over fire år, og må nok jobba enda hardare for å nå måla mine, seier Daniel. Om Daniel ikkje lukkast innan profesjonell gaming har han likevel eit realistisk syn og ein plan på kva han då skal gjere vidare. Han har blant anna IT som fag på skulen på grunn av interessa si. - Eg ynskjer å kome så høgt som mogleg, men eg veit det er særs vanskeleg å få seg jobb innan gaming. Eg er interessert i spelteknologi og IT, og kunne gjerne tenke meg å jobbe innan for noko i den bransjen seinare, kanskje spelutvikling eller datateknologi, seier Daniel. - Når ein verkeleg likar det ein driv med, er det viktig å dyrke interessa si og satse på det. Det er ein god bonus for meg å spele og bli god etter kvart, og målet mitt er å bli medlem i ein Europeisk klubb. Der spelar ein mot dei beste, og der kan man verkeleg bli lagt merke til, avsluttar Daniel.
Fordeler med gaming
Det er mange kjekke fordelar med gaming som kanskje er ukjent for mange. - Gaming av LOL er, sjølv om ein ikkje skulle tru det, særs sosialt. Det er eit lagspel kor ein må samarbeide for å bli betre. Det er alltid mykje som skjer i spelet og ein kan prate med kvarandre og spele samtidig. Eg spelar for eksempel ofte med gamle kompisar frå Selje over nettet, men eg har også knyta vennskap over heile verda, som for eksempel i Romania. Vi har jamleg kontakt på Facebook, fortel Daniel. Det er krevjande å kome seg høgt opp på rangeringslista og Daniel har ein plan for korleis han skal forbetre seg og satse meir på gaming. - Eg har kome inn på Folkehøgskulen i Buskerud si E-sport linje, som er for dei som ynskjer å fokusere på gaming i eit heilt år og dyrke interessa
41
Håndverksbakeri og kolonial Sjarmerende og koselig utsalg i Eidsgata
eidsgata 42
| #minibakeriet
|
99 69 52 58
Take away sandwich Nye, spennende smaker hver dag!
Brød og bakervarer Håndlaget hver natt!
Erfarne kokker
Kolonialvarer
Håndverk, tradisjon og smak i fokus!
Delikatesser fra hele verden!
NorwegianClassic NorwegianClassic Olga Novus Novus Olga
Eidsgata 45 Mobil: 414 06 860 / E-post:post@sefar.no
http://www.sefar.no sefar.no sefar.no sefar.no
Frequency.no
Klinikk 54 fysioterapi og akupunktur a/s Tlf 57 86 17 71 / 905 70 973 Spesialisttannlege a/s Tlf 57 87 14 76
til nye og større lokalar!
Nordfjord Hjerteklinikk Tlf 901 64 921
1. Oktober 2016 opna Kristin Rødven Eide stolt dei nye lokala sine på Almenningen 1 på Nord7 år har gått og på den tida har arbeidsmengda og talet på tilsette auka jamt og trutt. Kristin Rødven Eide og Margunn Brendehaug jobbar fulltid, og vel så det, med fotograferingar, redigeringar og design. I periodar med mykje å kan halde styr på butikksal og produksjon. Dei to fotografane har lenge leita etter eit lokale med større plass å boltre seg på. Plutseleg fann dei det perfekte lokalet på Almenningen, rett ved sida av politiet sine
voner det skal bli rom for å få inn eksterne kurshaldarar i tillegg til seg sjølv. Ho forsikrar at dei framleis vil ha tid til fotograferingar av baby, born, familie, eigedomsfotografering og kunst. Ho fortel at avtaleboka allereie har byrja å fylle seg opp av brudepar Kristin og Margunn gleder seg til tida framover og ynskjer alle hjarteleg velkommen innom! Sjølv om adressa er annleis er telefon og e-post den samme: Fotografen Eide Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid Tlf.: 911 70 147 post@fotografeneide.no www.FotografenEide.no
passa dette lokalet perfekt til fotografering og meir sal av rammer og andre produkt, men her er også plass til dagslysfotografering, kurs og andre kjekke ting. Å få til fotokurs, målekurs og andre kreative kurs har vore ein av Kristin sine store draumar, ho
Frequency.no
Øystein Torheim 6770 Nordfjordeid - Tlf: 909 60 316 E-post: post@oysteintorheim.no Web: www.oysteintorheim.no
Frequency.no
Tannleger Tlf 57 86 09 10
Tekst: Sofie Sæther Færestrand
Indigo Child
- Frå operahuset på Eid Ungdomsgruppa Indigo Child si musikalske reise starta ved tilfeldigheiter i 2015 under Ungdommens Kulturmønstring på Nordfjordeid. Sidan då har ungdomsgruppa stått på scena ved store og små arrangement, både i heimkommuna og regionalt, som Malakoff Rockfestival, Landsfestivalen til UKM og seinast som pauseinnslag under MGP Junior.
Foto: Martha Pukallus @ UKM Landsfestivalen 2016
44 Eid inviterer
Tilfeldig start Det heile starta då songlæraren til Sunniva Honningsvåg ville kople ho opp til ei gruppe på Ungdommens Kulturmønstring i 2015. Dei meiner sjølv at det var ganske tilfeldig at akkurat dei fem danna ei gruppe. Ungdommane Sunniva Honningsvåg, Maren Holmgren, Martha Pavelich, Karl Oskar
Oskar. Alle i gruppa har hatt interesse for musikk sidan dei var små og fleire av dei har lenge gått på kulturskulen. - Musikk tar majoriteten av fritida for fleire i gruppa. Men dette er mest for å dyrke interessa, understrekar Karl Oskar Nyberg. Å vere musikar på Eid Medlemmane i Indigo Child syntes det er kjekt å vere musikarar på Eid. Dei skryt av gode musikklærarar og er svært nøgde med musikkmiljøet i kommunen. - Kulturen på Eid er heilt spesiell når det kjem til musikk. Eid som kommune er flinke på å fremme lokale musikarar og støtte oppom musikken, meiner Karl Oskar Nyberg. - På Eid er det nok å ha ei sterk interesse for musikk og Kulturskulen spelar ei sentral rolle for opplæring og dyrking av talent. Vi får blant anna nytte Gymmen som øvingsog produksjonslokale gjennom kulturskulen, noko som for oss har vore heilt uvurderleg, seier Johan Espelund. - Gymmen har vore veldig spesiell for oss, legg Karl Oskar til.
