Skip to main content

Sirkelsong

Page 1


Lyrikkforlaget © 2026

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er eit imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283985665

Omslag: CF media

Sats: CF media

Materialet i denne publikasjonen er omfatta av bestemmingane i åndsverklova. Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det er heimla i lov. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar.

LINN CHRISTINE NÆVDAL

Sirkelsong

Til Cathrine

Takk for støtte og oppmuntring gjennom heile dette prosjektet. Takk for tolmod og gode tilbakemeldingar undervegs. Denne boka betyr mykje for meg. Takk for at du alltid har hatt trua og vist forståing for arbeidet mitt. Eg verdset deg høgare enn noko anna.

ØRKENPIL

ei ørkenpil svinga seg forbi

kva vil du meg

pila bomeranga, spissa snuten  følgjer du meg heile livet

legg sandkorn bak deg

timeglaset renn fortare  enn skritt

på slitne strukturar

eg treng styrke til å stramme  min eigen boge

SMÅ SVEVANDE

då eg var lita, tenkte eg at alle var som mor min draum var å bli stor

fiskepinnar, kjøttkaker tran i dans rundt bordet bli sterk, sa ho i ein støvel og ein sko var mor òg fri  ein gong

som vaksen blæs vinden raskare skoen passar  ikkje alltid

med mjølkebart og kjøttkakesaus glanar du med små svevande auge

USKULD I LEIK

me leika paradis  bretta sjøfuglar

eg hadde ein lastebil med hengar som kunne koplast ifrå

me plukka stein og kongler  la oppi  i sandkassa var du på den sida spaden var grensa

me laga tunnel begge kunne bruka på min gard var masse kyr og litt sau  du hadde mindre på din

eg måtte heim og du fekk ikkje røra  medan eg var borte

SKJERPA

iskald mjølk

einaste eg kjem på

bidrar til å skjerpe sansane mine

brainfreeze

BAK OPNE DØRER

Me var begge blenda lenge av ljos og skuggens tørst.

Bak opne dører viste seg at kjærleik jo er størst!

Hand i hand på bakke berr sjå opp – me er her no!

I lufta kvilar sanninga på vindens kraft og ro.

Å vere to i hjarte med same språk og sinn styrken som då finst er kjærleik i sterk vind.

SYSTER, VINDEN TAR

Mi syster drog i natta bort, mi stemme står igjen.

Skuggens mørke – altfor fort greip taket i min venn.

Som små i hagen leika ein i gras, i grus og skau.

Delte bær og latteren − sprang over myr og haug!

På solskinsdagar ut på ski, i ope, kvitt terreng.

Eit lite fall − det kunne svi, såg fram til varm ei seng!

I stunder var me stille små, lét smilet trekkje inn.

Pennar farga havet blått i haustens sterke vind.

Den tause vår som sakte går − mi syster søv i fred.

Minner som i draumane der vinden snur i le.

STRAUMEN

då eg bikka over skulle eg gjerne ha bikka tilbake  for då visste du allereie problemet

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook