Skip to main content

Meteord

Page 1


Lyrikkforlaget © 2026

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283985504

Omslag: CF media

Sats: CF media

Alle foto: Kari R. Hellevang

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

KARI RANNVEIG HELLEVANG

Meteord

Frå ord er du komen

Armageddon

Kanskje er det her det skal ende når universet imploderer i det svarte hòlet i dragsuget i magen min

Syndvedkjenninga

Eg vaknar før klokka ringer reiser meg frå senga før eg har opna auga måler opp kaffi før handa er stø set på ein klesvask før straumen blir dyr sender e-postar før eg byrjar på jobb vaskar opp før eg vekker ungane skriv ned gjeremål før eg gløymer dei minner ungane på gjeremål før dei gløymer dei sender ungane ut døra før det ringer inn går på do før eg må på do igjen dusjar før eg byrjar sveitte igjen sminkar meg før eg byrjar grine igjen hastar på jobb før eg blir for sein igjen loggfører det eg har gjort før eg gløymer det hoppar til neste fane før eg gløymer det hoppar til neste faen når eg gløymer det et lunsj før eg gløymer det fortar meg før eg blir stressa jobbar meg i hel før eg misser jobben gjer alt perfekt før eg blir verdilaus gjennomskodar meg sjølv før dei andre gjer det kritiserer meg sjølv før eg får kritikk gjer alt for alle før eg blir mislikt lagar middag før ungane kjøper snop klemmer dei før eg misser lysta er interessert før eg misser interessa

masar om lekser før dei blir analfabetar bed dei rydde før dei blir vekkskjemde er tydeleg før eg blir sint opnar vindauga før røykvarslaren uler blir sint før eg får skuldkjensle får skuldkjensle før eg skjemst vaskar andletet før eg uler smiler igjen før ungane ser meg vatnar plantane før dei dauar lagar meg kaffi før eg dauar vaskar opp før haugen veltar stryk kleda før haugen veltar ryddar kjøleskåpet før det veltar set meg ned før eg veltar bakar kake før det er dugnad vaskar vindauga før naboen ser dei støvsugar matrestane før dei set seg i sokkane legg meg på sofaen før det prikkar bak auga går med hunden før han drit inne hankar inn ungane før dei blir kidnappa prøver vere god mor før dei blir traumatiserte pussar

tennene før eg et kvelds får hjartebank før eg legg meg sovnar før ungane legg seg vaknar før ungane har lagt seg sovnar før eg gnissar tenner vaknar før klokka ringer

Kjerringrocken

Eg rockar rundt klokka

igjen og igjen, min visar i spenn, mens det tikkar og går. Ei husmor har nyleg stått opp igjen frå femtifem med brødskalk i hår.

Eg rockar rundt huset, innom kvart eit rom, finn ei kvilerom eller sjelefred. For kvar eg enn kiker finns smått og stort som eg må få gjort før eg set meg ned.

Eg rockar rundt folka som eg elskar slik, men kvar hjartekrik er blitt mødd og mo. Løvinner kan også bli fulle av tvil, styrt av knurresmil, mangle katteklo.

Eg rockar rundt livet, men er feilernært − eg har ikkje lært

kva som har verdi.

Eg rokkar ved det som er kvardagsnært, som eg held så kjært når eg aldri har tid.

For eg òg vil tene mi eiga løn

som det andre kjønn, og få takk og skryt.

Det er hans tur å smile med skalken grøn, vere heimens brønn mellom oppvask som flyt.

Eg rockar på jobb, stig som ein rakett, min verdi blir sett, men det er’kje likt.

For når eg kjem heim ventar nok eit skift, ei enorm bedrift, og ei omsorgsplikt.

Eg rockar og rockar i ein veldig fart, rockar ned til start, vil ta fatt igjen. For alltid har eg rokke over alt, bore maksimalt med mitt vengespenn.

Men inga mor kan vere rynkefri, som ein bjørn i hi kvar ein vår oppstå. Med eit feittlag som bognar av energi, trakke barnesti og sin mann forstå.

I stein må det hoggast at mors symptom ikkje vitnar om mystisk sinnssjukdom.

Men manglande handlings- og pusterom, og eit hjarterom styrt av metronom.

Abstinens

Eg er ikkje ekstrovert, men avhengig.

Eg rusar meg på andre menneske, for å døyve kjensla av meg.

Andre sine kjensler kan rive i halsen når eg inhalerer, og gje meg tårer i augo. Men det kriblar i kroppen, og eg bles røykringar som om eg aldri har gjort anna.

Som eit barn tørstar eg etter mjuke blikk, nokon som kan seie meg imot. I min heim luktar det aldri kveitebollar.

Når vi binder oss i vatn

Eg ser på deg men finn deg ikkje

Du ser på meg men eg er ikkje der

Det er ikkje lenger du som eig orda men dei som eig deg

Regnbogen er broten

tårene kan eg ikkje regne med

Men eg skal vere her ved kvar ein regnskol i fall fargane einer oss att

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Meteord by Forlagshuset - Issuu