til Oslo Spektrum Nyberg og Johan Espelund har visst nokså ulike interesser innanfor musikken. - Sunniva og Maren har i hovudsak utøvd populærmusikk, medan resten av oss har drive med klassisk musikk og jazz, seier Karl Oskar Nyberg. Til tross for dette valte dei å fortsette saman etter at gruppa vart danna i 2015 og til no har dei produsert fleire eigne, uoffisielle låtar. Balanse mellom skule og musikk Alle medlemmane i gruppa har gått på Eid Vidaregåande skule. Maren Holmgren har det siste året gått på folkehøgskule i Trondheim, med fokus på produksjon og populærmusikk. Resten av gruppa går no sitt siste år på vidaregåande. Sidan alle går på skule må dei balansere dette saman med musikken, noko dei syntes går veldig greitt. - Lærarane er veldig støttande og ønskjer at vi skal få tid til begge deler. Dersom vi for eksempel må gå tidlig på grunn av ein konsert er ikkje det eit problem, seier Karl
Indigo Child i Oslo Spektrum Under landsfestivalen til UKM vart Indigo Child som eitt av to band valt ut til å spele under pausa på MGP Junior i Oslo Spektrum. Salen var fylt med 6-7 tusen spente publikumarar og det var dermed eit mykje større publikum enn dei har spelt for tidlegare. For gruppa var dette ein spennande og lærerik oppleving.
- Vi fekk heldigvis førebu oss på generalprøva kor det var rundt tusen personar til stades. Under sjølve showet var det ganske mørkt i salen, men på slutten av songen kunne vi sjå mange som lyste mot oss med mobilen. Det var kjempegod stemning, smiler Karl Oskar Nyberg. Særleg var stemninga god då eidarane Vilde og Anna gikk av med sigeren. - Heile 300 eidarar var i salen, og det tok heilt av då dei vann, seier Johan Espelund. Etter framføringa i Oslo Spektrum merka Indigo Child at lyttartala gjekk opp og dei er einige om at det var ein flott moglegheit for å kunne nå ut til endå fleire med musikken sin.
Vegen vidare Indigo Child har eit avslappa forhold til framtida og kosar seg med musikken og tenkjer at framføringa i Oslo Spektrum var toppen for gruppa. - Vi ønskjer ikkje å vere for ambisiøse og vel derfor å nyte det vi allereie har fått til, fortel Karl Oskar. Gruppa sitt største ønske er at folk vil høyre på musikken dei lagar. - Det er godt nok at folk set pris på det vi gjør, seier Johan Espelund. Når det er sagt er vegen framover litt usikker. Til hausten vert gruppa sendt i ulike retningar når dei skal studere vidare på ulike stader i Noreg. Sjølv om dei kjem til å studere andre ting enn musikk er dei einige om at musikk alltid vil spele ei stor rolle i liva deira. - Det blir spennande å sjå korleis framtida blir, avsluttar Karl Oskar Nyberg. Foto: Svein Nesbakk, Kulturnatt
45
Fjordenes Tidende
Måløy: Bastavik, 6700 Måløy Tlf.: 57 84 91 91 Eid: Kaivegen 11, 6770 Nordfjordeid Tlf.: 57 86 01 90
Måløy: Bastavik, 6700 Måløy Tlf.: 57 84 91 91 Fax: 57 84 91 92 Eid: Kaivegen 11, 6770 Nordfjordeid Tlf.: 57 86 01 90 Fax: 57 86 10 35
www.isovent.no
Isovent – beskytter og ventilerer dine verdier Dårlig ventilasjon i boligen din? Det er fornuftig å oppgradere dersom du: – har dårlig inneklima. – har mekanisk ventilasjon uten varmegjenvinning. – har luftbehandlingsaggregat med kryssveksler. – skal etterisolere, bytte vinduer og tette boligen. – har høye Radonmålinger. Stikk inn om for en prat!
Vi utfører arbeid i følgende kategorier:
HOUSE
STYRKE & KONDISJON
A: Kaivegen 11 – 6770 Nordfjordeid T: 906 26 195 E: post@hamnatrening.no N: hamnatrening.no
åpent
24/7
DU RINGER, VI BRINGER!
heile året
Trening til ein rimelig pris på Nordfjordeid
Tlf: 4006 24 24 Sjøgata 98, 6770 Nordfjordeid
Frequency.no
Frequency.no
– Prosjektering, leveranse og montasje av ventilasjonsanlegg til bolig, næringsbygg og maritim industri. – Blikkenslagerarbeid. – Teknisk isolering. – Service på ventilasjonsanlegg. – Kanalrensing, inspeksjon. – Radonmålinger og utbedringer.
Vi har varebiler til dei fleste behov. Flytting o.s.v. - Varebiler fra 5 - 17 m3
LIFTUTLEIE 12 og 17 meter tilhengerlifter.
BILPARTNER VEST AS Adresse: Øyane 8 - 6770 Nordfjordeid, Sogn og Fjordane - Tlf: 916 42 124
Frequency.no
VAREBILUTLEIE
leiande på den profesjonelle marknaden innan lås- og sikkerheitssystem i Nordfjord
GARDIT lås og sikkerheit AS | Øyane 4 - 6770 Nordfjordeid Telefon: 41 00 70 00 -Fax: 578 73 024 www.gardit.no - post@gardit.no
Frequency.no
GARDIT lås og sikkerheit AS tilbyr profesjonelle og tidsriktige løysingar for både den private og den profesjonelle marknaden. Vi er Trioving Sikkerhetssenter og medlem i foreningen norske låsesmeder.
