Skip to main content

Um visdoms veg. Dikt til ungdomen

Page 1


Lyrikkforlaget © 2026

Lyrikkforlaget

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

ISBN: 9788283983319

Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe

Materialet i denne publikasjonen er omfatta av bestemmingane i åndsverklova. Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det er heimla i lov. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar.

NORDICSWAN ECOLABEL

UM V SDOMS VEG dikt til ungdomen

INNHALDSLISTE

6

Føreord

9 Råd peikar, røynsle lærer

10 Lytt til den indre stemma

11 Sjølvstende i fellesskap

12 Verdset deg sjølv

13 Skjult styrkje i stilla

14 Truskyld opnar for bedrag

15 Hyllingstrong gjev smiger makt

16 Svik fordervar sjølvrespekt

17 Baktalinga sin pris

18 Falsk og sann ros

19 Urokkeleg mot urett

20 Gjev deg sjølv litt ekstra tru

21 Hauste i tide

22 Eigenomsorg for robustheit

23 Verdset det du har

24 Synet er ikkje alt

25 Ikkje la mørket rå

26 Det ustyrlege gjev uro

27 Ikkje kast bort tida

28 Tida går sin eigen veg

29 Søk det som brenn i deg

30 Berik livet

31 Lev heilhjarta

32 Sjå det nære

33 I eitt med naturen

34 Hugen treng avkopling

35 Nasepust styrkjer anden

36 Solvett

37 Prisen for dårleg tannhelse

38 Reinleik er forsvar

39 Søk hjelp i naud

40 Godlynne vinn fram

41 Hjartesorg og minneglede

42 Visdom i sorg

43 Naturen sin visdom

44 Næring for velvære

45 Verdien av eigen heim

46 Sjølvberging for fridom

47 Endre normane om du må

48 Bryt bandet til kontrollen

49 Sei ja, men kjenn ditt nei

50 Hyra et opp livet

51 Finn lyst i virket ditt

52 Jobb aldri utan å leve

53 Rausleik styrkjer band

54 Tru utan tvil

55 Felles hjarte i sjelevenner

56 Venn i lykke og motgang

57 Latteren si kraft

58 Lett hug med leik

59 Hygge i heimen

60 Det gode gjestebod

61 Tru på det gode

62 Ær namnet ditt

63 Handling over ord

64 Ord ber kraft

65 Tid gjev kloke val

66 Feil er ikkje tap om du lærer

67 La plikt bli privilegium

68 Triumf gjennom uthald

69 Kjelda til klokskapen

70 Flid gjev klokskap

71 Sløs ikkje ord på låste hugar

72 Fart senkar vitet

73 Gjengjeld kjærleik, tem vrede

74 Urett veks i stilla

75 Sindigheit varar lengst

76 Forvent det uventa

77 Ver rusta for kriser

78 Um visdoms veg

FØREORD

Denne boka inneheld dikt som formidlar kva som kan vere klokt eller uklokt å gjere i ulike kontekstar. Dikta er inspirerte av Håvamål, som er ein del av Den eldre Edda. Håvamål tyder «Høgs tale». Høg er Odin som gjev råd til menneska om korleis dei kan leve eit godt og verdig liv, særleg i den fyrste bolken som er kalla «visdomsdiktet» eller «ordspråkdiktet». Håvamål vart skrive ned på Island på 1200-talet og er sett inn i eit versemål som heiter ljodahått.

Versa i ljodahått består som regel av seks linjer oppdelt i to einingar på tre linjer kvar. Dei to fyrste linjene i kvar eining har oftast to trykksterke stavingar og er knytte saman ved bokstavrim eller alliterasjon. Den tredje linja har innbyrdes bokstavrim og har som regel to eller tre trykksterke stavingar.

Det er fyrst og fremst «visdomsdiktet» og grunnprinsippa i ljodahått som har vore inspirasjon for dikta i denne boka.

Ein forskjell er at dikta forheld seg til tida vår, og at dei vender seg til deg som står på terskelen inn til vaksenlivet.

Dikta gjeld for alle ungdomar, inkludert deg, sjølv om eg ved fleire høve talar om «han». Eg valde dette grepet for å bevare litt av den same stemninga som vi finn i Håvamål. Eg har òg valt ut tema som har med sjølve livet å gjere. Såleis rører dikta ved ulike aspekt av livsdugleik, som helse og velvære, mat og drikke, fridom, vennskap, økonomi, trivsel, etikk og moral, haldningar og beredskap.

Ein årsak til at eg har valt diktforma, heng saman med at dikteriske uttrykk ikkje nødvendigvis kan vurderast som «sanne» eller «usanne» på same måte som faktapåstandar.

Poesi handlar ofte om å formidle innsikt og oppleving meir enn om objektive fakta, slik at kvar lesar kan finne si eiga sanning i orda. Ein kan seie at dikta er meint å inspirere lesaren til å finne gode vegar i livet. Du som lesar er i aller høgaste grad involvert, for du må tenkje gjennom dikta og vurdere om dei gir meining eller ikkje. Samstundes er det viktig å tilpasse innhaldet i dikta etter din eigen personlegdom og situasjon.

Råd peikar, røynsle lærer

Råd treng ein for retning i livet, men fyrst må livet levast. Ein må sjølv tråkke opp stien, før ein kan kallast vis.

Lytt til den indre stemma

Ikkje sjeldan

søkjer andre å leie livsvegen din.

Vanakt ikkje den indre stemma, ho syner sanninga di.

Sjølvstende i fellesskap

Trasse hopen, tappert og klokt, skjemmer slett ingen. Men skil ikkje lag, samlande styrkje finn vi i fellesskapen.

Verdset deg sjølv

Fleire veit, som av folk er sett pris på, at det må dei sjølve ta ansvar for, skal dei skattast nok.

Skjult styrkje i stilla

Stilt skal ein tale om seg sjølv i møte med folk, enda ein veit at ein sjølv er meir verd enn det ein uttrykkjer.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Um visdoms veg. Dikt til ungdomen by Forlagshuset - Issuu