Skip to main content

Vågsøy kommune - Kommunereform

Page 1

VÅGSØY KOMMUNE KOMMUNEREFORM JUNI 2014 Stortingsbeh. Kommuneformen

MAI 2014

JUNI 2015 Stortingsbeh. Melding om nye oppgaver

MAI 2016 Evt. sammenslåinger ved kgl.res

AUGUST 2014 - DESEMBER 2016 Regional prosjektorganisasjon

2015

Er du oppteken av kommunen du bur i? Er kvaliteten på barnehage, skule og eldreomsorg eller andre tenester viktig? Kommunegrenser og kommunestruktur handlar nettopp om slike spørsmål. Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform der bodskapen er tydeleg: «Kommunen må ha kraft og størrelse til å møte dei utfordringane som ventar.» Det er forhandla fram ein intensjonsavtale om eventuelt ny kommune mellom Selje, Vågsøy og Vanylven. Forslag til namn på den nye kommunen er Stad/Statt/Stadt.

www.vagsoy.kommune.no

JUNI 2017 St. behandling Ny kommunestruktur Lovprop. nye oppgaver

2016 JULI 2015 - MAI 2016 Kommunale vedtak

2017

JUNI 2017

I juni 2016 skal kommunestyret i Vågsøy avgjere om dei ynskjer ei kommunesamanslåing. Går ein eller fleire av dei andre involverte kommunane inn for dette, vert det sendt ein søknad til departementet. Etter å ha fått ei tilråding frå fylkesmannen, vil departementet gjere eit endeleg vedtak. Følg og med på kommunen si facebookside for oppdatert informasjon.


Forhandlingsutvala for kommunane har drøfta ei rekke viktige punkt som har enda opp i ein intensjonsavtale. Den seier noko om korleis ein ønskjer det skal vere etter ei samanslåing: •

Halde fram å tilby tenester lokalt. Mellom anna skal barnehagar, sjukeheimar, skular, beredskap, vaktmesterteneste og servicekontor vere som i dag.

•

Gje gode tenester med god kvalitet.

•

Behalde stadidentiteten til innbyggjarane lokalt.

•

Ha gode digitale løysingar som forenklar kommunikasjonen til trass for avstandane.

•

Etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidreg til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen.

•

Alle delane av kommunen skal ha politisk påverknad gjennom auka tal representantar i kommunestyret.

•

Utføre oppgåver i størst mogleg grad innafor eigen kommune. Ein må likevel rekne med å behalde noko av det interkommunale samarbeidet slik det er i dag.

www.vagsoy.kommune.no


Utfordringane ved å stå aleine vil vere å: •

Rekruttere nok og rett kompetanse. I pleie og omsorg vil vi til dømes om nokre år trenge dobbelt så mange sjukepleiarar som i dag.

•

Utføre lovpålagde tenester innafor eigen kommune. I dag har vi ein stor del tenester ein må løyse interkommunalt.

•

Ha eit avgrensa fagmiljø, der ein må kjøpe tenester frå andre kommunar.

•

Ha mindre slagkraft inn mot regjering og fylke i høve store satsingar som er viktige for arbeidsmarknad og næringsutvikling.

Med forslag til nytt inntektssystem vil i yttarste konsekvens prognosane til dei tre kommunane vere: Vanylven vil gå med eit tap på 3 600 000 kroner, Selje vil få eit tap på 600 000 kroner og Vågsøy eit tap på 6 600 000 kroner. Kommunar som bestemmer seg for å slå seg saman i denne stortingsperioden, får behalde basistilskot og regionalpolitiske tilskot som i dag uavkorta i 15 år, og deretter få ei nedtrapping over fem år.


Frequency.no

ENGASJER DEG

- BRUK RØYSTERETTEN DIN! Perioden mars – april 2016 vert ein viktig periode for deg som innbyggar. Måndag 25. april 2016 vert det rådgjevande folkerøysting. Dei som fyller 16 år i løpet av 2016 kan stemme.

Vågsøy kommune har 3 røystesetlar: Setel 1: JA Ynskjer at Vågsøy skal slå seg saman med andre kommunar: Vanylven – Selje Setel 2: NEI Ynskjer at Vågsøy ikkje skal slå seg saman med andre kommunar Setel 3: Blank stemmesetel

Førehandsrøysting I påskeveka er rådhuset ope for førehandsrøysting: Mandag 21.mars kl.08-15.30 Tysdag 22.mars kl.08-15.30 Onsdag 23.mars kl.08-12.00 I tillegg vert det mogleg å førehandrøyste på rådhuset: Alle kvardagar fram til 25.april: kl.08.00-15.30 Torsdag 21.april kl. 08.00-18.00 Laurdag 23.april kl.10.00-14.00

www.vagsoy.kommune.no

Røysting på valdagen: Bryggja grendahus Skavøypoll skule Frelsesarmeen i Måløy Raudeberg skule

kl. 12.00 - 18.00 kl. 12.00 - 18.00 kl. 12.00 - 18.00 kl. 12.00 - 18.00

Måndag 25. april 2016 vert det rådgjevande folkerøysting!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vågsøy kommune - Kommunereform by Frequency Norge - Issuu