Idar Sølvberg, dagleg leiar
– ein erfaren og moderne bilbutikk Alle foto: Øystein Torheim, Frequency.no
Etter over førti år i bilbransjen er Eid Motor på Nordfjordeid meir vital enn nokon gong. Med det siste nyaste på bilfronten frå kvalitetsmerkene Ford og Hyundai, ein moderne bilverkstad og bilberging for Falck og SOS/NAF, så tilbyr Eid Motor eit komplett tilbod for kundane sine. Sjølvsagt er bedrifta å finne både på nett og sosiale medier, klar for førti nye år! Bilbransjen er i stadig endring, og Eid Motor har lært seg å følgje med både når det gjeld produkt og tenester. Dei to bilmerkene Ford og Hyundai tilbyr kundane eit komplett bilutval, anten du vil ha ein snerten el-bil, ein stor familiebil, ein romsleg varebil eller ein hurtig sportsbil. – For oss har det alltid vore viktig å tilby kundane ein bil som passar akkurat behovet deira og deretter kunne følgje kunden opp nøye gjennom heile eigarskapen, seier dagleg leiar Idar Sølvberg.
Eit komplett nybilutval
Eid Motor har opp gjennom historia kanskje vore mest kjent som Ford-forhandlaren i Nordfjord. I fleire tiår har bilbutikken levert hundrevis av ulike Ford-modellar til glede
48 Eid inviterer
for lokale bilkundar. Få andre bilmerke kan levere like bra komfort og køyreeigenskapar kombinert med praktiske eigenskapar og driftssikkerheit til ein riktig pris som Ford. Dette har skapt mange lojale kundar i Ford som dermed ofte kjem til Eid for service og oppfølgjing av bilen sin. Hyundai er kanskje verdas mest framadstormande bilmerke som utfordrar dei store og stadig overraskar med nyvinningar og spanande bilmodellar på løpande band. Til dømes har dei no levert modellen Hyundai Ioniq som er marknaden sin mest spennande el-bil med lang rekkevidde kombinert med god plass, gode køyreeigenskapar og god pris. - Det er bra for oss å kunne levere bilar frå ANNONSE
to så solide bilmerke, og det gjer det enklare for oss å kunne levere bilar tilpassa eit kvart behov, fortel Idar Sølvberg, som har grunnlagt og drive bilbutikken i alle år. I tillegg tilbyr Eid Motor eit breitt utval bruktbilar i alle klassar, og ein tek service og reparasjonar på alle typar nyare og brukte bilar. Både nybil og bruktbil finn du komplett oversikt på på www.eidmotor.no.
Bilberging
Bilberging er ein spesialitet hos Eid Motor. Med bergingsbilar for både Falck og SOS/ NAF, så er det som oftast Eid Motor som kjem og hentar deg om du får driftsstans ein eller annan stad i Nordfjord.
Tommy Sølvberg, bergingsansvarleg
- Vi er sentralt plassert i Nordfjord og er som regel rimeleg kjapt på staden dersom ein av ei eller anna årsak treng assistanse, fortel bergingsansvarleg Tommy Sølvberg. Bilbergingstenesta i Nordfjord er svært viktig for folk når bilen streikar, og gjennom mange år har Eid Motor bygd seg opp spesialkompetanse på å anten hjelpe folk på staden eller å få bilen inn til verkstad. Plasseringa på Nordfjordeid gjer at avstandane er rimeleg korte anten ein har oppdrag innover eller utover Nordfjord. Du kan lese meir om bilbergingstilbodet til Eid Motor på www. eidmotor.no.
Sosiale medier
Bilkundane i dag er ikkje som for førti år sidan, og Eid Motor veit å henge med i tida for å ha kontakten med kundane sine. Difor har bedrifta nyleg lansert ein heilt ny nettstad med dei siste spesifikasjonane som krevst for moderne kommunikasjon. Der finn ein informasjon om både nye bilar, verkstad, bilberging og ikkje minst tilgang til bruktbilgalleriet, på ein nettstad som tilpassar seg alle typar skjermar som kundane brukar – mobil, nettbrett og PC. - For oss er det viktig at det er enkelt å vere kunde hjå oss og at ein får tilgang til den informasjonen ein treng når ein treng han. Difor satsar vi på å vere oppdaterte på digitale flater, seier den røynde bilseljaren Idar
Sølvberg. Eid Motor er sjølvsagt til stades i sosiale medier, der hovudsatsinga er på den største kanalen Facebook. Ved å gå inn på www.facebook.no/eidmotor, så får du alltid med deg det siste nyaste frå bilverksemda. På denne kanalen kommuniserer Eid Motor direkte med kundane og får raskt ut informasjon om det siste nyaste som den moderne bilverksemda har å tilby av verdi for kundane. - Følg oss gjerne på Facebook, besøk heimesida vår eller kom innom bilbutikken vår på Nordfjordeid for prøvekøyring og ein trygg og god bilhandel i hjartet av Nordfjord. Eid inviterer, smiler Idar Sølvberg.
Roger Åshamar, mekanikar
ANNONSE
49
“
12 månadar i eit valfritt EU-land eller eit naboland av EU. Typen arbeid og destinasjon avgjer deltakarane sjølve.
Langreiste frivilli
Tekst og foto: Kennet Fagerstrand
EVS voluntørar ved Eid Frivilligsentral har reist gjennom land og strand, gjerne over et fjell og gjennom ein tunell for å finne den vesle staden vår i Eid kommune. Hit har dei reist for å hjelpe til med frivillig arbeid, sjå naturen og prøve livet som, og ilag med nordmenn. Sistnemnde skulle vise seg å vere litt meir krevjande enn føresett. Erasmus + prosjektet «Assistant to Eid Frivilligsentral» er eit samarbeid mellom Eid Frivilligsentral, Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord. Den 2. Mars var det internasjonal dag på Eid Vidaregåande Skule. I denne samanhengen hadde dei to voluntørane Alisa (19) og Barbara (23) ein stand, der dei informerte om Voluntørtjenesta. Dette er ei teneste som gjer det mogleg for ungdom mellom 17 30 år å arbeide frivillig i ein periode frå 2 – 12 månadar i eit valfritt EU-land eller eit
50 Eid inviterer
naboland av EU. Typen arbeid og destinasjon avgjer deltakarane sjølve, og reise og opphald vert dekka. Nordfjordeid har fire voluntørar frå ulike land per dags dato. Vi har prata med Alisa (19) frå Tyskland, og Barbara (23) frå Ungarn. Begge ynskja å reise utanlands for å
sjå meir av verda, og samstundes utrette noko bra for andre. Barbara søkte på jobb som konditor i heimstaden, men då det gav negativt resultat, fant ho ut at Nordfjordeid var ein passande stad å arbeide med nettopp dette. Dei legg til at ei slik reise med frivillig arbeid gjev auka sjølvrealisering og sjølvtillit, og anbefaler det derfor til andre
ige interesserte. Dei to voluntørane valde å opphalde seg eit heilt år på Nordfjordeid, framfor alle andre plassar, på grunn av gode prosjektbeskrivingar og ulike moglegheiter. Eid tilbyr alt frå opera til vakre fjell og fjordar, noko som tiltrekte Alisa og Barbara. Dei begge meiner det beste med Nordfjordeid er landskapet, medan det verste er isolasjonen. Dei har begge fått inntrykk av at Nordmenn generelt sett er lukka mot framande, og at småstadane er spesielt prega av tradisjon og er meir lukka enn byane. Dei trur det er enklare å skaffe seg venar i byane, der folk er meir vande med internasjonalisering. I
tillegg til Alisa og Barbara er også Artur Melikyan (24) frå Armenia og Oleksandr Koliadych (25) frå Ukraina EVS voluntørar her på Nordfjordeid.
I fritida likar EVS voluntørane å gå fjellturar i nærområdet, og brukar mykje tid på norsklæring på regnversdagane. Når det er tid for arbeid, som jo er mykje av grunnen til at dei er i Noreg, er aktivitetslista lang for dei begge. Alisa hjelper til med middagskøyring for kommunen, arbeider i kantina på skulen, assisterer i tysk språklæring og hjelper til på hestesenteret. Barbara held på med eit større søppelprosjekt på Nord-
fjordeid, designprosjekt og hjelper til på kinoen. Begge to er også med på fleirkulturelle aktivitetar og diverse administrativt arbeid. Det er flott at ungdom frå andre land får interesse for bygda vår, og at dei vel å komme akkurat hit for å hjelpe til med frivillig arbeid. Dersom nettopp du er mellom 17-30 år og synest dette høyres ut som eit interessant konsept, kan du lese meir om voluntørtjenesta på aktivungdom.eu sin nettstad, og ta gjerne ein titt innom Eid Frivilligsentral sine sider for generell informasjon om frivillig arbeid. 51
Leiaren i ungdomsrådet om
den politiske
Tvillingane Ingebjørg og Magnhild Frislid (17) ville ha noko dei ikkje hadde hatt før i sitt siste år som 4Harar. Dei drog til Hjelledalen og kjøpte seg kvar si geit.
engasjerte ungdomen
i Eid
52 Eid inviterer
“
Det å ivareta interessene til ungdom er veldig interessant
Tekst og foto: Kennet Fagerstrand
«Ungdomsrådet? Er det eit fancy ord for elevrådet?» Ein lattermild tredjeklassing ved Eid Vidaregåande Skule, Ingvild T. Stautland, som også er leiar i Ungdomsrådet i Eid kommune, forklarar den vanlege missforståinga slik: Elevrådet er på skulane - Både barneskulane, ungdomskulane og vidaregåande har sitt eige elevråd, som elevane på skulane kan gå til. Ungdomsrådet er derimot for all ungdom i heile kommunen – derav på ein måte «hakket over». Rådet er ikkje berre for dei som går på skule, men også lærlingar og alle andre i ung alder.
Men kva gjer dei? Ungdomsrådet har mange forskjellige oppgåver som gjeld heile kommunen. Dei delar ut midlar til ungdom og organisasjonar som treng økonomisk stønad til prosjekt, og arbeider elles med sakene i kommunen som angår ungdom. Slik blir ungdom høyrt i sakene som omhandlar dei, seier Ingvild. Ho understrekar at dersom nokon lurar på noko, eller berre vil prate med ungdom i rådet, er det berre å ta kontakt, og legg til at sannsynligvis alle i rådet gjerne vil slå av ein prat om kva dei har gjort i det siste. Elles
NYE
PEUGEOT
har Ungdomsrådet si eiga Facebook-side, der ein kan følgje med på kva som skjer. I tillegg finn ein informasjon og innsyn i kva alle råd driv med på kommunen si nettstad.
Korleis er det med det politiske engasjementet til ungdomen i Eid? «Eg synest dei er politisk engasjerte – dei har veldig mange meiningar om det som skjer rundt seg, og gidd å engasjere seg dersom dei treng det. Vi er i dag fulltalege i Ungdomsrådet med fem elevar frå vidaregåande og fem elevar frå ungdomskulen. Utanom ungdom aktive i politiske organ, er eidaungdomen generelt sett veldig engasjerte på eit lågare nivå. Når folk pratar og er engasjerte om saker, så blir dei aktuelle sakene sett på dagsorden. Sidan dette er eit svært viktig element for å vise interesse, er det ikkje naudsynt at alle er med i råd, men dersom ein ynskjer å ha ein direkte innverknad på politiske saker, bør ein vurdere organ som ungdomsrådet». Ei politisk framtid? «Eg føler eg alltid har vert med i elevråda, gjerne i 5-6 år – då anten som tillitsvald eller vara. Det å ivareta interessene til ung-
dom har alltid vert veldig interessant» seier Ingvild med ein engasjert tone. Etter tilbod frå ei venninne om å vere med i ungdomsrådet, fant Ingvild ut at ho ville prøve seg der. «På første møtet vart eg kasta inn i rolla som nestleiar, ein veldig brå start, men også veldig interessant og lærerikt». Ingvild ser ikkje vekk frå meir politisk engasjement frå si side i framtida – «Det er viktig å engasjere seg for å kunne påverke samfunnet rundt. Ingenting blir gjort dersom ein berre sit og seier at systemet ikkje fungerer. Dersom ein engasjerer seg og prøvar å oppnå noko, kan det hende ein får medhald» seier 19-åringen. Ho trekk fram fylkestinget 26. Mars som døme, der berre tre representantar frå Eid gjekk på talarstolen fleire gonger for å purre på kor viktig det var å behalde klassene på Nordfjordeid. Med god lobbyverksemd var det til slutt berre to av 42 personar i tinget som ikkje støtta dei om å skjerme klassene på Eid Vidaregåande Skule. «Dette er jo eit handfast bevis på at det vi arbeidar med har ei større betyding, og er ein av grunnane til at eg er politisk aktiv – eg ser det har fungert før, og at det eg seier betyr noko» forklarar Stautland.
3008 SUV
KOMFORT MØTER TEKNOLOGI
// NYSKAPENDE TEKNOLOGI // ADAPTIV CRUICE CONTROL // FOCAL PREMIUM HIFI-SYSTEM
FRA
312.900,-
Pris er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Nordfjordeid. CO2 utslipp fra 104 -129 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,40 - 0,58 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike.
53
Nordfjord sitt STØRSTE HANDLESENTER OPPLEVINGAR
Kafé
sko
hus og heim BUTIKKAR klede daglegvarer AKTIVITETAR
vesker
leiker, bok og hobby
helse, hud og hår
Frequency.no
10-19 (10-17)
Velkomen til oss! Sogn og Fjordane sin største frittståande møbelbutikk!
MØBLER
Tlf: 57 86 09 22 6770 NORDFJORDEID
Følg oss på
Lokalt smykkemerke
Leirongane 1, 6770 Nordfjordeid. Tlf. 57 86 03 77
Enkle, stilreine smykker med et rocka preg Selges på Didriks og online www.etsy.com/no-en/shop/ShadowMoonDesignsNO Facebook: Shadow Moon Designs Instagram: @shadow.moon.designs E-post: shadow.moon.designs@outlook.com
AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.
l ti n e m o k l e v g e H jartel
Tekst og foto: Miriam Edler, Frequency.no
Eid Inviterer Samfunn I 2015 tok rådmannen på Eid opp sak om å få oppretta eit prosjekt som skulle arbeide med å utvikle Eid inviterer til å bli noko meir enn berre eit slagord. Ei av prosjektgruppene fekk namnet Eid Inviterer Samfunn. Målsetjinga for gruppa er å vidareutvikle profilen og gjere tiltak for at det blir ein innebygd del av lokalsamfunnet på Eid å invitere til ein imøtekommande kommune. Aukande interesse
Eid Inviterer Samfunn består av ulike representantar frå organisasjonar i kommunen; Kathrine Berg frå handelsstaden Eid, Gerd Fløde Bjørlo frå kommunen, Sveinung Pile frå Vakn, Eli Førde Aarskog frå Nordfjord Vekst, Astrid Grete Torheim frå Frivilligsentralen og Ingvild Taklo Stautland frå Ungdomsrådet. Desse representantane har vore med sidan prosjektgruppa vart oppretta, utanom Ungdomsrådet sin representant som skiftar kvart år. - Vår viktigaste jobb er å identifisere nye marknadsføringselement, utvikle den eksisterande nettsida til Eid Inviterer, magasinet Eid Inviterer og få næringslivet, frivillige organisasjonar og samfunnet elles til å bruke den nye profilen, fortel Gerd Fløde Bjørlo. Ved hjelp av arbeidet prosjektgruppa i Eid Inviterer Samfunn gjer, kan ein merke at interessa for Eid som lokalsamfunn har auka. - Vi har ved fleire anledningar fått tilbakemelding frå personar som meiner vi får til så mykje bra på Eid og som ynskjer dette sjølve for si eiga kommune, noko vi er særs glade å få høyre, seier Kathrine Berg.
Tunge tak
Ting skjer ikkje av seg sjølv, og prosjektgruppa er einige om at det har vore mykje arbeid til tider. - Ein må tørre å ta dei tunge taka for å kome seg opp og fram, og vi er glade for at vi har turt. Å få prosjektet så langt som no, er opp-
siktsvekkande for eit så lite lokalsamfunn, innrømmer Eli Førde Aarskog frå Nordfjord Vekst. Årets tema for Eid Inviterer, ”Ung i Eid”, er gruppa ganske einige om. Det er kjekt å få fram ungdomen si stemme og synleggjere litt av det å være ung i Eid. - Ungdommane vi snakkar med seier at dei er stolte av å være her i frå. Det har tidlegare ikkje vore stort fokus på dette før, så det er kjekt å få fram ungdommen og kva som skjer rundt dei, fortel Eli.
Vidare arbeid
Prosjektgruppa jobbar stadig med nye idear og fokuserer no på utvikling av nettsida til Eid Inviterer. - Nettsida skal vere ein plattform som viser kva Eid har å tilby, innan næring, kulturliv, friluftsliv mm, fortel Gerd. På nettsida ligg også alle dei tidlegare utgåvene av Eid Inviterermagasinet for dei som ynskjer å lese om utviklinga på Eid. - Prosjektgruppa kjem til å arbeide vidare med profilen og arbeidet med å vere eit samla lokalsamfunn er det vi har mest fokus på, seier Gerd. - Det er viktig å være synlege utanfor Eid og vår målsetjing er å kunne utvikle samfunnet til å bli oppfatta på ein positiv måte og at alle er hjerteleg velkomne til Eid, avsluttar Gerd.
55
kult 56 Eid inviterer
ANNONSE
Eit heilt spesielt
turliv i Eid
Eige operahus, årlege musikalar, eit rykande engasjert lokalmiljø og eit godt organisert talentutviklingssystem, er nokre av stikkorda vi kan plassere under Eid kommune – kva er det som ligg til rette for desse særeigne godene?
ANNONSE
57
Glimt frå Opera Nordfjord sin framsyning Charlie Brown. (Foto: Geir Arne Solheim, Frequency)
Olga Pavlova og Andreas Espelund (17 år)
58 Eid inviterer
ANNONSE
Harald Sivertsen, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Eid kommune.
Tekst og foto: Kennet Fagerstrand
Harald Sivertsen er kommunalsjef for oppvekst og kultur i Eid kommune. Han legg stor vekt på at likestilling, integrering og mangfald er viktige element i kulturlivet i heile Eid. Det er mange lag og organisasjonar, både mindre og større, som ilag dannar systemet som kulturlivet i Eid er avhengig av. Dette kan vere alt frå 4H, små dansetilbod, mindre idrettar og diverse klubbar.
For Sivertsen er det viktig at det ikkje berre skal dreie seg om sentrum, men også mange mindre nisjar og aktivitetar i bygdene. Det skal vere noko for ein kvar smak, for alle barn og unge –
Det er viktig å ta vare på alle, og forskjellige interesser. Alle skal føle seg velkomne på lik linje med ur-innbygg-aren. Kulturskulen og Eid IL er døme som har god involvering og samarbeid med integrering av flyktningar og folk med funksjonshemming. Alle barn og unge er likeverdige, poengterar Sivertsen.
«Alt heng i hop, og vi er naude til å samarbeide». God lokalkunnskap, langvarige tradisjonar som Eid IL (1863), mot nye impulsar og tiltak smelta saman. Folk har eit ynskje og ein vilje til å samarbeide og yte sitt beste for kulturlivet. Døme for dette er musikk og kulturskulen, og samlokalisering av Eid Vidaregåande skule og operahuset Nordfjord. Det dreier seg ikkje berre om ressursar, men flinke folk, både offentlege og frivillige, som er samordna og kreative. Vi beheld det gode gamle, samtidig som vi er ein framtidsretta kom-
mune med stadig spanande prosjekt som til dømes Sagastad».
«Limet som held kulturlivet i Eid saman, er musikk og kulturskulen på den eine sida, og mangfaldet med lag og organisasjonar på den andre. Samtidig arbeider det offentlege med at alle skal vere likeverdige, og ein del av samfunnet. Alle skal bli tatt vare på, og gitt tilbod som passar og interesserer dei.»
Sivertsen nemner også det nye tilbodet frå 2015 – LA senteret (læring og aktivitetssenteret) på Langeland, som ein instans som bidreg til eit sterkt kulturliv i Eid. Her
kan både ungdom og vaksne som treng ekstra tilrettelegging få arbeidstrening og ein god dag ved å utføre oppgåver for Eid kommune, bedrifter og produsere tenester. Geir Holmen er ansvarleg for kulturskulen, som er ein stor del av det ungdom held på med i Eid kommune. Han er stolt over arbeidet kulturskulen gjer, og meiner mengdetrening og godt samarbeid gjer at Eid kommune produserer nye talent nesten kvart år. Kulturskulen leverer over 300 plassar til elevar i Eid kommune. Tilboda er mange, mellom anna klassisk og rytmisk musikk, dans og kunst. I tillegg tilbyr dei dirigent-tenester og aspirantopplæring til korps – «eit bredt og allsidig spekter» understrekar Geir Holmen. «Mengdetrening med mange konsertar i året, både med gruppe- og individuell oppfølging med
ANNONSE
dyktige lærarar, gjer at vi produserar nye talent omtrent kvart år». Geir Holmen trur det finnast talent i kvar ei gitt befolkning i landet, men ein må bruke ressursar for å få dei fram, noko kulturskulen gjer veldig bra. «Den jobben som blir gjort, gjer at potensialet til mange ungdom i Eid blir løfta fram i dagen». Holmen fortel vidare at Norsk kulturskuleråd og Norsk tipping kvart år sidan 2003 har delt ut 100 Draumestipend innan kunst og kultur i heile Norge, og så langt har Eid kommune fått ni av desse. «Ein veldig mykje høgare andel enn det ein skulle tru, på ein så liten stad». Om vi tenkjer på kva mange eidarar har fått til, kan det verke som at Eid kommune er litt av ein «talentfabrikk» som skil seg ut frå flokken. Kanskje er det rike kulturlivet med flinke folk i lokalmiljøet, blanda saman
med sterkt engasjement, god planlegging og eige operahus, nøkkelen til suksess? Ein ting er i alle fall sikkert, det er noko spesielt med kommuna vår, og lite tyder på at den positive utviklinga stagnerer med det første.
“
Folk har eit ynskje og ein vilje til å samarbeide og yte sitt beste for kulturlivet. 59
Frequency.no
- Fagstrikkbutikk Stort utvalg i: Gåver - Garn - Interiør Handverksprodukt - Ull Vevutstyr Velkomen i butikken til ein hyggjeleg handel!
Følg oss gjerne på:
Eidsgata 41 - Nordfjordeid 57 86 13 95
Alleen 21 - eidmiljo@gmail.com Tlf: 909 64 654 / 911 41 544
Frequency.no
- Gode råd og rettleiing får du på kjøpet.
Pilegrimsreise: For fjordhestfolk frå heile verda er det nærmast ei pilegrimsreise å reise til Eid. Desse amerikanarane nytta seg av tilbodet om riding i Hjelmelandsdalen.
Vi sikrar fjordhestarven Norsk Fjordhestsenter er nasjonalt kompetansesenter for avl og bruk av fjordhesten. Arbeidsoppgåvene som følgjer med statusen som nasjonalt kompetansesenter er mellom anna å drive direkte avlsarbeid gjennom seminstasjonen på fjordhestsenteret, hjelpe andre med avl gjennom koordinering, skipe til arrangement for fjordhestfolket og drive kurs- og kompetansehevande verksemd. Senteret skal også legge til rette og arbeide for meir bruk av fjordhest. – Vi får 2,3 millionar kroner i løyvingar over statsbudsjettet i 2017 for å drive dette arbeidet som blir sett på som avgjerande for å sikre rasen. Det finst 5000 fjordhestar i Noreg og omkring 80.000 på verdsbasis. Fjordhesten står på lista over utrydningstruga og bevaringsverdige rasar, seier dagleg leiar Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter. Senteret er arena og samlingspunkt for mellom anna Norsk Fjordhestlag og Fjordane Folkehøgskule.
Arvestoff sendt verda rundt
I 2017 var det 253 bedekningar av fjordhestar i landet. Kring 50 av desse vart gjort på sem-instasjonen på fjordhestsenteret, der hingstar blir tappa og arvestoff plassert gjennom inseminering. 50-
60 prosent av bedekningane fører til fødde føl året etter. Frå seminstasjonen blir dosar med arvestoff sendt både nasjonalt og internasjonalt. Skal det langt ut i verda, blir det sendt i frosen tilstand. Slikt frose arvestoff frå kåra fjordhestar kan oppbevarast og vere med og sikre rasen for framtida. – Det har vore ein liten nedgang i talet på føl, men vi har greidd å snu denne trenden siste året, seier Hjertenes Flyum.
Frå arbeidshest til brukshest
Hingsteutstillinga på Nordfjordeid kvar vår er det viktigaste verktøyet i avlsarbeidet. Her vert hingstane som er best eigna til å føre rasen vidare, plukka ut og kåra. Vurderinga blir gjort på grunnlag av stambok og avlsplan. Dei siste tiåra har dette medvitne arbeidet ført til at rasen har utvikla seg frå robust arbeidshest til elegant brukshest. Ein eigenskap ved hesten ein målmedvite jobbar for å ta vare på, er dei fem fargenyansane brunblakk, raudblakk, ulsblakk, gulblakk og grå. – Eid er sentrum for avlsarbeidet. Det fører mange fjordhestfolk frå andre stader i verda hit. For dei blir det ei slags pilegrimsreise.
ANNONSE
Av verdas eldste hesterasar
At hingsteutstillinga er etablert på Eid, er hovudgrunnen til at Norsk Fjordhestsenter også held til her. Fjordhestsenteret er med og arrangerer hingsteutstillinga saman med resten av fjordhestmiljøet. – Fjordhesten er ein av dei eldste hesterasane i verda. Hesten har halde til på Vestlandet i alle år. Han har alle dei opphavlege eigenskapane til villhesten, samstundes som det er drive systematisk avl sidan midt på 1800-talet. I dag reknar vi med at hingsten Njål som levde i Stryn kring år 1900, er opphavet til alle fjordhestar i heile verda, seier Hjertenes Fluym. Truleg stammar fjordhesten frå steppene i Midt-Asia. Forfaren var truleg den mongolske villhesten, Przewalskij-hesten. Men vi veit at dagens fjording er resultatet av meir enn 2000 års vestlandsk temjing og avl. Fjordhesten er ein av tre nasjonale hesterasar som blir vurdert som utrydningstruga og bevaringsverdige. Dei andre er dølahest og nordlandshest/lyngshest.
Bankgata 1, 6770 Nordfjordeid +47 456 36 999 post@sodermann.no | www.sodermann.no
Frequency.no
Kraftfulle ideer, Målbare resultat
Vi øker handlingsrommet for kommuner ved å fokusere på skjæringspunktet mellom fag, organisasjon og økonomi. I hovedsak gjør vi to ting: vi yter rådgivningstjenester, og vi tilbyr digitale produkter og verktøy. Rådgivningstjenestene våre har sitt utspring fra helseog omsorgssektoren, men vi jobber
med å utvide vår modell til hele kommunen. Dette fordi vi ønsker å bidra helhetlig til levedyktige lokalsamfunn i fremtiden. De digitale tjenestene våre er under utvikling. Vi kjører et stort forskning- og utviklingsprosjekt i samarbeid med flere kommuner, støttet av Innovasjon Norge og Forsknings-
Frequency.no
Vår visjon er å skape varige verdier i lokalsamfunn gjennom å utfordre og endre rådende tankesett.
rådet. Formålet er å skape et verktøy som både vi og kommunene selv kan bruke i hverdagen. Verktøyet skal gjøre det enkelt å utnytte de enorme datamengdene som finnes i kommunal sektor, på en måte som skaper konkret og målbar verdi.
Vi ønskjer at Kulturhuset Gamlebanken skal vere ein kunstformidlar i Nordfjord, det vil ein vere ved og presentere ulike kunstuttrykk frå kunstnarar. Ulik billedkunst, foto, glas og kunsthandverk. Opera Nordfjord har kontor i 3.etg. Her møtes dei store operastjernene og dei frivillige i operaen. Det er òg her operasjefen legg føringane for komande forestillingar i Opera Nordfjord.
Opningstider: 20.juni-20. august Mandag-søndag: 10.00-16.00
Besøksadresse: Eidsgata 10, 6770 Nordfjordeid.
Kontakt: Mob: 952 65 842 Tlf: 57 86 46 00 post@gamlebanken.no
I samarbeid med Eid Kommune har vi turisinformasjon i sommarhalvåret, med turistvertar i to månader frå 20. juni til 20. august. Malakoff Rockfestival leiger kontor i huset, og er base for salg av effektar, vår og sommar. Kulturhuset Gamlebanken er i tillegg "Festivalkontor" i forkant av festivalen.
MANUELLTERAPEUT KIROPRAKTOR ORTOPED MASSØR BEDRIFTSHELSETJENESTE
Frequency.no
Nordfjordklinikk1 - Eidsgata 53 - 6770 Nordfjordeid - Tlf: 57 86 18 52 - www.nordfjordklinikk1.no
Frequency.no
Timebestilling:
Kjekke ting i
20 år
DIn gullsmed i
bergartsmykke.no
Hvitevarer og kjøkken
Hjem og husholdning
Data og tilbehør
Frequency.no
POWER Nordfjord Sjøgata 21, 6770 Nordfjordeid - Amfi Nordfjord. Tel.: 48 38 44 54. Web: www.power.no
Vi fokuserer på • • • • • • •
Frequency.no
Changing the game
Dine val Livsglede Kommunikasjon Arbeidslivet Yrkesval Jobbsøking Vegen vidare
Vi skapar positive endringar
Konseptet bak MultiWorld ligg i sjølve namnet: eit multimøbel som kan brukast til det meste! MultiWorld er ein perforert vegg der ein kan henge ei rekke ulike modular alt etter bruk og ynskje. Opphengssystemet gjer det mogleg å skifte om på møbelementet ved å enkelt hekte modulane frå eit hol til eit anna. Eit møbel som dette, er eit praktisk, multifunksjonibelt og dekorativt element å ha i hus. Ein kan personalisere MultiWorld ved å velge farge på både perforert bakvegg og reolane. Her er det berre fantasien som set grenser for funksjon og kreativt uttrykk. Ta gjerne kontakt med oss for tips til bruk av MultiWorld i heimen din. Frequency.no
www.in-via.no
MultiWorld
Tlf: 476 52 605 - post@feelfreeproduction - www.feelfreeproduction.no
Annonse
Reinare Jord Energi frå fjord
Fjordvarme AS er eit uavhengig rådgjevarselskap som leverer tenester knytt til planlegging, utbygging og drift av energianlegg for produksjon av fornybar energi, samt effektiv energibruk i bygg. Hovudeigar i selskapet er Nordplan AS, som også er eigar av Enøk-senteret AS. Vidare utvikling av tenester og kompetanse for Fjordvarme AS vil skje i samarbeid med Nordplan og Enøk-senteret. Samla er det i dag 10 energirådgjevarar i desse selskapa til saman. Fjordvarme AS er samlokalisert med Nordplan AS i Moengården Aust, Eidsgata 45 på Nordfjordeid. Fjordvarme er fornybar energi som kan hentast frå sjø eller ferskvatn. - Denne fornybare energien er ein utømmeleg ressurs som er lett tilgjengeleg mange stader. I tillegg er den gratis. Med fjordvarme får ein kortreist energi og ein reduserer utslepp av klimagassar, fortel Magne Hjelle som er dagleg leiar i Fjordvarme AS. -I tillegg er ofte fjordvarme det mest driftssikre og økonomisk gunstige alternativet for kundane, til dømes ved utskifting av eksisterande oljefyringsanlegg. - Utviklinga har så vidt byrja. Med fjordvarme har mange moglegheiter for oppvarming og kjøling av bygg, på ein miljøvennleg måte. Løysinga er ener-
gifleksibel og kan kombinerast med andre fornybare energibærarar, fortel Hjelle. Fjordvarmeprosjektet starta i 2001 som eit pilotprosjekt. Fjordvarmeanlegget gjev rein og fornybar energi både til verksemder, offentlege bygg og bustader i kommunesenteret Nordfjordeid. Så langt er 53 varmepumpeanlegg i drift. Desse leverer energi til 78 bygningar. Samla bygningsmasse som nyttar anlegget til oppvarming og kjøling er på meir enn 90.000 m2. Årleg energiproduksjon er kalkulert til heile 8 200 000 KWh. Sommaren 2017 står det splitter nye vekslarhuset på Nordfjordeid klart. Dette vil auke kapasiteten til ANNONSE
anlegget med ca 50 %. Vekslarhuset er teikna av Nordplan AS, som også er arkitekt for Sagastadbygget på den same tomta. Dette sikrar at bygga vert godt tilpassa kvarandre. Sagastadbygget skal også bruke fjordvarme. -Med det nye vekslarhuset vil vi kunne fortsette med å tilby fjordvarme til fleire kundar innanfor forsyningsområdet på Nordfjordeid, både til næringsbygg, offentlege bygg og bustader. -Det er flott at det vert meir fokus på denne forma for miljøvennleg energi, og vi kjem til å halde fram med å vere ein pådrivar for auka bruk både lokalt på Nordfjordeid og andre stader, avsluttar Hjelle.
Vi leverer i heile Nordfjord, heile Bremanger og søre Sunnmøre.
Frequency.no
Kontakt Telefon: 57 86 04 24 E-post: post@nordfjordbetong.no
Frequency.no
Nordfjord Betong AS leverer ferdigbetong til små og store prosjekt.
Koselig café ved sjøkanten i Nordfjordeid, i kjøpesenteret Amfi Nordfjord. Godt utvalg i varme og kalde retter, kaker, bakevarer, barista, softis, kuleis, milkshake, allergi-vennlig mat og drikke.
Frequency.no
Nytt i 2017: Catering Kontakt: 57 86 04 44
Frequency.no
Peter Johnsen framfor butikken.
Synnøve Johnsen, Aster Johnsen og ein slektning framfor butikken rundt 1938.
Butikken i dag. Austside. Eidsgata.
Butikken i dag. Vestside.
anno 1885
ur gull & sØlv musikk gaver historie fagkunnskap utvalg verdier
Monrad Johnsen`s Eftf. vart stifta i 1885 av Peter Johnsen og har sidan den gong vore i familiens eige. Med sine over 130 år, er butikken den eldste på Nordfjordeid, og det er no Harald Fagerstrand jr. – 4. generasjon som driv butikken. Peter Johnsen var utdanna sølvsmed og urmakar og starta med sal av ur. Monrad Johnsen, son til Peter Johnsen, utdanna seg til urmakar, og byrja i tillegg med optikk
Kontakt : ------------------------------------Tlf: 57 86 01 12 Fax: 57 86 01 12 Org nr: 982 933 714 Adr.: Eidsgata 59, 6770 Nordfjordeid
og musikk saman med begge sonane sine, som også var utdanna urmakarar. Harald Fagerstrand sr. og kona Aster Fagerstrand (født Johnsen) overtok butikken i 1972 og starta i tillegg med gull og sølvvarer. Seinare har butikken fått eit større vareutval og er i dag ein gåvebutikk der du kan finne gåver til dei fleste. Frå sigarar til diamantar.
Opningstider: --------------------------------Måndag - fredag : 09:00 - 16:30 Laurdag : 10:00 - 15:00 Sjå vår flotte reklamefilm
HØGT OG LAVT - VI TEK UTFORDRINGA
Kaivegen 11, 6770 Nordfjordeid Tlf: 57 86 07 12 Faks: 57 86 13 17 E-post: post@skaarhaug.no Nett: skaarhaug.no
Frequency.no
Skårhaug Taktekk as er eit lokalt eigd taktekkerfirma med tilhald på Nordfjordeid. Skårhaug Taktekk vart skipa i 1982, og vi har sidan vokse til å bli det største taktekkerfirmaet i Sogn og Fjordane. Vi løyser alle typer oppgåver innan asfalt takbelegg, PVC-folie og membraner. Det vere seg nytekking, omtekking, lekkasjesøk eller takettersyn. I samband med omtekking kan også etterisolering vere ei lønsam investering. Kontakt oss gjerne for eit uforpliktande tilbod.